Regionalplan for samordna arealbruk og transport i Ryfylke 2017-2030
Vedtatt i fylkestinget 13. desember 2016
Innhald
side 4 1. Samandrag
side 5 2. Mål og strategiar
side 6 3. Handlingsprogram for 2017-2030 side 8 4. Føresegner og retningsliner
side 19 5. Planskildring
side 20 5.1 Attraktive byar og tettstader side 27 5.2 Transport
side 34 5.3 Landbruk og næring side 38 6. Konsekvensar av planen side 40 Vedlegg.
Regionalplan for samordna arealbruk
og transport i Ryfylke 2017-2030
Regionalplan for samordna arealbruk og transport i Ryfylke skal legga til rette for vekst og utvikling, og hjelpa til at Ryfylke er ein god stad å bu, arbeida, driva næring og å reisa i. Planen kan sjåast som ein utviklingsavtale mellom staten, fylkeskommunen og kommunane, der den langsiktige retninga for areal- og transportutviklinga blir peika ut. Planen inneheld mål og strategiar, retningsliner for den meir detaljerte planlegginga, og eit handlingsprogram med tiltak mellom anna innan transport og tettstadutvikling.
Attraktive tettstad- og grendesenter
Ryfylke har mange flotte tettstader og grender der folk bur, arbeidar, handlar, gjer ærend og treff kvarandre. Tiltaka i planen skal bygga opp om dei eksisterande tettstadsentera og funksjonane og motverka utfordringar som auka mobilitet, netthandel og sentralisering kan gi. Ved å bygga tettsta- dene innafrå og ut, og ved at handel og funksjonar med mange besøkande eller arbeidsplassar blir plassert i sentrum, kan grunnlaget for attraktive etableringar, servicetilbod og møteplassar bli styrka. I område som har utfordringar med busetting, kan det vera eit meir differensiert utbyggingsmønster.
Legga til rette for etablerte og nye næringar
Landbruket er viktigare som næring i Ryfylke enn i andre delar av fylket, og er avgjerande for buset- tinga. Kommunane skal trekka grenser mellom landbruksområde og anna arealbruk for å gje auka tryggheit for investeringar og drift.
Som ein del av handlingsprogrammet skal det arbeidast vidare med å skapa fleire arbeidsplassar tilknytt reiselivet i regionen, og marknadsføra Ryfylke for verksemder innan data-teknologi og staduavhengige arbeidsplassar.
Fleire som går og syklar på korte reiser
I tettstadene er det mogleg å gå eller sykla til daglege aktivitetar. Det skal bli planlagt og bygt samanhengande nett for gåande og syklistar i dei større tettstadene, og som knyter bustadområde, sentrum, skular, idrettsplassar og andre målpunkt saman. Tiltaka skal gi betre folkehelse, tettstadut- vikling og møteplassar, og auka miljøvennleg transport.
Utvikla busstransport og hurtigbåt
Skulerutene utgjer hovuddelen av busstransporten i Ryfylke og er ein del av det allmenne busstil- bodet. I delar av regionen skal det og bli utprøvd meir tilpassa kollektivtransport. I ytre Ryfylke er det rom for meir effektive pendlingsruter etter Ryfast. Hurtigbåtnettet blir vidareført som sjølvstendig kollektivtilbod som særleg blir retta mot arbeids- og servicereiser frå øyar og tettstader i indre del av regionen.
Styrka vedlikehald, trafikksikring og utbetringar på vegnettet
For å oppretthalda standard og tryggleik på vegnettet og ta igjen etterslepet, må drifts- og vedli- kehaldsbudsjetta aukast. Andre tiltak på vegnettet vil ha mest merksemd retta mot rassikring, tunneltryggleik og trafikksikring, samt mindre investeringar, til dømes innafor ein storleik på 20-40 millionar. Med slike kombinasjonstiltak kan det bli oppnådd god effekt innafor dei rammene som finst.
Kommunane og fylkeskommunen må arbeida saman for at Riksveg 13 blir prioritert høgt for tiltak i Nasjonal Transportplan. Her vil hovudfokuset vera retta mot rassikring og tunnelsikring.
1. Samandrag
2. Mål og strategiar
Hovudmål:
I Ryfylke er det attraktivt å bu, arbeida, driva næring og reisa Dette vil me gjera:
- Samordna kryssande omsyn mellom å bu, å arbeida, å driva næring og å reisa
Delmål 1:
By- og tettstadsentera er attraktive som møteplassar, utgjer knutepunkt for bustad- og næringsetablering, og tilbyr eit breitt spekter av varer, tenester og funksjonar
Delmål 2:
Nye bustadtilbod styrkar tettstadutviklinga og er tilpassa befolkninga.
Dette vil me gjera:
- Avklara rollefordelinga mellom by-, tettstad- og grendesenter (senterstruktur).
- Lokalisera handel i by- og tettstadsentrum
- Stimulera til tettstadutvikling, fortetting og fleire møteplassar - Utforma parkeringsløysingar som styrkar tettstadutviklinga - Sikra bu-kvalitet og tilgang til friluftsområde
- Lokalisera rett verksemd på rett stad
- Bygga bustader innafrå og utover for å styrka by-, tettstad- og grendesentera - Utnytta sentrumsnære bustadområde på ein god måte
- Tilpassa bustadstrukturen til befolkninga
Delmål 3:
Transport er effektiv, sikker, føreseieleg og miljøvennleg Dette vil me gjera:
- Tilpassa transportstrategiane til lokale føresetnader - Legga til rette for fleire gåande og syklistar i tettstadene - Utvikla kollektivtransporten
- Styrka drift og vedlikehald av vegnettet
- Rassikring, tunellsikring og investeringar på vegnettet
Delmål 4:
Verdifulle natur-, kultur- og landbruksområde blir tatt vare på for langsiktig bruk og vern Dette vil me gjera:
- Ta vare på kulturlandskap og kulturmiljø, og samanhengande natur- og friluftsområde.
- Verna om produksjonsareala for landbruket, og avgrensa tiltak og aktivitetar som kan vera til
Regionale planar skal ha eit handlingsprogram for gjennomføring, og som bygger på måla og strategiane i planen. Handlingsprogrammet er meir detaljert innafor tettstadutvikling og den delen av transportutviklinga som er direkte knytt til tettstadutviklinga. For andre delar av samferdselsektoren (riksvegar, fylkesvegar og regional kollektivtrafikk), blir det og utarbeidd eigne handlingsplanar.
Handlingsprogrammet er i hovudsak kortsiktig, med ein horisont på ca. 4 år. Enkelte aktivi- tetar kan ha meir langsiktig karakter. Handlingsprogrammet skal vurderast årleg, parallelt med økonomiplanar.
Innarbeiding av retningsliner i kommunale planar
Gjennom den kommunale planlegginga har kommunane ei avgjerande rolle i oppfølginga av regionalplanen. I samband med dette er det sentralt at retningslinene i regionalplanen blir innar- beidd i kommunale planar. Dette gjer det samtidig mogleg med tilpassingar ut frå lokale føreset- nader. I regionalplanen er det mellom anna føresett at kommunane skal:
Regionale og statlege etatar har ansvar for å støtta og rettleia kommunane i planlegginga.
3. Handlingsprogram for 2017-2030
Innarbeiding i kommunale planar Punkt i
retnings- linene Innarbeida senterstrukturen i kommuneplanen og lokalisera funksjonar i tråd med denne 2
Avgrensa sentrumsområde i kommuneplanane 3a
Utarbeida sentrumsplanar for kommunesenter 3b
Gi retningsliner for utforming av bygningar og fellesområde i sentrums- og bustadområde 4/12 Stilla krav til parkering som bygg opp under tettstadutvikling, og til sykkelparkering i
tettstader 5
Utarbeida prioritering av rekkefølgje for utbygging av bustadområde 9 Gjennomgå arealpotensialet i eksisterande bustad- og næringsområde, og setta krav til
arealutnytting i slike område 10/16
Setta rekkefølgjekrav for opparbeiding av sosial og teknisk infrastruktur 12 Setta normer for areal for uteopphald, og sikra tilgang til område for leik og aktivitet 12/13 Kategorisera næringsområde etter kva for ulike typar verksemder dei er eigna for (rett
verksemd på rett plass) 15
Tiltak for oppfølging av strategiar i planen
I handlingsprogrammet er det skildra ein del tiltak for å følgja opp strategiane i planen, og der ansvaret for gjennomføring er fordelt mellom fylkeskommunen, kommunane og statlege etatar:
Evaluering av om måla blir nådde
For at regionalplanen skal vera ein aktiv styringsreiskap, er det nødvendig å følgja med på korleis planen fungerer i bruk, og om den regionale utviklinga er i tråd med måla i planen. I tabellen er det vist effektmål og indikatorar for ei kontinuerleg vurdering av om måla er nådde, og for ei nærare vurdering av revisjonsbehov:
Mål Effektmål Indikator
By- og tettstad-
utvikling Auka handel i tettstadsentera Handelsomsetting i tettstadsenter Arbeidsplassintensive verksemder i sentera Lokalisering av A-verksemder Betra tilgjenge til senterfunksjonar Omfang av senterfunksjonar
Bustadbygging Auka bustadbygging i sentera Befolkningsutvikling i og/eller nær tettstadsenter Redusert arealforbruk Arealforbruk til bustad, arealutnytting
Meir variert bustadstruktur Tal på rekkehus, blokk og andre bustadtyper enn eine- og tomannsbustad
Transportut-
vikling Redusert etterslep drift/vedlikehald Rekna ut etterslep
Betra trafikktryggleik Statistikk over ulykker, gjennomført ras- og tunnelsikring mv.
Fleire som går og syklar i tettstadane Reisemiddelfordeling
Tiltak Kortsiktig
(2017-20) Langsiktig Hovudansvar 1. Etablera samarbeidsarena for sentrums- og tettstadutvikling.
Kompetanseheving og utveksling av erfaring. X RFK
2. Samarbeida om prosjekt for tettstadutvikling. X Kommunane
RFK 3. Vidareutvikla regional tilskotsordning for tettstadutvikling. X RFK 4. Vurdera auka funksjonslokalisering og fortetting i sentrumsom-
råda, fleirfunksjonell bruk og tilrettelegging for møteplassar. X Kommunane 5. Legga til rette for fleire husværeprosjekt i sentrumsnære områder. X X Kommunane 6. Gjennomgå om det er eigna areal i tettstadene for leik, aktivitet og
møteplassar, og behov for supplering X Kommunane
7. Planlegga og bygga ut samanhengande infrastruktur for gåande
og syklistar i større tettstadar. X X RFK, SVV,
kommunane 8. Legga om busstilbodet i ytre Ryfylke etter Ryfast. Pendlingsruter
til Nord-Jæren. X Kolumbus
9. Prøva ut ordning med behovsstyrt transport X Kolumbus
10. Styrka drift og vedlikehald på vegnettet X X RFK og SVV
11. Rassikring, tunnelsikring, anna trafikksikring og utbetringar på
vegnettet X X RFK og SVV
12. Samarbeida om påverking slik at RV 13 blir prioritert høgt for tiltak
i Nasjonal Transportplan. X X RFK,
kommunane
13. Utarbeida mobilitetsplan for eigen verksemd X Kommunane
Retningsliner og planføresegn gir rammer for vidare planlegging
Regionale planar er eit politisk rammeverk som legg føringar for areal- og transportforvaltninga i regionen.
Planen gir retning og er gjensidig forpliktande for kommunal, regional og statleg planlegging. Med dette gir planen eit grunnlag for vidare plansamarbeid, og med oppfølging av planen kan konfliktar bli redusert.
Føringane i planen står i retningsliner og regional planføresegn:
• Retningsliner i regionale planar er ”regionale spele- reglar” for å oppnå dei felles måla for utvikling i regionen. Retningslinene er forankra i plan- og bygningslova og kan gi grunnlag for regionale og statlege etatar til å fremma motsegn dersom nye planforslag er i strid med disse.
• Regionale planføresegner gjeld føre godkjente kommuneplanar, kommunedelplanar og regulerings- planar. Dette inneber at tiltak/planar som er i strid med regional planføresegn er ulovlig. I planen er det utforma ei planføresegn om at ny eller utvida handels- verksemd berre skal skje i sentrumsområda. Regional planføresegn erstattar statleg forskrift om rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre frå 2008 (kalla kjøpesen- ter-stoppen). Samtykke til å fråvika frå regional planfø- resegn kan bli gitt av fylkeskommunen, etter samråd med fylkesmannen og dei aktuelle kommunane.
Forhold til regionale planar for Jæren og Haugalandet
Strand og Sauda kommunar er også omfatta av regionale planar for Jæren og Haugalandet, vedteke i oktober 2013 og (dato). Desse planane er på enkelte område meir detaljert utforma enn Regionalplan for samordna arealbruk og transport i Ryfylke.
For Strand kommune gjeld følgjande retningsliner i Jæren-planen saman med Ryfylke-planen:
• Retningsliner om handel, tilgjengelighet og sentrumsutvikling (pkt. 4.6 - 4.10 i Jæren-planen).
• Retningsliner om regionale næringsområde (pkt. 5.1 – 5.4 i Jæren-planen).
• Avgrensing av kjerneområde landbruk
For Sauda kommune gjeld følgjande retningsliner i Haugalandsplanen saman med Ryfylke-planen:
• Avgrensing av kjerneområde landbruk (kart og pkt. 27 i retningslinene).
• Retningsliner om grønnstruktur (pkt 37).
4. Føresegner og retningsliner
Senterutvikling
1. Om retningsliner for senterutvikling og lokalise- ring av handel
Handel og andre funksjonar som er publikumsretta eller besøks-/arbeidsplassintensive, skal bli lokaliserte slik at dei bidrar til attraktive tettstadsenter med godt funksjonstilbod.
2. Senterstruktur og lokalisering av publikumsretta eller besøks-/arbeidsplassintensive funksjonar
a: Senterstruktur for Ryfylke:
b: Funksjonar som er publikumsretta eller besøks-/
arbeidsplassintensive skal vera lokaliserte i sentrum av tettstadene og tilpassa det omlandet som funksjonane skal dekka.
c: Viktige publikumsretta eller besøks-/arbeidsplas- sintensive funksjonar som berre blir gitt på ein stad innafor Ytre Ryfylke, skal vera lokalisert i Jørpeland sentrum.
d: Viktige publikumsretta eller besøks-/arbeids- plassintensive funksjonar som berre blir gitt på ein stad i ein kommune, skal vera lokalisert i kommunesenteret.
e: I tettstad-/grendesenter skal det ikkje bli etablert tilbod som konkurrerer med senter høgare i senterstrukturen.
Senterkategori Sentrum
Regionale funksjonar for
Ryfylke Stavanger og Haugesund
sentrum Regiondelsenter for Sauda Sauda sentrum Regiondelsenter for Suldal Sand sentrum Regiondelsenter for Strand,
Forsand og Hjelmeland Jørpeland sentrum
Kommunesenter Forsand, Hjelmelandsvågen, Judaberg
Tettstad-/grendesenter Tau, Årdal, Nesflaten, Jelsa, Erfjord, Suldalsosen
Publikumsretta funksjonar:
Publikumsretta funksjonar er offentlege og private funksjonar retta mot allmenta og med personleg oppmøte. Eksempel kan vera helse, kultur, offentleg administrasjon, overnatting/servering, økonomisk/
juridisk/personleg/annan tenesteyting mv.
Besøks-/arbeidsplassintensive funksjonar:
Funksjonar som har mange besøkande og/eller tilsette i forhold til arealbehovet.
Kvitsøy
Rennesøy
Strand Finnøy
Bokn Utsira
Karmøy
Tysvær
Vindafjord
Etne
Sveio Bømlo
Stord
Sauda
Suldal
Hjelmeland
Aust Agder Hordaland
Kopervik
Nesvik Eidsund
Lysebotn Vikevåg
Gullingen
Bråtveit
Fister Marvik
Judaberg
Tau
Årdal
Hjelmelands- vågen
Jelsa Erfjord
Sand
Suldalsosen
Sauda Nesflaten
Haugesund
Regiondelsenter Kommunesenter
Tettstadssenter/Grendesenter
Senterstruktur
3. Avgrensing av senter i senterstrukturen
a. Sentrumsformål i tettstadene skal vera avgrensa i kommuneplanens arealdel. Avgrensinga skal ta utgangspunkt i område for lokalisering av handel og legga til rette for kompakt utbygging, slik at det blir naturleg å gå innafor sentrumsområdet. For tettstadsenter/grende- senter kan avgrensinga også bli gjort gjennom kommunedelplan eller områderegulering.
b. For regiondelsenter og kommunesenter bør det bli utarbeidd sentrumsplanar for å avklara moglegheiter for vidare utvikling.
c. Nærbutikk/nærservice skal ikkje konkurrera med senter i senterstruk- turen, men vera lokalisert i tilknyting til lokale bustadområde og ikkje primært bli basert på forbipasserande langs hovudveg.
d. Endring av senterstrukturen skal bli handsama som del av kommune- planens arealdel.
4. Utforming av bygningsmiljø
Ved endring av kommuneplanen blir det gitt retningsliner for utforming av bygningar og fellesområde i sentrumsområda som
• tilfører kvalitetar til by-/tettstadsentrum
• legg til rette for attraktiv stadutvikling
• innbyr til auke i talet på gåande og syklande
Krav til estetikk, arkitektonisk kvalitet, kulturminne, kulturmiljø, lokalklima og universell utforming skal tas i vare. Forretningsbygg bør bli utforma med aktive, opne og oppdelte fasadar i første etasje mot handlegater og sentrale byrom, og med direkte inngangar utanfrå. Ved bustadbygging i sentrumsområda bør førsteetasjen i sentrale område bli satt av til handel, kontor, serviceverksemd eller liknande.
5. Parkering som bygger opp om tettstadutvikling
a. For regiondelsenter og kommunesenter skal kommunale planar stilla krav til parkering som bygger opp under sentrumsutvikling og auka miljøvennleg transport. Sentrumsområde bør vera prioriterte for bygningar og møteplassar, medan større parkeringsareal bør leggast i ytterkant av tettstadene. Nærings- og besøksparkering bør vera tilpassa kvartalstrukturen.
b. Innafor tettstadene bør det vera minimumsnormer for sykkel- parkering i sentrumsområde, næringsområde og konsentrerte bustadutbyggingar.
c. I bustadområde med konsentrert utbygging bør det vera felles parke- ring for å redusera konflikt med uteareal og gangsoner.
Regional planføresegn og retningsliner for lokalisering og dimensjonering av handel
Regional planføresegn for lokalisering av handel:
Nyetablering eller utviding av eksisterande handelsverksemd er berre tillate i område avsett til sentrumsformål, slik disse er lokalisert, dimen- sjonert og avgrensa i gjeldande kommuneplans arealdel eller kommu- nedelplan jf. senterstrukturkartet, figur 4.1. Unntak for nærbutikk og for varegruppene bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og andre større byggevarer, går fram av retningslinene.
Verknad av regional planføresegn:
Regional plan med planføresegn erstattar «Forskrift om rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre» og inneber at det ikkje kan bli gitt løyve til tiltak som er i strid med planføresegna. Regional planføresegn gjeld føre godkjende kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar.
6. Unntak frå regional planføresegn om lokalisering av handel i sentrumsområde
a. Nærbutikk og nærservice er eit tilbod til det lokale bumiljøet utanom senterstrukturen. Nærbutikk er ein eller fleire butikkar med dagleg- varer (handel med hovudvekt på mat og drikke), bakeri eller blomar.
Nærservice er mindre publikumsretta verksemder i sjølvstendige einingar som kan bli etablert i samanheng med nærbutikk, slik som frisør, kafé og apotek. Tilbodet kan ikkje bli etablert viss det konkur- rerer med etablerte senter. Nærbutikk og nærservice har ei areal- grense på inntil 500 m² BRA til handel og inntil 250 m² BRA til andre publikumsretta verksemder.
b. På næringsområde innafor eksisterande tettstad, kan kommunane avsetta område for sal av varegruppene bilar, båtar, landbruksmas- kinar, trelast og andre større byggevarer. Områda skal vera avgrensa i kommuneplan med krav om tilhøyrande føresegner som sikrar type handel og brutto forretningsareal. Ikkje plasskrevjande varer som naturleg høyrer til dei nemnde plasskrevjande varegruppene, er det tillate å selja på maksimalt 15 % av salsarealet, avgrensa oppover til 250 m² BRA.
7. Dimensjonering av handel
For å sikra ei balansert fordeling av handel og unngå at senter utkonkur- rerer kvarandre, er det senteret sitt handelsomland og nivå i senterstruk- turen som blir lagt til grunn for dimensjonering av samla bruksareal til handel i kvart senter. Sentera sitt handelsomland omfattar innbyggarar i nærområdet til senteret, avgrensa mot andre senter.
Senter på høgare nivå i senterstrukturen blir dimensjonert for ei høgare dekning av lokal handel enn senter på lågare nivå.
Verkeområde for handel:
All handel til private sluttbrukarar er omfatta av regional planfø- resegn og retningsliner. Dette inkluderer også utleveringsstad til kundar for varer som er kjøpt via netthandel, og show-room.
Engroshandel, dvs. sal for vidaresal til andre, er ikkje omfatta.
Bilar, båtar, landbruksmas- kinar, trelast og andre større byggevarer:
Varegruppene bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og andre større byggevarer er her definert som verksemder kor varespekteret er avgrensa til primærvarene og tilsva- rande varer. Eksempelvis kan varegruppa bilar omfatta motorsyklar og campingvogner, varegruppa båtar kan omfatta båthengarar, varegruppa landbruksmaskinar kan omfatta anleggsmaskinar, varegruppa trelast og andre større bygge- varer kan omfatta byggevarer som stein, grus, sement i tillegg til trelast.
Retningsliner for bustadbygging
8. Om retningsliner for bustadbygging
Bustadbygginga skal bidra til korte avstandar til daglege gjeremål, effektiv arealbruk, differensiert bustadstruktur, bu-kvalitet og gode bu-miljø, og gi grunnlag for miljøvennleg transport.
9. Prioritering og rekkefølgje i bustadbygginga
Ny bustadbygging bygger opp om eksisterande by-, tettstad- og grende- struktur for å styrka denne. Prioritering og rekkefølgje i utbygginga skal skje «innafrå og utover» i kvar tettstad:
1. prioritet: Fleire bustader i tettstadsenter. Fortetting og transformasjon på allereie utbygt areal.
2. prioritet: Bustader i sentrumsnære område med høg del gåande og syklistar.
3. prioritet: Langsiktig rekkefølgje med utvikling innanfrå og utover i kvar tettstad.
I spreiddbygde område utan tettstadsenter kan det bli planlagt for eit meir differensiert busettingsmønster.
10. Arealregnskap og arealutnytting i bustadområde
a. Ved revisjon av kommuneplanens arealdel, skal potensialet for bustadbygging i godkjente byggeområde bli gjennomgått, inkludert potensialet for fortetting.
b. Kommunane skal stilla krav til tettleik i bustadbygginga for å utnytta areal i sentrum og i tettstad på ein god måte. Krav til tettleik gjeld både ved utbygging på ledig areal og ved fortetting/omforming på allereie utbygt areal. Normene for tettleik må bli forankra som føresegner til kommuneplanen:
Krava til tettleik må sjåast i forhold til tomtestorleik, utforming, estetikk, terreng, og stadens karakter elles. Kommunen kan differensiere krava, så lenge samla utbygging tilfredsstiller norma for tettleik.
Arealutnytting i og nær
sentrum Arealutnytting innafor
tettstad Jørpeland og Tau Innafor ca. 750 m:
4-8 bustader/dekar
Min. 2,5 bustader/dekar Forsand, Judaberg,
Hjelmelandsvågen, Sand, Sauda
Innafor ca. 500 m:
Minimum 3 bustader/dekar
Min. 2 bustader/dekar
Andre senter Innafor ca. 500 m:
Minimum 2 bustader/dekar
Utrekning av bustadtettleik:
Bustadtettleik skal utreknast med utgangspunkt i areal som høyrer til bustadområda. Dette inkluderer uteareal og leike- plassar, grønstruktur, parkering, interne vegar og infrastruktur, og andre tilhøyrande areal. Dette kan ofte tilsvara områdeav- grensinga i overordna plan som kommuneplan. Avstandar blir målte frå midt i sentrumskjernen.
Tettleik i bustadbygginga avheng av storleik, utforming og kvalitet.
Følgjande tettleik er vanleg for ulike typar bygningar:
Bustadtype Vanlig tettleik Konsentrert
småhusområde 2-4 bustader/
dekar Variasjon med
konsentrerte småhus og lågblokk i 3-4 etasjar
5-6 bustader/
dekar
Lågblokk i 3-4
etasjar 7-8
bustader/
dekar Blokk i 5-6 etasjar 10-12
bustader/
dekar
11. Variert bustadstruktur
a. Kommunane bør legga til rette for eit variert bustadtilbod som er i samsvar med forventa framtidig befolkningstruktur. Det bør særleg bli vurdert behov for fleire leilegheiter i dei større tettstadene.
b. Bu-einingar mindre enn 45 m² er ikkje tilrådeleg.
12. Bu-kvalitet
a. Kommuneplanane bør ha rekkefølgjekrav for å sikra at grunnleg- gjande sosial og teknisk infrastruktur er på plass før bruksløyve blir gitt.
b. Kommunane skal i overordna planar gi retningsliner for utforming av bygningar og fellesområde i bustadområda som:
- Tar vare på barns interesser, leikeområde, barnetråkk - Tar omsyn til levekårsituasjonen i området
- Tar vare på krav til estetikk, arkitektonisk kvalitet, kulturminne, kulturmiljø, lokalklima og universell utforming
- Tar vare på eksisterande blå- og grønstruktur
- Styrkar identitet, tilfører områdekvalitet, og er tilpassa omgjevnadane
c. For å sikra bukvalitet og areal for uteopphald og aktivitet, skal kommuneplanane stilla krav til minste areal for felles uteopphald i bustad- og sentrumsområde. Arealet må vera mest mogleg saman- hengande, ha trafikksikker tilkomst frå bustadane, vera tilfredsstil- lande solbelyst og skjerma frå trafikk, forureining og støy.
Krav til minste felles areal til uteopphald per bustad:
Område Minste felles areal for uteopphald på terreng per bu-eining
I tettstadområde Minimum 30 m²
d. Alle bu-einingar bør ha eigna privat uteplass som er skjerma for innsyn og har gode solforhold.
13. Tilgang til område for leik og aktivitet
Kommunane må sørga for at det er tilgang til område for variert leik og aktivitet for alle aldersgrupper i bustad- og sentrumsområda. Behov for leikeområde skal bli tatt i vare i kvar enkelt utbygging. Kommunen kan vurdera leikeplassar og aktivitetsareal for fleire bustadområde under eitt, dersom dette vil gi ein betre kvalitativ utforming, og krava til nærleik og trafikksikker tilkomst elles kan bli tilfredsstilt. Større leikeområde bør vera offentleg tilgjengelege.
Minste felles areal for uteopphald:
Minste felles areal for uteopp- hald er areal som er eigna til leik, opphald og rekreasjon og omfattar den ubygde delen av tomta som ikkje er avsett til trafikkareal. Restareal, bratt areal, areal til private uteplassar, og areal avsett til fellesfunksjonar som avfalls- handtering, sykkelstativ og liknande skal ikkje reknast med.
Retningsliner for næringsverksemd
14. Om retningsliner for næringsverksemd
Lokalisering av rett næringsverksemd på rett stad skal bidra til effektiv bruk av attraktive næringsområde, god tilgjengelegheit til arbeidsplassar og funksjonar, redusert transportbehov, samt styrka grunnlag for miljø- vennleg transport og sentrumsutvikling.
15. Lokalisering av næringsverksemd
a. Lokalisering av næringsverksemder skal vera basert på verksem- denes areal- og transporteigenskaper etter prinsippet om rett verksemd på rett stad:
A. Arbeidsplass- og besøksintensive verksemder skal vera lokali- serte i tettstadsenter, med høy tilgjengelegheit for gange og sykling. Verksemdene bør få høg arealutnytting og høg parke- ringsdekning for sykkel.
B. Verksemder med middels arbeids- og besøkstettleik skal vera integrert i tettstadstrukturen og med god gang-/sykkeltilgjenge- legheit. Verksemdene bør få ei middels arealutnytting og høg parkeringsdekning for sykkel.
C. Verksemder med lav arbeids- og besøkstettleik bør vera nær hovudvegnettet og kan ha lågare arealutnytting og lågare gang-/sykkeltilgjengelegheit.
b. Kommunane bør kategorisera næringsområda i kommuneplanen og vurdera om dei er eigna for ulike typar næringsverksemd, basert på strategien om rett verksemd på rett stad og tilpassa til lokale forhold.
(Lokalisering av handel og publikumsretta eller besøks-/arbeidsplassin- tensive funksjonar blir handtert etter regional planføresegn og retnings- liner 1-7.)
16. Arealregnskap og arealutnytting i næringsområde
a. Ved revisjon av kommuneplanens arealdel, bør potensialet for næringsbygging i godkjende byggeområde bli gjennomgått, inkludert potensialet for fortetting og omforming. Kommunane bør vurdera å ta ut område som ligg ugunstig til med tanke på transport.
b. Kommunane bør innføra føresegner for arealutnytting i tettstads- nære næringsområde, for å sikra effektiv arealbruk ut frå lokale føresetnadar.
Retningsliner for samferdsel
17. Samordning av areal- og transportutviklinga
Strategiar for utvikling av statleg, regional og kommunal transportinfra- struktur skal vera samordna med regionale strategiar og rekkefølgje for by-, tettstad- og arealutvikling.
18. Tilrettelegging for god tilgjengelegheit, trafikktryggleik og miljø- vennleg transport
a. Transportinfrastrukturen i heile regionen (statleg, regional og kommunal) skal utviklast for å gi god tilgjengelegheit, betra trafikk- tryggleik og styrka miljøvennleg transport.
b. Utviklingsstrategiane for miljøvennleg transport er differensierte mellom ulike delar av regionen, slik som vist i tabellen nedafor:
c. For kommunesenter og andre større tettstadar, skal det utviklast eit trafikksikkert og samanhengande hovudsykkelnett og samanhen- gande transportnett for gåande innafor tettstadane. Langs hovudsyk- kelnettet i tettstader bør syklande separerast frå gåande og motorisert trafikk. Infrastrukturen for miljøvennleg transport må visast i kommu- neplan, kommunedelplan eller områdeplan.
d. I Solbakk-området i Strand kommune skal det prioriterast god
framkommelegheit for kollektivtrafikken, og det bør leggast til rette for parkering og omstiging frå bil til buss.
e. Kommuneplanane bør ha krav til mobilitetsplan ved etablering av store offentlege og private verksemder. Mobilitetsplanen skal skildra transporttilbodet, visa forventa reisemiddelfordeling for verksemda (tilsette og besøkande), og identifisera tiltak for å stimulera til auka bruk av miljøvennleg transport.
Område Namn Sentrumsutvikling, gåande
og syklistar Miljøvennleg
transport og kollektivtransport
Trafikktryggleik, transportkapasitet og vegstandard 1 Småbyane
Andre kommune- senter og større tettstader
Jørpeland og Sauda.
Hjelmelandsvågen, Judaberg, Sand, Forsand og Tau
Transportutvikling og parke- ringspolitikk skal bygga opp om sentrumsutvikling.
Hovudfokus på gåande og syklistar innafor tettstaden, mest mogleg av veksten i interntransporten innafor tettstaden skal tas med gange og sykling.
Regionale buss- og båtruter.
Skuleskyss og grunntilbod/
behovsstyrt kollektiv.
Legga til rette for å ta i bruk ny kjøretøystekno- logi.
Auka trafikk- tryggleik for alle trafikantgrupper.
Utgangspunkt i 0-visjonen.
Oppretthalda transportkapasitet for personbil.
Drift og vedlike- hald etter behov.
2 Hovudvegnettet gjennom Ryfylke.
Regionen elles
Rv. 13, Fv.
46/514/520
Retningsliner for LNF-område:
19 Forvalting av LNF-område
Der kor tettstadutviklinga kan utfordra viktige landbruksinteresser bør kommunane vurdera å fastsetja langsiktig utviklingsretning og-/eller ei langsiktig grense mellom tettstad og landbruksområda i kommuneplanen sin arealdel. Landbruks- natur- og friluftsområde som er viktige for matproduksjon, samt viktige kulturlandskapsområde, skal bli bevart mest mogleg samanhengande.
20 Gardshus på landbrukseigedom
a. På små gardsbruk, eller på bruk som ikkje har sjølvstendig drift, bør det ikkje bli tillate å oppføra meir enn ein bustad.
Unntak kan bli vurdert i område med særlege busettingsomsyn, eller dersom kulturverninteresser tilseier vern av eksisterande bustad.
b. Behov for meir enn ein bustad på gardsbruk i aktiv drift, blir vurdert med bakgrunn i storleiken på bruket og produksjonsomfanget.
21 Frådeling av tun
a. Frådeling av tun ved sal av resteigedomen som tilleggsjord til nærliggande bruk, kan vurderast der det blir oppnådd ei god bruksrasjonalisering. Frådeling av tun medfører bruksendring som krev dispensasjon etter plan- og bygningslova.
b. Bustadfortetting på frådelte tun eller på spreidde bustad- eigedomar i landbruksområda, er ikkje ønskeleg av omsyn til landbruksdrifta. Unntak kan vurderast i område med særlege busettingsomsyn.
c. Storleiken på frådelte tun bør vera avgrensa til bustad med naturleg tomt og ikkje inkludera jordbruksareal.
d. Driftsbygningar bør ved frådeling som hovudregel følgja tilleggs- jorda. For driftsbygningar med liten driftsmessig verdi, bør det vurderast vilkår om riving.
22 Gardstilknytta tilleggsnæring
Bygdenæring må ikkje vera til vesentleg ulempe for landbruksdrifta eller kringliggande eigedomar, og må vera knytt til landbrukseigedomen.
23 Nye driftsbygningar
Nye driftsbygningar bør plasserast som ein integrert del av eksisterande tun og i minst mogleg grad på dyrka jord. Ved eventuell søknad om bygging på dyrka jord, må det dokumenterast at alternative plasseringar er vurdert. Det må også vurderast å riva eldre driftsbygningar og bruka tomta omatt.
24 Massefyllingar
a. Alle område som blir vurdert brukt til deponering av reine gravemassar, skal behandlast som saker etter plan- og bygningslova og nødvendige særlovar. Behandlinga må og omfatta krav om tiltak for å hindra forureining av vassdrag.
b. Areal i LNF-område, som myr, ugjødsla beite m.m., som er verdifulle for biologisk mangfald, vasskvalitet og som landskapselement, skal ikkje nyttast til deponering av massar.
c. Deponering av reine gravemassar på landbruksareal skal utførast på ein slik måte at produksjonsmoglegheitene blir forbetra.
25 Bevaring av matjord ved utbygging
Matjord frå nye godkjente byggjeområde skal brukast som ein ressurs på ein bærekraftig og landbruksmessig forsvarleg måte, for vidare bruk til matproduksjon.
Kva er Regionalplan for samordna arealbruk og transport i Ryfylke?
Regionalplan for samordna arealbruk og transport i Ryfylke er ein revisjon av gjeldande plan med same namn som blei vedteken i 2011. Planen legg felles og langsiktige rammer for arealbruk og transportutvikling i regionen. Planen bygger på prognosar for folketal, arealbruk og transport fram mot 2050, men har likevel mest merksemd retta mot utviklinga i planperioden 2017-2030. Planområdet dekker dei seks kommunane Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Sauda, Strand og Suldal. Planen er utarbeidd og blir vedtatt av Rogaland fylkeskommune.
Tema i planen
Planen inneheld mål om utvikling av ein attraktiv region med levande og funksjonelle byar og tettstader, med korte avstandar i dagleglivet, med miljøvennleg og effektiv transport, med gode bu-kvalitetar og god folke- helse, og med langsiktig forvalting av arealverdiane.
Plandokumentet er delt inn i tre deltema:
• Attraktive byar og tettstader
• Transport
• Landbruk og næring
Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging
Samfunnet endrar seg over tid. Tilboda, tenestene og dei fysiske løysingane bør til ein kvar tid vera tilpassa til folks behov.
Ein regional areal- og transportplan har som oppgåve å samordna planlegginga av areal- og transportsektorane i regionen. Til planen er det laga eit utfordringsdoku- ment, som med utgangspunkt i samfunnsendringane har avdekka fleire regionale utfordringar som det er behov for å ta tak i. Måla og strategiane i planen gir retninga på ei ønska samfunnsutvikling, og retningslinene er styrings- verktøy. Vidare er den nødvendige oppfølginga i form av handlingar og tiltak skildra i handlingsprogrammet.
Det er og uttrykt eit sterkt ønske frå kommunane om at planen skal vera eit verktøy som stimulerer til ei ønska samfunnsutvikling.
Føremålet med planen er dermed å skaffa til veie verktøy for styring, rettleiing og gjennomføring av tiltak.
Organisering av planarbeidet
Rogaland fylkeskommune er planmyndigheit for regionale planar. Planen er utarbeidd i samarbeid med kommunane i regionen og statlege etatar.
Arbeidet har vore leia av ei politisk styringsgruppe med ordførarane i kommunane saman med fylkestingspo- litikarar. Ei administrativ prosjektgruppe har førebudd underlaget for styringsgruppa. I denne har representantar frå kommunane, Ryfylke IKS, Rogaland fylkeskom- mune, fylkesmannen i Rogaland og Statens vegvesen deltatt. Rogaland fylkeskommune har leia styrings- og prosjektgruppene, og har hatt ansvar for prosjektleiinga i arbeidet.
Planprosess og medverking
Planprogrammet for planen blei vedtatt i desember 2014, og la rammene for organisering og gjennomføring av arbeidet. Programmet skisserte kva for tema som planen skulle ta opp, og peika på behovet for utgreiingar om sentrale utviklingstrekk. Styrings- og prosjektgrup- pene deltok i utarbeidinga av planprogrammet, og andre kommunale organ fekk orientering undervegs. Etter ei utgreiingsfase blei det samanfatta eit kunnskapsgrunnlag i form av eit utfordringsdokument, som blei sendt på uformell høyring til kommunane.
5. Planskildring
5.1 Attraktive byar og tettstader
Dette vil me oppnå:
- By- og tettstadsentera er attraktive som møteplassar, utgjer knutepunkt for bustad- og næringsetablering, og tilbyr eit breitt spekter av varer, tenester og funksjonar - Nye bustadtilbod styrkar tettstadutviklinga og er tilpassa befolkninga.
Slik vil me gjera det:
- Avklara rollefordelinga mellom by-, tettstad- og grendesenter (senterstruktur).
- Lokalisera handel i by- og tettstadsentrum
- Stimulera til tettstadutvikling, fortetting og fleire møteplassar - Utforma parkeringsløysingar som styrkar tettstadutviklinga - Sikra bu-kvalitet og tilgang til friluftsområde
- Lokalisera rett verksemd på rett stad
- Bygga bustader innafrå og utover for å styrka by-, tettstad- og grendesentera - Utnytta sentrumsnære bustadområde på ein god måte
- Tilpassa bustadstrukturen til befolkninga
Gode og funksjonelle tettstader
Ryfylke-omgrepet er nok mest assosiert med natur- og kulturlandskapet i regionen. Dei urbane kvalitetane i småbyane og tettstadene i Ryfylke er det ikkje så ofte me høyrer om. Men stadene ligg vakkert til mellom sjø og fjell, og det er ingenting å klaga på i forhold til dei fysiske føresetnadene. Det er arealbruken, tilboda og innhaldet generelt i stadene som avgjer om kor vidt me vurderer dei som gode og velfungerande eller ikkje.
Ein livskraftig tettstad er ein stad med handel, kultur- og rekreasjonstilbod, mange bustader og arbeidsplassar. Ein velfungerande tettstad er også viktig for dei spreiddbygde områda, det er t.d. tilboda i tettstaden Sand som gjer det mogleg å bu godt på Nesflaten.
Anbefalt avgrensing av sentrumsområde i by- og tettstader
- Mindre byar – maks 400-600 m gangavstand frå ytterkant til ytterkant
Kjelde: Planlegging av by- og tettstadstruktur, MD
Rollefordeling mellom sentera (senterstruktur)
Mange større og mindre senter i regionen tilbyr ulike funksjonar, tenester og tilbod som innbyggarane treng:
Handel, bustader, arbeidsplassar, private servicefunk- sjonar, offentlege funksjonar, møteplassar, kultur med vidare. Sentera er viktige for identitet, busetting, nærleik til daglege behov og reiseliv. Det er viktig å styrka sentera som knutepunkt for sine omland, då det er tilboda i sentera som gjer det mogleg å bu godt i utkantane.
Senterstrukturen skal tydeleggjera ei langsiktig rolle- fordeling mellom sentera. Dette inneber at lokalisering av funksjonar skal skje i senter som samsvarer med det omlandet som funksjonane skal dekka: Regionale funksjonar i regionale senter, og lokale funksjonar i lokale senter.
Retningslinene til senterstrukturen har krav om at publi- kumsretta og besøks-/arbeidsplassintensive funksjonar skal lokaliserast i sentrum, og at dei skal vera tilpassa det omlandet som funksjonane skal dekka. Senter i senter- strukturen er valt ut frå omfang av arbeidsplassar, innbyg- gartal, og private og offentlege senterfunksjonar som handel, service, offentlege kontor og tenesteyting.
Sjå kart side 9 og side 33.
Senterkategori Sentrum Formål Lokalisering av publikumsretta eller
besøks-/arbeidsplass-intensive funksjonar
Regiondelsenter Jørpeland sentrum, Sauda sentrum og Sand sentrum
Oppretthalda og styrka tilgang på eit breitt utval av funksjonar i dei ulike delane av regionen.
Publikumsretta eller besøks-/arbeids- plass-intensive funksjonar retta mot ytre del av regionen.
Kommunesenter Forsand, Hjelme-
landsvågen, Judaberg Tilgang til dei mest vanlege funksjonane i større tettstader utanom regiondel- senter.
Publikumsretta eller besøks-/arbeids- plass-intensive funksjonar retta mot eigen kommune.
Tettstadsenter/
grendesenter Tau, Årdal, Nesflaten, Jelsa, Erfjord, Suldalsosen
Nærleik til daglege behov i tettstader og
grender Lokale funksjonar retta mot eigen tettstad
eller grend.
Senterstrukturen i Ryfylke inneheld tre ulike nivå av senter i eit senter-hierarki. Tabellen skisserer rolle og strategiar for lokali- sering av funksjonar.
Tabell 5.1.2: Inndeling av nivå i senterstrukturen – regiondelsenter, kommunesenter og tettstadsenter/grendesenter, og lokalisering av funksjonar i samsvar med senternivå.
Handel i sentrum
Handel er og har vore grunnlag for utvikling av dei fleste tettstadene. Handel bidrar mest av alle formål til at det kjem folk til sentera, og dette er viktig for funksjonen som sentera har som lokal møteplass. Det lokale marknads- grunnlaget for handel er ofte ikkje så veldig stort, og det har mykje å seia for senterutviklinga kor enkelte verksemder blir lokaliserte. Planen legg opp til at ny handel skal bli lokalisert i sentrumsområda og bidra til å oppretthalda og auka aktiviteten i disse. Det er viktig å følgja opp med lokal tilrettelegging for at slike lokalise- ringar skal vera moglege. For å få til ei god lokalisering av handelstilboda er det nødvendig med fleire verkemiddel.
Disse er:
- Regional planføresegn med krav om lokalisering av handel i sentrum, med unntak for bilar, båtar, landbruksmaskinar og større byggevarer.
- Retningsline for avgrensing av senterområda i kommuneplanane.
- Handelstilbodet må vera dimensjonert i tråd med handelsomlandet og nivået i senterstrukturen.
Netthandel vil kunna vera ein av dei verkeleg store samfunnsendringane som kjem, og det er ennå vanskeleg å seia kva konsekvensar netthandelen kan få for handel i byane og tettstadene. Erfaring frå Europa har vist at det er kompakte by- og tettstadsenter som overlever i konkurransen om kundane. Å arbeida med fortetting og konsentrasjon av funksjonar vil vera viktig for å sikra at tettstadene toler konkurransen frå netthan- delen. Samtidig kan netthandelen føra til at ein slepp å reisa til byen for å handla utvalsvarer.
Samarbeid om tettstadutvikling
Det er aukande merksemd retta mot behovet for samspel mellom ulike offentlege etatar, næringsliv, lokale organi- sasjonar og innbyggarar for å skapa god tettstadutvikling og gode møteplassar lokalt. Samhandlinga bør skje med utgangspunkt i lokale utfordringar, og med bruk av ulike verkemiddel. Dette kan vera gjennom kompetansede- ling, med planlegging, økonomiske ordningar og fysisk opprusting av uteområde og bygningar.
Fylkeskommunen bidrar til å fylla tettstadene i Ryfylke med innhald både som eigar av vegar og bygningar, og med skular, tannhelsetenester og kollektivtilbod.
Fylkeskommunen gir og støtte til utvikling av idretts- anlegg, friluftslivsanlegg, bibliotek, næringshagar og museum.
For å få til god samhandling legg planen opp til at den regionale tilskotsordninga til prosessar og prosjekt for tettstadutvikling skal bli lagt om. Det er og behov for å etablera ein arena for samarbeid og erfaringsdeling. Det gir og god verknad når tettstadutviklinga blir samordna med opprusting av infrastrukturen for gåande og syklande, samt tiltak for auka trafikktryggleik.
For å stimulera til ei god utvikling i tettstadene er følgjande verkemiddel aktuelle:
- Etablera ei økonomisk tilskotsordning - Skapa arenaer for samarbeid
- Koordinera middel til tettstadutvikling med andre verkemiddel.
Dei 10 viktigaste grepa for tettstadutvikling 1. Skap samspill mellom funksjoner
2. Bygg mange nye attraktive, sentrumsnære boliger 3. Økt fokus på folkehelse ved utvikling av sosiale
møtesteder - og satsing på kultur
4. Plasser barnehager, skoler og universiteter i sentrum
5. Transformer bygninger og parkeringsplasser til nye formål
6. Synliggjør kulturarv og kulturmiljøer 7. Utvikle sjøsider og elvebredder med nye
bygninger, parker og plasser 8. Skap bedre tilgjengelighet for
buss, sykkel og til fots 9. Skap dialog og klima for
investering mellom nærings-, eiendoms- og offentlige aktører
10. Politisk vilje Kjelde: Michael Füller-Gee Tabell 5.1.1:
Attraktivitetsfaktorar
Attraktivitet Bedrift Besøk Bustad
Omdømme Omdømme som stad å driva næringsliv Omdømme som stad å besøka Omdømme som stad å bu Areal og bygningar Næringsareal
Lokale næringshagar Areal til hytter Eksisterande hytter Overnattingskapasitet
Tomteareal Bustader Tilgjengelegheit Fasilitetar Tilgang til forretningstenester
Service i kommunen
FoU og kompetanse-institusjonar
Naturherlegdomar Tilrettelegging Friluftsliv Kulturtilbod
Sports- og fritidstilbod
Kommunens tenester Barnehagar, skular mv.
Natur, tilrettelegging Friluftsliv
Kulturtilbod
Sports- og fritidstilbod Identitet og stadleg
kultur Nettverk mellom verksemder Klynger
Innovasjonsklima
Samarbeid mellom næringsliv og kommune
Gjestfridom Servicehaldning
Samarbeid mellom besøks- næringane
Destinasjonsutvikling
Lokal identitet Gjestfridom Toleranse Samarbeidsånd Utviklingskultur Kilde: Telemarksforskning
Parkering i tettstadutviklinga
Eit høgt biltal inneber eit stort behov for parkeringsareal. Til nå har det vore vanleg i arealplanlegginga at parkering tilknytt verksemder og funksjonar er dimensjonert kvar for seg. Dette inneber at mykje areal med sentral plassering blir brukt til biloppstilling som sjeldan blir nytta fullt ut. Dette har gitt oppstykka sentrumsområde og gjer det vanskelegare å utvikla gode møteplassar. I tillegg inviterer ikkje slik arealbruk til å gå eller sykla, og heller ikkje til opphald i særleg grad. Det gir og dårleg samfunns- og privatøkonomi å bruka verdi- fulle sentrumsareal til parkering.
For å få til ei betre utnytting av verdifullt sentrumsareal er det nødvendig med fleire grep og tiltak, mellom anna å:
- oppretthalda kvartalsstruktur og møteplassar for menneske i tettstadstrukturen.
- auka sykkelparkeringa
- legga til rette for fellesparkering for bil
- detaljera arealbruken gjennom kommunale parkeringsstrategiar.
Lokalisera rett verksemd på rett stad
Det er godt med reservar av næringsareal i Ryfylke, både i og utanfor tettstadene. Areala har ulike eigenskapar og er ulikt eigna for ulike typar verksemder. Tilsvarande har verksemder ulikt transportbehov, ulik bruk av sine areal, og ulikt potensial for å bidra til tettstadutvikling.
Det er behov for å differensiera næringsområda etter kor eigna dei er for arbeidsplass- og besøksintensive verksemder, slik som forretning, kontor, publikumsservice og tenesteyting.
Å legga til rette for rett verksemd på rett stad, vil seia at verksemder med mange besøkande og/eller mange arbeidsplassar på eit konsentrert areal blir lokaliserte i sentrumsområda, slik at dei er lett tilgjengelege for mange og kan nåast med korte avstandar og ved å gå eller sykla. Verksemder med eit stort areal- og trans- portbehov, eller som har få arbeidsplassar/besøkande, blir heller lokaliserte utanfor tettstadene og langs hovudvegnettet.
Verkemiddel for å få til dette er ei retningsline med krav om lokalisering av arbeidsplass- og besøksintensive verksemder i nærings- og sentrumsområde. Retningslina stiller og krav om at lokaliseringa skal vera tilpassa transportbehovet til verksemdene.
Kategori Type verksemder Døme på aktuelle nærings-
grupper Lokalisering i type
næringsområde Krav til arealutnytting A Høg arbeidsplass- og
besøksintensitet.
Høg persontransport, lågare varetransport.
Finans og eigedom, handel, privat tenesteyting,
kontorverksemder, overnatting, servering, kultur
Sentrumskjernen i
byar og tettstader Høg
B Middels arbeidsplass- og besøksintensitet.
Middels persontransport og varetransport.
Handverkar, arealkrevjande handel. Innafor by- og
tettstadstrukturen Middels
C Låg arbeidsplass- og besøksintensitet.
Låg persontransport, høgare varetransport.
Transport,
industri, lager, engros
Utanfor/i ytterkant av tettstader, og langs hovudvegnettet
Lågare Tabell 5.1.3: Rett verksemd på rett stad
- prinsipp for kopling av næringsverksemd og næringsområde etter areal- og transporteigenskapar.
Bustadbygging i sentera
Det er etter måten store reservar med bustadareal i forhold til forbruket i regionen. Det er viktig å legga til rette for ei god utvikling av areal for bustadbygging, og for ei utvikling som støttar opp under måla om sentrums- utvikling, tilgjengelege senter og tilrettelegging for gåande og syklistar. Bruk av prinsippet om å bygga tettstadene innafrå og utover er viktig for å få til dette. Prinsippet inneber at utbygging i eksisterande tettstad- og grende- senter blir prioritert først, og deretter andre område innafor tettstaden som også gir kort avstand til funksjoner i sentera. Prinsippet bør og leggast til grunn dersom det er behov for nye areal til bustadbygging. Kommunane bør vurdera å omprioritera bygging i bustadområde med lengre avstand til eksisterande senter, men kan opna for større differensiering i spreiddbygde område med lav vekst.
Verkemiddelet i planen er ei retningsline med krav om rekkefølgje i utbygging og fortetting av bustadområde.
God arealutnytting
Sentrumsområde og bustadområde nær sentrum er ein avgrensa ressurs som bør nyttast godt. God utnytting bidrar til tydelegare sentrumsdanning, gir potensiale for tettstadutvikling og nye møteplassar, og gjer det mogleg for fleire å bu nær opp til funksjonar som blir nytta dagleg, samt å gå eller sykla i kvardagen.
Plangrepet inneber ei differensiert tettleik i bustadbyg- ginga, slik at sentrumsnære bustadområde og bustad- område i dei større sentera blir gitt høgare utnytting enn område elles. For å ta omsyn til bustadkvalitet er det gitt maksimumskrav for tettleik i regiondelsenteret Jørpeland.
Verkemiddelet i planen er ei retningsline med krav om god arealutnytting og tilstrekkeleg tettleik for bustad- bygging i og nær tettstadssentera.
Sikra bu-kvalitet og tilgang til friluftsområde
Auka bustadtettleik stiller større krav til kvalitet i utfor- minga av bygningar og uteområde. Kvalitet bidrar til at områda held seg attraktive over tid og til stabilitet i bu-miljøa. Bu-kvalitet er avhengig av eit samvirke mellom eit sett av eigenskapar.
For å oppnå bu-kvalitet krev dette rett kompetanse, og temaet må inn tidleg i planprosessane, slik at utandørs areal til opphald og leik blir lagt til areal som er godt eigna til disse føremåla. Tilgang til grøne område er viktig både for barns utvikling og for folkehelsa, og kort avstand og trafikksikker tilkomst er særlig viktig for barn, eldre og andre med avgrensa aksjonsradius.
For å oppnå dei ønska eigenskapane stiller planen krav til storleik og kvalitet på uteområde i bustadprosjekt, både til fellesområde og private område. Dette omfattar mellom anna gode solforhold, krav til maksimal hellings- grad, støynivå under fastlagte grenser og at områda er trafikksikre, samt at dei og er eigna og lagt til rette for bruk av menneske med ulik alder. Vidare er det og krav om nærleik til større grøntområde (nære turområde og grønstruktur).
Verkemiddel i planen er retningsliner om minste felles areal for uteopphald i bustadområde, og om tilgang til og kvalitet på område for leik.
Tilrådd norm for tilgang til leikeområde, og kor mange bustader dei dekker:
Bustadstruktur som er tilpassa folkesetnaden
Samansettinga av befolkninga endrar seg mykje over tid.
Det er venta at talet på eldre og einslege i landet vil auka.
Dette gjeld og for heile Ryfylke, og mest i indre del av regionen. Samtidig er det aukande tendens til at fleire vaksne bytar frå einebustad til meir lettstelt og sentrum- snært husvære. Dette kan gi mindre behov for vedlike- haldsarbeid, gir kortare avstand til daglege behov og større moglegheit til å klara seg sjølv. Likevel er det lite tilbod av slike bustader i Ryfylke, og eine- og tomannsbu- stader er heilt dominerande.
Talet på innvandrarar er og aukande. Dette er menneske med svært ulik livssituasjon og ulike preferansar,
men samla inneber dette erfaringsmessig ein auka etterspurnad etter sentrumsnære bustader og/eller bustader i rimeleg prisklasse.
Plangrepet inneber at det blir lagt til rette for auka utbygging av leilegheiter/sentrumsnære bustader.
Realisering av slike bustader er avhengig av lokal tilgang på tomter, at det er mogleg med transformasjon/
omforming, konjunkturar og prisnivå på bustader. Det kan vera ei utfordring med lågare pris på brukte bustader, samanlikna med byggekostnad for leilegheiter, og det er viktig at bustadtypane som blir valte er tilpassa den lokale etterspurnaden.
Verkemiddel i planen er 1) retningsline med krav om vurdering av forventa struktur på befolkninga i kommu- neplanlegginga, og 2) retningsline med krav om tilrette- legging for eit høgare innslag av mindre bustader som er sentralt lokaliserte. Dette inneber at kommunane aktivt må legga til rette for transformasjon/omforming og auka innsatsen med omsyn til bruk av områdeplanlegging som verktøy.
Type areal Dekker antall bustader
Minimum
størrelse Anbefalt maks avstand til
bustad Nærleikeplass
(sand- lekeplass) 4-25 150 m2 50 m
Områdeleikeplass
(kvartalslekeplass) 25- 200 1500 m2 150 m Aktivitetsflate
(ballfelt) 150- 600 2500 m2 400 m
Rekreasjons- område (sentralt leikefelt)
600- 1200 6000 m2 500 m
5.2 Transport
Dette vil me oppnå:
- Transport er effektiv, sikker, føreseieleg og miljøvennleg Slik vil me gjera det:
- Tilpassa transportstrategiane til lokale føresetnader - Legga til rette for fleire gåande og syklistar i tettstadene - Utvikla kollektivtransporten
- Styrka drift og vedlikehald av vegnettet
- Rassikring, tunellsikring og investeringar på vegnettet
Sandsfjordbrua
Transport i Ryfylke har ein tydeleg todeling:
1. Dei fleste reisene er korte. Blant innbyg- gjarane i Sauda og Suldal er ca. 2/3 av reisene under 3 km, og tilsvarande ca. 50
% i Strand. Dette er monaleg fleire korte reiser enn i andre regionar, og har saman- heng med at tettstadene i Ryfylke er små og gir korte avstandar i dagleglivet.
2. Dersom folk i Ryfylke skal ut av eigen tettstad eller grend, er det likevel lange avstandar. Dei lange reisene er langt færre, men er svært viktige for å ha tilgang
0 % 5 % 10 % 15 % 20 % 25 % 30 % 35 %
Reiser fordelt etter lengde
Suldal Sauda Strand
Tabell 5.2.1:
Utviklingsstrategiar for å styrka tilgjengelegheit, miljøvennleg transport og trafikktryggleik
Område Namn Sentrumsutvikling,
gåande og syklistar Miljøvennleg transport og kollektivtransport
Trafikktryggleik, transportkapasitet og vegstandard
1. Småbyane Andre kommune- senter og større tettstader
Jørpeland og Sauda.
Hjelmelandsvågen, Judaberg, Sand, Forsand og Tau
Transportutvikling og parke- ringspolitikk skal bygga opp om sentrumsutvikling.
Hovudfokus på gåande og syklistar innafor tettstaden, mest mogleg av veksten i interntransporten innafor tettstaden tas med fleire gåande og syklande.
Regionale buss- og båtruter.
Skuleskyss og grunn- tilbod/ behovsstyrt kollektiv.
Legga til rette for ny kjøretøyteknologi.
Auka trafikktryggleik for alle trafikant- grupper (0-visjonen).
Rassikring, tunnelsik- ring og forbetringar på vegnettet.
Oppretthalda transport- kapasitet for personbil.
Drift og vedlikehald etter behov.
2. a. Hovudvegnettet i
Ryfylke. RV 13, FV
46/514/520, b. Regionen elles.
Tettstad Distrikt
Småbyane og andre større tettstader Hovudvegnettet og regionen elles Legga til rette for fleire
gåande og syklistar
Parkering som styrkar tettstadene
Interkommunal kollektivtransport
Skuleskyss og grunntilbod kollektiv
Kjøretøyteknologi
Styrka drift og vedlikehald av vegnettet
Rassikring, tunnelsikring og anna trafikksikring
Investeringar på vegnettet
Figur 5.2.2: I tettstadene er det enklast å auka talet på gåande og syklistar, samtidig som samla parkering kan opna for kortare avstandar og betre møteplassar i sentrum. Andre typar satsingar – slik som skuleskyss, styrka drift og vedlikehald, rassikring, tunnel- sikring og andre investeringar på vegnettet – gjeld for heile Ryfylke.
Tilrettelegging for korte og lange reiser blir gjort på ulikt vis, og transportutviklinga må derfor vera tilpassa lokale forhold. Det er lettast å gå eller sykla i tettstader som har god lokal funksjonsdekning og korte avstandar. Nokre av transportstrategiane som gjeld gåande, syklistar og
tilrettelegging for sentrumsutvikling, har derfor størst effekt i dei større tettstadene. Strategiar for auka trafikk- tryggleik, utbetringar, drift og vedlikehald er like relevant i heile Ryfylke.
Fleire gåande og syklistar i tettstadene
Kartleggingar av reisevaner viser at folk i Sauda og Suldal er flinkare til å gå enn i mange andre Rogalandskommunar – iallfall når reiseavstanden er under ein kilometer. I Sauda er det og ein god del som syklar. Saman med ein kompakt arealbruk gjer dette at Sauda ligg på toppnivå i fylket med omsyn til tal på gåande og syklistar.
Nivået er førebels noko lågare i dei andre Ryfylke- kommunane, men det er fullt mogleg mange stader å komma opp på Sauda-nivå. Potensialet er særleg stort på korte turar innafor den enkelte tettstaden.
Det skal derfor bli utvikla samanhengande infra- struktur og på andre måtar tilrettelagt for fleire gåande og syklistar i tettstadene. Kommunesentera og andre større tettstader blir prioriterte først, sidan disse har potensial for flest korte reiser mellom heim, skule/arbeid og andre gjeremål. Tilrettelegginga kan vera i form av sykkelfelt, fortau og gang-/sykkel- vegar, i tillegg til belysning, oppmerking og andre trafikksikringstiltak.
Dersom tilrettelegging for fleire gåande og syklistar skal ha god effekt, må samtidig arealbruken bli utforma slik at det blir fleire korte reiser i dagleglivet.
Dette inneber at bustadbygginga bør vera kompakt og skje i gang-
avstand til sentrum. Handel og andre verksemder med mange besøk eller arbeidsplassar bør vera lokalisert i by- og tettstadssentrum, og sentrumsom- råda bør ha samanhengande kvartalsstruktur - utan for stor skala og tomme flater.
Satsing på gang/sykkelveg 1. prioritet: gang/sykkelsone 2. prioritet: tettstad
Ikkje prioritert: forbinda tettstader
Informasjon, tilrettelegging Infrastruktur for gåande og syklistar Handel, arbeidsplassar og publikumsfunksjonar i sentrum
Konsentrert bustadbygging, korte avstandar.
Figur 5.2.3: Gåande og syklistar etter reiselengde for innbyggarar i kommunane Sauda, Suldal og Strand.
Kjelde: Reisevaneundersøkingar
Figur 5.2.4: Utvikling av infrastruktur for gåande og syklistar blir retta mot eksisterande tettstader og sentrumsnære område, der det er flest korte reiser og størst potensial for endra reisevaner.
Figur 5.2.5: Verkemiddel for fleire gåande og syklistar i tettstader:
Først når arealbruken er utforma for å gi korte reiser i dagleglivet, kan ein forventa god effekt av infrastruktur og andre tilretteleggingstiltak.
0 % 10 % 20 % 30 % 40 % 50 % 60 %
0-1 km 1-2 km 2-3 km 3-5 km 5-10 km
Gåande og syklistar etter reiselengde
Suldal Sauda Strand