Ver tolmodig!
Kvart år skjer det i snitt fem samanstøyt mellom tog og køyretøy på planovergangar i Noreg. For å unngå skadar er det viktig å vere oppmerksam og følgje signala som vert gitte.
B~\NE
NOR
Ver tolmodig!
• Brems ned eit stykke før planovergangen.
• Stopp alltid for raudt lys.
• Ikkje prøv å krysse når bommen er på veg ned.
• Aldri køyr ut på ein planovergang viss du ikkje kan kome raskt over. Dersom det er kø på den andre sida av sporet, må du vente til det blir plass til bilen din.
• Dersom du er uheldig og blir innesperra mellom bommane, kan du køyre ned bommen for å komme deg i sikkerheit.
Eit godstog som køyrer i 120 km/t,
treng bortimot ein kilometer på å stoppe.
Bane NOR
Sentralbord: 05280
Frå utlandet: (+47) 22 45 5000
banenor.no