• No results found

I mange område er det svært lang veg til post i butikk, og mange av dei eldre er avhengige av å få posten levert heim

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "I mange område er det svært lang veg til post i butikk, og mange av dei eldre er avhengige av å få posten levert heim"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Resolusjon nr 4 2018.

Distrikta må sikrast ei tenleg postordning!

Samferdsleministeren har nyleg sendt ut på høyring eit framlegg om å redusere postomberinga til annankvar dag. Det er lett å sjå at dette vil føre til auka utarming av grunnlaget for heile posttenesta, som vil misse endå meir volum, og dermed må redusere endå meir. Vi er klår over at Posten har mista ein stor del av tidlegare volum, men her er endå store deler av landet der både næringslivet og innbyggarane elles er avhengige av at posten kjem fram så raskt som mogeleg.

Det er stor skilnad på å kutte postomberinga i distrikta og i sentrale strok. I dei tettbygde områda vil det vere fleire andre selskap enn Posten som vil vere

interesserte i å yte posttenester. I dei spreiddbygde områda er det særleg omsynet til distribusjon av medisin og papiraviser som krev ombering 5 dagar i veka. I mange område er det svært lang veg til post i butikk, og mange av dei eldre er avhengige av å få posten levert heim. Eit ekstra moment er at desse innsparingane også råkar dei distrikta som endå ikkje har, eller har dårleg internett-tilgang.

Ein bør ikkje akseptere at viktige velferdsgode vert gjorde om til inntektskjelder for statskassen, og deretter kutta ut når inntektene minkar. Det ser også ut til å vere dei same distrikta og dei same menneska som må betale prisen kvar gong.

Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane meiner at menneska i heile landet må ha tilbod som sikrar gode levekår og livskvalitet, anten dei bur tett eller spreidd, anten dei er unge eller eldre.

Vi krev difor at alle område i landet får tenlege postordningar. Dei distrikta som er avhengige av Posten og ikkje har andre alternativ må sikrast postombering 5 dagar i veka.

Sendast til: Samferdsledept., Stortingsbenken, Pensjonistforbundet, NRK, Avisene i fylket.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Det er viktig at dette skjer i kontrollerte former slik at det ikke utdannes flere leger enn det det er behov for, blant annet av hensyn til en stadig trangere LIS1-flaskehals..

Hvis pasienten fortsatt hadde systolisk blod- trykk over 150 og/eller diastolisk blodtrykk over 95 etter åtte uker, møtte han/hun så snart som mulig på egen leges kontor for å få

Fra 1988 til 1993 var det en dobling av insidensraten av premaligne tilfeller, mens innføring av organisert screening fra og med 1995 ikke har gi noen y erligere økning i forhold

De nye studiene bekrefter at utilstrekkelig jodinntak er utbredt blant kvinner i fertil alder, gravide, ammende, spedbarn som fullammes, eldre, veganere og innvandrere..

– E er noen år med observasjoner på samme plassen kan man nærmest på uken forutsi når de ulike artene kommer for å hekke, forteller han.. – Hva er det med fugler som er

I en travel klinisk hverdag kan det være en hjelp med flytdiagrammer, men en forut- setning for å kunne anvende disse er at den enkelte må ha noe innsikt, kunnskap og erfaring.

Hos de fleste av de 50 pasientene som ikke ble operert på grunn av nedsatt lungefunksjon, var dette begrunnet i resultatet av spirome- trimålinger, selv om det er sjelden at

Også i disse studiene har det vært konsistente funn ved at fysisk aktivitet bedrer fysisk og funksjonell psykologisk kapasitet observert ved redusert angst og økt selvtillit