• No results found

Nr. 7/508 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende 30.1.2020

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Nr. 7/508 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende 30.1.2020"

Copied!
5
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

KOMMISJONSAVGJERD (EU) 2019/418 av 13. mars 2019

om endring av avgjerd (EU) 2017/1214, (EU) 2017/1215, (EU) 2017/1216, (EU) 2017/1217, (EU) 2017/1218 og (EU) 2017/1219

[meld under nummeret C(2019) 1851](*)

EUROPAKOMMISJONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket(1), særleg artikkel 8 nr. 2,

etter samråd med Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen og ut frå desse synsmåtane:

1) I medhald av forordning (EF) nr. 66/2010 kan EU-miljømerket tildelast produkt som har ein redusert miljøverknad gjennom heile livssyklusen sin. Det skal innførast særlege kriterium for tildeling av EU-miljømerket for kvar produktgruppe.

2) Kommisjonsavgjerd (EU) 2017/1214(2), (EU) 2017/1215(3), (EU) 2017/1216(4), (EU) 2017/1217(5), (EU) 2017/1218(6) og (EU) 2017/1219(7) fastset kriteria og dei tilhøyrande krava til vurdering og kontroll for høvesvis handoppvaskmiddel, maskinoppvaskmiddel til industri- og institusjonsbruk, maskinoppvaskmiddel, reingjeringsmiddel til harde overflater, tekstilvaskemiddel og tekstilvaskemiddel til industri- og institusjonsbruk.

3) Ei rekkje nasjonale rette organ som tildeler EU-miljømerket, har meldt frå til Kommisjonen om vanskar med å gjennomføre nokre av dei kriteria som er fastsette i desse avgjerdene. Særleg gjeld dette at stoff som er til stades som ureinsker i visse ingrediensar (t.d. fosfat), etter kriteria ikkje skal finnast i det ferdige vaskemiddelet, utan omsyn til konsentrasjon, men det er i dag ikkje teknisk mogleg å fjerne desse ureinskene.

4) Dei avgjerdene som er nemnde i synsmåte 2, oppheva og erstatta tidlegare kommisjonsavgjerder på same område.

I medhald av dei tidlegare avgjerdene måtte ureinsker og biprodukt oppfylle kriteria berre dersom dei var til stades i konsentrasjonar på minst 0,010 vektprosent i den endelege samansetnaden. Kommisjonen har gjort ei vurdering og konkludert med at det i tråd med dei tidlegare avgjerdene bør fastsetjast ei minste konsentrasjonsgrense på 0,010 vektprosent i den endelege samansetnaden for både biprodukt og ureinsker frå råstoff, for å etterleve kriteria i dei avgjerdene som er nemnde i synsmåte 2.

5) Avgjerd (EU) 2017/1217 oppheva og erstatta kommisjonsavgjerd 2011/383/EU(8) for produktgruppa «allreingje- ringsmiddel og sanitærreingjeringsmiddel». Det vart fastsett ein overgangsperiode på 18 månader i avgjerd (EU) 2017/1217 for at produsentar av produkt som er tildelte EU-miljømerket på grunnlag av kriteria i avgjerd 2011/383/EU, skulle ha (*) Denne unionsrettsakten, kunngjort i EUT L 73 av 15.3.2019, s. 188, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 175/2019 av 13. juni 2019

om endring av EØS-avtalens vedlegg XX (Miljø), ennå ikke kunngjort.

(1) TEU L 27 av 30.1.2010, s. 1.

(2) Kommisjonsbeslutning (EU) 2017/1214 av 23. juni 2017 om fastsettelse av kriteriene for tildeling av EU-miljømerket til hånd- oppvaskmidler (TEU L 180 av 12.7.2017, s. 1).

(3) Kommisjonsavgjerd (EU) 2017/1215 av 23. juni 2017 om fastsetjing av kriteria for tildeling av EU-miljømerket til maskinoppvaskmiddel til industri- og institusjonsbruk (TEU L 180 av 12.7.2017, s. 16).

(4) Kommisjonsavgjerd (EU) 2017/1216 av 23. juni 2017 om fastsetjing av kriteria for tildeling av EU-miljømerket til maskinoppvaskmiddel (TEU L 180 av 12.7.2017, s. 31).

(5) Kommisjonsbeslutning (EU) 2017/1217 av 23. juni 2017 om fastsettelse av kriteriene for tildeling av EU-miljømerket til rengjøringsmidler til harde overflater (TEU L 180 av 12.7.2017, s. 45).

(6) Kommisjonsavgjerd (EU) 2017/1218 av 23. juni 2017 om fastsetjing av kriteria for tildeling av EU-miljømerket til tekstilvaskemiddel (TEU L 180 av 12.7.2017, s. 63).

(7) Kommisjonsavgjerd (EU) 2017/1219 av 23. juni 2017 om fastsetjing av kriteria for tildeling av EU-miljømerket til tekstilvaskemiddel til industri- og institusjonsbruk (TEU L 180 av 12.7.2017, s. 79).

(8) Kommisjonsbeslutning 2011/383/EU av 28. juni 2011 om fastsettelse av miljøkriterier for tildeling av EU-miljømerket til allren- gjøringsmidler og sanitærrengjøringsmidler (TEU L 169 av 29.6.2011, s. 52).

2020/EØS/7/61

(2)

tilstrekkeleg tid til å tilpasse produkta sine slik at dei oppfyller dei reviderte kriteria i avgjerd (EU) 2017/1217. Denne overgangsperioden går ut 26. desember 2018. Ei rekkje nasjonale rette organ har meldt frå til Kommisjonen om behovet for å lengje overgangsperioden med seks månader på grunn av det høge talet på søknader om fornying av avtaler om tildeling av EU-miljømerket. Kommisjonen har gjort ei vurdering og stadfesta behovet for, som eit unntak i dette tilfellet, å lengje overgangsperioden med seks månader.

6) Avgjerd (EU) 2017/1218 og (EU) 2017/1219 inneheld begge eit unntak som er gjeve i medhald av artikkel 6 nr. 7 i forordning (EF) nr. 66/2010 for ε-ftalimid-peroksyheksansyre (PAP) når det er klassifisert som farleg for vassmiljøet:

akutt giftig, kategori 1 (H400) eller som farleg for vassmiljøet: kronisk giftig, kategori 3 (H412) opp til ein konsentra- sjon på høgst 0,6 g/kg vasketøy. Desse unntaka vart gjevne fordi det vart fastslått at PAP har ein viktig funksjon som bleikjemiddel i vaskemiddel som er omfatta av dei nemnde avgjerdene, og fordi det i høg grad vert brote ned under vaskeprosessen.

7) Under vaskeprosessen vert PAP brote ned til ε-ftalimid-heksansyre (PAC). Dette stoffet er utan peroksid, lett biologisk nedbryteleg og ikkje farleg for miljøet. Ettersom PAP vert raskt brote ned til PAC og aldri når fram til utsleppsvatnet, er det meir føremålstenleg å nytte nedbrytingsfaktorane til PAC for PAP ved utrekning av det kritiske fortynningsvolumet til produktet. Ein liknande framgangsmåte er alt nytta i avgjerd (EU) 2017/1219, der eigne reglar er nytta for utrekning av det kritiske fortynningsvolumet til hydrogenperoksid, som vert brote ned til pereddiksyre under vaskeproses- sen. Avgjerd (EU) 2017/1219 bør difor endrast slik at det vert nytta eigne reglar for utrekning av det kritiske fortynningsvolumet til PAP, ved å bruke nedbrytingsverdiane for PAC.

8) PAP vert i hovudsak nytta som bleikjemiddel i fleirkomponents tekstilvaskemiddel til yrkesbruk, ikkje i hushaldstekstil- vaskemiddel. Det noverande unntaket for PAP i avgjerd (EU) 2017/1218 er difor ikkje naudsynt og bør fjernast.

9) Av omsyn til klarleiken bør det leggjast til ei kolonne i tabell 3 i vedlegget til avgjerd (EU) 2017/1218 som syner klassifiseringa av stoffet i samsvar med forordning (EF) nr. 1272/2008.

10) Avgjerd (EU) 2017/1214, (EU) 2017/1215, (EU) 2017/1216, (EU) 2017/1217, (EU) 2017/1218 og (EU) 2017/1219 bør difor endrast.

11) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt i medhald av artikkel 16 i forordning (EF) nr. 66/2010.

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I vedlegget til avgjerd (EU) 2017/1214, i avsnittet med overskrifta «Vurdering og kontroll», skal stjernenoten (*) i tabell 1 i bokstav b) («Terskelverdier») lyde:

«(*) Med «ingen grense» menes alle tilsatte stoffer, uansett konsentrasjon (analytisk påvisningsgrense), med unntak av biprodukter og urenheter fra råstoffer, som kan være til stede i en konsentrasjon på opp til 0,010 vektprosent i den endelige sammensetningen.»

Artikkel 2

I vedlegget til avgjerd (EU) 2017/1215, i avsnittet med overskrifta «Vurdering og kontroll», skal stjernenoten (*) i tabell 1 i bokstav b) («Målegrenser») lyde:

«(*) «Inga grense» tyder alle innhaldsstoff utan omsyn til konsentrasjon (analytisk påvisingsgrense), bortsett frå biprodukt og ureinsker frå råstoff, som kan vere til stades i ein konsentrasjon på opp til 0,010 vektprosent i den endelege samansetnaden.»

(3)

Artikkel 3

I vedlegget til avgjerd (EU) 2017/1216, i avsnittet med overskrifta «Vurdering og kontroll», skal stjernenoten (*) i tabell 1 i bokstav b) («Målegrenser») lyde:

«(*) «Inga grense» tyder alle innhaldsstoff utan omsyn til konsentrasjon (analytisk påvisingsgrense), bortsett frå biprodukt og ureinsker frå råstoff, som kan vere til stades i ein konsentrasjon på opp til 0,010 vektprosent i den endelege samansetnaden.»

Artikkel 4

I avgjerd (EU) 2017/1217 vert det gjort følgjande endringar:

a) I artikkel 7 skal nr. 3 lyde:

«3. EU-miljømerkelisenser tildelt i samsvar med kriteriene i beslutning 2011/383/EU kan brukes fram til 30. juni 2019.»

b) I vedlegget, i avsnittet med overskrifta «Vurdering og kontroll», skal stjernenoten (*) i tabell 1 i bokstav b) («Terskel- verdier») lyde:

«(*) Med «ingen grense» menes alle tilsatte stoffer, uansett konsentrasjon (analytisk påvisningsgrense), med unntak av biprodukter og urenheter fra råstoffer, som kan være til stede i en konsentrasjon på opp til 0,010 vektprosent i den endelige sammensetningen.»

Artikkel 5

I vedlegget til avgjerd (EU) 2017/1218 vert det gjort følgjande endringar:

a) I avsnittet med overskrifta «Vurdering og kontroll», skal stjernenoten (*) i tabell 1 i bokstav b) («Målegrenser») lyde:

«(*) «Inga grense» tyder alle innhaldsstoff utan omsyn til konsentrasjon (analytisk påvisingsgrense), bortsett frå biprodukt og ureinsker frå råstoff, som kan vere til stades i ein konsentrasjon på opp til 0,010 vektprosent i den endelege samansetnaden.»

b) I kriterium 5 («Stoff som ikkje må nyttast eller berre kan nyttast i avgrensa omfang») vert tabell 3 («Stoff som har unntak») i bokstav b) ii) bytt ut med tabellen i vedlegget til denne avgjerda.

Artikkel 6

I vedlegget til avgjerd (EU) 2017/1219 vert det gjort følgjande endringar:

a) I kriterium 1 («Giftverknad for vassorganismar») skal siste leddet lyde:

«På grunn av nedbrytinga av visse stoff i vaskeprosessen gjeld særskilde reglar for følgjande:

— Hydrogenperoksid (H2O2) – skal ikkje takast med i utrekninga av CDV.

— Pereddiksyre – skal takast med i utrekninga som eddiksyre.

— ε-ftalimid-peroksyheksansyre (PAP) – skal takast med i utrekninga som ε-ftalimid-heksansyre (PAC).

Følgjande verdiar skal nyttast for å rekne ut CDV[kronisk] for ε-ftalimid-heksansyre (PAC):

DF(i) = 0,05.

TFkronisk(i) = 0,256 mg/l.

Aerob = R.

Anaerob = O.»

(4)

b) I vedlegget, i avsnittet med overskrifta «Vurdering og kontroll», skal stjernenoten (*) i tabell 1 i bokstav b) («Målegrenser») lyde:

«(*) «Inga grense» tyder alle innhaldsstoff utan omsyn til konsentrasjon (analytisk påvisingsgrense), bortsett frå biprodukt og ureinsker frå råstoff, som kan vere til stades i ein konsentrasjon på opp til 0,010 vektprosent i den endelege samansetnaden.»

Artikkel 7 Denne avgjerda er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel 13. mars 2019.

For Kommisjonen Karmenu VELLA Medlem av Kommisjonen _____

(5)

VEDLEGG

Stoff Klassifisering i samsvar med forordning (EF)

nr. 1272/2008 Faresetning

Overflateaktive stoff Farleg for vassmiljøet – akutt giftig, kategori 1 H400: Svært giftig for liv i vatn

Farleg for vassmiljøet – kronisk giftig, kategori 3 H412: Skadeleg, med langtidsverknad, for liv i vatn

Subtilisin Farleg for vassmiljøet – akutt giftig, kategori 1 H400: Svært giftig for liv i vatn

Farleg for vassmiljøet – kronisk giftig, kategori 2 H411: Giftig, med langtidsverknad, for liv i vatn Enzym(*2) Hudsensibiliserande, farekategori 1, 1A, 1B H317: Kan utløyse ein allergisk hudreaksjon

Luftvegssibiliserande, farekategori 1, 1A, 1B H334: Kan gje allergi- eller astmasymptom eller pustevanskar ved innanding

NTA som ureinske i MGDA og GLDA(*3)

Kreftframkallande, farekategori 2 H351: Mistenkt for å kunne føre til kreft

(*2) Medrekna stabilisatorar og andre hjelpestoff i stoffblandingane.

(*3) I konsentrasjonar på under 0,2 % i råmaterialet, så lenge den samla konsentrasjonen i sluttproduktet er lågare enn 0,10 %.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

november 2013 om endring av EØS-avtalens vedlegg XX (Miljø), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 3) På det tiende møtet til Basel-konvensjonens

desember 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 6) For å lette den praktiske

mars 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 7) Handelsplasser der det anses hensiktsmessig å

februar 2009 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 1 i

april 2016 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

november 2013 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS- tillegget til Den europeiske unions tidende

juli 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 7) Opplysningene i prospekter for

juli 2016 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende