• No results found

Dagens resultatmål er definert som «Vederlag til arbeid og kapital.» Det jobbast altså med eit eit samlebegrep der løn og kapitalgodtgjersle er slått saman

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Dagens resultatmål er definert som «Vederlag til arbeid og kapital.» Det jobbast altså med eit eit samlebegrep der løn og kapitalgodtgjersle er slått saman"

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Sensitivity: Internal

Lokallaga i Agder Bondelag

Ved Jørund Kvaale Hansen, leiar Bygland Bondelag.

Kvålsvegen 5

4745 Bygland 17. desember 2021

TLF: 99452040

Inntektsutvalet Ola Grytten Noreg

Innspel frå lokallaga i Agder Bondelag til Inntektsutvalet.

Bygland Bondelag har drøfta ulike faktorer som vi meiner er viktig å vurdere i arbeidet med å samanlikne bondens løn opp mot lønnsmotakers løn.

Vi ber inntektsutvalet i sitt arbeide gjere vurderinger rundt følgande punkter.

• Skilje vederlag til arbeid og kapital.

Dagens resultatmål er definert som «Vederlag til arbeid og kapital.»

Det jobbast altså med eit eit samlebegrep der løn og kapitalgodtgjersle er slått saman.

Stortinget har fleire gonger uttalt at denne totalkalkylen ikkje er egna til å samanlikne inntektsnivået til bonden opp mot inntekta til lønnsmottakeren.

Det vil difor vere hensiktsmessig at desse to delmåla bli splitta opp, og at det er

«Vederlag til arbeid» som skal som skal brukast når ein samanliknar bondens løn med med løna til arbeidstakarar.»

• Avkastning på eigenkapital.

Ein bør sjå det hensiktsmessig å sette ei avkastning på bondens avsette kapitalinnskot til gardsdrifta. Størrelsen på avkastinga må reflektere fleire forhold, mellom anna

alternativverdi av ei anna plassering av egenkapitalen enn jordbruk, risiko ved å investere i jordbruket, renteutvikling, og låg alternativverdi på f.eks husdyrbygg og næringsbygg.

• Bereikne leige av jord og kvote som utgift.

Bereikning av bondens løn bør kun omfatte den aktive gardbrukar.

Den aktive gardbrukar kan definerast som næringsutøvarar som omfattast av jordbruksavtalen, og som er berettiga produksjonstilskot.

(2)

Sensitivity: Internal

Det gir eit missvisande bilete av bondens inntekt å bereikne inntekter som hamner hos foretak eller personer som ikkje er aktive gardbrukarar.

For å få fram bondens reelle inntekt, bør difor utgifter til jordleige og mjølkekvoteleige reiknast som utgifter.

• Jamnstille bereikna timetal i eit årsverk.

Eit årsverk for ein vanleg arbeidstakar er 1695-1750 timar.

For jordbruket er timetalet 1845 timar, altså ein differanse på 95-150 timar.

Dette utgjer over 5% forskjell mellom gardbrukar og lønnsmottakar.

Når bondens løn skal jamnstillast med lønnsmottaker, bør også arbeidstimar samsvare.

Lik lønn for ulik arbeidsmengde er ikkje jamnstilling.

Me oppfatter at argumentet for noverande differanse er at bonden bur på arbeidsplassen, og ikkje har pendlarveg.

Det er ingen praksis blandt lønnsmottakarar å diferrensiere antal arbeidstimar ved heimekontor eller kort pendlarveg. Det er ingen lønnsmottakarar med heimekontor som blir pålagt å jobbe to-tre veker i ferien utan løn, for å kompensere for færre timar i bil til og frå jobb.

Ein må ikkje gløyme at dagens bonde også driv jord over større områder og har større avstander å forflytte seg enn tidlegare. Ved til dømes beitetilsyn, vedlikehald av gjerder osb, blir det mykje transport før bonden faktisk kan sette i gong arbeidet.

Det er heller ikkje hensiktsmessig i eit miljøperspektiv med eit insentiv som gir ulemper for næringsuttøvere som har innretta seg med kortere transportavstander til og frå jobb.

For å best kunne måle bondens arbeidsinntekt opp mot lønnstakars arbeidsinntekt, bør utvalet difor vurdere om det vil vere hensiktsmessig at denne inntekta også bereiknast utifrå likt antal arbeidstimar.

• Gardbrukaren er sjølvstendig næringsdrivande og er avhengig av eiga pensjonssparing.

For lønnsmottakarar er OTP pr i dag på 2% obligatorisk. Når gardbrukaren skal samanliknast med andre grupper, oppmodast utvalet å vurdere om det bør trekkast minst tilsvarande OTP-trekk frå gardbrukarens inntektsgrunnlag.

• Ein stor del av utgiftene i jordbruket er i dag renteutgifter. Store delar av jordbruket er regulert, og kan ikkje ta ut gevinsten frå plussida i dette reknestykket. Dette vert i dag berekna som realrente = nominelle rentekostnader minus effekt av finansiering, der effekt av finansiering = lånt kapital * prosentvis auke i konsumprisindeksen/100.

Reknemodellen er komplisert og truleg utdatert ift. Dagens kapitalkrevande driftsformer.

Vi oppmodar utvalet om å sjå på andre reknemodellar som i større grad følger reell prisutvikling i landbruket, og soleis fangar betre opp dei venta endringane mellom nominell rente og prisstigning innanfor komande budsjettår. Alternativt nyttast nominell rente i inneverande år som kalkulasjonsrente, (utan fråtrekk for effekt av finansiering).

(3)

Sensitivity: Internal

• Bondelaget ber om at det vert sett på inntektsgevinsten av jordbruksfrådraget samanlikna med lønnsmottakarar sitt minstefrådrag. For å samanlikne med lønnsmottkarar er det mest naturleg å halde effekt av jordbruksfrådrag utanom resultatmålet, slik som effekten av minstefrådrag er utanom lønnsinntekten til lønnsmottakar.

Med Helsing Arendal Bondelag Audnedal Bondelag Birkenes Bondelag Bygland Bondelag

Evje og Hornnes Bondelag Flekkefjord Bondelag Froland Bondelag Gjerstad og Søndeled Grimstad Bondelag

Holt og Vegårshei Bondelag Hægebostad Bondelag Iveland Bondelag Kristiansand Bondelag Kvinesdal Bondelag Lillesand Bondelag Lindesnes Bondelag Lista og Lyngdal Bondelag Mandal Bondelag

Marnadal Bondelag Sirdal Bondelag Søgne Bondelag Songdalen Bondelag Valle Bondelag Vennesla Bondelag Åmli Bondelag Åseral Bondelag

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Norges Bondelag: Garden skal være en sikker arbeidsplass og et trygt sted å bo. • Bonde/yrkesaktiv - bli pensjonist med helsa

Prosjektleder vil takke for samarbeidet med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Innovasjon Norge, Møre og Romsdal Bondelag, Nortura SA, Felleskjøpet Nordmøre og Romsdal,

formes etter samråd med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag eller med de organisasjoner innen jordbruket som de to lag peker ut, Det som her

Både Aust-Agder Bondelag og Hedmark Bondelag hadde en vekst i medlemstallet på over 9 % i perioden, og Hedmark hadde også størst vekst i antall medlemmer (320).. I desember

For hans innsats både på det lokale plan og på landsplanet, og i Myrsel- skapet, er han kåret som æresmedlem både av Asker Landbruks- forening, Asker og Bærum

Norges Bondelag sitt arbeidshefte presenteres både hovedlinjene for organisasjonens synspunkt i forhold til de forestående forhandlingene og i forhold til den

De formelle strukturene må være på plass slik at de nye gruppene ikke hindres, eller en kan sette mål på å kvotere inn grupper en ønsker skal delta.. Dette er ofte det

--forhøyelse av bev. -departementenes uttalelser om de av spare- og forenklingskommisjonen av 1932 framsatte forslag, st. Forslag fra Norges Bondelag om nedsettelse av