• No results found

Å VERE KYRKJE I GRISGRENDTE STROK

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Å VERE KYRKJE I GRISGRENDTE STROK"

Copied!
51
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

1

Å VERE KYRKJE I GRISGRENDTE STROK

Haukedalen kyrkje – Sunnfjord prosti (foto: Ottar Starheim –NRK)

Rapport utarbeidd våren 2013

Bjørgvin Bispedømeråd

(2)

2

Innhald

1. INNLEIING s 5

1.1 Mandat s 5

1.2 Utvalet s 6

1.3 Bakgrunn s 6

1.4 Avgrensing s 7

1.5 Oppbygging s 7

2. KARAKTERISTIKA s 8

3. KVA ER LOKALKYRKJA? s 9

3.1 Kyrkja er forsamlinga s 9

3.2 Kyrkja er forsamlinga av dei heilage s 10

3.3 Kyrkja er der evangeliet vert rett framlagt s 11

3.4 Kyrkja er der sakramenta vert rett forvalta s 11

3.5 Kva er ein kyrkjelyd? s 13

4. LOKAL STRATEGI s 14

4.1 Vesen og oppdrag s 14

4.2 Mål s 14

4.3 Strategisk tenking s 14

4.4 Lokal kontekst s 15

4.5 Breidde og djupn s 15

4.6 Tilknytingspunkt og nettverk s 15

4.7 Aldersspesifikke faktorar s 16

4.8 Verksemdsspesifikke faktorar s 17

4.8.1 Gudstenesteliv s 17

4.8.2 Katekese s 17

4.8.3 Diakoni s 18

(3)

3

4.9 Særskilde satsingsområde s 18

4.10 Prosess s 18

4.11 Målretta tålmod s 18

5. STRUKTUR OG ORGANISERING s 19

5.1 Tenlege organisatoriske einingar s 19

5.1.1 Storleiken på sokn s 20

5.1.2 Storleiken på kyrkjelydar s 20

5.1.3 Storleiken på fellesrådsområde og samarbeid mellom fellesråd s 21

5.1.4 Nye uformelle einingar kan etablerast s 21

5.2 Tenlege strukturar for organisering av funksjonane til soknet s 22

5.2.1 Uløna medarbeidarar s 22

5.2.2 Løna medarbeidarar s 23

5.2.3 Elektronisk medarbeidarskap – dagleg leiarskap utan fysisk næver 24 5.3 Tenleg bruk av kyrkjebygg og andre kyrkjelege forsamlingslokale s 24

6. RESSURSAR s 24

6.1 Ressursar i lokalkyrkja s 26

6.1.1 Materiell kapital s 26

6.1.2 Intellektuell kapital – vår fremste ressurs s 26

6.2 Ressursutfordringar i grisgrendte strok s 28

6.2.1 Få tilsette og små forvaltningsorgan s 28

6.2.2 Sårbar for kompetanseflukt og høg turnover s 28 6.2.3 Utfrodringar knytt til rekruttering i fagstillingar s 29 6.2.4 Grisgrendt-kommunane er tungdrivne og sårbare s 29 6.2.5 Liten samla økonomi og liten organisasjon reduserer fleksibiliteten 29 6.2.6 Lågt folketal slår uheldig ut for tilskotsordningar s 29

6.2.7 Overkapasitet i bygningsstruktur s 30

(4)

4 6.3 Ressurstilgang – korleis kan vi møta desse utfordringane? s 30 6.3.1 Styrking av intellektuell kapital/immaterielle verdiar s 31

6.3.1.1 Styrking av humankapitalen s 31

6.3.1.2 Styrking av strukturkapitalen s 31

6.3.1.3 Styrking av relasjonskapitalen s 32

6.3.2 Styrking av den materielle kapitalen s 33

7. OPPSUMMERING OG TILRÅDINGAR s 34

7.1.1 Kjenneteikn s 34

7.1.2 Kyrkjeforståing s 34

7.1.3 Lokal strategi s 35

7.1.4 Struktur og organisering s 36

7.1.5 Ressursar s 37

7.2 Tilrådingar s 39

8. «DEN GODE FORTELJINGA» s 41

 Gudsteneste i stova på Saltskår s 41

 Samspel med lokalsamfunnet i Bjordal s 42

 Felles diakonstilling s 42

 Valestrand kulturkyrkje – Sveio s 43

 Samordna prosti s 44

 Frå fleire til eitt sokn – ein modell i Fusa s 45

 Felles konfirmantarbeid s 47

 Konfirmantarbeid for alle funksjonar s 47

 Hyllestad kyrkje s 49

(5)

5

Å VERE KYRKJE I GRISGRENDTE STROK

1 INNLEIING 1.1 Mandat.

Bjørgvin bispedømeråd gjorde i sak 061/12 (03.09.2012) følgjande vedtak:

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner tre prosjektgrupper

1. Å vere kyrkje i grisgrendte strøk Prosjektleiar: Roar Strømme

2. Å drive konfirmantundervisning der ein har små kull Prosjektleiar: Marte Ottesen

3. Å drive konfirmantundervisning der ein har store kull Prosjektleiar: Marte Ottesen

I saksutgreiinga heiter det m.a.:

Det har kome innspel, mellom anna i prostemøtet,, om at ein kunne ønske at det vart arbeidd nærare med strategiar og tiltak innanfor ulike område knytt til satsingsområda for

inneverande periode.

Dei områda ein har nemnd har vore.

1. Å vere kyrkje i grisgrendte strøk

2. Å drive konfirmantundervisning der ein har små kull

3. Å drive konfirmantundervisning der ein har store/svært store Om saksområde nr 1 heiter det:

For å drive dette arbeidet vidare har stiftsdirektør tatt kontakt med Roar Strømme og Geir Sørebø knytt til prosjektet med å vere kyrkje i grisgrendte strøk. Roar Strømme har arbeidd med å sjå på strategiske val som er naudsynt for å utvikle små sokn og kyrkjelydar, både med tanke på djupne og breidde i gudstenestetilbodet. Geir Sørebø har hatt innspel på både prosjekt 1 og 2, og vil vere tenkt som ein aktuell ressursperson for begge prosjekta.

Bispedømerådet og administrasjonen vil kunne gje innspel på namn og mandat, men vil gje prosjektleiar fridom til å kople inn dei ressurspersonane som han ser som aktuelle for å utarbeide innspel som kan ligge som ressursmateriell for tiltaksplan 2013/2014.

Prosjektleiar får mandat til å knytte til seg 3-4 aktuelle ressurspersonar. Mandatet er å sjå på gode strategiar og tiltak opp mot dei utfordringane ein kartlegg innanfor prosjektområdet Det vil vere ønskeleg at prosjekta kan presenterast i seminarform på stiftsmøtet 2013 Budsjettramme er reise og møtekostnader til 4 møter og en andre kostnader kan drøftast i ei open ramme på inntil kroner 5000.

(6)

6

1.2 Utvalet

Etter samråding mellom prosjektleiar og stiftsdirektør vart utvalet samansett slik:

Roar Strømme sokneprest i Fusa leiar

Eva Birkeland kyrkjeverje i Sveio

Geir Sørebø prost i Ytre Sogn og Nordhordland

Rune Ziener kyrkjeverje i Hyllestad og Solund

Leif Arne Økland rådgjevar i Bjørgvin sekretær Alle utvalsmedlemane har mange års røynsle frå kyrkjeleg teneste i grisgrendte strok. I samsvar med mandatet har utvalet hatt fire halvdagsmøter. Det har vore fordelt på dei ulike medlemane å levere skriftlege utkast til kvart kapittel i utgreiinga. Dette har medført at ho er noko ujamn med omsyn til stil og fordjuping. Ein vil også kunne finne eit visst sprik i innhald, som avspeglar meiningsmangfaldet i utvalet.

1.3 Bakgrunn

Tufta på samtalar med administrasjonen og utvalsmedlemane sine eigne røynsler innan feltet forstår utvalet bakgrunnen for arbeidet i hovudsak som:

 Strategiske vurderingar og tiltak ved BDR har vore prega av utfordringane i urbane strok og vekstsentra. Dei kyrkjelege tilhøva i grisgrendte strok har såleis i liten grad blitt tematiserte på bispedømenivå.

 Kyrkjetenkinga med omsyn til grisgrendte strok har vore etterspurd. Der synest såleis vere trong for ein ”sosio-ekklesiologisk” refleksjon over kva det vil seie å vere kyrkjelyd i desse grisgrendte stroka.

 Den kyrkjelege organiseringa i desse stroka avspeglar ofte tidlegare tider og tilhøve med omsyn til både demografi, kommunikasjonar og ressurstilgang. Dette er det arbeidd lite med – systematisk og prinsipielt – på stiftsnivå.

 Ressursfordelinga i stiftet er blitt tematisert i samband med trusopplæringsreforma og fordelinga av prestestillingar. Men ressursskaping og ressursutnyttinga i grisgrendte strok er i liten grad sett på dagsorden i stiftet.

 Det kjem jamleg tilbakemeldingar frå brukarar i grisgrendte strok at planar, materiell, kurs og liknande er prega av å vere laga ”for byfolk og av byfolk.”

 Røynslene som kyrkjelydane i grisgrendte strok har gjort seg – på godt og vondt – har i liten grad kome andre til gode. Her er det såleis grunn til å tru at der ligg ein uutnytta ressurs.

(7)

7

Den nyleg publiserte evalueringa av prostireforma syner at denne har auka forskjellen mellom sentrale og grisgrendte strok med omsyn til prestane si oppleving av

arbeidstilhøva. Ein hovudkonklusjon i evalueringa er såleis: ” Reformtiltakene

fungerer bedre i tettbygde og sentrale områder og de større byene enn på mindre steder og i mer spredtbygde områder. Samtidig var prester i byene mest tilfreds med sin

arbeidssituasjon i utgangspunktet; reformen treffer ikke nødvendigvis best der behovet er størst. ”

1.4

Feltet er svært omfattande og samansett både prinsipielt og praktisk. Mange av dei prinsipielle problemstillingane, særleg knytte til kyrkjeforståinga og organisering, saknar avklaring på sentralt, kyrkjeleg nivå. I vår samanheng har det såleis ikkje vore råd anna enn å syne korleis desse vert aktualiserte innan feltet, og peike på kva det er grunn til å leggje særleg vekt på ut frå vår kyrkjeforståing og behova i grisgrendte strok. Praktisk er det store utfordringar knytte til at feltet femner om svært ulike kyrkjelydar, som er spreidde over mest heile stiftet. Innan dei avgrensa ressursane som utvalet har hatt til rådvelde, har det ikkje vore råd å innhente problemstillingar og røynsler frå alle desse kyrkjelydane på systematisk vis. Tilfanget til framstillinga er såleis fyrst og fremst henta frå medlemane sine eigne røynsler og refleksjonar frå kyrkjeleg teneste i grisgrendte strok.

Dei omfattande og komplekse problemstillingane, samanhalde med den knappe tida og ressursane som arbeidsgruppa har til rådvelde, har såleis kravd ei kraftig avgrensing av oppgåva til gruppa. Målsetjinga vår har fyrst og fremst vore:

 Synleggjere karakteristika ved å vere kyrkje grisgrendte strok.

 Reise og systematisere dei mest sentrale utfordringane og mogelegheitene i feltet.

 Reflektere over og kome med innspel til korleis stiftet og kyrkjelydane kan møte desse utfordringane og mogelegheitene på ein konstruktiv måte.

 Gjennom nokre ”gode forteljingar” gje døme på særleg talande røynsler som kyrkjelydar har gjort seg i dette stykket.

 Gjere framlegg om særlege tiltak frå bispedømerådet si side innan feltet.

 Kome med tilråding om korleis bispedømet kan arbeide vidare med tematikken.

1.5 Oppbygging

Etter innleiing finn ein i kapittel 2 ei summarisk framstilling av stikkordform av karakteristika ved å vere kyrkje i grisgrendte strok. Deretter følgjer i kap. 3 ein ”sosio-ekklesiologisk”

refleksjon over kva det vil seie å vere kyrkjelyd i desse stroka. På denne bakgrunnen peikar ein i kap. 4 summarisk på strategiske element som synest særleg relevante for desse sokna. I kap. 5 og 6 følgjer problemstillingar og tilrådingar knytte til organisering og ressursar, som er nær knytte til kvarandre. Kap 7 er ei oppsummering, der ein også finn utvalet sine tilrådingar

(8)

8 til bispedømerådet. I dei ulike kapitla er det sett inn ”boksar” med meir eller mindre gode forteljingar, som vi vonar kan verke illustrerande og motiverande.

2 KARAKTERISTIKA VED Å VERE KYRKJE I GRISGRENDTE STROK

Når vi i dette avsnittet peikar på særdrag ved å vere kyrkje i grisgrendte strok, vil vi tale ærleg om dei særlege utfordringane og problema desse kyrkjelydane møter. Samstundes ønskjer vi peike på at nokre av særdraga til desse kyrkjelydane på ein særleg måte kan vere kjelder til kyrkjeleg liv og vokster.

 Spreidd busetnad, store avstandar og krevjande kommunikasjonar.

 Folketalet er gjerne minkande, og den demografiske samansetjinga prega av høg gjennomsnittsalder.

 Mange lokalsamfunn har mist viktige institusjonar som skule og butikk. ”Kyrkja er det siste vi har.”

 Kommuneøkonomien er gjerne svak.

 Mange naturlege nettverk som familie, nabolag og grendelag er vitale og viktige.

 Dugnadsånda og viljen til å ta ansvar lokalt kan vere sterk.

 Det kan vere tette band mellom kyrkje og kommune, slik at dei kommunale styresmaktene lettare ser dei kyrkjelege behova.

 Talet på kyrkjer og plasseringa og utforminga av desse er ofte prega av busetnadsmønster, kommunikasjonar og behov frå tidlegare tider.

 Den kyrkjelege inndelinga og organisering er ofte også prega av busetnadsmønster, kommunikasjonar og behov frå tidlegare tider.

 Krevjande kommunikasjonar, små lokalsamfunn/forsamlingar og den demografiske samansetjinga av desse gjer det krevjande å skape berekraftige einingar for

gudstenesteliv, kyrkjeleg fellesskap, opplæring og diakoni.

 Store kyrkjelege reformer som gudstenestereforma og trusopplæringsreforma verkar ekstra overveldande med den geografien, demografien og ressurstilgangen som ein har.

 Kyrkjestabane er ofte små og spreidde, mange av dei tilsette arbeidet deltid og stabane er ofte lite stabile.

(9)

9

 Tradisjonelt, kristent arbeid knytt til bedehusa i bygdene er blitt sentralisert.

Gudstenestene er såleis ofte dei einaste regelbundne, kristne samkomene i bygda.

 Kyrkja og kyrkjelyden kan vere godt synleg i lokalsamfunnet, slik at dei ikkje druknar i dei mange verksemdene, tiltaka og tilboda.

 Mange har sterk tilknyting til det lokale kyrkjebygget og viktige hendinga og tradisjonar knytte til dette.

 Sjølv om sekulariseringa pregar også desse samfunna, kan den kristne tradisjonen, særleg knytt til høgtidene og viktige livshendingar (dåp, vigsle, konfirmasjon, gravferd), framleis vere sterk.

 Oversiktlege og små forhold gjer at så sant staben er stabil kan ein bygge gode relasjonar som grunnlag for kyrkjelydslivet.

 Kyrkjelege lokalpatriotisme (”vår kyrkje” og ”vår prest”) kan verke mobiliserande.

3 KVA ER LOKALKYRKJA?

Ut frå vår kyrkje sine vedkjenningsskrifter er kyrkja ”forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert rett framlagt og sakramenta rett forvalta. (CA 7).

3.1 Kyrkja er forsamlinga

Det vil seie at vi snakkar ikkje om ei kyrkje dersom det gjeld berre ein person. På den andre sida er det heller ikkje noko anna enn eit minimumstal for å kunne vere ei kyrkje (Matt 18,20

«For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.»). Men utover dette ser det ut til at ein i bibelsk samanheng reknar med samlingar av ein viss storleik. Lekamsmetaforen og nådegåveperspektivet fungerer knapt så lenge det berre er eit par menneske som kjem saman. Kanskje kunne ein med utgangspunkt i disippelflokken tenkje seg 12 som ei normal minimumsgrense?

Men ein må altså samlast. Dersom vi snakkar om kristne menneske som bur spreidde utover i landskapet, men aldri kjem saman på nokon måte, så er det altså ikkje ei kyrkje. Og er det ikkje ei kyrkje, så er det også vanskeleg for kristne å forbli kristne. Kristne kan knapt vere kristne utan å vere kristne i ei kyrkje.

Eit interessant spørsmål er om denne utfordringa må og kan forståast annleis i den moderne digitale tidsalder. Kva skal til for å samlast? Må ein vere fysisk tilstades i nærleiken av kvarandre, eller er ein ”samla” når menneske i distriktet høyrer på ei radiogudsteneste eller følgjer ei fjernsynsgudsteneste? Eller kan det tenkjast at ein meir lokalt kan leggje til for digitale løysingar der ein kan ”samlast” på ein annan måte ved hjelp av nettet og ulike installasjonar i heimen? Jfr. Overføring av kyrkja si gudsteneste til sjukeheimen annan stad i bygda.

(10)

10 Den digitiale/elektroniske samlinga har fleire hefte ved seg. For det første er graden av

deltaking sterkt redusert, og for det andre vert den ”deltakande” i mindre grad sett og rekna med. Ut frå ein meir prinsipiell synsvinkel må det dessutan påpeikast at ei ”samling” der ein ikkje er fysisk til stades i same rom, nødvendigvis må verte ei sakramentslaus samling.

Nattverd over nettet er det framleis ikkje lagt til rette for. Alt i dag synest det å vere slik at folk som bur ute i utkantane ofte er positive til dei kyrkjelege tradisjonane, som ofte er meir grunnfesta enn i bystrok, men tilsvarande asakramentale i si trusutøving.

Ein kan kanskje tenkje i retning av at digitale/elektroniske løysingar kan vere eit godt supplement til forsamlinga, men aldri erstatte den fullt ut.

No er det verken i Bibel eller vedkjenningskrifter sagt noko om at samlinga må vere i eit vigsla kyrkjehus. Tvert om. Verken Jerusalem eller det heilage fjellet er naudsynt lokalisering, men sann tilbeding skjer i ånd og sanning, same kvar ein er (Joh 4,20ff). Samstundes som det i landet vårt var ein stor innsats for å reise kyrkjer, vart evangeliet forkynt i heimar, skulehus, bedehus og mange andre forsamlingslokale. Konventiklane var varme forsamlingar, prestane helt bibelesingar i heimane og dei reisande emissærane forkynte evangeliet i mange slags husvære. I tider med dårlege kommunikasjonar var det først og fremst prestane og

emissærane, ikkje kyrkjelyden, som flytta på seg og laga forsamlingar, store eller små, der dei kom. Dette er ein strategi som framleis kan vurderast i grisgrendte strok.

Samlinga vert i bibelsk samanheng omtala i sterke fellesskapsmetaforar (kropp, familie).

Dette viser at fellesskapsdimensjonen er grunnle ggjande, ikkje berre fellesskapet med Herren som hovudet for lekamen, men også fellesskapet med kvarandre som ”brødre”. Det dreier seg altså ikkje om eit ad hoc-fellesskap, men om eit etablert og permanent fellesskap. Eit slikt fellesskap oppnår ein ikkje ved at folk reiser i aust og vest og finn ein stad der det er ei oppbyggjeleg samling. Sjølv om samlingane ikkje er så store, så er det dermed truleg sett frå eit ekklesiologisk perspektiv meir relevant med meir lokale, permanente samlingar. Men likevel så vidt stort at det gjev rom for eit visst mangfald i nådegåvene.

Det er altså ikkje berre snakk om graden av mobilitet, men like mykje om graden av stabilitet og attkjenning. Folk kan saktens reise lange vegar for å sjå eit teaterstykke, ein fotballkamp eller høyre på ein vekkingspredikant. Men alt dette har preg av ”happenings” og spanande eingangsopplevingar. Det jamne livet som kvar veke går i det same pulsslaget, har andre behov.

3.2 Kyrkja er forsamlinga av dei heilage.

At kyrkjelyden ikkje er samlinga av kven som helst, men samlinga av dei heilage er både bibelsk og luthersk. Heilage må i denne samanhengen bety dei som høyrer den Heilage til og som er helga ved Den heilage Ande i dåpen og som følgjer Kristus i tru. I grisgrendte strok vert det ofte til at ein endar opp med mange typar samlingar som kan ha ein gudstenesteleg ferniss, basarar, andakt på fotballbana, samling på oppdrettsenter, friluftsgudsteste på høgste nuten. Det kan vere freistande å seie at dette vert den forordna gudstenesta denne månaden, og det gjev mange frammøtte i statistikken. Men spørsmålet er jo om dette har karakter av å vere

(11)

11 samlinga av dei heilage. Då er altså ”heilag” ikkje sett på som ein kvalitet hos dei frammøtte.

Spørsmålet er heller om folk er seg bevisst at dei kjem saman om Herren og høyrer han til.

Eller sagt med andre ord: Framstår samlinga med eit preg som gjer at folk naturleg omtalar det som ei gudsteneste.

Ulike typar breiddesamlingar kan vere viktige og kontaktskapande, men kan likevel ikkje fungere fullt ut som samlinga av dei heilage, som må ha eit meir markert sakrifisielt preg.

3.3 Kyrkja er der evangeliet vert rett framlagt

Evangeliet må i denne samanheng forståast som Guds Ord. Ikkje Guds Ord i og for seg, men Guds Ord i funksjon, det Guds Ord som fornyar menneske, gjev tru og formidlar evig liv. Der Guds Ord ikkje vert lagt fram på denne måten, der er ikkje kyrkja.

Skal kyrkja vere i grisgrendte strok, må altså Guds Ord leggjast fram der på rett måte. Rett måte må både bety at det er kvalifisert forkynning med truskap mot Bibelen og vedkjenninga, men også at det er forkynning av det omfang og i den samanheng som er naudsynt for at menneske kan kome til tru og verte bevarte i trua. Omfang må sjåast både i høve til tid og rom. På den eine sida frekvens (kor ofte skal det forkynnast?) og på andre sida relatert til geografi (kvar skal det forkynnast for at kyrkjelyden skal bli nådd).

Vi må gå ut frå at kristenlivet får dagleg næring gjennom eigen andaktstilrettelegging i heimen ved bøn og Bibel-lesing, men frå bibelsk tid av har det med utgangspunkt i Herrens dag vore tilrettelagt for ei felleskapssamling ein gong i veka. Dette har vore kombinert med søndagen som den nye kviledagen. Søndagen har i praksis vore eitt av dei teikna som har gjort kyrkja synleg i denne verda.

Ein kvar kyrkjelyd bør etter dette ha tilgang til ei fellesskapssamling ein gong i veke, nemleg på søndagen, Herrens dag. Dette betyr ikkje at det må vere gudsteneste i kvar kyrkje kvar søndag. Det betyr derimot at kvart medlem i kyrkjelyden kvar søndag må ha tilgang til ei fellesskapssamling i si eiga forsamling der evangeliet vert rett forkynt. Dette kan vere ei gudsteneste i næraste kyrkja. Det kan vere ei gudsteneste i den andre kyrkja, som ligg 20 minuttars køyring unna. Det kan vere ei tilrettelagt gudstenesteleg samling på aldersenteret.

Det kan vere ei lekmannssamling på bedehuset, skulehuset eller i ein heim. Det kan vere overføring med ei eller anna teknologisk løysing av ei gudsteneste i lokalmiljøet – ikkje lenger unna enn at den som høyrer på/ser på, har rimeleg stor grad av attkjenning av miljø og deltakarar og opplever denne samlinga som ”mi” samling og seg sjølv som ein ”deltakar” i vidaste forstand og ein del av fellesskapet. Her fell altså ordinære radio- og

fjernsynsgudstenester utafor, med mindre dei kjem frå vedkommande si eiga kyrkje. Dette krev at dei som leier kyrkjelyden, tenkjer programmatisk om korleis forkynningstilbodet i området er, frå søndag til søndag.

(12)

12 Evangeliet rett framlagt må i ei luthersk kyrkje forståast i lys av det almene prestedøme. Det at det er innsett ei spesiell teneste med å lære evangeliet, må ikkje føre til ei einsidig

fokusering på at forkynninga er presten sitt ansvar. Tvert om. Hovudansvarleg for forkynninga er kyrkjelyden og det almene prestedøme. I grisgrendte strok har dette perspektivet alltid vore viktig i Den norske kyrkja dei siste 200 åra, anten det var ut frå eit radikalt lågkyrkjeleg utgangspunkt eller frå eit gislejonsonsk naudsprinsipp. Ein av grunnane til at dei grisgrendte strok i dag ofte vert fattige når gjeld evangeliske samlingar, er at dei gamle emissærane har vorte borte. Dei har også i for stor grad vorte nedvurderte som evangelieforkynnarar. Det er no på tide å spørje på nytt: Korleis kan lekfolket kallast, oppmuntrast og utrustast til å vere evangelieforkynnarar? Spesielt i grisgrendte område der ressurrsane til prestetenesta er begrensa. I denne samanhengen må undervising om det almene prestedøme og fornying av dette vere viktig.

Dette også fordi ”evangeliet rett framlagt” omfattar meir enn forkynninga ved gudstenester og oppbyggjelege samlingar. Evangeliet rett framlagt må også omfatte trusopplæring (merk. den latinske versjonen av CA VII: evangelium recte docetur) og i vidaste forstand også diakoni.

Denne sida med evangeliepresentasjonen høyrer også med til kyrkja sitt vesen og er knytt til den forsamlinga av dei heilage slik som denne forsamlinga måtte bli i dei ulike lokalsamfunn.

Konsekvensen av dette er at trusopplæring og diakoni må ha ei lokal forankring. Dette vil ikkje nødvendigvis ha som følgje at einingane må vere små i utkantstrok, men at arbeidet i einingane må tilrettleggjast slik at trusopplæring og diakoni er godt integrert i den lokale forsamlinga. Trusopplæring og diakoni må ikkje verte ”noko anna” som vert organisert og drifta heilt på sida av forsamlinga.

Ei kvalitativ side ved ”evangeliet rett framlagt” er at evangeliet, Guds Ord, må kome til uttrykk i heile si breidde og djupn. I grisgrendte strok der forkynningstilbodet er magert, har ofte evangeliet ein tendens til skrumpe inn til eit høgtids- , fest- og friluftsevangelium. Det er gudstenester ved høgtidene, ved dei store anledningane (konfirmasjon, 17. mai, haustakkefest) og på fjelltoppar og i bøkeskogen. Dette gjer at viktige sider ved bodskapen, ikkje minst det som gjeld kristent liv og kallet til teneste, vert usynleggjort. Dette er også eit argument for ein mykje meir programmatisk refleksjon over evangelieframlegginga og eit strategisk opplegg for dette. Dette er ikkje på same måten eit behov i tettbygde strok der forkynningstilbodet er langt breiare og hyppigare.

3.4 Kyrkja er der sakramenta vert rett forvalta

Dåp og nattverd har kvar sine utfordringar i grisgrendte strok. Dåpsprosenten er ofte langt over 100, medan nattverdsdeltakinga ofte er svært låg i høve til kor mange som er i kyrkja.

Høg dåpsprosent er lett å forklare. Utflytte ektepar kjem heim att for å døype borna sine der besteforeldra bur. Denne nokså vanlege praksisen har sine utfordringar. I folkekyrkja har dåpshandlinga mange dimensjonar (familiefest, namnefest, rite de passage, opptaking i kyrkja etc.). Den bibelske og sakramentale dimensjonen, at barnet vert fødd på ny, og fødd inn i Guds rike og Guds kyrkje på jorda, kan vere meir eller mindre present for familien. Det at dåpen ikkje skjer i kyrkjelyden der barnet bur, avsvekkar lett denne sakramentale

(13)

13 dimensjonen. Det er så mange andre og familiære omsyn som er viktige. Dåpen får si meining som limet i eit lite slektsstemne. Og samanhengen mellom dåpen, livet i kyrkjelyden og kyrkjelyden si trusopplæring vert avsvekka. Ofte ser ein også at samanhengen mellom dåp og førebuande dåpssamtale ikkje fungerer. Anten fordi det rett og slett ikkje har våre

dåpssamtale, eller fordi dåpssamtalen vart opplevd som lite aktuell lausreven frå sjølve dåpshandlinga. Slik kan det spørjast om den utbreidde praksis med å døype born frå andre sentrale sokn i utkantstrok er rett forvaltning av dåpssakramentet. Ja, om det ikkje er med på å avsvekke dåpssakramentet både i utkantstrok og i sentrale strok.

Dåpen er gyldig kvar han så vert forretta. Men det er ikkje det same som at han vert rett forvalta. Rett forvalta må også bety at han vert forvalta på ein slik måte at han er med på og byggje kyrkjelyden og er der som eitt av kyrkjelyden sine synlege teikn. Dette impliserer også den rette samanheng mellom dåpen og kyrkjelyden sitt ansvar for den døypte, og for

samanhengen mellom dåpsakrament og dåpsopplæring, mellom dåpens fødsel og eit liv i tru.

Så paradoksalt nok kan høg dåpsprosent i grisgrendte strok bety ei devaluering av dåpssakramentet.

I mange utkantstrok er nattverdsdeltakinga låg. Mange stader er dette historisk sett kombinert med det har vore sjeldan nattverd i gudstenestene. Det kan sjå ut som nattverden derimot har vore meir vanleg som eit botssakrament, eller ein siste olje, ved livets slutt. Nattverden har i mindre grad vore knytt til forsamlinga enn til den einskilde kristne, og har langt på veg fungert som ein livbøye som vart kasta ut til den som heldt på å gå under i ein krisesituasjon.

At soknebodet opp til i dag har halde seg levande i folk sine tankar, er positivt, men det er ei utfordring at nattverden synest tilsvarande lite aktuell som trusstyrkande sakrament i ein normalsituasjon i forsamlinga.

Rett forvaltning av nattverdssakramentet må bety at det er knytt til forsamlinga på ein slik måte at det i det normale framstår som eitt av den heilage kyrkja sine synlege teikn.

Ut frå læra om det almene prestedøme er nattverden like gyldig om han vert foretta av ein uordinert, slik som det også skjer i nokre forsamlingar innafor kyrkja vår etter Stortingsvedtak i 1913. Biskopen kan også gje fullmakt til lekfolk til å forette nattverd innafor vår kyrkje sine offisielle ordningar. Dette burde kunne nyttast meir i grisgrendte strok. På denne måten kunne nattverdssakramentet styrkast i forsamlinga uavhenging av presteressursar.

I mange miljø har ”rett” forvaltning av sakrament, når det gjeld nattverden, vore

einsbetydande med at sakramentet skulle forvaltast av ein ordinert som også hadde mynde til å sjå til at nattverden ikkje vart praktisert på uverdig måte. Eigentleg er dette aspektet nedtona i vedkjenningsskriftene som til og med finn på sin plass å understreke at ordet og sakramenta er verkekraftige på grunn av Kristi innstifting sjølv om dei vert meddelt av vonde menneske.

Rett forvaltning må like mykje bety at sakramenta får den plass i forsamlinga som er naudsynt for at dei heilage skal bevare og styrke si tru. Dette betyr at nattverden må forrettast ofte nok, helst i kvar samling med gudstenesteleg karakter.

(14)

14

3.5 Kva er ein kyrkjelyd?

Ut frå dei refleksjonane som er gjevne ovanfor, er ein kyrkjelyd ei forsamling av (minst 12 ?)

”heilage” menneske som kjem regelmessig saman om evangeliet og sakramenta. Desse må ha ei ordna evangelieframlegging og ei ordna sakramentsforvaltning, ikkje nødvendigvis berre gjennom ein ordinert prest, men etter behov like gjerne ved ein anna person som er kalla av kyrkjelyden og som biskopen har gjeve dei tilstrekkelege fullmakter.

Kva som er ein kyrkjelyd, må vurderast uavhengig av soknegrenser. Av og til vil sokn og kyrkjelyd dekke same geografiske område, andre gonger vil det vere mange kyrkjelydar innfor eit sokn.

Soknerådet og fellesrådet vil vere soknet sine offisielle organ, men der det naturleg er fleire kyrkjelydar innafor eit sokn, vil kvar kyrkjelyd også kunne ha sitt kyrkjelydsutval som legg til rette for arbeid i kyrkjelyden alt etter kva som vert delegert av soknerådet.

4 LOKAL STRATEGI

I dette kapittelet ønskjer vi å peike på faktorar som er særleg relevante i desse kyrkjelydane sitt arbeid med lokal strategi. Målsetjinga er å halde ei prinsipiell forståing av

lokalkyrkjelyden saman med dei lokale tilhøva, slik at det kan verte til tru, tilbeding og teneste i kyrkjelyden: Gud til ære og menneske til gagn.

4.1 Vesen og oppdrag.

Kyrkjelyden er eit kristent fellesskap som er skapt og lever ved nådemidla, og er i sitt vesen tilbedande, vitnande og tenande. Som verksemd kjem dette i hovudsak til uttrykk som:

Gudstenestefeiring

Katekese (evangelisering og trusopplæring)

Diakoni

I klassisk, kyrkjeleg språk er dette uttrykt som: Liturgia, martyria, diakonia, koinonia.

4.2 Mål.

Soknet sitt mål og oppgåve er å ”vekkje og nære det kristne livet”.

4.3 Strategisk eining.

Den strategiske tenkinga må ta utgangspunkt i grunneininga i kyrkja. I teologisk forstand er dette kyrkjelyden. I kyrkjerettsleg og administrativ forstand er soknet grunneininga i kyrkja, sjølv om det dei seinare åra har avgjeve vesentlege funksjonar til fellesråd og prosti.

(15)

15 Eit sentralt, strategisk spørsmål vil såleis vere om storleiken på kyrkjelyd og sokn er høveleg med omsyn til både kommunikasjonar og funksjonar. Nokre stader vil det vere naturleg å dele soknet inn i fleire kyrkjelydar. Andre stader er det mest tenleg at kyrkjelyd og sokn er

samanfallande. Då vil det gjerne vere trong for supplerande einingar, som t.d. kyrkjekrinsar.

Ut frå kyrkjelyden sitt vesen og oppdrag vil det leiande spørsmålet i dette stykket vere kva som er den naturlege eininga for sams, regelbunden gudstenestefeiring og sams,

grunnleggjande katekese og diakoni. Soknet si oppgåve er å leggje til rette for dette under eit sams leiarskap. Samstundes vil det ofte vere trong for supplerande einingar regionalt (t.d. for konfirmantundervisning og anna trusopplæring).

I grisgrendte strok vil såleis kva som er berekraftig einingar for dei ulike delane av verksemda, og kva som såleis skal gå føre seg lokalt og sentralt, vere eit svært vesentleg, strategisk spørsmål.

Sidan det lokale, kyrkjelege leiarskapet ligg i soknet, ved sokneråd og sokneprest, må i alle høve ansvaret for den lokale strategien i hovudsak ligge her.

4.4 Lokal kontekst.

Når dette skal utmyntast lokalt må ein ta omsyn til lokale tilhøve som:

 Geografi og kommunikasjonar

 Busetnad og demografi

 Historie og tradisjonar

 Allmenn og kyrkjeleg kultur

 Plassering og utforming av kyrkjer og andre gudshus

 Menneskelege og økonomiske ressursar

4.5 Breidde og djupn.

I ei folkekyrkje må den kyrkjelege verksemda sikre både breidde og djupn i kyrkjelyden sitt liv og teneste, og slik vekkje og nære både ”folkekyrkjelyden” og

”kjernekyrkjelyden/trusfellesskapet”. D.v.s. at alle i kyrkjelyden må sikrast grunnleggande kunnskap om og oppleving av kristen tru og liv. Samstundes må det leggjast til rette for fordjuping og vokster i den kristne trua og livet.

Desse to dimensjonane ved den kyrkjelege verksemda vil sjølvsagt ikkje kunne skiljast heilt frå kvarande. Kyrkjelydsarbeid kan såleis ikkje delast i to heilt ulike kategoriar som

breiddeverksemd eller fordjupingstiltak. Like som ”folkekyrkjelyden” og ”trusfellesskapet” er delvis overlappande og gjensidig avhengige av kvarandre, vil det vere slik også i forholdet mellom breiddeverksemda og fordjupingsverksemda.

Eit slik strategisk tilnærming kan like vel vere særleg nyttig i grisgrendte strok, då det vil kunne tydeleggjere tilknytingspunkta og nettverka for den kyrkjelege verksemda, og slik vere retningsgjevande for kva som bør gå føre seg lokalt og sentralt.

(16)

16

4.6 Tilknytingspunkt og nettverk.

Særleg i grisgrendte strok vil tilknytingspunkta og nettverka vera noko ulike for breiddeverksemda og fordjupingsverksemda.

Breiddeverksemda vil kunne spele på naturlege nettverk (familien, grenda, skulekrinsen) og tilknytingspunkt som overgangsriter (dåp, konfirmasjon, gravferd) og lokalkultur (tilknyting til kyrkjebygget og kyrkjegarden, lokale tradisjonar og historie, dugnadskultur og

lokalpatriotisme). Dersom breiddeverksemda vert lagt lokalt og med tilknyting til lokalmiljøet, vil såleis terskelen for deltaking kunne vere heller låg.

Fordjupingsverksemda må i større grad knytast til åndeleg motivasjon i snever forstand, som ønskje om eit kristent fellesskap, vekst i trua og deltaking i kyrkjelydsarbeidet. Her vil såleis nettverka og tilknytingspunkta ikkje vere så knytte til lokalmiljøet, men gjerne til eit større, meir sentralt miljø. Den kyrkjelege motivasjonen vil gjerne også vere stor nok til at reiseavstand og reisetid ikkje vert så styrande for graden av deltaking.

4.7 Aldersspesifikke faktorar.

I grisgrendte stork vil også spørsmålet om mobilitet i dei ulike aldersgruppene vere vesentleg i vurderinga av kva som bør gå føre seg lokalt og sentralt. Her spelar sjølvsagt geografien, kommunikasjonane og ein viss grad den ”mentale avstanden” ei stor rolle. Men utgangspunkt for ei aldersrelatert vurdering kan vere:

Spedbarn med foreldre vil ha rimeleg høg mobilitet. Foreldra (mødrene) har gjerne permisjon og er motiverte for å oppsøkje foreldre som er i same livssituasjon. Borna er dessutan lette å ta med. Tiltak for aldersgruppa vil såleis kunne leggjast sentralt eller regionalt i større einingar.

Småbarn vil ha lågare mobilitet. Desse går gjerne i barnehage og skule lokalt, og har nettverket sitt der. Også foreldrenettverka er lokalt orienterte. Tiltaka for aldersgruppa bør såleis leggjast lokalt, så sant årskulla er store nok til dette.

Større born vil ha høgare mobilitet. I denne aldersgruppa er ein gjerne motivert for større miljø og interessefellesskap. Kritisk faktor er gjerne motivasjonen for henting/bringing hos foreldra. Tiltaka bør kunne leggjast regionalt.

Ungdom har høg mobilitet. Dei går gjerne saman på ein sentral ungdomsskule og vil gjerne vere saman i større fellesskap. Kritisk faktor er igjen transport. Tiltak bør kunne leggjast regionalt eller sentralt i større einingar. Samstundes må tilknytinga til

lokalkyrkjelyden takast vare på.

Vaksne bør ha stor mobilitet. Men her spelar motivasjonen vesentleg inn. Tilknytings- og nettverksspørsmålet vert såleis vesentleg for vurdering av lokaliseringsspørsmålet.

(17)

17

Yngre alderspensjonistar har ofte høg mobilitet og kan vera ein ressurs i kyrkjelydsarbeidet.

Eldre har gjerne låg mobilitet. Tiltak bør såleis primært leggjast lokalt.

4.8 Verksemdsspesifikke faktorar.

I vurderinga av kva som er berekraftige, naturlege einingar for den kyrkjelege verksemda vil det kunne vere nyttig å tenkje verksemdsspesifikt. Det styrande spørsmålet vert kva einingar og lokaliseringar som fungerer best for dei ulike delane av verksemda.

4.8.1 Gudstenesteliv.

Sidan gudstenestelivet er navet i kyrkjelyden, må alle i soknet sikrast ei regelbunden, sams gudstenestefeiring som ligg innanfor rimeleg reisetid. Dette vil dei fleste stader tilseie ei viss desentralisering. Men det føreset ikkje alltid eit fullverdig

gudstenestetilbod i den lokale kyrkja. Så sant reisetid ikkje hindrar det, kan delar av gudstenestefeiringa gå føre seg regionalt eller sentralt.

I vurderinga av kva gudstenestetypar som vert lagt lokalt/sentralt kan breidde/djupn- dimensjonen vere svært nyttig. Såleis kan det vere naturleg å leggje ”breidde-

gudstenester”, som trusopplæringsgudstenester, høgtidsgudstenester og gudstenester med særleg bygdetilknyting til lokalkyrkja. Medan ”fordjupingsgudstenester” med meir undervisande forkynning og lødigare liturgisk uttrykk kan leggast meir sentralt.

Dei fleste stader vil det uansett vere trong for jamlege opplevingar av storfellesskap.

Det kan såleis vere tenleg å satse særskilt på nokre ”storfellesskap-gudstenester”, då ein samlast til ei, sams gudstenestefeiring.

Med dei stadige nedskjeringane på presteressursar i grisgrendte strok vil det vere ekstra aktuelt å drøfte bruken av lekmannsgudstenester, for å få til eit lokalt gudstenestetilbod med rimeleg frekvens.

4.8.2 Katekese.

Katekesen er gjerne knytt til dei ulike aldersgruppene. Dei aldersspesifikke faktorane vert såleis vesentlege. Svært mange av trusopplæringstiltaka er breiddeorienterte. Dei tilknytingspunkta og nettverka som er mest nærliggjande for breiddeverksemda vil såleis vere særleg relevante.

Dette peikar i retning av at katekese for spedbarn med foreldre, som t.d. baby-song, kan leggast regionalt eller sentralt. Like eins katekese for ungdom, som

konfirmantundervisning og ungdomsklubb. Det same gjeld eit stykke på veg for vaksne. Medan tiltak for born bør leggast lokalt. Men her må det takast omsyn til at dei lokale årskulla kan vere så små at ein bør søkje større einingar.

(18)

18 Sjølv om vaksenkatekesen eit stykke på veg kunne sentraliserast, vil der alltid vere trong for lokale, livsnære einingar som bibelgrupper og liknande.

Noko av djupingsbehovet vil i grisgrendte strok vere vanskeleg å få dekka i eigen kyrkjelyd og sokn. Slik vil det vere ekstra trong for tilbod om deltaking i leiartrening, kurs, leirar og liknande på prostiplan eller i andre større, kyrkjelege nettverk.

4.8.3 Diakoni.

Sidan dei naturlege nettverka i grisgrendte strok oftast er heller sterke, vil behovet for organiserte, diakonale tiltak gjerne ikkje vere så store. I staden kan det vere trong for å synleggjere, løfte fram og kyrkjeleg legitimere den diakonien som går føre seg i desse naturlege nettverka. Desse kan også forsterkast gjennom ein frivilligsentral eller ein medarbeidarkoordinator i kyrkjeleg regi, eventuelt i samarbeid med kommunen og lag og organisasjonar.

I grisgrendte strok er eldre og menneske med nedsett funksjonsevne gjerne ekstra utsett for einsemd, grunna spreidd busetnad og dårlege kommunikasjonar. Det vil såleis vere særleg viktig å ha desse gruppene for auga, - ikkje minst med omsyn til skyss og følgjeteneste. I det heile vil det gjerne vere særleg trong for

fellesskapsbyggande tiltak som kyrkjekaffi, kyrkjelydsturar og liknande.

Prinsippet om universell utforming gjeld også i grisgrendte strok, men kan vere ekstra krevjande å gjennomføre fysisk grunna mange og ofte gamle kyrkjebygg.

4.9 Særskilde satsingsområde.

Ikkje minst i strok som er prega av ei negativ utvikling på mange område, kan det vere viktig å satse spesielt på eitt kyrkjeleg område der det er mogeleg å lukkast. Slik kan ein skape identitet, samkjensle og stoltheit i den kyrkjelege verksemda, og profilere kyrkjelyden utåt.

Dette kan innebere at ein må i vesentleg grad nedprioritere nokre område, for å kunne investere i det særskilde satsingsområdet. Vi må ha noko å ”flagge”!

4.10 Prosess.

Det strategiske arbeidet vil i grisgrendte strok vere særleg avhengig av lokal forankring. Det føreset at ein gjev seg tid til ein grundig, ”nedanfrå og opp”- prosess, der mange kjem til orde og er involverte. Prosessen vil såleis ofte vere minst like viktig som det eventuelle

strategidokumentet.

Motivasjonen for endring er oftast vere meir kjensle- enn tanketufta. Det er såleis vanskeleg å argumentere fram strukturelle endringar. Skal ein t.d. oppnå større, berekraftige einingar, vil det vere vesentleg å kunne gi positive opplevingar i eit slikt større fellesskap. Dei kulturelle endringane vil såleis kunne vere førande for dei strukturelle.

Svært viktig til det vere at strategien avspeglast ikkje berre i prioriteringa og struktureringa.

Den underliggjande tankegangen må kommuniserast inn i alle tenkjelege samanhengar, ikkje

(19)

19 minst forkynninga. Det vil såleis vere vesentleg å kunne skape ”kyrkjelydsformande bilete”

av kyrkjelyden, omslutta av bøn, som kan gje retning og kveik til kyrkjelydslivet.

4.11 Målretta tolmod.

Det målretta tolmodet er vesentleg i alt strategisk leiarskap. I grisgrendte strok vil det vere særleg viktig. Her vil ein i mindre grad enn i urbane strok kunne satse på prosjektorientert og tilskipingsbaserte tiltak. I staden vil det fyrst og fremst handle om å bygge trygge relasjonar og samkjensle med lokalmiljøet og den lokale kyrkjelyden. Det gamle kyrkjelege idealet stabilitas loci - truskap mot staden - er såleis særleg relevant.

Det vil følgjeleg vere viktig at ein tek vare på dei kyrkjelege medarbeidarane og leggje til rette for at dei kan stå i den lokale tenesta over tid. Dette vil handle om gode arbeidstilhøve lokalt, men også om å gje høve til å ”lufte seg” gjennom etterutdanning og ved at ein får brukt kompetansen sin regionalt og sentralt. I siste instans handlar det om truskap i tru, tilbeding og teneste.

5 STRUKTUR OG ORGANISERING 5.1 Tenlege organisatoriske einingar

§ 2 i Kyrkjelova lyder slik:

”Soknet er den grunnleggende enhet i Den norske kirke og kan ikke løses fra denne. Soknet har selv rettigheter og forpliktelser, er part i avtaler med private og offentlige myndigheter og har partsstilling overfor domstol og andre myndigheter.

Hvert sokn hører til ett prosti. Hvert prosti hører til ett bispedømme.

Endringer i den kirkelige inndeling og navn på kirke, sokn, prosti og bispedømme fastsettes av Kongen. Departementet treffer de bestemmelser som er nødvendige for gjennomføring av inndelingsendringer og foretar nødvendige lempninger i

anvendelsen av gjeldende lov.

Særskilt ordning for døvemenigheter og andre kategorialmenigheter fastsettes av Kongen”.

Kyrkjelova fastset altså at Den norske kyrkja har tre undernivå: Bispedømme, prosti og sokn. Av desse står soknet i ei særstilling som einaste eininga som er eit juridisk subjekt.

Det er fleire utfordringar knytt til denne inndelinga.

For det første er storleiken på sokna svært varierande og tilfeldig. På landsbasis, men også i Bjørgvin, varierer storleiken frå under 100 til over 20 000 medlemer. Nokre gonger heng dette saman med geografiske tilhøve, andre gonger like så mykje heng det saman med lokal strategi og politiske konstellasjonar.

(20)

20 For det andre er det andre kyrkjelege einingar enn dei som lova skisserer, som ofte i praksis synest like så viktige, nemleg kyrkjelyd og fellesrådsområde/kommune.

Prestegjeld var ei viktig kyrkjeleg eining før, men etter at prestegjeld vart teken ut or lovverket 01.01.2012, kan det synest som fellesrådsområdet har overteke noko

tomrommet etter prestegjeldet som ei eining mellom sokn og prosti. Ofte var det også slik at prestegjeldet sine grenser fall saman med kommunen sine grenser.

Bortsett frå spesielle kategorialkyrkjelydar, har kyrkjelydane vanlegvis ei avgrensing som er bestemt av dei geografiske tilhøva. Som regel har kyrkjelyden ei, og berre ei, kyrkje som samlingsstad. Slik kan ein ha mange kyrkjelydar i eitt sokn. Storleiken på kyrkjelydane kan variere mykje.

Fellesrådsområdet er bestemt av kommunen sitt omfang og kan variere frå eit par hundre medlemmer til ein halv million.

Samanlikna med den store spriken på storleiken av kyrkjelydar, sokn og

fellesrådsområde, synest storleiken på prosti og bispedøme å vere meir kongruent.

Kva handlingsrom har ein så i dag når det gjeld å finne fram til tenlege einingar og strukturar?

a. Storleiken på sokn kan endrast gjennom vedtak i bispedømerådet.

b. Storleiken på kyrkjelydar kan endrast gjennom lokale prosessar.

c. Storleiken på fellesrådsområdet kan endrast gjennom kommunesamanslåing, i tillegg kan fellesråd samarbeide om ulike tenester.

d. Grenser mellom kyrkjelege einingar kan endrast.

e. Nye uformelle einingar kan etablerast.

5.1.1. Storleiken på sokn

Eit sokn har eit sokneråd og storleiken på sokn må vurderast ut frå kva som er eit naturleg strategisk område for eit sokneråd. Det går dels på å ha eit område som kan rekruttere eit kompetent råd, og vidare ha eit område som er ei naturleg eining for det kyrkjelege arbeidet, som rådsmedlemene kjenner og som det kan utarbeidast samlande planar for.

Eit kompetent råd bør ha ei viss breidde i alder og erfaring, dette krev eit viss befolkningsgrunnlag. Det same gjer også planar for barne- og ungdomsarbeid, dersom årskulla kjem under 10, er det vanskeleg å byggje robuste fellesskap.

Med dette som bakgrunn, er det mykje som talar for at eit sokn som ein hovudregel ikkje burde ha mindre enn 1000 medlemer. I einskilde høve, for eksempel der kommunen har mindre enn 1000 innbyggjarar, må ein gjere unnatak frå denne hovudregelen. 1000 var også minimumstalet for sokn som Hille-utvalet i si tid opererte med.

(21)

21 Mange lokale interesser vil ofte halde oppe gamle hevdvunne einingar.

Spørsmålet er om bispedømet bør ta eit sterkare initiativ for å endre soknegrenser.

5.1.2.Storleiken på kyrkjelydar

Ein kyrkjelyd treng ikkje ha noko anna styringsorgan enn soknerådet, men kan ha eit friviljug kyrkjelydsutval eller liknande. Ein kyrkjelyd vert konstituert ut frå samlingspraksis, forkynning og sakramentsforvaltning. Dette er alt element som kan endrast. Eksempelvis kan ein tenkje seg eit sokn som har tre kyrkjer. Ut frå gamal praksis samlast tre grupper menneske i kvar sine av dei tre kyrkjene, som også har ein gudstenestefrekvens som er etter måten lik. Det vil vere naturleg å seie at vi har tre kyrkjelydar.

Men dersom ein avvikla to av kyrkjene og auka opp gudstenestetalet tilsvarande i den eine kyrkja, vil ein etter kvart også ha berre ein kyrkjelyd i området. Dette må vere eit strategisk val, som må kunne avgjerast ut frå lokale ressursar og tilhøve. Det er slett ikkje sikkert at samanslåing av sokn, treng dra med seg samanslåing av kyrkjelydar. Men ut frå ei strategisk tenking må ein stadig på nytt spørje: Kva er ein livskraftig kyrkjelyd? Og korleis nyttar kyrkja ressursane på den beste måte. Dette bør vere ei hovudsak for eit kvart sokneråd.

Grenser mellom kyrkjelege einingar

Det er i hovudsak grenser mellom sokn og grenser mellom kyrkjelydar som enkelt kan endrast. Endring av grenser treng ikkje bety samanslåing, men kan også bety å finne meir høvelege avgrensingar til alt eksisterande einingar.

Etter innføring av ny tenesteordningar for prestar med prostiet som

tenestedistrikt, ville det vere naturleg med ein totalgjennomgang av prostia med sikte på å utnytte presteressursane på den beste måte. Spesielt i Hordaland ser det ut til å vere eit potensiale for å finne meir tenlege grenser.

5.1.3.Storleiken på fellesrådsområde og samarbeid mellom fellesråd

Kommunestorleiken kan ikkje endrast på kyrkjeleg hald. Men fellesråd kan samarbeide om å løyse oppgåver. Dette er det gjort ein del forsøk med i KA-regi.

Det har vore lagt ned store ressursar for å utgreie dette området. Mange oppgåver kan løysast langt meir effektivt om ein kan etablere større einingar enn mange små fellesråd utgjer.

Det er rapportert om gode erfaringar, men denne måten å samarbeide på, synest lite benytta i grisgrendte strok der ein kunne tru at ein hadde mykje å tene på det.

Motviljen mot samarbeidsløysingar dreiar seg ofte om at ein lokalt ikkje berre ønskjer å halde opp tenestene, men også ønskjer å ha dei personane som utfører tenestene og det utstyret og dei lokalitetane som er naudsynt for tenestene.

Ein kamp for desentraliserte kyrkjelege tenester, er ofte ei anna side av kampen for å halde oppe busetnaden i grisgrendte strok.

(22)

22 5.1.4 Nye uformelle einingar kan etablerast

Trusopplæringseining er døme på ei slik ny eining. Dette er ei eining som vert etablert som eit arbeidsfellesskap for å løyse ei spesiell oppgåve. Det er sagt at desse einingane burde ha årskull på mellom 50 og 150. Dette kan vere eining som omfattar fleire sokn – eller også fleire kommunar. Eller det kan vere ei eining som er mindre enn eit sokn. Det er ei strategisk eining leia av eit utval.

Eit anna døme er at prestane i einskilde prosti har inngått eit |

tenestevekesamarbeid som er slik at ein deler prostiet opp i høvelege einingar og innafor kvar eining avløyser prestane kvarandre, primært når det gjeld

gravferder, etter ei ordning som dei i stor grad styrer sjølve.

Beredskapsområde er ofte det same som eit prosti, men ikkje alltid. Der er prosti som har fleire beredskapsområde og det er beredskapsområde som ikkje følgjer prostigrensene.

Når det gjeld konfirmantarbeidet, så har mange prestar nokså einsidig prøvd å løyse denne oppgåva innafor sine sokn. Det har nokre gonger resultert i at prestar har brukt eit stort tal timar på årskull heilt ned til 2-3 konfirmantar. Her må ein kunne finne meir ressurssparande måtar å organisere dette arbeidet på, for eksempel gjennom å slå saman mange sokn og eventuelt fleire kommunar og samle konfirmantar frå eit større område til dagssamlingar, weekendsamlingar eller vekesamlingar på leir. Her kan fleire prestar og andre medarbeidarar samarbeide.

Det er eit spørsmål kor mange tenester og oppgåver i kyrkja som ein ønskjer å løyse gjennom organisering i einingar og samarbeidrelasjonar som går på tvers av dei etablerte sokne-, kommune- og prostigrenser. Slike tversgåande strukturar reiser ofte spørsmål om kvar leiarskapet i høve til desse oppgåvene eigentleg ligg.

Kanskje bør prostane, som leier prestetenesta i større grad ta grep for å organisere prestane sin oppgåver meir tenleg og effektivt?

5.2 Tenlege strukturar for organisering av funksjonane til soknet

Soknet sine funksjonar er innretta mot å byggje levande kyrkjelydar, gjennom evangelieforkynning og sakramentsforvaltning. Når det gjeld aktørane i desse funksjonane må ein skilje mellom uløna og løna medarbeidarar.

5.2.1. Ulønna medarbeidarar

I ei evangelisk- luthersk kyrkje som held de ålmenne prestedømet i hevd, vil kyrkjelydsarbeidet i soknet vere grunnlagt på fellesskapet mellom og tenestene til dei uløna medarbeidarane.

Uløna medarbeidarar, for eksempel i barnearbeid eller diakonalt arbeid, vil i stor grad ha eit lokalt fokus med liten aksjonsradius. Det kyrkjelege arbeidet vil

(23)

23 i hovudsak kunne utførast på fritida, altså på kveld eller i helga. Dette

utelukkar reiser og lengre fråvær frå heimen. I den grad kyrkjelydsarbeidet i grisgrendte strok skal gjennomførast av uløna medarbeidarar, så talar dette for mange små lokale einingar/kyrkjelydar. Ei utfordring for slike uløna

medarbeidarar i grisgrendte strok er deltaking i større fellesskap som gjev inspirasjon og kompetanse, samt å få ei god tilrettelegging og oppfølging frå dei som har eit overordna strategisk ansvar for tiltaka. Her sviktar det ofte i utkantane.

5.2.2.Løna medarbeidarar

Løna medarbeidarar har ofte behov som går i motsett retning. For å kunne leve av arbeidet og sitje med god kompetanse, er det naudsynt med fulle stillingar og konkurransedyktig løn, samt eit fagleg fellesskap med kollegaer. I grisgrendte strok vil ein ofte berre kunne få dette til dersom den tilsette har ansvar for eit stort område, med betydelege reiseavstandar. Den tilsette vil ofte verte ståande i ein konflikt mellom det å spare inn på reisene og det å vere tilgjengeleg i lokalsamfunnet. Dette er i dag i hovudutfordring når det gjeld stillingar innafor trusopplæring og diakoni og kyrkjemusikk – og til dels også når det gjeld prestar. Dette er stillingar som krev kompetanse, men dei

økonomiske resursane er så små at ei full stilling får eit etter måten svært stort geografisk nedslagsfelt i grisgrendte strok.

Når ein ser stor mangel på rekruttering til desse stillingane i grisgrendte strok, så er dette noko av forklaringa.

Ulike løysingar har vore prøvde:

a. Kombiløysingar internt i kyrkja

Dette kan for eksempel vere å kombinere stillingar (organist +

kyrkjelydspedagog; organist + diakon; diakon + kyrkjelydspedagog osv) b. Kombiløysingar i kommunen

(Organist – bonde; kateket – lærar; diakon – sjukepleiar) c. Samarbeidsløysingar med uløna medarbeidarar

I mange instruksar til løna medarbeidarar står det eit punkt om at dei har eit ansvar for å rekruttere og leie friviljuge. Ofte er dette eit undervurdert punkt som vert gjort lite ut av og kanskje gløymt i det daglege arbeidet. Dette burde gjerast til ei hovudsak. Ikkje minst i grisgrendte strok. Ein kan sjå for seg ein modell der den som er i løna stilling først og fremst er ein kompetanseperson og administrativ tilretteleggjar for eit større område. Han er leiar for eit stort korps av uløna medarbeidarar ute i dei mange kyrkjelydane. Dette kan vere ein diakon som har mange friviljuge diakonimedarbeidarar og diakoniutval, ein kyrkjelydspedagog som administrerer mange foreldre og barnearbeidarar, ein kyrkjemusikar som engasjerer friviljuge musikarar eller ein prest som legg til rette for leke gudstenesteleiarar.

(24)

24 Skal ein finne tenlege strukturar i utkantstrok som legg til rette for soknet sine funksjonar, så må ein finne strukturar som rekrutterar, utrustar og følgjer opp uløna medarbeidarar samstundes som dei gjev rom for attraktive kompetanse- stillingar. I eit godt samspel mellom desse kan små kyrkjelydar vere

livskraftige innafor sokna. Utan eit levande lekmannsarbeid vil dei små kyrkjelydane måtte gå saman til større kyrkjelydar med eit meir sentralisert gudstenesteliv.

5.2.3. Elektronisk medarbeidarskap – dagleg leiarskap utan fysisk nærvær Ein vesentleg del av kyrkja si verksemd er verbal eller visuell formidling i ei eller anna form. Det meste kan formidlast elektronisk medarbeidarar i mellom eller direkte til kyrkjelyden sine medlemer. Dette gjev eit potensiale for kontakt og samarbeid som er heilt nytt i verdshistoria. Ein svært liten del av dette er utnytta i dagens kyrkjelydsarbeid. Potensialet er spesielt stort i grisgrendte strok.

Ein kan for eksempel sjå for seg at ein kyrkjeleg fagarbeidar som leier eit korps av uløna medarbeidarar organiserer invitasjonar til deltakarar i kyrkjelyden, innhald av samlingar, materiell til born, PowerPointpresentasjonar, videoar, rettleiing til medarbeidarar, opplegg for evaluering etc. På denne måten kan den uløna medarbeidaren verte utrusta og følgd opp på ein skikkeleg måte utan at den løna fagarbeidaren treng vere fysisk til stades.

Ein kan her truleg dra lærdom av korleis ein innafor einskilde industribedr ifter eller andre offentlege verksemder, for eksempel forsvaret, samarbeider

elektronisk også på tvers av landegrenser.

5.3 Tenleg bruk av kyrkjebygg og andre kyrkjelege forsamlingslokale

Eit overblikk over rekneskapa til dei kyrkjelege fellesråda vil vise at ein stor del av økonomien er knytt til å drifte og ta vare på kyrkjer og kyrkjegardar. Dels er dette direkte utgifter som vedlikehald, orgelservice, forsikring, oppvarming,

kyrkjegardsslått, men også indirekte utgifter til stillingar (klokkar, kyrkjetenar, kyrkjegardsarbeidar, kyrkjeverje) som har arbeidstid knytt til desse anlegga. Ja, også gudstenesteforordninga er knytt til talet på kyrkjer og dermed storleiken på stillingane til prestar og kyrkjemusikarar.

Fleirtalet av kyrkjer i bispedømet er meir enn 100 år gamle og reflekterer samfunnstilhøve og kyrkjelege tilhøve som rådde den gongen. Dette gjeld både plassering, dimensjonering og arkitektur/innreiing. Desse kyrkjene er einsidig tilpassa ei høgkyrkjeleg embetskyrkje med eit passivt lyttande lekfolk. Dei står slik i eit spenningstilhøve til dagens rådande kyrkjesyn med aktivt lekfolk som gudstenesta og kyrkjelydsarbeidet sitt agerande subjekt.

(25)

25 Dette vert spesielt i augefallande i grisgrendte strok der det er få eller ingen alternative forsamlingslokale for kyrkjelyden. Og mange stader der folketalet har søkt betrakteleg i høve til utgangspunktet for 100 år sidan, så kan ein oppleve at kyrkjelyden er til for kyrkjebygningen si skuld og ikkje omvendt.

Kanskje kunne ein setje opp visse kriterier som må innfriast dersom kyrkja framleis skal vere den normale samlingsstaden for kyrkjelyden. Ein kan tenkje seg at ei kyrkje bør avviklast som soknekyrkje dersom dei fleste av dei følgjande kriteria slår inn:

I. Soknet har fleire kyrkjebygningar.

II. Det er mindre enn 100 menneske som naturleg soknar til kyrkja.

III. Det er mindre enn ein halvtime å køyre til næraste nabokyrkje.

IV. Det er vanlegvis færre enn 10 deltakarar på gudstenestene.

V. Kyrkjebygningen er svært lite tenleg som forsamlingslokale for kyrkjelyden.

VI. Kyrkja er ikkje verneverdig etter riksantikvaren si vurdering.

VII. Kyrkja er i svært dårleg teknisk stand.

VIII. Det er lite lokalt engasjement for å ta vare på kyrkja.

At ei kyrkje vert avvikla som soknekyrkje kan bety at kyrkja bør rivast, men det kan også bety at ein finn nye bruksområde for kyrkjebygningen (museum, utleige til andre kyrkjesamfunn, kulturhus, konsertlokale etc.). Endra bruksområde er enklare dersom det ikkje er gravplass rundt kyrkja.

Truleg bør bispedømeadministrasjonen oppfordre til ei generell lokal evaluering av kyrkjestrukturen. Ein kan utarbeide eit kriteriesett som kan nyttast av fellesråda, med tanke på evaluering av eigen kyrkjestruktur. Der ein har eldre kyrkjer som ein vil satse på som kyrkjelyden sin samlingsstad for gudstenester og anna kyrkjelydsarbeid, bør ein kunne få hjelp til idear om korleis kyrkja kan ombyggjast innvending for å vere tenleg for dagens kyrkjelydsarbeid.

Der ein ser for seg at ein burde byggje eit nytt kyrkjelydshus til 10-15 millionar, kan ein kanskje kome langt med å ombyggje kyrkja til eit fleirbrukslokale og nytte 2 millionar til dette. Dette vil også på sikt gje innsparingar både til oppvarming, forsikring, vask etc.

Ein av dei store utfordringane til mange kyrkjer i utkantstrok er at dei kan stå låste, kalde og utilgjengelege 28 av månadens 30 dagar. Dette gjer at kostnadane er svært store i høve til bruksverdien, men like alvorleg er at folk i bygda ikkje får eit eigarforhold til lokala anna enn at det er eit symbolmonument i bygda, og eit

gravferdslokale. Skal nye generasjonar få eit eigarforhold til kyrkja og naturleg søkje der i ulike livssituasjonar og regelmessig til styrke i kvardagen, er det naudsynt at kyrkjene er opne på ein heilt annan måte og har bruksområde som gjer at dei vert tekne i bruk minst 15 av månaden sine 30 dagar.

Dersom kyrkja skal vere eit brukslokale for born og ungdom og vaksne, så må lokalet innrettast for det formålet (stolar i staden for benker, gode kjøkken, garderobe og

(26)

26 toalett-tilhøve, internett og multimedianlegg osv.). Dersom kyrkjebygget slik vert ein meir naturleg samlingsstad i bygda, vil det også utløyse økonomi – både frå private og kommunen. Det vil spare utgifter til andre lokale, ikkje berre bygging av

kyrkjelydshus, men leige til konfirmantundervisning, barne-arbeid, soknerådsmøte etc.

I staden for at kyrkjebygningen står der som eit unytta symbolbygg i bygda, bør det verte eit kyrkje- og aktivitetssenter som vert fylt av mange gode og byggjande aktivitetar som ikkje står i motsetnad til regelverket for bruk av kyrkjer. Men skal ei slik satsing vere realistisk i høve til eitt bygg, bør ein kunne ”ofre” ein del andre kyrkjebygningar, og bruke fantasien til å finne andre bruksføremål til dei.

Når det gjeld kritisk og konstruktiv vurdering av den lokale kyrkjestrukturen, kan Hyllestad vere eit godt førebilete.

6. RESSURSAR

6.1 Ressursar i lokalkyrkja

Å drive kyrkje krev, på same måte som all anna verksemd der det går føre seg ein produksjon i ein eller annan form, ulike ressursar. Ressursane er verksemda sine produksjonsfaktorar og ulike verksemder krev ulike produksjonsmiddel. Å vere kyrkje inneber eit tosidig oppdrag, der ein på den eine sida skal vere eit offentleg forvaltingsorgan med ansvar for

gravferdsforvalting og gravplassar, forvalting av kyrkjebygg, m.v., og på den andre sida skal ein vere eit trussamfunn med ansvar for utvikling av kyrkjelyden. Å ivareta desse oppgåvene krev ei rekkje ressursar, både:

Materielle ressursar:

 Finansielle ressursar

 Bygg og anlegg

 Maskinar og utstyr Immaterielle ressursar:

 Kompetanse/erfaring/prosesskunnskap

 Organisering

 Samarbeidsparter/relasjonar/omdømme 6.1.1 Materiell kapital

Den materielle kapitalen er det ein tradisjonelt og på enklaste måte identifiserer som verksemda sine eigedelar eller produksjonsmiddel. Den materielle kapitalen let seg enkelt verdifastsetje og går fram av rekneskapstal, som omløps- og anleggsmiddel med ein faktisk verdi.

Ein kvar veit at denne kapitalen er vesentleg og heilt nødvendig for at ei verksemd skal kunne produsere.

(27)

27 6.1.2 Intellektuell kapital – vår fremste ressurs

Ein har likevel gjennom mange tiår sett det mangelfulle i rekneskapstal som uttrykk for eit selskap sine faktiske ressursar/verdiar. Balanserekneskapen viser ein oversikt over verksemda sine omløpsmiddel og anleggsmiddel (aktiva) på den eine sida og eigenkapital og gjeld (passiva) på den andre. Likevel er det slik at eit selskap sjeldan vert verdsett i marknaden med likelydande verdi som eigenkapitalen. Grunnen til det er at det i eit selskap eller ein organisasjon ligg eit sett ressursar/verdiar som ikkje er synlege i vanlege rekneskapstal. Ein organisasjon har t.d. opparbeidd kunnskap, erfaring, etablert samarbeid, måtar å organisere arbeidet sitt på som samla sett inneber at ein har langt høgre verdi med omsyn til notidig og framtidig produksjon enn kva eigenkapitalen uttrykker. Desse meir eller mindre usynlege verdiane er immaterielle eigedelar som ofte vert kategorisert som intellektuell kapital. Ein har i stadig større grad gått frå å vere eit produksjonssamfunn til eit kunnskapssamfunn. Ikkje minst er det for tenesteytande verksemder eit relativt stort gap mellom den materielle kapitalen som vert uttrykt ved rekneskapstal og dei samla verdiane når den intellektuelle

kapitalen er medrekna.

Tradisjonelt reknar ein tre kategoriar av den intellektuelle kapitalen; human kapital, strukturell kapital og relasjonskapital. Det er konstruert fleire modellar som prøver å talfeste og berekne verdien av den intellektuelle kapitalen, for nettopp å synleggjere verdiane som ikkje går fram av rekneskapen. Ein går ikkje inn på måtar å berekne intellektuell kapital her, men berre løfte fram poenget at verdien av intellektuell kapital mange gonger kan overgå dei materielle verdiane i eit selskap (t.d. kan ein verdifastsetje intellektuell kapital som differansen mellom ei verksemd sin

marknadsverdi og verdien av dei ordinære anleggs- og omløpsmidla). I vår samanheng er det ikkje noko poeng å prøve å presentere noko talfesting av intellektuell kapital, men ein legg inn som eit vilkår at den intellektuelle kapitalen er heilt avgjerande for ein organisasjon sin produksjon.

a. Human kapital

Kompetanse, erfaring, engasjement, haldningar, interesse med vidare er kva ein vanlegvis reknar som human kapital. Den humane kapital er variabel så lenge dette er ein faktor ein finn i dei tilsette «sine hovud» og då vil variere alt etter kven eit til ein kvar tid har tilsett, og er såleis ikkje eigentleg noko som verksemda eig, men får tilgang på via ulike kontraktar.

b. Strukturkapital

Dreier seg om rutinar, organisering og system innanfor ei verksemd, som t.d. måten dei tilsette samarbeider på, løyser problem og fornyar seg på, m.v. Den strukturelle kapitalen er på sett og vis noko som verksemda eig sjølv, men for at strukturane skal kunne verte utvikla og ein kan nyttiggjere seg av dei, er det heilt avgjerande at ein har ein human kapital til å gjere dette.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Egil Waldenstrøm og Halvor Hedenstad hadde mange og lange samtaler.. – I starten var Halvor veldig preget av skyldfølelse fordi han ikke hadde kunnet redde de

Kyrkja er ein skatt, og formidlar ein dyrebar skatt, som vi skal løfte fram i dei enkle ord, i dei gode ord vi sender, dei nye tiltak vi gjer for at nokon skal kjenne at kyrkja

DEN NORSKE KYRKJA Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådetDEN NORSKE KYRKJADet aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådetHareid kyrkje Postboks 48, 6069

Bruker vi kunsthistorien som referanse og prøver å finne ut noe generelt om hvordan mennesket som skapning egentlig ønsker å ha det, ha det når det har det som deiligst, synes

For å arbeide videre med planlegging av innvendig maling i Laudal kyrkje velges følgende personer fra fellesrådet: Truls Glesne, Gunnar Skaar. Fellesrådet ber soknerådet i Marnardal

I sin doktoravhandling ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo, har sosiolog Anne Werner, tidligere forsker ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning, studert hvor-

kyrkjelyd, Klepp frikirke, Klepp kyrkje Bore kyrkje, Bore bedehus, og Fokus Hverdagsmenighet.. oktober Kleppe

02. Kristi openberringsdag Vike kyrkje kl. Takkoffer til eigen kyrkjelyd 09. i openberringstida Vestnes kyrkje kl. Takkoffer til eigen kyrkjelyd.. 16. i openberringstida