AVGJERD I EØS-KOMITEEN nr. 113/2021
av 19. mars 2021
om endring av vedlegg II (Tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla EØS- avtala, særleg artikkel 98,
og ut frå desse synsmåtane:
1) Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2013 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av elektroniske skjermar og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr.
1062/2010(1), retta ved TEU L 50 av 24.2.2020, s. 18, skal takast inn i EØS-avtala.
2) Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2014 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av hushaldsvaskemaskiner og kombinerte hushaldsvaskemaskiner/-tørketromlar og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1061/2010 og kommisjonsdirektiv 96/60/EF(2), retta ved TEU L 50 av 24.2.2020, s. 19, skal takast inn i EØS-avtala.
3) Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2015 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av lyskjelder og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 874/2012(3) skal takast inn i EØS-avtala.
4) Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2016 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av kjøleapparat og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1060/2010(4), retta ved TEU L 50 av 24.2.2020, s. 21, skal takast inn i EØS-avtala.
5) Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2017 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av hushaldsoppvaskmaskiner og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr.
1059/2010(5) skal takast inn i EØS-avtala.
(1) TEU L 315 av 5.12.2019, s. 1.
(2) TEU L 315 av 5.12.2019, s. 29.
(3) TEU L 315 av 5.12.2019, s. 68.
(4) TEU L 315 av 5.12.2019, s. 102.
(5) TEU L 315 av 5.12.2019, s. 134.
6) Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2018 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av kjøleapparat til bruk ved direktesal(6) skal takast inn i EØS-avtala.
7) Vedlegg II og IV til EØS-avtala bør difor endrast – TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I kapittel IV i vedlegg II til EØS-avtala vert det gjort følgjande endringar:
1. Etter nr. 4u (delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 65/2014) skal nye nummer lyde:
”4v. 32019 R 2013: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2013 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av elektroniske skjermar og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1062/2010 (EUT L 315 av 5.12.2019, s. 1), rettet ved EUT L 50 av 24.2.2020, s. 18.
4w. 32019 R 2014: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2014 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av hushaldsvaskemaskiner og kombinerte hushaldsvaskemaskiner/- tørketromlar og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1061/2010 og kommisjonsdirektiv 96/60/EF (EUT L 315 av 5.12.2019, s. 29), rettet ved EUT L 50 av 24.2.2020, s. 19.
4x. 32019 R 2015: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2015 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av lyskjelder og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 874/2012 (EUT L 315 av 5.12.2019, s. 68).
4y. 32019 R 2016: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2016 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av kjøleapparat og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1060/2010 (EUT L 315 av 5.12.2019, s. 102), rettet ved EUT L 50 av 24.2.2020, s. 21.
4z. 32019 R 2017: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2017 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av hushaldsoppvaskmaskiner og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1059/2010 (EUT L 315 av 5.12.2019, s. 134).
4za. 32019 R 2018: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2018 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til
(6) TEU L 315 av 5.12.2019, s. 155.
energimerking av kjøleapparat til bruk ved direktesal (EUT L 315 av 5.12.2019, s.
155).”
2. Teksta i nr. 4e (delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 874/2012), 4i (delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1059/2010), 4j (delegert kommisjonsforordning (EU) nr.
1060/2010), 4k (delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1061/2010) og 4l (delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1062/2010) opphevast.
Artikkel 2
I vedlegg IV til EØS-avtala vert det gjort følgjande endringar:
1. Etter nr. 11u (delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 65/2014) skal nye nummer lyde:
”11v. 32019 R 2013: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2013 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av elektroniske skjermar og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1062/2010 (EUT L 315 av 5.12.2019, s. 1), rettet ved EUT L 50 av 24.2.2020, s. 18.(1)
(1) Oppført bare for informasjonsformål – for anvendelsen, se vedlegg II om tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering.
11w. 32019 R 2014: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2014 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av hushaldsvaskemaskiner og kombinerte hushaldsvaskemaskiner/- tørketromlar og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1061/2010 og kommisjonsdirektiv 96/60/EF (EUT L 315 av 5.12.2019, s. 29), rettet ved EUT L 50 av 24.2.2020, s. 19.(1)
(1) Oppført bare for informasjonsformål – for anvendelsen, se vedlegg II om tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering.
11x. 32019 R 2015: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2015 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av lyskjelder og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 874/2012 (EUT L 315 av 5.12.2019, s. 68).(1)
(1) Oppført bare for informasjonsformål – for anvendelsen, se vedlegg II om tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering.
11y. 32019 R 2016: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2016 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av kjøleapparat og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1060/2010 (EUT L 315 av 5.12.2019, s. 102), rettet ved EUT L 50 av 24.2.2020, s. 21.(1)
(1) Oppført bare for informasjonsformål – for anvendelsen, se vedlegg II om tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering.
11z. 32019 R 2017: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2017 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av hushaldsoppvaskmaskiner og om oppheving av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1059/2010 (EUT L 315 av 5.12.2019, s. 134).(1) (1) Oppført bare for informasjonsformål – for anvendelsen, se vedlegg II om tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering.
11za. 32019 R 2018: Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/2018 av 11. mars 2019 om utfylling av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 med omsyn til energimerking av kjøleapparat til bruk ved direktesal (EUT L 315 av 5.12.2019, s.
155).(1)
(1) Oppført bare for informasjonsformål – for anvendelsen, se vedlegg II om tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering.”
2. Teksta i nr. 11e (delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 874/2012), 11i (delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1059/2010), 11j (delegert kommisjonsforordning (EU) nr.
1060/2010), 11k (delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1061/2010) og 11l (delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1062/2010) opphevast.
Artikkel 3
Teksta til delegert forordning (EU) 2019/2013, retta ved TEU L 50 av 24.2.2020, s. 18, (EU) 2019/2014, retta ved TEU L 50 av 24.2.2020, s. 19, (EU) 2019/2015, (EU) 2019/2016, retta ved TEU L 50 av 24.2.2020, s. 21, (EU) 2019/2017 og (EU) 2019/2018 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.
Artikkel 4
Denne avgjerda tek til å gjelde 20. mars 2021, på det vilkåret at alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala er sende inn().
Artikkel 5
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel 19. mars 2021.
() Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.
For EØS-komiteen Clara Ganslandt
Formann