• No results found

Konsesjonssøknad for å legge kabel mellom Nedre Breidalen til Øvre Breidalen i Høyanger Kommune.

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Konsesjonssøknad for å legge kabel mellom Nedre Breidalen til Øvre Breidalen i Høyanger Kommune."

Copied!
6
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Konsesjonssøknad for å legge kabel mellom Nedre Breidalen til Øvre Breidalen i Høyanger Kommune.

Innholdsfortegnelse

1 SØKNAD ... 2

1.1 Samandrag ... 2

1.2 Generelle opplysningar ... 2

2 BESKRIVELSE AV ANLEGGET ... 4

2.1 Begrunnelse ... 4

2.2 Bekrivelse kva som skal byggast ... 4

2.3 Alternative løysingar... 4

2.4 Klassifisering av anlegg etter beredskapsforskriften. ... 4

2.5 Virkningar for miljø, naturresursar og samfunn. ... 5

(2)

1 Søknad

1.1 Samandrag

Statkraft Energi AS søker med dette om konsesjon for å legge kabel frå lukehus i Nedre Breidal til lukehus i Øvre Breidal. Omsøkt anlegg er lokalisert i Høyanger Kommune i Sogn og Fjordane.

I dag får lukeanlegg og målesystem til magasin Øvre Breidalenstraumforsynt frå eit

dieselaggregat som står i lukehuset. Dette er ei løysing som krev mykje vedlikehold og har ikkje den forsyningsikkerheit vi ønskjer for slike anlegg. Søker difor om å få etabelt

permanent straumforsyning inn i område i form av kabel.

1.2 Generelle opplysningar

Søkar: Statkraft Energi AS

Org.nr 987059729

Kontaktperson: Geir Larsen Email: [email protected]

Statkraft Energi AS søker om tillatelse i.h.t energilova § 3-1 om bygging og drift av 24 KV kabel, drifta som 12 KV, frå Nedre Breidal til Øvre Breidal for overføring av kraft til manøvrering av tappeluke og innsamling/overføring av måleverdiar frå reguleringsområdet.

Anlegget som det vert søkt om er ein 2180 m lang kabel, lagt i jord frå lukehus Nedre Breidalen (340 m) vidare som kabel i vatn (ca 1460 m) i magasin Nedre Breidalsvatn og frå magasinet i jord (ca 380m) til lukehus Øvre Breidalen.

Kartutsnitt som syner kvar anlegget ligg i forhold til Høyanger tettstad.

Sjå kartutsnitt

(3)

Kartutsnitt; Stipla linje syner omsøkt kabeltrase.

Gjeldane anleggskonsesjon i dette området:

Anleggskonsesjon meddelt av NVE 20.04-16 ref. NVE 201601160-9.

Me vil gjerne ha omsøkt kabel inn i konsesjonsdokument 201601160-9 som ein forlenging av punkt 10 i konsesjonen, underpunkt 4 (kabel til kiosk Nedre Breidal).

Anlegget skal eigast og driftast av Statkraft Energi AS. Daglig tilsyn og vedlikehold utføres av Statkraft si vedlikehaldsgruppe i Høyanger.

Gjennomføring:

Statkraft har planer om oppstart anleggsvirksomheit sommar/haust 2018 med ferdigstilling i 2019.

(4)

2 Beskrivelse av anlegget

I dag er det 12 KV forsyning (linje/kabel) fram til damanlegg i Nedre Breidal. Vi vil viderføre straumforsyninga frem til damanlegg i Øvre Breidal. Det er planlagt med

kabelføring delvis i grøft og delvis i vatn. I grøfter vert kabel lagt i trekkerør SN64 og i vatn vert kabel lagt ubeskytta under lavaste regulerte vannstand (LRV).

Det er planlagt å gå med 12kV frem til ny trafokisk ved lukehus i Øvre Breidal. Ny trafokisk 1,8x1,5m på betongfundament etableres ved lukehuset i Øvre Breidal for plassering av trafo.

Det transformerast ned til 0,23 KV i kiosk med innføring og tilkobling til eksisterende anlegg i lukehus. Kabelanlegg forberedes for 24 kV spenning, det er plan å nytte kabeltype (Nexans TSLF (HD)-OF 24 KV 3*1*50q 24 fib. e.l.).

2.1 Begrunnelse

Anlegget gir ei oppgradering av straumforsyning til lukeanlegg og måleutstyr for overvåking og drift av damanlegget i Øvre Bredal. I dag vert utstyret forsynt med straum frå dieselaggregat. Dette anlegget krev ekstra tilsyn b.a. då vi ikkje har staumforsyningskapasitet på batteripakke til å ha varme i tekniske rom, vidare må all fyllling av diesel utførast med helikopter. Ved å legge fast straumforsyning vil ein oppnå betre forsyningsikkerheit samt betre forhold (unngå fukt i rom) for sensitivt måleutstyr, sikrare lukemanøvrering og overføring av målingar gjennom fiber i ny 24kVkabel.

2.2 Bekrivelse kva som skal byggast

Kva som skal byggast er beskreve i avsnitt 3 over. Det må etablerast ein ny trafokisk i Øvre Breidal elles treng ikkje anna infrastruktur (veger etc) for å få dette utført. Det er i dag veg fram til magasinet i Nedre Breidalen. Utstyr/gravemaskin for å grave ned kabel frå magasinet og opp til lukehus i Øvre Breidal vert transportert inn med flåte eller helikopter.

2.3 Alternative løysingar.

I utgangspunktet la Statkraft fram planar om luftlinje frå Nedre Breidal til Øvre Breidal på vestsida av Nedre Breidalsvatn. Dette gjekk grunneigarane sterkt imot. Denne løysning er vurdert av statkraft til å vere eit dårlegare alternaiv av omsyn til landskap- og driftsmessige forhold.

2.4 Klassifisering av anlegg etter beredskapsforskriften.

Anlegget får klasse 1 iht. beredskapsforskrift.

Damanlegg Øvre Breidal inngår i Kraftasjon 5B i Høyanger som ligg i beredskapsklasse 2.

Svikt i omsøkt anlegg vil ikkje medføre produksjonstans då luker kan opererast manuelt.

Sjå vedlagt sikringskjema.

(5)

2.5 Virkningar for miljø, naturresursar og samfunn.

Arealbruk: Kabel i bakken og i magasin vil ikkje binde opp areal. Det vil bli synlege sår i terrenget der grøfta for kabelen går, som over tid vil gro til att. Prinsipp for naturleg

revegetering vil bli fulgd ved istandsetting av terrenget. Ved at toppmassane med torver og frøbank vil bli lagd i ranke ved sida av grøft og tilbakeførd ved igjenfylling av grøfter.

Trafokiosken vil bli etablert i samband eksisterande lukehus.

Drikkevass forekomst

Nedre Breidalsvatn nyttast til drikkevasskilde for Høyanger kommune. Risikoen for ureining og tilslamming av vatnet i samband med anleggsarbeidet er drøfta med administrasjonen i Høyanger kommune i møte 9.4.2018. Gjennomføring av arbeidet krev god dialog med kommunen og det vil bli utført tiltak for å hindre ureining av vatnet.

Bebyggelse: Det er ingen bebyggelse i Øvre Breidalen utover vårt lukehus og driftshytte plassert ved dam. I Nedre Breidalen er det 6-7 hytter. Desse har fått straumforsyning som følge av at me i 2016 bygde ny linje/kabel hit som var ei erstatning for tidlegare 1000 V linje.

Infrastruktur: Arbeidet med å legge kabel vil ikkje fordre anna infrastruktur i området.

Friluftsliv og rekreasjon: Dette er eit område som i lite grad vert mykje til friluftsliv og rekreasjon.

RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGI STRERING 12 KV FORSYNING NEDRE OG ØVRE BREIDALEN GNR/BNR 52/1 HØYANGER KOMMUNE

Nb:Rapport legg ved som vedlegg

(6)

Naturmangfald:

NB! Kart ligg og som vedlegg.

Det er søkt i offentleg Naturdatabase på dei parameter som er spesifiert i mal for konsesjonssøknaden. Vi kan ikkje sjå at planlagt kabeltrase kjem i konflikt med naturintresser. Ingen rødlisteartar er registrerte i området.

I samband med ny linje og kabel til Nedre Breidalen i 2015 vart miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kontakta ang. ikkje offentlege registreringar av

naturmangfald verdier i området. Deira svar frå den gongen meiner me er dekkande også i dag. Det er ikkje registrert forekomster av sårbare artar det må tas spesielt omsyn til.

Kulturminnner

Statkraft fekk utførd undersøkingar i heile Bredalen i samband med konsesjonssøknaden for Nedre Breidal.

Viser til:

«RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING 12 KV FORSYNING NEDRE OG ØVRE BREIDALEN»

Namn på sak: 12 Kv forsyning Nedre og Øvre Breidalen Saksnummer: 15/1746

Rapport utført: 25.09.15

Konklusjon:

Det vart gjennomført ei arkeologisk registrering i Breidalen i perioden 22.09.15-24.09.15.

Grunna ulendt terreng var det føretatt ei overflateregistrering. Det vart ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne innanfor planområdet. Av nyare tids kulturminne vart det registrert 2 tufter, ein innhegning for dyr og eit mogleg båt opptrekk i den nord-vestelege enden av Nedre Breidalsvatnet.

Funn for nyere kulturminne er ikkje i aktuell trase for kabelføring.

Kabel i grøft

Kabel i grøft

Kabel i magasin Trafokiosk v/lukehus Øvre Breidal

Lukehus Nedre Breidal

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Vartdal Vassverk søker derfor om anledning til å etablere regulering av nedre Svartevatnet som en nødløsning for perioder med for liten vanntilgang fra Tussa Energi AS

I forbindelse med de konsesjonsgitte kraftverkene søkes det nå om konsesjon til å regulere Øvre Russvikvatn med 2 meter heving og 3 meter senkning (tilsammen 5 meter regulering),

Vi viser til e-post der dere ber om Småkrafts kommentarer på mottatte høringsutsagn vedrørende konsesjonssøknaden for Øvre og Nedre Seljestad kraftverk i Odda kommune i

Flå kommunestyre avgir slik høringsuttale til Øvre og Nedre Grøslandselva kraftverk samt til Gyltebekken minikraftverk:.. Kommuneplanens samfunnsdel punkt 5.0 «Status i dag og

NVE anbefaler også at Småkraft AS får tillatelse etter vannressursloven § 8 til bygging og drift av Øvre Foldvik kraftverk og Nedre Foldvik kraftverk inkludert overføring av

NVE avslår søknad fra Neset Kraft AS datert 07.12.2018, om tillatelse etter vannressursloven § 8 til å regulere Ljosvatn, Nedre- og Øvre Rundtjørn og Åmstadvatn i Lund kommune

Dåfjorden Klekkeri AS søkjer om løyve etter vassressurslova til regulering og uttak av vatn frå Øvre og Nedre Petarteigs vatna til produksjon av yngel og smolt.. Dei tekniske

Øvre og Nedre Foldvik har begrensanegative konsekvenser i en driftsfase, og vi ser ikke at dette skal overskygge de positive konsekvensene, hverken for bygda Foldvik,