• No results found

Rapport frå inspeksjon ved SIM Bømlo Miljøsentral, Hollundsdalen

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Rapport frå inspeksjon ved SIM Bømlo Miljøsentral, Hollundsdalen"

Copied!
5
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Fylkesmannen i Hordaland

SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK IKS

BØMLO MILJØSENTRAL Bergen, 16. april 2018

Hollundsdalen 5430 Bremnes

Dykkar ref.: Vår ref.(oppgi ved svar):

Jostein Johannessen 2018/4294

Sakshandsamar:

Hallvard Hageberg

Sendt på e-post til sim@sim.as

Rapport frå inspeksjon ved SIM Bømlo Miljøsentral, Hollundsdalen

Kontrollnummer: 2018.038.I.FMHO

Kontaktpersonar ved inspeksjonen:

Frå verksemda:

Jostein Johannessen og Thom-Arne Fredriksen

Frå Fylkesmannen i Hordaland:

Hallvard Hageberg og Astrid Holte

Resultat frå inspeksjonen

Denne rapporten gjeld resultatet frå inspeksjon ved SIM Bømlo Miljøsentral, Hollundsdalen den . Rapporten er å sjå på som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil innan to veker etter at rapporten er motteken.

Fylkesmannen i Hordaland avdekka 2 avvik innan følgjande tema under inspeksjonen.

Journalføring og deklarering Internkontroll

Det vart gjeve ein merknad.

Avvik og merknader er nærare omtalte frå side 4 og utover i rapporten.

Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtalt på side 3.

Elektronisk dokumentert godkjenning, utan underskrift

Hallvard Hageberg Astrid Holte

senioringeniør senioringeniør

Kopi til: Bømlo kommune, Jostein Johannessen

(2)

1. Informasjon om den kontrollerte verksemda

Ansvarleg eining

Namn: SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK IKS BØMLO MILJØSENTRAL

Organisasjonsnr.: 913090659 Eigd av: 958284837

Bransjenr. (NACE-kode): 38.110 - Innsamling av ikke-farlig avfall

Kontrollert anlegg

Namn: SIM Bømlo Miljøsentral, Hollundsdalen Anleggsnr.: 1219.0081.01

Kommune: Bømlo Fylke: Hordaland

Anleggsaktivitet: Avfall - mottak, mellomlagring og sortering

Løyve gitt: Regulert av forskrift Sist endra: -

2. Bakgrunn for inspeksjonen

Inspeksjonen vart gjennomført for å kontrollere om gjeldande krav som er fastsette i eller med heimel i forureiningslova, vert overhaldne. Inspeksjonen inngår i Fylkesmannen sin aksjon for mottak og mellomlagring av farleg avfall. Aksjonen er landsdekkande.

Tilsynet er gjennomført med heimel i forureiningslova § 48.

Inspeksjonstema

 Farleg avfall: mottakskontroll, journalføring, handtering, lagring, vidarelevering

 Utsleppskontroll

 Internkontroll: avvikssystem, risikovurdering, beredskap

Rapporten gjeld avvik og merknader som vart avdekka under inspeksjonen. Han gir ingen fullstendig tilstandsvurdering av miljøarbeidet eller miljøstatusen til verksemda.

Definisjonar

Avvik: Manglande etterleving av krav fastsette i eller med heimel i lov.

Merknad: Eit tilhøve som tilsynsetatane meiner det er naudsynt å peike på for å ivareta ytre miljø, men som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik.

Andre tilhøve: Saker som kom fram under inspeksjonen og som det kan vere nyttig for verksemda og sakshandsamarar å kjenne til. Informasjon om verksemda og

kommentarar til tema som vart tekne opp under inspeksjonen, men som ikkje vart klassifisert som avvik eller merknader, kan også inngå her.

3. Oppfølging etter inspeksjonen

SIM Bømlo Miljøsentral, Hollundsdalen pliktar å rette opp avvika som er omtalte i denne rapporten så snart som råd. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, ber vi om at SIM Bømlo Miljøsentral, Hollundsdalen innan 15. juni 2018 sender ei skriftleg utgreiing som viser korleis avvik er retta og kva tiltak som er gjennomførte eller planlagde.

(3)

Vi ber om at de stiler svarbrev eller e-post (fmhopostmottak@fylkesmannen.no) til Fylkesmannen i Hordaland v/Hallvard Hageberg.

4. Vedtak om gebyr

Vi viser til informasjon og varsel om gebyrplikt som vart gitt munnleg til verksemda under inspeksjonen 15. februar 2018. Verksemder skal betale gebyr for kontrollar utførte av Fylkesmannen i samsvar med § 39-3 i forureiningsforskrifta. Gebyret skal dekke kostnader med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Gebyrsatsar for kontroll av verksemder utan løyve etter forureiningslova er fastsette i

forureiningsforskrifta §§ 39-7 og 39-8.

På bakgrunn av forventa ressursbruk må SIM Bømlo Miljøsentral, Hollundsdalen betale eit gebyr på 17 200 kr for inspeksjonen, jf. forureiningsforskrifta §§ 39-7 og 39-8. Dette svarer til gebyrsats 3 for tilsyn som varer i inntil ein dag. Miljødirektoratet vil sende dykk faktura for innbetaling. Fylkesmannen viser elles til forureiningsforskrifta kapittel 39 om innkrevjing av gebyr til statskassa.

Klagerett

Vedtaket om gebyr kan klagast på til Miljødirektoratet, jf. § 28 i forvaltningslova. Ein eventuell klage bør vere skriftleg grunngjeven og adressert til Miljødirektoratet, men han skal sendast via Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen vil vurdere endring av

vedtaket eller sende saka vidare til Miljødirektoratet for endeleg vedtak. Gebyret som er fastsett ovanfor, må likevel betalast inn. Dersom Miljødirektoratet tek klagen til følgje, vil for mykje innbetalt beløp bli refundert.

5. Innsyn

Denne rapporten vil vere offentleg tilgjengeleg via postjournalen til Fylkesmannen i Hordaland (jf. offentleglova).

6. Avvik

Vi fann følgjande avvik under inspeksjonen:

Avvik 1

Journalføring og deklarering av farleg avfall er mangelfull Avvik frå:

Vedlegg 3 til kapittel 11 i avfallsforskrifta, jf. også § 11-7 i avfallsforskrifta Kommentarar:

Om deklarering

Vedlegg 3 til kapittel 11 i avfallsforskrifta har standardkrav til kommunale mottak for farleg avfall. Om deklarering heiter det m.a. at alt farleg avfall frå verksemder skal vera deklarert ved levering. Farleg avfall frå hushald skal kommunen deklarera avfallet, og avfallet skal deklarerast seinast i det avfallet vert transportert vekk frå mottaket.

Om journalføring

Mottak er pålagt å føra journal «.. som omfatter alle nødvendige opplysninger om farlig avfall».» Journalar skal vera lett tilgjengelege ved kontroll, og skal takast vare på i minst 3 år. Journal er særleg viktig for å dokumentere vidarelevering av farleg avfall frå

(4)

verksemder, då avfallsdeklarering.no berre dokumenterer levering/mottak til 1. ledd.

Journal gjer også betre oversikt over avfall på lager.

Observasjonar under tilsynet:

De opplyste at ein del næringskundar (verksemder) framleis fekk levera farleg avfall som ikkje var deklarert ved levering. Mottaket deklarerte dette avfallet på vegne av kunden ved å bruka kunden si innlogging på avfallsdeklarering.no. I tillegg hadde fått fullmakt frå 5-6 leverandørar om å deklarera på vegne av dei.

Det fanst ikkje journal som viste kvar motteke farleg avfall frå næringskundar vart levert vidare.

Trykkimpregnert trevirke og asbest var ikkje alltid deklarert når det forlet mottaket.

Avvik 2

Internkontroll inkludert beredskapsplan er mangelfull

Avvik frå:

§ 5 andre ledd nr. 6 og 8 i internkontrollforskrifta

Kommentarar:

Kravet i internkontrollforskrifta § 5 andre ledd nr. 6. er formulert slik:

«Internkontroll innebærer at virksomheten skal: …6. kartlegge farer og problemer og på denne bakgrunn vurdere risiko, samt utarbeide tilhørende planer og tiltak for å redusere risikoforholdene».

I pkt. 8 står det at verksemder som har internkontroll skal sjå til at internkontrollen vert overvaka og gått gjennom for å sikra at den fungerer slik den skal.

Observasjonar under tilsynet:

Risikovurderinga omfatta ikkje vurdering av fare for forureining til avløpsnett frå lager for farleg avfall på miljøsentralen. Det var ikkje vurdert om dei risikoreduserande tiltaka var tilstrekkeleg for å stette kravet i avfallsforskrifta kapittel 11 vedlegg 3 punkt 6.2 om sikring mot forureining.

Evt. søl og spill frå lagerområde for farleg avfall inne på miljøsentralen har avrenning til sluk/renne utanfor hallen, men vurdering av risiko og tiltak var ikkje med i

risikovurderinga. Området var under tak og hadde tett dekke. Det var sett i verk fleire risikoreduserande tiltak som lagring i IBC, oppsamlingskar m.v.

Beredskapsplanen, datert 2014, hadde ein del utdaterte opplysningar.

Den versjonen av internkontroll og miljørisikovurdering som vart framvist under tilsynet var datert i 2014. Sidan 2014 er stasjonen ombygd. Det vart opplyst at det var ei ny miljørisikovurdering under arbeid.

7. Merknader

Merknad 1: Bruken av avfallsdeklarering.no kan bli betre Kommentar:

Avfallsdeklarering.no vart brukt som journal for farleg avfall frå hushald. Ved mottak av ny type farleg avfall frå hushald vart det oppretta ein ny deklarasjon i

(5)

avfallsdeklarering.no. Avfallsmengda vart oppdatert kvar gong den vart vesentleg endra, og uansett om lag kvar veke. Det var vanskeleg å halde oversikt over avfall på lager, fordi det ikkje er råd å ta ut rapportar for uferdige deklarasjonar i

avfallsdeklarering.

Dersom avfallsdeklarering skal brukast som journal for farleg avfall frå hushald må den oppdaterast jamnleg, feil må rettast opp fortløpande, og brukarane må ha god kunnskap om dei ulike funksjonane i avfallsdeklarering.no. Avfallsdeklarering kan ikkje brukast som journal for farleg avfall frå verksemder.

8. Andre tilhøve

Informasjon om handtering av vindauge som inneheld ftalat og asbest Vindauge som ikkje er farleg avfall på grunn av innhald av PCB- eller klorparafin kan innehalde ftalat eller asbest (Thermopane-vindauge). Miljødirektoratet har i samband med aksjonen opplyst at dei på generelt grunnlag ikkje har tatt stilling til om desse vindauga er farleg avfall. Fugene vil ofte vere farleg avfall, men det er usikkert om heile vindauge er farleg avfall.

Desse vindauga må likevel handterast forsvarleg. Dersom dei vert kasta i restavfallet kan dei bli knuste, og det vil vere fare for at karm og fuger kjem over grenseverdien for farleg avfall. I tillegg kan eksponeringsfaren for asbest auke. Slike vindauge skal derfor ikkje kastast i restavfallet, men leverast heile.

Informasjon om lagring av EE-avfall

Lagring av EE-avfall var ikkje tema under aksjonen. Vi vil likevel understreke at EE-avfall inkludert kvitevarer skal lagrast forsvarleg. For dette avfallet vil lagring på fast dekke og skjerming for vêr og vind normalt vere nødvendig. Lagring av slikt avfall må

risikovurderast.

9. Regelverk det vart informert om

 Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova)

 Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta)

 Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta)

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Dersom Øyane kraftverk vert bygd må dette og gjelda strekninga på ca 800 meter frå kraftverket til vandringshinderet.. Restvatnet må om sommaren ikkje vera kaldt og slamrikt vatn

Eva Joly mener at leger har plikt til å sjekke flere kilder. Foto Cecilie

Sjukehusa kan likevel avvise fritt sjukehusval-pasientar frå andre regionar dersom dei må prioritere rettigheitspasientar frå eigen region (pasientar med rett til

For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, ber vi om at Norsk Gjenvinning Knarrevik - Mottak farlig avfall innan 15.. juni 2018 sender ei skriftleg utgreiing som viser

kommentarar til tema som vart tekne opp under inspeksjonen, men som ikkje vart klassifisert som avvik eller merknader, kan også inngå her... Oppfølging

Miljødirektoratet som har svart at dersom det verksemda tek imot ikkje er klassifisert som farleg avfall ved mottak frå offshore, men klassifisert som produkt, så er det ikkje

Journalen skal innehalde opplysningar om mengde farleg avfall, typar farleg avfall, deklarasjonsnummer, kvar avfallet kjem frå, mv. Det er viktig for å ha oversikt over avfall

Denne rapporten gjeld resultatet frå inspeksjon ved Ragn Sells AS avd Sunnhordland - Mottak og mellomlagring farlig avfall den 8.. Rapporten er å sjå på som endeleg dersom vi