• No results found

Statsforvaltar – terminologisk skivebom?

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Statsforvaltar – terminologisk skivebom?"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Statsforvaltar – terminologisk skivebom?

Av Tore Nesset

I eit innlegg i Dag og Tid 29. januar argumenterer Lars Vikør mot den nye termen

«statsforvaltar», som han meiner er «skivebom». Eg følgjer Vikør langt på veg, men vil nyansere på to punkt. Vikør viser til at førsteleddet i samansetjingar med «forvaltar» normalt er det ein forvaltar. I «materialforvaltar» er materialet det ein forvaltar, og i «slottsforvaltar»

er det slottet som blir forvalta. Dermed, resonnerer Vikør, burde det heite «fylkesforvaltar», ettersom det er fylket som blir forvalta av den personen det er tale om. Men kanskje kan ein forstå «statsforvaltar» som «ein person som forvaltar statens interesser i eit fylke». Avstanden frå staten til statens interesser er kanskje ikkje så stor, og liknande tydingssprang er vanlege i norsk ordlaging. Ein kremlolog er til dømes ein ekspert på russisk politikk og ikkje ein som studerer den middelalderborgen (kreml) der dei russiske styresmaktene held til. Ordet «EU- motstandar» blir ikkje berre brukt om ein person som er imot EU i seg sjølv, men òg om ein som er imot norsk medlemskap i unionen.

Den andre nyanseringa gjeld tydinga til norske samansetjingar meir generelt. I samansetjingar som viser til handlingar, t.d. «torskefiske», er det vanleg at førsteleddet er det som handlinga rettar seg mot, i dette tilfellet torsken. Men førsteleddet kan også ha andre roller. I

«turistfiske» er førsteleddet den som utfører fisket, i «haustfiske» er det tale om tida for fisket, i «lofotfiske» er førsteleddet ein stad, og i «stongfiske» viser førsteleddet til reiskapen. Også i samansetjingar som viser til personar som utfører handlingar, kan førsteleddet ha ulike roller.

Det viser døme som «turistfiskar», «stongfiskar» og «hobbyfiskar». På bakgrunn av slike døme verkar det litt for strengt å krevje at førsteleddet i samansetjingar med «forvaltar» berre skal kunne vise til det som blir forvalta. Konklusjon: «Statsforvaltar» er kanskje ikkje nokon terminologisk innertiar, men å kalle det «skivebom» er kanskje å ta litt vel hardt i?

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

• Google lanserer Android (Open Handset Alliance).. • Apple iPhone,

Alle snakkar sørsamisk med ungar, når dei sjølve er "den vaksne" i samtalen, og alle seier at dette er mykje lettare enn å snakke med andre vaksne på

Jeg kan med glede fortelle våre medlemmer at jeg er nå fast ansatt av styret som daglig leder i Oslo Døveforening, etter at jeg har hatt permisjon fra Norges Døveforbund.. Jeg

Oslo Døveforening sendte et brev til Norges Døveforbund, om at vi ikke har kapasitet til å stille opp på Døves Kulturdager, da vi trenger våre krefter og folk til å arrangere

Skal den frie ordning som eksisterer i dag, bare fortsette å gJelde, eller regner man med å få tílfredsstillende for- skrifter før 1. Som det står Í denne

undervisning være høyt gjennom hele studiet (fig 1b). Særlig i starten og slu en av studiet var det e er planen en stor andel studentstyrt undervisning.. Figur 1 Prosentvis bruk

Næss reiser viktige spørsmål i si innlegg, men forfa erens påstand om at ”minimal effekt og negativ bivirkningsprofil leder til den konklusjon at jeg som lege ikke bør

- Ingenting. - Skjønar du at dette er alvor? Vi spør deg ikkje for å plage deg, vi spør for å finne Unn.. Eg ser på deg at du veit noko. Problemet er at Siss egentlig snakker sant,