• No results found

Årsrapport 2007

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Årsrapport 2007"

Copied!
36
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Årsrapport 2007

Slik fylkesrådmannen ser det Rekneskapsresultat

Arbeidsgjevarområdet Opplæring

Kultur

Plan og næring Samferdsle

Tannhelsetenesta Vedlegg:

Resultat etter målekart

www.sfj.no

(2)

Slik fylkesrådmannen ser det

Framtidsfylket i vekst

I 2007 auka folketalet i Sogn og Fjordane - for fyrste gong på ti år. Om det er eit blaff eller starten på ei endra utvikling står att å sjå. Vi veit det skjer mykje nytt og spanande i fylket – og det trekker. Unge vaksne flytter hit, anten for fyrste gong eller dei kjem heim att. Saman med ein aukande straum av utlen- dingar søkjer dei arbeid og kvalitetar som vakker og mangfaldig natur, opplevingar, sunn og aktiv livsstil, gode oppvekstmiljø og høve til refleksjon og kreativitet.

Mangesysleriet – som særpregar fylket vårt - vert eit meir og meir attraktivt alternativ til ein einsretta, pressa og urbanisert livsstil.

Kven veit, kanskje er det konturane av eit framtidsfylke i vekst og utvikling som gradvis tek form?

Dei unge utfordrar oss - på å satse nytt og annleis. Gjennom fylkesordføraren sin tenke- tank peikar dei på tre område: - talent, tole- ranse og teknologi, som berebjelkane i framtidsfylket.

Mykje av den fylkeskommunale verksemda er retta inn mot denne utviklinga. Verkemidla er desentraliserte tenestetilbod, omstilling, kom- petansebyggjing og nyskaping. I dette arbei- det har fylkeskommunen – som leiande regional utviklingsaktør med folkevald styring – ei sterkare og meir sentral rolle no enn nokon gong tidlegare. Og forventningspresset berre aukar og aukar.

Gjennom forvaltningsreforma vert fylkeskom- munen no forsterka ytterlegare og tilført nye oppgåver - både frå regional og sentral stat- leg forvaltning. Såleis er reforma også ei de- mokratireform.

Mange hadde nok ynskt at Stortinget hadde nytta reforma til å skipa større og sterkare re- gionar, ja kanskje til og med slå saman fylke med tvang. Høyringa har synt at det ikkje er grunnlag for slike løysingar.

I 2010 går startskotet for Sogn og Fjordane

som forsterka fylkeskommune, innanfor nove- rande grenser. Det er eit godt utgangspunkt.

Vi bør likevel og vere budde på å ta imot endå fleire nye oppgåver, dersom det vert aktuelt.

Drifta av dei fylkeskommunale tenestene Vidaregåande opplæring

Det er interessant å sjå at vi er blant dei fylka i landet som har lågast fråfall i vidaregåande opplæring. Saman med god oppfyllingsgrad tyder dette på ei velfungerande teneste, godt tilpassa brukarane.

Innføringa av struktur- og innhaldsreforma kunnskapsløftet er krevjande. I tillegg er vi midt i ei rad omfattande nybygg, rehabilite- ringar og samlokaliseringar. Revisjon av stra- tegi for vidaregåande opplæring ser ut til å bli eit nyttig verkty for å møte desse utfordring- ane.

Regional utvikling

Fylkeskommunen står tydlegare og tydlegare fram som den leiande regionale utviklingsak- tøren. Vi ser det i høve konkrete utfordringar som omstilling i industrien, ilandføring av olje og gass, breibandutbyggjing, folkehelse og livsutfalding, internasjonalt samarbeid, næ- ringsutvikling og FoU.

41 mill. kr. er stilt til rådvelde for Innovasjon Noreg til bedriftsretta tiltak.

Samarbeidet med kommunane, næringslivet og kompetansemiljøa er monaleg styrka i 2007.

Vellukka omstillingsprosessar i t.d. Høyanger og Årdal, nesten full breibanddekking, pro- grammet Verdiskaping for Regional Innova- sjon (VRI) og utviklingsavtale med Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane er gode døme.

Samferdsle

Konkurranseutsetjing av hurtigbåtrutetenes- ter vart særs krevjande. Diverre lukkast vi

ikkje med å gjennomføre desse nye konkur- ransekrava tilfredsstillande. Konkurransen vart avlyst og arbeidet må startast på nytt.

Det gjenstår å sjå kva økonomiske og juridiske konsekvensar dette vil få.

Fleksibel skuleskyss vart innført. Fylkeskom- munen deltok i forskottering av rassikrings- prosjekt t.d. i Årdal (Naustbukttunnelen) og Luster (Gullringen). Forsøket med differensi- ert oppgåveløysing på samferdsleområdet i regi av Vestlandsrådet vart avvikla.

Kultur

Kultur står sentralt i arbeidet vårt som leiande regional utviklingsaktør. Året har vore prega av utvikling av ny kulturstrategi. Sekto- ren har i tillegg fått ny kulturlov. Konsolide- ring av musea er styrka. Det er gjort vedtak om lokalisering av felles magasin for alle musea i fylket.

Kulturlivet sine forventningar til fylkeskom- munen - både frå folk flest, organisasjonane og kommunane - er høge og aukande.

Tannhelse

Årsrapporten syner god måloppnåing og svært gode tilbakemeldingar frå brukarane.

Som lekk i arbeidet med rekruttering og stabi- lisering vart det – som eit prøveprosjekt - skipa eit fylkeskommunalt aksjeselskap for å samordne offentleg og privat tannhelsete- neste i Stryn og Hornindal.

Økonomi

Det er gledeleg å kunne slå fast at vi endå eit år har lukkast med å halde god orden i økono- mien. Vi har likevel eit driftsoverskot som ligg noko under det som hadde vore ynskjeleg. Vi vert og i aukande grad avhengig av lokale inn- tekter som utbytte frå Fjord1 og Sogn og Fjordane Energiverk og sal av konsesjons- kraft. Fylkeskommunen rår her over store ver- diar.

Framsidebilete: Fylkesrådmann Jan Øhlckers, fylkesordførar Nils R. Sandal og sekretariatsleiar Knut Henning Grepstad ved dirigentbordet på fylkestinget på Tusenårsstaden Gulatinget, 14. juni 2007.

(3)

Investeringsprogrammet syner høg aktivitet.

Fylkeskommunen er - eller vil bli - involvert i store investeringsprosjekt i så godt som alle større sentra i fylket.

Miljø

Årsmeldinga inneheld miljørekneskap for dei ulikte tenesteområda. Arbeid med ein klima- og miljøplan er starta. Planen vil liggje føre hausten 2008. Den vil gje oss ei rad nye, kon- krete utfordringar både i høve til utsleppsre- duksjonar og klimatilpassingar.

Likestilling

I samband med likestillings- og diskrimine- ringsarbeidet står vi framfor mange, store og til dels nye utfordringar. Revisjon av plan for likestilling, likeverd og kulturelt mangfald vil famne breitt og omhandle tiltak mot diskrimi- nering både på kjønn, alder, funksjonsevne, etnisitet, religion og seksualitet.

Handlingsplan for auka tilgjenge for alle – uni- versell utforming verkar. Det er ved hjelp av såkalla BRA-midlar arrangert 3 sjåførkurs for buss og drosje. Fleire konkrete prosjekt for til-

passing og tilgjenge er under utforming.

Eg vil takke alle tilsette og samarbeidspart- narar for godt utført arbeid og godt samar- beid i 2007. Eg takkar og fylkespolitikarane for god og konstruktiv dialog.

Årdal/Leikanger 30.3.07

Jan Øhlckers Fylkesklubba var 50 år i 2007. Klubba er laga

av firmaet Brødrene Lohne i Bergen, og var ei gåve frå Hil- dur Blauw, kona til fylkeslege H. Blauw, Karen Lem, kona til fabrikkeigar Lem, Signe

Røsberg, kona til direktør O. Røsberg i Fylkesbaatane og Othilia Schei, kona til fylkesmann N. Schei. Trevyrket i klubba vart henta frå eit akasietre på fylkesmannsgarden i Leikanger

(4)

Rekneskapen

Rekneskapsprinsipp

Tilgang og bruk av midlar i løpet av året som vedkjem fylkeskommunen si verksemd går fram av driftsrekneskapen eller investerings- rekneskapen. Alle inntekter og utgifter vert ført brutto.

Det er ikkje oppretta kommunale føretak slik at samla verksemd går fram av årsrekneska- pen. Fylkeskommunen deltek heller ikkje i interkommunale samarbeid og liknande som må medreknast for å få oversikt over kostna- den med den fylkeskommunale drifta.

Rekneskapsresultat

Fylkeskommunen sin rekneskap er gjort opp i balanse etter at det er utgiftsført avsetjingar på 63,1 mill kr. Av dette er 52,5 mill kr unytta løyvingar og renteinntekter som skal brukast i 2008 til fastsette føremål, medan 10,6 mill kr er avsett til investeringsfond.

Fellesinntekter og –utgifter

Fylkesskatt og inntektsutjamning utgjer 436,1 mill kr som er ei meirinntekt på 0,6 mill kr i høve til revidert budsjett.

Dei lokale inntektene (aksjeutbyte, konse- sjonskraft og renteinntekter) utgjer 108,1 mill kr som er 7,9 mill kr mindre enn budsjet- tert. Tilsvarande inntekt i 2006 var 104,7 mill kr. Aksjeutbytet auka med 8,1 mill kr, ren- teinntektene med 2,2 mill kr medan konse- sjonskraftinntektene gjekk ned med 6,5 mill kr.

Lånegjelda til fylkeskommunen auka med 271 mill kr til 919 mill kr i 2007. Renteutgif- tene var 27,1 mill kr som er ein auke på 6,7 mill kr.

Sektorrekneskap

På sektornivå viser rekneskapen ei innsparing på 8,3 mill kr.

Forvaltning

Sektoren omfattar politisk styring, kontrollor- gan, sentraladministrasjon og fylkeskommu- nale fellesutgifter. Av eit budsjett på 107,8

mill kr vart det spart inn 1,6 mill kr. Av innspa- ringa kom 1,2 mill kr frå kontrollorgana og resten i hovudsak frå fellesutgiftene.

Opplæring

Det vart utgiftsført 596,2 mill kr i sektoren som er 3,5 mill kr mindre enn budsjettert. Dei største innsparingane kjem frå mindre eks- Hovudtala for fellesinntektene og – utgiftene er (mill kr):

Rekneskap Budsjett Meirinnt. mv (+) Meirutgift mv (-)

Rammetilskot 711,8 712,0 - 0,2

Andre overføringar frå staten 7,5 17,4 10,1

Fylkesskatt/utjamning 436,1 435,5 0,6

Aksjeutbyte 49,8 49,3 0,5

Konsesjonskraftsal 36,6 50,0 ÷ 13,4

Renteinntekter 15,4 0,4 5,0

Låneavdrag ÷ 40,7 ÷ 40,7 0

Renteutgifter ÷ 27,4 ÷ 25,8 ÷ 1,6

Premieavvik ÷ 4,3 ÷ 5,5 1,2

Bruk av fond, netto 43,6 54,1 ÷ 10,5

Sum fellespostar 1248,4 1256,7 ÷ 8,3

Frå det vakre uteområdet ved Stryn vidaregå- ande skule.

(5)

ternt kjøp av tilpassa opplæring ( 4,6 mill kr), mindre utgifter til omstillingstiltak for peda- gogisk personale/seniortiltak (1,6 mill kr) medan det er overskriding på 2,6 mill kr på til- skot til lærebedrifter.

Tannhelse

Det vart utgiftsført 57,5 mill kr i sektoren. Frå tidlegare avsette overskot vart det inntekts-

ført 1,6 mill kr slik at nettoutgiftene vart i samsvar med budsjettet på 55,9 mill kr.

Regional utvikling

Det vart i samsvar med budsjettet utgiftsført 50,0 mill kr i sektoren. Inkludert i denne sum- men er ubrukte fondsmidlar på 18,5 mill kr som er ført over til bruk i seinare år.

Kultur

Det vart i samsvar med budsjettet utgiftsført 62,5 mill kr i sektoren. Inkludert i denne sum- men er ubrukte fondsmidlar på 13,7 mill kr som er ført over til bruk i seinare år.

Samferdsle

Forbruket i samferdslesektoren vart 3 mill kr mindre enn budsjettet på 380,5 mill kr. Min- dreforbruket gjeld i hovudsak fylkesvegvedli- kehaldet og skuldast mellom anna at refusjonen for meirverdiavgift vart om lag 1,4 mill kr høgare enn føresett.

Investeringsrekneskapen

Fylkeskommunen investerte i 2007 for 180 mill kr, fordelt med 4,6 mill kr til forvaltning, 136 mill kr til opplæring, 3,8 mill kr til tann- helse og 35,5 mill kr til fylkesvegar. Dei samla investeringane var finansierte med 13,4 mill kr frå driftsrekneskapen, 1,2 mill kr i tilskot, 21,8 mill kr i fondsmidlar og 143,5 mill kr i lå- nemidlar.

Rektor Kåre Roset i nybygget som mange vil kalle livsverket hans.

(6)

Arbeidsgjevarområdet

Arbeidsgjevarområdet dekkjer strategiske til- tak som gjeld rekruttering, personalutvikling, lønspolitikk, organisasjonsutvikling, likestil- ling og arbeidsmiljø. Personalforvaltninga vert utøvd gjennom delegert mynde på insti- tusjonsnivå. Viktige saker i 2007 har vore lønspolitisk handlingsplan, lokale arbeidstids- avtalar for lærarane, lokale avtalar med ar- beidstakarorganisasjonane om

tillitsvaldordninga, rekrutterings- og stabilise- ringstiltak for tannlegar, arbeid for kartleg- ging av deltidsstillingar og tiltak for å redusere uønska deltid, strategiar i arbeidet med ein betre tilpassa handlingsplan for like- stilling og likeverd.

Det er sett fokus på individuell meistring - frå kollektive til individuelle tiltak for å redusere sjukefråværet.

Innan området personalforvaltning er det gjort eit omfattande arbeid med å tilpasse re- glement, retningslinjer og sentralt avtaleverk til portalløysing som skal gjere det mogeleg for alle tilsette å ha tilgang på oppdatert in- formasjon elektronisk. Det vil samstundes gje leiarane ein database som styrings- verktøy i den delegerte personalforvaltninga.

Fylkeskommunen skal synleggjere arbeidsgje- varpolitikken som viktige tiltak i rekrutte- rings- og stabiliseringstiltak av

medarbeidarar. I kampen om arbeidskrafta vil det framover vere viktig å profilere fylkes- kommunen som ein god og framtidsretta ar- beidsgjevarorganisasjon.

Det har i 2007 kun vorte gjennomført lokale lønsforhandlingar for dei gruppene av tilsette som får heile løna si fastsett lokalt. Årsløns- veksten i 2007 vart på om lag 4,8% for heile kommunesektoren, som også tilsvarar samla lønsvekst for alle lønsgruppene i fylkeskom- munen.

Likestilling

Ved utgangen av 2007 var leiarstillingane i fylkeskommunen slik fordelt mellom kvinner

og menn:

39% kvinner og 61% menn. Til- svarande forde- ling i 2006 var 34% kvinner og 66% menn.

I sentraladmi- nistrasjonen sine leiarstillingar er det 44% kvinner, og i leiargruppa til fylkesrådman- nen er det 5 kvinner og 3 menn. Likestil- lingsutviklinga har synt positive trekk dei siste åra, og den gode utviklinga med å få fleire kvinner inn i leiarstil- lingar ser ut til å halde fram.

Arbeidsmiljø Vår hovudmål-

setjing som inkluderande arbeidslivsverk- semd er å halde sjukefråværet på eit lågt nivå. Sjukefråværet i 2007 er 4,3%. Sjukefrå- været i 2006 var på 4,9%. Det ser ut til at vi har lukkast godt med målsetjinga om å halde sjukefråværet på eit lågt nivå. Det er vidare ein positiv tendens i utviklinga frå 2006 til 2007.

Utfyllande omtale av arbeidsgjevarområdet og utfyllande vurderingar om likestillingssta- tusen, går fram av hovudsamarbeidsutvalet si årsmelding for 2007.

Ingvild Ramstad tok til som informasjonssjef i fylkeskommunen i juli 2007.

(7)

Opplæring

1. Måloppnåing/resultatvurdering Inntekne elevar til fylkeskommunale vidare- gåande skular i Sogn og Fjordane i 2007 er 4257. Dette er 52 fleire elevar enn i 2006.

Ved utgangen av 2007 var det registrert 863 løpande lærekontraktar.

Det vart inngått 415 nye lærekontrakter.

Dette er 30 færre enn i 2006.

Det var 194 søknader om opplæring særskilt tilrettelagt for vaksne. Samanlikna med 2006 er dette 41 færre søknader.

Kunnskapsløftet

Det har også i 2007 vore arbeidd systematisk med innføringa av Kunnskapsløftet. For å sikre kvaliteten på opplæringa er det sett ned fylkesdekkande fagnettverk på vg1 og vg2- nivå. For å styrke samanhengen i opplærings- løpet mellom skule og bedrift er det eit krav at det skal vere bedriftskompetanse i alle nettverka knytt til dei yrkesfaglege utdan- ningsprogramma.

Gjennom ”Kompetanseutvikling i vidaregå- ande opplæring i Sogn og Fjordane. Hand- lingsplan for 2007” vart det sett i verk tiltak knytte til iverksetjing av Kunnskapsløftet.

Som ein del av Kunnskapsløftet har fylkes- kommunen fått ansvar for å styrke karriere- rettleiinga gjennom organisering av partnarskap med samarbeidsparnarar som Nav, KS, NHO, LO og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Hausten 2007 starta arbeidet med å utarbeide framlegg til modell for partnar- skap for karriererettleiing i Sogn og Fjordane.

Det er ei målsetting å prøve ut modell for

”Karriere Sogn og Fjordane” i ein 3-årsperiode frå hausten 2008.

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2008-11

Det har i 2007 vore lagt ned eit stort arbeid

med utforming av mål og strategiar for vida- regåande opplæring i Sogn og Fjordane.

Dei vidaregåande skulane som utviklingsaktørar

I 2007 vart 0,700 mill kr av dei regionale ut- viklingsmidlane nytta til stimulering til gene- relle utviklingstiltak ved dei vidaregåande skulane. Tiltaka skulle mellom anna stimulere

til auka samarbeid med lokalt- og regionalt ar- beidsliv.

Byggesaker i opplæringssektoren Arbeidet med dei store bygge- og investe- ringssakene innan vidaregåande opplæring fekk stort fokus også i 2007. Av større pro- sjekt kan nemnast:

• Stryn vidaregåande skule flytta inn i sam- Rektor Grethe Øren ved Hafstad vidaregåande skule saman med elevar som tok NM-gull og sølv i volleyball for vidaregåande skular.

(8)

lokaliserte lokale til skulestart i august

• Firda vidaregåande skule/Trivselshagen IKS: Første byggjesteg (skule- og kultur- bygget) kom i gang og er planlagt ferdig- stilt til skulestart 2008

• Firda vidaregåande skule: Det vart utar- beidd forprosjekt for ombygging/rehabili- tering av eksisterande skulebygg

• Eid vidaregåande skule/samarbeidspro- sjekt med Eid kommune: Arbeidet med bygging av samlokalisert skule- og kultur- bygg kom i gang. Innflytting i skuledelen er planlagt til desember 2008.

• Sogndal vidaregåande skule: Det vart inn- henta tilbod på 1. byggjesteg

• Dale vidaregåande skule: Det vart inn- henta tilbod på byggjeprosjektet

• Flora vidaregåande skule: Forprosjekt for byggjeprosjektet vart ferdigstilt hausten 2007

• I desember 2007 vedtok Fylkestinget investeringsplan for 2008-15.

2. Effektiviseringstiltak i 2007

Vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane kan også for skuleåret 2007/08 vise til god dimensjonering på opplæringstilbodet.

Dei vidaregåande skulane har for skuleåret 2007-08 ein oppfyllingsgrad på 92,1%. På studieførebuande utdanningsprogram er opp- fyllingsgraden om lag 94,2%, medan dei yr- kesførebuande utdanningsprogramma har ei oppfylling i primærgrupper/klassar på omlag 90%.

Oppfyllingsgraden pr nivå er: Vg1 97,1%, Vg2 87,7% og Vk2 91,1%. Dimensjoneringa som vart gjort hausten 2006 i HO-sak 36 /06 fall i stor grad saman med søkjarane sine ønskje- mål. Med ein så desentralisert skulestruktur

som i Sogn og Fjordane har vi dei siste åra hatt ei stabil god utnytting av ressursane.

3. Folkehelse, livsutfalding, universell ut- forming og miljø

Folkehelse

Skulane skal drive førebyggande og helse- fremjande arbeid, med særleg fokus på psy- kisk helse, ernæring, fysisk aktivitet, rus og tobakk, skader og ulukker. Breitt samansette folkehelsegrupper ved skulane er sentrale i arbeidet.

Psykisk helse – døme på tiltak: Det vart i 2007 gjennomført fylkesdekkande kurs over to dagar finansiert av statlege midlar. Det blir liknande regionvise samlingar våren 2008.

Ernæring og fysisk aktivitet – døme på tiltak:

Omlegging av tilboda i kantinene, salatbar, til- Øvst til venstre: Elevar frå Mo og Jølster vidaregåande skule foredlar kjøt ved det nye foredlingsanlegget.

Øvst til høgre: Eid vidaregåande skule markerte seg godt på ungdomsmessa i Førdehuset.

Til venstre: Høyanger vidaregåande skule vitja Brüssel og EU-parlamentet.

(9)

bod om enkel, billeg frukost og varmt måltid på open skule, aktivitets- og idrettsdagar, og tilbod om bruk av idrettshall, trim- og styrke- rom på fritida. Tre skular er med i det nasjo- nale prosjektetFysisk aktivitet og måltid i skulen.

Rus og tobakk – døme på tiltak: Opplegg og temadagar knytte til rusførebygging i samar- beid med andre etatar. Iflg Sosial- og helsedi- rektoratet desember 07 er Sogn og Fjordane eitt av tre fylke med skular som framleis tillet røyking på skulen sitt uteområde.

Skadar og ulukker – døme på tiltak: Ein skule er med i eit toårig nasjonalt prøveprosjekt med trafikk som valfag. Trafikktryggleik er tema på lærling-samlingane.

Fysisk miljø og inneklima

For 2007 var det løyvd 0,500 mill kr til uni- versell utforming. På basis av handlingsplan for 2006-10 er det gjennomført tiltak/pro- sjekt ved Luster, Sogndal, Høyanger, Mo og Jølster, Øyrane og Måløy vidaregåande skular.

I løpet av 2007 har det vore fullstendig ut- skifting av PCB-haldige lysrøyr-

armatur ved Sogndal, Måløy og Firda vidare- gåande skular.

4. Spesielle fylkestingssaker

• Eid vidaregåande skule – utvida økono- misk ramme for byggjeprosjektet-/07.

• Sogndal vidaregåande skule – budsjett- ramme for utbyggingsprosjekt.

• Kompetanseutvikling i vidaregåande opp- læring i Sogn og Fjordane. Handlingsplan for 2007.

• Fleksibel skuleskyss for elevar i vidaregå- ande skule.

• Dale vidaregåande skule – nybygg – kost- nader.

• Hordalandsavtalen – søknad frå Gulen kommune om endring av avtalen.

• Internasjonal strategi – sak 0047/07

• Trivselshagen IKS – utvida økonomisk ramme.

• Revisjon av handlingsprogram/langtids- program i fylkesdelplan for idrett, frilufts- liv, fysisk aktivitet og folkehelse.

• Investeringsplan 2008-2015.

Øvst til venstre: Vel blåst for byggje- og eigedomssjef Torolf Norheim, fylkesordførar Nils R. Sandal og rektor Kåre Roset då Stryn vidaregåande skule vart opna.

Øvst til høgre: Første gründercampen i fylket vart gjennomført på Eid vidaregåande skule der m.a. denne isbrodden var ein av produkt-ideane.

Til venstre: Fylkesvaraordførar Tor Bremer delte ut 480 fag- sveine- og meisterbrev i 64 ulike fag. Frå venstre:

Jan Gunnar Skrivervik, Aud Jacobsen og Else Hammer- seth Svardahl.

(10)

Kultur

1. Måloppnåing / resultatvurdering Året var prega av arbeidet med utkast til kulturstrategi for fylket. I tråd med føring- ane i budsjettet, vart det gjort eit omfat- tande arbeid for å konkretisere status og utfordringar knytt til dei ulike fagområda.

Planprosessen vart nytta til å synleggjere heile kulturengasjementet til fylkeskom- munen. Hovudutval for kultur handsama saka i fleire rundar.

Fylkeskulturprisen 2007 vart tildelt kunstna- ren Oddvar Torsheim. Prisen er på 40 000 kr og eit diplom.

40 ulike tiltak fekk støtte med i alt 3,9 mill kr frå kulturutviklingsmidlane. 15 av desse til- taka var nye i 2007, t.d. det historiske spelet

”Fridtjov og Ingeborg” som er planlagt sett opp på Vangsnes i august 2008, og forpro- sjekt for ”Slettemarkfestival” i Naustdal med fokus på samtidskunst for barn og unge.

6,2 mill kr vart fordelt etter søknad til frivil- lige lag og organisasjonar. Midlane bidrar til auka aktivitet og kvalitet i det frivillige kultur- arbeidet i fylket.

I 2007 har handsaminga av konsesjonssøkna- dar, i all hovudsak knytt til utnytting av vass- kraftressursane, auka sterkt.

I 2007 vart det mellom anna gjort følgjande førhistoriske funn:

• Førhistoriske busetnadsspor frå eldre jarnalder (500 f. Kr.- 400 e. Kr) på Bor- haug, Solvorn i Luster.

• Kolgroper på Myradn (datert til mellomal- der) , Kaupanger i Sogndal.

• Spor etter busetnad og landbruksverk- semd frå store delar av jarnalderen på Sunde i Førde.

For å sikre god skjøtsel av dei førhistoriske gardsanlegga på Ytre Moa i Årdal, vart det i

2007 underteikna ein 5 års avtale mellom fyl- keskommunen og Årdal kommune.

Tilskot til freda bygg frå staten på 3,6 mill kr vart fordelte på 14 objekt. I 2007 vart pro- sjektet "Tilstandsanalyse av freda bygg"

gjennomført der 96 av 104 bygningar er re- gistrert.

Det vart i 2007 løyvt kr 400 000 (av ei søk- nadsmasse på 5,0 mill) i fylkeskommunale midlar til kulturminnevern.

I 2007 vart målet i Museumsplan for Sogn og Fjordane 2006-2010, om 5 konsoliderte mu- seum nådd, gjennom konsolidering mellom De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og Norsk Reiselivsmuseum. Fylkeskommunen tok ansvar for vidare arbeid med fellesmaga- sin for musea.

Danseverkstadetableringa vart vidareført og 3 nye kommunar (Stryn, Hornindal og Eid) starta opp i 2007. 13 kommunar har i dag danseverkstad og kring 1000 ungdomar er engasjerte i desse.

Ungdommens kulturmønstring samla om lag 1150 ungdommar til lokale mønstringar og 450 til fylkesmønstring. Furore-stipendet vart utdelt for andre gong og gjekk til Vilde Hjet- land Jensen for design og produksjon av kjo- lane ”Dårleg samvet” og ”Frekke farmor”. På landsmønstringa deltok 21 ungdommar frå Sogn og Fjordane, og Daniel Volle frå Sogndal vart tildelt filmprisen ”Oskars Oscar 2007” for filmen ”Area 10”

For å auka inspirasjon, motivasjon og kompet- anseheving vart ”Friluftsliv i skulen” vidare- ført. Totalt har omlag 500 elevar vore engasjerte i prosjektet.

Det vart løyvd av spelemidlar til 11 nærmiljø- anlegg på til saman kr 380 000 frå ”Forenkla ordning”. Til større nærmiljøanlegg vart den statlege ramma på kr. 2.824.000 fordelt på 16 anlegg. Dei samla søknadane til ordinære idrettsanlegg på over 93 mill, var ein nedgang på om lag 1,5 mill. Dei statlege tilskota på 17,9 mill vart fordelt på 28 prosjekt.

Det er etablert nye retningsliner for tildeling til kulturbygg slik at fleire typar lokale og bygningar kan få tilskot. For 2007 kom det inn 10 søknadar. Tilskot på 1,7 mill vart for- delt på 5 bygg.

Sogn og Fjordane er med på eit pilotprosjekt for utviding av Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring skuleåret

2007/2008. Firda, Stryn, Hafstad og Luster vidaregåande skular er med. I tillegg vert det gitt tilbod til alle lærlingane.

Alle dei 15 000 grunnskuleelevane i 26 kom- munar, inkludert dei private skulane, får tilbod

Kristi Mardal og Ole Vegard Haga var brude- par i paraden i fjernsynsshowet for 70-årsju- bilanten Kong Harald.

Oddvar Torsheim med fylkeskulturprisen 2007.

(11)

frå Den Kulturelle Skulesekken. I 2007 vart det formidla 40 turnear fordelt på visuell kunst, teater, skulekonsertar og design.

2. Effektiviseringstiltak i 2007

Det er gjennomført tiltak for å betre kvalite- ten på tenester, m.a. er det gjort rutineforbet- ringar i høve handtering av tilskot.

3. Folkehelse/livsutfalding/universell ut- forming og miljø

Prosjektet Ung Arena har vore ein del av fol- kehelsesatsinga. Fysisk aktivitet gjennom opplegg for skulane og etablering av danse- verkstader for ungdom i kommune har vore av dei prioriterte tiltaka.

Bygg og anlegg som får spelemidlar skal stette krava om universell utforming.

Mottakarar av fylkeskommunale kulturmidlar skal akseptere følgjekort for funksjons- hemma.

4. Aktuelle fylkestingssaker frå kultur- sektoren

• Godkjenning av konsolideringsavtale og

vedtekter for De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum / Norsk Reiselivsmu- seum.

• Søknad om statstilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane – prioritering

• Fellesmagasin for musea i Sogn og Fjor- dane

• Revisjon av handlingsprogrammet i fylkes- delplan for idrett, friluftsliv, fysisk akti- vitet og folkehelse.

Resultat sett i høve målekart

Det har ikkje vore gjennomført brukarunder- søkingar eller andre vurderingar av korleis te- nestene våre fungerer i høve brukarane i 2007. Dei største brukarane er knytte til kom-

munale eller andre offentlege instansar.

Gjennom høyringsuttalane knytte til Kultur- strategi for 2008 – 2011 viser tilbakemel- dingane at dei er godt kjende med

kulturavdelinga sine tenester og at det er stor tillit til kultursektoren som ein nettverksbyg- gjar og part i utvikling av lokalt og regionalt kulturliv. Det har kome fram ynskje om at kul- tursektoren vert ein sterkare utviklingsaktør.

Første kull i bedriftsutviklingsprogrammet FRAM Kultur kom i gang i 2007. Frå venstre bak: May Elin Eikås Bjerk (ENK) Ronny Mo- watt (Mentor as), Torkjell Djupedal (Selja For- lag), Lars Sture (ENK), Inge Mathias Lilleheim (Stryn Underhaldning as), Pål Andreas Dahl (Mentor as), Eli-Grete Høyvik (Interplan), In- grid Hansen (Teatergrepet ENK). Framme:

Karin Flatøy Svarstad (Sommarakademiet ENK) og Marit Hartvedt (Myklebust kunst- og handverk as).

Bjarnhild Samland i fylkesarkivet opna nett- staden skulestova.no.

Tidlegare fylkesdirektør for kultur Lidvin Os- land med kongens gull saman med gulljen- tene sine; kona Else Margrethe og dotter Kari.

Bak: Magne Bjergene og Laila Schult.

(12)

Regional utvikling

I 2007 hadde plan og næring eit samla bud- sjett på 120,49 mill. kr. Dette var ein auke på omlag 17 mill. kr. i høve 2006. Størstedelen av midlane går til nærings- og utviklingstiltak.

Større tiltak i 2007 var mellom anna:

• Bedriftsretta tiltak gjennom Innovasjon Noreg 41 mill kr (-0,9 mill.)

• Omstillingsarbeid i kommunar 7,1 mill kr (+ 0,1 mill)

• Kommunale næringsfond 8,3 mill kr (-0,4 mill)

• Støtte til regionråda 2,2 mill kr (inga en- dring)

• Reiselivssatsing gjennom destinasjonssel- skapa og Fjord Norge 4,65 mill kr (+0,15)

• Tettstadutvikling 3 mill kr (inga endring)

• Satsing gjennom fylkesplanprogramma 12 mill kr, inkludert 1 mill. kr til breiband (+1,37 mill)

• Cruisekai i Skjolden, Vikafjellsvegen, For- tau langs Rv. 611 og Florø idrettssenter, til saman 23 mill kr.

Måloppnåing/resultatvurdering

Kommunane er viktige samarbeidspartnarar

• Det vart avvikla 8 møte i Planforum, der kommunane og planaktørane på fylkesni- vået m.a. drøftar konfliktfylte arealplanar.

Fylkeskommunen varsla motsegn til 1 re- guleringsplan. Kommunen endra planen i samsvar med tilrådinga. Totalt varsla fyl- kesmannen motsegn til 17 planar. Bak- grunnen er i hovudsak arealbruk i konflikt med strandvern. 10 av sakene vart løyste.

Ingen saker gjekk til Miljøverndeparte- mentet.

• 211 kommune/kommunedelplanar og de- taljplanar har vore på høyring. Fylkeskom- munen handsama 35 av desse.

• 3 mill kr vart fordelt som tilskot til tett- stadprosjekt i kommunane Leikanger, Gulen, Bremanger, Selje, Vågsøy, Jølster, Lærdal, Balestrand, Sogndal, Luster og Naustdal.

• 300 000 kr vart fordelt som tilskot til strandsoneanalyse i kommunane Flora, Høyanger, Bremanger og Aurland.

• Fylkeskommunen har teke initiativ til eit fjellskredprosjekt i samarbeid med Natur- skadefondet og NGU. Det er gjort kartleg- gingsarbeid og sett ut måleinstrument i utvalde område. Måleseriar over fleire år vil kunne gje svar på tilhøve som gjeld ri- siko og sårbarheit.

Omstillingsarbeid

• Kommunane Årdal, Høyanger, Flora, Vågsøy og Selje hadde omstillingsstatus.

Desse kommunane fekk til saman 7,1 mill kr frå fylkeskommunen i 2007. Høyanger fekk også 2,25 mill kr frå den statlege til- takspakken. Jølster kommune hadde om- stillingsstatus gitt av staten pga nedbemanning i forsvaret. Jølster har fått 3 mill kr frå staten til omstillingsarbeidet.

• Ved utgangen av 2007 er vår vurdering at kommunane har arbeidd godt med omstil- lingsutfordringane. Den sterke innsatsen i Årdal og Høyanger har gitt gode resultat.

Årdal har lukkast svært godt og har i dag eit meir allsidig næringsliv. Høyanger kan også vise til gode resultat i form av mange nye arbeidsplassar.

• Fylkeskommunen gjekk inn i Fundo Whe- els AS med eit ansvarleg lån på 10 mill kr, i samband med ein større tiltakspakke for å sikre vidare drift ved verksemda.

Internasjonalt arbeid

• EU-prosjektet ENABLE vart avslutta i 2007. Gjennom ENABLE deltok mange partnarar og bedrifter i fylket i eit stort internasjonalt nettverk. Bedrifter og insti- tusjonar frå Sogn og Fjordane deltok i 9 prosjekt.

Forsking og utvikling er sett på dagsorden

• Fylkeskommunen har inngått ein langsik- tig avtale med Vestlandsforsking og Høg- skulen i Sogn og Fjordane om forsking til ein årleg verdi av kr 2,35 mill kr.

• Eit samarbeidsprosjekt med forskingsrå- det og Innovasjon Noreg har resultert i at vi har fått på plass ein forskingsmedarbei- Solcellefabrikken til NorSun reiste seg i Årdal. Foto: Jan Egil Fimreite, Sogn Avis.

(13)

dar med kontorplass hos Innovasjon Noreg.

• VRI-satsinga i Sogn og Fjordane har fått 4,8 mill. kr. frå forskingsrådet fordelt på ein treårsperiode. Programmet skal bidra til auka innovasjon og verdiskaping i regi- onalt næringsliv.

Næringsretta arbeid

• Fem næringshagar i fylket hadde ved ut- gangen av 2007 fullført SIVA sitt fyrste næringshageprogram. Det var Stryn, San- dane, Nordfjordeid, Leikanger og Flora.

Fylkeskommunen inngjekk nye avtalar med desse næringshagane for 2008. Aur- land Næringshage var ny SIVA nærings- hage frå 2007, og fekk langsiktig avtale med fylkeskommunen. Sløvåg vart haus- ten 2007 teken opp i det nye næringsha- geprogrammet til SIVA, ved tildeling av forprosjekt.

• I regi av prosjektet Kommunalt næringsut- viklingsarbeid er Tiltaksforum for næ- rings- og tiltaksarbeidarar gjenoppretta.

• Innovasjonsforum Sogn og Fjordane står bak lanseringa av Sogn og Fjordane fon-

det. Ei rekkje sparebankar har gått saman om å lansere eit fond for å hjelpe fram ini- tiativ i tidleg idefase.

• Fylkeskommunen godkjente retningsli- nene for INU-FSF, foreininga som skal for- valte kompensasjonsmidlane for

differensiert arbeidsgjevaravgift i kommu- nane Sogndal, Florø og Førde.

• Prosjektet ”Samordning for utvikling rundt kulturminne i Vik” vart teke opp i den na- sjonale småsamfunnssatsinga

• I tillegg til plan og næring sitt budsjett på vel 120 mill. kr. vart det løyvd om lag 13 mill. kr. frå fylkesplanfondet til eit fylkes- kommunalt kystfond. Gjennom dette vart det mellom anna løyvd 3,64 mill. kr. til eit maritimt kompetansesenter i Vågsøy og 5 mill. kr. til røyr til ilandføring av gass i Slø- våg.

• Den fylkesovergripande satsinga Vest- landsprogrammet for nye oppdrettsartar vart starta opp. Programmet jobbar aktivt med å legge til rette for finansieringsord- ningar tilpassa næringa. Store utviklings- prosjekt på torsk og hummar er starta opp.

• Saman med næringa lukkast vi å få justert grensene for nasjonal laksefjord i Førde- fjorden.

Fylkesplanen sentral i utviklinga av fylket

• Fylkesplanen skal vere utgangspunktet for fylket sin overordna politikk på dei område planen dekker. Fylkesplanen vert

mellom anna sett i verk gjennom dei fem fylkesplanprogram, m.a.; opplevingsnæ- ringar, havbruk og fiskeri, entreprenørskap og nyskaping, folkehelse og livsutfalding og fornying av offentleg sektor og IKT.

• Entreprenørskap og nyskaping hadde tyngda av si satsing innan entreprenør- skap i skule og barnehage. Opplevingsnæ- ringar lyste ut midlar til satsingar innan mat, kultur og natur. Gjennom fornying av offentleg sektor og IKT gjekk 1 mill. til breibandsatsing.

• Programstyra fekk til saman 12 mill. kr. I tillegg vart det brukt om lag 1,35 mill. til industriføremål. Dette var satsing på mellom anna design, leiarutvikling og mi- neralressursar.

Energi

• Gassrøyr til Sogn og Fjordane og løysingar for utbygging og drift av Gjøa, Vega og Vega Sør, har stått i særleg fokus for ar- beidet til Petroleumsrådet/fylkeskommu- nen i 2007.

• Det var viktig å få dimensjonen i røyret frå Kollsnes til Mongstad auka frå 10 til 12 tommar og å sikre avgreining til Sløvåg og Lutelandet. Dette har falle på plass.

• For Gjøa, Vega og Vega Sør, har innsatsen vore retta inn mot straumforsyning frå Lu- telandet og drifts- og logistikkoppgåver til Florø. Innstillinga frå energi- og miljøkomi- teen og debatten i Stortinget inneheld klåre forventningar som støttar desse Leiar i Hovudutval for plan og næring, Kjartan

Longva og fylkesordførar Nils R. Sandal flan- kerer Jan-Egil Flo frå Stryn som fekk Gründer- prisen saman med Simen Staalnacke og Peder Børresen. Dei står bak Moods of Nor- way.

Det vart sett i gang arbeid med fylkesdelplan for vasskraftutbygging og fylkesdelplan for vindkraft i 2007.

(14)

krava. NVE gav likevel konsesjon på straumforsyning frå Mongstad. Fylkes- kommunen har anka avgjerda til statsrå- den.

• Fylkeskommunen uttalte seg som høy- ringsinstans til 33 konsesjonssøknader om vasskraftutbygging. Samla årsproduk- sjon for prosjekta i desse sakene er ca.

570 GWh, noko som tilsvarar årleg gjennomsnittleg elektrisitetsbruk for 28 500 hushald. Planlagt investering vil kome opp i om lag 1,2 milliardar kr.

• I tråd med vedtak gjort i fylkesutvalet vart det i 2007starta opp arbeid med fylkes- delplan med tema knytt til vasskraftut- bygging og fylkesdelplan for vindkraft.

Generelt om måloppnåing/resultatvurdering Det står enno att å etablere gode indikatorar i høve resultata vi oppnår, men fylkeskommu- nen er engasjert i eit arbeid kommunaldepar- tementet har sett i gang innan

effektvurdering.

Miljø, folkehelse og livsutfalding

• Aktiviteten på folkehelsefeltet skjer i ho- vudsak gjennom fylkesplanprogram for folkehelse og livsutfalding. Aktiviteten har vore omfattande.

• Det er teikna partnarskapsavtale med ein ny kommune, slik at partnarskapet for fol- kehelse no består av 19 kommunar.

• Danseverkstadordninga vart etablert, og det vart gjennomført opplæring av in- struktørar i 7 kommunar.

• Det vart fordelt 300 000 kr til 15 miljø- fremjande tiltak.

• Frå det fylkeskommunale Enøk-fondet vart det delt ut 1,851 mill kr 14 kommu- nar har no fått støtte frå fondet sidan 2004.

Spesielle fylkestingssaker

• Avtale med Sogn og Fjordane Energi om omsettnad av konsesjonskraft.

• Avtalar med næringshagane i fylket.

• Forsking og utvikling - langsiktige planar med budsjett.

Dørfabrikken Dooria i Årdal.

Ordførar Arild Ingar Lægreid og fylkesord- førar Nils R. Sandal flankert av Harald Husabø, til høgre, og Knut Arild Stauri i dør- fabrikken Dooria.

Begge foto: Jan Egil Fimreite, Sogn Avis.

(15)

Samferdsle

Samferdsle sitt budsjett på kr 380,5 mill i 2007 femna om kr 103,47 mill til fylkesvegar, kr 269,15 mill til kollektivtrafikk og kr 7,9 mill til dekking av NOX-avgift. Innan kollektivtra- fikk går vel kr 243 mill til buss- og båtruter medrekna skuleskyss. Andre tiltak på budsjet- tet til kollektivtrafikk er mellom anna ung- domskort, Trygt heim for ein 50-lapp, lokale transporttilbod for ungdom, passasjertermi- nalar, tilrettelagt transport og godsruter med bil og båt. Til samanlikning hadde samferdsle eit samla budsjett på kr 344 mill i 2006.

Måloppnåing/resultatvurdering

Ei nye side på Internett kalla ungtransport.no vart opna. Ungtransport.no skal syte for let- tare tilgjengeleg informasjon om fylkeskom- munen sine transporttilbod for ungdom.

Tal unike brukarar av ruteinfo.net auka med 25 prosent i høve 2006. I snitt låg tal unike brukarar av ruteinfo.net på 9 526 per månad i 2007.

Ruteopplysingstelefonen 177 hadde i perio- den januar til og med august i 2007 totalt 42 869 anrop, der 36 698 eller 86 prosent vart svara på. I høve tilsvarande periode i 2006 gjekk tal anrop ned med i overkant av fem prosent, medan svara anrop gjekk ned med vel tre og ein halv prosent.

Bruken av ungdomskortet gjekk ned med om lag sju prosent i forhold til året før. Dersom det vert sett vekk frå juli og august då bruken er låg, vart det i 2007 i snitt seld 1301 oblat- ar til ungdomskort per månad. Salet av oblat til ungdomskort har generelt gått litt ned dei seinare åra. I tillegg til ein generell trend kan nedgangen i 2007 skuldast innføring av flek- sibel skuleskyss frå hausten. I 2007 auka pri- sen på ungdomskortet frå kr 320 til kr 330, ein auke på tre prosent. Del ungdom i alderen 16-19 år i Sogn og Fjordane som nytta ung- domskortet i 2007 var 21 prosent, ein ned- gang på to prosent frå året før.

Tal tilrettelagde drosjer for rullestolbrukarar i Sogn og Fjordane auka med fem i 2007. Ved utgangen av 2007 var det til saman 50 tilret- telagde drosjer. Den relative delen av tilrette- lagde drosjer for rullestolbrukarar var 27,9 prosent i 2007 mot 25,4 prosent i 2006. Tal kommunar som ikkje hadde tilrettelagde dro- sjer for rullestolbrukarar vart redusert med tre i 2007. Ved utgangen av året var det berre Hornindal som ikkje hadde tilrettelagde drosjer for rullestolbrukarar.

For tilrettelagt transport vart det løyvd totalt kr 5,05 mill i 2007, ein auke på kr 346 000 frå året før.

I 2007 bytte seniorskyss namn til sørvis- skyss. Det vart i 2007 løyvd til saman kr 535 000 til sørvisskyss i kommunane Leikanger, Balestrand og Fjaler, samt til flexirute i Måløy og Fokusprosjektet i Førde.

Regional utviklingsaktør

2007 var første året av ei ny fireårig avtale med rutebilselskapa.

Rutetilbodet vart vidareført i 2007 utan store endringar. Det vart gitt eit tilskot på kr 200 000 til Firda Billag for å oppretthalde buss- ruta Byrkjelo – Sandane – Nordfjordeid – Stryn – Førde. Nemnde bussrute er del av ruteopp- legget til ekspressbussen Bergen – Trond- heim. I løpet av 2007 vart det oppretta ei sommarrute mellom Leikanger og Eltvik om fredagen og ei sommarrute mellom Bot- nane/Villevika og Svelgen om torsdagen.

I 2007 fekk fylkeskommunen tildelt kr 200 000 frå samferdselsdepartementet til eit pro- sjekt med tilbringarteneste til snøggbåten i Florø og Måløy. Fylkeskommunen løyvde i 2007 kr 200 000 i eigenfinansiering til nemnde prosjekt.

Ordførar Trude Brosvik i Gulen saman med fylkesordførar Nils R. Sandal og vegforkjempar Leif Nyhammar då fylkesvegen Dingja - Solibotten vart opna.

(16)

For skuleåret 2007-2008 starta Vik kom- mune ei prøveordning med båtrute frå Vik til Sogndal for elevar ved Sogndal vidaregåande skule. Fylkeskommunen ytte for hausten 2007 eit tilskot på kr 281 000 til dekking av 50 prosent av kostnadene med nemnde bå- trute. I snitt var tal reiser gjorde av elevar 334 per månad eller 22 per skuledag for hausten 2007.

Fleksibel skuleskyss vart innført som ei prø- veordning for elevar i vidaregåande skule for skuleåret 2007-2008. Ordninga gjeld ei heim- reise dagleg alle skuledagar på eksisterande buss- og båtruter i fylket med unntak av nokre kommersielle ekspressbussruter. Det vart ikkje oppretta nye ruter for fleksibel sku- leskyss.

Bussrutene i det fylkeskommunale teneste- kjøpet hadde 1 607 000 passasjerar i 2007, som representerte ein nedgang på fem pro- sent i høve 2006. Passasjertalet syner vanleg reisande utanom skuleelevar.

For båtruter utanom skuleskyss var tal passa- sjerar for 2007 på 492 000. Snøggbåtrutene mellom fylket og Bergen hadde 320 000 pas- sasjerar i 2007, noko som var ein oppgang med i overkant av to prosent frå 2006.

Rammevilkår/økonomi

Rekneskapen for 2007 synte eit mindrefor- bruk på om lag kr 300 000 i høve budsjettet for programområda 60 ,samferdsleføremål og 63, samferdsle.

I 2007 var km – kostnaden for fylkeskommu- nen sitt kjøp av tenester frå rutebilselskapa på kr 20,47. Km-kostnaden var 7,7 prosent høgare i 2007 enn i 2006. Beleggsprosenten (passasjerkilometer/plasskilometer) for per- sonruter med buss og båt med fylkeskommu- nalt tilskot var på høvesvis 24 prosent og 26 prosent i 2007, det same som i 2006.

Universell utforming

Fylkeskommunen fekk etter søknad tilsegn om kr 250 000 i BRA-midlar til kartlegging av strekninga Førde – Florø inkludert rutestasjo- nane i Førde og Florø i høve universell utfor- ming og godt tilgjenge til alle.

Fylkeskommunen fekk etter søknad også til- segn om kr 250 000 i BRA-midlar til utarbei- ding og gjennomføring av sjåførkurs for både

drosje og buss. Sjåførkursa har fokus på ulike typar funksjonshemming.

Fylkesvegar

I 2007 vart det løyvd kr 98,1 mill til drift og vedlikehald av fylkesvegar, som er ein auke i høve 2006 på tre og ein halv prosent. Rekne- skapen for 2007 synte eit mindreforbruk på om lag kr 2,8 mill. Årsaka til mindreforbruket er at refusjonsinntektene for meirverdiavgift vart om lag kr 1,4 mill høgre enn venta.

Det vart i 2007 brukt kr 50,95 på drift og vedlikehald per meter fylkesveg. Til samanlik- ning vart det i 2006 brukt kr 50,66. Talet om- fattar drift og vedlikehald fråtrekt midlar til vegadministrasjon, trafikktryggingstiltak og ferjedrift.

Totalt var kr 69,4 mill tilgjengeleg for investe- ring på fylkesvegar i 2007, der kr 54,4 mill var løyvd for året og kr 15 mill var overført frå 2006. Unytta løyving ved slutten av året var kr 33,9 mill. Mindreforbruket skriv seg frå fleire prosjekt, der det største på kr 22 mill skuldast at godkjenning frå Vegdirektoratet av bruprosjekteringa for fv.4 Fastlandssam- band Ytre Gulen har trekt ut i tid. Vidare starta prosjektet med fv. 724 Oldedalen så seint at ikkje alle midlane vart nytta i 2007.

Det er òg om lag kr 1 mill i samla innsparing frå fleire avslutta prosjekt.

Effektiviseringstiltak

Den nye fireårige avtalen med rutebilsel- skapa, som starta å gjelde frå 01.01.2007, skal gje rutebilselskapa eit insitament for ef- fektivisering, utvikling og marknadsføring/sal av reisetilbodet.

2007 var første heile året der alle fylkesve- gane vart drifta av entreprenørar etter kon- kurranse. Konkurranseutsettinga har ført til lægre kostnader med den daglege drifta, og har dermed frigitt midlar til andre viktige til- tak som mellom anna meir dekkelegging.

Fjord Molde gjekk i rute mellom Hermansverk og Slinde i fleire periodar i 2007.

Bak frå venstre: Eva Fosshagen, Ørjan Skare og Ole Ingar Hæreid. Framme: Kristin Arne- stad og Eva Hamre med ungdomstilboda frå samferdsle.

(17)

Miljø og kollektivtransportseksjonen i sam- ferdsledepartementet vitja fylket i juni. Her er dei utanfor fylkeshuset saman med, frå høgre, Dina Lefdal, Statens vegvesen, sam- ferdslesjef Ole lngar Hæreid og fylkesdirektør Velaug Veum i regionalavdelinga.

Sjå elles rapportering i vedlegget i høve måla i målekartet

Spesielle fylkestingsaker

• Årdal kommune får forskottere forleng- inga av Naustbukttunnelen med refusjon i 2013. Sogn og Fjordane fylkeskommune finansierer kr 3 mill av tilleggskostnaden med forlenga forskotteringsperiode.

• Godkjenning av søknaden frå Kvivsvegen AS om finansiering av prosjektet E39 Kvivsvegen delvis med bompengar.

• Luster kommune får forskottere rassikring av rv. 55 Gullringen i 2008-2010, med at- tendebetaling i 2016 og 2017. Fylkes- kommunen yter eit tilskot på kr 3 mill som bidrag til Luster kommune sine rentekost- nader i forskotteringsperioden.

• Innføring av fleksibel skuleskyss som ei prøveordning for skuleåret 2007-2008.

• Stadfesting av vedtak om finansiering med bompengar av rv. 55 Fatlatunnelen.

• Godkjenning av Marknadsplan for sam- ferdsla i Sogn og Fjordane 2008-2010, med tilhøyrande handlingsplan for 2008.

• Aurland kommune får forskottere midlar til sikring av rv. 50 Dråpane og Vassbygd-

tunnelen vest i 2008, med attendebeta- ling i 2013.

• Inga vidareføring av forsøket med oppgå- vedifferensiering på samferdsleområdet i regi av Vestlandsrådet ut over 2007. Fyl- kestinget konstaterte at forsøket med oppgåvedifferensiering ikkje har fungert etter intensjonen i forsøksperioden.

• Godkjenning av avtale mellom Fjord1 Sogn Billag og Sogn og Fjordane fylkes- kommune om drift og vedlikehald av per- sonterminal i Sogndal for 10 år frå 24.11.20

Fylkeskommunen kartla strekninga Florø - Førde i 2007 med omsyn til universell utfor- ming. Frå venstre: Bjarne Aasen, Firda Billag, Ole Johnny Farsund, testpilot, Bjørn Nordberg, Firda Billag, Asle Sande, Hjelpemiddelsentra- len, Kjell Dybaa, NHF Flora og Solfrid Foss- berg i staben til fylkesrådmannen

(18)

Den offentlege tannhelsetenesta

Måloppnåing/resultatvurdering

Av tannhelsetenesta sitt prioriterte klientell, dvs. barn og ungdom 0 – 18 år (gr. A), psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon (gr.

B), grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon (gr. C1) og heimesjukepleie (gr. C2) og ungdom 19 – 20 år (gr. D), var 29 967 under tilsyn i 2007. Dette utgjer 91,5 % av totalt tal i gruppene, og er det same nivå som føregåande år. Resultatet er betre enn mål- tala i driftsavtalen, som samla for dette klien- tellet er 86 % under tilsyn. Det har og i 2007 vore retta spesiell merksemd mot gr. C2, og for denne gruppa er tilsynsprosenten auka frå 63,4 i 2005 til 81,4 i 2006 og ytterligare til 82,7 i 2007.

Den offentlege tannhelsetenesta hadde 39 103 pasientar under tilsyn i 2007. Dette ut- gjer omlag 37 % av befolkninga i fylket og er ein nedgang på om lag 2 %-poeng i høve til 2006. Vakansar i tannlegestillingar på nokre klinikkar som tidlegare har behandla mange vaksne betalande pasientar gjer at denne pa- sientgruppa er redusert.

Det vert kvart år registrert tannhelsedata på såkalla nøkkelårskull, 5-, 12-, og 18-åringar.

Resultata for 2007 viser om lag same resul- tat for 5-åringane, som i 2006 hadde det beste resultatet nokon gong, forbetring for 12-åringane som i 2007 har det beste resul- tat nokon gong, medan for 18-åringane er re- sultatet betre enn i 2006. Resultata er innafor dei tannhelsemåla som er sette.

Sjå elles rapporteringa i vedlegget i høve måla i målekartet.

Takstane for behandling av betalande pasien- tar i den offentlege tannhelsetenesta vart auka med 3 % frå 1.1.2007.

Effektiviseringstiltak

I Den offentlege tannhelsetenesta er det i 2007 utført til saman 101,5 årsverk, av desse 36,0 tannlegeårsverk, og 11,4 tann- pleiarårsverk. Pr 31.12.07 er 4 av tannlege- stillingane ledige, sjå indikator T2–1.1 i målekartet.

I 2007 er det innført digitalt røntgen på alle tannklinikkane.

Folkehelse

Tannhelsetenesta er ein aktiv medspelar i folkehelsearbeidet og er representert i folke- helsegruppa som fylkeskommunen og fylkes- mannen har oppretta, i tillegg til at vi og har folk med i nokre av ressursgruppene. Tann- pleiarane er sentrale i desse oppgåvene, sjølv om folkehelseaspektet skal vere til stades i heile tenesta.

Det er etablert samarbeid med helsetenesta i 25 av kommunane i fylket, sjå indikator R2–

1.1 i målekartet.

Spesielle fylkestingssaker

I Stryn har tannhelsetenesta i 2007 arbeidd vidare med forprosjektet som har som målset- jing å setje i gang eit prøveprosjekt for sam- ordning av drifta i offentleg og privat tannhelseteneste for å få betre ressursutnyt- ting og betre tilbodet på tannhelsetenester til befolkninga i Stryn og Hornindal. Til dette for- prosjektet er det løyvd midlar frå Sosial- og Helsedirektoratet.

Fylkestinget godkjende i sak 27/07 forret- ningsplan og gav løyve til skiping av eit fyl- keskommunalt aksjeselskap.

Fylkestinget vedtok i sak 26/07 rekrutte- rings- og stabiliseringstiltak i den offentlege tannhelsetenesta

(19)

Vedlegg

Måloppnåing / resultatvurdering i 2007 sett i høve til målekarta for sektorane

Side

Opplæring 20

Kultur 24

Samferdsle 27

Plan og næring 29

Tannhelse 30

Regional utviklingsaktør 31

(20)

STRATEGISK FOKUSOMRÅDE: TENESTEPRODUKSJON/ BRUKARPERSPEKTIVET

T1 Kritisk suksessfaktor: Desentralisert og heilskapleg opplæringstilbod i regionane for unge/vaksne gjennom eit utbreitt skulesamarbeid

T1-1 Måleindikator: Tal hybelbuarar

Tal hybelbuarar er målt for Vg1-nivået og samla for alle nivå i vidaregåande skule. Kjelde: SATS.

Nivå/årssteg 2006/07 2007/08

Tal hybelbuarar i % av totalt elevtal Tal hybelbuarar i % av totalt elevtal

Vg1 423 23,6 372 22,3

Alle samla (Vg1, Vg2, VKII) 1234 29,3 1081 25,4

T1-2 Måleindikator: Registrert fråfall

”Fråfall” er definert som elevar/lærlingar/lærekandidatar som avbryt opplæringsløpet før opplæringa er fullført (bestått). Registrert fråfall er målt for elevar med ungdomsrett, lærlingar og lærekandidatar. Kjelde: Oppfølgingstenesta sitt registreringssystem OTTO/SSB.

Gruppe

2005/06 2006/07

Tal fråfall i % av inntekne elevar/løpande kontraktar

Tal fråfall i % av inntekne elevar/løpande kontraktar

Elevar i vgs med ungdomsrett 182 3,5 165 3,6

Lærlingar (heva lærekontraktar) 40 5 34 3,9

Lærekandidatar (heva opplæringskontraktar) 0 0 6 13

T1-3 Måleindikator: Grad av samarbeid om opplæringstilbodet i regionane

Samarbeid om opplæringstilbodet mellom dei vidaregåande skulane i regionane (Sogn, Sunnfjord, Nordfjord).

2006 2007

Tal samarbeidsmøte

pr skule Tal skular Tal skular i % Tal samarbeidsmøte

pr skule Tal skular Tal skular i %

<5 6 46 <5 13 100

>5 7 54 >5 0 0

2006 2007

Nytteverdi av sam- arbeidet (skala 1-6)

Tal skular Tal skular i % Nytteverdi av sam- arbeidet (skala 1-6)

Tal skular Tal skular i %

1-3 - - 1-3 1 8

4-6 - - 4-6 12 92

T1-4 Måleindikator: Tilbod om fjernundervisning (nettundervisning)

Dette gjeld tilbod om fjernundervisning ved/i regi av dei vidaregåande skulane i fag som ikkje vert gjevne ved den skulen eleven går på.

Totalt 231 elevar (6% av elevane i fylket) gjennomførde fag som fjernundervisning.

2006 2007

Tal kurs pr skule Tal skular Tal skular i % Tal kurs pr skule Tal skular Tal skular i %

0 1 7,5 0 5 35

<5 12 85 <5 8 57

5-10 1 7,5 5-10 1 7

T1-5 Måleindikator: Tilbod til vaksne med rett (”Ny sjanse”)

Dette gjeld tilbod ved dei vidaregåande skulane som er særskild tilrettelagt for vaksne.

2006 2007

Samla tal kurs Tal skular Samla tal deltakarar Samla tal kurs Tal skular Samla tal deltakarar

28 12 380 26 14 468

T2 Kritisk suksessfaktor: Godt læringsmiljø

T2-1 Måleindikator: Grad av trivsel

Rapportert på gjennom brukarundersøkinga våren 2006.

T2-2 Måleindikator: Grad av læring

Rapportert på gjennom brukarundersøkinga våren 2006.

T2-3 Måleindikator: Grad av tilpassa opplæring Rapportert på gjennom brukarundersøkinga våren 2006.

T3 Kritisk suksessfaktor: Godt læringsutbyte

T3-1 Måleindikator: Karakterutvikling

Det er her henta statistikk over karakterar i fag med sentralgitt eksamen. Kjelde: nasjonal statistikk utarbeidd av Utdanningsdirektoratet.

2005/06 2006/07*

Karakterar i høve

landsgjennomsnittet Tal fag i % Karakterar i høve

landsgjennomsnittet Tal fag i %

Over 18 75 Over - -

Likt 2 8,3 Likt - -

Under 4 16,7 Under - -

* Utdanningsdirektoratet har for 2006/07 ikkje utarbeidd nasjonal statistikk over karakterar i fag med sentralgitt eksamen.

Opplæring – Resultat sett i høve målekart 2007

(21)

T4 Kritisk suksessfaktor: Yrkes- og studierettleiing

T4-1 Måleindikator: Registrert fråfall grunna feilval

Gjeld tal elevar som har oppgjeve feilval som årsak til avbrot av vidaregåande opplæring. Kjelde: OTTO

2006/07 2007/08

Tal fråfall i % av samla tal fråfall for elevar

med ungdomsrett Tal fråfall i % av samla tal fråfall for elevar med ungdomsrett

22 12 21 12,7

T4-2 Måleindikator: Eleven sin opplevde kvalitet på rettleiinga Rapportert på gjennom brukarundersøkinga våren 2006.

T4-3 Måleindikator: Gjennomstrøyming

Etter opplæringslova skal retten til vidaregåande opplæring takast ut innan 5 år etter avslutta grunnskule. Tabellen under viser % av elevar frå årskull haust 2000 og 2001 som har fullført eller avbrote vidaregåande opplæring i løpet av 5 år. Kjelde: SSB. Samanlikna med landsgjennomsnittet var det 2% fleire av årskullet (starta GK i 2001)som gjennomførde vidaregåande opplæring på normert tid.

2005* 2006

Fullføringstid/avbrot Tal elevar i % av årskull Fullføringstid/avbrot Tal elevar i % av årskull

Normert tid 61 Normert tid 59

Utover normert tid 13 Utover normert tid 13

I vgo etter 5 år 8 I vgo etter 5 år 9

Avbrot 18 Avbrot/ikkje bestått 19

* SSB har korrigert tala for kullet som starta i 2000 etter tidspunktet for utarbeiding av årsmeldinga for 2005.

T5 Kritisk suksessfaktor: Gode rutinar og arenaer for brukarmedverknad

T5-1 Måleindikator: Elevrepresentasjon i råd og utval innan vidaregåande opplæring

2005/06 2006/07

Råd/utval Tal skular i % av samla tal skular Råd/utval Tal skular i % av samla tal skular

Skuleutval 12 85,5 Skuleutval 15 100

Skulemiljøutval 13 92,5 Skulemiljøutval 15 100

(22)

Opplæring – Resultat sett i høve målekart 2007

STRATEGISK FOKUSOMRÅDE: REGIONAL UTVIKLINGSAKTØR

R1 Kritisk suksessfaktor: Opplæringstilbodet er sett i samanheng med offentleg og privat verksemd sine behov

R1-1 Måleindikator: Samsvar mellom tilgangen til læreplassar og tal lærlingar

Viser statistikk på lærefag med for få søkjarar i høve behovet i næringslivet og lærefag med for få læreplassar i høve søkjartalet. Kjelde: VIGO

2006 2007

Tal lærefag Tal læreplassar Tal lærefag Tal læreplassar

8 > søkjartal 6 > søkjartal

12 < søkjartal 5 < søkjartal

R2 Kritisk suksessfaktor: Etablert systematisk og forpliktande samarbeid mellom vgo og arbeidsliv

R2-1 Måleindikator: Teikna partnarskapsavtalar

Dette gjeld gjensidig forpliktande avtalar mellom t.d. ein vidaregåande skule og ei bedrift. Dei vidaregåande skulane har til saman 377 partnarskapsavtalar.

2006 2007

Tal partnarskapsavtalar

Tal skular Tal skular i % Tal

partnarskapsavtalar

Tal skular Tal skular i %

<5 3 21 <5 2 14

5-10 5 36 5-10 2 14

>10 6 43 >10 10 71,5

R3 Kritisk suksessfaktor: Skulane er lokale/regionale ressursentra og drivkraft i samhandlinga med lokalsamfunn og næringsliv

R3-1 Måleindikator: Lokalt næringsliv nyttar skulane aktivt i si kompetanseheving

Dei vidaregåande skulane har her rapportert inn tal kurs som dei arrangerte for lokalt næringsliv i 2007. Samla tal kurs var 121, med til saman 1550 deltakarar.

2006 2007

Tal kurs pr skule Tal skular Tal skular i % Tal kurs pr skule Tal skular Tal skular i %

<5 10 71 <5 10 71,5

5-10 1 7,5 5-10 2 14,3

>10 3 21,5 >10 2 14,3

R3-2 Måleindikator: Tilbod om fjernundervisning (til lokalt næringsliv) Skulane gav til saman 13 (av 121) kurs som fjernundervisning.

2006 2007

Tal kurs pr skule Tal skular Tal skular i % Tal kurs pr skule Tal skular Tal skular i %

<5 14 100 <5 14 100

>5 0 0 >5 0 0

R4 Kritisk suksessfaktor: Kort veg til gjennomføring gjennom handlingsplanar og budsjett, og målretta avviksrapportering

R4-1 Måleindikator: Rullering av handlingsplanar (systematisk justering)

2006 2007

Det er ei målsetting at handlingsplanar systematisk skal rullerast for å kunne fange opp endringar i behov og prioriteringar. Strategisk handlingsprogram og utviklingsplanane ved dei vidaregåande skulane vart rullert i 2006.

Prioriteringane i strategisk handlingsprogram vart lagt til grunn i budsjettprosessen.

Det er ei målsetting at handlingsplanar systematisk skal rullerast for å kunne fange opp endringar i behov og prioriteringar. Nytt arbeid med mål og strategiar for vidaregåande opplæring vart sett i gang våren 2007.

Tilhøyrande handlingsprogram skal handsamast i HO våren 2008. På bakgrunn av dette vart vedteke handlingsprogram ikkje rullert i 2007.

R5 Kritisk suksessfaktor: Vidaregåande opplæring har høg utviklings- og omstillingskompetanse

R5-1 Måleindikator: Oppleving av skulen som medspelar i regionalt utviklingsarbeid

Målinga viser skulen si vurdering av seg sjølv som medspelar i regionalt utviklingsarbeid på ein skala frå 1-6.

2006 2007

Skala Tal skular Tal skular i % Skala Tal skular Tal skular i %

1 (låg) 0 1 (låg) 1 7

2 1 7,5 2 1 7

3 3 21 3 1 7

4 4 28,5 4 5 35,7

5 6 43 5 4 28,5

6 (høg) 0 6 (høg) 2 14,3

(23)

STRATEGISK FOKUSOMRÅDE: RAMMEVILKÅR/ ØKONOMI Ø1 Kritisk suksessfaktor: Samsvar mellom mål og rammer

Ø1-1 Måleindikator: Oppfatta samsvar mellom oppdrag/mandat og rammer/handlingsrom

Målinga viser skulane sine vurderingar av samsvar mellom oppdrag og rammer (jf ansvarsbrev) på ein skala frå 1-6.

2006/07 2007/08

Skala Tal skular Tal skular i % Skala Tal skular Tal skular i %

1 (låg) 1 7,7 1 (låg) 0 0

2 1 7,7 2 1 7,1

3 5 38,5 3 4 28,6

4 4 30,7 4 4 28,6

5 2 15,4 5 4 28,6

6 (høg) 0 6 (høg) 1 7,1

Ø1-2 Måleindikator: Avvik i høve budsjett

Avvik i høve budsjett for dei vidaregåande skulane (Sogn Jord-og hagebruksskule ikkje medrekna):

Akkumulert driftsoverskot for dei vidaregåande skulane varierer frå 0,140 mill kr til 1,382 mill kr. Driftsunderskota går frå 0,115 mill kr til 1,841 mill kr.

Ordninga med resultatoverføring utvidar handlingsrommet for skulane, både i høve til oppsparing med tanke på større tiltak seinare eller gjennomføring av

”notiltak” mot framtidige innsparingar. Målingane viser tal skular med over-/underskot og skulane si vurdering av om dei bevisst har styrt mot eit over- /underskot.

2006 2007

Avvik Tal skular Tal skular i % Avvik Tal skular Tal skular i %

Overskot 7 58,3 Overskot 6 46,2

Underskot 5 41,7 Underskot 7 53,8

Bevisst styring mot over-/underskot?

Tal skular Tal skular i % Bevisst styring mot over-/underskot?

Tal skular Tal skular i %

Ja 6 46,1 Ja 10 76,9

Nei 7 53,9 Nei 3 23,1

Avvik i høve budsjett for tenesteområda innan opplæring ekskl. dei vidaregåande skulane (landslinene er medrekna):

Innsparingar er knytt til omstillingstiltak for pedagogisk personale /seniortiltak 1,643 mill kr, organisasjon - og personalutvikling 0,292 mill kr, system og informasjonskostnadar 0,250 mill kr, flyttegodtgjersle 0,100 mill kr, eksamensutgifter 0,365 mill kr, PP – tenesta 0,788 mill kr, oppfølgingstenesta 0,114, tilpassa opplæring 4,605, fagprøver 0,291 mill kr, vaksenopplæring 0,518,

Overskridingane er knytt til tilskot til lærebedrifter 2,945 mill kr, gjesteelevar 0,517 mill kr, vedlikehald bygg 0,164 mill kr, landsliner 0,442.

2006 2007

Avvik Mill kr Avvik i % av vedteke

budsjett Avvik Mill kr Avvik i % av vedteke

budsjett

Innsparing 0,440 15,8 Innsparing 8,940 18,4

Overskriding 9,314 11,9 Overskriding 3,904 5,6

Ø2 Kritisk suksessfaktor: Tilfredsstillande økonomikompetanse

Ø2-1 Måleindikator: Avvik mellom budsjett, tertialrapportar (prognosar) og årsrekneskap Dette gjeld avvik mellom prognosesetting i løpet av året og årsrekneskap.

Dei vidaregåande skulane har rapportert på om dei har fast rutine for utarbeiding av årsprognose, tal årsprognosar som vert utarbeidd i løpet av eit år og grad av samsvar mellom årsprognosar og faktisk årsresultat.

2006 2007

Fast rutine for utarb

av årsprognose? Tal skular Tal skular i % Fast rutine for utarb

av årsprognose? Tal skular Tal skular i %

Ja 10 76,9 Ja 12 85,7

Nei 3 23,1 Nei 2 14,3

Tal årsprognosar Tal skular Tal skular i % Tal årsprognosar Tal skular Tal skular i %

1 3 23,1 1 1 7,1

2 2 15,4 2 2 14,3

3 el fleire 8 61,5 3 el fleire 11 78,6

Grad av samsvar mellom årsprogn og

årsrekneskap

Tal skular Tal skular i % Grad av samsvar mellom årsprogn og

årsrekneskap

Tal skular Tal skular i %

Godt 10 76,9 Godt 12 85,7

Mindre godt 2 15,4 Mindre godt 2 14,3

Lite samsvar 1 7,7 Lite samsvar 0 0

For tenesteområda innan opplæring ekskl. dei vidaregåande skulane vert det utarbeidd årsprognosar i samband med tertialrapportering. Det viser seg å vere avvik mellom prognosesetting og årsrekneskap for tenesteområda med anslagsløyvingar. Ellers er det godt samsvar mellom prognosesetting og

årsrekneskap.

Ø3 Kritisk suksessfaktor: Effektiv ressursbruk i tenesteproduksjonen

Ø3-1 Måleindikator: Kostnad pr elev/lærling (korrigert for studieretning/kvalitetsvurdering)

Det er henta inn statistikk for kostnad pr elev. Kostnadstala inkluderer skuleskyss. Kostnadstalet er også samanhalde med landsgjennomsnittet. Kjelde:

KOSTRA

2006 2007

Kostnad pr elev % i høve landsgjennomsnittet Kostnad pr elev % i høve landsgjennomsnittet

124 000,- 117,5 136 000,- 123

(24)

Kultur – Resultat sett i høve målekart 2007

STRATEGISK FOKUSOMRÅDE: TENESTEPRODUKSJON/ BRUKARPERSPEKTIVET T1 Kritisk suksessfaktor: Kultursektoren gir god informasjon til brukarane

T1-1 Måleindikator: Kommunar, organisasjonar, institusjonar har god kjennskap til kultursektoren sine tenester

Tiltak Merknader

Styrka arbeidet med informasjon på nettet ved oppretting av eige internt team. Informasjon vert gjeve gjennom annonsering,

pressemeldingar, informasjon på nettsider, rundskriv, informasjon på møter og konferansar og i direkte kontakt med brukarar.

Etablert ny og meir brukarvenleg framside på KSYS for enklare info til skulane om DKS, med evalueringsskjema som alle mottakarar av tilbod frå DKS blir oppmoda om å nytte,

Det er ikkje gjennomført brukarundersøkingar i 2007.

I mai 2007 fekk vi ei ny og meir brukarvennleg som gjer det lettare for skulane, og andre å finne fram til informasjon. Sidene er både

informasjonskanal og planleggingsverktøy, med oversyn over elevtal og timeplanar.

I tillegg til innspel og tilbakemeldingar på skjema skjer det ved e-post eller telefon.

T2 Kritisk suksessfaktor: Kultursektoren har gode rutinar /arenaer for brukarmedverknad

T2-1 Måleindikator: Kommunar, organisasjonar, institusjonar opplever å kunne påverke innhaldet og kvaliteten i kultursektoren sine tenester

Kva, korleis? Merknader

I tilknyting til høyringsrunden for kulturstrategien, vart det gjennomført høyringsseminar, møter med fylkesdekkande organisasjonar, regionråda/kommunane og folkemøte.

Det er ikkje gjennomført brukarundersøkingar i 2007

T3 Kritisk suksessfaktor: Kultursektoren yter gode tenester innan kulturformidling

T3-1 Måleindikator: Oppslutning om nettbasert kulturformidling; tal treff på nettet

Tal treff Merknader

Besøk: 78 836

Søk i databasar: 1 680 060

Gjeld Kulturnett Sogn og Fjordane og Fylkesarkivet sine databasar.

Pga. systemomlegging er tala for 2007 ikkje samanliknbare med dei frå tidlegare år. Men vi har klåre indikasjonar på ein monaleg auke i bruken av vev - tenesten i 2007.

T3-2 Måleindikator: Utlån gjennom fylkesbiblioteket

Utlån Kva Merknader

Utlånet av bøker, lydbøker, teikneseriar og musikkinnspelingar:

Bokbussen: 7771 mot 7430 i 2006 Bokbåten: 16 705 mot 17 704 i 2006 Fjernlån: 3541 mot 4200 utlån i 2006 gjennom fjernlånssamarbeidet

Bøker, lydbøker, musikk-CD, m.m. Ein 5 % ake på utlån i bokbussen, og ein nedgang på bokbåten med 6 %. Fjernlån har ein nedgang på 16 %.

2236 mot 2065 i 2006 var brukarar av tenestene på bokbåten

1685 mot 1546 i 2006 deltok på kulturprogram Ein auke på ca 8 % brukarar og ca 9 % auke i deltaking på kulturprogramma.

T3-3 Måleindikator: Oppslutning om tilboda i Den Kulturelle Skulesekken

Tal tilbod Tal elevar /lærarar Merknader

7 skulekonsertturnear I samarbeid med DKS

40 turnear til grunnskular

1 turne til vidaregåande opplæring

15 000 elevar (alle) på om lag 135 skular i fylket får fire profesjonelle kulturopplevingar kvart skuleår.

Elevane på vg2 og første års lærlingar ved fire skular som får tilbod fyrste året 2007/2008.

Fordelt på visuell kunst, teater, skulekonsertar og design.

Frå 2007 er fylket med i ein pilot på kultursekk i vidaregåande opplæring. 4 skular er med: Hafstad Firda, Stryn og Luster

1 dagkonferanse 2 møter i referansegruppa 2 møter i styringsgruppa

135 kulturkontaktar på skulane, DKS-kontaktar på kommunenivå (26), kulturarbeidarar, mfl.

I styringsgruppa deltek fylkeskommunen, Fylkesmannen, Høgskulen og kommunane (KS) T3-4 Måleindikator: Oppslutning om kulturminna som ressurs i lokalsamfunnsutviklinga

Kva. Korleis. Tal saker Merknader

Rådgiving for søknadar til

verdiskapingsprogrammet Aurland/Nærøyfjorden

Søknad sendt i desember. Avgjerd om tilskot kjem i 2008

Kvalitetssikring av prosjekta sikrar økonomiske tilskot og samarbeid lokalt.

Søknader om tilskot til kulturminnetiltak 41 søknader, søknadssum 5,0 mill kr 10 fekk tilskot med 0,4 mill kr

Erfaring med at tilskot til lag/organisasjonar gir meireffekt i høve samfunnsengasjement og utvikling.

Rettleiing/uttaler til handsaminga av arealsaker, inkludert oppfølging av freda bygg.

Om lag 450 saker Tal på saker er noko usikkert og baserast på ei vurdering.

Etablert eige tilbod i den kulturelle skulesekken om kulturminne, ”Livet i steinalderen”

Opplegg på 2 skular, à 3 klassar, totalt ca 120 elevar

Prøveopplegg i eit samarbeid mellom fysisk fostring, UngArena og kulturminne. Gode tilbakemeldingar.

Tilskot til fartøyvern 4 fartøy tildelt totalt 0,6 mill Ei auke på løyvingane frå 2006 på kr. 0,2 mill Gjennomført registrering av freda bygg i privat

eige.

Registrert 96 av totalt 1004 bygg. Fullførast i 2008. Skal nyttast til å auke

kunnskapen og styrke vegleiing og prosjektstyring ved ombygging/utbetring.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

ner til akutte sikringstiltak i 2002. Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner som følgje av auka distriktsbidrag frå kommunane. Utgiftsauken blir motsvara av

Dette gjeld heile Sogn og Fjordane, og etablering av anlegg på Teisthalsen vil difor potensielt kunne vere med å auke smittepresset frå lakselus og andre sjukdommar på vill

På bakgrunn av at inntekter frå sal og tilskott i 2007 er venta å bli høgare enn lagt til grunn i løyvinga for 2007, foreslår Justisdeparte- mentet å auke løyvinga på posten med

NVE har motteke ei melding frå Sognekraft AS som gjeld bygging av Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket får

KS i Sogn og Fjordane vurderer kurset som relevant for kommunane, og tilbakemeldingane frå rådmennene var positive då kurset vart presentert for dei 03.10.2018.. Kurset er

o Ber Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (FMSF) sende ut melding på nytt til kommunane om å melde frå om oppmøtestad der folk kan ta kontakt om behov. FMSF sender ut melding på

Totalt vert det investert tilsvarande kr 5,87 mill i 2013 (frå oversikt investering 2A, det føreligg ikkje «økonomisk oversikt investering»).. Dei største investeringane

Det blir gitt tilskot til 28 av søknadene etter at Fylkesmannen har motteke til saman 43 søknader frå kommunane.. Samla søknadssum er om lag kr