• No results found

Sclerophoma sp.

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Sclerophoma sp."

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vol.7 Nr.101V - 2003

Sclerophoma sp.

Venche Talgø og Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet

[email protected]

Vertplanter

I prosjektet ”Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletre- produksjonen” vart Sclerophoma funnen i store mengder på vanleg gran (Picea abies) i 2003 (Fig. 1). I oktober 2004 vart det også stadfesta at denne soppen fører til daude skot på nordmannsedelgran (Abies nordmanniana) (Fig. 2 og 3). Soppen er truleg også utbreidd på fjelledelgran (Abies lasiocarpa), men det er ikkje sikkert stadfesta.

Fig. 1. Dei brune årsskota på denne grana var fulle av sporehus av Sclerophoma. Rogaland, august 2003.

Foto: E. Fløistad

I Canada er Sclerophoma registrert på furu (Pinus spp.), douglas (Pseudotsuga sp.), edelgran (Abies spp.), gran (Picea spp.), hemlokk (Tsuga heterophylla), lerketre (Larix sp.) og tuja (Thuja sp.). I Austerrike er

Sclerophoma vanleg på gran- og edelgranartar og vert sett på som eit relativt stort problem.

Symptom og bilogi

Sclerophoma vert i litteraturen omtala ein svak parasitt som kjem inn etter til dømes

skade av frost, tørke, insekt, midd eller andre soppar. Når soppen har fått ein inngangsport, kan han gi danning av daude nåler og skot, og det kan dannast kreftsår. På daude nåler og skot veks det fram tett med mørke, små sporehus (Fig. 4). Sporehusa har ingen opning (ostiole), men sporane vert frigjorde når sporehusa vert slitne ned av vêr og vind.

Fig. 2 og 3. Skade på nordmannsedelgran etter angrep av Sclerophoma. Rogaland, oktober 2004. Foto: V.

Talgø

Soppsjukdom

Samandrag

I 2003 vart det funne store mengder sporehus og sporar av soppen Schlerophoma på visnande årsskot av vanleg gran i Vestfold og Rogaland. I 2004 vart det stadfesta Schlerophoma-angrep på nordmannsedelgran i Rogaland.

Summary

In 2003, large numbers of Schlerophoma pycnidia were found in association with dieback on Picea abies in Vestfold and Rogaland in southern Norway. In 2004 the fungus was found on Abies nordmanniana in Rogaland.

(2)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003. Sclerophoma sp. Grønn kunnskap e7(101V):2 2

Vol.7 Nr.101V - 2003

Fig. 4. Sporehus av Sclerophoma på ei daud kvist av nordmannsedelgran. Foto: V. Talgø

Tiltak

I utanlandsk litteratur er det ikkje tilrådd noko tiltak, men dette faktaarket vert oppdatert dersom det kjem inn nye opplysingar frå til dømes Austerrike. Truleg er det viktig å fjerna daude skrot før nyveksten tek til om våren.

Utbreiing og skadeomfang bør også kartleggjast betre her i landet.

Revidert desember 2004

Prosjekttittel: Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen (2001-2003) Finansiering: SND, NGF, eigeninnsats

Styringsgrupppe:

Harald Rømuld (prosjektansvarleg), Norsk Pyntegrønt Terje Pundsnes (leiar for styringsgruppa), Pyntegrøntringen Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund Morten N. Andersen, Skogselskapet

Tønnes Straum, produsent Arne Stensvand (fagleg ansvarleg) og Venche Talgø, Planteforsk Plantevernet

ISBN 82-479-0446-2

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Tabell 10: Anbefalt normering for helsesøster, lege og fysioterapeut på barneskolen konvergert til 100 % stilling og per 1 000 elever. 1 429 elever 0,7 årsverk

Beskrivelse: grov sandbunn med ca 10 % dekning av kortskuddsplanter (isoetider) som går over i et ca 15 m platå med grov stein helt opp til strandkanten.. Rambøll -

Små areal av naturtypen blautbotnsområde i strandsona etter DN handbok 19 vart avgrensa i Standsnesviki og Sundsleira, og er vurdert som lokalt viktig grunna sannsynleg

Resultatene viser at sedimentene i Saltenområdet generelt inneholder lave konsentrasjoner av de analyserte metaller, tilsvarende klasse I (bakgrunn) i Klif's

Naturtyper, utforminger og vegetasjonstyper: Naturtypen er en mosaikk av naturbeitemark (D04) (tilhører kulturmarkseng som er VU på rødlista for naturtyper 2011) av utformingen

Histologisk undersøkelse av hudbiopsier avdekket ikke tegn til vaskulitt, granulomatøs inflammasjon eller malignitet, men undersøkelsen kunne ikke utelukke diagnosen

Figur 1 Forskrivning av ulike kategorier blodtrykkssenkende midler angi som prosent av forskrevne antihypertensiver i a) totalmaterialet (N = 3 739) og i b) for monoterapi (n = 1

Figur 1 Forskrivning av ulike kategorier blodtrykkssenkende midler angi som prosent av forskrevne antihypertensiver i a) totalmaterialet (N = 3 739) og i b) for monoterapi (n = 1