• No results found

Globalisering som utfordring til samfunnsvitskapane

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Globalisering som utfordring til samfunnsvitskapane"

Copied!
18
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Globalisering som utfordring til samfunnsvitskapane

av

Johannes Hjellbrekke

Stein Rokkan senter for flerfaglige samfunnsstudier Universitetsforskning i Bergen

September 2002

Notat 13-2002 Globaliseringsprogrammet

(2)

ii

Innhold

Samandrag... iii

Summary... iv

Forord ... v

Innleiing... 7

Omgrepet 'globalisering' sin framvekst... 7

Tre perspektiv på 'globalisering' ... 8

Konsekvensar for samfunnsvitskapane?... 12

Avsluttande kommentarar ... 15

Litteratur ... 17

(3)

Samandrag

Utover 1990-talet vart omgrepet ‘globalisering’ ein del av det internasjonale samfunnsvitskaplege standardvokabularet. Basert på utvald litteratur om globaliseringsproblematikken, gjev denne rapporten gjev først eit kort samandrag av omgrepet ‘globalisering’ si historie og bruk i samfunnsvitskapane, og samanfattar deretter eit avgrensa litteraturtilfang omkring innfallsvinklar til, og konsekvensar av globaliseringprosessar. Tre ulike posisjonar (identifiserte av David Held), som alle vektlegg det at det foregår ei rekonfigurering av dei sosiale romma, vert kort presenterte. Deretter drøftar rapporten konsekvensar av globaliseringsprosessar for samfunnsvitskapane. Med utgangspunkt i historisk orienterte, arbeidssosiologiske forskningstradisjonar vert det først argumentert for at studiar av slike prosessar berre i avgrensa grad stiller dei historisk orienterte samfunnsvitskapane andsynes radikalt nye grunnlagsteoretiske eller metodologiske utfordringar. Desse forskningstradisjonane er ikkje berre langt eldre enn forskninga omkring globalisering; problemstillingar knytt til konfigurering og rekonfigurering av sosiale rom har lenge vore sentrale i analysar gjorde innanfor desse tradisjonane. Avslutningsvis argumenterer rapporten for at

‘globalisering’ primært stiller samfunnsvitskapane andsynes nye tematiske problemstillingar, knytt til nye former for politisk og økonomisk regulering, institusjonell legitimitet, kollektive identitetar, maktkonsentrasjon og vilkår for politisk deltaking. Endeleg vert risikoen for at det ligg typiske, og ofte uuttalte omgrepsmessige koplingar mellom teoretiseringar omkring ‘globalisering’ og historisiteten til ‘globalisering’, og dei konsekvensane desse koplingane har hatt for utforminga av samfunnsvitskapane, utheva som ei sentral grunnlagsteoretisk problemstilling, utan at denne vert nærare drøfta.

(4)

iv

Summary

In the 1990s, ‘globalisation’ entered the standard vocabulary in the social sciences.

Based on readings of selected works on globalisation, this report gives a brief review of the history and the use of the term ‘globalisation’, and also a summary of various approaches to, and consequences of ‘globalisation’ for the social sciences. Three different positions (as identified by David Held) that all emphasize the continous configuration and reconfiguration of social spaces, are briefly presented. Thereafter, potential consequences of globalisation for the social sciences are discussed. Taking historical-sociological traditions within sociology of work as the point of departure, it is argued that globalisation processes do not present radically new theoretical or methodological challenges to the historically oriented traditions within the social sciences; a focus on configurations and reconfigurations of social spaces has always been central within these traditions. Thus, it is argued that ‘globalisation’ primarily has resulted in new research topics, related to new forms of political and economic regulation, institutional legitimation, collective identities, participation in politics, and concentration of power. Finally, problems relating to (often) implicit conceptual linkages between theories of ‘globalisation’ and the historicity of globalisation, and the consequences these linkages may have had for the constitution of the social sciences, are singled out as important research topics, but not discussed in the report.

(5)

Forord

Denne publikasjonen inngår i Strategisk program for forskning om globalisering og internasjonalisering: Velferd, arbeid, legitimitet og globalisering, ved Stein Rokkan senter for flerfaglige samfunnsstudier, Universitetsforskning i Bergen. Programmet er utformet av et forskernettverk ved Universitetet i Bergen, og har som sitt hovedanliggende studier av endringer i velferds- og arbeidslivs-institusjonene slik de tematiseres i debatten om globalisering og internasjonalisering (se

http://129.177.180.14/globalisering/programnotat.pdf).

Problemstillinger om fordeling, regulering og rettferdighet står sentralt i programmet, som baserer seg på forskning innenfor sosiologi, statsvitenskap, økonomi, historie og filosofi. Et utgangspunkt er at et fokus på velferds- og arbeidslivsinstitusjonene kan gi viktig innsikt også for andre samfunnsområder, og kaste lys over globaliseringsdebattens spørsmål om nasjonalstatens stilling og betingelsene for demokratisk politisk styring.

Johannes Hjellbrekke er dr.polit. i sosiologi ved Universitetet i Bergen, og har et 3-årig postdok-stipend fra Norges forskningsråd fra juni 2001. Han var ansatt i Globaliseringsprogrammet fra desember 2000 til mai 2001.

(6)
(7)

Innleiing

1

I kva grad, og på kva måtar, utgjør det som går under fellesnemnaren 'globalisering' ei utfordring for samfunnsvitskapane? Og kva typar utfordringar står vi eventuelt andsynes? Svaret ein gjev på desse to spørsmåla er avhengig av fleire tilhøver. Kva oppfattar ein som dei sentrale dimensjonane ved omgrepet 'globalisering'? Kva teoretiske og metodologiske innfallsvinklar meiner ein er dei beste, ikkje berre for å studere det som går under namnet globaliseringsprosessar spesielt, men også samfunnsfenomen generelt? Er det td. noko ved globaliseringsprosessar som gjer at eksisterande innfallsvinklar til analysar av sosiale institutusjonar og sosial endring ikkje lenger er relevante? Treng vi ein radikalt endra samfunnsvitskap for å kunne handtere 'globalisering' som forskningsobjekt? Å forsøke gje eit uttømmande svar på desse spørsmåla vil ikkje berre krevje langt meir rom enn det denne drøftinga tillet. Risikoen for å knekke nakken vil også vere overhengande.

Også av den grunn er ambisjonane for denne rapporten av heller avgrensa karakter; å gje ei samanfatning av nokre av hovudpunkta i den internasjonale litteraturen, for slik å freiste gjere greie for det som pr. idag er nokre dominerande posisjonar i debatten av desse problemstillingane. Drøftinga byggjer i utstrakt grad også på rammenotatet for «Strategisk program for forskning om globalisering og internasjonalisering».2

I det følgjande vil eg derfor, med støtte i Jan Aart Scholte si bok «Globalization: A Critical Introduction» (1999), først raskt gå gjennom omgrepet si historie og bruk.

Deretter vil eg, på bakgrunn av studien til Held & al. (1999), kort skissere tre hovudposisjonar i den internasjonale debatten i tilknytning til globaliserings- problematikken, for så å peike på nokre eksisterande fagtradisjonar som etter mi meining er istand til møte dei utfordringane globaliseringsproblematikken måtte utgjere for samfunnsvitskapane. Som dette tilseier, vil eg ikkje gå i djupna på kva nye tematiske utfordringar globaliseringsprosessar stiller oss andsynes.

Omgrepet 'globalisering' sin framvekst

Som Jan Aart Scholte framhevar, er omgrepet 'globalisering' av heller ny dato. Han sporar den første bruken av adjektivet «global» i tydinga «heile verda» attende til 1890- åra. Før den tid hadde innhaldet meir hatt tydinga «sfærisk». Omgrepa 'globalisere' og 'globalisme' sporar han attende til 1944, og Reiser & Davies si bok om «Planetary Democracy: an introduction to Scientific Humanism and Applied Semantics».

1 Dette er ein lett omarbeidd og utvida versjon av eit innlegg halde på SEFOS-dagen, UiB, 16.mars, 2001. Takk til Olav Korsnes og Anders Molander for kritikk og innspel som eg har hatt særleg nytte av i omarbeidinga.

2 Samla gjer dette at dette notatet primært vert ei samanfatning av andre sine synspunkt på dei nemnde områda, og kun i avgrensa grad ei eiga drøfting av spørsmåla som er tekne opp ovanfor.

(8)

8

Substantivet globalisering fann vegen inn i Webster's Dictionnary først i 1961, og, hevdar han, så seint som på midten av 1980-talet var «global speak» relativt ukjent. Frå starten av 1990-talet endrar så situasjonen seg radikalt. Etter at dei store forteljinga er erklærte for daude, tek globalistane over. Omgrepet vert eit «buzz word», utan at innhaldet vert klarare av den grunn.

Ei rekkje omgrep er også redundante til 'globalisering'. Til desse høyrer ma.

'internasjonalisering', 'liberalisering', 'universialisering' og også 'vestleggjering'. Det siste omgrepet har ofte også vorte nytta synonymt med 'modernisering' og/eller 'imperialisme' (sjå elles Scholte 1999: kap.2). I kva grad det er desse omgrepa, og ikkje globalisering, som er redundante, kan nok drøftast meir inngåande enn det Scholte opnar for, men uansett får han indirekte fram eit viktig poeng med gjennomgangen:

dimensjonane som heftar ved omgrepet er mange og mangfaldige, og omgrepet vert nytta på svært ulike måtar. Scholte er ikkje aleine om å framheve dette. Ulrich Beck (1997) skiller td. mellom økologisk globalisering, økonomisk globalisering, globalisering av arbeidsdeling, av produksjon og kulturell globalisering.

Fellesnemnaren verkar likevel vere at omgrepa tid og rom er tilordna ein sentral teoretisk posisjon i analysen. Dei fleste rettar merksemda mot prosessar, altså ein tidsdimensjon, som utspelar seg i ein romleg dimensjon av ein viss storleik, og der ein har som teoretisk føresetnad at desse prosessane anten har kapasitet til å endre, eller så faktisk endrar, betydninga av romlege storleikar med omsyn til sosial organisasjon.

Dette viser også den noko lause definisjonen Scholte sjølv etter kvart kjem fram til:

«vidtrekkande endringar av karakteren til sosiale rom». Grunntanken er altså at det foregår ei rekonfigurering av dei sosiale romma, som gjer at territorielle faktorar får ei anna betydning enn det dei så langt har hatt. Men dette betyr ikkje at det rår semje om korleis desse endringane artar seg.

Tre perspektiv på 'globalisering'

I den internasjonale debatten om globalisering identifiserer Held & McGrew, Goldblatt

& Perraton (1999) tre hovedposisjonar. Desse namngjev dei i tur og orden som

«hyperglobalistane», «skeptikarane» og «transformalistane». Held & al. følgjer her ei klassisk oppskrift som ikkje er utan vanskar: ved å definere to ytterpunkt, åpnar dei rom for ein tredje posisjon, mellomposisjonen, som ikkje uventa er den dei sjølve vil gje sin tilslutnad til. Riskoen med denne framgangsmåten er opplagd, og gjeld også i høve til denne drøftinga: ein vil lett ende ut med å presentere karrikerte versjonar av andre sine posisjonar, som ein i neste omgang kan nytte for å legitimere sin eigen.

I følge Held & al. ser hyperglobalistene på globalisering som uttrykk for ein sentral historisk diskontinuitet. Sett på spissen er vi med andre ord inne i ein ny epoke i historia, nærare bestemt den globale tidsalderen. Nasjonalstaten har mista regulerende og identitetsskapende makt, uten at overnasjonale institusjonar er klare til å overta. Til dei som vert plasserte i denne tradisjonen er ma. Martin Albrow (Albrow 1996). I ei grenselaus verd vert nye sosiale relasjonar og reguleringsformer ramma inn av

(9)

regionale og internasjonale politiske einingar, multinasjonale selskap og globale kulturelle trendar. Ut frå ein slik forståelse må nasjonale særeigenheiter som skaper vanskar for den nye flyten, byggjast ned. Nasjonalstaten er anten vorten for liten eller for stor, og istaden får ein trong for såkalla «glokale» løysingar (sjå ma. Dörre 2001 for ei kort drøfting av dette i høve til ulike kapitalismemodellar). Årsaka til dette er å finne i dialektikken mellom lokale og globale spørsmål: problemstillingar som følgjer av denne prosessen vert hevda å «falle gjennom» nasjonalstaten sitt «raster». Følgjeleg må det etablerast løysingar som er i stand til å ivareta dei globale problemstillingane på lokalt nivå. Glokaliseringsstrategiar, eit omgrep som først vart mynta av japanske bedrifter, vert sentrale (Dörre 2001).

Sagt litt annleis vert det hevda at dei tradisjonelle nasjonalstatane har vorte unaturlege, til og med umoglege, verksemdsområder i ein global økonomi. Som Held

& al. med rette påpeikar , er ei slik omgrepsfesting av globalisering klart økonomisk i sin grunnstruktur: det er ein økonomisk logikk som står i sentrum for analysen, og i den nyliberalistiske varianten vert framveksten av ein global marknad med global konkurranse oppfatta som det sentrale for menneskeleg framsteg. Marknaden vil med andre ord utkonkurrere staten med omsyn til makt til å regulere. I ei nymarxistisk variant vert den same prosessen skildra som sluttpunktet så langt for ein undertrykkande, global kapitalisme.

Trass ulike ideologiske ståstader, har desse to posisjonane eitt fellestrekk: begge oppfattar primært globalisering som eit økonomisk fenomen, og der det også er økonomiske krefter som er drivkreftene i, og følgjeleg kausalmekanismane til prosessen. I spørsmålet om dette fører til eit skjerpa skilje mellom taparar og vinnarar, og korleis denne prosessen eventuelt verkar inn på Nord-sørproblematikken, er dei meir usamde. Ikkje uventa er marxistane langt mindre utviklingsoptimistiske enn ny- liberalistane. Dei siste tenderer å framheve at dette ikkje er eit nullsumspel, men at alle land har komparative fortrinn, og at befolkningen på lang sikt vil nyte godt av dette.

Marxistane vil hevde at ein slik påstand ikkje held vatn, og at sosial stratifikasjon innad i land og ulikskap mellom land snarare vil bli skjerpa enn svekka. Begge er imidlertid samde om at velferdsstatsordningar kjem under press (sjå elles Held & al.1999: s. 1–31)

Den andre posisjonen vert omtalt som den skeptiske, for skeptikarane ser på påstanden om auka globalisering som ein myte. Sjølv om ein kan observere auka internasjonalisering, og då særleg av finans- og kapitalmarknadene, er industriell produksjon, også den som foregår i regi av fleirnasjonale konsern, framleis sterkt forankra i nasjonale system for innovasjon og kompetanse (sjå td. d'Iribarne 1989). I historisk perspektiv står nasjonalstatane fortsatt sterkt, og i et geografisk perspektiv er debatten om nasjonalstatens forvitring snarare eit vesteuropeisk enn eit globalt fenomen fenomen. Parallelt med nedbygging av nasjonalstaten som styringsorgan i Vest-Europa, ser ein framveksten av nye nasjonalstatar i Aust-Europa. Forvitringa skuldast derfor ikkje ikkje globale fenomen, men snarare ein overnasjonal statsbyggingsprosess i EU-regi. Følgjeleg er det ikkje i globaliseringsprosessar ein må

(10)

10

leite etter kausalmekanismane som ligg til grunn for desse nasjonalstatane si påståtte forvitring.

Vidare vert ideen om perfekte, globale marknader avvist som galen: faktisk hevdar dei at globale marknadene i dag er mindre integrerte enn det dei var i 1890-åra, då ein td. også hadde ein eins gullstandard. Gullstandarden er idag gjeven opp, og handelen er i langt sterkare grad regionalisert enn før. Pr. idag er vi på veg mot tre handelsblokker: Europa, Nord-Amerika, Asia/Stillehavslanda. I tillegg har vi ein klar handelstriade som dominerer i internasjonal handel: Nord-Amerika, Europa og Japan.

Blant dei fremste talsmennene for denne posisjonen finn ein ma. Paul Hirst og Grahame Thompson (1999).

Også denne posisjonen er i sin grunnstruktur tufta på ei økonomisk forståing av studieobjektet: hyperglobalistane sin tese vert primært forkasta på grunnlag av økonomiske studiar. Men staten er også gjeven ein anna posisjon: der hyperglobalistane ser denne som svekka, og derfor er i ferd med å forvitre, vil skeptikarane tvert imot hevde at staten og dei styrande snarare har vore arkitektar bak den aukande regionaliseringa. Statar og regjeringar har ikkje bere aktivt forsøkt å fremje økonomisk aktivitet over grensene. Globalisering vert også nytta som ein unnskyldning for å gjennomføre upopulære nyliberalistiske strategiar innad i dei ulike statane. (Held & al., op.cit)

Nord-sør-distinksjonen vert også oppretthalden, gjennom ein påstand om at marginaliseringa og eksklusjonen snarare er skjerpa enn svekka: brorparten av investeringar er gjorde i Nord. Og istaden for å sjå konturane av ein global sivilisasjon, ser skeptikarane snarare styrka fundamentalisme og ein meir aggressiv nasjonalisme som eit produkt av desse prosessane. Parallelt med dette, får vi altså ei skjerpa internasjonal fattigdomskløft. I tillegg vert påstandar om auka internasjonal migrasjon tilbakeviste: Går ein til historia, viser det seg snarare at perioden 1945–1980 er prega av klart mindre omfang av migrasjon enn perioden 1815–1914 (Hirst & Thompson 1999:

kap. 1–2, sjå også Held & al. 1999: kap 6).

Endeleg har vi den tredje posisjon i debatten, ’transformalistane’, som er den Held

& al. plasserer seg sjølve i. Ikkje uventa, rommar denne synspunkt frå begge dei to foregåande tilnærmingane: ulike former for globalisering vert tilordna status som drivkrefter bak raske sosiale, politiske og økonomiske endringer. Samstundes framhevar ein den rolla nasjonalstatlege reguleringar og identitetar framleis spelar.

Den komplekse dialektikken mellom historisk forankra institusjonar vert teke som det forskningsstrategiske utgangspunkt også for å forstå betydningen av globaliseringsprosessar. Samtidig vert det framheva at dynamikken i slike interaksjonar må forståst ut fra særeigne trekk ved sosiale rom og sosiale aktørar. Men debatten om globalisering og internasjonalisering set også viktige problemstillingar knytt til den videre utviklinga av slike særeigne trekk høgt oppe på dagsordene.

Ved å følge en slik «tredje vei», er målsetjinga å åpne for analysar av dialektikken mellom nasjonale, regionale og lokale tradisjonar og reguleringsformer og internasjonaliserings- og globaliseringsprosessar, der desse prosessane vert oppfatta

(11)

som mangefasetterte og differensierte sosiale fenomen. Denne posisjonen, som også er den «Strategisk program for forskning om globalisering og internasjonalisering» står i, skiller derfor mellom globalisering – mønster av aukande globale relasjonar og tilknytningar innanfor samfunnsområder som politikk, kultur og økonomi og internasjonalisering – mønster av interaksjon og relasjonar mellom to eller flere nasjonalstatar, uavhengig av kvar desse statene er lokaliserte. I analysen skiller ein altså mellom eit statleg, eller politisk institusjonelt nivå, og andre samfunnsnivå, og der desse slett ikkje treng å vere samanfallande med omsyn til det geografiske området dei refererer til, og heller ikkje med omsyn til endringstakter.

Prosessane utspelar seg altså i dels overlappande, dels kryssande og dels ulike rom, og er til dels samanfallande, delvis samanfallande eller eventuelt ikkje samanfallande i tid. Slik sett kan ein, om enn litt vel dristig, seie at innsikter frå Fernand Braudel si geohistorie vert forsøkte ivaretekne. Sagt litt annleis: vi må vente å finne variasjon langs dimensjonane tid og rom i høve til dei prosessane vi studerer.

Derfor må vi også ha ein metodologi som er i stand til å gripe dette, og som gjer dialektikken mellom ulike tidsfrekvensar og/eller endringstakter, ulike fysiske og sosiale rom, og ulike samfunnsfenomen til sitt studieobjekt. I tillegg, og i forlenginga av dette, vil mange av forskarane som står i ein slik posisjon, framheve at prosessane som sådanne har ei relativt lang historie. Politisk globalisering vert delt i tre (etter Held & al. 1999: s. 78–80): tidleg moderne politisk globalisering (14.–18.århundre, moderne politisk globalisering (19.–20. århundre) og samtidig globalisering (1945 – ).

Økonomisk globalisering, eller global handel og produksjon, vert delt inn noko andre epokar: før den industrielle revolusjon (– ca.1850/1870), åra med klassisk gullstandard (1870-åra – 1914), mellomkrigstida (1919–1939), Bretton Woods perioden (ca.1945 – 1973) og endeleg vår eiga samtid. (1973–) Dette vert komplettert med eit klassifikasjonsskjema der fire ulike epokar i kulturell og migratorisk globalisering vert skilde ut: førmoderne globalisering (–1500), tidleg moderne globalisering (1500–1850), moderne globalisering (1850–1945), og til slutt amtidig globalisering (1945 – ).

Å gå i djupna på rasjonalet som ligg til grunn for desse inndelingane vil føre for langt., men frå denne posisjonen freistar ein altså å ta høgde for at desse politiske, økonomiske, migratoriske og kulturelle prosessane opp gjennom historia har hatt ulike endringstakter, og at dei følgjer ulike vegar, sjølv om dei kan vere delvis samanfallande i tid. Ikkje mindre viktig er det at denne posisjonen ikkje framhevar, eller postulerer, korleis desse prosessane i framtida er nøydde til å arte seg: dei set altså ikkje fram påstandar om korleis denne nye og globaliserte verda vil arte seg, men tek istaden innover seg det at dette er ein langvarig, historisk prosess, som har innebygde motsetningar, og som på avgjerande måtar også vert påverka av konjunkturar.

Likefullt vil dei fleste hevde at nivået av økonomisk, militær, teknologisk, økologisk, migratorisk, politisk og kulturell flyt er på eit historisk nytt nivå. Dette gjer at vi kan rettferdiggjere å skilje samtida ut frå tidlegare historiske epokar. Men det tyder ikkje at ein er på veg mot «Ei Verd». Istaden vert det framheva at nye former for global og sosial stratifikasjon oppstår. Nye konfigurasjonar av globale maktrelasjonar gjer også

(12)

12

at ein enkel Nord-Sør modell ikkje lenger er dekkande. Istaden for å få ein geografisk deling av verdsøkonomien, har ein ein sterkare integrasjon av delar av økonomien, men der dette vel og merke gjeld for bestemte områder av økonomien, og altså ikkje den totale økonomien. Sagt litt annleis: det er kun ein sektor av økonomien som er å forstå som ein global økonomi. Og vidare vert det hevda at ein i alle metropolar vil finne ei tredeling: dei som er «med», dvs. eliten, dei som må kjempe for å henge med, og dei som er marginaliserte. Sett på spissen har ein med andre ord fått ein situasjon der eit lite fåtal ikkje berre «får vere med» og nyte godene «globaliseringa» skaper, men også er med på å styre/regulere utviklinga, der eit større tal strevar for å henge med, og der ein svært høg prosentdel er meir eller mindre marginaliserte i høve til å ha innflytelse over dei prosessane det er snakk om.

Vi kan avrunde dette med nokre generelle moment frå Held & al. si eiga oppsummering (ibid.: s. 27–28):

1) Globalisering er noko vi må forstå som ein prosesses, eller sett av prosessar, og ikkje ein enkelt tilstand. Det er ikkje ein enkel lineær, utviklingslogikk, og indikerer heller ikkje framveksten av eit «verdssamfunn».

2) Globalisering er ein prosess som rommar strukturering og stratifikasjon.

3) Sjølv om dei færraste sosiale arenaene slepp unna desse prosessane, og også er relaterte til kvarandre, er dei likevel ulike ein annan. Som Held påpeikar, er økologiske «interconnectedness» noko ganske anna enn kulturell eller militær interaksjon.

4) Globalisering omfattar både deterritorialisering og reterritorialisering av politisk og økonomisk makt. Slik sett er globalisering a-territorial.

5) Maktrelasjonar er djupt innvevde i, og sentrale for, det vi har omtalt som globaliseringsprosessar. Mønstra ved global stratifikasjon er med på å gje nokre tilgang til makt framfor andre, og verknadene vert opplevde på ulike vis. Elitane i storbyane er tettare integrerte i ,og har større kontroll over globale nettverk, enn mange andre grupper.

Men spørsmålet er så: . Kva konsekvensar har desse tre ulike tilnærmingane for oss som samfunnsforskarar? På dette finn vi sjølvsagt ikkje eit enkelt eller rett fram svar.

Det er tildømes ikkje gjeve at dei epokeklassifiseringane som er introduserte ovanfor er eigna til å identifisere radikale brot eller endringar av ulike samfunnsfenomen. Dei ulike perspektiva som er presenterte vil også framheve klart ulike problemstillingar som dei vil setje i sentrum for ein analyse av «globaliserte» samfunnsfenomen.

Konsekvensar for samfunnsvitskapane?

Som ein vel ikkje treng seie, vil det faktumet at vi må omtale samfunnsvitskapane i fleirtal ha konsekvensar for kva svar ein kjem fram til på dette spørsmålet. Vidare er det avgjerande om ein vel å sjå på tematiske, teoretiske og/eller metodologiske

(13)

problemstillingar. For å foregripe min eigen konklusjon, er påstanden min den at dersom vi avgrensar oss til dei to siste typane problemstillingar, vil det for svært mykje av den historisk orienterte samfunnsvitskapen i bunn og grunn ikkje vere nokre radikalt nye metodologiske eller teoretiske posisjonar som er formulerte. Fleire av dei eksisterande forskningstradisjonane vil ikkje berre kunne plasserast inn under det som i vide termar ovanfor er omtalt som ein transformalistisk posisjon: dei har også ei langt eldre historie enn denne nemninga. Slik sett er det er derfor ingen radikalt ny vitskapsteoretisk, metodologisk eller for den slags skuld handlingsteoretisk posisjon som er formulert. Eg vil illustrere dette med å vise til nokre av dei retningane innan den historiske sosiologien og innanfor arbeidslivsforskninga, som vektlegg interaksjon mellom sosiale figurasjonar som sentrale element i objektkonstruksjonen.

Ein av desse retningane går under namnet 'samfunnseffekttilnærminga'. I si enklaste form er det grunnleggande prinsippet i samfunnseffekttilnærminga oppsummert i ein artikkel av Arndt Sorge (1995: s.243): det som skjer i ein sektor av samfunnet er alltid knytt til hendingar eller til strukturar i andre sektorar av samfunnet. Dette må ein også ta høgde for i studiet av sosiale fenomen. Som industrisosiolog går Sorge deretter vidare til å spesifisere dette på følgjande måte:

industrielle relasjonar er relaterte til andre institusjonar som yrkesopplæring, utdanning, arbeidsorganisering, organisasjonsstruktur, lovsystem, politikk, sosial stratifikasjon etc. etc. Desse relasjonane er av ein særeigen karakter. I Sorge si nedtapping postulerer samfunnseffekttilnærminga at desse institusjonane utøver ein resiprokal innverknad på ein annan. Samspelet mellom ulike institusjonar fører slik til at måten like bedrifter eller foretak er organiserte på, varierer frå eit samfunn til det neste. Koplinga eller relasjonen mellom foretak og samfunn vert altså tilskriven ein heilt sentral posisjon i analysen, og skillet mellom det universelle og det spesielle, eller det Sorge kallar 'universal factors' og 'societal factors'3, vert ståande i sentrum.

Metodologisk som teoretisk er dette komplekset derfor ikkje avgrensa til studiar av bedrifter, sjølv om dette har vore det empiriske fundamentet for storparten av denne typen studiar. Derimot er det ein føresetnad at studiane er komparativt innretta.

Heller ikkje dette er av heilt ny dato. I sosiologien si faghistorie har den komparative metoden vore sentral heilt sidan faget vart etablert som universitetsdisiplin. I kapittel 6 i «Den sosiologiske metode» drøftar td. Durkheim den komparative metoden sine føremoner. Durkheim går her så langt som å hevde at «Den komparative metode er ikke en spesiell gren innen sosiologien; den er selve sosiologien, forsåvidt som den ophører med at være rent deskriptiv og stræber etter at forklare kjennsgjerninger.» (Durkheim 1895[1972]: s.122) Korleis ein gjennomfører denne komparasjonen kan variere, og i kva grad Durkheim sitt forsvar av den eksperimentelle epistemologien er truverdig, kan diskuterast. Men målet med ein

3 Sorge (1995:245) skiller mellom desse på følgjande vis:

«Universal factors; such as the economic, technological and organizational objectives and strategies of the various actors; in theory these factors apply to each country in the same way Societal factors, such as laws, norms and customs, the balance of power, values and priorities of individuals and groups; these factors are specific to a particular society.»

(14)

14

samanliknande studie vil alltid eller ofte vere det same: gjennom kontrastering å få fram, synleggjere, variasjon i sosiale fenomen for på den måten å kunne ta opp eller formulere problemstillingar om tilhøve som ein elles kanskje hadde teke for gjeve, eller av andre grunnar ikkje hadde tilordna vesentleg empirisk og teoretisk tyding. I studiar av arbeidslivsrelasjonar kan ein slik innfallsvinkel til dømes medføre at ein to ulike land, for slik både å få fram kva desse har felles, kva som er landspesifikt, og kvifor dette artar seg slik det gjer. På denne måten prøvar ein altså både å identifisere det vi ovanfor har omgrepsfesta som universelle faktorar og samfunnsmessige faktorar, for så å setje relasjonane mellom desse i sentrum for analysen. Eitt anna viktig fortrinn ved ein slik framgangsmåte er at ein vert tvinga til ikkje utan vidare å godta dei heller generelle påstandane om kva det er som kjenneteiknar utviklinga av bestemte fenomen, td. arbeidslivsrelasjonar, på verdsbasis. Slike finn ein som kjent fleire av, anten det no er Braverman (1974) sin tese om dekvalifisering, Piore & Sabel (1982) sin tese om fleksibel spesialisering, eller Richard Sennet (1998) sin tese om «The corrosion of character».

I tillegg, og i tråd med posisjonen til transformalistane, er det eit krav at slike studiar er klart historisk orienterte. Enkelt sagt: ein kvar analyse av sosiale prosessar må også vere ein historisk analyse. Skal ein kunne analysere eller gripe forholdet mellom brot og kontinuitet, tradisjon og fornying, må dette gjerast historisk. I dette ligg det også ei oppfatning av at historie og samfunnsvitskap på mange vis vil vere to sider av same sak: skal ein kunne forstå eller analysere samtidige fenomen må ein vite meir om korleis desse er vorte etablerte, reproduserte og over tid også endra.

Posisjonen har slik fellestrekk med den ein av dei seinare sosiologiske fagklassikarane, C.Wright Mills, har formulert m.o.t. forholdet mellom historie og sosiologi i kapittel 8 i

«The Sociological Imagination»: at vår oppgåve som sosiologar er å studere relasjonen mellom biografi, historie og samfunn (Mills 1985 [1959]:12). Sagt litt annleis er oppgåva vi står andsynes å studere historiske og biografiske problemstillingar, gjennom å formulere problemstillingar om korleis desse to møtest i samfunnsstrukturen. Mills er slett ikkje aleine om dette synspunktet. Retningar innan historisk sosiologi er det også mange av, og det er ikkje rom for å gå i djupna på det komplekset i denne samanhengen. Men alle, blant dei Fernand Braudel, har altså det til felles at dei avviser påstandar om at sosiologi og historie ikkje høyrer saman (sjå mellom anna Braudel 1969). Frå ein slik posisjon vert utfordringa å klargjere på kva måtar globaliseringsprosessar kan generere endringar i figurasjonane av biografi, historie og samfunn, som altså er det Mills kallar tre sentrale samordningspunkt for studier av mennesket. I så måte vert ei av dei sentrale oppgåvene å forsøkje å gripe tilhøvet mellom fire typar utfall av sosiale prosessar: strukturell replikasjon, strukturell reproduksjon, strukturell endring og genesen av nye strukturar frå tidspunkt 1 til tidspunkt 2.

Til slutt kan vi framheve betydninga av kryssnasjonale samanliknande historiske studier. Implisitt seier vi her at den ramma nasjonalstaten utgjer framleis har analytisk relevans. Med det vil ein lett komme ut i ein misforstått opposisjon til dei som hevdar

(15)

at nasjonalstaten har mista interesse, eller betydning, i den såkalla globaliserte tidsalderen verda er inne i. Fordi, og som ma. Korsnes (1996: kap. 2) har framheva: det at ein går utfrå at nasjonalstaten framleis har analytisk relevans må ikkje forståast i den retningen at slike studier stiller seg kritiske til det faktum at vi bur i kapitalistiske samfunn som er kjenneteikna av klare overnasjonale fellestrekk, eller vil hevde at nasjonale forskjellar i seg sjølv kan takast for gjevne som det som er er interessant eller viktig i studien. Spørsmålet er altså ikkje om ein er for eller mot nasjonalstaten som politisk organ. Poenget er snarare det at ein i analysen har som målsetjing å kunne gripe kjenneteikna både ved det vi kan kalle ein meir generell samfunnsmodell, dei ulike nasjonale variasjonane over denne, eller det vi kan kalle forskjellane mellom samfunnsmessige samanhengar og kva konsekvensar dette får med omsyn til sosial organisering. Sagt noko annleis,og med ei formulering som igjen er henta frå Korsnes (Korsnes 1996: s. 43): det må framhevast at 'nasjon' som analyseramme ikkje må forvekslast med 'nasjon' som forklaringsfaktor. Nasjon er altså ikkje å forstå som ein uavhengig variabel. Poenget er snarare at som analyseeiningar kan nasjonalstatar vere karakteristerte av spesifikke eller særeigne relasjonar mellom variablar som elles kan vere sams.

At dette har betydning er i å for seg ei triviell innsikt: Sjølv om både England, Frankrike og Tyskland historisk har vore industrinasjonar, skjedde industrialiseringa ikkje berre på ulike tidspunkt, med hovudvekt på ulike sektorar og bransjar, og i ulik takt. Det skjedde også i tre ulike samfunnsformasjonar (td. i form av klassestrukturar) med ulik historie, sjølv om alle var integrert i den framveksande industrielle kapitalistiske økonomien. At dette har hatt betydning td. m.o.t. korleis arbeidslivsrelasjonane over tid har utvikla seg i desse landa, er heller ingen kontroversiell, men likefullt implikasjonsrik påstand. For vanskane melder seg for alvor når ein skal freiste å forklare kvifor dette har utvikla seg slik det har gjort, og kva konsekvensar dette har hatt og framleis har ikkje berre m.o.t. industriell organisering spesielt, men også m.o.t. til sosiale fenomen generelt, anten dette er i høve til politisk organisering, organisering av utdanningsinstitusjonar eller iht. ulike nasjonale/regio- nale/lokale tradisjonar. Eller for å gjenta: i høve til desse spørsmåla er utfordringa, som før, å klargjere på kva måtar endringar i figurasjonane av biografi, historie (dvs. tid) og samfunn (lokaliserte i eit definert rom), genererer genuint nye problemstillingar for oss som samfunnsvitarar.

Avsluttande kommentarar

Men med det er det ikkje sagt at «intet er nytt under solen». Uavhengig av om ein oppfattar dette som eit uttrykk for globalisering eller ikkje, og uavhengig av eins politiske ståstad i høve til desse prosessane, vil til dømes det faktum at nye overnasjonale styringsorgan vert etablerte i Vest-Europa, uvilkårleg medføre ein del nye tematiske problemstillingar. Frå ein ståstad i det vi noko vidt kan omtale som kritisk sosiologi, vil det at ein ser nye former for politisk og/eller økonomisk

(16)

16

regulering ta form, uvilkårleg medføre at ein mellom anna må stille spørsmålet om kva konsekvensar nye former for maktkonsentrasjonar kan tenkjast å ha. Vil dette, slik ma.

den franske sosiologen Pierre Bourdieu (2001:s. 94) nyleg har hevda i andre samanhengar, bidra til å styrke posisjonen til dei som allereie har mest makt? Kva legitimitet har desse nye institusjonane? Korleis vert vilkåra for borgarane i dei statane som er omfatta av desse reguleringane endra i høve til politisk deltaking og i høve til å utøve politisk makt? Finn ein nye uttrykk for kollektive identitetar? Ser ein eventuelt konturane av ei tillitskrise til dei same institusjonane? Og rommar desse prosessane to tilsynelatande motstridande utviklingstrekk: at medan ein finn tendansar til aukande regional integrasjon på det politisk-institusjonelle og økonomisk-institusjonelle nivået, samstundes ser tendensar som tyder på ei aukande fragmentering? Også av den grunn vert spørsmålet om kva «skuggesider» desse prosessane måtte ha viktig (sjå Loch &

Heitmeyer (hrsg.) 2001 for ei drøfting av ulike sider av dette komplekset). Kan td.

tendensar i retning av aukande høgreorientert nasjonalisme, aukande religiøs fundamentalisme og/eller aukande regional separatisme plausibelt analyserast som samfunnsspesifikke reaksjonar på meir «globale» eller regionale utviklingstrekk?

Og sjølv om gjennomgangstonen i denne drøftinga har vore heller avvisande i høve til meir grunnlagsteoretiske problemstillingar som måtte følgje av globaliseringsproblematikken, vil det vere ein for drøy påstand å hevde at det i bunn og grunn ikkje er nokon nye utfordringar av grunnlagsteoretisk karakter som følgjer av denne tematikken. Som Peter Wagner (Wagner 2001: s.7) nyleg har peika på, er det ein klar tendens i litteraturen om globalisering å til å anta at den aukande tettleiken i kommunikasjons- og transportrelasjonar logisk også vil medføre ein aukande konvergens mellom ulike typar samfunnsfigurasjonar. Sjølv om konvergeringstesar ikkje er nye i høve til moderniseringsteoretiske studiar (sjå td. Parsons 1971), og sjølv om ein ikkje treng godta hverken premissa eller konklusjonane i denne typen studiar, peikar dei, som Wagner framhevar, likefullt i retning av ei sentral grunnlagsteoretisk problemstilling: Det at ein finn typiske, og ofte implisitte, omgrepsmessige koplingar mellom teoretiseringar omkring modernitet og/eller globalisering, og historisiteten til modernitet og/eller globalisering. Ein analyse av slike koplingar, og kva konsekvensar dei har og har hatt for utforminga av samfunnsvitskapane, fell utanfor rammene av dette innlegget.

(17)

Litteratur

Albrow, Martin (1996) The Global Age. Cambridge: Polity Press.

Beck, Ulrich (1997) Was is Globaliserung? Frankfurt: Suhrkamp.

Bourdieu, Pierre (2001) Contre feux 2. Paris: Raison d'agir.

Braudel, Fernand (1969) Écrits sur l'histoire. Paris: Flammarion.

Braverman, Harry (1974) Labor and Monopoly Capital. New York: Monthly Review Press.

Dörre, Klaus (2001) «Globalisierung – Ende des rheinischens Kapitalismus?», i Loch, Dietmar & Heitmeyer, Wilhelm (hrsg.).

Durkheim, Émile (1895[1972]) Den sociologiske metode. København: Fremad.

Held, MgGrew, Goldblatt & Perraton (1999) Global Transformations. Politics, Economics and Culture. Cambridge: Polity Press.

Hirst, Paul & Thompson, Grahame (1999) Globalization in Question. Cambridge: Polity Press.

d'Iribarne, Philippe (1989) La Logique de l'honneur. Paris: Ed. du Seuil.

Korsnes, Olav (1997) Industri og samfunn. Framlegg til et program for studiet av norsk arbeidsliv. Dr.philos-avhandling. Bergen: Sosiologisk institutt.

Loch, Dietmar & Heitmeyer, Wilhelm (hrsg.) (2001) Schattenseiten der Globaliserung.

Frankfurt: Suhrkamp.

Mills, C. Wright (1959 [1985]) Den sociologiska visionen. Stockholm: Arkiv Förlag.

Parsons, Talcott (1971) The Evolution of Societies. Englewood Cliffs: Prentice Hall.

Piore, Michael J. & Sabel, Charles (1982) The Second Industrial Divide. New York: Basic Books.

Scholte, Jan Aart (1999) Globalization: A Critical Introduction. Houndmills, Basingstoke:

Palgrave.

Sennet, Richard (1998) The corrosion of character. New York & London: W.W. Norton &

co.

Sorge, Arndt (1995) «Labour Relations, Organization and qualifications», i Joris Van Ruysseveldt & al: (red): Comparative Industrial & Employment Relations. London:

Sage, s. 243–266.

Wagner, Peter (2001) Theorizing Modernity. London: Sage.

(18)

NOTATSERIE ROKKANSENTERET (ISSN 1503-0946)

Notatene kan bestilles fra Rokkansenteret, tlf. 55 58 97 10, e-post: [email protected], http://www.rokkansenteret.uib.no NR

13-2002 Johannes Hjellbrekke: «Globalisering som utfordring til samfunnsvitskapane». September 2002.

Globaliseringsprogrammet

12-2002 Nina Berven: «National Politics and Global Ideas? Welfare, Work and Legitimacy in Norway and the United States». September 2002. Globaliseringsprogrammet

11-2002 Knut Helland: «Den opprinnelige symbiosen mellom fotball og presse». September 2002.

10-2002 Marjoleine Hooijkaas Wik: «Mangfold eller konformitet? Likheter og forskjeller innenfor og mellom fem statlige tilknytningsformer». August 2002.

9-2002 Kristin Strømsnes: «Samspillet mellom frivillig organisering og demokrati: Teoretiske argument og empirisk dokumentasjon». August 2002.

8-2002 Torstein Haaland: «Tid, situasjonisme og institusjonell utakt i systemer». Juli 2002.

7-2002 Ingvild Halland Ørnsrud: «Mål- og resultatstyring gjennom statlige budsjettreformer». Juli 2002.

6-2002 Tor Helge Holmås: «Keeping Nurses at Work: A Duration Analysis». June 2002. HEB.

5-2002 Elin Aasmundrud Mathiesen: «Fritt sykehusvalg. En teoretisk analyse av konkurranse i det norske sykehusmarkedet». Juni 2002. HEB.

4-2002 Christian Madsen: «Spiller det noen rolle? – om hverdagen på nye og gamle sykehjem». Juni 2002.

3-2002 Jan-Kåre Breivik, Hilde Haualand og Per Solvang: «Roma – en midlertidig døv by! Deaflympics 2001». Juni 2002.

2-2002 Jan-Kåre Breivik, Hilde Haualand and Per Solvang: «Rome – a Temporary Deaf City! Deaflympics 2001». June 2002.

1-2002 Håkon Høst: «Lærlingeordning eller skolebasert utdanning i pleie- og omsorgsfagene?». April 2002.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

I en travel klinisk hverdag kan det være en hjelp med flytdiagrammer, men en forut- setning for å kunne anvende disse er at den enkelte må ha noe innsikt, kunnskap og erfaring.

Blant desse pasientane vart mange tilvist (43 %), dei fleste til hudlege, og 42 % av svulstane vart undersøkt histologisk.. Gjennomsnittsal- deren til pasientane var 32 år i

Eg var skeptisk til om alle eksempla frå fattige land og land med mykje dårlegare helseteneste enn vi har, kunne fungere hos oss.. Men det gjer dei så

Hiv/aids vert i særleg grad brukt som døme, samstundes som forfattaren viser til emne som medisinsk forsking, tilgang til medisinar, førebyggande helse- arbeid, mødre- og barnehelse

- Ingenting. - Skjønar du at dette er alvor? Vi spør deg ikkje for å plage deg, vi spør for å finne Unn.. Eg ser på deg at du veit noko. Problemet er at Siss egentlig snakker sant,

Målet med denne oppgåva var å sjå om ein enkel modell for orografisk nedbør kla- rer å estimere nedbøren på Vestlandet godt.. Å bruke ein enkel nedbørsmodell saman med

Det vil vere naturleg å anta at ei auke i arbeidsløyse vil påverke bustadprisen negativt, noko som stemmer overeins med resultata frå FE- og RE-modellen, der

Om dei passive meistringsstrategiane folk med fibromyalgi ser ut til å ha noko meir av enn andre med kroniske smerter, kan vere ei medverkande årsak til at fibromyalgipasientar har