E
energidirektorat N V E
Til alle på adresseliste
Vår dato:3 0 AUG 2007-
Vår ref.: 200704974-2 ktv/jaso
Arkiv: 3121077.5Z Sakshandsamar:
Dykkar dato : Jan Sørensen
Dykkar ref.: 22 95 92 11
Middelthuns gate 29
Postboks 5091, Majorstua 0301 OSLO
Telefon : 22 95 95 95 Telefaks: 22 95 90 00 E-post: [email protected] Internett: www.nve.no
Org.nr.:
NO 970 205 039 MVA Bankkonto:
7694 05 08971
Sognekraft AS - Melding om bygging av Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune , Sogn og Fjordane..
Melding og informasjonsbrosjyre om utbyggingsplanane frå Sognekraft AS er vedlagt.
Meldinga beskriv planløysing- for bygging av. Leikanger kraftverk. Kraftverket skal utnytte eit 600 meter fall frå inntaka-i'Henjaelvi og Grindselvi ned til Sognefjorden. Kraftverket vil ha ein effekt på 64 MW med årleg produksjonen på 189;1 GWh.
Kraftverket får 11 uregulerte inntak; 6 i Henjaelvi og 5 i Grindselvi. Vassvegen vil bli ført i. tunnel ned til kraftstasjonen som vert liggjande like ved riksvegen. Steintippar frå tunneldrivinga vil bli plassert på utvalte stader i Henjadalen og Grindsdalen og elles brukt til andre føremål.
Det er planlagt utbetring av eksisterande vegar og bygging av nye fram til inntaka og tunneltverrslaga.
Det må byggast ei ny 132 kV line på 3,6 km frå kraftverket og opp til ein ny koplingsstasjon ved 132 kV lina til Statnett ved Seljevollen i Grindsdalen.
Sidan produksjonen i kraftverket er på over 40 GWh, skal saka handsamast etter reglane om konsekvensutgreiingar i plan- og bygningslova fram til konsesjonssøknad føreligg. Saksgangen er nærare beskrive i meldinga.
Føremålet med meldinga er å klårgjere dei konsekvensar ei eventuell utbygging av Leikanger kraftverk vil ha for miljø, naturressursar og samfunn. Vi ber derfor særskilt om fråsegn som gjeld forslaget til utgreiingsprogram, t.d. tema som det bør fokuserast på i dei etterfølgjande
konsekvensutgreiingane og forhold som det bør leggast vekt på i den vidare planlegginga av kraftverket. På bakgrunn av meldinga og fråsegnene , vil NVE fastsette det endelege
utgreiingsprogrammet for konsekvensutgreiinga som skal følgje ein eventuell søknad.
Meldinga blir sendt på høyring til organisasjonar og offentlege etatar, kunngjort i lokalpressa, og lagt ut til offentleg gjennomsyn. Kunngjeringsteksten for meldinga er vedlagt.
Vi ber Leikanger kommune om å leggje ut to eksemplar av meldinga med brosjyre så snart som mogleg til offentlig gjennomsyn på Service-ekspedisjonen i kommunehuset og Leikanger
a.",,
Side 2folkebibliotek fram til 31.10.2007. Det eine eksemplaret av meldinga kan, om naudsynt, lånast ut for kortare tid (2-3 dagar) medan det andre ikkje må fjernast frå utleggingsstaden.
I løpet av høyringsperioden, torsdag 4.10. 2007 kl. 19, vil det bli arrangert et ope møte på Sognefj ord Hotell i Hermansverk der representantar frå Sognekraft AS og NVE vil orientere om planane for det nye kraftverket, forslag til konsekvensutgreiing og vidare sakshandsaming, og svare på eventuelle
spørsmål.
Fråsegner til meldinga kan sendast til NVE, Konsesjons- og tilsynsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo, innan 31.10.2007. Dersom fråsegna er lang, er det ein fordel om det er utarbeidd eit samandrag, og det er og ønskjeleg å få teksten på e-post ([email protected]).
Med helsing
Rune Flatby Sørensen
Seksjonssjef Senioringeniør
Vedlegg: Melding med brosjyre, adresseliste, kunngjeringstekst
Q,.",
Adresseliste for: Sognekraft AS - Melding om bygging av Leikanger kraftverk i Henj aelvi og Grindselvi i Leikanger kommune, Sogn og Fjordane.
Handsamast etter : Plan- og bygningsloven
Blir kunngjort av NVE ved CIA Media Marketing ein gong i: Sogn Avis og Bergens Tidende Alle på lista får kopi av kunngjering og brosjyre
Til info
Ant.
meld
Namn/adresse
4 Leikanger kommune, 6363 LEIKANGER
i Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 SOGNDAL
3 Fylkesmannen i So o Fjordane, Postboks 37, 6861 LEIKANGER 2 Sogn og Fjordane fylkeskommune, 6863 LEIKANGER
x i Olje- og energidepartementet, Postboks 8148 Dep, 0033 OSLO x i Statens landbruksforvaltning, Postboks 8140 De p, 0033 OSLO
i Kystdirektoratet - Kystverket, Serviceboks 2, 6025 ÅLESUND
i Fiskeridirektoratet Region Vest, Postboks L, 6701 MÅLØY i Direktoratet for naturforvaltning, 7485 TRONDHEIM I Norges Geologiske Undersøkelser, 7491 TRONDHEIM
I Bergvesenet, Postboks 3021 Lade, 7441 TRONDHEIM I Vegdirektoratet, Postboks 8142 Dep, 0033 OSLO
I Statens Vegvesen Region Vest, Postboks, 168, 6861 LEIKANGER I Riksantikvaren, Postboks 8196 De p, 0034 OSLO
I Friluftslivets fellesorganisasjon, Nedre Slottsgate 25, 0157 OSLO
I Samarbeidsrådet for naturvernsaker, Postboks 7 Sentrum, 0101 OSLO i Norges Naturvernforbund, Postboks 342 Sentrum, 0101 OSLO
i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane, Postboks 470, 6853 SOGNDAL
i Den Norske Turistforening, Postboks 7 Sentrum, 0101 OSLO
i Sogn og Fjordane Turlag, Postboks 10, 6801 FØRDE
i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Postboks 94, 1360 NESBRU
I Norges Jeger- og Fiskerforbund - Sogn og Fjordane, Rygg, 6823 SANDANE
i Miljøstiftelsen Bellona, Postboks 2141 Grunerløkka, 0505 OSLO
i Norges Miljøvernforbund, Postboks 593, 5001 BERGEN
I Norsk ornitologisk forening, Sogn lokallag v/Heidi Sandvik, Dalsvegen 23, 6861 LEIKANGER
i Sogndal Turlag, Rusebakken 4 6856 SOGNDAL
"'a,
Side 4
i Leikanger JFL v/ Svein Inge Lundheim, Lundev. 14, 6863 LEIKANGER i Norges Bondelag, Schwei aardsgt. 34, 0191 OSLO
i. NIBR , Biblioteket /KU-senter , Postboks 44 Blindern, 0313 OSLO
i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar, c/o Advokatfirmaet Hjort DA, Postboks 471 Sentrum, 0105 OSLO
i Sognekraft AS, Postboks 3, 6891 VIK I SOGN i Sogn og Fjordane Energi AS , Bukta, 6823 SANDANE
Internt (NVE - Region Vest, VAS, EMR, HBM, EMN, KTN)
N V E
KUNNGJERING
Sognekraft AS - Melding om bygging av Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune.
NVE har motteke ei melding frå Sognekraft AS som gjeld bygging av Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket får 11 uregulerte inntak; 6 i Henjaelvi og 5 i Grindselvi, og skal utnytte eit 600 meter fall frå inntaka ned til kraftstasjonen ved Sognefjorden. Kraftstasjonen vil ha ein installert effekt på 64 MW og ein årleg produksjon på 189 GWh. Utbygginga omfattar ei ny 132 kV luftline på 3,6 km frå kraftverket og opp til ein ny koplingsstasjon ved den eksisterande 132 kV lina til Statnett i Grindsdalen.
Meldinga skal handsamast etter reglane om konsekvensutgreiingar i plan- og bygningslova. På bakgrunn av meldinga og fråsegner til denne, vil NVE fastsette eit utgreiingsprogram for dei konsekvensutgreiingane som skal følgje ein eventuell søknad.
Meldinga er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Service-ekspedisjonen i Leikanger kommune og Leikanger folkebibliotek i fram til 31.10.2007. I løpet av høyringsperioden, den 4.10. 2007 kl. 19, vil det bli arrangert et ope møte på Sognefjord Hotell i Hermansverk der representantar frå Sognekraft AS og NVE vil orientere om planane for det nye kraftverket, forslag til konsekvensutgreiing og vidare sakshandsaming, og svare på eventuelle spørsmål.
Fråsegner til meldinga kan sendast til NVE, Konsesjons- og tilsynsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo, innan 31.10.2007.