FAKULTET FOR UTDANNINGSVITSKAP OG HUMANIORA
MASTEROPPGÅVE
Studieprogram:
MUTMAS
Master i utdanningsvitskap - spesialpedagogikk
Vårsemesteret, 2018
Open
Forfattar: Kjersti Helle Furset ………
(signatur forfattar)
Veileder: Klara Øverland, Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Tittel på masteroppgåva: Ivaretaking av elevar med psykisk sjuke foreldre - Korleis arbeider ulike yrkesgrupper i skulen for å fylgje opp og legge til rette for desse elevane?
Engelsk tittel: Caring for pupils with parents who have mental health problems - How do different professions in school work to follow up and facilitate these pupils?
Emneord:
Elevar med psykisk sjuke foreldre Konsekvensar for elevane
Oppfylging og tilrettelegging i skulen Ulike yrkesgrupper si meistring i arbeidet
Ordantal: 39 917 + vedlegg/anna: 6 vedlegg Stavanger, 12.juni 2018 dato/år
Du vet når du sitter inne
om vinteren og en solstråle utenfra
Plutselig og overraskende treffer kinnet ditt gjennom glasset og gjør deg varm
et øyeblikk?
Blikket ditt var den solstrålen Da du så
meg Den Dagen
Anne Kristine Bergem
FORORD
Stavanger, juni 2018
Etter ein interessant, lærerik, utfordrande, og til tider overveldande og frustrerande periode kan eg endeleg seie meg ferdig med masteroppgåva mi. Då eg bestemte meg for tema for masteroppgåva valde eg eit tema eg kunne relativt lite om, men som eg var interessert i, og som eg gjerne ynskte å lære meir om. Etter kvart som eg har jobba med denne oppgåva, og har fått meir kunnskap om emnet, kjenner eg at hjartet mitt stadig bankar sterkare for denne elevgruppa.
Eg har lært mykje om verdien av at desse elevane blir sett, lagt til rette for, og anerkjent, for at dei kan få ein best mogleg skulekvardag med så gode føresetnader for læring og meistring som mogleg.
Gjennom arbeidet med denne oppgåva har eg hatt mange gode støttespelarar. Først og fremst må eg takke dei flinke og engasjerte informantane mine for at dei ynskte å stille opp og dele av sine erfaringar og kunnskap. Samtalane med informantane har verkeleg vore spanande og lærerike, og utan desse sju flinke yrkesutøvarane hadde det ikkje vore mogleg for meg å fullføre oppgåva.
Vidare må eg takke rettleiaren min, Klara Øverland ved Læringsmiljøsenteret, for konstruktive tilbakemeldingar, tips og råd. Ikkje minst må eg takke for oppmuntrande ord. Det har vore til stor hjelp for ein stressa student.
Takk til flotte medstudentar og gode venninner, for gode samtalar, råd og tips, og for oppmuntring undervegs. Og sist, men ikkje minst må eg takke familien min for støtte, for oppmuntrande ord og for at dei alltid har trua på meg.
Kjersti Helle Furset
SAMANDRAG
Tema for denne studien er skulen sine erfaringar i møte med elevar som har psykisk sjuke foreldre. I studien har eg forsøkt å belyse fylgjande problemstilling:
Korleis arbeider ulike yrkesgrupper i skulen for å fylgje opp og legge til rette for elevar som har psykisk sjuke foreldre?
For å svare på problemstillinga har eg undersøkt kva erfaringar dei ulike yrkesgruppene har frå arbeid med elevar som har psykisk sjuke foreldre, kva tiltak dei har gode erfaringar med og kva erfaringar dei har i forhold til eiga meistring i dette arbeidet.
For å belyse problemstillinga har eg gjennomført semi-strukturerte intervju med sju yrkesutøvarar med ulik yrkesbakgrunn som alle hadde erfaring frå arbeid med elevar som har psykisk sjuke foreldre.
Resultata frå studien viste at dette er ei sårbar elevgruppe, trass i at ein del av desse elevane ser ut til å klare seg bra på skulen. Det verka som at den enkelte yrkesutøvar er engasjert, og har eit ynskje om å ivareta desse elevane best mogleg. Samstundes ser det ut til at systemarbeidet kring desse elevane ikkje alltid fungerer. Fleire av yrkesutøvarane opplever arbeidet med desse elevane utfordrande, då dei manglar relevant formell kompetanse. Verdien av at desse elevane blir sett og anerkjent vart særskilt understreka av informantane i studien. For at desse elevane skal bli best mogleg ivaretatt i skulen verkar det også til å vere av avgjerande verdi at det tverrfaglege samarbeidet fungerer. Helsesøster kan truleg spele ei nøkkelrolle i arbeidet med desse elevane.
Innhald
1.0 INNLEIING ... 1
1.1 Bakgrunn for val av tema ... 1
1.2 Føremålet med studien, problemstilling og forskingsspørsmål ... 2
1.3 Omgrepsavklaring ... 3
1.4 Tidlegare forsking ... 3
2.0 TEORI ... 4
2.1 Psykiske vanskar og lidingar ... 5
2.1.1 Definisjon av omgrepa psykisk helse og psykiske vanskar og lidingar ... 5
2.1.2 Ulike typar psykiske vanskar og lidingar ... 5
2.2 Barn med psykisk sjuke foreldre ... 8
2.2.1 Førekomst ... 8
2.2.2 Korleis påverkast desse barna? ... 9
2.2.3 Reaksjonar hjå barna ... 17
2.2.4 Konsekvensar for barna ... 18
2.2.5 Resiliens: Meistrings- og beskyttelsesfaktorar ... 21
2.3 Oppfylging og tilrettelegging for elevar med psykisk sjuke foreldre ... 23
2.3.1. Skulen sitt mandat ... 23
2.3.2 Elevar som har psykisk sjuke foreldre ... 24
2.3.3 Resiliens i skulen: Meistrings- og beskyttelsesfaktorar ... 24
2.3.4 Oppfylging på systemnivå ... 25
2.3.5 Relasjonskompetanse og handlingskompetanse ... 29
2.3.6 Klasseleiing ... 30
2.3.7 Tilpassa opplæring ... 32
2.3.8 Verktøy og program til bruk i skulen ... 32
2.4 Ulike yrkesgrupper si meistring i arbeidet ... 33
2.4.1 Stress og meistring ... 34
3.0 METODE ... 36
3.1 Metodisk tilnærming ... 36
3.2 Fenomenologi ... 37
3.3 Intervju som metode ... 38
3.4 Utval ... 39
3.5 Gjennomføring av intervju ... 41
3.5.1 Semi-strukturert intervju ... 42
3.5.2 Intervjuguide ... 42
3.5.3 Innsamling av data ... 43
3.6 Analyse og omarbeiding av data ... 44
3.7 Validitet og reliabilitet ... 46
3.8 Forskingsmetodiske styrkar og svakheiter ... 48
3.9 Forskingsetiske utfordringar og vurderingar ... 48
4.0 RESULTAT ... 49
4.1 Om dei ulike yrkesgruppene sine erfaringar i møte med elevar som har psykisk sjuke foreldre ... 50
4.1.1 Omfang ... 50
4.1.2 Informasjon ... 51
4.1.3 Konsekvensar for elevar som har psykisk sjuke foreldre ... 53
4.1.4 Kva behov for oppfylging og tilrettelegging har elevar som har psykisk sjuke foreldre? ... 59
4.2 Om metodar og tiltak som nyttast for desse elevane ... 62
4.2.1 Oppfylging ... 62
4.2.2 Tiltak ... 63
4.2.3 Skule – heim – samarbeidet ... 66
4.2.4 Tverrfagleg samarbeid ... 66
4.3. Om dei ulike yrkesgruppene sine erfaringar knytt til eiga meistring i arbeidet med elevar som har psykisk sjuke foreldre ... 70
4.3.1 Meistring ... 70
4.3.2 Støtte ... 71
4.3.3 Yrkesutøvarane sine ressursar i arbeidet ... 72
4.3.4 Yrkesutøvarane sine utfordringar i arbeidet... 73
5.0 DRØFTING ... 75
5.1 Dei ulike yrkesgruppene sine erfaringar i møte med elevar som har psykisk sjuke foreldre ... 75
5.2 Metodar og tiltak som nyttast for desse elevane ... 81
5.3 Dei ulike yrkesgruppene sine erfaringar knytt til eiga meistring i arbeidet med elevar som har psykisk sjuke foreldre ... 88
6.0 KONKLUSJON ... 91
7.0 FORSLAG TIL VIDARE FORSKING ... 94
8.0 LITTERATURLISTE ... 95
9.0 VEDLEGG ... 102
Vedlegg 1 – Kvittering frå NSD ... 102
Vedlegg 2 – Informasjonsskriv ... 105
Vedlegg 3 – Samtykkjeerklæring ... 107
Vedlegg 4 – Samtykkjeerklæring 2 ... 108
Vedlegg 5 – Intervjuguide ... 109
Vedlegg 6 – Oversikt over kategoriar ... 111
1
1.0 INNLEIING
1.1 Bakgrunn for val av tema
Det har blitt meir fokus på psykisk helse og psykisk sjukdom dei seinare åra, og stadig fleire står fram og fortel sine historier, og kjempar for meir openheit om psykiske vanskar. Det er ingen tvil om at dette har gjort at søkjelyset i større grad har blitt retta mot den gruppa i befolkninga som har slike vanskar. Sjølv om det har skjedd ei utvikling på dette området, har det derimot vore langt mindre fokus på barn med psykisk sjuke foreldre i skulesamanheng, og korleis desse barna blir ivaretatt. I løpet av tida som student har dette blitt ei gruppe eg har fått stor interesse for, og som eg har ynskt å lære meir om.
I fylgje ein rapport frå Folkehelseinstituttet var det i 2011 heile 410 000 barn som hadde ein eller to foreldre med psykiske vanskar, noko som svarar til om lag 37, 3 % av alle barn. Ein kan dermed slå fast at det totalt sett er veldig mange barn som veks opp med foreldre som har psykiske vanskar. Alvorsgrada på vanskane vil sjølvsagt variere, og langt i frå alle desse barna har foreldre som har vanskar i så sterk grad at det påverkar barna og deira liv (Torvik &
Rognmo, 2011, s.26). Men i nokre tilfelle kan vanskane vere av ein slik art at det påverkar barna, og korleis dei fungerer i kvardagen. Det gjer at desse elevane kan bli ein del av ei sårbar elevgruppe i skulen. Barn som veks opp med psykisk sjuke foreldre er blant anna i risikosona for å sjølve utvikle psykiske lidingar eller andre vanskar (Torvik & Rognmo, 2011, s.40), noko som viser at dette er ei sårbar barnegruppe som kan få alvorlege vanskar seinare i livet.
I «Prinsipp for opplæringa» tilknytt Læreplanen for Kunnskapsløftet vert det slått fast at alle barn som kjem til skulen skal lære nye ting, utvikle seg, vere nysgjerrige og utforske ting dei interesserer seg for. Dei skal utvikle venskap, samarbeide med andre, føle at dei bidreg til fellesskapet og oppleve meistring (Utdanningsdirektoratet, 2015b). Men for nokre av dei barna som har psykisk sjuke foreldre kan dette vere vanskeleg. Vanskane dei opplever på heimebane kan nok i mange tilfelle også bidra til å påverke korleis desse barna fungerer i skulekvardagen.
Vanskane vil nok ha mange moglege uttrykk, og variere frå elev til elev. Kanskje kan nokre få vanskar med å skape gode relasjonar til medelevar og lærarar? Andre kan kanskje ha utfordringar med sjølve skulesituasjonen? Ein del av desse barna vil truleg kunne vere lite mottakelege for læring? Kanskje er kvardagen deira uføreseieleg og prega av lite struktur, og kanskje har dei bekymringar og vonde tankar som tek fokuset bort frå læring? Om dette er
2
tilfelle, vil det for desse barna kunne vere vanskeleg å fokusere på bokstavar, tiarvener og å fylgje dei fastsette klassereglane. For at desse elevane skal ha ei god oppleving av skulekvardagen, og oppleve meistring og fagleg og sosial utvikling, er dei avhengige av å møte engasjerte yrkesutøvarar i skulen som ser dei. Dei er avhengige av å møte yrkesutøvarar som tek utgangspunkt i elevane sine individuelle føresetnader, samstundes som at dei støttar elevane til deltaking i fellesskapet.
Men desse elevane sine utfordringar kan kanskje gjere det utfordrande for dei som arbeider i skulen å klare å leggje til rette, og fylgje opp elevane på ein slik måte at dei blir mottakelege for læring og kan fungere best mogleg i skulekvardagen? Nokre av dei spørsmåla eg sit med handlar om kor godt rusta yrkesutøvarane i skulen eigentleg er til å fylgje opp desse elevane?
Kva veit dei om kva konsekvensar det kan få for elevane å vekse opp med psykisk sjuke foreldre? Og korleis arbeider ulike yrkesgrupper for å fylgje opp og legge til rette for desse elevane?
1.2 Føremålet med studien, problemstilling og forskingsspørsmål
I denne studien ynskjer eg å sjå nærmare på korleis ulike yrkesgrupper i skulen arbeider for å fylgje opp og leggje til rette for elevar som har psykisk sjuke foreldre. Føremålet med denne studien er å rette søkjelyset mot ei sårbar elevgruppe som det tidlegare ikkje har vore retta så mykje fokus mot. Eg håpar at eg ved å rette søkjelyset mot denne elevgruppa kan bidra til å auke forståinga for denne sårbare gruppa med elevar.
Det overordna tema for oppgåva er «Skulen sine erfaringar i møte med elevar som har psykisk sjuke foreldre». Med utgangspunkt i dette temaet har eg valt fylgjande problemstilling:
Korleis arbeider ulike yrkesgrupper i skulen for å fylgje opp og legge til rette for elevar som har psykisk sjuke foreldre?
Eg vil forsøke å svare på denne problemstillinga ved å stille fylgjande forskingsspørsmål:
1) Kva erfaringar har dei ulike yrkesgruppene i skulen frå arbeid med elevar som har psykisk sjuke foreldre?
2) Kva tiltak har dei ulike yrkesgruppene i skulen gode erfaringar med?
3) Kva erfaringar har dei ulike yrkesgruppene i skulen i forhold til eiga meistring i arbeidet med elevar som har psykisk sjuke foreldre?
3
1.3 Omgrepsavklaring
I problemstillinga og i forskingsspørsmåla nyttar eg omgrepet psykisk sjuke foreldre. Omgrepet psykisk sjuk vil eg nytte som eit samleomgrep på ulike typar og ulike grader av psykiske vanskar. Dette er eit vidt omgrep, og bruken av omgrepet har vore omdiskutert. Det vert stilt spørsmål ved om ein i stor nok grad klarar å skilje mellom individet og den tilstanden psykisk sjukdom er, når ein nyttar dette omgrepet, eller om ein tenkjer at tilstanden er ein del av identiteten til individet (Aamodt & Aamodt, 2005, s. 16). Eg har derimot ikkje funne eit omgrep som er betre eller like dekkande. Difor vel eg å nytte dette omgrepet i oppgåva mi, men eg vil gjennom heile oppgåva tydeleggjere at psykisk sjuk er ein tilstand eit individ kan oppleve å vere i, individet er derimot ikkje tilstanden.
I fylgje Folkehelseinstituttet er det vanleg å skilje mellom psykiske vanskar og psykiske lidingar. Når ein nyttar dette skiljet ser ein på psykiske vanskar som ei lettare og mindre belastande form for psykisk sjukdom enn psykiske lidingar (Folkehelseinstituttet, 2011). Når dei ulike yrkesgruppene i skulen møter barn som har psykisk sjuke foreldre, og som kan ha vanskar og utfordringar på grunn av dette, kan dei ikkje skilje mellom vanskar og lidingar. Dei må ta omsyn til den enkelte elev, dei behova den enkelte elev har, og dei reaksjonane eleven viser, heilt uavhengig av kva type vanskar foreldra har, og alvorsgrada på desse vanskane. For å forenkle vil eg difor nytte omgrepa psykisk sjukdom, psykisk sjuk, psykiske vanskar og psykiske lidingar som samleomgrep, og alle omgrepa vil bli brukt om kvarandre.
Når eg skal vise til dei elevane som er i fokus i prosjektet har eg valt å nytte omgrepa barn/elevar med psykisk sjuke foreldre og barn/elevar som har foreldre med psykiske vanskar.
Også omgrepet Barn som pårørande ved psykisk sjukdom vil bli nytta. Desse omgrepa vil bli brukt om kvarandre. Også dette er vide omgrep, og det er viktig å vere merksam på at omgrepa her vert nytta for å forenkle. Barn med psykisk sjuke foreldre er ikkje ei homogen gruppe. Det er ei mangfaldig gruppe med individ som skil seg frå kvarandre på ei rekkje områder. Dei har derimot til felles at dei har foreldre med psykiske vanskar. Difor vel eg å nytte desse to omgrepa som samleomgrep på denne gruppa av elevar.
1.4 Tidlegare forsking
Barn med psykisk sjuke foreldre var lenge ei gløymd gruppe, men i den seinare tid har det skjedd ei utvikling på dette området, i fylgje Raundalen og Schultz (2006, s.27). Sjølv om ein i større grad har retta søkjelyset mot barn som har foreldre med psykiske vanskar i seinare tid,
4
har det ikkje vore retta særleg mykje fokus på desse barna i skulekonteksten. Nokre studiar har derimot sett nærmare på dette. Ei av studiane er multisenterstudien Barn som pårørende som var gjennomført av Akershus universitetssjukehus HF i samarbeid med fleire andre sjukehus, senter og organisasjonar. Føremålet med denne studien var å gi ny kunnskap om barn som har foreldre som er pasientar i spesialisthelsetenesta og deira situasjon. I prosjektet hadde ein blant anna fokus på desse barna sine subjektive beskrivingar av eigen situasjon, og deira eigne erfaringar. I tillegg såg ein nærmare på korleis foreldra opplevde situasjonen for seg og sine barn. Resultata av studien viste at barn og unge med psykisk sjuke foreldre skåra si psykiske helse relativt likt andre barn og unge (Ruud et.al, 2015, s. 9). Men funn frå studien viste også at barn og unge med psykisk sjuke foreldre beskreiv at dei hadde lågare livskvalitet enn det barn og unge i befolkninga elles gjorde. Det viste seg derimot at foreldra hadde ei oppfatning av at barna sin livskvalitet var betre enn det barna sjølve rapporterte (Ruud et.al, 2015, s.9).
Funna i studien viste også at i dei tilfella der foreldre slit med sjukdom, fekk skulen oftast informasjon frå foreldra, eller frå barna sjølve. Lærarane rapporterte at den største utfordringa for elevar med sjuke foreldre var at dei verka slitne og bekymra (Ruud et.al, 2015, s.91-92).
I den svenske studien «Barn och unga som utövar omsorg», som byggjer på intervju med fire ungdommar som har utøvd omsorg overfor foreldre eller søsken, ser ein også på korleis dette påverkar deira skulegang. I denne studien kjem det fram at fleire av ungdommane har halde seg heime frå skulen fordi dei følte at dei måtte ta hand om sine foreldre. I tillegg hadde fleire av ungdommane heldt seg heime fordi dei ikkje orka å gå til skulen. Samstundes verka skulen til å vere eit friområde for fleire av ungdommane, eit område der dei kunne fokusere på noko anna enn det som føregjekk på heimebane (Nordenfors & Melander, 2016, s.36-37).
2.0 TEORI
I dette kapittelet presenterer eg teori som er relevant for temaet. Eg vil starte med å definere omgrepa psykisk helse, psykiske vanskar og psykiske lidingar. Vidare vil eg gje ei kort oversikt over ulike typar psykiske vanskar. I den neste delen av kapittelet vil eg rette fokus mot barn med psykisk sjuke foreldre. Eg vil sjå nærmare på statistikk over tal barn som har psykisk sjuke foreldre, korleis desse barna blir påverka og kva konsekvensar det å vekse opp med psykisk sjuke foreldre kan ha for desse barna. Deretter vil eg rette fokus mot korleis ein bør arbeide med oppfylging og tilrettelegging for desse barna i skulen. I siste del av kapittelet vil eg presentere teori som kan knytast til yrkesgruppene si meistring i arbeidet.
5
2.1 Psykiske vanskar og lidingar
2.1.1 Definisjon av omgrepa psykisk helse og psykiske vanskar og lidingar
I fylgje definisjonen til Verdens Helseorganisasjon viser omgrepet psykisk helse til ein tilstand der ein opplever at ein har det bra. Ein opplever at ein kan verkeleggjere sitt eige potensial og meistre stress og vanlege belastningar i kvardagen. I tillegg er ein motivert for arbeid, og ein føler at ein klarar å delta og bidra i samfunnet (World Health Organization, 2014). Omgrepet psykisk helse nyttast vanlegvis som eit samleomgrep, og kan delast inn i fylgjande tre underomgrep: psykisk velvære, psykiske plagar og psykiske lidingar (Berg, 2012, s.24). I denne oppgåva vil fokuset vere retta mot dei to sistnemnde.
Vår psykiske helse er ikkje statisk, den vil stadig vere i forandring, og den påverkast av ei rekkje ulike faktorar. Det er heller ikkje skarpe skilje mellom dei ulike psykiske tilstandane, overgangen mellom «sjuk» og «frisk» kan vere glidande. Mange vil i løpet av livet vere i gjennom periodar der dei av ulike årsaker har det vanskeleg, og dette vil påverke deira psykiske helse (Berg, 2012, s. 24). Mange menneske kan oppleve korte eller lengre periodar i livet der dei har psykiske vanskar eller lidingar. Sidan omgrepet psykisk sjukdom er så vidt, kan det vere vanskeleg å få tak på kva som ligg i det. Skiljet mellom psykiske vanskar og psykiske lidingar kan gjere dei mange dimensjonane i omgrepet psykisk sjukdom tydelegare. Difor vel eg likevel å ta ein kort gjennomgang på skilnaden mellom psykiske vanskar og psykiske lidingar.
I fylgje Folkehelseinstituttet viser omgrepet psykiske lidingar til tilstandar som opplevast som så belastande for mennesket at gitte diagnostiske kriterier er tilfredsstilt. Omgrepet psykiske vanskar viser også til tilstandar som opplevast som belastande for mennesket, men som regel i langt mindre grad enn ved psykiske lidingar. Ved psykiske vanskar er ikkje symptoma så alvorlege at det kan stillast diagnosar. Både psykiske vanskar og psykiske lidingar kan påverke korleis ein fungerer i kvardagen, og kan ofte bidra til redusert livskvalitet. Men ofte vil psykiske lidingar påverke ein person si åtferd, tankar og følelsar i større grad enn psykiske vanskar vil (Folkehelseinstituttet, 2015, s.2).
2.1.2 Ulike typar psykiske vanskar og lidingar
Ulike psykiske lidingar vil påverke mennesket sitt funksjonsnivå (Kvello, 2015, s.198). Korleis, og i kva grad vil avhenge av type vanske og alvorsgrada på vanskane. Det er viktig å understreke at det finst mange ulike psykiske vanskar, og det finst mange ulike grader av slike vanskar. I denne oppgåva kan ikkje alle dekkast, men eg vil rette fokus på dei typane av psykiske vanskar
6
med høgast førekomst. Eg vil her gi ei kort oversikt over nokre av dei vanlegaste psykiske sjukdomane. Eg vil også kort seie noko om korleis dei ulike psykiske vanskane vil kunne påverke barna. I kapittel 2.2.4, «konsekvensar for barna» vil eg ta ein meir grundig gjennomgang av kva konsekvensar det å vekse opp med psykisk sjuke foreldre kan ha for barn, og for deira skulekvardag, uavhengig av kva psykiske vanskar eller lidingar foreldra har.
Angst er ei samlenemning for ulike tilstandar der eit menneske opplever frykt, utan at det tilsynelatande er noko grunn til det, og viser seg ofte ved ein kombinasjon av psykiske og somatiske symptom (Snoek & Engedal, 2017, s.108). Angst kan vere spesifikk, eller den kan vere meir generell og altomfattande (Rosenvinge, 2011a, s. 217-219).
Konsekvensar for barnet: Personar med angstlidingar kan ha ein tendens til å forvente at negative ting vil skje, eller at situasjonar vil ha negative utfall. Desse førestillingane kan foreldre uttrykkje overfor barnet (Moore, Whaley, Sigman, 2004, s. 475). Forelderen kan på den måten overføre eigne førestillingar og tankar til sitt barn. Studiar har vist at angstsymptom hjå foreldre kan henge tett saman med angstsymptom hjå barna (Burstein, Ginsburg & Tein, 2010, s. 904). Det vil seie at mange av dei barna som veks opp med foreldre med angst står i fare for å sjølve utvikle angst. Skulekvardagen kan bli meir utfordrande for dei barna som i stor grad er redde, engstelege, og eventuelt har andre symptom på angst.
Depresjon er ei stemningsliding som viser seg ved endringar i humør og stemning. Symptom vi variere ved alvorsgrad, men vanlege symptom på depresjon er redusert sjølvfølelse og sjølvtillit, pessimisme, tungsinn, irritabilitet og tap av glede og interesser (Snoek & Engedal, 2017, s. 96-97). Ein kan seie at ein depresjon «forandrar» fargane i tilværet til dei med denne lidinga. Tilværet kan følast grått og håplaust. Dei som er deprimerte grublar ofte mykje, og går langt i å bebreide seg sjølv, og dei får ofte skyldfølelse for hendingar dei ikkje kan klandrast for (Rosenvinge, 2011b, s. 227).
Konsekvensar for barnet: Personar som slit med depresjon kan ha vanskar med å vere kjenslemessig til stades for sine barn. Samspelet mellom forelder og barn kan dermed bli lite føreseieleg for barnet. Det fører til at barnet gjerne bruker mykje energi på å få kontakt med sin forelder, og nyttar gjerne mindre hensiktsmessige strategiar for dette. Dette kan bli ein negativ spiral då den sjuke forelderen kan oppleve desse forsøka på kontakt som mas, bråk og utagering.
Faren er stor for at forelderen då reagerer negativt på barnet sine forsøk på kontakt (Sundfær, 2012, s.120-121). Studiar har også vist at barn som veks opp med deprimerte mødre har ein signifikant større risiko for å sjølve utvikle depressive symptom, og andre emosjonelle vanskar,
7
i forhold til barn som har mødre utan slike vanskar (Goodman et al, 2011, s.1). Dersom barna til dømes utviklar slike vanskar vil det kunne påverke deira moglegheit for å fungere i skulekvardagen.
Personlegdomsforstyrringar «…kan defineres som mangler i selv-utviklingen», […] som først og fremst kommer til uttrykk i forstyrrelser i relasjonen til andre mennesker» (Rosenvinge, 2011c, s.235). Ved slike forstyrringar er personleg vesen og væremåte avvikande. Ei personlegdomsforstyrring treng ikkje nødvendigvis å vere kronisk, men det viser seg at slike lidingar opptrer meir stabilt, enn mange andre lidingar gjer (Rosenvinge, 2011c, s. 235).
Konsekvensar for barnet: Dersom ein person har ei personlegdomsforstyrring kan det føre til at han1 blir kjenslemessig lite tilgjengeleg og har ei åtferd som er lite føreseieleg. Personar med personlegdomsforstyrringar kan også oppføre seg fiendtleg overfor barnet. Alt dette vil kunne påverke barnet si tilknyting til forelderen (Dutton, Denny-Keys & Sells, 2011, s. 271). Det å vekse opp med ein forelder med ei personlegdomsforstyrring kan dermed føre til at barnet veks opp i eit utrygt tilvære, og barnet kan vekse opp med ei generell kjensle av utryggheit. Denne utryggheita kan barnet ta med seg til skulen, og det vil kunne gjere skulekvardagen meir utfordrande for barnet.
Psykosar karakteriserast ved forstyrringar i ein person si realitet- og verkelegheitsoppfatning.
Dei som er i ein psykotisk tilstand forstår og tolkar seg sjølv og omgjevnadane på ein måte som ikkje stemmer overeins med andre menneske si forståing og tolking. Personar som er psykotiske har ofte ei oppfatning av seg sjølv og omgjevnadane som er fordreia, og prega av kaos og lite samanheng (Rosenvinge, 2011d, s. 261).
Konsekvensar for barnet: Dersom eit barn veks opp med ei mor eller ein far som tidvis er psykotisk, kan det vere ein fare for at foreldra inkluderer barnet i deira tankeverden. Dei forstyrra tankane, fortolkingane og realitetsoppfatningane kan då smitte over på barnet. Det er også ein fare for at barnet kan bli skremt av åtferda til forelderen (Sundfær, 2012, s. 121). Det å vekse opp med foreldre som tidvis er psykotiske kan dermed føre til at barnet blir engsteleg, og utrygt. Elevar som er redde og utrygge kan få vanskar med å fungere i skulekvardagen.
Når det gjeld rusproblematikk og psykiske vanskar vil eg kome inn på temaet, men det vil ikkje bli utdjupa som eige tema. Både i forsking og i faglitteratur vert den høge komorbiditeten mellom psykisk sjukdom og rusproblematikk ofte trekt fram. Dette blir til dømes framheva i
1 Av praktiske årsaker har eg valt å nytte hankjønn når eg viser til ein elev, ein forelder, ein informant, ein lærar og liknande.
8
rapporten «Psykisk helse i Norge», utgitt av Folkehelseinstituttet i januar 2018 (Reneflot, et al., 2018, s.106). Også i rapporten «Barn av foreldre med psykiske lidelser eller alkoholmisbruk:
omfang og konsekvenser», blir det poengtert at ein ofte kan finne både psykiske lidingar og alkoholmisbruk i dei same familiane (Torvik & Rognmo, 2011, s.42).
Som ein ser vil alle desse sjukdomane medføre ulike symptom som kan påverke korleis personen tenker, handlar og reagerer. Dette vil igjen kunne påverke dei personane personen med psykiske vanskar har nære relasjonar til, til dømes eigne barn. Dersom eit barn har ei mor eller ein far med psykisk sjukdom, vil dette kunne vere ganske gjennomgripande for dette barnet sitt liv, og det vil kunne påverke barnet på mange områder. Det vil også kunne påverke korleis barnet fungerer i skulekvardagen. Det er viktig at dei yrkesgruppene som arbeider i skulen har kunnskap om ulike psykiske vanskar, og korleis dei ulike vanskane kan påverke barna, og deira skulekvardag. I tillegg er det viktig at yrkesutøvarane i skulen er bevisst den høge komorbiditeten mellom psykisk sjukdom og rusproblematikk. Den seier oss at mange av dei barna som har psykisk sjuke foreldre truleg også opplever rusmiddelmisbruk i familien. Dette er noko som kan tenkast å gje desse barna ytterlegare belastningar.
2.2 Barn med psykisk sjuke foreldre
2.2.1 Førekomst
I Rapporten frå Folkehelseinstituttet som vart vist til i innleiinga, kom det fram at det i 2011 var heile 410 000 barn som hadde minst ein forelder med psykiske vanskar. Dette vil seie at det dette året var om lag 37,3% av alle barn som hadde ein eller to foreldre med psykiske vanskar eller lidingar. I den same rapporten er det utarbeida ei oversikt som viser oppsummering av resultata frå undersøkinga som er utgangspunkt for rapporten. Her skil dei mellom tre grader av psykiske lidingar, diagnostiserbart, moderat - alvorleg og alvorleg, og tabellen viser talet på, og andelen av, barn som har foreldre med psykiske lidingar innanfor dei tre kategoriane (Torvik
& Rognmo, 2011, s.26). Denne oversikta ser slik ut:
(Torvik & Rognmo, 2011, s. 26)
9
Oversikta viser at 260 000 (23,1 %) barn har foreldre med lidingar som kan kategoriserast som moderate til alvorlege. Lidingar som er kategorisert på dette nivået har ei slik alvorsgrad at det kan gå ut over korleis personen fungerer i det daglege, noko som også i større eller mindre grad vil kunne påverke barna. I tillegg viser oversikta at 115 000 (10,4 %) barn har foreldre med alvorlege psykiske lidingar. Dette er lidingar som i stor grad vil kunne påverke barna (Torvik
& Rognmo, 2011, s.26). Som tabellen viser har også alkoholmisbruk vore i fokus i denne studien. Forskarane har også forsøkt å finne eit tal på kor mange barn totalt som har foreldre med psykisk sjukdom eller som misbrukar alkohol. Her har forskarane måtte tatt omsyn til den høge komorbiditeten mellom psykisk sjukdom og alkoholmisbruk. Som tala i oversikta viser, ser vi ei sterk overlapping av psykiske lidingar og alkoholmisbruk. Som forskarane påpeikar, vil ein i betydelig grad kunne finne psykiske vanskar og alkoholmisbruk i dei same familiane (Torvik & Rognmo, 2011, s. 23). Oversikta viser høge tal, og det gir eit signal om at det sit mange barn i norske klasserom som har erfaringar med psykisk sjukdom i nær familie. Det er viktig at dei ulike yrkesgruppene som arbeider i skulen er bevisst på denne statistikken. I tillegg er det viktig at desse yrkesgruppene har kunnskap om korleis desse barna kan bli påverka av å vekse opp med psykisk sjuke foreldre.
2.2.2 Korleis påverkast desse barna?
Barn vil i relativt liten grad ha moglegheit til å påverke eigne rammevilkår, og oppveksten deira vil påverkast av sosioøkonomiske forhold, i tillegg til familien si historie, sosiale ressursar, helse og livsstil. Desse faktorane vil påverke barna si utvikling, og dersom bestemte risikofaktorar er til stades kan det bidra til negativ utvikling for desse barna (Berg, 2012, s. 29).
Av de mulige risikofaktorene barn kan bli utsatt for, må nok psykiske lidelser hos en av foreldrene sies å være en av de alvorligste. Det kan faktisk være snakk om en dobbeltrisiko: For det første har vi muligheten for at tilstanden er arvelig og derfor overføres fra en generasjon til den neste, og for det andre kan den føre med seg uheldige opplevelser i hjemmet som en følge av unormal oppførsel fra foreldrenes side og forstyrrede relasjoner.
(Schaffer & Bureid, 2000, s.205) Dette sitatet understrekar at det å vekse opp med foreldre som har psykiske vanskar kan medføre ein alvorleg risiko for negativ utvikling. Fleire forskarar har retta søkjelyset mot dette, og undersøkt kor høg risikoen er for negativ utvikling faktisk er for desse barna. I rapporten «Barn
10
av foreldre med psykiske lidelser eller alkoholmisbruk: omfang og konsekvenser» vert det slått fast at barn som har foreldre som har psykiske lidingar eller misbrukar alkohol, har dobbel så høg risiko for å oppleve negativ utvikling i livet, enn det andre barn har (Torvik & Rognmo, 2011, s.33). I ein engelsk kohortstudie frå 2001, basert på over 14.000 barn, kjem det fram at barn av foreldre med psykiske lidingar har høgare risiko for å oppleve mishandling og omsorgssvikt enn det andre barn har (Sidebotham & Golding, 2001, s.1193-1194). Vidare har Dean med fleire (2010, s.828).) gjennomført ein studie der dei fylgde over 800 000 barn fødde mellom 1980 og 1994 i Danmark. Forskarane ynskte å undersøke om barn med psykisk sjuke foreldre hadde større sjanse for å sjølve utvikle psykisk sjukdom. Resultata viste at risikoen for at barn med psykisk sjuke foreldre utviklar psykiske vanskar og lidingar, er høgre enn den er for barn som har foreldre utan denne typen vanskar. Det vert understreka at det å ha to foreldre som er psykisk sjuke, utgjer ein større risiko enn dersom berre ein av foreldra er psykisk sjuk.
Desse tala seier oss at barn som veks opp med psykisk sjukdom hjå foreldre er ein del av ei sårbar barnegruppe. Utfordringar knytt til psykisk sjukdom hjå foreldre, kan være særs gjennomgripande, og påverke barn på mange måtar. Dei vanskane og utfordringane barn står overfor på heimebane, vil dermed kunne påverke skulekvardagen til desse barna, og korleis dei klarar seg både fagleg og sosialt. For at dei som arbeider i skulen skal vere rusta til å møte desse barna, er det difor viktig at dei har kunnskap om korleis desse barna kan bli påverka av foreldra sin sjukdom. For å forstå korleis barn med psykisk sjuke foreldre kan bli påverka, er det enkelte omgrep som er særs sentrale. Eg vil no gå nærmare inn på nokre av desse omgrepa for å sjå på kva rolle ulike faktorar spelar for korleis psykisk sjukdom hjå foreldre kan påverke barn.
2.2.2.1 Foreldrefungering
Foreldrefungering seier noko om i kva grad foreldra fungerer i kvardagen. Dette vil spele ei vesentleg rolle for korleis og i kva grad barna vil bli påverka. Eit grunnleggjande behov for barn er å oppleve at verda rundt dei verkar trygg og føreseieleg. I oppveksten treng barn foreldre som gir dei tryggleik, stabilitet, store mengder omsorg og vilkårslaus kjærleik. Dei fleste barn får dette behovet dekka. Men når sjukdom rammar familien, er risikoen til stades for at barna ikkje lenger får dekka dette behovet i like stor grad. Dersom ein av, eller begge foreldra blir sjuke, kan barn oppleve at mykje endrar seg, både i familiesituasjonen og i kvardagen. Barna kan til dømes oppleve at foreldra endrar tenkemåte og åtferd, og at foreldra lettare uttrykkjer ulike følelsar. I tillegg kan dei oppleve at kvardagen blir mindre stabil og føreseieleg
11
(Bøckmann & Kjellevold, 2015, s.255). Dette kan påverke barna, deira oppfatning av seg sjølv og familien, og korleis dei fungerer i kvardagen.
Det er derimot langt i frå slik at menneske som har ein psykisk sjukdom automatisk vil utøve dårlig omsorg overfor sine barn, men risikoen for at dette skjer er til stades (Kohl, Jonson-Reid
& Drake, 2011, s.315-316). Det er ikkje den psykiske vansken i seg sjølv som påverkar barnet.
Det er derimot åtferda til personen og den omsorgsutøvinga han utøver som vil kunne påverke barnet sin livskvalitet og utvikling (Kvello, 2015, s. 198). Figuren nedanfor illustrerer korleis psykiske vanskar hjå foreldre kan påverke barnet sin livskvalitet og utvikling gjennom den omsorga forelderen utøvar overfor barnet:
(Attgjeve frå Kvello, 2015, s. 198) Det vil seie at i kva grad, og korleis, barnet blir påverka av mor eller far sin psykiske sjukdom vil vere avhengig av den omsorga forelderen eller foreldra utøver. Til dømes viser forsking at korleis foreldra fungerer sosialt og korleis dei responderer på barnet sine utspel, kan vere avgjerande for deira foreldrefungering, i større grad enn det symptoma på psykisk sjukdom i seg sjølv er (Berg-Nielsen, Vikan & Dahl, 2002, s.529). Dette understrekar at det i stor grad er kvaliteten på samspelet mellom barnet og den sjuke forelderen som avgjer i kva grad barnet blir påverka av sjukdomen.
Vidare vil ei rekkje andre faktorar vere med å bestemme i kva grad barnet blir påverka av foreldra sine vanskar. Blant anna vil ulike typar psykiske vanskar og lidingar påverke barnet på ulike måtar. På same måte vil ulike symptom på psykisk sjukdom og ulike alvorsgrader av psykisk sjukdom kunne vere avgjerande for korleis, og i kva grad, barnet blir påverka.
Tidspunktet for når sjukdommen viser seg kan også vere ein avgjerande faktor. Det vert også påpeika at i kva grad den forelderen med psykiske vanskar får støtte i barneomsorga, også vil vere med å avgjere i kva grad barnet blir påverka (Kvello, 2015, s. 198; Killén, 2013, s.84).
Sidan psykisk sjukdom i stor grad kan påverke omsorgsutøvinga kan desse barna stå i fare for å bli utsett for omsorgssvikt i dei tilfella der forelderen fungerer dårleg i kvardagen.
Psykisk vanske / liding hjå
omsorgspersone n
Omsorgsutøving
Barnet sin livskvalitet og utvikling
12
«Omsorgssvikt er en vedvarende manglende evne eller vilje hos omsorgspersonene til å møte barnets grunnleggende fysiske, emosjonelle, psykiske og/eller medisinske behov. […] Den manglende omsorgen kan påvirke barnets helse og utvikling i alvorlig grad» (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, 2018).
2.2.2.2 Epigenetikk – samspel mellom biologi og miljøfaktorar
For å forsøke å gi eit bilete på korleis barn utviklar seg, og kva faktorar som påverkar denne utviklinga, er det utvikla ei rekkje ulike teoriar og modellar. Ein av dei mest kjende modellane som omhandlar dette er Bronfenbrenner sin modell, som vart omtalt som ein utviklingsøkologisk modell då den vart presentert på 1970-talet (Bronfenbrenner, 1979, s.21).
Etter kvart har Bronfenbrenner utvikla både teorien og modellen sin, og han omtalar den no som ein bioøkologisk modell (Bronfenbrenner, 2001, s.6963). Bronfenbrenner legg vekt på ei heilskapleg tilnærming til korleis individet utviklar seg, og modellen gir eit bilete på ulike biologiske og miljømessige faktorar som påverkar utviklingsprosessen. Modellen byggjer på ei forståing av at individet ikkje utviklar seg uavhengig av den konteksten det veks opp i.
Utviklinga skjer gjennom ein gjensidig påverknad mellom individ og miljø. Den bioøkologiske modellen består difor av fire element: prosess, person, kontekst og tid (Tetzchner, 2012, s.54).
Det første elementet vert omtalt som proksimale prosessar, og er hovudgrunnlaget for den utviklinga barnet går igjennom. Dette elementet omfattar samhandlinga mellom individ og omgjevnader, både andre menneske og verknadsfulle objekt. Undervegs i utviklingsprosessen blir denne samhandlinga gradvis meir kompleks etter kvart som barnet med alderen får auka kapasitet. Dei proksimale prosessane vil difor også auke i takt med utviklinga til barnet (Tetzchner, 2012, s. 54). Det neste elementet, personen, viser til individet, og individuelle skilnader på sentrale områder, til dømes biologisk, emosjonelt og kognitivt. I modellen vert det vektlagt at individuelle, personlege eigenskapar vil bidra til å avgjere korleis barnet påverkar og blir påverka av miljøet. Desse personlege eigenskapane vil dermed kunne bidra til individuelle skilnader i utviklinga (Tetzchner, 2012, s.54).
Konteksten er det elementet som omfattar miljøet kring barnet. Eit viktig element i denne modellen er at miljøet ikkje vert sett på som ei isolert eining, men som ulike einingar delt opp i fire ulike nivå. Bronfenbrenner understrekar at det vil gå føre seg gjensidige påverknadsprosessar mellom dei ulike nivåa i miljøet, og alle nivåa vil kunne påverke individet i større eller mindre grad (Bronfenbrenner, 1979, s.21-22). Modellen er bygd opp av mikro-, meso-, ekso- og makrosystem. Det første nivået i modellen er mikrosystem. Dette er nivået der
13
barnet sjølv er til stades, møter andre menneske, og skapar relasjonar til sine omgjevnader (Bronfenbrenner, 1979, s.22; Tetzchner, 2012, s.55). Dei andre systema mesosystemet, eksosystemet og makrosystemet er delar av miljøet der barnet sjølv ikkje er til stades, men som likevel kan påverke utviklinga til barnet, både direkte og indirekte (Tetzchner, 2012, s. 55). Det siste elementet i modellen er tid, som er knytt til dei ulike nivåa, og som blant anna viser til barnet si utviklingstid. For at utvikling skal kunne skje må samhandling førekomme jamleg, over ein lengre periode (Tetzchner, 2012, s. 55).
Medan forskarar tidlegare ofte diskuterte om det var genetisk arv eller miljøpåverknader som avgjorde barn og unge si utvikling, er det i dag derimot få forskarar som meiner at det berre er ein av dei nemnte faktorane som avgjer utviklinga. Fokuset har i den seinare tid stadig blitt retta meir mot samspelet mellom genetisk arv og miljøpåverknad, noko til dømes utviklinga av Bronfenbrenner sin modell understrekar. Det vert påpeika at desse faktorane påverkar kvarandre, og er samstundes avhengige av kvarandre. Dei to faktorane, miljøpåverknader og genetisk arv kan jobbe både med kvarandre og mot kvarandre (Berg- Nielsen, 2010, s.75).
Nyare forsking har vist at miljøpåverknadar kan ha sterk innverknad på genane. Men genane er bestemt frå før fødselen, og vil ikkje kunne endrast i løpet av livet. Påverknad frå miljøet vil dermed ikkje kunne endre genane. Miljøpåverknader vil derimot kunne bidra til å avgjere kva gen som kjem til uttrykk. For sjølv om ein har arva eit gen, betyr ikkje det at det automatisk blir aktivert (Rutter, 2012, s.397-398). Om eit gen vert aktivert eller ikkje, bestemmast i stor grad av påverknadar frå miljøet. På bakgrunn av miljøpåverknadar kan eit gen bli «skrudd av» eller
«skrudd på» (Rutter, 2012,s.392). Ein nyttar omgrepa epigenetikk og epigenetiske prosessar for å forklare korleis dette samspelet mellom gen og miljøpåverknader føregår. Omgrepet epigenetikk viser med andre ord til eit system som bestemmer kva gen som skal kome til uttrykk, og kva gen som blir liggande latente. Det vil seie at opplevingar og erfaringar vil kunne påverke
«genuttrykket» (Berg-Nielsen, 2010, s.76).
Dette betyr at eit barn kan ha ei medfødt sårbarheit, utan at sårbarheita treng å komme til uttrykk. Om barnet derimot vert utsett for uheldig miljøpåverknad, kan denne sårbarheita bli aktivert (Shanahan & Hofer, 2005, avsnitt 56). Dersom barn med ei medfødd sårbarheit opplever negative miljøpåverknader, er risikoen stor for at dette barnet opplever negativ utvikling. Barn med robuste gen, vil truleg ikkje bli påverka av det negative miljøet på same måte. Men negative miljøpåverknader kan også hindre at positive, robuste gen blir aktiverte. På same måte kan gode miljøpåverknader hindre at sårbare gen kjem til uttrykk (Berg-Nielsen, 2010, s.77). Tabellen nedanfor illustrerer samspelet mellom gen og miljø:
14 Gen
Robuste
Tidlege miljøfaktorar
Gode Dårlige
Barnet utfaldar seg, og ressursar finn sitt uttrykk
Moglege ressursar «søv», og blir verande i denne tilstanden Sårbare
Barnet si sårbarheit «søv», og blir verande i denne tilstanden
Barnet si sårbarheit blir openbar
(Attgjeve frå Berg- Nielsen, 2010, s. 77).
På grunn av medfødde gen vil enkelte barn vere meir sårbare enn andre, og andre barn vil vere meir robuste. Til dømes vil barn vere ulike med tanke på biologisk risiko, intelligens, temperament og helsetilstand. Dette fører til at barn vil reagere ulikt på miljøpåverknader. Dei barna som har ein biologisk risiko vil vere særskilt avhengige av gode oppvekstvilkår for å unngå negativ utvikling (Berg, 2012, s. 29). Dette gir grunn til å tenke at risikoen for negativ utvikling for barn som veks opp med psykisk sjuke foreldre er størst for barn som allereie har ei medfødd sårbarheit. Det vil vidare vere dei barna som har ei medfødd sårbarheit som vil ha størst behov for gode, positive miljøpåverknadar for å unngå negativ utvikling.
Ein veit at miljøpåverknadar tidleg spelar ei stor rolle for eit barn si utvikling. Dette indikerer også at miljøet på skulen vil kunne vere ein avgjerande påverknadsfaktor for barna si utvikling i skulealder. Om elevane som kjem til skulen blir møtt med gode, trygge rammer, omsorg og kjærleik vil det kunne bidra til å gje elevane gode vern for gena. Det vil vere positivt for alle elevar, uavhengig av om dei biologisk sett er sårbare eller robuste.
2.2.2.3 Utviklingspsykologi
«Utvikling er […] en livslang prosess som styres, reguleres og påvirkes i et samspill av biologiske, psykologiske, sosiale og kulturelle faktorer, der det er en gjensidig påvirkning mellom menneskene og miljøet» (Håkonsen, 2003, s. 97). Utviklingspsykologi handlar om å forklare og forstå desse endringsprosessane. Blant anna rettar utviklingspsykologi fokuset mot dei endringane som skjer i måten barn og unge føler, tenker og opplever på etter kvart som dei blir eldre. Gjennom heile oppveksten utviklar barnet seg, og det lærer stadig å meistre meir samansette og krevjande oppgåver på alle utviklingsområder. Etter kvart som barnet veks vil det til dømes skje store endringar knytt til barnet si tankeverksemd og kjensleliv. Samspelet
15
med andre personar og objekt i omgjevnadane vil også gradvis endre seg (Askland & Sataøen, 2013, s.12-13).
Barn er unike, og ulikskapar i utviklinga vil i stor grad førekomme. Samstundes er det også mange fellestrekk som kjenneteiknar den utviklingsprosessen barn går igjennom. Det er ei rekkje kunnskapar og ferdigheiter ein forventar at barna skal utvikle på gitte alderstrinn for at ein skal kunne rekne utviklinga som aldersadekvat (Tetzchner, 2012,s.24). I denne utviklingsprosessen er det ei rekkje milepælar ein forventar at barn skal nå innanfor dei ulike utviklingsområda. Men også her vil det sjølvsagt vere ulikskapar blant barna, då enkelte barn vil tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter på eit seinare tidspunkt enn andre. Dersom utviklinga derimot i stor grad skil seg frå det ein forventar, og ser på som normalt, snakkar ein om avvikande utvikling (Tetzchner, 2012, s.19).
Det å vekse opp med psykisk sjuke foreldre vil kunne påverke korleis barna utviklar seg gjennom oppveksten. Barn er individ, men dei utviklar seg i miljø. Difor vil dei opplevingane dei får som barn kunne påverke dei, og prege deira utvikling vidare i livet. Ein teori som seier noko om dette er Erikson sin teori om den psykososiale utviklinga. Denne teorien beskriv korleis sosiale fenomen påverkar mennesket i løpet av livet, og legg til grunn at menneska si utvikling går føre seg periodevis. Kvar periode inneber eit vendepunkt der moglegheitene for vekst og utvikling er store, men der mennesket samstundes er sårbart. Målet er at mennesket kjem seg gjennom kvar periode ved å tileigne seg positive kvalitetar. Blant vendepunkta som blir trekt fram i teorien til Erikson er barnet si utvikling av ei generell kjensle av tillit eller mistillit i løpet av sitt første leveår. Vidare vil det å utvikle evne til å mestre vere ein viktig del av utviklinga når barnet kjem i skulealder (Hagen & Nysæter, 2004, s.37-40).
Det å vekse opp med foreldre som har psykiske vanskar vil kunne påverke barnet si utvikling i kritiske periodar som dei som er nemnt ovanfor. Spedbarn er til dømes avhengige av å tileigne seg erfaringar frå samspelet med nære omsorgspersonar som gir dei ein grunnleggjande tillit til omverda. Om dei ikkje får moglegheit til å tileigne seg slike positive erfaringar, til dømes grunna psykisk sjukdom hjå foreldre, blir det vanskeleg å utvikle ein slik grunnleggjande tillit.
Det å utvikle evne til å mestre kan også vere vanskeleg for dei barna som veks opp med psykisk sjuke foreldre. Desse barna kan få opplevingar og erfaringar som er vanskelege å mestre for eit lite barn. Det kan føre til at desse barna blir ekstra sårbare, og at dei på eit tidleg tidspunkt mistar trua på eigne evner til å mestre (Bugge & Røkholt, 2009, s.13-14).
16 2.2.2.4 Tilknyting og samspel
Mennesket er eit sosialt vesen, som lærer og utviklar seg i samspel med andre. Difor er dei relasjonane barnet har til andre menneske avgjerande for kva føresetnader barnet får for utvikling, og korleis denne utviklinga vil gå føre seg (Tetzchner, 2012, s.541). I samband med barn si utvikling og relasjonar til andre, snakkar ein ofte om tilknyting. «Tilknytning handler om kvaliteten på det emosjonelle båndet mellom personer som er viktige for hverandre»
(Kvello, 2015, s.82).
Tidleg i utviklinga byrjar barn å danne relasjonar til andre menneske, og tilknyting handlar om utvikling av kjensler overfor andre (Tetzchner, 2012, s.541). For små barn er tryggleik det viktigaste av alt. Barn er avhengige av sine omsorgspersonar for å overleve, og difor vil dei heilt frå fødselen av forsøke å sikre nærleik og omsorg hjå nære omsorgspersonar. Dei vil forsøke å halde seg nær ein eller nokre få omsorgspersonar for å sikre eigen tryggleik (Brandtzæg, Torsteinson & Øiestad, 2017, s.15-16). Omgrepet tilknytingsåtferd vert ofte nytta for å beskrive åtferda til barnet når det forsøker å få ein omsorgsperson til å utøve omsorg (Jacobsen, 2016, s. 126).
Tilknyting heng også tett saman med utforsking. For å utvikle seg har barn behov for omsorg og beskyttelse, samstundes som dei har behov for å vere sjølvstendige, undersøke verda, og meistre ulike oppgåver. På bakgrunn av forsking om tilknyting har «Tryggleikssirkelen» blitt utvikla. Den viser korleis dei to grunnleggjande behova, tilknyting og utforsking heng tett saman. Barn treng at dei vaksne omsorgspersonane kan representere både ei trygg hamn og ein trygg base. Ei trygg hamn der dei kan få nærleik, trøyst og støtte, og ein trygg base som utgangspunkt for sjølvstendig utforsking (Brandtzæg et al., 2017, s.18). Barn treng vaksne som er «større, sterkere, klokere og gode», som er i stand til å vurdere når det er mogleg å fylgje barnet sitt behov, og når det er naudsynt å setje grenser (Brandtzæg et al, 2017, s.40). Foreldre som har utfordringar knytt til psykisk sjukdom kan ha vanskar med å vere ei trygg hamn og ein trygg base for barna sine, noko som kan påverke tilknytinga mellom barn og forelder. Dette kan også påverke korleis barnet vil fungere i samspel med andre på seinare tidspunkt. I samspelet med dei første tilknytingspersonane vil barnet etablere «indre arbeidsmodellar». Dei «indre arbeidsmodellane» er mentale representasjonar knytt til deira tidlege erfaringar med samspel.
Desse erfaringane tek barnet med seg inn i samspel med andre menneske. Difor vil tidleg tilknyting kunne påverke korleis barnet fungerer seinare i livet (Drugli, 2012, s. 26). Barnet vil i starten i utgangspunktet føretrekke ein eller to omsorgspersonar, men etter kvart som barnet veks til vil til dømes læraren også kunne bli ein viktig tilknytingsperson (Jacobsen, 2016, s.128).
17
Det er vanleg å skilje mellom fire ulike tilknytingsmønster. Kva type tilknytingsmønster som etablerast mellom eit barn og ein vaksen avgjerast av kvaliteten på samspelet mellom dei to (Smith, 2002, s. 85). Den tilknytinga eit barn har til ein vaksen kan dermed kategoriserast innanfor ein av desse fire kategoriane: trygg tilknyting, usikker - unnvikande tilknyting, usikker – ambivalent tilknyting og desorganisert tilknyting. Barn med ei trygg tilknyting får behovet for tryggleik og nærleik dekka, samstundes som at det er rom for at barnet får utforske på eiga hand. Dette gir gode føresetnader for positiv utvikling (Drugli, 2012, s. 23). Barn som opplever å ikkje få desse behova dekka kan utvikle meir usikre tilknytingsmønster.
Dersom eit barn veks opp med foreldre som er psykisk sjuke vil det kunne påverke den tilknytinga barnet har til sine foreldre. Desse barna kan stå i fare for å utvikle usikre tilknytingsmønster, og kanskje også tilknytingsvanskar. Det vil kunne påverke korleis barnet utviklar seg, og korleis barnet fungerer i skulekvardagen. Barn med trygg tilknyting har vist seg å ha betre føresetnader for å fungere godt sosialt på skulen, noko som også vil kunne påverke barnet sine føresetnader for fagleg læring og meistring (Miles & Stipek, referert i Drugli, 2012, s. 27). Det er difor viktig at dei yrkesutøvarane som møter desse elevane har kunnskap om tilknyting og tilknytingsvanskar. Dette kan gjere dei betre rusta til å møte elevane og dei behova dei har (Drugli, 2012, s. 21).
2.2.3 Reaksjonar hjå barna
«Jeg roper så høyt jeg kan med øynene mine» (Bergem, 2014, s.81). Dette sitatet kan truleg vere passande for mange av dei barna som har psykisk sjuke foreldre. Det har vist seg at mange av desse barna av ulike grunnar er tause om det dei opplever på heimebane. Mange barn og unge har eit sterkt ynskje om å ikkje skilje seg ut på skulen, dei ynskjer å vere slik som «alle»
andre. For dei barna som veks opp med meir eller mindre unormale heimeforhold kan dette ynsket vere særskilt sterkt. Dette kan vere ei av årsakene til at desse elevane ofte er tause om det dei opplever heime (Sundfær, 2012, s.110). I tillegg er barn ofte veldig lojale mot sine foreldre, noko som også kan bidra til at det er vanskeleg for dei å seie noko om heimesituasjonen, og om foreldra sine vanskar (Skagestad & Klette, 2008, s.55).
I skulen, på same måte som på andre arenaer, kan det ofte bli slik at dei barna som tydeleg trer fram på ulike måtar, også er dei barna som får mest merksemd. Difor er det viktig å vere merksam på at det er langt frå alle barn som tydeleg viser at dei har det vanskeleg. Som nemnt er barna ofte tause om heimesituasjonen. Dei kan også vere flinke til å skjule følelsane sine.
18
Dermed kan enkelte barn som har det vanskeleg, likevel oppfattast som lykkelege og veltilpassa (Glistrup, 2014, s. 47-48).
2.2.4 Konsekvensar for barna
Kva konsekvensar kan psykisk sjukdom hjå foreldre ha for barn og unge? I dette kapittelet vil eg gi ei oversikt over moglege konsekvensar på eit generelt grunnlag. Konsekvensar for barna si læring og deira sosiale og emosjonelle utvikling vil særskilt bli vektlagt, då dette er sentrale utviklingsområder som vil vere viktige for korleis dei fungerer i skulen. Det er viktig å understreke at dette er moglege konsekvensar. Det er ikkje automatisk slik at desse konsekvensane blir gjeldande for alle barn som veks opp med psykisk sjuke foreldre. Om det enkelte barn vil oppleve konsekvensar som dette er som nemnt tidlegare avhengig av ei rekkje faktorar.
I dei tilfella der den sjuke forelderen fungerer dårleg i kvardagen, kan han mangle kapasitet til å ta seg av barn og familie. Der dette er tilfelle er det mange barn som går inn i ei vaksenrolle, og mange av desse barna tek ansvar både for den sjuke forelderen, og familien elles (Vallesverd, 2014, s. 11). Kva konkrete omsorgsoppgåver desse barna får ansvar for vil kunne variere, både når det gjeld type oppgåve, og omfanget av det ansvaret barna har. Det er også stor forskjell på om barnet hjelper til litt, eller om det nærmast har hovudansvar for desse oppgåvene (Vallesverd, 2014, s.12). I rapporten «Young Carers in the UK – the 2004 report» delast desse barna sine omsorgsoppgåver inn i fyljande seks kategoriar: 1) Husarbeid, 2) Generell pleie, 3)Personleg hygiene, 4) Emosjonell støtte, 5) Omsorg for søsken og 6) «Anna» som til dømes viser til oppgåver knytt til hushald og administrasjon (Dearden og Becker, 2004, s. 7)
Denne inndelinga viser at det er stor variasjon i dei oppgåvene barna kan ta på seg, eller eventuelt få tildelt. Medan mange barn og unge bidreg med husarbeid, er det fleire av desse oppgåvene som ikkje passar seg for barn. Vallesverd (2014, s. 13) trekkjer også fram at mange av desse barna ofte forsøker å beskytte dei andre i familien mot vonde opplevingar eller skade.
Nokre av desse oppgåvene er utvilsamt for store, for krevjande og for belastande for eit barn, og dette vil i stor grad kunne påverke barna sjølve, og korleis dei fungerer i kvardagen og på skulen. Barna kan føle meistring for at dei klarar å handtere dette ansvaret, og dei kan også få positive tilbakemeldingar frå andre på det dei gjer. Men dette kan fort bli eit ansvar som er alt for stort for eit barn å handtere. Difor kan det at barnet tidleg går inn i denne vaksenrolle bidra til at barna over tid tek på seg for mykje ansvar, dei kan bli overbelasta, og sjølve utvikle psykiske lidingar (Snoek & Engedal, 2017, s. 30).
19
I teksten «Prisen for beste birolle», samanliknar Bergem (2014) biroller i film og i verkelegheita. På film skal den som har birolla gjere sitt beste for at den som har hovudrolla kan gjere det best mogleg. Barn som utøver omsorg for sine foreldre kan reknast som innehavarar av biroller i det verkelege liv, eit liv der den sjuke forelderen har hovudrolla. Medan biroller på film får prisar, heider og ære, er situasjonen heilt noko anna for barn som utøver omsorg. Veldig mange av desse barna har opplevd at verken dei sjølve eller den innsatsen dei har lagt ned for sine foreldre, har blitt sett. Bergem (2014) seier det slik:
Innsatsen til disse unge menneskene har nok snarere hatt en pris. Prisen kan være å ikke være hovedrolleinnhaver i sitt eget liv. Med en syk forelder i hovedrollen kan det bli liten plass til det. Som omsorgsgivere kan unge mennesker ha få anledninger til å kjenne på egne behov og ønsker.
(Bergem, 2014, s.31).
Barn som veks opp med foreldre med psykiske vanskar, kan oppleve at foreldra oppfører seg lite føreseieleg, at dei er ustabile og har dårleg impulskontroll. Dette kan vere særs skremmande, og det kan skape mykje frykt. Barna kan bli redde for å gjere eller seie noko feil, og for å unngå dette overvakar dei stadig foreldra og deira sinnsstemning. Dette tek mykje energi, og er slitsamt for barna. Dei må heile tida vere på vakt, og får ikkje eingong senka skuldrane i sin eigen heim (Bergem, 2014, s. 77). Ved å leve i ein lite føreseieleg kvardag kan desse barna få eit stort behov for å analysere og tolke dei signala andre menneske sender. Dette kan føre til at dei blir opptekne av, og bevisst, andre menneske sine behov, men i liten grad eigne behov (Førland, 1994, s. 23).
Sjølv om det dei siste åra har blitt retta meir merksemd mot psykisk helse og psykisk sjukdom, vil nok mange oppleve at temaet psykiske vanskar og lidingar framleis kan vere ganske tabubelagt. Det kan føre til at det i enkelte familiar blir lite snakka om eventuelle psykiske vanskar hjå dei vaksne. Det kan bli ei ekstra belastning for barnet dersom det ikkje blir snakka om sjukdommen heime (Sundfær, 2012, s. 123-124).
2.2.4.1 Konsekvensar for læring
Når ein snakkar om elevane sine læreføresetnader viser ein til deira funksjonsnivå på alle utviklingsområder. Omgrepet «læreføresetnader» omfattar både det fysiske/motoriske, det kognitive og det sosiale og emosjonelle. I tillegg omfattar omgrepet elevane sine tidlegare erfaringar og kunnskapar, deira interesser og motivasjon, den sosiale og kulturelle bakgrunnen
20
og heimeforholda deira. Når elevane kjem til skulen vil deira bakgrunn og erfaringar påverke læreføresetnadane deira. Det vil påverke kor mottakelege elevane vil vere for undervisning og i kva grad dei har moglegheiter for å lære og meistre (Berg, 2012, s. 32).
Det å vekse opp med foreldre som har psykiske vanskar vil kunne påverke barna si læring. Barn som lever med belastningar over tid, kan til dømes få problem med merksemd og konsentrasjon, og dei kan utvikle uro og åtferdsproblem (van der Kolk, referert i Sundfær, 2012, s.108). Det kan difor vere vanskeleg for dei å halde fokus på det skulefaglege. Mange av dei har også mange bekymringar. Dei tenkjer mykje på situasjonen heime, og på korleis det går med foreldra medan dei er på skulen (Sundfær, 2012, s.109 - 110). For dei barna som opplever dette vert det naturlegvis vanskeleg å fokusere på skulearbeidet, og det vil kunne påverke deira moglegheiter for læring.
Foreldre som har utfordringar på grunn av psykiske vanskar eller lidingar kan ha vanskar med å fylgje opp barnet sin skulegang. Dette får gjerne størst innverknad på barna ved at foreldra kan ha vanskar med å fylgje opp lekser og skulearbeid (Sundfær, 2012, s. 110-111). Dersom støtta heimanfrå på dette området er tilnærma fråverande, vil barnet kunne gå glipp av viktig repetisjon og mengdetrening på viktige kunnskapsområder. Det kan også påverke i kva grad eleven føler han meistrar skulen og skulekvardagen. I verste fall går manglande støtte heimanfrå utover eleven si faglege utvikling, og skuletrivsel. Det er naturleg å tenke at denne utfordringa kan bli større etter kvart som elevane kjem opp på høgre klassetrinn, då dei faglege krava og krava til sjølvstendig arbeid gradvis aukar (Sundfær, 2012, s.141-142).
2.2.4.2 Konsekvensar for sosial og emosjonell utvikling
Det å vekse opp med psykisk sjuke foreldre vil også kunne påverke barna både sosialt og emosjonelt. Som nemnt går nokre av desse barna inn i ei omsorgsrolle i tidleg alder. Difor set kanskje nokre av dei eigne behov til side for å hjelpe foreldra på ulike måtar. Alle barn har behov for å kunne vere samen med vener, leike, prate saman med andre på eigen alder, og berre vere barn. Men sidan mange av desse barna set eigne behov til side, kan dette bli nedprioritert.
Det ansvaret barna har på heimebane, og den omsorgsrolla dei har tatt, eller blitt tildelt, kan også bidra til at dei ikkje har overskot til å delta i sosialt samspel (Eide & Rohde, 2009, s.200- 201). Barn som veks opp under belastande forhold over tid kan få vanskar med emosjonell nærleik og tillit (van der Kolk, referert i Sundfær, 2012, s. 108). Dette vil også kunne gjelde dei barna som veks opp med psykisk sjuke foreldre. Desse barna kan ha fått erfaringar i barndommen som gjer det vanskeleg for dei å ha tillit til andre. Dette vil igjen kunne gjere at
21
dei har vanskar med å opprette gode relasjonar til andre, og å vidare klare å oppretthalde desse relasjonane.
For barn som veks opp med foreldre som har psykiske vanskar kan situasjonen på heimebane følast lite føreseieleg og verke uoversiktleg. Det kan føre til at barna får eit behov for kontroll og oversikt over situasjonen, og dei kan difor bruke mykje tid og krefter på å analysere korleis foreldra har det. Også dette kan bidra til at barna manglar overskot til å delta i sosialt samspel.
På grunn av heimesituasjonen kan dei også vegre seg for å ta vener med heim. Nokre barn kan oppleve at sjukdommen bidreg til at foreldra har ei åtferd dei ikkje ynskjer at venene skal sjå.
Andre barn kan vegre seg for å ta med vener heim fordi dei ikkje ynskjer å vise fram ein heim prega av kaos og rot. Alt dette kan igjen føre til at ein del av desse barna isolerer seg, og blir einsame (Eide & Rohde, 2009, s.200-201). Mange barn bur også slik til at dei er avhengig av skyss for å kunne møte vener, eller for at dei skal kunne delta på ulike fritidsaktivitetar. Dersom ikkje foreldra sjølve har kapasitet til å fylgje opp barna på desse områda ved til dømes å hente og bringe, og leggje til rette for besøk, kan det bli vanskeleg for desse barna å delta.
Det viser seg også at mange barn med psykisk sjuke foreldre ikkje får god nok informasjon.
Dersom barna ikkje får informasjon kan dei sjølve byrje å leite etter forklaringar på kva som føregår. Nokre av dei kan då byrje å klandre seg sjølve for at mor eller far er sjuk. Difor kan ein del av desse barna slite med skuldkjensle på grunn av situasjonen (Eide & Rohde, 2009, s.200-201). Å gå rundt å kjenne på dårlig samvit og skuldkjensle over lengre tid kan tenkast å slite på barnet.
Det er med andre ord ingen tvil om at det å vekse opp med psykisk sjuke foreldre kan ha konsekvensar for barna på ei rekkje områder. Men det er også ein del faktorar som kan fungere beskyttande på desse barna, og i samband med dette snakkar ein ofte om resiliens.
2.2.5 Resiliens: Meistrings- og beskyttelsesfaktorar
Michael Rutter (1999) definerer resiliens på fylgjande måte:
The term refers to the phenomenon of overcoming stress or adversity. That is, put in more operational terms, it means that there has been a relatively good outcome for someone despite their experience of situations that have been shown to carry a major risk for the development of psychopathology The focus is strictly on relative resistance to psychosocial risk experiences.
(Rutter, 1999, s.119 - 120).
22
Omgrepet resiliens viser altså til fenomenet der personar som har vore utsett for hendingar som inneber ein risiko for negativ utvikling og psykososiale vanskar, trass denne risikoen meistrar å utvikle seg positivt, og tilpasse seg tilværet. Resiliens er ein prosess, og kan førekomme ein gong, eller fleire gonger. For enkelte kan det vere ein vedvarande prosess gjennom store delar av oppveksten. For å kunne snakke om resiliens er det ein føresetnad at barnet har vore utsett for ein risiko som kan medføre problem og vanskar (Olsen & Traavik, 2010, s.27 -28). Psykiske helsevanskar hjå foreldre kan vere ein slik risiko.
Som vist ovanfor viser forsking at barn som veks opp med psykisk sjuke foreldre har større risiko for å utvikle ulike typar vanskar enn barn som ikkje har psykisk sjuke foreldre. Men det er veldig sjeldan sjukdomen åleine som aukar risikoen for desse barna, det vil vere mange faktorar som spelar inn. Det er difor viktig å vere bevisst på at veldig mange av desse barna klarar seg bra, både i oppveksten og seinare i livet (Rådet for psykisk helse, 2004, s.14).
Killén (2013) trekkjer fram beskyttande faktorar som kan bidra til at barn som lever i vanskelege livssituasjonar klarar seg bra. Ho påpeikar blant anna at barn i vanskelege livssituasjonar treng trygg tilknyting til nokon utanfor familien. For barn med psykisk sjuke foreldre må det ikkje nødvendigvis vere til personar utanfor familien. For desse barna handlar det først og fremst om å ha ei trygg tilknyting til nokon andre enn den eller dei av foreldra som er sjuke. Det kan vere personar i familien, eller andre personar barnet kjenner, til dømes vaksne på skulen (Grinde, 2004, s. 14; Killén, 2013, s. 187).
I kva grad desse barna får hjelp og støtte til å meistre sin livssituasjon best mogleg, vil også vere avgjerande for korleis dei klarar seg vidare i livet. Å hjelpe og støtte dei til å meistre sin livssituasjon handlar til dømes om å lære dei strategiar som vil vere nyttige for dei i kvardagen.
Strategiar som kan gi dei kjensle av at dei meistrar livet og situasjonane dei står i (Killén, 2013, s. 199).
Dersom desse faktorane er til stades for barn med psykisk sjuke foreldre, kan ein seie at dei fungerer som beskyttande faktorar. Motsett vil dei same faktorane fungere som risikofaktorar dersom dei ikkje er til stades. Om ikkje desse faktorane er til stades kan barnet stå i fare for å utvikle vanskar på grunn av psykisk sjukdom i nær familie. Kunnskap om beskyttande faktorar er difor viktig og verdifull for dei ulike yrkesgruppene i skulen som skal arbeide med å fylgje opp og leggje til rette for elevar med psykisk sjuke foreldre. Det er viktig kunnskap som kan seie noko om kva som er viktig for desse elevane, kva dei treng, og kva ein kan byggje vidare
23
på i skulen. Eg vil no rette fokuset mot kva ulike yrkesgrupper i skulen må ta omsyn til i møtet med dei elevane som har psykisk sjuke foreldre.
2.3 Oppfylging og tilrettelegging for elevar med psykisk sjuke foreldre
I denne delen av oppgåva vil eg ha fokus på oppfylging og tilrettelegging for elevar i skulen som har psykisk sjuke foreldre. Eg vil sjå nærmare på skulens mandat, kva behov elevane kan ha og kva som er viktig i møte med desse elevane. Her vil eg rette eit særskilt fokus på samarbeid med hjelpeinstansar og samarbeid med heimen. I tillegg vil verdien av relasjonskompetanse, klasseleiing og tilpassa opplæring bli vektlagt. Til slutt vil eg ta ein kort gjennomgang av verktøy og program som kan nyttast i arbeidet med desse elevane.
2.3.1. Skulen sitt mandat
Ivaretaking av barn som pårørande er heimla i Helsepersonellova § 10a: «Helsepersonell skal bidra til å ivareta det behovet for informasjon og nødvendig oppfølging som mindreårige barn kan ha som følge av at barnets forelder eller søsken er pasient med psykisk sykdom, rusmiddelavhengighet eller alvorlig somatisk sykdom eller skade» (Helsepersonellova, 1999,
§10a). Det er med andre ord helsepersonell som har det overordna ansvaret for å ivareta mindreårige barn som har foreldre med psykisk sjukdom. Men sjølv om ikkje skulen har eit lovfesta konkret ansvar for å fylgje opp denne barnegruppa, og for å gi dei informasjon, har også skulen og yrkesgruppene der eit ansvar for desse barna.
I Noreg har alle barn lovfesta plikt til grunnskuleopplæring (Opplæringslova, 1998, §2-1), og dei aller fleste barn får denne opplæringa på offentlege grunnskular. Det vil seie at dei yrkesgruppene som arbeider i skulen møter eit mangfald av barn og unge. Det å møte dette mangfaldet av elevar, sjå dei, anerkjenne dei og gi dei ei best mogleg opplæring er ein del av skulen sitt mandat. Skulen sitt mandat blir konkretisert i opplæringslova, i forskriftene til lova og i dei ulike delane av Læreplanen for Kunnskapsløftet. Alt dette legg dermed føringar for skulen, og det arbeidet som blir gjort der. Særskilt seier føremålsparagrafen i Opplæringslova noko om skulen sitt mandat:
Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring. […]. Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei