• No results found

Dikus innspel til «Utkast til strategi for utvikling av NOKUT 2020

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Dikus innspel til «Utkast til strategi for utvikling av NOKUT 2020"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

1

Dikus innspel til «Utkast til strategi for utvikling av NOKUT 2020 – 2025»

12. september 2019

Diku takkar med dette for høvet til å kome med eit skriftleg innspel til utkastet til strategi for

utvikling av NOKUT 2020 – 2025. Vi sette pris på møtet mellom leiargruppene i våre to organisasjonar som vart halde 9. september, der vi diskuterte strategiutkastet og andre spørsmål knytt til samarbeid og arbeidsdeling mellom våre to organisasjonar.

Ein strategi skal gi retning for arbeidet til organisasjonen, og vere eit grunnlag for prioriteringar og konkretiseringar i det daglege arbeidet. I tillegg er ein viktig funksjon ved strategien at han skal kommunisere til omverda kva rolle og funksjon organisasjonen har, og kva retning som blir staka ut for korleis organisasjonen vil ivareta sitt mandat og løyse sine oppgåver.

Etter omorganiseringa i kunnskapssektoren i 2017/2018 er det blitt færre organ under

Kunnskapsdepartementet. Dette gjer landskapet meir oversiktleg. Samtidig har både NOKUT og Diku oppgåver knytt til kvalitet i utdanning, både innanfor høgare utdanning og innanfor høgare

yrkesfagleg utdanning. Overfor brukarane våre blir det derfor viktig å vise både korleis arbeidsdelinga er mellom våre to etatar, og kva me vil samarbeide om.

Diku har merka seg at NOKUT i sitt utkast til strategi definerer tre viktige roller for organisasjonen;

myndigheitrolla, kunnskapsrolla og pådrivarrolla. Dette er eit pedagogisk grep som fungerer godt.

Som me også var inne på i møtet kan det likevel vere litt forvirrande at dei tre rollene framstår som likestilte i startegiutkastet.

Den klaraste av rollene er myndigheitsrolla. I møtet vart denne rolla referert til som NOKUTs «back bone». Her er oppgåvene klart definert, både i lover og forskrifter. Både sektoren og andre

samarbeidspartnarar er veldig klar over NOKUTs rolle her, og NOKUT er åleine om akkurat desse oppgåvene. Det kan likevel vere rom for eit visst samarbeid på dette området. Diku ser gjerne at NOKUT deler kunnskap frå tilsynsverksemda for å gi innspel til utvikling av våre

verkemiddel/tilskotsordningar. Me bør jobbe for felles forståing for kva som bør stimulerast, og resultat frå tilsyn er nyttige innspel i så måte.

Når det gjeld kunnskapsrolla og pådrivarrolla er mandatet meir uklart, og grenseflatene mot Dikus rolle meir overlappande. I møtet vart det understreka at både kunnskapsrolla og pådrivarrolla til NOKUT heng nøye saman med myndigheitsrolla og «utgår» frå denne. Det er Dikus oppfatning at dette kan og bør gjerast tydelegare i strategiutkastet. Det vil på same vere naturleg for Diku å gjere ei liknande avklaring av kva som er vår «back bone» i vår strategi. Det er svært viktig at NOKUT og Diku for våre mål- og interessegrupper ikkje framstår som konkurrentar, men som samarbeidspartnarar, med ei så tydeleg arbeidsdeling som mogleg.

Både NOKUT og Diku har eit ansvar for å generere og formidle kunnskap om kvalitet og

kvalitetsutvikling i høgare utdanning. NOKUT sitt Studiebarometer er ei viktig kjelde til kunnskap om korleis studentar opplever kvaliteten i utdanninga. Tilstandsrapportane for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, som Diku har ansvar for, gir kunnskap om tilstand og kvalitet i brei forstand i sektoren. I tillegg arbeider begge organisasjonar med analyser, evalueringar, utgreiingar, undersøkingar og kunnskapssamanstillingar på ulike temaområde knytt til kvalitet i utdanning.

Behovet for samarbeid og informasjonsflyt er stort på dette området, og begge organisasjonar må

(2)

2 sørge for at denne flyten blir institusjonalisert, og inngår som ein naturleg del av våre

arbeidsprosessar på analyse- og kunnskapsområdet.

NOKUT omtalar seg i strategiutkastet som ambassadør og pådrivar for kvalitet. Omgrepet

«ambassadør» er i denne samanhengen ikkje umiddelbart så lett å forstå. Det vil vere klarare dersom det blir tydeleggjort kva som ligg i dette omgrepet, og kanskje også kva som ikkje er omfatta. UH- lova legg vekt på at NOKUT skal bistå institusjonane i deira arbeid med kvalitet. Ved å bruke omgrep som ambassadør og pådrivar er det litt uklart korleis arbeidet med å bistå institusjonane i arbeidet med kvalitet skal foregå.

I strategiutkastet heiter det at NOKUT «stimulerer […] kvalitetsutvikling gjennom å sette viktige temaer på dagsorden og skape møteplasser hvor kvalitetsutfordringer og gode praksiser kan drøftes». Her er det direkte overlapp med Dikus arbeid, både i strategien og i praksis. Dette er eit område der me har døme på fruktbart samarbeid mellom Diku og NOKUT. På dette området er det også svært viktig å sikre god informasjonsflyt, ei god og fornuftig arbeidsdeling, og me bør ha ambisjonar om å få til samarbeid om konkrete arrangement og møteplasser med jamne mellomrom.

I møtet mellom leiargruppene var det semje om at NOKUT og Diku ikkje bør lage møteplasser kring same tematikk utan å samarbeide om det.

På området utanlandsk utdanning er oppgåver og roller tydeleg beskrive. Diku imøteser og heiar på arbeidet med å styrke informasjonsarbeidet og forbetre godkjenningsprosessane, og det er framleis viktig å ha fokus på samordning nasjonalt (ref. arbeidsgruppa). Dette arbeidet er også viktig for norske studentar som ønskjer å studere i utlandet, både på heilgradsstudier og utveksling.

Diku er også i gang med vår eigen strategiprosess, med mål om at styret skal vedta strategien i februar 2020. Prosessen har starta med innspelsmøter med Diku sine brukarar frå ulike deler av utdanningssektoren, vidare har dei tilsette arbeidd med strategien på personalseminar i september.

Seinare på hausten ønskjer vi å drøfte eit utkast til strategi med NOKUT og andre aktørar og samarbeidspartnarar i og utanfor utdanningssektoren, og med Kunnskapsdepartementet og andre relevante departement.

Ein generell konklusjon frå møtet var at NOKUT og Diku må institusjonalisere samarbeidet, og inkludere samarbeidet i årshjul og arbeidsprosessar. Dette blir følgt vidare opp utover hausten, med tanke på å inkludere det i diskusjonen mellom dei to styra når dei møtest i desember.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

I denne delen av studien ønsker vi å benytte de funn analysen har gitt oss, sammen med de utvalgte teorier for å finne ut om det er en felles praksis når det gjelder lukedekket

Visjonen, målet og strategiane er formulert og grunngjevne med tanke på at dei skal underbyggje vårt grunnleggjande råd bak heile dette notatet; å bringe saman ideane bak

Om dette skiljet ikkje finst i den daglege erfaringa og opplevinga av livsverda kan ein i staden tenke på forholdet mellom ting og menneske som resiprokt.. Det finst støtte for

Dei som har vitja Ryfylke og som i tillegg disponerer fritidsbustad eller har nær slekt har klart sterkare assosiasjonar til alle verdiar / ressursar, bortsett frå

Andre er endringar i retning normalisert austnorsk (na.) eller midtaustlandsk bymål (ma.).5 I dei fleste tilfella vil desse varietetane ha felles former, men det finst nokre

Det er derfor viktig for FFI å være i stand til å utvikle relevante og kvalitetssikrede scenarioer til ulike formål, ikke minst fordi disse er en grunn- leggende forutsetning for

Til slutt er virkningsmåten og hvordan fosfat kan virke i næringsmidler beskrevet, før det sees på aktuelle bruksområder for fosfater både i kjøtt og i fisk.. I de ulike tabellene

- Ingenting. - Skjønar du at dette er alvor? Vi spør deg ikkje for å plage deg, vi spør for å finne Unn.. Eg ser på deg at du veit noko. Problemet er at Siss egentlig snakker sant,