• No results found

Arealrekneskap for utmark – Utmarksbeitet i Oppland

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Arealrekneskap for utmark – Utmarksbeitet i Oppland"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Tal frå prosjektet “Arealrekneskap i utmark”

viser at Oppland har 11 mill. dekar nyttbart beitea­

real i utmark. Kvaliteten er litt betre enn lands­

snittet. Spesielt for fylket er at mykje beiteareal er høgtliggande. Oppland er det fylket som har flest dyr i utmark, og utnyttinga av beiteres­

sursane er høg i høve til andre fylke.

Beiteareal og beitekvalitet: Figur 1 viser landarea- let i Oppland fordelt på beitekvalitetar for husdyr.

Klassene godt beite og svært godt beite utgjer til saman nyttbart beiteareal. Det vil seie det arealet beitedyr vil ta planter av betydning for tilvekst frå.

20 % av landarealet i fylket er klassen ikkje beite, som omfattar areal utan vegetasjonsdekke som bart fjell og blokkmark, samt jordbruksareal og bebygde areal. 80 % av arealet kan reknast som tilgjengeleg utmarksbeite. Figur 2 viser at av det tilgjengelege utmarksbeitet kan 43 % klassifiserast som mindre godt beite, 43 % som godt beite og 14 % som svært godt beite. Figurane viser også tal for heile landet, basert på 87 % av flatene i prosjektet.

Kvaliteten på utmarksbeitet i Oppland ligg noko over gjennomsnittet for landet.

Varierande berggrunn og høgdetilhøve: Utmarks- beitet i Oppland byr på ulike naturtilhøve, frå skogsbeite i sør, vide fjellskogar og lågfjellsvidder i midtfylket og høgfjell i nord. Snittala for beitekvali- tet skjuler store lokale variasjonar. Varierande berg- grunn og høgdetilhøve er i første rekkje årsaken til dette. Harde og næringsfattige bergartar som vitrar seint og gjev lite næring for plantevokster dekkjer over halve fylket. Ein fjerdedel av fylket er dekt av bergartar som vitrar lett og gir næringsrikt jordsmonn.

Oppland har stor variasjon i høgdelag og topo- grafi, noko som er gunstig for beitekvalitet og sesongmessig beiteutnytting. Det som særmerkjer utmarksbeitet i fylket er store høgtliggande beite- areal. Desse fjellbeita har ein særleg verdi for sau

som kan trekkje opp i høgda med snøsmeltinga og få tilgang på nygroe utover ettersommaren og hausten.

Beitebruk: Utmarksbeite er ein viktig del av res- sursgrunnlaget for jordbruket i Oppland. 42 000 storfe, 246 000 sau, 5 800 geit og 800 hest gjekk meir enn 5 veker på utmarksbeite i 2013. Over 60 % av fylkesarealet vart bruka av organiserte beite- lag i 2012. Figur 3 viser at det er jamt med beite- dyr over det meste av fylket. Midtre delar av Gud- brandsdalen har særleg høg utnytting. I tillegg til dette kjem tamrein i fjellområda i vest fordelt på

fakta

13 1 5

Arealrekneskap for utmark

Utmarksbeitet i Oppland

Yngve Rekdal

43 43

14 48

42

10 0

10 20 30 40 50 60

Mindre godt Godt Svært godt

% Oppland

Landet

Figur 2. Areal av ulik beitekvalitet for husdyr i Oppland og i heile landet, vist som prosent av tilgjengeleg utmarksbeiteareal.

20

34 35

13 11

42

36

9 0

5 10 15 20 25 30 35 40 45

% Oppland

Landet

Ikkje beite Mindre godt Godt Svært godt

Figur 1. Areal av ulik beitekvalitet for husdyr i Oppland og for heile landet, vist som prosent av totalt landareal.

(2)

Norsk institutt for skog og landskap, Postboks 115, 1431 Ås. Tlf. 64 94 80 00

www.skogoglandskap.no

fakta

1 3 1 5

fire tamreinlag. For Oppland utgjer dette om lag 9 000 vinterrein. I tillegg kjem også uorganiserte beitedyr, særleg storfe knytt til seterdrift eller meir gardsnære areal.

Beitekapasitet: Ut frå fordelinga av beitekvalitetar kan det gjerast overslag over beitekapasitet. Her er det nyttbart beiteareal ein må ta utgangspunkt i.

Dette utgjer 47 % av fylkesarealet eller vel 11 mill.

dekar. Omlag 65 saueeiningar (s.e.) per km² nytt- bart beite kan sleppast på beite av den kvaliteten som finst i Oppland. Samla beitekapasitet for fylket, vurdert ut frå plantedekket, vil da bli 727 000 s.e.

Noko areal kan vera praktisk vanskeleg å nytte som beite. Dette har vi ikkje tal for. Dersom vi skjønns- messig set det praktisk nyttbare beitearealet til 90 % av det som er nyttbart ut frå plantedekket, skulle Oppland ha plass til 654 000 s.e.

Beitetrykket frå husdyr i 2013 var 418 000 s.e. Tek vi også med 9 000 tamrein utgjer dette 27 000 s.e.

Samla beitetrykk var av dette 445 000 s.e. Det vil seie at 68 % eller om lag 2/3 av det praktisk nytt- bare beitet vart nytta. Dyretalet på utmarksbeite kan ut frå dette aukast med 209 000 s.e. eller nes- ten 50 % i høve til dagens tal. Prosentvis er dette

lite i høve til dei fleste andre fylke, men i og med at dyretalet er stort frå før utgjer det ein god auke.

Med beitekapasitet er her meint det dyretalet som gjev optimal produksjon av kjøt, samtidig som beitet ikkje blir forringa på lang sikt. Oppland har store skoglause areal som ligg under den klima- tiske skoggrensa, ein arv frå tidlegare tiders harde utmarkshausting. Skal attgroing stoppast må tru- leg dyretalet vera høgare enn det som gjev best tilvekst. For både Øystre Slidre og Vestre Slidre er det potensielle attgroingsarealet 23 % av kommu- nane sitt totalareal. Ei stor landskapsendring er her på gang dersom beitetrykket blir for lågt.

Utmarka er ikkje uendeleg: Denne utrekninga av beitekapasiteten i utmark har mange usikre fak- torar. Det gjeld til dømes beitetrykket frå storfe som er vanskeleg å talfeste. I tillegg er fleire tilhøve ikkje med i reknestykket. Tilgjengeleg fôr er eit uttrykk for eit felles matfat som også andre dyre- slag vil ta sin del av. Fleire villreinsstammer brukar større eller mindre delar av Oppland som beite, og fôrbehovet til andre hjortedyr er her heller ikkje rekna inn. Oppland er fylket med flest hytter, i alt 47 000. Mange av desse vanskeleggjer utnytting av areal som beite. Dette er heller ikkje teke omsyn til i utrekninga av nyttbart beite.

Den viktigaste bodskapen med denne beiteberek- ninga er at Oppland har høg utnytting av beiteres- sursane i utmark. Konflikter i høve til andre arealin- teresser kan lett oppstå. God kunnskap om natur- grunnlaget er viktig for god beitebruk, og for å få størst muleg samla utbytte av arealbruk i utmark.

Sau i Børkdalsfjellet (Foto Y. Rekdal).

Figur 3. Beitelag i Oppland med sauetal for beiteseson- gen 2012. Storfelag er vist med lys gul farge.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

ogfor storfe i Oppland Oppland er landets tredje største mjølkefylke med 12 % av landets mjølkeproduksjon og 1.100 mjølke- produsenter.. Det er mjølkeproduksjon på hver ł erde gard

DET NORSKE MYRS:ELSKAPS ARSMELDING 39 Oppland og Hedmark fylker, men også i en rekke andre fylker har større og mindre myrstrekninger vært undersøkt med tanke på

Desse areala er ofte grasrike og sjølv om det her ikkje er så store areal som i andre delar av Oppdal østfjell, så forekjem dei så jamt at beitet samla kan settast som

Nedbørrikt klima gjev derimot mykje fuktheier og fuktskog i midtre og ytre delar, samla utgjer desse typane 12 % av fylkesarealet. Kjelde: Hofsten,

Ved følgende kirker ble det gjort registreringer om natta uten at tilhold av flaggermus i kirka ble påvist (kommune og antall jaktende flaggermus registrert ved kirka i parentes):

Arter av nasjonal forvaltningsinteresse: ca.. www.fylkesmannen.no/oppland

Arter av nasjonal forvaltningsinteresse: ca.. www.fylkesmannen.no/oppland

Arter av nasjonal forvaltningsinteresse: ca.. www.fylkesmannen.no/oppland