Omverdsanalyse Sogn
2020
Daniel Varne Øvernes og Erik Andersen // NAV Vestland
//NAV
• Omverdsanalysen gir ein oversikt over situasjon og utvikling i regionen på område som har påverknad på korleis NAV kan løyse sine oppgåver.
• Analysen kan nyttast som grunnlag for planlegging og forståing av utfordringar i den einskilde NAV-region.
• Analysen er og egna til å være eit utgangspunkt i dialogen med våre
samarbeidspartnarar, slik at vi får ei felles forståing av utfordringar i regionen og kan koordinera innsatsen.
Regional omverdsanalyse i NAV Vestland
//NAV
Overordna utviklingstrekk i Vestland
• Lågare fødselstal og lågare innvandring gjer at befolkninga aukar mindre enn tidlegare.
• Vi er i stor grad avhengig av innvandring, både flyktningar og
arbeidsinnvandrarar, for å halde oppe folketalet. Dette gjeld særleg distriktskommunar.
• Aukande sentralisering - Flyttemønster og pendlingsmønster går i stor grad frå distriktskommunar til regionsenter og byar.
• Mangel på arbeidskraft vil være eit aukande problem i framtida, særleg i regionane utanom Bergen.
Demografi
//NAV
Oppsummering av hovudtrekk i demografisk utvikling Sogn
• Det er truleg at Sogn vil få om lag uendra befolkning i neste tiårs- periode. Dette skuldast nedgang i innvandringa og svært lågt
fødselsoverskot.
• Sogn får ein aldrande befolkning i neste tiårs-periode. Arbeidsstyrken vil auke i reine tal, og sysselsettingsdelen kan bli redusert.
• Ein aukande del av arbeidsstyrken har høgare utdanning, men nivået er litt lågare en fylkessnittet.
//NAV
Nettoflytting og fødselsoverskot siste 20 år i Sogn
//NAV
Befolkningsframskrivingar frå SSB 2020-2030
Ni alternativ for Sogn
//NAV
Befolkningsendring siste tiår etter aldersgrupper
Perioden 2010-2020 (venstre) samanlikna med framskrivinga 2020-2030 (høgre)
//NAV
Utdanningsnivå, utvikling 2009-2019
Levekår og fattigdom
//NAV
Oppsummering av hovudtrekk: Levekår og fattigdom Sogn
• Sogn har ein fattigdomsdel under fylkessnittet, men den har auka tydeleg dei siste 10 åra.
• Ulikheita (GINI) har auka marginalt frå 2008 til 2018.
• Sogn kjem samla sett best ut av alle regionane på levekårsindeksen.
//NAV
Fattigdom og ulikskap
Sogn samanlikna med landet og fylket
//NAV
Levekårsindeksen for Vestland 2019
//NAV
Levekårsindeksen for Sogn 2019
//NAV
Levekårsindeksen, detaljert, for Sogn 2019
Behov for kompetanse og
arbeidskraft
//NAV
Oppsummering av hovudtrekk: Behov for kompetanse og arbeidskraft Sogn
• Sogn har ein næringsprofil som er tung på industri, bygg og anlegg, offentleg administrasjon og undervisning. Det er relativt sett færre i denne regionen som jobbar innan varehandel og ulike typar tenesteyting.
• Regionen er den minst optimistiske i bedriftsundersøkinga.
• Sogn vil ha stort behov for å erstatte arbeidstakar som går av med pensjon dei næraste åra. Behovet er størst innan helsevesenet, primærnæringane og
industrien.
• Arbeidsmarknaden i Sogn blitt mindre stram det siste året. Det er strammast innafor undervisning, akademiske yrke og helse, pleie og omsorg.
• Dei fleste som bur i Sogn jobbar i regionen, men også ein del i Sunnfjord og Bergen. Det er noko innpendling frå Sunnfjord, Bergen og Voss.
//NAV
Næringsprofil i Sogn samanlikna med næringsprofilen i landet
Tal frå SSB for 2019
//NAV
Bedriftsundersøkinga: Samleindeks
Prosentdifferanse mellom bedriftene som melder positive og negative utsikter
//NAV
Behov for erstatning av arbeidskraft – prosent og tal
Basert på tal frå SSB for 2018 for Sogn
//NAV
Stramheita etter grovyrke, samt dei 20 strammaste enkeltyrka
Sogn
Stramheita etter grovyrke i Sogn 2020 mot 2019 Dei 20 strammaste yrka i Sogn i 2020
//NAV
Nettopendling for kommunane i Vestland
Blå er netto innpendling Raudfarge er netto utpendling
//NAV
Pendlestrømmene inn og ut av regionen
Brukarar av NAV - utvikling
//NAV
Oppsummering av hovudtrekk: Brukarar av NAV – utvikling Sogn
• Sogn har lågare utbetalingar per innbyggjar enn Vestland og landet for alle ytingar.
• Frå 2018 til 2019 har utbetalinga i alt auka når det gjeld uføretrygd og gått ned når det gjeld AAP.
• I Sogn har prosentdel langtidssjuke vore forholdsvis stabil dei siste 5 åra. Uføre har auka og nedsett arbeidsevne har gått ned.
• Dei siste åra har prosentdelen av dei med nedsett arbeidsevne som er AAP- mottakarar gått ned.
//NAV
Utvikling i ytingar frå NAV
Innafor «Arbeidsliv og sjukdom» samt sosialhjelp
//NAV
Utviklinga i brukargrupper. Del av arbeidsstyrke 2015-2020*
* Tal for 2020 er snitt for månadene januar til september
//NAV
Utvikling i brukarar med nedsett arbeidsevne
og nedsett arbeidsevne med rett på AAP
Korleis teknologisk utvikling
treff NAV
//NAV
Kanalbruk i dialogen med NAV 2016-2018
Nasjonal undersøking
//NAV
Digitale ferdigheiter etter aldersgrupper
Nasjonal undersøking 2016
//NAV
Konsekvenser for NAV Vestland av den teknologiske utviklinga
• Med høvesvis fleire eldre med svakare digitale ferdigheiter og lang avstand til NAV-kontoret blir det viktig å vektlegge rettleiing i bruk av digitale
tenester i noko større grad enn gjennomsnittleg.
• Vi må tileigne oss nye digitale løysingar raskt og få brukarane våre til å ta dei i bruk for å rydde rom til brukargrupper som treng tidleg og tett oppfølging.
• Særleg eldre og våre nye landsmenn, er avhengige av «klart språk» i vår dialog med brukarane gjennom alle dei nye digitale kanalane. Også unge brukarar har vanskar med å forstå samanhengen og innhaldet i breva vi skriv.
• Mobilitetsløysinga gir oss fleksibilitet og handlingsrom i møte med brukarar og bedrifter som vi ikkje utnyttar godt nok i dag.
• Behovet for kontor, både i tal og storleik, vil endre seg raskt dei komande åra, ettersom tenestene våre i stadig større grad vert tilgjengeleg på nett og hjelp gis via kontaktsenter og chat.