• No results found

Rotsnutebiller i økologisk jordbærdyrking

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Rotsnutebiller i økologisk jordbærdyrking"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Rotsnutebiller kan gi store skadar i jordbær. Larvane lever i jorda og gneg på røter og rotstokk. Billene kan ikkje fl yge, skaden viser seg derfor som fl ekkar i feltet. Svake angrep gir redusert plantevekst med små blad, små bær og lita avling. I enkelte tilfelle kan skaden vere total. Beste mottiltak er korte omløp, vekstskifte og god jordar- beiding. Nyttenematodar kan ha ein viss effekt.

Det fi nst mange artar av rotsnutebiller og dei kan leve på mange planteartar, men det er særleg veksthussnute- bille (Otiorhynchus sulcatus) som gjer skade i jordbær.

Billene er gråsvarte til svarte og 5-10 mm lange. Dei vaksne billene gneg små innsnitt på kanten av blada.

Dette gjer liten skade, men er eit symptom på at billa er til stades og ein må derfor vere på vakt. Larvane er litt krumme, 1-2 cm lange og som regel kvite, men kan også vere raudbrune. Larvane lever i jorda og gneg på røtene eller rotstokkane, ved sterke angrep kan skaden vere total. For å unngå stor skade, må ein unngå å plante på jord der det har vore sterke angrep av rotsnu- tebiller tidlegare. Bruk av plastdekke på lett jord fører ofte til stor skade av rotsnutebilla.

Angripne felt kan behandlast med Nemasys H (Heteror- habditis megidis), dette er nyttenematodar som lever på larvar av mellom anna rotsnutebiller. Nematodane skal vatnast ut med ca 25.000 stk/plante, dette kan gjerast med ei åkersprøyte der alle fi lter er fjerna.

Dette preparatet har gitt svært lovande resultat i enkelte forsøk her i landet, men bruken av det er relativt dyr og kan være arbeidskrevjande. Nemasys L (Steinernema kraussei) er også et nematodepreparat i sal som er utprøvd mot veksthussnutebille, den tåler lav temperatur i jorda. Forsøk i felt viser at effekten er for dårleg og det er difor førebels anbefalt å bruke Nemasys H. Forsøk tyder også på at effekten av nematodane er dårlegare i felt med tung jord.

Aksel Døving, Bioforsk Økologisk, Solveig Haukeland, Bioforsk Plantehelse E-post: aksel.doving@bioforsk.no, solveig.haukeland@bioforsk.no

TEMA Nr. 11 - September 2009

www.bioforsk.no

Rotsnutebiller

i økologisk jordbærdyrking

(2)

TEMA

- 2 -

BIOFORSK TEMA vol 4 nr 11 ISBN: 978-82-17-00546-9

ISSN 0809-8654 Fagredaktør:

Forskingssjef Richard Meadow Ansvarleg redaktør:

Forskingsdirektør Nils Vagstad Forsidefoto: Erling Fløistad

www.bioforsk.no Viktig å merke seg

ved bruk av Nemasys H eller andre nyttenematodar:

Nematodane er lette å bruke men ver obs på følgjande:

Nematodane må vere i live for å kunne virke - Bør lagrast ved 2 til 15 °C, må aldri frysast, pass på utgått dato

- Opna pakke kan ikkje lagrast, nematodane tørkar ut Nematodane er dårlege symjarar, dei sekk i vatn - Må haldast i omrøring under arbeid

- Unngå vassmetta jord, nematodane bevegar seg ikkje når porane er fylt med vatn

Nematodane vert øydelagt av UV-stråling (sol) - Bør vatnast ut etter solnedgang eller i overskya ver - Vatning av området/plantene etter behandling for å “vaske ned” nematodane

Nematodane bevegar seg ikkje under tørre forhold - Unngå at jorda tørkar ut etter behandling

Nematodane er 0,7 mm lange og 0,02 mm breie og kan sette seg fast i sprøyteutstyret/fi lteret - Bruk dyser med diameter på minst 0,5 mm - Fjern alle fi lter i sprøyteutstyret

Behandlingstidspunkt

Nematodane har vist seg å ha god effekt ved behandling i første del av september, best resultat med to behand- lingar med ca. ei vekes mellomrom, før temperaturen i jorda kjem under 12 grader. Behandling om våren er også råd, men ofte er skaden allereide gjort.

Jordbærfelt som er nær 100 % ødelagt av rotsnutebiller. Foto:

A. Døving.

Den brune larven er infi sert med nematoder, frisk larve og puppe av rotsnutebille . Foto: E. Fløistad

Skade på rotstokk og larvar av rotsnutebille. Dei er lyse, litt krumme og 1-2 cm lange. Foto: A. Døving.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Det å miste jobben vil for mange være dramatisk. Å innstille seg på dette ved å skulle bli jobbsøker kan derfor være vanskelig. Inntrykkene fra våre intervjuer er da også at

- dersom utvalgsordning velges helt eller delvis, skal arbeidsmiljøutvalgets oppgaver legges til utvalget. Utvalget skal settes sammen av like mange representanter for

Det ser ut til å være en sammenheng mellom forpliktelse og motstand, og det vil være positivt for organisasjonen å ha forpliktede ansatte, da det er større sjanse for at de vil

Mange mikrosopp lever fritt i jorda, mens andre lever i samliv med planter (symbiose), enten til nytte (mykorrhiza) eller til skade (patogene) for planten.. Noen sopper

Det vil også hjelpe mot gråskimmel å halde opne, smale og luftige rader, slik at plantene lettare tørkar opp etter regn, vatning eller doggfall. Enkeltrader er luftigare

I tunnel vert det ofte mykje mjøldogg både på bær og blad, men på friland er plantene bra friske og kan høva bra i økolo- gisk dyrking med rask omsetnad lokalt..

I følgje Rammeplanen (2011) skal oppdragelse framleis vere ein del av dei tilsette si oppgåve slik både pedagogiske leiarar og assistentar legg vekt på, og er slik ein viktig

Alt etter hvilke betingelser som er tilstede som pH, oksygeninnhold osv., vil nedbrytningen av orga- nisk materiale ved hjelp av bakterier kunne foregå på to forskjellige måter.