• No results found

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Forsand og Strand, Rogaland

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Vedtak om grensejustering mellom kommunane Forsand og Strand, Rogaland"

Copied!
6
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Statsråden

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Forsand og Strand

Eg viser til brev av 29.06.2018 frå Fylkesmannen i Rogaland med fylkesmannens utgreiing og tilråding i saka om grensejustering mellom kommunane Forsand og Strand.

Bakgrunn

Stortinget fatta vedtak 8. juni 2017 om samanslåing av Forsand og Sandnes kommunar, på bakgrunn av gjensidige lokale vedtak. Hausten 2017 blei det fremja eit innbyggarinitiativ om ei grensejustering mellom kommunane Forsand og Strand om overføring av nordre del av Forsand kommune (nord for Lysefjorden, inkl. Preikestolen) til Strand kommune.

Fylkesmannen i Rogaland fekk 10. oktober 2017 i oppdrag frå departementet å utgreie ei grensejustering på bakgrunn av innbyggarinitiativet. Fylkesmannen i Rogaland har utgreia saka og tilrår at grensejusteringa ikkje blir vedteken. Det er halde møter mellom

departementet og begge kommunane.

Forslaget om grensejustering inneber at 168 innbyggarar (126 røysteføre) fordelt på 53 heilårsbustader på nordsida av Lysefjorden og Høgsfjorden i Forsand kommune blir overført til Strand kommune. Arealet består for det meste av fjell og utmark med busetnaden spreidd langs fjordsidene til Lysefjorden og Høgsfjorden.

Initiativet blir grunngitt med at den delen av Forsand kommune som ligg på nordsida av fjorden har korte avstandar og tett kontakt mot Strand kommune. Dei har felles handels-, arbeids- og buområde, felles politidistrikt, felles kyrkjesokn, felles lokalavis og felles arena for kulturtilbod og kulturformidling. Av konkrete kommunale tenester blir felles legevakt fram til 2016 nemnt. Initiativet viser til at innbyggarane vil få kortare veg til kommunesenteret og dei kommunale tenestene ved å bli ein del av Strand kommune, og at ei legevakt saman med Sandnes vil føre til mykje lengre reisetid. Dei peikar også på at dei vil vere ein del av Ryfylke Ifølgje liste

Dykkar ref Vår ref

17/1212-215

Dato

10. desember 2018

(2)

i framtida, og del av ein distriktskommune som har felles interesser og utfordringar. Dei meiner det vil vere lettare å få politisk innverknad og forme framtida for lokalsamfunnet dersom dei blir ein del av Strand kommune.

Som ein del av utgreiinga gjennomførte Forsand kommune 18. juni 2018 ei folkerøysting om saka i det aktuelle området. Her var resultatet 54,4 prosent ja og 45,6 prosent nei.

Frammøtet var på 90 prosent.

Fråsegner frå kommunane

Strand kommune fatta vedtak i kommunestyret 20. juni 2018 om at dei:

"(…) er positive til en grensejustering som medfører at innbyggerne på nordsiden av Lysefjorden blir en del av Strand kommune."

Vidare i vedtaket legg kommunen vekt på at:

"Forvaltninga av Preikestolområdet vil ved en grensejustering styrkes ved at hele området ligger i en kommune. Grensejusteringen vil gi ansvaret for reguleringsarbeid, beredskap, krisehåndtering og legetjenester til en kommune. (…) Innbyggerne i Strand benytter området som et nærområde for friluftsliv og forvaltning av området bør ta hensyn til interessekonflikter mellom den lokale befolkningen og turiststrømmen. Det er viktig at det forvaltes fra den kommunen som har det nærmeste kommunesenteret."

Forsand kommunestyre behandla saka i møte 21. juni 2018 og fatta følgjande vedtak:

"Kommunestyret viser til saksutgreiinga frå rådmannen vedrørande omsøkt grensejustering frå Forsand kommune. Kommunestyret er samd med saksutgreiinga og seier nei til omsøkt grensejustering."

Noko av grunngjevinga for vedtaket i Forsand kjem fram i rådmannen si framstilling av saka til kommunestyret. Når det gjeld dei kommunale tenestene, peikar rådmannen på at

innbyggarane ikkje vil få kortare avstand til tenester som barnehage, skule og fritidsaktiviteter enn i dag. Vidare meiner rådmannen at dagens kommunale tenester i Forsand blir svekka dersom om lag 10 prosent av innbyggarane blir overførte til Strand, sidan grunnlaget for å drive barnehage og skule blir mindre.

Forsand viser til at ei eventuell ny kommunegrense midtfjords i Lysefjorden vil by på problem for beredskapsarbeidet. Dei skriv i sitt brev til fylkesmannen av 14. mars 2018:

"I dag har Forsand kommune det fulle beredskapsansvaret i Lysefjorden. I samband med diskusjonen om en eventuell grensejustering har det kommet innspill om at det anses som svært lite hensiktsmessig med en ny kommunegrense som følger "midtlinjeprinsippet" i Lysefjorden. En slik grense vil medføre et delt ansvar over en lang distanse og lite effektiv bruk av ressurser for begge kommunene. Trafikk av båter og mindre skip i Lysefjorden vil antakelig bare øke og det er viktig at både sjøfarende og publikum vet hvem som har myndighet i området."

Rogaland fylkeskommune har gitt uttale i saka om Preikestolområdet:

(3)

Det såkalte Preikestolområdet som i dag dels ligger i Strand og dels i Forsand kommune er omfattet av en rekke regionale planer. Den viktigste er Fylkesdelplan for Preikestolområdet (1993). Planens hovedformål er å verne natur og landskap og samtidig legge til rette for reiseliv og næring knyttet til dette. Ifølge planen skal Preikestolområdet være et lokalt, regionalt og nasjonalt visningsområde for norsk natur, kultur og reiseliv. Planområdet dekker et areal på 41,8 Km2. Fylkesdelplanen problematiserer ikkje i særlig grad det faktum at hovedinnfallsporten til Preikestolen ligger i en kommune mens selve attraksjonen/målpunktet ligger i en annen kommune. I planens kap. 4.3. "verdiskaping" står imidlertid følgende: "Det bør treffes organisatoriske og administrative tiltak som sikrer fordeling av ringvirkninger, inntekter og utgifter i planområdet, slik at kommune- og eiendomsgrenser ikke blir avgjørende for lokalisering og utforming."

Fylkesmannens vurdering

Fylkesmannen har forståing for dei momenta som går fram av innbyggarinitiativet, og då særleg dei geografiske. Samstundes skriv fylkesmannen at dei geografiske avstandane vil gjelde for dei fleste innbyggarane i Forsand kommune, også dei som bur på sørsida av Lysefjorden.

Fylkesmannen skriv i si tilråding at dei også har framheva at det hadde vore positivt at heile Preikestolområdet høyrde til ein kommune, jf. tilrådinga om ny kommunestruktur frå 2016.

Fylkesmannen meiner at det i grensejusteringssaker skal leggast stor vekt både på kva innbyggarane og kommunane ønskjer, og viser til fleirtalet i folkerøystinga som er for

grensejustering. Fylkesmannen konkluderer samstundes med at det ikkje bør gjennomførast ei grensejustering, og legg avgjerande vekt på vedtaket i kommunestyret i Forsand.

Departementets vurdering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til lov av 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) § 6 første punktum.

Departementet konstaterer at det juridiske grunnlaget for utgreiinga til fylkesmannen er i tråd med reglane i inndelingslova om saksførebuing i kapittel III.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vurdert fylkesmannens tilråding og halde møte med kommunane. Departementet meiner fylkesmannen har levert ei tilråding som i tilstrekkeleg grad opplyser saka slik at den kan avgjerast.

Inndelingslova § 6 inneheld ingen nærmare kriterier eller vilkår for departementets vurdering.

§ 1 som gjeld formålet med lova, gir likevel visse overordna rammer for departementets skjønn, jf. Ot. prp. Nr. 41 (2000–2001) s. 55. Etter inndelingslova § 1 skal

kommuneinndelinga skje "innanfor ramma av det nasjonale fellesskap", "sikre eit

funksjonsdyktig lokalt folkestyre og ei effektiv lokalforvaltning" og "skape formålstenlege einingar som kan gi innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande tenester og forvaltning".

Vidare framgår det at lova skal "byggje på prinsippet om lokal medverknad og initiativrett til grenseendringar". Dette inneber at departementet må gjere ei konkret og heilskapeleg

(4)

vurdering, der fleire moment vil vere relevante. Departementet har eit vidt rom for skjønn i vurderinga av om det skal gjennomførast ei grenseendring eller ikkje.

Departementet meiner grensejusteringar først og fremst bør vere ein reiskap for å tilpasse kommunegrenser til eksisterande samhandlingsmønster og bruk av kommunale tenester. For at ei grensejustering skal bli vedtatt, bør den bidra til å redusere utfordringar for

innbyggarane det gjeld, til dømes gi kortare reiseveg eller demokratisk påverknad på tenestetilbodet dei nyttar.

Departementet viser vidare til inndelingslovas rundskriv, nr. H-10/15 punkt 2.4.2 der det heiter: "Inndelingslova seier ikkje noko om kor stor vekt ein skal leggje på dei ulike momenta i ei grensejusteringssak. Den som står ansvarleg for utgreiinga, må avgjere kva som er

"nødvendig" å greie ut i kva einskild sak". Forarbeida til lova peiker på at det i

grensejusteringssaker kan vere aktuelt å hente inn opplysningar om til dømes geografiske utviklingstrekk, pendling, næringsstruktur, arealbruk, inntekts- og utgiftsstruktur og det kommunale tenestetilbodet.

I denne saka har departementet vurdert nedanståande opplysningar og moment.

I denne saka blei det gjennomført folkerøysting med stort oppmøte (90 prosent) og med eit resultat som viser at fleirtalet (54,4 prosent) av innbyggarane vil tilhøyre Strand kommune.

Det er få eller ingen kommunale tenester som vert nytta på tvers av kommunegrensa mellom Forsand og Strand i dag. Samstundes er Jørpeland i Strand kommune ein naturleg stad innbyggarane i Forsand nyttar for mellom anna handel og kulturopplevingar.

Forsand kommune meiner at grunnlaget for kommunale tenester som barnehage og skule blir svekka dersom dei mister om lag 10 prosent av innbyggarane. Departementet kan ikkje sjå at endringa vil vere av eit så stort omfang at den vil skape store problem for kommunen når det gjeld å tilby desse tenestene.

Forsand peiker på at ei grense midtfjords vil by på utfordringar for beredskapsarbeidet.

Departementet meiner dette ikkje er eit stort problem, og viser til at mange kommunar har grenser som er trekte midt i vatnet/fjorden, da dette er eit delingsprinsipp nytta av Kartverket.

Som både Strand kommune, Rogaland fylkeskommune og fylkesmannen har peika på, vil det vere tenleg at Preikestolområdet blir forvalta av éin kommune. Infrastrukturen knytt til denne store turistattraksjonen ligg i all hovudsak i Strand kommune med vegtilkomst, parkering, legevakt og mesteparten av stien. Strand kommune opplever at det kan vere utfordringar som følgje av at stien er delt mellom to kommunar, da det lett kan oppstå uklare ansvarsforhold når det gjeld beredskap, krisehjelp og helsetenester.

Etter ei samla vurdering meiner derfor departementet at grensa mellom Forsand og Strand skal justerast i tråd med innbyggarinitiativet.

(5)

Vedtak

Med bakgrunn i utgreiinga til fylkesmannen og med heimel i § 6 første punktum i lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), vedtek Kommunal- og moderniseringsdepartementet at kommunegrensa mellom kommunane Forsand og Strand blir justert slik at områda nord for Lysefjorden blir flytta til Strand kommune. Kartverket skal i samråd med kommunane fastsetje endeleg teknisk grense basert på forslaget til ny grense i innbyggarinitiativet.

Den nye kommunegrensa trer i kraft frå 1. januar 2020.

Eit vedtak om grenseendring er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav c, jf. Ot. prp. nr. 41 (2000–2001) punkt. 5.1. Vedtaket er derfor endeleg og kan ikkje påklagast, jf. forvaltningslova § 28 første ledd.

Konsekvensar av vedtak

Reglane om økonomisk oppgjer mellom kommunane er å finne i inndelingslova kap. V, jf.

Rundskriv H-1015.

Dette vedtaket går i kopi til Rogaland fylkeskommune, Skattedirektoratet, Kartverket, Statistisk sentralbyrå, samt Justisdepartementet og Kulturdepartementet for oppfølging og informasjon til etatar dette angår (t.d. bispedøme og Politidirektorat).

Med helsing

Monica Mæland

Kopi

Justis- og beredskapsdepartementet Kartverket

Kulturdepartementet Rogaland fylkeskommune Sandnes kommune Skattedirektoratet Statistisk sentralbyrå

(6)

Adresseliste

Forsand kommune Kommunehuset 4110 FORSAND

Fylkesmannen i Rogaland

Postboks 59 4001 STAVANGER

Strand kommune Postboks 115 4126 JØRPELAND

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Med bakgrunn i utredningen fra Fylkesmannen i Innlandet, og med hjemmel i § 6 i lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), vedtar Kommunal- og

Med bakgrunn i det ovenstående og med hjemmel i § 6 i Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), vedtar Fylkesmannen at kommunegrensen mellom Ås

Med bakgrunn i det ovenstående og med hjemmel i § 6 i Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), vedtar Fylkesmannen at kommunegrensen mellom

Med hjemmel i § 6 i lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrense (inndelingslova), og delegert fullmakt, vedtar Fylkesmannen i Trøndelag at kommunegrensen mellom Røros

Med hjemmel i § 6 i lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrense (inndelingslova), og delegert fullmakt, vedtar Fylkesmannen i Trøndelag at kommunegrensen mellom Røros

Fylkesmannen viser til henvendelse fra Namdalseid kommune, og grunneier Knut Aune, datert 03.11.2017, der det søkes om grensejustering for eiendommen 379/14, fra Steinkjer kommune

b) at ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke. Grensejustering inneber at eit område blir flytta over frå ein

Fastsatt av Landbruks- og matdepartementet 5. 1816 om midler til investering og bedriftsutvikling i landbruket gjøres følgende endring:.. § 3 første ledd bokstav g