• No results found

På skolen - kjedelig som vanlig! : en kvantitativ studie med vekt på pedagogisk omsorg, keisemd og meistring i samfunnsfag

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "På skolen - kjedelig som vanlig! : en kvantitativ studie med vekt på pedagogisk omsorg, keisemd og meistring i samfunnsfag"

Copied!
4
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)
(2)

Samandrag av masteroppgåva

– På skolen – kjedelig som vanlig!

Ein kvantitativ studie med vekt på pedagogisk omsorg, keisemd og meistring i samfunnsfag.

Bakgrunn og formål

Sjølv om det frå politisk hald satsast som aldri før, fullfører ikkje meir enn kvar tredje ungdom vidaregåande skule. Mange unge gje uttrykk for at skulen er kjedeleg. Kva kan så ligge bak denne utsegna? Som lærar, og då særleg gjennom private arbeidssamtaler, har eg fått eit innblikk i kva tyding emosjonar kan ha for læring og utvikling. I denne oppgåva har eg vore oppteken av å sjå etter tilhøve som kan henge saman med trivsel og motivasjon for skulearbeidet.

Problemstilling

I kva grad er det samanheng mellom korleis gutar og jenter på 9. trinn opplever pedagogisk omsorg frå samfunnsfaglæraren, det dei opplever av keisemd både ved for lite krevjande og for krevjande situasjonar i faget, det elevane ventar å meistre i samfunnsfag, karakterar dei får og interessa for vidare fordjuping i faget?

Metode

Gjennom arbeidssamtalene over år har eg fått ei viss forståing av temaet, og i

forskingsprosjektet mitt har eg heller ynskt å utvikle og prøve ut eit instrument for om mogeleg å kartlegge pedagogisk omsorg i ei større elevgruppe, og få eit meir heilskapleg bilde. Det har også vore interessant for meg å sjå om eit amerikansk spørjeskjema kring keisemd kunne tilpassast norske elevar. Slik problemstillinga lyder har det vore formålstenleg med ei survey-undersøking med spørjeskjema.

(3)

Analyser av data

For å svare på problemstillinga har eg i SPSS 18 gjort meg nytte av både deskriptive og analytiske metodar. Eg har samanfatta eigenskapar ved einskildvariablane og sett etter statistisk samanheng mellom variablane, samt undersøkt forskjellar mellom variabelskårar.

Faktoranalyse, bivariat korrelasjonsanalyse, t-testar og multippel regresjonsanalyse utgjer dei analytiske metodane.

Resultat

Resultata viser at for krevjande situasjonar oppfattast som meir kjedelege enn for lite krevjande situasjonar. Det er ingen signifikant forskjell mellom gutar og jenter si oppleving av keisemd; verken når situasjonen er for lite krevjande, eller når han er for krevjande. Heller ikkje i høvet til oppleving av pedagogisk omsorg er det nokon signifikant kjønnsforskjell.

Resultata tyder elles på at det er ein systematisk samanhang mellom opplevd pedagogisk omsorg og opplevd keisemd i både for lette og for krevjande situasjonar. Ein kan også merke seg ein forholdsvis sterk korrelasjon mellom keisemd opplevd i båe situasjonane. Når det gjeld forventning om meistring i samfunnsfag, er det ein tendens i retning av at jenter har lågare forventning enn gutar. Om grad av samanheng mellom forventning om meistring og pedagogisk omsorg, viser resultata at ved aukande opplevd pedagogisk omsorg stig også forventninga om meistring, og omvendt. Analysen tyder på at det er ubetydelege

kjønnsforskjellar når det gjeld karakterar i faget, og gjennomsnittskarakterane må seiast å vere høge. Gutar ynskjer i større grad enn jenter å velje fordjuping i samfunnsfag på vidaregåande skule. Resultatet av regresjonsanalysen viser at høgare opplevd pedagogisk omsorg og høgare forventning om meistring uavhengig av kvarandre forklarar lågare opplevd keisemd.

Karakterar i faget predikerer ikkje variasjon i opplevd keisemd når det er kontrollera for dei fyrstnemnde variablane. Resultata av forskingsarbeidet gje støtte til både til teori og empiri, samt eigne erfaringar.

(4)

Forord

Eit tema eg brenn for har resultera i ei masteroppgåve. I arbeidet med oppgåva har eg fått eiga erfaring med rolla emosjonar spelar i undervisninga. På førehand rådde både forventningsfull glede over tema og plan, men også snev av håpløyse ved tanken på manglande kontroll. Ved tileigninga av kunnskap innan teori og empiri på området, samt i arbeidet med eiga forsking, har eg undervegs kjent på fornøyelse, men også keisemd. I etterkant er eg glad, stolt og ikkje så lite takksam.

Takka vere velvillige rektorar, rådgjevarar, lærarar og ikkje minst elevar har eg kunna gjennomført forskingsprosjektet mitt etter ynskt metode.

Takk til rettleiar professor Ivar Bråten, Pedagogisk forskingsinstitutt ved Universitetet i Oslo, som har møtt meg med engasjement og passe stor motstand.

Takk også til medstudent Betty Kro for utvekslingar som har vore (og er) både til glede og nytte; det vere seg på Høgskolen i Østfold, over telefon, eller i bøkeskogen på Rød

Hovedgård.

Nittedal 24.10.11.

Torunn Svalastog Helsing

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

En dame som ikke har snakket om sin avdøde ektefelle på mange år, men som tydelig nikker og smiler når personalet kommer inn på at hun har vært turner og ivrig sanitetskvinne,

De er ikke like lett å merke, som fysiske stressore, fordi det ikke trenger være noe galt i pasientromrnet eller med pasienten.. Men det kan være et bekymret blikk, et sukk,

Kan det vere individuelle faktorar, støtte og oppfølging frå nære pårørande, det sosiale nettverket, hjelpeapparatet eller andre årsaker?. Føremålet

På denne måten vil små barn få oppleve seg sjølv som kompetente og likeverdige menneske med evna til å meistre (Haugen, Løkken og Røthle 2012,s.41) Vi kan sjå at Grete legg

Hvordan lærere møter disse elevene vil kunne avhenge av deres kunnskap om psykisk helse, deres opplevelse av ansvar for elever med psykiske helseutfordringer samt om

Molander og Terum (2008) påpeker også at felles for de ulike type tjeneste er at det er vanskelig å måle produktiviteten og kontrollere arbeidsprosessen. Måling av arbeidet

Resultatet av forskingsspørsmål 3, som viser til grad av samanheng mellom keisemd og opplevd pedagogisk omsorg, avdekker ein tendens til at di meir krevjande ein situasjon

Ser vi desse resultata i samanheng med at det er omsorg og leik flest pedagogiske leiarar og as- sistentar svarar at dei i stor grad legg vekt på (fi- gur 2, s. 12), kan ein spørje