• No results found

Chrysomyxa abietis (granrust)

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Chrysomyxa abietis (granrust)"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vol.7 Nr.101O - 2003

Chrysomyxa abietis (granrust)

Venche Talgø og Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet

E-post: [email protected]

Vertplanter

I prosjektet ”Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletre- produksjonen” (klyppegrøntprosjektet) vart granrust funnen på vanleg gran (Picea abies) (Fig. 1 og 2), men også sitkagran (P.

sitchensis), kvitgran (P. glauca), blågran (P.

pungens) og andre granartar kan verta angrepne.

Symptom og biologi

Typisk for rustsoppane er at dei har opp til fem ulike sporestadium (teliosporar, basidiesporar, spermatia, aecidiosporar, uredosporar). Alle rustsoppane har teliosporar (overvintringssporar) og basidiosporar. Dei fleste rustsoppane har vertskifte, men vanleg granrustsopp har ikkje vertskifte (manglar aecidie- og uredosporar). Om våren når dei nye nålene byrjar å veksa, kan dei smittast ned frå nåler infiserte året før. Smitten skjer med basidiesporar som vert danna når overvintringssporane (teliosporane) spirer.

Symptoma kjem fram i juli. Fyrst som små, gulaktige flekkar, seinare vert det større flekkar eller tverrband. Ved sterke angrep kan nålene verta heilt gule. Våren etter sprekk nålene på langs i overhuda, og eit gulbrunt, voksaktig sporelag kjem då til syne (Fig. 3).

Desse sporane er berre i stand til å smitta nye, mjuke nåler med tynn overhud. Vêret i denne perioden avgjer kor sterke angrepa vert. Sporane må ha tilgang på råme for å spira. Skadane kan vera store i juletrefelt.

Angrep fører til skjemmande bar og nålefall. I klyppegrøntprosjektet vart det observert mykje skade i juletrefelt i Sør-Trøndelag i 2002. Skogforsk rapporterte om mykje granrust på Austlandet i 2003. Skadane er registrerte ned til 100 moh., men dei

tydlegaste symptoma ser ein rundt 400 moh.

Nokre stader ser trea heilt gule ut, fordi dei nye nålene er angrepne (årsskota). På mange tre kan ein heil generasjon med nåler gå tapt.

Fig. 1. Granbar med gulbrune nåler som fylgje av kraftig angrep av granrust. Foto: E. Fløistad

Fig. 2. Om våren eit år etter infeksjon av granrust, svell dei gule flekkane opp på undersida av nålene. Som biletet syner vert det danna gulbrune, langsgåande band som etter kvart vil sprekka opp og frigjera sporar. Foto: E. Fløistad

Soppsjukdom

Samandrag

Granrust angrip nye, mjuke nåler. Ved sterke angrep kan heile årsskota verta gule. Denne rustsoppen kan vera problematisk i juletrefelt. Angrepa aukar som regel til høgare over havet og lenger nord ein kjem.

Summary

The rust fungus Chrysomyxa abietis affect the current season needles and is observed to cause problems on spruce in Norwegian Christmas tree plantations.

(2)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003.Chrysomyxa abietis (granrust). Grønn kunnskap e7(101O):1-2 2

Vol.7 Nr.101O - 2003

Fig. 3. Her har undersida av ei nål med angrep av granrust sprokke opp, og gul sporemasse har kome til syne.

Foto: E. Fløistad

Tiltak

Angrepa er størst nord i landet og til fjells. Her kan 100 % av nålene verta smitta. For tida er det lite ein kan gjera, men i framtida kan det verta aktuelt med resistensforedla

plantemateriale.

Vi har ingen kjemiske middel som kan

brukast. Det er heller ikkje registrert kjemiske middel mot granrust i andre europeiske land eller USA.

Prosjekttittel: Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen (2001-2003) Finansiering: SND, NGF, eigeninnsats

Styringsgrupppe:

Harald Rømuld (prosjektansvarleg), Norsk Pyntegrønt Terje Pundsnes (leiar for styringsgruppa), Pyntegrøntringen Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund Morten N. Andersen, Det Norske Skogselskap

Tønnes Straum, produsent Arne Stensvand (fagleg ansvarleg) og Venche Talgø, Planteforsk Plantevernet

Kjem som vedlegg til Norsk Pyntegrønt hausten 2004

ISBN 82-479-0436-5

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Det ble også funnet et lavere gjennomsnittlig antall arter av lav og dødvedmoser i plantefelt med sitkagran (henholdsvis 7,1 og 3,9 arter), enn i felt med gran (henholdsvis 9,9 og

Andel (%) av granplanter (Picea abies) med gnag fra gransnutebillen (Hylobius abietis) for plantetypen M95 fordelt på behandling (ubehandlet kontroll, kjemisk behandlet,

Tveite (1977) mistenker også selv at bonitetskurvene for gran gir en underbonitering i naturskog som øker med alder.. Å selektere færre og mer vitale boniteringstrær etter

Den økende forekomsten av furankomponenter i dette arbeidet, sammen med den relative lave endringen av fenolkomponenter indikerer derimot at pseudo-lignin ikke består av

49 Flere studier har vist at økt temperatur og tid på dampeksplosjon, som også gir høyere log R 0 , gir høyere utbytte av cellulose og lignin.. Samtidig gir det også økt

Resultatene i denne oppgaven viser som nevnt at forholdet mellom fine og grove finrøtter er 14 ganger større med 100 mM MJ behandling fire uker etter siste påføring..

Formålet med denne oppgaven er å se om det er noen sammenheng mellom elastisitetsmodul målt på bruksdimensjoner og på små feilfrie prøver.. For å få til dette er det

I denne rapporten er sammenstilt resultater for tilvekst, produksjon og skader i fem storrute- forsøk på Østlandet med ulike norske og mellomeuropeiske provenienser av