KOMMISJONENS GJENNOMFØRINGSAVGJERD av 10. mai 2011
om endring av vedlegg II til vedtak 93/52/EØF med omsyn til godkjenninga av visse regionar i Italia som offisielt frie for brucellose (B. melitensis), og om endring av vedlegga til vedtak 2003/467/EF med omsyn til fråsegna om at visse regionar i Italia, Polen og Det sameinte kongeriket er offisielt frie
for bovin tuberkulose, bovin brucellose og enzootisk bovin leukose [meld under nummeret K(2011) 3066]
(2011/277/EU)(*)
EUROPAKOMMISJONEN HAR —
med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,
med tilvising til rådsdirektiv 64/432/EØF av 26. juni 1964 om dyrehelseproblemer ved handel med storfe og svin innenfor Fellesskapet(
1), særleg vedlegg A avsnitt I nr. 4, vedlegg A avsnitt II nr. 7 og vedlegg D avsnitt I del E,
med tilvising til rådsdirektiv 91/68/EØF av 28. januar 1991 om krav til dyrehelse ved handel med sau og geit innenfor Fellesskapet(
2), særleg vedlegg A kapittel 1 avsnitt II, og ut frå desse synsmåtane:
1) I direktiv 91/68/EØF er det fastsett krav til dyrehelse ved handel med sau og geit i Unionen. I direktivet er det fastsett kva vilkår som ligg til grunn for at medlemsstatar eller regionar i medlemsstatar skal kunne godkjennast som offisielt frie for brucellose.
2) Listene over regionar i medlemsstatar som er godkjende som offisielt frie for brucellose (B. melitensis) i samsvar med direktiv 91/68/EØF, er førte opp i vedlegg II til kommisjonsvedtak 93/52/EØF av 21. desember 1992 om konstatering av at visse medlemsstater eller regioner oppfyller vilkårene med hensyn til brucellose (B. melitensis), og om anerkjenning av deres status som medlemsstater eller regioner offisielt fri for denne sykdommen(
3).
3) Italia har sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at dei krava som er fastsette i direktiv 91/68/EØF, er oppfylte med omsyn til regionane Emilia-Romagna og Valle d’Aosta, slik at desse regionane i Italia kan verte godkjende som offisielt frie for brucellose (B. melitensis).
4) Som følgje av vurderinga av den dokumentasjonen som Italia har lagt fram, bør regionane Emilia-Romagna og Valle d’Aosta godkjennast som offisielt frie for denne sjukdommen. Posten for Italia i vedlegg II til vedtak 93/52/EØF bør difor endrast.
(*) Denne fellesskapsrettsakten, kunngjort i EUT L 122 av 11.5.2011, s. 100, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 74/2012 av 30. april 2012 om endring av EØS-avtalens vedlegg I (Veterinære og plantesanitære forhold), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 50 av 13.9.2012, s. 1.
(1) TEF 121 av 29.7.1964, s. 1977/64.
(2) TEF L 46 av 19.2.1991, s. 19.
(3) TEF L 13 av 21.1.1993, s. 14.
5) Direktiv 64/432/EØF vert nytta på handel med storfe og svin i Unionen. I direktivet er det fastsett kva vilkår som ligg til grunn for at ein medlemsstat eller ein region i ein medlemsstat skal kunne godkjennast som offisielt fri for tuberkulose, brucellose og enzootisk bovin leukose hjå storfebuskapar.
6) Sjølv om Isle of Man ikkje er ein del av Unionen, men eit sjølvstyrande område under den britiske krona, har øya eit særskilt, avgrensa tilhøve til Unionen. Difor er det fastsett i rådsforordning (EØF) nr. 706/73 av 12. mars 1973 om fellesskapsbestemmelser som skal få anvendelse for Kanaløyene og Isle of Man med hensyn til handel med landbruksvarer(
4) at når det gjeld bruken av føresegner m.a. i dyrehelseregelverket, skal Det sameinte kongeriket og Isle of Man handsamast som éin medlemsstat.
7) Vedlegga til kommisjonsvedtak 2003/467/EF av 23. juni 2003 om fastsetjing av status for storfebuskapar i visse medlemsstatar eller regionar i medlemsstatar som offisielt frie for tuberkulose, brucellose og enzootisk bovin leukose(
5) inneheld lister over medlemsstatar og regionar i desse som er vortne godkjende som offisielt frie for høvesvis tuberkulose, brucellose og enzootisk bovin leukose.
8) Italia har sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at dei krava som er fastsette i direktiv 64/432/EØF med omsyn til status som offisielt fri for tuberkulose, er oppfylte for provinsane Rieti og Viterbo i regionen Lazio.
9) Som følgje av vurderinga av den dokumentasjonen som Italia har lagt fram, bør provinsane Rieti og Viterbo i regionen Lazio, godkjennast som offisielt frie for tuberkulose i Italia.
10) Italia og Det sameinte kongeriket har òg sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at dei krava som er fastsette i direktiv 64/432/EØF med omsyn til status som offisielt fri for brucellose, er oppfylte for provinsane Frosinone, Latina og Viterbo i regionen Lazio i Italia og for Isle of Man i Det sameinte kongeriket.
(4) TEF L 68 av 15.3.1973, s. 1.
(5) TEU L 156 av 25.6.2003, s. 74.
2017/EØS/4/03
11) Som følgje av vurderinga av den dokumentasjonen som Italia og Det sameinte kongeriket har lagt fram, bør provinsane Frosinone, Latina og Viterbo i regionen Lazio i Italia, og Isle of Man i Det sameinte kongeriket godkjennast som offisielt frie for brucellose i høvesvis Italia og Det sameinte kongeriket.
12) Italia, Polen og Det sameinte kongeriket har lagt fram for Kommisjonen dokumentasjon som syner at dei relevante krava i direktiv 64/432/EØF er oppfylte med omsyn til provinsen Viterbo i regionen Lazio i Italia, 44 administrative regionar (powiaty) innanfor dei overordna administrative einingane (voivodskapa) Lubusz, Kujawsko-Pomorskie, Mazowieckie, Podlaskie, Warmińsko-Mazurskie og Wielkopolskie i Polen og Isle of Man i Det sameinte kongeriket, slik at desse kan verte godkjende som regionar som er offisielt frie for enzootisk bovin leukose i Italia, Polen og Det sameinte kongeriket.
13) Som følgje av vurderinga av den dokumentasjonen som Italia, Polen og Det sameinte kongeriket har lagt fram, bør dei regionane som det gjeld, godkjennast som offisielt frie for enzootisk bovin leukose i høvesvis Italia, Polen og Det sameinte kongeriket.
14) Vedlegga til vedtak 2003/467/EF bør difor endrast.
15) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa —
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
Vedlegg II til vedtak 93/52/EØF vert endra i samsvar med vedlegg I til denne avgjerda.
Artikkel 2
Vedlegga til vedtak 2003/467/EF vert endra i samsvar med vedlegg II til denne avgjerda.
Artikkel 3 Denne avgjerda er retta til medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 10. mai 2011.
For Kommisjonen John DALLI Medlem av Kommisjonen
______
VEDLEGG I
I vedlegg II til vedtak 93/52/EØF skal posten for Italia lyde:
«I Italia:
– Regionen Abruzzo: provinsen Pescara – Provinsen Bolzano
– Regionen Emilio-Romagna – Regionen Friuli-Venezia Giulia
– Regionen Lazio: provinsene Latina, Rieti, Roma og Viterbo – Regionen Liguria: provinsen Savona
– Regionen Lombardia – Regionen Marche – Regionen Molise – Regionen Piemonte – Regionen Sardinia – Regionen Toscana – Provinsen Trento – Regionen Umbria – Regionen Valle d'Aosta – Regionen Veneto.»
______
VEDLEGG II
I vedlegg I, II og III til vedtak 2003/467/EF vert det gjort følgjande endringar:
1) I vedlegg I kapittel 2 skal posten for Italia lyde:
«I Italia:
– Regionen Abruzzo: provinsen Pescara – Provinsen Bolzano
– Regionen Emilio-Romagna – Regionen Friuli-Venezia Giulia
– Regionen Lazio: provinsane Rieti og Viterbo – Regionen Lombardia
– Regionen Marche: provinsen Ascoli Piceno
– Regionen Piemonte: provinsane Novara, Verbania og Vercelli
– Regionen Sardinia: provinsane Cagliari, Medio-Campidano, Ogliastra, Olbia-Tempio og Oristano – Regionen Toscana
– Provinsen Trento – Regionen Veneto.»
2) I vedlegg II kapittel 2:
a) Posten for Italia skal lyde:
«I Italia:
– Regionen Abruzzo: provinsen Pescara – Provinsen Bolzano
– Regionen Emilio-Romagna – Regionen Friuli-Venezia Giulia
– Regionen Lazio: provinsane Frosinone, Latina, Rieti og Viterbo – Regionen Liguria: provinsane Imperia og Savona
– Regionen Lombardia – Regionen Marche
– Regionen Molise: provinsen Campobasso – Regionen Piemonte
– Regionen Puglia: provinsen Brindisi – Regionen Sardinia
– Regionen Toscana – Provinsen Trento – Regionen Umbria – Regionen Veneto.»
b) Posten for Det sameinte kongeriket skal lyde:
«I Det sameinte kongeriket:
– Storbritannia: England, Skottland og Wales – Isle of Man.»
3) I vedlegg III vert det gjort følgjande endringar i kapittel 2:
a) Posten for Italia skal lyde:
«I Italia:
– Regionen Abruzzo: provinsen Pescara – Provinsen Bolzano
– Regionen Campania: provinsen Napoli – Regionen Emilio-Romagna
– Regionen Friuli-Venezia Giulia
– Regionen Lazio: provinsane Frosinone, Rieti og Viterbo – Regionen Liguria: provinsane Imperia og Savona – Regionen Lombardia
– Regionen Marche – Regionen Molise – Regionen Piemonte
– Regionen Puglia: provinsen Brindisi – Regionen Sardinia
– Regionen Sicilia: provinsane Agrigento, Caltanissetta, Siracusa og Trapani – Regionen Toscana
– Provinsen Trento – Regionen Umbria – Regionen Valle d'Aosta – Regionen Veneto.»
b) Posten for Polen skal lyde:
«I Polen:
– Voivodskapet Dolnośląsk
Powiaty: bolesławiecki, dzierżoniowski, głogowski, górowski, jaworski, jeleniogórski, Jelenia Góra, kamiennogórski, kłodzki, legnicki, Legnica, lubański, lubiński, lwówecki, milicki, oleśnicki, oławski, polkowicki, strzeliński, średzki, świdnicki, trzebnicki, wałbrzyski, Wałbrzych, wołowski, wrocławski, Wrocław, ząbkowicki, zgorzelecki, złotoryjski.
– Voivodskapet Lublin
Powiaty: bialski, Biała Podlaska, biłgorajski, chełmski, Chełm, hrubieszowski, janowski, krasnostawski, kraśnicki, lubartowski, lubelski, Lublin, łęczyński, łukowski, opolski, parczewski, puławski, radzyński, rycki, świdnicki, tomaszowski, włodawski, zamojski, Zamość.
– Voivodskapet Lubusz
Powiaty: gorzowski, Gorzów Wielkopolski, krośnieńsko-odrzański, międzyrzecki, nowosolski, słubicki, strzelecko–drezdenecki, sulęciński, świebodziński, Zielona Góra, zielonogórski, żagański, żarski, wschowski.
– Voivodskapet Kujawsko-Pomorskie
Powiaty: aleksandrowski, brodnicki, bydgoski, Bydgoszcz, chełmiński, golubsko-dobrzyński, grudziądzki, inowrocławski, lipnowski, Grudziądz, radziejowski, rypiński, sępoleński, świecki, toruński, Toruń, tucholski, wąbrzeski, Włocławek, włocławski.
– Voivodskapet Łódź
Powiaty: bełchatowski, brzeziński, kutnowski, łaski, łęczycki, łowicki, łódzki, Łódź, opoczyński, pabianicki, pajęczański, piotrkowski, Piotrków Trybunalski, poddębicki, radomszczański, rawski, sieradzki, skierniewicki, Skierniewice, tomaszowski, wieluński, wieruszowski, zduńskowolski, zgierski.
– Voivodskapet Małopolskie
Powiaty: brzeski, bocheński, chrzanowski, dąbrowski, gorlicki, krakowski, Kraków, limanowski, miechowski, myślenicki, nowosądecki, nowotarski, Nowy Sącz, oświęcimski, olkuski, proszowicki, suski, tarnowski, Tarnów, tatrzański, wadowicki, wielicki.
– Voivodskapet Mazowieckie
Powiaty: białobrzeski, ciechanowski, garwoliński, grójecki, gostyniński, grodziski, kozienicki, legionowski, lipski, łosicki, makowski, miński, mławski, nowodworski, ostrołęcki, Ostrołęka, ostrowski, otwocki, piaseczyński, Płock, płocki, płoński, pruszkowski, przasnyski, przysuski, pułtuski, Radom, radomski, Siedlce, siedlecki, sierpecki, sochaczewski, sokołowski, szydłowiecki, Warszawa, warszawski zachodni, węgrowski, wołomiński, wyszkowski, zwoleński, żuromiński, żyrardowski.
– Voivodskapet Opolskie
Powiaty: brzeski, głubczycki, kędzierzyńsko-kozielski, kluczborski, krapkowicki, namysłowski, nyski, oleski, opolski, Opole, prudnicki, strzelecki.
– Voivodskapet Podkarpackie
Powiaty: bieszczadzki, brzozowski, dębicki, jarosławski, jasielski, kolbuszowski, krośnieński, Krosno, leski, leżajski, lubaczowski, łańcucki, mielecki, niżański, przemyski, Przemyśl, przeworski, ropczycko-sędziszowski, rzeszowski, Rzeszów, sanocki, stalowowolski, strzyżowski, Tarnobrzeg, tarnobrzeski.
– Voivodskapet Podlaskie
Powiaty: augustowski, białostocki, Białystok, bielski, grajewski, hajnowski, kolneński, łomżyński, Łomża, moniecki, sejneński, siemiatycki, sokólski, suwalski, Suwałki, wysokomazowiecki, zambrowski.
– Voivodskapet Pomorskie
Powiaty: Gdańsk, gdański, Gdynia, lęborski, Sopot, wejherowski.
– Voivodskapet Śląskie
Powiaty: będziński, bielski, Bielsko-Biała, bieruńsko-lędziński, Bytom, Chorzów, cieszyński, częstochowski, Częstochowa, Dąbrowa Górnicza, gliwicki, Gliwice, Jastrzębie Zdrój, Jaworzno, Katowice, kłobucki, lubliniecki, mikołowski, Mysłowice, myszkowski, Piekary Śląskie, pszczyński, raciborski, Ruda Śląska, rybnicki, Rybnik, Siemianowice Śląskie, Sosnowiec, Świętochłowice, tarnogórski, Tychy, wodzisławski, Zabrze, zawierciański, Żory, żywiecki.
– Voivodskapet Świętokrzyskie
Powiaty: buski, jędrzejowski, kazimierski, kielecki, Kielce, konecki, opatowski, ostrowiecki, pińczowski, sandomierski, skarżyski, starachowicki, staszowski, włoszczowski.
– Voivodskapet Warmińsko-Mazurskie
Powiaty: Elbląg, elbląski, ełcki, giżycki, gołdapski, kętrzyński, lidzbarski, olecki, piski, szczycieński, węgorzewski.
– Voivodskapet Wielkopolskie
Powiaty: jarociński, kaliski, Kalisz, kępiński, kolski, koniński, Konin, krotoszyński, międzychodzki, nowotomyski, ostrowski, ostrzeszowski, pleszewski, słupecki, średzki, śremski, turecki, wolsztyński, wrzesiński.»
c) Ny post for Det sameinte kongeriket skal lyde:
«I Det sameinte kongeriket:
– Isle of Man.»
________________________