• No results found

24.11.2016Nr. 65/155EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "24.11.2016Nr. 65/155EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende"

Copied!
8
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/155

KOMMISJONSAVGJERD av 6. juni 2011

om fastsetjing av miljøkriteria for tildeling av EU-miljømerket til berbare datamaskiner [meld under nummeret K(2011) 3736]

(2011/330/EU) (*)

EUROPAKOMMISJONEN HAR —

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr.

66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket(

1

), særleg artikkel 8 nr. 2,

etter samråd med Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen og

ut frå desse synsmåtane:

1) I medhald av forordning (EF) nr. 66/2010 kan EU- miljømerket tildelast dei produkta som har ein redusert miljøverknad gjennom heile levetida si.

2) I forordning (EF) nr. 66/2010 er det fastsett at det skal innførast særlege kriterium for tildeling av EU- miljømerket for kvar produktgruppe.

3) Ved kommisjonsvedtak 2001/687/EF(

2

) vart det innført miljøkriterium og tilhøyrande krav til vurdering og kontroll for berbare datamaskiner. Etter revisjonen av dei kriteria som er fastsette i det nemnde vedtaket, vart det ved kommisjonsvedtak 2005/343/EF(

3

) innført reviderte kriterium som er gyldige fram til 30. juni 2011.

4) Desse kriteria er vortne reviderte på nytt i lys av den teknologiske utviklinga. I tillegg vart det i 2006 inngått ei avtale om fastsetjing av kriteria for Energy Star mellom regjeringa i Sambandsstatane og Det europeiske fellesskapet (heretter kalla «avtala»), som vart godkjend ved rådsavgjerd 2006/1005/EF(

4

) og endra ved avgjerd 2010/C 186/01 av 12. august 2009 teken av forvaltingsorgana i medhald av avtala mellom regjeringa i Sambandsstatane og Det europeiske felles- skapet om samordning av programma for energi effek- tivitets merking av kontorutstyr med omsyn til endring av

(*) Denne unionsrettsakten, kunngjort i EUT L 148 av 7.6.2011, s. 5, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 201/2012 av 26. oktober 2012 om endring av EØS-avtalens vedlegg XX (Miljø), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 6 av 24.1.2013, s. 19.

(1) TEU L 27 av 30.1.2010, s. 1.

(2) TEF L 242 av 12.9.2001, s. 11.

(3) TEU L 115 av 4.5.2005, s. 35.

(4) TEU L 381 av 28.12.2006, s. 24.

data­maskinspesifikasjonane­i­vedlegg­C­del­VIII­til­avtala­

(heretter kalla «Energy Star versjon 5.0»)(

5

) .

5) Dei nye kriteria og dei tilhøyrande krava til vurdering og kontroll bør gjelde i eit tidsrom på tre år frå den datoen denne avgjerda vert teken.

6) Av omsyn til klarleiken bør vedtak 2005/343/EF bytast ut.

7) Det bør innførast ein overgangsperiode for produsentar som har fått tildelt miljømerket for berbare datamaskiner på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i vedtak 2005/343/EF, slik at dei får nok tid til å kunne tilpasse produkta sine til å verte i samsvar med dei reviderte kriteria og krava. Produsentar bør òg kunne sende inn søknader på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i vedtak 2005/343/EF, eller på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i denne avgjerda, fram til det nemnde vedtaket sluttar å gjelde.

8) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt ved artikkel 16 i forordning (EF) nr. 66/2010 –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

1. Produktgruppa «berbare datamaskiner» skal omfatte utstyr som har følgjande eigenskapar:

a) Dei utfører logiske operasjonar og handsamar data og er særleg utforma for å vere berbare og for å kunne nyttast i lengre tidsrom med eller utan direkte tilkopling til ei vekselstraumkjelde.

b) Dei nyttar ein innebygd dataskjerm og kan drivast av eit innebygd batteri eller ei anna berbar straumkjelde.

Dersom ei berbar datamaskin vert levert med ekstern straumforsyning, vert denne straumforsyninga rekna som ein del av den berbare datamaskina.

(5) TEU C 186 av 9.7.2010, s. 1.

2016/EØS/65/29

(2)

2. For føremålet med denne avgjerda vert tavle-datamaskiner som har peikeskjerm saman med eller i staden for andre inn- einingar, rekna som berbare datamaskiner.

3. Digitale fotorammer vert for føremålet med denne avgjerda ikkje rekna som berbare datamaskiner.

Artikkel 2

For å kunne få tildelt EU-miljømerket i medhald av forordning (EF) nr. 66/2010 må eit produkt høyre inn under produktgruppa

«berbare­datamaskiner»­slik­det­er­definert­i­artikkel­1­i­denne­

avgjerda, og oppfylle dei miljøkriteria og dei tilhøyrande krava til vurdering og kontroll som er fastsette i vedlegget til denne avgjerda.

Artikkel 3

Kriteria for produktgruppa «berbare datamaskiner» og dei tilhøyrande krava til vurdering og kontroll skal gjelde i tre år frå den datoen denne avgjerda vert teken.

Artikkel 4

For administrative føremål vert produktgruppa «berbare data- maskiner» tildelt kodenummeret «018».

Artikkel 5 Vedtak 2005/343/EF vert oppheva.

Artikkel 6

1. Som unntak frå artikkel 5 skal søknader om tildeling av EU-miljømerket til produkt som er omfatta av produktgruppa

«berbare­datamaskiner»­slik­ho­er­definert­i­vedtak­2005/343/

EF, som er sende inn før den datoen denne avgjerda vert teken, vurderast i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i vedtak 2005/343/EF.

2. Søknader om tildeling av EU-miljømerket til produkt som er omfatta av produktgruppa «berbare datamaskiner», som er sende inn etter den datoen då denne avgjerda vart teken, men seinast 30. juni 2011, kan vurderast anten på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i vedtak 2005/343/EF, eller dei kriteria som er fastsette i denne avgjerda.

Desse søknadene skal vurderast på grunnlag av dei kriteria som dei byggjer på.

3. Dersom miljømerket er tildelt på grunnlag av ein søknad som er vurdert ut frå dei kriteria som er fastsette i vedtak 2005/343/EF, kan det nyttast i tolv månader frå den datoen då denne avgjerda vart teken.

Artikkel 7 Denne avgjerda er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 6. juni 2011.

For Kommisjonen

­ ­ Janez­POTOČNIK

Medlem av Kommisjonen

______

(3)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/157

VEDLEGG

MÅLSETJING Føremålet med kriteria

Føremålet med kriteria er å redusere skaden på eller faren for miljøet som følgje av energibruk (global oppvarming, forsuring, utarming av energikjelder som ikkje kan fornyast) ved at energiforbruket vert lågare, redusere skaden på miljøet som følgje av bruk av naturressursar, og redusere skaden på miljøet som følgje av bruk av farlege stoff ved at bruken av slike stoff vert mindre.

KRITERIUM Kriteria er fastsette for kvart einskilt punkt nedanfor:

1) Energisparing 2) Straumstyring 3) Kvikksølv i lysrøyr

4) Farlege stoff og stoffblandingar

5) Stoff som er oppførte i samsvar med artikkel 59 nr. 1 i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1907/2006(1) 6) Plastdelar

7) Støy

8) Attvunne innhald 9) Bruksrettleiing 10) Reparasjonar

11) Utforming for demontering 12) Lenging av levetida 13) Emballasje

14) Opplysningar på miljømerket Krav til vurdering og kontroll

Dei særlege krava til vurdering og kontroll er oppførte under kvart kriterium.

Når søkjaren skal leggje fram fråsegner, dokumentasjon, analysar, prøvingsrapportar eller andre prov som stadfestar at produktet oppfyller kriteria, kan dette kome frå søkjaren sjølv og/eller frå leverandøren eller leverandørane til søkjaren og/eller frå underleverandøren eller underleverandørar osv., alt etter korleis det høver.

Dersom det er mogleg, bør prøvingane utførast av laboratorium som oppfyller dei generelle krava i standarden EN ISO 17025 eller ein tilsvarande standard. Det kan eventuelt nyttast andre prøvingsmetodar enn dei som er oppførte under kvart kriterium, dersom det rette organet som vurderer søknaden, meiner at dei er jamgode.

MÅLSETJING Kriterium 1 — Energisparing

Energisparing for berbare datamaskiner

Energieffektiviteten til berbare datamaskiner skal overstige energieffektivitetskrava i den relevante kategorien som er fastsett i avtala, og som er endra ved Energy Star versjon 5.0, med minst følgjande:

– kategori A: 25 %, – kategori B: 25 %, – kategori C: 15 %.

Dei justeringane av kapasiteten som er tillatne i medhald av avtala som er endra ved Energy Star versjon 5.0, kan gjerast på­same­nivå,­bortsett­frå­med­omsyn­til­særskilde­prosessorar­for­grafikk­(GPU),­der­kapasiteten­ikkje­får­aukast.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste overfor det rette organet at produktet oppfyller desse krava.

(1) TEU L 396 av 30.12.2006, s. 1.

(4)

Kriterium 2 — Straumstyring

Berbare datamaskiner skal oppfylle følgjande krav til straumstyring(1):

a) Krav til straumstyring

Berbare datamaskiner skal leverast til kunden med straumstyringssystemet aktivert. Følgjande innstillingar skal nyttast for straumstyring:

i) skjermen vert stengd av etter 10 minutt (kviletilstand),

ii) datamaskina går i kviletilstand etter 30 minutt (systemnivå S3, «suspended to RAM»).

b) Nettkrav til straumstyring

i) Berbare datamaskiner med Ethernet-funksjonalitet skal ha ein funksjon som gjer det mogleg å aktivere/

deaktivere Wake on LAN (WOL) i samband med kviletilstand.

c) Nettkrav til straumstyring (gjeld berre for berbare datamaskiner som vert leverte gjennom ein føretakskanal) i) Berbare datamaskiner med Ethernet-funksjonalitet skal oppfylle eitt av følgjande krav:

– dei skal leverast med Wake On LAN aktivert frå kviletilstand når dei vert drivne med vekselstraum, eller – det skal vere mogleg å aktivere WOL, som er tilstrekkeleg tilgjengeleg både frå brukargrensesnittet til klientoperativsystemet og via eit nett dersom den berbare datamaskina vert levert til føretaket utan at WOL er aktivert.

ii) Berbare datamaskiner med Ethernet-funksjonalitet skal støtte aktivering frå kviletilstand både ved fjernstyring (via eit nett) og ved planlagde aktiveringshendingar (t.d. sanntidsklokke). Når det er produsenten som har­ kontroll­ over­ konfigurasjonen­ (dvs.­ ved­ konfigurasjon­ gjennom­ maskinvareinnstillingar­ og­ ikkje­

programvareinnstillingar), skal han sikre at desse innstillingane kan styrast sentralt slik som kunden ønskjer, med verktøy som produsenten stiller til rådvelde.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram for det rette organet ei fråsegn om at datamaskina er levert med dei straumstyringsinnstillingane som er fastsette ovanfor, eller betre.

Kriterium 3 — Kvikksølv i lysrøyr

Det er ikkje tillate med medviten tilsetjing av kvikksølv eller sambindingar av kvikksølv i bakgrunnslyset i den berbare datamaskina.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste overfor det rette organet at bakgrunnslyset i den berbare datamaskina ikkje inneheld meir enn 0,1 mg kvikksølv eller sambindingar av kvikksølv per lampe. Søkjaren skal òg leggje fram ei kort utgreiing om det lyssystemet som er nytta.

Kriterium 4 — Farlege stoff og stoffblandingar

I samsvar med artikkel 6 nr. 6 i forordning (EF) nr. 66/2010 skal produktet eller delar av produktet ikkje innehalde stoff som er nemnde i artikkel 57 i forordning (EF) nr. 1907/2006, eller stoff eller stoffblandingar som oppfyller kriteria for klassifisering­i­dei­fareklassane­eller­-kategoriane­som­er­oppførte­nedanfor,­og­som­er­fastsette­i­europaparlaments-­og­

rådsforordning (EF) nr. 1272/2008(2).

Liste over fare- og risikosetningar:

Faresetning(1) Risikosetning(2)

H300 Dødeleg ved svelging R 28

H301 Giftig ved svelging R25

H304 Kan vere dødeleg ved svelging dersom det kjem ned i luftvegane R65

H310 Dødeleg ved hudkontakt R27

(1) Som fastsett i Energy Star versjon 5.0, bortsett frå kravet med omsyn til kviletilstand for skjermen.

(2) TEU L 353 av 31.12.2008, s. 1.

(5)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/159

Faresetning(1) Risikosetning(2)

H311 Giftig ved hudkontakt R24

H330 Dødeleg ved innanding R23/26

H331 Giftig ved innanding R23

H340 Kan føre til genetiske skadar R46

H341 Mistenkt for å kunne gje genetiske skadar R68

H350 Kan føre til kreft R45

H350i Kan føre til kreft ved innanding R49

H351 Mistenkt for å kunne føre til kreft R40

H360F Kan skade forplantingsevna R60

H360D Kan gje fosterskadar R61

H360FD Kan skade forplantingsevna. Kan gje fosterskadar R60/61/60-61 H360Fd Kan skade forplantingsevna. Mistenkt for å kunne gje fosterskadar R60/63 H360Df Kan gje fosterskadar. Mistenkt for å kunne skade forplantingsevna R61/62

H361f Mistenkt for å kunne skade forplantingsevna R62

H361d Mistenkt for å kunne gje fosterskadar R63

H361fd Mistenkt for å kunne skade forplantingsevna. Mistenkt for å kunne gje

fosterskadar R62-63

H362 Kan skade barn som vert amma R64

H370 Fører til organskadar R39/23/24/25/26/27/28

H371 Kan føre til organskadar R68/20/21/22

H372­Fører­til­organskadar­ved­langvarig­eller­fleire­gongers­eksponering R48/25/24/23 H373­Kan­føre­til­organskadar­ved­langvarig­eller­fleire­gongers­eksponering R48/20/21/22

H400 Svært giftig for liv i vatn R50

H410 Svært giftig, med langtidsverknad, for liv i vatn R50-53

H411 Giftig, med langtidsverknad, for liv i vatn R51-53

H412 Skadeleg, med langtidsverknad, for liv i vatn R52-53

H413 Kan føre til skadelege langtidsverknader for liv i vatn R53

EUH059 Farleg for ozonlaget R59

EUH029 Ved kontakt med vatn vert det utvikla giftig gass R29 EUH031 Ved kontakt med syre vert det utvikla giftig gass R31 EUH032 Ved kontakt med syre vert det utvikla svært giftig gass R32

EUH070 Giftig ved kontakt med auga R39-41

(1) Slik det er fastsett i forordning (EF) nr. 1272/2008.

(2) Slik det er fastsett i rådsdirektiv 67/548/EØF (TEF 196 av 16.8.1967, s. 1).

(6)

Bruken av stoff eller stoffblandingar som endrar eigenskapane sine ved behandling (slik at dei t.d. ikkje lenger er biotilgjengelege, eller slik at dei endrar seg kjemisk) på ein slik måte at den påviste faren ikkje lenger ligg føre, er ikkje omfatta av kravet som er nemnt ovanfor.

Konsentrasjonsgrensene­for­stoff­eller­stoffblandingar­som­oppfyller­kriteria­for­klassifisering­i­dei­fareklassane­eller­

-kategoriane som er nemnde i tabellen ovanfor, og for stoff som oppfyller kriteria i artikkel 57 bokstav a), b) eller c) i forordning (EF) nr. 1907/2006, skal ikkje overstige dei generiske eller særlege konsentrasjonsgrensene som er fastsette i samsvar med artikkel 10 i forordning (EF) nr. 1272/2008. Dersom det er fastsett særlege konsentrasjonsgrenser, bør desse ha førerang framfor dei generiske.

Konsentrasjonsgrensene for stoff som oppfyller kriteria i artikkel 57 bokstav d), e) eller f) i forordning (EF) nr. 1907/2006, skal ikkje overstige 0,1 vektprosent.

Følgjande stoff eller bruksområde for stoff har særleg unntak frå dette kravet:

Homogene delar med vekt under 10 g Alle fare- og risikosetningar som er oppførte ovanfor Nikkel i rustfritt stål

Vurdering og kontroll: For kvar del med vekt over 10 g skal søkjaren leggje fram ei fråsegn om at dette kriteriet er oppfylt, saman med tilhøyrande dokumentasjon, t.d. samsvarsfråsegner som er underteikna av leverandørane av stoffa, og kopiar av relevante tryggleiksdatablad for stoff eller stoffblandingar i samsvar med vedlegg II til forordning (EF) nr. 1907/2006. Konsentrasjonsgrensene for stoff og stoffblandingar skal vere oppførte i tryggleiksdatablada i samsvar med artikkel 31 i forordning (EF) nr. 1907/2006.

Kriterium 5 — Stoff som er oppførte i samsvar med artikkel 59 nr. 1 i forordning (EF) nr. 1907/2006

Det­skal­ikkje­gjevast­unntak­frå­utelatinga­i­artikkel­6­nr.­6­for­stoff­som­er­identifiserte­som­stoff­som­gjev­svært­stor­

grad­av­uro,­og­som­er­oppførte­i­den­lista­som­er­nemnd­i­artikkel­59­i­forordning­(EF)­nr.­1907/2006,­når­desse­finst­

i stoffblandingar, i ein artikkel eller i ein homogen del av ein samansett artikkel i konsentrasjonar som er høgre enn 0,1 %. Særlege konsentrasjonsgrenser som er fastsette i samsvar med artikkel 10 i forordning (EF) nr. 1272/2008, skal nyttast i tilfelle der konsentrasjonen er lågare enn 0,1 %.

Vurdering og kontroll:­Lista­over­stoff­som­er­identifiserte­som­stoff­som­gjev­svært­stor­grad­av­uro,­og­som­er­oppførte­

i­kandidatlista­i­samsvar­med­artikkel­59­i­forordning­(EF)­nr.­1907/2006,­kan­finnast­her:

http://echa.europa.eu/chem_data/authorisation_process/candidate_list_table_en.asp Tilvisinga til lista skal gjerast på søknadsdatoen.

Søkjaren skal leggje fram ei fråsegn om at dette kriteriet er oppfylt, saman med tilhøyrande dokumentasjon, t.d.

samsvarsfråsegner som er underteikna av leverandørane av stoffa, og kopiar av relevante tryggleiksdatablad for stoff eller stoffblandingar i samsvar med vedlegg II til forordning (EF) nr. 1907/2006. Konsentrasjonsgrensene for stoff og stoffblandingar skal vere oppførte i tryggleiksdatablada i samsvar med artikkel 31 i forordning (EF) nr. 1907/2006.

Kriterium 6 — Plastdelar

a) Dersom det vert nytta mjuknarar i produksjonsprosessen, skal dei oppfylle krava til farlege stoff som er fastsette i kriterium 4 og 5.

Det er heller ikkje tillate med medviten tilsetjing av DNOP (di-n-oktylftalat), DINP (di-isononylftalat) og DIDP (di-isodecylftalat) i produktet.

b) Plastdelar skal ikkje innehalde meir enn 50 vektprosent klor.

c) Berre biocidprodukt som inneheld dei aktive stoffa som er oppførte i vedlegg IA til europaparlaments- og rådsdirektiv 98/8/EF(1), og som er godkjende for bruk i datamaskiner, skal kunne nyttast.

Vurdering og kontroll:­Produsenten­skal­underteikne­eit­sertifikat­som­viser­at­desse­krava­er­oppfylte,­og­sende­det­inn­

til det rette organet som tildeler miljømerket. Leverandørane av plasten og biocida skal òg underteikne ei fråsegn om at kriteria er oppfylte, og kopiar av relevante tryggleiksdatablad for materiale og stoff skal òg sendast over til det rette organet som tildeler miljømerket. Alle biocid som vert nytta, skal merkjast tydeleg.

Kriterium 7 — Støy

I samsvar med nr. 3.2.5 i standarden ISO 9296 skal det «fastsette A-vege lydeffektnivået» (re l pW) for den berbare datamaskina ikkje vere høgre enn:

(1) TEF L 123 av 24.4.1998, s. 1.

(7)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/161

1) 32 dB(A) i inaktiv tilstand, 2) 36 dB(A) ved bruk av harddiskdrev.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram for det rette organet ein rapport som provar at støynivåa er målte i samsvar med standarden ISO 7779, og er stadfesta å vere i samsvar med standarden ISO 9296. Rapporten skal opplyse om dei støynivåa som er målte, både i inaktiv tilstand og ved bruk av eit platedrev, og desse støynivåa skal fastsetjast i samsvar med nr. 3.2.5 i standarden ISO 9296.

Kriterium 8 — Attvunne innhald

Minst 10 masseprosent av det ytre plastkabinettet til sentraleininga, skjermen og tastaturet skal vere attvunne etter forbrukarleddet.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram for det rette organet ei fråsegn om kva prosentdel av innhaldet som er attvunne etter forbrukarleddet.

Kriterium 9 — Bruksrettleiing

Den berbare datamaskina skal seljast med ei føremålstenleg bruksrettleiing som inneheld råd om miljøvenleg bruk.

Opplysningane­skal­plasserast­på­éin­enkel­stad­som­er­lett­å­finne­i­bruksrettleiinga­og­på­nettstaden­til­produsenten.­

Opplysningane skal særleg omfatte:

a) Energiforbruk: Det typiske energiforbruket (TEC-verdien) i samsvar med Energy Star versjon 5.0, og det høgste effektforbruket i alle driftstilstandar. I tillegg skal det leggjast fram rettleiing for bruken av energisparingstilstanden til produkta.

b) Opplysningar om at energieffektiv bruk minskar energiforbruket og dermed gjer det mogleg å spare pengar ved at straumrekningane vert lågare, og om at energiforbruket kan minskast til null dersom støpselet til den berbare datamaskina vert trekt ut av stikkontakten.

c) Følgjande opplysningar om korleis effektforbruket kan minskast når den berbare datamaskina ikkje er i bruk:

i) dersom den berbare datamaskina vert sett i avslått tilstand, vil energiforbruket reduserast, men det vil framleis verte nytta ei viss mengd straum,

ii) redusering av lysstyrken til skjermen vil minske energibruken,

iii) defragmentering av disken på den berbare datamaskina vil redusere energibruken og auke levetida til den berbare datamaskina (dette gjeld ikkje maskiner med halvleiareiningar (SSD)),

iv) skjermspararar kan hindre skjermen til den berbare datamaskina i å gå i energisparingstilstand når han ikkje er i bruk. Energibruken kan difor reduserast gjennom å sikre at skjermspararen til den berbare datamaskina ikkje er aktivert.

d) Opplysningar i bruksrettleiinga eller på nettstaden til produsenten om kor brukaren skal vende seg for å få kvalifiserte­ personar­ til­ å­ utføre­ reparasjonar­ og­ vedlikehald­ av­ den­ berbare­ datamaskina,­ eventuelt­ medrekna­

kontaktopplysningar.

e) Instruksjonar for høveleg disponering av kasserte berbare datamaskiner ved avfallsanlegg eller gjennom ordningar med tilbakelevering til detaljisten, alt etter kva som høver, som skal vere i samsvar med europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/96/EF(1).

f)­­ Opplysningar­om­at­produktet­er­tildelt­EU-miljømerket,­med­ei­kort­forklaring­på­kva­dette­inneber,­og­at­fleire­

opplysningar om miljømerket er tilgjengelege på nettstaden http://www.ecolabel.eu

g) Alle bruks-/reparasjonsrettleiingar skal innehalde attvunne materiale og ikkje klorbleika papir.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste at produktet oppfyller desse krava, og leggje fram eit eksemplar av bruksrettleiinga for det rette organet. Bruksrettleiinga skal leggjast inn på datamaskina slik at brukaren kan lese ho, og gjerast tilgjengeleg på nettstaden til produsenten.

Kriterium 10 — Reparasjonar som brukaren kan utføre

Søkjaren skal leggje fram ei bruksrettleiing (på papir eller i elektronisk form) for sluttbrukaren med tydelege instruksjonar for korleis enkle reparasjonar kan utførast. Søkjaren skal òg sikre at reservedelar er tilgjengelege i eit tidsrom på minst fem år etter at den berbare datamaskina er gått ut av produksjon.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste overfor det rette organet at produktet oppfyller desse krava.

(1) TEU L 37 av 13.2.2003, s. 24.

(8)

Kriterium 11 — Utforming for demontering

Produsenten skal vise at den berbare datamaskina er lett å demontere for fagutdanna personar med dei verktøya som dei vanlegvis har til rådvelde, for å reparere og skifte ut utslitne delar, oppgradere gamle eller forelda delar og skilje frå kvarandre delar og materiale som til slutt vert attvunne eller nytta om att.

Demonteringa skal lettast på følgjande måte:

a) delane i den berbare datamaskina skal vere festa på ein måte som gjer det mogleg å demontere dei, t.d. med skruar eller sneppfeste, særleg delar som inneheld farlege stoff,

b) krinskort og/eller andre komponentar som inneheld edelmetall, skal lett kunne fjernast manuelt både frå produktet som­ heilskap­ og­ frå­ spesifikke­ komponentar­ (som­ til­ dømes­ platedrev)­ som­ inneheld­ slike­ kort,­ for­ å­ auke­

attvinninga av verdifulle materiale,

c)­­ plastmateriala­i­deksel/kabinett­skal­ikkje­ha­eit­overflatedekke­som­hindrar­attvinning­eller­ombruk,

d)­­ plastdelar­skal­vere­framstilte­av­éin­polymer­eller­av­fleire­polymerar­som­høver­saman­med­tanke­på­attvinning,­

og ha den relevante ISO 11469-merkinga dersom dei veg meir enn 25 g, e) metallinnlegg som ikkje kan skiljast frå kvarandre, skal ikkje nyttast,

f) opplysningar om typen og mengda farlege stoff i den berbare datamaskina skal samlast inn i samsvar med rådsdirektiv 2006/121/EF(1)­og­det­globalt­harmoniserte­systemet­for­klassifisering­og­merking­av­kjemikaliar­

(GHS).

Vurdering og kontroll: Det skal leggjast fram ein prøvingsrapport med detaljar om demonteringa av den berbare datamaskina saman med søknaden. Han skal omfatte ei teikning i uttrekksperspektiv av den berbare datamaskina som viser hovudkomponentane i tillegg til eventuelle farlege stoff i delane. Han kan vere i skriftleg eller audiovisuelt format. Opplysningar med omsyn til farlege stoff skal leggjast fram for det rette organet i form av ei liste over materiale med oppføring av materialtype, mengd som er nytta, og plassering.

Kriterium 12 — Lenging av levetida

Berbare datamaskiner skal ha følgjande funksjonar:

i) Minne som kan bytast ut og oppgraderast.

ii) Utbygging: datamaskina skal ha minst tre USB-grensesnitt og kunne koplast til ein ekstern skjerm.

Datamaskina skal òg vere utforma slik at dei viktigaste komponentane (medrekna minne, prosessoreiningar og kort) lett kan bytast ut og/eller oppgraderast av sluttbrukaren. Dei skal til dømes kunne festast ved sneppfeste, skuvast inn/

ut eller stikkast inn som ein patron.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste overfor det rette organet at produktet oppfyller desse krava.

Kriterium 13 — Emballasje

Dersom pappøskjer vert nytta, skal dei vere framstilte av materiale der minst 80 % er attvunne. Dersom plastposar vert nytta som ytteremballasje, skal dei vere framstilte av minst 75 % attvunne materiale, eller dei skal kunne brytast ned biologisk­eller­komposterast­i­samsvar­med­definisjonane­i­EN­13432­eller­tilsvarande.

Vurdering og kontroll: Eit eksemplar av emballasjen til produktet skal leggjast ved søknaden, saman med ei fråsegn om­at­dette­kriteriet­er­oppfylt.­Berre­primæremballasje­slik­det­er­definert­i­europaparlaments-­og­rådsdirektiv­94/62/

EF(2) er omfatta av kriteriet.

Kriterium 14 — Opplysningar på miljømerket

Eit valfritt merke med tekstfelt skal innehalde følgjande tekst:

«– Høg energieffektivitet.

– Utforma for å lette attvinning, reparasjon og oppgradering.

– Kvikksølvfritt bakgrunnslys.»

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste at produktet oppfyller dette kravet, og leggje fram for det rette organet ein kopi av miljømerket slik det vil sjå ut på emballasjen og/eller produktet og/eller den medfølgjande dokumentasjonen.

__________________

(1) TEU L 396 av 30.12.2006, s. 850.

(2) TEF L 365 av 31.12.1994, s. 10.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

5) For at avtalen skal fungere godt må avtalens protokoll 37 utvides til å omfatte Komité for det transeuropeiske transportnett nedsatt ved beslutning nr..

Vurdering og kontroll: Søkeren skal framlegge relevante dokumenter og prøvingsrapporter for hver av de ovennevnte utslippsparametrene i henhold til anvisningene i teknisk tillegg –

Vurdering og kontroll: Søkeren skal framlegge relevante dokumenter og prøvingsrapporter for hver av ovennevnte utslippsparametrer i henhold til anvisningene i

Vurdering og kontroll: Søkeren eller kjemikalieleverandøren(e) skal framlegge en erklæring om at dette kriteriet er oppfylt, sammen med relevante sikkerhetsdatablader eller

november 2006 om fastsetjing av reviderte miljøkriterium og dei tilhøyrande krava til vurdering og kontroll med omsyn til tildeling av fellesskapsmiljømerket til

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram ein prøvingsrapport som stadfestar at energiforbruket i alle desse tilstandane er vorte målt etter den

Denne lista skal nyttast ved utrekning av kritisk fortynningsvolum (CDV) og til vurdering av evna til biologisk nedbryting hjå delemna. For stoff som ikkje er oppførte i

For alle andre møblar som vert impregnerte eller handsama med konserveringsmiddel, skal krava med omsyn til farlege stoff oppfyllast (nr.. Vurdering og kontroll: Søkjaren skal