• No results found

Arealrekneskap for utmark. Vegetasjons- og arealtypar i Hedmark

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Arealrekneskap for utmark. Vegetasjons- og arealtypar i Hedmark"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Hedmark er landets tredje største fylke med eit areal på 27 398 km². Utmark utgjer 96 % av land- arealet. I prosjektet ”Arealrekneskap for utmark”

er det henta inn data som gjev oversikt over vegetasjons- og arealtypar i utmarka i fylket.

Metode: Data er samla inn i samband med eta­

blering av eit nasjonalt arealrekneskap for utmark.

Dette har basis i eit nett av 1080 utvalsflater lagt systematisk ut over landet. Kvar flate er om lag 1 km². I Hedmark omfattar materialet 86 flater. På flatene er det utført vegetasjonskartlegging. Desse flatene utgjer ei lita, men likevel statistisk forvent­

ningsrett utvalsundersøking av arealdekket. For vegetasjonstypar med mindre enn 5 % arealdek­

ning vil tala vera usikre.

Naturtilhøve: Hedmark strekkjer seg frå nord til sør, og landskapet hevar seg i store trekk frå 125 moh.

i sør til toppar i nordvest nær 2200 moh. Frå ku­

perte åslandskap i sør, blir fleire nord­sørgåande dalar, eit viktig trekk i midtre delar av fylket. Mel­

lom dalføra er det fjellskogar med glissen bar­ og bjørkeskog, brote opp av store myrareal og åsar som stadvis når over skoggrensa. Øst for Mjøsa ligg vidstrakte flatbygder med store jordbruksareal.

Dei høgare områda nord i fylket er prega av grunne

dalar, rolege lågfjell og vidder, stadvis med karak­

teristiske fjelltoppar. Rondane i nordvest skil seg ut med meir alpine fjellformer.

Næringsinnhaldet i berggrunnen har stor betydning for kva vegetasjonstypar som opptrer i Hedmark.

Vegetasjonstypefordelinga og artsmangfaldet på næringsrike bergartar aust for Mjøsa, og nord i fylket, skil seg klart ut frå vegetasjonen på nærings­

fattige sandsteinar, kvartsittar, granittar og gneis som har størst areal.

Hedmark har store areal med tjukk morene i høve til andre fylke. Det er lite med fjellblotningar. I fylket er det også mykje grove smeltevassavsetninger.

Nord i fylket finst mykje finkorna bresjøsediment.

I nordaust er det stadvis store areal med blokkrik morene.

Hedmark har i hovedtrekk eit typisk innlandsklima med kalde vintrar og varme somrar. Årsnedbøren varierer frå rundt 750 mm sør i fylket, til 1000 mm på Sjusjøen og under 400 mm i regnskuggen i Folldalen.

Arealdekket i Oppland: Av 54 vegetasjons­ og arealtypar i kartleggingssystemet er 35 registrert

fakta

1 0 1 5

Arealrekneskap for utmark

Vegetasjons- og arealtypar i Hedmark

Yngve Rekdal og Johnny Hofsten

0 5 10 15 20 25

%

Vegtasjons- og arealtypar i Hedmark som dekkjer meir enn 1 % av landarealet.

(2)

Norsk institutt for skog og landskap, Postboks 115, 1431 Ås. Tlf. 64 94 80 00

www.skogoglandskap.no

fakta

1 0 1 5

på utvalsflatene i fylket. Berre 5 typar har meir enn 5 % av fylkesarealet. 13 typar dekkjer mellom 1 og 5 % av arealet. To typar har høg dekning. Det er lav­ og lyngrik furuskog med 20 % og blåbærgran­

skog 17 %.

Skoggrensa representerer eit markert skilje i vekse­

vilkår og landskapsbilete og utvalet av typar vil vera svært ulikt over og under denne grensa. Nær 80 % av Hedmark ligg under skoggrensa og 20 % over. Høgdegrensa for skog er noko varierande, men ligg oftast 900 ­ 1000 moh. Stadvis er skog­

grensa senka på grunn av seterdrift, skogbrann, gruvedrift og anna avskoging. Dette er areal som vil gro til med skog dersom beitebruk og anna utmarkshausting kjem på eit for lågt nivå.

Under skoggrensa: Av arealet under skoggren­

sa er 78 % dekt av skog. Dominerande treslag fordeler seg med 43 % av skogarealet på både gran og furu og 14 % med lauv der det meste er bjørk. 5 vegetasjonstypar dekkjer meir enn 5

% av arealet. Lav­ og lyngrik furuskog er størst

av desse med 25 %. Vidare følgjer blåbærgran­

skog med 22 %, vatn 6 %, fattig sumpskog 6 % og blåbærbjørkeskog 5 %. 10 typar dekkjer mellom 1 og 5 % av arealet.

Fordelt etter næringsgrad dekkjer fattige lav­ og lyngrike skogar 31 % av arealet under skogggrensa, blåbærskogar 30 % og rike engskogar 6 %. Myr dek­

kjer samla 10 % av totalarealet i Hedmark. Tek ein med sumpskog utgjer forsumpa areal 19 % av fylket.

Over skoggrensa: Arealet over skoggrensa er sterkt dominert av to vegetasjonstypar: Lavhei, som utgjer 36 % av arealet og rishei 29 %. 2 typar har mellom 5 og 10 % dekning. Det er grasmyr med 9 % og alpin røsslynghei med 8 %. Den siste typen er typisk for sør­ og austlege fjellareal i fylket. 6 vegetasjons­

typar har mellom 5 og 1 % av arealet.

Kjelde: Hofsten, J, Rekdal, Y. og Strand, G­H. 2014. Arealregn­

skap for utmark. Arealstatistikk for Hedmark. Norsk inst. for skog og landskap, ressursoversikt 01/14

Lav- og lyngr. furuskog 20% Blåbærgranskog 17 % Lavhei 8 %

Rishei 6 % Grasmyr 6 % Fattig sumpskog 5 %

Rismyr 3 % Engbjørkeskog 2 % Alpin røsslynghei 2 %

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Det seier seg sjølv at dei kategoriane og merkelappane som vart utarbeidde til denne delen av testen, ikkje er objektive storleikar, og eg skal vere den første til

I Nord-Østerdalen og på Hedmarken er det mykje dyr på utmarksbeite, mens det i midtre og sørlege delar av fylket er store areal som er unytta eller med eit veldig

For samdriftene som er med i denne granskinga, har vi ikkje teke inn opplysningar om privat konomien for brukarfamiliane, og kan derfor ikkje vurdere korleis deltaking i

Nedbørrikt klima gjev derimot mykje fuktheier og fuktskog i midtre og ytre delar, samla utgjer desse typane 12 % av fylkesarealet. Kjelde: Hofsten,

Slike areal går i klassen mindre godt beite og utgjer omlag 30 % av arealet av tilgjengeleg utmarksbeite.. Blåbærmark inntek den

Side 6 av 77 Eit fleirtal av grunneigarane med eigedom som grensar til Vaksvikelva frå om lag kote 70 moh (stasjonsplassering for Kverve kraftverk) og opp til kote om lag

Frå ørsmå algar til store kvalar, frå gyting til hausting, frå overflate til botn, frå fjordar til opne hav, frå lokale strau- mar til klimaendringar.. Havforskings instituttet

Eg har også gått gjennom registera til skattematrikkelen 1647 for fylka Oppland, Buskerud, Hedmark, Møre og Romsdal og Hordaland for å sjekke om bønder frå Sogndal åtte jord i