• No results found

24.11.2016Nr. 65/183EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "24.11.2016Nr. 65/183EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende"

Copied!
10
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/183

KOMMISJONSAVGJERD av 9. juni 2011

om fastsetjing av miljøkriteria for tildeling av EU-miljømerket til personlege datamaskiner [meld under nummeret K(2011) 3737]

(2011/337/EU) (*)

EUROPAKOMMISJONEN HAR —

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr.

66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket(

1

), særleg artikkel 8 nr. 2,

etter samråd med Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen og

ut frå desse synsmåtane:

1) I medhald av forordning (EF) nr. 66/2010 kan EU- miljømerket tildelast dei produkta som har ein redusert miljøverknad gjennom heile livssyklusen sin.

2) I forordning (EF) nr. 66/2010 er det fastsett at det skal innførast særlege kriterium for tildeling av EU- miljømerket for kvar produktgruppe.

3) Ved kommisjonsvedtak 2001/686/EF(

2

) vart det innført miljøkriterium og tilhøyrande krav til vurdering og kontroll for personlege datamaskiner. Etter revisjonen av dei kriteria som er fastsette i det nemnde vedtaket, vart det ved kommisjonsvedtak 2005/341/EF(

3

) innført reviderte kriterium som er gyldige fram til 30. juni 2011.

4) Desse kriteria er vortne reviderte på nytt i lys av den teknologiske utviklinga. I tillegg vart det i 2006 inngått ei avtale om fastsetjing av kriteria for Energy Star mellom regjeringa i Sambandsstatane og Det europeiske fellesskapet (heretter kalla «avtala»), som vart godkjend ved rådsavgjerd 2006/1005/EF(

4

) og endra ved avgjerd 2010/C 186/01 av 12. august 2009 teken av forvaltingsorgana i medhald av avtala mellom regjeringa i Sambandsstatane og Det europeiske felles- skapet om samordning av programma for energi effek-

(*) Denne unionsrettsakten, kunngjort i EUT L 151 av 10.6.2011, s. 5, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 201/2012 av 26. oktober 2012 om endring av EØS-avtalens vedlegg XX (Miljø), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 6 av 24.1.2013, s. 19.

(1) TEU L 27 av 30.1.2010, s. 1.

(2) TEF L 242 av 12.9.2001, s. 4.

(3) TEU L 115 av 4.5.2005, s. 1.

(4) TEU L 381 av 28.12.2006, s. 24.

tivitetsmerking av kontorutstyr med omsyn til endring av datamaskinspesifikasjonane i vedlegg C del VIII til avtala (heretter kalla «Energy Star versjon 5.0»)(

5

) .

5) Dei nye kriteria og dei tilhøyrande krava til vurdering og kontroll bør gjelde i eit tidsrom på tre år frå den datoen denne avgjerda vert teken.

6) Av omsyn til klarleiken bør vedtak 2005/341/EF bytast ut.

7) Det bør innførast ein overgangsperiode for produsentar som har fått tildelt miljømerket for personlege datamaskiner på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i vedtak 2005/341/EF, slik at dei får nok tid til å kunne tilpasse produkta sine til å verte i samsvar med dei reviderte kriteria og krava. Produsentar bør òg kunne sende inn søknader på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i vedtak 2005/341/EF, eller på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i denne avgjerda, fram til det nemnde vedtaket sluttar å gjelde.

8) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt ved artikkel 16 i forordning (EF) nr. 66/2010 —

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Produktgruppa «personlege datamaskiner» skal omfatte stasjonære datamaskiner, stasjonære datamaskiner med integrert skjerm, tynnklientar, dataskjermar og tastatur (som fritt ståande einingar) som fastsett i artikkel 2.

Berbare datamaskiner, små tenarar, arbeidsstasjonar, spel- konsollar og digitale fotorammer vert for føremåla med denne avgjerda ikkje rekna som personlege datamaskiner.

Artikkel 2 I denne avgjerda tyder:

1) «datamaskin» ei eining som utfører logiske operasjonar og handsamar data, som kan nyttast saman med inn-einingar og dataskjermar, og som omfattar ei prosessoreining

(5) TEU C 186 av 9.7.2010, s. 1.

2016/EØS/65/32

(2)

(CPU) som utfører operasjonane. For føremåla med denne avgjerda skal datamaskiner berre omfatte stasjonære einingar, medrekna stasjonære datamaskiner, stasjonære datamaskiner med integrert skjerm og tynnklientar.

Dersom ei datamaskin vert levert med skjerm, tastatur eller andre inn-einingar, skal dei òg oppfylle kriteria. Tastatur og skjermar kan òg nyttast som frittståande einingar,

2) «dataskjerm» ein skjerm og tilhøyrande elektronikk som er innebygd i eitt kabinett eller i kabinettet til sjølve datamaskina (t.d. stasjonær datamaskin med integrert skjerm), og som kan nyttast til vising av utdata frå ei datamaskin ved hjelp av ein eller fleire inngangar, til dømes VGA, DVI, Display Port og/eller IEEE 1394. Døme på dataskjermteknologi er katodestrålerøyr (CRT) og flytande krystall-skjerm (LCD),

3) «tastatur» ei inn-eining med ei samling tastar som vert nytta til å leggje inn diskrete data i ei datamaskin,

4) «ekstern straumforsyning» ein komponent i ei separat fysisk eining utanfor kabinettet til datamaskina, utforma for å omforme vekselstraum frå straumnettet til likestraum med lågare spenning(ar) og nytta til drift av datamaskina.

Ei ekstern straumforsyning skal koplast til datamaskina gjennom ei elektrisk hann-/hokopling, kabel, leidning eller anna leidningstråd som er fastmontert eller som kan koplast frå,

5) «intern straumforsyning» ein komponent i kabinettet til datamaskina, utforma for å omforme vekselstraum frå straumnettet til likestraum og nytta til drift av datamaskinkomponentane. For føremåla med denne definisjonen skal den interne straumforsyninga vere plassert inne i kabinettet til datamaskina, men vere åtskild frå hovudkortet til datamaskina. Straumforsyninga skal vere kopla til straumnettet ved hjelp av éin einskild kabel utan nokon mellomliggjande krins mellom straumforsyninga og straumnettet. I tillegg skal alle koplingar mellom straumforsyninga og datamaskinkomponentane, bortsett frå ei likestraumkopling til ein dataskjerm i ei stasjonær datamaskin med integrert skjerm, finnast inne i kabinettet til datamaskina (dvs. ingen eksterne kablar mellom straumforsyninga og datamaskina eller dei einskilde komponentane). Interne DC-DC-omformarar som vert nytta til å omforme éi likepenning frå ei ekstern straumforsyning til fleire ulike spenningar til bruk i datamaskina, vert ikkje rekna som intern straumforsyning,

6) «stasjonær datamaskin» ei datamaskin der hovudeininga er meint å ha ei fast plassering, ofte på eit skrivebord eller på golvet. Stasjonære datamaskiner er ikkje utforma for å vere berbare og vert nytta med ekstern dataskjerm, tastatur

og mus. Stasjonære datamaskiner er utforma for allsidig heime- og kontorbruk.

7) «stasjonær datamaskin med integrert skjerm» eit stasjonært system der datamaskina og dataskjermen fungerer som éi eining som vert forsynt med vekselstraum gjennom éin einskild kabel. Det finst to typar stasjonære datamaskiner med integrert skjerm: 1) eit system der dataskjermen og datamaskina er bygde saman i éi eining, eller 2) eit system som vert levert som eitt system der dataskjermen er separat, men er kopla til hovudeininga med ein likestraumleidning, og datamaskina og dataskjermen har éi felles straumforsyning. Stasjonære datamaskiner med integrert skjerm er ei undergruppe av stasjonære datamaskiner og er normalt utforma til å fungere på den same måten som stasjonære system,

8) «tynnklient» ei datamaskin med eiga straumforsyning som, gjennom ei tilkopling til datahandsamingsressursar som finst ein annan stad, kan utføre grunnleggjande oppgåver. Dei viktigaste datahandsamingsoppgåvene (t.d. køyring av program, datalagring, samhandling med andre Internett-ressursar osv.) vert utførte ved bruk av slike datahandsamingsressursar. Denne definisjonen av tynnklientar er avgrensa til einingar utan innebygde roterande lagringsmedium. Hovudeininga til ein tynnklient som vert omfatta av denne definisjonen, er tiltenkt ei fast plassering (t.d. på eit skrivebord) og er ikkje meint å vere berbar,

9) «særskild prosessor for grafikk (GPU)» ein grafikkprosessor med eit grensesnitt for lokal minnestyring og eit lokalt grafikkspesifikt minne.

Artikkel 3

For å kunne få tildelt EU-miljømerket i medhald av forordning (EF) nr. 66/2010 må eit produkt høyre inn under produktgruppa

«personlege datamaskiner» slik det er definert i artikkel 1 i denne avgjerda, og oppfylle dei miljøkriteria og dei tilhøyrande krava til vurdering og kontroll som er fastsette i vedlegget til denne avgjerda.

Artikkel 4

Kriteria for produktgruppa «personlege datamaskiner» og dei tilhøyrande krava til vurdering og kontroll skal gjelde i tre år frå den datoen denne avgjerda vert teken.

Artikkel 5

For administrative føremål vert produktgruppa «personlege datamaskiner» tildelt kodenummeret «013».

Artikkel 6

Vedtak 2005/341/EF vert oppheva.

(3)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/185

Artikkel 7

1. Som unntak frå artikkel 6 skal søknader om tildeling av EU-miljømerket til produkt som er omfatta av produktgruppa

«personlege datamaskiner», som er sende inn før den datoen denne avgjerda vert teken, vurderast i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i vedtak 2005/341/EF.

2. Søknader om tildeling av EU-miljømerket til produkt som er omfatta av produktgruppa «personlege datamaskiner», som er sende inn etter den datoen då denne avgjerda vart teken, men seinast 30. juni 2011, kan vurderast anten på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i vedtak 2005/341/EF, eller dei kriteria som er fastsette i denne avgjerda.

Desse søknadene skal vurderast på grunnlag av dei kriteria som dei byggjer på.

3. Dersom miljømerket er tildelt på grunnlag av ein søknad som er vurdert ut frå dei kriteria som er fastsette i vedtak 2005/341/EF, kan det nyttast i tolv månader frå den datoen då denne avgjerda vart teken.

Artikkel 8 Denne avgjerda er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 9. juni 2011.

For Kommisjonen

Janez POTOČNIK

Medlem av Kommisjonen

______

(4)

VEDLEGG

MÅLSETJING Føremålet med kriteria

Føremålet med kriteria er å redusere skaden på eller faren for miljøet som følgje av energibruk (global oppvarming, forsuring, utarming av energikjelder som ikkje kan fornyast) ved at energiforbruket vert lågare, redusere skaden på miljøet som følgje av bruk av naturressursar, og redusere skaden på miljøet som følgje av bruk av farlege stoff ved at bruken av slike stoff vert mindre.

KRITERIUM For føremåla med artikkel 3 er kriteria fastsette for kvart punkt nedanfor:

Dataskjerm Tastatur Personleg datamaskin

Energisparing: datamaskin X

Energisparing: dataskjerm X X

Krav til straumstyring X X

Straumforsyning: intern X

Kvikksølvfritt bakgrunnslys i dataskjermen X X

Farlege stoff, stoffblandingar, plastdelar X X X

Støy X

Attvunne innhald X X X

Bruksrettleiing X X X

Utforming for demontering X X X

Reparasjonar X X

Lenging av levetida X

Emballasje X X X

Krav til vurdering og kontroll

Dei særlege krava til vurdering og kontroll er oppførte under kvart kriterium.

Når søkjaren skal leggje fram fråsegner, dokumentasjon, analysar, prøvingsrapportar eller andre prov som stadfestar at produktet oppfyller kriteria, kan dette kome frå søkjaren sjølv og/eller frå leverandøren eller leverandørane til søkjaren og/eller frå underleverandøren eller underleverandørar osv., alt etter korleis det høver.

Dersom det er mogleg, bør prøvingane utførast av laboratorium som oppfyller dei generelle krava i standarden EN ISO 17025 eller ein tilsvarande standard. Det kan eventuelt nyttast andre prøvingsmetodar enn dei som er oppførte under kvart kriterium, dersom det rette organet som vurderer søknaden, meiner at dei er jamgode.

KRITERIUM FOR EU-MILJØMERKET Kriterium 1 — Energisparing

a) Energisparing for stasjonære datamaskiner, stasjonære datamaskiner med integrert skjerm og tynnklientar Energieffektiviteten til stasjonære datamaskiner og stasjonære datamaskiner med integrert skjerm skal overstige energieffektivitetskrava i den relevante kategorien som er fastsett i avtala, og som er endra ved Energy Star versjon 5.0, med minst følgjande:

– kategori A: 40 %, – kategori B: 25 %, – kategori C: 25 %, – kategori D: 30 %.

(5)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/187

Energieffektiviteten til tynnklientar skal minst oppfylle dei energieffektivitetskrava for tynnklientar som er fastsette ved Energy Star versjon 5.0.

Dei justeringane av kapasiteten som er tillatne i medhald av avtala som er endra ved Energy Star versjon 5.0, kan gjerast på same nivå, bortsett frå med omsyn til særskilde prosessorar for grafikk (GPU), der kapasiteten ikkje får aukast.

b) Energisparing for dataskjermar

i) Energieffektiviteten til ein dataskjerm i aktiv tilstand skal overstige dei energieffektivitetskrava som er fastsette i Energy Star versjon 5.0 med minst 30 %.

ii) Ein dataskjerm i kviletilstand skal ha eit energiforbruk på høgst 1 W.

iii) Ein dataskjerm i påslått tilstand skal ha eit energiforbruk på ≤ 100 W når han er innstilt på den høgste lysstyrken.

iv) Ein dataskjerm i avslått tilstand skal ha eit energiforbruk på høgst 0,5 W.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste overfor det rette organet at produktet oppfyller desse krava.

Kriterium 2 — Straumstyring

Datamaskina skal oppfylle følgjande krav til straumstyring(1):

a) Krav til straumstyring

Personlege datamaskiner skal leverast til kunden med straumstyringssystemet aktivert. Følgjande innstillingar skal nyttast for straumstyring:

i) skjermen vert stengd av etter 10 minutt (kviletilstand),

ii) datamaskina går i kviletilstand etter 30 minutt (systemnivå S3, «suspended to RAM»)(2).

b) Nettkrav til straumstyring

i) Personlege datamaskiner med Ethernet-funksjonalitet skal ha ein funksjon som gjer det mogleg å aktivere/

deaktivere Wake on LAN (WOL) i samband med kviletilstand.

c) Nettkrav til straumstyring (gjeld berre for personlege datamaskiner som vert leverte gjennom ein føretakskanal) i) Personlege datamaskiner med Ethernet-funksjonalitet skal oppfylle eitt av følgjande krav(3):

– dei skal leverast med Wake on LAN som vert aktivert frå kviletilstand når dei vert drivne med vekselstraum, eller

– det skal vere mogleg å aktivere WOL, som er tilstrekkeleg tilgjengeleg både frå brukargrensesnittet til klientoperativsystemet og via eit nett dersom datamaskina vert levert til føretaket utan at WOL er aktivert.

ii) Personlege datamaskiner med Ethernet-funksjonalitet skal støtte aktivering frå kviletilstand både ved fjernstyring (via eit nett) og ved planlagde aktiveringshendingar (t.d. sanntidsklokke). Når det er produsenten som har kontroll over konfigurasjonen (dvs. ved konfigurasjon gjennom maskinvareinnstillingar og ikkje programvareinnstillingar), skal han sikre at desse innstillingane kan styrast sentralt slik som kunden ønskjer, med verktøy som produsenten stiller til rådvelde.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram for det rette organet ei fråsegn om at datamaskina er levert med dei straumstyringsinnstillingane som er fastsette ovanfor, eller betre.

Kriterium 3 — Intern straumforsyning

Intern straumforsyning skal minst oppfylle dei energieffektivitetskrava for intern straumforsyning som er fastsette ved Energy Star versjon 5.0.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste overfor det rette organet at produktet oppfyller desse krava.

Kriterium 4 — Kvikksølv i lysrøyr

Det er ikkje tillate med medviten tilsetjing av kvikksølv eller sambindingar av kvikksølv i bakgrunnslyset i dataskjermen.

(1) Som fastsett i Energy Star versjon 5.0, bortsett frå kravet med omsyn til kviletilstand for skjermen.

(2) Gjeld ikkje for tynnklientar.

(3) Tynnklientar — gjeld berre dersom programvareoppdateringar frå eit sentralt styrt nett vert utførte medan eininga er i kviletilstand eller avslått tilstand. Tynnklientar der standardinnstillinga for oppgradering av klientprogramvare ikkje krev at oppgraderinga må skje i avslått tilstand, har unntak frå dette kravet.

(6)

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste overfor det rette organet at bakgrunnslyset i dataskjermen ikkje inneheld meir enn 0,1 mg kvikksølv eller sambindingar av kvikksølv per lampe. Søkjaren skal òg leggje fram ei kort utgreiing om det lyssystemet som er nytta.

Kriterium 5 — Farlege stoff og stoffblandingar

I samsvar med artikkel 6 nr. 6 i forordning (EF) nr. 66/2010 skal produktet eller delar av produktet ikkje innehalde stoff som er nemnde i artikkel 57 i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1907/2006(1), eller stoff eller stoffblandingar som oppfyller kriteria for klassifisering i dei fareklassane eller -kategoriane som er oppførte nedanfor, og som er fastsette i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1272/2008(2).

Liste over fare- og risikosetningar:

Faresetning(1) Risikosetning(2)

H300 Dødeleg ved svelging R 28

H301 Giftig ved svelging R25

H304 Kan vere dødeleg ved svelging dersom det kjem ned i luftvegane R65

H310 Dødeleg ved hudkontakt R27

H311 Giftig ved hudkontakt R24

H330 Dødeleg ved innanding R23/26

H331 Giftig ved innanding R23

H340 Kan føre til genetiske skadar R46

H341 Mistenkt for å kunne gje genetiske skadar R68

H350 Kan føre til kreft R45

H350i Kan føre til kreft ved innanding R49

H351 Mistenkt for å kunne føre til kreft R40

H360F Kan skade forplantingsevna R60

H360D Kan gje fosterskadar R61

H360FD Kan skade forplantingsevna. Kan gje fosterskadar R60/61/60-61

H360Fd Kan skade forplantingsevna. Mistenkt for å kunne gje fosterskadar R60/63 H360Df Kan gje fosterskadar. Mistenkt for å kunne skade forplantingsevna R61/62

H361f Mistenkt for å kunne skade forplantingsevna R62

H361d Mistenkt for å kunne gje fosterskadar R63

H361fd Mistenkt for å kunne skade forplantingsevna. Mistenkt for å kunne gje

fosterskadar R62-63

H362 Kan skade barn som vert amma R64

H370 Fører til organskadar R39/23/24/25/26/27/28

H371 Kan føre til organskadar R68/20/21/22

H372 Fører til organskadar ved langvarig eller fleire gongers eksponering R48/25/24/23 H373 Kan føre til organskadar ved langvarig eller fleire gongers eksponering R48/20/21/22

H400 Svært giftig for liv i vatn R50

H410 Svært giftig, med langtidsverknad, for liv i vatn R50-53

(1) TEU L 396 av 30.12.2006, s. 1.

(2) TEU L 353 av 31.12.2008, s. 1.

(7)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/189

Faresetning(1) Risikosetning(2)

H411 Giftig, med langtidsverknad, for liv i vatn R51-53

H412 Skadeleg, med langtidsverknad, for liv i vatn R52-53

H413 Kan føre til skadelege langtidsverknader for liv i vatn R53

EUH059 Farleg for ozonlaget R59

EUH029 Ved kontakt med vatn vert det utvikla giftig gass R29

EUH031 Ved kontakt med syre vert det utvikla giftig gass R31

EUH032 Ved kontakt med syre vert det utvikla svært giftig gass R32

EUH070 Giftig ved kontakt med auga R39-41

(1) Slik det er fastsett i forordning (EF) nr. 1272/2008.

(2) Slik det er fastsett i rådsdirektiv 67/548/EØF (TEF 196 av 16.8.1967, s. 1).

Bruken av stoff eller stoffblandingar som endrar eigenskapane sine ved behandling (slik at dei t.d. ikkje lenger er biotilgjengelege, eller slik at dei endrar seg kjemisk) på ein slik måte at den påviste faren ikkje lenger ligg føre, er ikkje omfatta av kravet som er nemnt ovanfor.

Konsentrasjonsgrensene for stoff eller stoffblandingar som oppfyller kriteria for klassifisering i dei fareklassane eller -kategoriane som er nemnde i tabellen ovanfor, og for stoff som oppfyller kriteria i artikkel 57 bokstav a), b) eller c) i forordning (EF) nr. 1907/2006, skal ikkje overstige dei generiske eller særlege konsentrasjonsgrensene som er fastsette i samsvar med artikkel 10 i forordning (EF) nr. 1272/2008. Dersom det er fastsett særlege konsentrasjonsgrenser, bør desse ha førerang framfor dei generiske.

Konsentrasjonsgrensene for stoff som oppfyller kriteria i artikkel 57 bokstav d), e) eller f) i forordning (EF) nr. 1907/2006, skal ikkje overstige 0,1 vektprosent.

Følgjande stoff eller bruksområde for stoff har særleg unntak frå dette kravet:

Homogene delar med vekt under 10 g Alle fare- og risikosetningar som er oppførte ovanfor Nikkel i rustfritt stål

Vurdering og kontroll: For kvar del med vekt over 10 g skal søkjaren leggje fram ei fråsegn om at dette kriteriet er oppfylt, saman med tilhøyrande dokumentasjon, t.d. samsvarsfråsegner som er underteikna av leverandørane av stoffa, og kopiar av relevante tryggleiksdatablad for stoff eller stoffblandingar i samsvar med vedlegg II til forordning (EF) nr. 1907/2006. Konsentrasjonsgrensene for stoff og stoffblandingar skal vere oppførte i tryggleiksdatablada i samsvar med artikkel 31 i forordning (EF) nr. 1907/2006.

Kriterium 6 — Stoff som er oppførte i samsvar med artikkel 59 nr. 1 i forordning (EF) nr. 1907/2006

Det skal ikkje gjevast unntak frå utelatinga i artikkel 6 nr. 6 for stoff som er identifiserte som stoff som gjev svært stor grad av uro, og som er oppførte i den lista som er nemnd i artikkel 59 i forordning (EF) nr. 1907/2006, når desse finst i stoffblandingar, i ein artikkel eller i ein homogen del av ein samansett artikkel i konsentrasjonar som er høgre enn 0,1 %. Særlege konsentrasjonsgrenser som er fastsette i samsvar med artikkel 10 i forordning (EF) nr. 1272/2008, skal nyttast i tilfelle der konsentrasjonen er lågare enn 0,1 %.

Vurdering og kontroll: Lista over stoff som er identifiserte som stoff som gjev svært stor grad av uro, og som er oppførte i kandidatlista i samsvar med artikkel 59 i forordning (EF) nr. 1907/2006, kan finnast her:

http://echa.europa.eu/chem_data/authorisation_process/candidate_list_table_en.asp Tilvisinga til lista skal gjerast på søknadsdatoen.

Søkjaren skal leggje fram ei fråsegn om at dette kriteriet er oppfylt, saman med tilhøyrande dokumentasjon, t.d.

samsvarsfråsegner som er underteikna av leverandørane av stoffa, og kopiar av relevante tryggleiksdatablad for stoff eller stoffblandingar i samsvar med vedlegg II til forordning (EF) nr. 1907/2006. Konsentrasjonsgrensene for stoff og stoffblandingar skal vere oppførte i tryggleiksdatablada i samsvar med artikkel 31 i forordning (EF) nr. 1907/2006.

Kriterium 7 — Plastdelar

a) Dersom det vert nytta mjuknarar i produksjonsprosessen, skal dei oppfylle krava til farlege stoff som er fastsette i kriterium 5 og 6.

(8)

Det er heller ikkje tillate med medviten tilsetjing av DNOP (di-n-oktylftalat), DINP (di-isononylftalat) og DIDP (di-isodecylftalat) i produktet.

b) Plastdelar skal ikkje innehalde meir enn 50 vektprosent klor.

c) Berre biocidprodukt som inneheld dei aktive stoffa som er oppførte i vedlegg IA til europaparlaments- og rådsdirektiv 98/8/EF(1), og som er godkjende for bruk i datamaskiner, skal kunne nyttast.

Vurdering og kontroll: Produsenten skal underteikne eit sertifikat som viser at desse krava er oppfylte, og sende det inn til det rette organet som tildeler miljømerket. Leverandørane av plasten og biocida skal òg underteikne ei fråsegn om at kriteria er oppfylte, og kopiar av relevante tryggleiksdatablad for materiale og stoff skal òg sendast over til det rette organet som tildeler miljømerket. Alle biocid som vert nytta, skal merkjast tydeleg.

Kriterium 8 — Støy

I samsvar med nr. 3.2.5 i standarden ISO 9296 skal det «fastsette A-vege lydeffektnivået» (re l pW) for sentraleininga til den personlege datamaskina ikkje vere høgre enn:

– 40 dB(A) i inaktiv tilstand, – 45 dB(A) ved bruk av harddiskdrev.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram for det rette organet ein rapport som provar at støynivåa er målte i samsvar med standarden ISO 7779, og er stadfesta å vere i samsvar med standarden ISO 9296. Rapporten skal opplyse om dei støynivåa som er målte, både i inaktiv tilstand og ved bruk av eit platedrev, og desse støynivåa skal fastsetjast i samsvar med nr. 3.2.5 i standarden ISO 9296.

Kriterium 9 — Attvunne innhald

Minst 10 masseprosent av det ytre plastkabinettet til sentraleininga, skjermen og tastaturet skal vere attvunne etter forbrukarleddet.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal leggje fram for det rette organet ei fråsegn om kva prosentdel av innhaldet som er attvunne etter forbrukarleddet.

Kriterium 10 — Bruksrettleiing

Den personlege datamaskina og dataskjermen skal seljast med ei føremålstenleg bruksrettleiing som inneheld råd om miljøvenleg bruk. Opplysningane skal plasserast på éin enkel stad som er lett å finne i bruksrettleiinga og på nettstaden til produsenten. Opplysningane skal særleg omfatte:

a) Energiforbruk: Det typiske energiforbruket (TEC-verdien) i samsvar med Energy Star versjon 5.0, og det høgste effektforbruket i alle driftstilstandar. I tillegg skal det leggjast fram rettleiing for bruken av energisparingstilstanden til produkta.

b) Opplysningar om at energieffektiv bruk minskar energiforbruket og dermed gjer det mogleg å spare pengar ved at straumrekningane vert lågare, og om at energiforbruket kan minskast til null dersom støpselet til den personlege datamaskina eller dataskjermen vert trekt ut av stikkontakten.

c) Følgjande opplysningar om korleis energiforbruket kan minskast når den personlege datamaskina og/eller dataskjermen ikkje er i bruk:

i) dersom den personlege datamaskina og/eller dataskjermen vert sett i avslått tilstand, vil energiforbruket reduserast, men det vil framleis verte nytta ei viss mengd straum,

ii) redusering av lysstyrken til skjermen vil minske energibruken,

iii) defragmentering av disken på datamaskina vil redusere energibruken og auke levetida til den personlege datamaskina (dette gjeld ikkje maskiner med halvleiareiningar (SSD)),

iv) skjermspararar kan hindre skjermen til den personlege datamaskina i å gå i energisparingstilstand når han ikkje er i bruk. Energibruken kan difor reduserast gjennom å sikre at skjermspararen til dataskjermen ikkje er aktivert.

d) Opplysningar i bruksrettleiinga eller på nettstaden til produsenten om kor brukaren skal vende seg for å få kvalifiserte personar til å utføre reparasjonar og vedlikehald av den personlege datamaskina og/eller dataskjermen, eventuelt medrekna kontaktopplysningar.

e) Instruksjonar for høveleg disponering av kasserte personlege datamaskiner og/eller dataskjermar ved avfallsanlegg eller gjennom ordningar med tilbakelevering til detaljisten, alt etter kva som høver, som skal vere i samsvar med europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/96/EF(2).

(1) TEF L 123 av 24.4.1998, s. 1.

(2) TEU L 37 av 13.2.2003, s. 24.

(9)

24.11.2016 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 65/191

f) Opplysningar om at produktet er tildelt EU-miljømerket, med ei kort forklaring på kva dette inneber, og at fleire opplysningar om miljømerket er tilgjengelege på nettstaden http://www.ecolabel.eu

g) Alle bruks-/reparasjonsrettleiingar skal innehalde attvunne materiale og ikkje klorbleika papir.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste at produktet oppfyller desse krava, og leggje fram eit eksemplar av bruksrettleiinga for det rette organet. Bruksrettleiinga skal leggjast inn på datamaskina slik at brukaren kan lese ho, og gjerast tilgjengeleg på nettstaden til produsenten.

Kriterium 11 — Reparasjonar som brukaren kan utføre

Søkjaren skal leggje fram ei bruksrettleiing (på papir eller i elektronisk form) for sluttbrukaren med tydelege instruksjonar for korleis enkle reparasjonar kan utførast. Søkjaren skal òg sikre at reservedelar er tilgjengelege i eit tidsrom på minst fem år etter at den personlege datamaskina og/eller dataskjermen er gått ut av produksjon.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste overfor det rette organet at produktet oppfyller desse krava, og leggje fram eit eksemplar av reparasjonsrettleiinga.

Kriterium 12 — Utforming for demontering

Produsenten skal vise at den personlege datamaskina/skjermen er lett å demontere for fagutdanna personar med dei verktøya som dei vanlegvis har til rådvelde, for å reparere og skifte ut utslitne delar, oppgradere gamle eller forelda delar og skilje frå kvarandre delar og materiale som til slutt vert attvunne eller nytta om att.

Demonteringa skal lettast på følgjande måte:

a) delane i den personlege datamaskina skal vere festa på ein måte som gjer det mogleg å demontere dei, t.d. med skruar eller sneppfeste, særleg delar som inneheld farlege stoff,

b) krinskort og/eller andre komponentar som inneheld edelmetall, skal lett kunne fjernast manuelt både frå produktet som heilskap og frå spesifikke komponentar (som til dømes platedrev) som inneheld slike kort, for å auke attvinninga av verdifulle materiale,

c) plastmateriala i deksel/kabinett skal ikkje ha eit overflatedekke som hindrar attvinning eller ombruk,

d) plastdelar skal vere framstilte av éin polymer eller av fleire polymerar som høver saman med tanke på attvinning, og ha den relevante ISO 11469-merkinga dersom dei veg meir enn 25 g,

e) metallinnlegg som ikkje kan skiljast frå kvarandre, skal ikkje nyttast,

f) opplysningar om typen og mengda farlege stoff i den personlege datamaskina skal samlast inn i samsvar med rådsdirektiv 2006/121/EF(1) og det globalt harmoniserte systemet for klassifisering og merking av kjemikaliar (GHS).

Vurdering og kontroll: Det skal leggjast fram ein prøvingsrapport med detaljar om demonteringa av den personlege datamaskina saman med søknaden. Han skal omfatte ei teikning i uttrekksperspektiv av den personlege datamaskina som viser hovudkomponentane i tillegg til eventuelle farlege stoff i delane. Han kan vere i skriftleg eller audiovisuelt format. Opplysningar med omsyn til farlege stoff skal leggjast fram for det rette organet i form av ei liste over materiale med oppføring av materialtype, mengd som er nytta, og plassering.

Kriterium 13 — Lenging av levetida

Personlege datamaskiner skal ha følgjande funksjonar:

i) Minne og grafikkort som kan bytast ut og oppgraderast.

ii) Utbygging: datamaskina skal ha minst fire USB-grensesnitt.

Datamaskina skal òg vere utforma slik at dei viktigaste komponentane (medrekna minne, prosessoreiningar og kort) lett kan bytast ut og/eller oppgraderast av sluttbrukaren. Dei skal til dømes kunne festast ved sneppfeste, skuvast inn/

ut eller stikkast inn som ein patron.

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste overfor det rette organet at produktet oppfyller desse krava.

Kriterium 14 — Emballasje

Dersom pappøskjer vert nytta, skal dei vere framstilte av materiale der minst 80 % er attvunne. Dersom plastposar vert nytta som ytteremballasje, skal dei vere framstilte av minst 75 % attvunne materiale, eller dei skal kunne brytast ned biologisk eller komposterast i samsvar med definisjonane i EN 13432.

(1) TEU L 396 av 30.12.2006, s. 850.

(10)

Vurdering og kontroll: Eit eksemplar av emballasjen til produktet skal leggjast ved søknaden, saman med ei fråsegn om at dette kriteriet er oppfylt. Berre primæremballasje slik det er definert i europaparlaments- og rådsdirektiv 94/62/

EF(1) er omfatta av kriteriet.

Kriterium 15 — Opplysningar på miljømerket

Eit valfritt merke med tekstfelt skal innehalde følgjande tekst:

«– Høg energieffektivitet.

– Utforma for å lette attvinning, reparasjon og oppgradering.

– Kvikksølvfritt bakgrunnslys (i dataskjermar).»

Vurdering og kontroll: Søkjaren skal stadfeste at produktet oppfyller dette kravet, og leggje fram for det rette organet ein kopi av miljømerket slik det vil sjå ut på emballasjen og/eller produktet og/eller den medfølgjande dokumentasjonen.

________________________

(1) TEF L 365 av 31.12.1994, s. 10.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER