• No results found

Kompetanse for mangfold

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Kompetanse for mangfold"

Copied!
23
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Kompetanse for mangfold

Jordbærveien barnehage 05.06.2018

(2)

Bakgrunn

• Fire avdelingar, 3 (3-6 år), 1 (0-3år)

• Mange nasjonalitetar representert i barnehagen

• Fokus på mangfold gjennom mange år

• Gjenkjennbart å starte med prosjektet

«Kompetanse for mangfold»

(3)

Korleis byrja vi?

• Alle pedagogiske leiarar på fagdagen 15.august, samt i ressursgruppa

• Ynskja ei felles forståing for prosjektet, same informasjon ut til avdelingane

• Ped.leiarar har ulike erfaringar – felles idemyldring på korleis vi skulle jobbe vidare

• Rettleiing der vi fastsette fokusområdet vårt

• Foreldresamarbeid og språk

(4)

Foreldresamarbeid

Vår intensjon i foreldresamarbeidet

• Samarbeide med foreldra på ein ny måte

• La foreldra være meir delaktig i samarbeidet

• Bruke meir tekniske hjelpemiddel inn i dette samarbeidet

• La barna forstå at vi er oppteken av god kommunikasjon med

foreldra/familien

(5)

Kva nytt har vi gjort?

Kjøpt inn teknisk utstyr:

TV på kvar avdeling

Overgangar i TV til å sette inn minnekort, USB og HDMI kabel

Viser nå bilete frå kvardagen på TV-skjermen, samtaler med foreldra rundt bileta

Foreldra kan få forståing for kvardagen vår

Informasjon på tavla (ikkje dagtavla)– illustrerar vi med symbol/bileter av gjenstandar.

Meir medviten kroppsspråket vårt

Erfaringar:

Nærare kontakt med foreldra ved å bruke bilete

Ved å bruke bileter på informasjonslappar– moglegheit å peike på gjenstandane

(6)
(7)

Foreldresamtalar

Førstegangssamtalen

• Språkstandard frå Kristiansand Kommune – endra litt

• Spurde meir om språk, kultur og religion

• Brukte samtalen til å vise at vi er interessert i å lære meir, fortalde om kompetanse for mangfald prosjektet

• Tolk – viktig

(8)

Førstegangssamtalen erfaringar:

Jobbe for å videreutvikle spørsmåla, nokon foreldre vart tilbakeholden av dei

Språk og tradisjonar - greit å snakke om

Religion – ulike reaksjonar frå foreldre. Nytt for oss. Må jobbe vidare med dette– tok det med til personalmøte for diskusjon.

Vente med nokon av spørsmåla til ein blir betre kjent?

Foreldresamtalen og førstegangssamtalen – kva vi har gjort

Brukt iPad/datamaskin – vist bilete, film for å forklare det vi snakkar om

På førehand gjort opptak og teke bilete av barnet omtalt i samtalen

Foreldresamtalen erfaringar:

Positivt med iPad/datamaskin i samtalen

Opplever at foreldra har ei betre forståing for kva vi snakkar om

Får sett barnet i aktivitet i bhg på bilete/film

(9)

Diskusjonar på veiledninga 18.oktober:

I kva samanheng skal vi spørje foreldra om anna kultur/språk?

Hudfarge, snakkar gebrokkent? Kva blir riktig i denne samanhengen?

Korleis skal vi møte foreldre som ikkje ynskjer at barnet deira skal ha fokus på andre språk enn norsk, sjølv om ein av foreldra snakkar eit anna språk?

• Vart einige om å prøve å lære oss namna på alle foreldre

Erfaringar ved bruk av tolk:

Bruke «eg», ikkje «sei til dei at…»

Snakke med foreldra, ikkje tolken

Ved bruk av telefontolk: Sete ved sidan av kvarandre, ikkje ovanfor. Avtale med tolken på

førehand korleis ein gjer dette og informere om intensjonen med samtale. Viktig å be tolken seie i frå om ein brukar for lange setningar.

Tolk tilstades – foreldra set ovanfor deg og tolken på enden av bordet

.

(10)

Heimesida

Eigen knapp for å oversette all tekst i google translate – viste foreldra med iPad korleis dette gjerast

Ukes-/månedsnytt

Bruker bilder i tillegg til tekst for å illustrere kva vi heldt på med, etter dette prosjektet har vi blitt meir medviten dette.

Foreldremøte erfaringar

Brukte bileter/video for å vise kva vi holdt på med på avdelinga

Brukte bileter for å illustrere kvardagsrutiner

For å nå alle foreldra, snakka vi med dei i garderoba og fortalde kva eit foreldremøte går ut på og sa «foreldremøtet er (tidspunkt) og vonar at vi ser deg der»

(11)

Avdelinga – før prosjektet

• Barnehagen har allereie gjort mykje av det som vart presentert på formøtet før prosjektet

Flagga til dei ulike landa som er representert heng godt synleg

Barna/foreldra har skreve alfabetet tilhøyrande deira land

Involverer foreldra til å skrive

Fortalt eventyr med opprinnelse i ulike land

Telt, sunge og snakka på ulike språk på avdelinga og i samlinga

Barna har vist fram ulike kulturar, gjenstandar, språk og songar under FN-veka, men også ellers

Fått foreldre til å bake/lage mat frå ulike land som barna kan smake

(12)

Ulike skriftsspråk

(13)

Avdelinga – nytt

Kva vi har gjort i prosjekttida:

Medviten samla inn tal frå foreldre, samt ulike ord: «venn, hei, god morgen» osv.

på dei språka som er representert i barnehagen

Lyderinga, slik vi får brukt det aktivt i samlinga og ellers

Samla inn songar frå foreldra – spurt «kva likar barnet å høyre på heime?»

Brukt appen TOK TOK., Cappelen Damm

Måltid, utetid, forespørsel/undring

Erfaringar:

Ved å bruke innsamla ord – kommunisere med f.eks. besteforeldre

Ufarleggjer språket – språkinteresse ved å bruke TOK TOK

Opplevd at barna blir glade, trygga når dei høyrer kjende songar

(14)

Avdelinga - nytt

Kjøpt inn teknisk utstyr:

Lerret til kvar avdeling

Trålaus høgtalar til kvar avdeling

Spotify premium brukar til bhg – laga spelelister

Ventar på: Trålaus prosjektor (vanskeleg i forhold til kommunale nettverk)

Stativ til prosjektor

HDMI kablar og overgangar

(15)

• Sang, musikk og dans

Youtubefilmar frå ulike land på TV/lerret

Henta informasjon frå foreldra

• Morsmålsdagen:

Markerte den 21.februar

Ulik markering frå avdeling til avdeling

Musikk på ulike språk

Leste kjente eventyr på andre språk (eks. Bukkene bruse på tysk)

• Fokusord

Illustrert med bilder – barna blir gitt konkretar – samtaler/undring over orda

Ber dei snakke om og bruke orda heime

(16)

Språk

• Framhevar og snakkar om ulike land og språk i kvardagen og særskild i FN- veka

• Navna og flagga som heng på veggen

Grobotn for samtale/undring/diskusjonar – barn/barn, barn/vaksen

• Brukar det innsamla materialet (orda, tala) i samlingane og i kvardagen

Tel barna i samlinga på ulike språk – ser barna sin reaksjon

I oppstarten uvant, men no tel barna med

(17)

• Ynskjer at barna skal bli stolte av å kunne snakke fleire språk

Seier kva ein gjenstand heiter på ulike språk

Snakkar mykje engelsk, syng på engelsk

Framhevar barna sine språkkunnskap

Syng bursdagssang på ulike språk

Erfart at barna viser økt interesse for å bruke fleire språk

• Ser at barna viser språkinteresse, små historier frå vår praksis:

Historia om jentene på benken

Klubb – lærer om kvadrat

Babu (bil på somalisk)

(18)

Felles leikereferanse

• Barne-TV ikkje berre eit alternativ. Barna ser på mange ulike program

• Brukar projektor og lerret eller TV på avdelinga – skape felles leikereferansar

• Jobbar i prosjekt ila bhg året

• Eventyr – samtalar med foreldra om å lese det også heime, men på eige språk (om det finst) - Det flerspråklige bibliotek: www.dfb.nb.no

Erfaringar:

• Ser vennskap blomar på tvers av kultur og språk. Ved å skape felles

leikereferanse ser vi at barna får språkuttrykk som dei kan bruke i leiken

• Ved å lese eventyret også heime, erfarer vi at barnet får med seg innhaldet

betre, samt betre forståing

(19)

Religiøst mangfold

• Alle tilsette i barnehagen moglegheit å delta på kurset 18.april

• Helje Kringlebotn Sødal - tema: «Religiøst mangfold i barnehage og skole»

• Refleksjonar i etterkant førte til at vi endra dato for sommarfesten 2018

• Mange foreldre som leverte mat åt ikkje av den i fjor

• Nå venter vi til etter Id, slik at alle kan delta

(20)

Refleksjonar i personalgruppa

• Ulikskapen mellom feiring/markering – kvar er bhg no?

• Korleis få informasjonen vi treng i frå foreldra?

• Markere ei religiøs høgtid – kva gjer vi om foreldra ikkje ynskjer at vi i bhg skal gjere dette? Og kva gjer vi om det er to familiar i bhg med same religion som har ulike ynskjer?

• Åpenheit om personleg tru? Korleis kan vi møte barnet si undring og sine spørsmål om religion?

• For lite kunnskap om ulike religionar

korleis skal vi få meir?

(21)

Utfordringar vi møtte

Valgte alle pedagogiske leiarar i ressursgruppa:

Positivt at alle har den same informasjonen

Utfordrande å få satt av tid på ledermøte til prosjektet

• Utfordring å hugse på prosjektet i det daglige, finne på noko nytt

• Lære inn nye ord, bruke dei i kvardagen

• Utfordrande å spørje om religion, bakgrunn, kultur i foreldresamtalen

(22)

Utfordringar vi møtte forts.

Teknisk utstyr:

TVane skulle ha inngang til USB og HDMI, kunne ha justerbart veggfeste og vere i riktig, samt kunne kjøpast innanfor kommunen sine innkjøpsavtalar

Spotify ein brukar for bhg, men overstyrer kvarandre. Løysing – laste ned ei mappe og bruke offline brukar

Dårleg internett dekning på huset, måtte oppgradere

Å få alle i personalet til å bruke det tekniske utstyret (TV, høgtalar osv)

iPadar hadde ikkje deksel – måtte kjøpe inn dette, få personalet til å bruke appane

Kjøpe lommeprojektor, men vanskeleg å få innpass i kommunale nettverket

Ville kjøpe trålaustwebkamera, men ikkje moglegheit på det kommunale nettverket

(23)

Veien vidare

• Fleire faglege diskusjonar i personalgruppa om temaer innanfor «kompetanse for mangfold»

• Få på plass teknisk utstyr

• Utvikle morsmålsdagen

• Nytte «Flerreligiøs høytidskalender 2018-2019 (www.trooglivssyn.no)

• Lære meir om korleis vi kan markere ulike høgtider, få meir kunnskap om religiøse høgtider

• Evaluere og omformulere spørsmål til førstegangssamtalen

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Eit andrespråksperspektiv på språk- politikken i akademia er nødvendig sidan ein veksande del av dei tilsette i sektoren ikkje har norsk eller eit anna skandinavisk språk som

Vietnamesisk er, som nevnt, et språk som står svært fjernt fra norsk, men det finnes også utfordringer ved sammenligning mellom norsk og flere andre språk, for eksempel ved

Hvilket treff løfter treklossen til største høyde h. m Demonstrert og forklart

- Forbruket av grus har økt samtidig som kommunens eget grusuttak tilnærmet har blitt halvert. Grusen som importeres skjer hovedsakelig med lastebil, men med samme

12 skrevet av personer med helt andre morsmål, både språk som anvender kopulaverb i presens og språk som ikke gjør det, og både språk som er nært beslektet med russisk og språk

Vi lever i et samfunn som er preget av mangfold i større grad. I et slikt samfunn kan vi møte mange ulike mennesker med ulik bakgrunn, språk eller religion. Dette betyr at i

Dei tre informantane er einige om at leiken i barnehagen er det viktigaste for barna. Dei nemner at det er gjennom leik barna lærer, både sosial kompetanse, danning, språk

I årene som kommer vil vi trolig se at myndighetene vil finne det påkrevet å legge fram langsiktige perspektiver for norsk økonomi hyppigere enn det som hittil har vært tilfellet