FYLKESMANNEN
I SOGN OG FJORDANE
TILSYNSRAPPORT
FRÅ OPPFØLGINGSTILSYN
SKULEN SITT ARBEID MED ELEVANE SITT PSYKOSOSIALE MILJØ
Høyanger kommune Kyrkjebø skule
2013
07.11.2013
Innhald
1. Innleiing ... 3
2. Eigeninitiert tilsyn 2010 ... 3
3. Oppfølgingstilsyn 2013 ... 3
4. Kontrollområde for oppfølgingstilsynet 2013 på Kyrkjebø skule ... 4
5. Fylkesmannen si vurdering etter oppfølgingstilsyn 2013 ... 5
A. Førebyggjande arbeid og internkontroll. ... 5
B. Det individuelt retta arbeidet ved skulen ... 7
C. Brukarmedverknad ... 11
6.Varsel om pålegg om endring ... 14
7. Oppfølging av tilsynsresultata – krav om eigenerklæring om at lovbrota er retta ... 14
8. Klage ... 15
Vedlegg 1 Oversyn over innsendt dokumentasjon ... 16
Vedlegg 2 Oversyn over deltakarane i tilsynet ... 17
Vedlegg 3 Rettslege krav ... 18
1. Innleiing
Etter opplæringslova § 14–1 andre ledd har departementet heimel til å føre tilsyn med offentlege skular. Denne retten er delegert til Fylkesmannen. Fylkesmannen skal ha tilgang til skuleanlegg og dokumentasjon.
2. Eigeninitiert tilsyn 2010
Tema
Det vart gjennomført eigeninitiert tilsyn (hausten 2010) med tema Skulen sitt arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø, jf. opplæringslova kapittel 9a. Hovudregelen for tilsynet var
§ 9a-1, og dei andre reglane som vart kontrollerte, må sjåast i lys av denne. Tilsynet var likevel avgrensa til berre å gjelde skulen sitt arbeid med det psykososiale miljøet.
Det rettslege utgangspunktet for tilsynet var delt inn i tre hovudkategoriar:
Det førebyggjande arbeidet ved skulen - § 9a-4, jf. § 9a-3 første ledd.
Det individuelt retta arbeidet ved skulen - § 9a-3 andre og tredje ledd.
Brukarmedverknad, dvs. skulen si plikt til involvering av og samhandling med ulike råd og utval - §§ 9a-5, 9a-6 og kapittel 11.
Det er skulen som etter lova pliktar å sikre at den enkelte eleven får oppfylt retten sin til eit godt psykososialt miljø, jf. § 9a–1 og § 9a–3 første ledd. Skulen vil her seie: skuleeigar, skuleleiinga og dei tilsette ved skulen.
Sjølv om opplæringslova legg ansvaret på skuleleiinga for den daglege gjennomføringa og
etterlevinga av dei kontrollerte reglane, er det kommunen som har det overordna ansvaret. Det er kommunen som skuleeigar som må syte for at skuleleiinga ved kvar skule etterlever krava og pliktene i lova, og at dei tilbyr dei tenestene og aktivitetane som lova omtalar.
Rettslege krav går fram av opplæringslova kapittel 9a og 11, rundskriv Udir-3-2010 og vedlegg til denne tilsynsrapporten, jf. vedlegg 3.
3. Oppfølgingstilsyn 2013
Bakgrunn
Hausten 2010 gjennomførte Fylkesmannen eit eigeninitiert tilsyn med Høyanger kommune ved Kyrkjebø skule (og Høyanger skule). Tema for tilsynet var elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø og skulen sitt arbeid med å sikre dette.
Det vart gitt to pålegg om endring fordelt på to av tre av hovudområde for tilsynet, pålegga gjaldt det førebyggjande arbeidet og brukarmedverknad.
I tilsynsrapporten kravde Fylkesmannen ei skriftleg erklæring frå skuleeigar om at lovbrota var retta og at det vart gjort endringar i samsvar med pålegga. Kommunen sin frist for slik erklæring var 1.
april 2011. Høyanger kommune gav tilbakemelding 31. mars 2011.
Fylkesmannen responderte på kommunen si tilbakemelding den 4. juli 2011 med slik konklusjon:
«Kyrkjebø skule
Kommunen har levert dokumentasjon som m.a. syner skulen sine rutinar/planar for det førebyggjande skulemiljøarbeidet, prosedyre for handsaming av klage og involvering av råd og utval.
Fylkesmannen si vurdering/tilbakemelding
Fylkesmannen har ingen merknader til dei tiltaka som kommunen vil setje i verk. Pålegg og med tilhøyrande kontrollpunkt er såleis lukka.»
Gjennomføring av oppfølgingstilsynet
Varsel til Høyanger kommune om tilsyn med pålegg om å sende inn utgreiing og dokumentasjon frå kommunen og skulen datert 29.01.2013.
Mottak av dokumentasjon og utgreiing frå kommunen/skulen datert 05.05.2013.
Dagsorden for tilsynet i e-post datert 28.05.2013
Opningsmøte 12.06.2013.
Intervju/samtalar 10. og 12.06.2013.
Varsel om pålegg og førebels rapport datert 12.09.2013.
Sluttmøte med Høyanger kommune 01.10. og 14.10.2013.
Frist for tilbakemelding om varsel om vedtak og førebels rapport 04.10.2013.
4. Kontrollområde for oppfølgingstilsynet 2013 på Kyrkjebø skule
Pålegg som vart gitt i samband med tilsynet hausten 2010:
Førebyggjande arbeid ved skulen, § 9a-4, jf. § 9a-3 første ledd
1. Høyanger kommune – skal syte for Kyrkjebø skule skal jobbe aktivt, systematisk og kontinuerleg for å fremje eit godt psykososialt skulemiljø og forhindre at krenkjande åtferd skjer. Høyanger kommune må i samband med dette sjå til at Kyrkjebø skule
a. Etablerer skriftlege rutinar/planar for det førebyggjande skulemiljøarbeidet, herunder inspeksjonsrutinar, handlingsplikt og varsling, og etablering av råd og utval
b. Evaluerer og held ved like rutinar/planar for det førebyggjande arbeidet.
Det individuelt retta arbeidet ved skulen, § 9a-3 tredje ledd Fylkesmannen gav ikkje pålegg under dette punktet.
Brukarmedverknad, §§ 9a-5, 9a-6 og kapittel 11
2. Høyanger kommune skal syte for at Kyrkjebø skule involverer elevar og foreldre i skulemiljøarbeidet. Høyanger kommune må i må i samband med dette sjå til at Kyrkjebø skule:
a. Involverer elevane i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet med skulemiljøet etter
§9a-5.
b. Syter for at råd og utval vert haldne orientert om saker som har vesentleg innverknad for skulemiljøet etter § 9a-6 andre ledd.
I vår rapport etter tilsynet med Høyanger kommune – Kyrkjebø skule hausten 2010, gjekk det fram at mange av skulen sine rutinar ikkje var skriftleggjort. Då skulen la fram lite skriftleg
dokumentasjon som synte skulen sine rutinar/planar, var det vanskeleg å vurdere i kva grad planar/rutinar vart evaluert og vedlikehaldne.
I si tilbakemelding etter tilsynet i 2010 skriv rektor på Kyrkjebø skule m.a.:
«Kyrkjebø skule har utarbeida rutinar/planer for det førebyggande skulemiljøarbeidet. Det har vore ein omfattande arbeidsprosess. Samarbeidsutvalet, skulemiljøutvalet, arbeidsutvalet, elevrådet og personale har deltatt i planarbeidet.»
5. Fylkesmannen si vurdering etter oppfølgingstilsyn 2013
Mykje av den innsendte er identisk med dokumentasjonen som vart sendt inn til Fylkesmannen i samband med retting av pålegg etter tilsynet 2010. For å svare på kontrollspørsmåla er difor informasjon gjennom samtale/intervju sentralt ved dette oppfølgingstilsynet.
Avgrensing av oppfølgingstilsynet
Vi har denne gongen retta merksemda særleg mot pålegga som vi gav i 2010, dvs. under det førebyggjande arbeidet og brukarmedverknad. Vi ser at nokre av pålegga også fell under skulen sitt individuelt retta arbeid. I oppfølgingstilsynet har vi difor også kontrollert nokre sider under dette området.
A. Førebyggjande arbeid og internkontroll Dei rettslege krava er gjort greie for i vedlegg 3.
Under tilsynet i 2010 kom det fram at skulen mangla skriftlege rutinar/planar som gjaldt det
førebyggjande skulemiljøarbeidet. Vidare etterlyste vi skulen sine rutinar for å evaluere og halde ved like rutinar/planar i tilknyting til det førebyggjande arbeidet.
I vår rapport etter tilsyn med Høyanger kommune ved Kyrkjebø skule hausten 2010, var vurderinga slik:
Framlagt dokumentasjon syner at mange av skulen sine rutinar ikkje er skriftleggjort. I fleire intervju vert det også peika på at skulen manglar skriftleggjering av rutinar/planar. Då skulen har lagt fram lite skriftleg dokumentasjon som syner skulen sine rutinar/planar, er det også vanskeleg å vurdere i kva grad planar/rutinar vert evaluert og vedlikehaldne.
Kan skulen dokumentere korleis ein jobbar med det førebyggjande arbeidet ?
Etter tilsynet i 2010 redigerte skulen sin «Handlingsplan mot mobbing og anna krenkjande åtferd» 1. Planen inneheld m.a. skulen sine mål, kva er uønskt åtferd/mobbing og tiltak, forankring av planen.
1Kyrkjebø skule: Handlingsplan for å førebygge mobbing og rette opp uønska oppførsel
Det er også utarbeidd ulike skjema, m.a. førebuingsskjema for elev- og foreldrekonferanse og klageskjema i forhold til opplæringslova kap. 9-a.
Gjennom skulen sin informasjonsperm2 og skulen sin handlingsplan mot mobbing har skulen også skriftleggjort mange av sine rutinar, m.a. som gjeld korleis skulen informerer om kapittel 9A, t.d. at skulemiljøet skal vere tema i alle råd og utval - minimum ein gong pr. halvår, korleis registrering av avvik kan skje, kva skulen gjer dersom det vert meldt avvik (kap.9a). Korleis skulen arbeider
førebyggjande, t.d. gjennom temaarbeid, elev- og gruppesamtalar. At det vert gjennomført årleg elevundersøking ved skulen på mellomtrinnet. Det er også orientert om skulen sine
inspeksjonsrutinar. At skulen sitt skulemiljø skal vere tema på eitt av foreldremøta kvart år. Planen inneheld også kva skulen gjer dersom det er konstantert mobbing og prosedyre ved oppmoding av tiltak/klage etter kap. 9a i opplæringslova. Rutinane er oppdaterte per 09.03.2011
Under tilsynet i 2010 hadde skulen m.a. ikkje lagt fram skriftlege inspeksjonslister/-instruks for friminutta. I samband med oppfølgingstilsynet har skulen levert inn tilsynsliste med tilsynsrutinar.
Lista inndelt i dagar og klokkeslett, for eit av friminutta er det ført opp inspeksjon for både ute- og inne. I intervju med tilsette kjem det m.a. fram at dei har blitt meir medvitne om å
rapportere/fortelje kvarandre om forhold som har skjedd i friminutta.
Er det dokumentert at planane og rutinane vert evaluerte av skulen?
Skulen sitt ordensreglement vart sist revidert i 2010. Men gjennom intervju kjem det fram at ny revisjon ligg på vent då det skal utarbeidast eit felles kommunalt ordensreglement.
Det går fram av intervju og samtalar at skuleåret 2012/13 ikkje har vore særleg utfordrande når det gjeld åtferdsproblematikk ved skulen, men det vert etterlyst ein revisjon av skulen sin handlingsplan mot mobbing (2010).
I skulen sin handlingsplan for å førebygge mobbing/rette opp uønska oppførsel vert det m.a. vist til at ein ved skulen skal ha regelbunden oppfølging og evaluering av arbeidet (s.4), gjennomføre mobbeundersøking i klassane ein gong kvart skuleår (s.9) og at ein skal revidere planen kvar år ved skulestart (s.9). I skulen sitt årlege informasjonshefte går det fram at vurdering og oppfølging av skulemiljøet til elevane skal vere tema i alle råd og utval på skulen, minimum ein gong pr. halvår.
(s.19). Vi er usikker på i kva grad skulen systematisk har gjennomført halvårleg evaluering av skulemiljøet i råd og utval slik handlingsplanen legg opp til.
Frå Kyrkjebø sitt informasjonshefte 2012/2013 som gjeld kap. 9a i opplæringslova går det fram at det skal førast referat frå m.a. personalmøte, teammøte, leiarteam. Vi meiner at personalmøte og teammøte er viktige evalueringsarenaer på ein skule. Referat frå personalmøte ved viktige avgjerder vert lagt ut på skulen si læringsplattform «Fronter». I kva grad dette faktisk vert gjort systematisk er ikkje kontrollert under oppfølgingstilsynet.
Vurdering
I skulen sin handlingsplan mot mobbing og i skulen sitt årlege informasjonshefte har skulen
skriftleggjort sine rutinar. Det siste er skriftleggjering av skulen sine inspeksjonsrutinar. Elevane sin trivsel er obligatoriske tema på elevsamtalane og foreldrekonferansane. Skulen har utarbeidd eige førebuingsskjema.
2Kyrkjebø skule: Informasjon 2012/13
For Kyrkjebø skule har ein konkretisert ordensreglane gjennom klassereglar. Både ordensreglane, klassereglane er godt kjende, både i innhald og som system. Det vert peika på at ordensreglane bør reviderast, men dette ligg på vent då ein ønskjer å utarbeide eit felles kommunalt ordensreglement.
Vi ser også behov for å korrigere nokre forhold i skulen sitt ordensreglement, m.a. om heimsending under leirskule. Dette vart også peika på etter tilsynet i 2010.
Når det gjeld skulen sitt førebyggjande arbeid, er skulen sin handlingsplan mot mobbing sentral.
Denne inneheld tiltak og ansvar når det gjeld å førebyggje, oppdage og handtere uønskt åtferd. Det vert etterlyst revisjon av planen. Gjennom intervju og samtale finn vi ikkje haldepunkt for at skulen sine rutinar vert praktiserte ulikt av tilsette på skulen. I intervju og dokument går det fram at skulen sin handlingsplan mot mobbing også gjeld for andre typar krenkjande ord/ handlingar som t.d. diskriminering, vald eller rasisme.
Ved skulen er det også etablert drøftingsarenaer for dei tilsette i form av morgonmøte og personalmøte (kvar veke). Vi ser særleg personalmøtet som ein sentrale drøftingsarena for evaluering av skulemiljøarbeidet. Leiinga (rektor) er elles tett involvert i den daglege gjennomføringa av det systematiske skulemiljøarbeidet.
Skulen evaluerer skulemiljøet ved skulen gjennom ei eiga trivselsundersøking. Resultata frå både Elevundersøkinga og skulen si trivselsundersøking skal drøftast i elevrådet, personalmøte og i skulemiljøutvalet. Vi er usikker på i kva grad skulen systematisk gjennomfører halvårleg evaluering av skulemiljøet i råd og utval slik det går fram av skulen sitt informasjonshefte. Skulen har
utarbeidd aktivitetsplan som inneheld ein del aktivitetar gjennom skuleåret, kven det gjeld og kven som har ansvar.
Tilbakemelding frå kommunen etter førebels rapport - førebyggjande arbeid og internkontroll
Kyrkjebø skule har i ettertid meldt tilbake til oppvekstsjefen at skulen i samband med tilsynet ikkje hadde sendt inn oppdatert handlingsplan mot mobbing. Fylkesmannen har fekk tilsendt skulen sin plan frå 2010, men den oppdaterte planen er frå 2011.
Konklusjon:
Høyanger kommune – Kyrkjebø skule har dokumentert godt nok at skulen tek i vare dei rettslege krava som gjeld for det førebyggjande arbeidet og internkontroll.
B. Det individuelt retta arbeidet ved skulen Dei rettslege krava er gjort greie for i vedlegg 3.
Då nokre av pålegga i 2010 tangerte skulen sitt individuelt retta arbeid, har vi i oppfølgingstilsynet kontrollert nokre sider under dette området. Spesielt har vi sette nærare på rutinar som gjeld dei tilsette si handlingsplikt, varsling til skuleleiinga og om skulen fattar enkeltvedtak dersom foreldre eller elevar ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet.
I vår rapport etter tilsyn med Høyanger kommune ved Kyrkjebø skule hausten 2010 var vurderinga slik:
Vi finn haldepunkt for at dei tilsette ved skulen kjenner til handlingsplikta etter opplæringslova
§ 9a-3 andre ledd.
Når det gjeld terskelen for å gjere enkeltvedtak etter opplæringslova § 9a-3 tredje ledd, er det vanskeleg å vurdere dette forholdet fullt ut. Vi ser ofte slike oppmodingar vert løyst i form av
eit møte og møtereferat. Referatet vert deretter lagt i eleven sin perm. For å sikre foreldra sine juridiske rettar bør slike referat i staden utformast som eit enkeltvedtak, jf opplæringslova § 9a-3 tredje ledd. I vår vurdering har vi også lagt vekt på at Kyrkjebø skule har vore aktiv med tanke på å informere foreldra om kap.9a og deira rettar, jf opplæringslova § 9a-3.
Er dei tilsette gjort kjende med si handlingsplikt3 og kjenner dei tilsette til innhaldet?
Etter tilsynet i 2010 har skulen utarbeidd informasjon om kap. 9a i opplæringslova, der m.a. dei aktuelle lovparagrafane som inneheld personalet si handlingsplikt er teke med. Gjennom intervju går det fram at skuleleiinga har informert dei tilsette om handlingsplikta, m.a. på personalmøte og i gjennom personalsamtalar med tilsette. Det er også lagt inn informasjon om kap. 9a til foreldra i skulen sin årlege informasjonsfaldar som vert delt ut til alle foreldre.
Omgrepet «handlingsplikt» slik dette kjem fram i opplæringslova § 9a-3 andre ledd vert vanlegvis ikkje nytta som omgrep av tilsette på skulane. Gjennom intervju kjem det fram at i hovudsak kjenner dei tilsette ved skulen til innhaldet sjølv om det varierer kva tilsette legg vekt på når det gjeld omgrepet.
Om det ligg føre rutinar som skal sikre at reinhandspersonalet og vaktmeister er gjort kjende med deira handlingsplikt etter opplæringslova, er derimot uklart. Reinhalds- og vaktmeistertenesta i kommunen er ikkje underlagt tenesteområdet «Oppvekst». Dette lovbrotet er stadfesta gjennom intervju.
Har skulen rutinar for varsling til skuleleiinga og korleis følgjer leiinga opp varsling?
Under tilsynet i 2010 fann vi at skulen ikkje hadde skriftleggjort prosedyrar for å varsle leiinga dersom mistanke/kunnskap om krenkjande åtferd. Etter tilsynet i 2010 har skulen utarbeidd
handlingsplan mot mobbing som m.a. inneheld rutinar ved mistanke og kunnskap. Gjennom intervju kjem det fram at desse rutinane også gjeld ved annan krenkjande åtferd, men ved revisjon av planen bør akkurat dette forholdet klargjerast betre.
Varslar dei tilsette skuleleiinga når dei får kjennskap/mistanke om krenkjande åtferd ? Gjennom intervju og samtalar kjem det fram at dei tilsette ved skulen er raske til å varsle skuleleiinga (rektor) dersom dei har kjennskap/mistanke om at elevar er utsette for krenkjande åtferd. Leiinga har elles dagleg kontakt med dei tilsette (morgonmøte) og med elevane. Vi finn at leiinga er godt orientert om det som skjer på skulen og i klassane.
Skulen har ikkje utarbeidd eige meldeskjema som dei tilsette kan nytte, t.d. dersom dei får kjennskap/mistanke eller tek i mot oppmoding frå elevar eller foreldre. I intervju vert eit slikt skjema etterlyst.
Vert det fatta enkeltvedtak ved skulen dersom foreldre/elevar ber om tiltak knytt til skulemiljøet?
Etter tilsynet i 2010 har skulen i sin handlingsplan for mobbing utarbeidd skrifteleg prosedyre for behandling av oppmoding eller klage frå foreldre som vedkjem psykososiale miljøet, og vi har ikkje merknader til prosedyren.
3 Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.
I samband med tilsynet i 2010 hadde ikkje skulen fatta enkeltvedtak etter oppmoding om tiltak som gjaldt det psykososiale miljøet. Slike oppmodingar vart løyste i form av møte og ev. møtereferat.
Det kjem fram i intervju at skulen seinare har motteke oppmodingar frå foreldre, men at skulen ikkje har fatta enkeltvedtak slik opplæringslova krev, jf. § 9a-3 tredje ledd. Gjennom intervju kjem det også fram at ein ønskjer å ordne opp, unngå klage og enkeltvedtak.
Desse forholda viser at Kyrkjebø skule har ein misforstått og praktiserer ein ulovleg praksis. Det ikkje slik at eit enkeltvedtak kjem i staden for, eller er i konflikt med, «å ordne opp». Tvert imot så skal enkeltvedtaket beskrive skulen sine praktiske tiltak for å oppfylle eleven sin rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen skal heller ikkje ha spesielle grunnar utover oppmodinga for å skrive enkeltvedtak. Skulen skal alltid gjere enkeltvedtak når
elevar/foreldre oppmodar om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Skulen har ei vedtaksplikt etter opplæringslova § 9a-3, tredje ledd. Eit slikt vedtak må eksplisitt ta stilling til eleven sin rett etter § 9a-1, dvs. om retten til eit godt psykososialt miljø er oppfylt eller ikkje. Og i tråd med forvaltningslova skal vedtak alltid informere om rett til å klage, klagefrist og klageinstans.
Oppmodingar frå elevar og foreldre treng ikkje vere skriftlege. Skulen kan ikkje sjå bort frå ei oppmoding fordi ho ikkje er skriftleg eller ikkje seier kva for tiltak eleven/foreldra ønskjer. Skulen kan heller ikkje krevje at eleven/foreldra må kome tilbake med ei skriftleg oppmoding. Dersom skulen er i tvil om ei oppmoding frå eleven/foreldra faktisk er ei oppmoding etter § 9a-3 tredje ledd, må skulen avklare dette. Skulen har ei rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11. Ein del av dette vil vere å informere eleven/foreldra om rettane etter kapittel 9a og klarleggje om ei oppmoding frå ein elev eller foreldre om det psykososiale miljøet er ei oppmoding om tiltak. Den som tek imot
førespurnaden, pliktar også å informere om retten til å be om tiltak og klageretten etter § 9a-3 tredje ledd. Alle oppmodingar, også munnlege, skal takast på alvor og utgreiast. Dette er ein del av skulen si utgreiingsplikt etter forvaltningslova § 17.
Oppmodinga skal normalt rettast til skuleleiinga ved rektor, men oppmodingar kan også rettast til lærarar og andre tilsette. Dersom oppmodinga blir retta til ein lærar, må læraren vurdere kva oppmodinga gjeld og om dette er noko som kan og bør løysast innanfor klassen. Læraren si vurdering vil vere viktig når det skal avgjerast kva tiltak som eventuelt skal inn i enkeltvedtaket.
Men uansett om oppmodinga kan løysast innanfor klassen, skal oppmodinga bringast vidare til skuleleiinga. Ei oppmoding frå elevar/foreldre skal aldri stoppe opp på klassenivå. Dette har
samanheng med kravet i § 9a-3 tredje ledd (første punktum) om at alle tilfelle der det blir bedt om tiltak knytt til det psykososiale miljøet, skal behandlast som enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Regelen slår også fast at saka skal behandlast «snarast mogleg», og dersom det ikkje er gjort eit enkeltvedtak etter forvaltningslova «innan rimeleg tid», kan eleven/foreldra klage som om skulen hadde gjort eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Ei klage skal alltid sendast til det
forvaltningsorganet som har eller skulle ha gjort enkeltvedtak i saka i første instans. Det vil seie at klaga skal sendast til skulen. Fylkesmannen er klageinstans, men før klageinstansen kan ta saka til behandling, må skulen eller skuleeigar sjå på saka på nytt, og eventuelt førebu saka for
fylkesmannen, jf. forvaltningslova § 33.
Elles inneheld ikkje opplæringslova kapittel 9a krav til saksbehandlinga. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova gjeld for saker etter § 9a-3. Dersom skulen ikkje behandlar noko som var meint som ei oppmoding, er dette alvorleg og kan få konsekvensar, m.a. anna etter strafferegelen i opplæringslova § 9a-7.
Skulen har utarbeidd eit klageskjema som foreldra skal nytte. Det går fram av underteksten på skjemaet at elevar og foreldre som ber om tiltak etter opplæringslova kap. 9a skal fylle ut dette skjemaet og levere til skulen. Det går vidare fram at for at skjemaet skal kunne nyttast, må to
forhold vere på plass. For det første skal foreldra ha vore i kontakt med ein representant frå skulen (rektor/lærar) og for det andre skal klagen framsetjast skriftleg. Vi finn dette til å vere ein
forholdsvis omstendeleg prosess før foreldra kan bruke skjemaet. Vi finn såleis at terskelen for å kome med ei oppmoding kan difor bli for høg og vil også vere i strid med det som går fram av opplæringslova § 9a-3 tredje ledd: ”Skolen skal snarast mogeleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova.” 4
Då skulen ikkje har fatta vedtak eller utarbeidd mal for vedtak etter opplæringslova § 9a-3 tredje ledd, er det ikkje mogeleg å vurdere i kva grad vedtaket innfrir bestemte formkrav etter
forvaltingslova, t.d. om skulen i vedtaket har tatt stilling til om eleven sin rett etter opplæringslova
§ 9a-1 er oppfylt eller ikkje.
Vurdering
Når det gjeld dei tilsette si handlingsplikt, går det fram at skulen informerer dei tilsette om denne.
Men skulen kan ikkje dokumentere i kva grad reinhaldspersonalet og vaktmeister er gjort kjende med handlingsplikta.
Skulen sin handlingsplan mot mobbing og årlege informasjonsfaldar til foreldre er sentrale dokument som m.a. inneheld rutinar for varsling til leiinga - ved mistanke eller kunnskap om krenkjande
åtferd. Gjennom intervju og samtale har vi ikkje haldepunkt for å hevde at dei tilsette ikkje varslar eller informerer leiinga dersom elevar vert utsett for krenkjande åtferd eller ved mistanke. Leiinga ved skulen har også dagleg kontakt med tilsette og elevar og er såleis godt orientert om det som skjer på skulen.
I samband med tilsynet har ikkje skulen levert enkeltvedtak eller mal for enkeltvedtek som gjeld det psykososiale miljøet, jf. opplæringslova § 9a-3 tredje ledd. Gjennom intervju er det klare
haldepunkt for at skulen har fått oppmodingar der skulen skulle ha gjort enkeltvedtak, men at ein ønskjer å ordne opp, unngå klage og enkeltvedtak. Kyrkjebø skule har ein misforstått og praktiserer ein ulovleg praksis på dette området.
Skulen har utarbeidd eit skjema som foreldre skal nytte ved oppmoding/klage som vedkjem det psykososiale miljøet. Men vi finn at skulen sine føresetnader som er lagt til grunn for bruken av skjemaet, kan føre til at foreldra sin terskel for å framsette ei oppmoding vert for høgt som er i strid med opplæringslova, jf. § 9a-3 tredje ledd.
Då skulen ikkje har gjort vedtak eller utarbeidd mal for vedtak, kan ikkje tilsynsinstansen vurdere om vedtaket imøtekjem bestemte formkrav, t.d. om skulen tek stilling til eleven sin rett etter § 9a-1 er oppfylt eller ikkje. Frå andre tilsvarande tilsyn er dette ein gjennomgåande lovbrot.
Tilbakemelding frå kommunen etter førebels rapport - individuelt retta arbeidet ved skulen
Kyrkjebø skule hadde ikkje satt fram merknader til Høyanger kommune som gjeld dette punktet i rapporten. Men kommunen ha i ettertid levert inn mal for enkeltvedtak som skal nyttast dersom foreldre/elevar kjem med oppmoding om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Malen inneheld eitt eige punkt i enkeltvedtaket der vedtaksinstansen skal ta stilling til om eleven har eit til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring, jf. opplæringslova § 9a-1
.
Fylkesmannen har difor redusert eitt kontrollpunkt under pålegg 2 i forhold til førebels rapport.
4Vi viser også til Utdanningsdirektoratet sitt rundskriv (Udir-2-2010).
Fylkesmannen sin konklusjon
Høyanger kommune – Kyrkjebø skule har ikkje dokumentert godt nok at skulen tek i vare dei rettslege krava som gjeld skulen sitt individuelt retta arbeid.
C. Brukarmedverknad
Dei rettslege krava er gjort greie for i vedlegg 3.
Tilsynet i 2010 viste at det hadde vore liten møteaktivitet i samarbeidsutvalet og at elevane heller ikkje var fast representert i dette utvalet samarbeidsutvalet, men dei vart kalla inn ved behov. Det vart difor gitt pålegg om å involvere elevane i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet med skulemiljøet. Vidare vart det gitt pålegg om at skulen måtte sjå til at råd og utval vart haldne orientert om saker som har vesentleg innverknad for skulemiljøet.
I vår rapport etter tilsyn med Høyanger kommune ved Kyrkjebø skule hausten 2010, var vurderinga slik:
Når det gjeld møteaktivitet i samarbeidsutvalet ved Kyrkjebø skule, går det fram av både intervju og frå referat at det har vore liten møteaktivitet. I referat frå møte i
samarbeidsutvalet (03.03.2010) går det også fram at elevane ikkje er representert, men at dei vert kalla inn i spesielle saker.
I oppfølgingstilsynet har vi særleg lagt vekt på å undersøkje om desse forholda no er på plass, dvs.
om elevane er involvert i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet med skulemiljøet og råd og utval vert orientert om saker som har vesentleg innverknad for skulemiljøet. Vi vil også undersøkje om samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet er på plass og at desse har lovleg samansetjing.
Har skulen rutinar for å involvere elevane i skulemiljøarbeidet?
Møteinnkalling og referat frå samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet frå våren 2013 syner at elevane no representerte i desse utvala. Men referat frå hausten 2012 (04.10.12) syner at elevane ikkje var representerte på dette møtet i samarbeidsutvalet.
Då elevane først var representert i samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet (SU/SMU) våren 2013, har ikkje skulen dokumentert i kva grad elevrådet har hatt høve til å ta opp saker i desse utvala.
Skulen har ikkje har utarbeidd halvårsplan/årsplan for SU/SMU. Dette kan lett føre til at arbeidet i desse utvala vil vere dårleg koordinert med arbeid i andre råd på skulen, t.d. elevrådet. Dette forholdet vert også peika på og stadfesta i intervju.
Har skulen rutinar for å halde råd og utval orientert om forhold som er vesentlege for skulemiljøet?
I skulen sitt årlege informasjonshefte går det fram at vurdering og oppfølging av skulemiljøet til elevane skal vere tema i alle råd og utval på skulen, minimum ein gong pr. halvår. (s.19). Men ved gjennomgang av innleverte referat frå råd og utval ved skulen går det ikkje fram i kva grad
vurdering og oppfølging av skulemiljøet til elevane har vore tema i råd og utval slik det er lagt opp til. Gjennom intervju peikar rektor på at dette truleg ikkje har kome med i referatet. I referata finn vi heller ikkje dokumentert at råd og utval er orienterte om t.d. resultat frå Elevundersøkinga og skulen si eiga trivselsundersøking. På bakgrunn av dette finn vi at skulen ikkje kan dokumentere fullt ut i kva grad råd og utval vert orientert om forhold som er vesentlege for skulemiljøet. Dette forholdet er også stadfesta gjennom intervju og samtalar.
Av innleverte referat går det fram at det vert skrive felles referat frå samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet, det går såleis ikkje fram kva som er SU-saker og kva som er SMU-saker. Lova opnar for at samarbeidsutvalet også kan vere skulemiljøutval med tilleggsrepresentasjon, men dette
betyr ikkje at dei to utvala vert fusjonerte. SU og SMU skal fungere som to sjølvstendige utval med ulike oppgåver og ulike krav til samansetjing.
Er det oppretta samarbeidsutval og skulemiljøutval med lovleg samansetjing?
I skulen sin informasjonsfaldar er det gitt oversyn over rådsorgana ved skulen og deira oppgåver.
Men vi merkar oss at skulemiljøutvalet ikkje er med i dette oversynet. Det kjem også fram i intervju og samtalar at skulen sitt skulemiljøutval er forholdsvis ukjent, dvs. utvalet sin funksjon og
oppgåver.
Samarbeidsutvalet ved skulen har slik samansetjing: to elevrepresentantar, to
foreldrerepresentantar, to representantar for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette, to representantar frå kommunen inkl. rektor. Samarbeidsutvalet ved Kyrkjebø skule har ei lovleg samansetjing, jf. opplæringslova § 11-1 første ledd.
Av innlevert innkalling og referat går det fram at skulemiljøutvalet har same samansetjing som samarbeidsutvalet. På bakgrunn av dette vil ikkje skulemiljøutvalet vere sett saman slik at
representantane for elevane og foreldra til saman får fleirtal. Skulemiljøutvalet ved Kyrkjebø skule har såleis ikkje ei lovleg samansetjing, jf. opplæringslova § 11-1a andre ledd.
Vert det halde jamlege møte i dei respektive brukarorgana?
I samband med oppfølgingstilsynet har vi fått denne dokumentasjonen frå råd og utval ved skulen:
Elevrådet 1.-7. klasse Referat: 05.09-12.09.19.09.12, 14.11.12, 05.12.12, 09.01.13, 27.02.13, 24.04.13, 05.02.13, 14.03.13, 04.04.13.
Samarbeidsutvalet/ skulemiljøutvalet Innkalling: 11.04.13.
Referat: 04.10.12, 11.04.13.
Foreldrerådet sitt samarbeidsutvalet Referat: 04.10.12, 18.04.13.
Vi konkluderer med at det for skuleåret 2012/13 har vore jamlege møte i brukarorgana på skulen, men det kan stillast spørsmål om dette også gjeld for skulemiljøutvalet.
Vurdering
Vi ser samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet som sentrale arenaer med tanke på at skuleleiinga her skal kunne gje informasjon om t.d. hendingar, planar og vedtak som er vesentlege for skulemiljøet.
God informasjon vil kunne leggje grunnlaget for involvering og engasjement hos foreldre og elevar, dvs. å uttale seg og kome med framlegg i alle saker som er viktige for skulemiljøet.
Det er krav i opplæringslova om at elevar og foreldre skal ha høve til å involvere og engasjere seg i arbeidet for eit godt psykososialt miljø ved skulen. For å oppnå dette skal dei ulike råd og utvala ved skulen ha høve til å uttale seg om saker som er av betyding for skulemiljøet før endeleg vedtak vert gjort.
På bakgrunn av tidlegare pålegg frå 2010 er det eit alvorleg at elevane ikkje vart representerte i samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet før våren 2013.
Vi finn at skulen ikkje kan dokumentere at skulen syter for at råd og utval er orienterte om forhold som er vesentlege for skulemiljøet. Skulen har ikkje utarbeidd årshjul som t.d. syner datoar og kva saker som skal behandlast i råd og utval. Dette kan lett føre til at arbeidet i råd og utval vert dårleg koordinert.
Det er felles referat frå samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet, men det går ikkje fram kva saker som er handsama i dei to respektive utvala.
Vi merkar oss også at skulen gjev elevrådsrepresentantane ei viss opplæring i elevrådsarbeid og elevmedverknad.
Skulen har oppretta lovpålagte utval, men skulemiljøutvalet si samansetjing er ikkje lovleg. Det har elles vore regelmessige møte i råd og utval.
Tilbakemelding frå kommunen etter førebels rapport - brukarmedverknad
Kyrkjebø skule har i ettertid meldt tilbake til oppvekstsjefen at skulen at elevane har møtt i ulike utval ved skulen (samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet), men skulen peikar på at det har skjedd at elevar ikkje har møtt.
Skulen har i ettertid levert inn to referat – eitt frå møte i samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet (08.03.12) og eitt frå møte i samarbeidsutvalet ( 04.10.12). Referatet frå mars 2012 hadde
Fylkesmannen motteke tidlegare. Men referatet frå oktober 2012 var nytt for oss, men det går fram av referatet at elevrepresentantane møtte.
Kyrkjebø skule har i ettertid meldt tilbake at skulen sitt skulemiljøutval er lovleg samansett.
Kommunen har sendt oss innkalling til møte i samarbeidsutvalet/skulemiljøet (14.11.13) og som no syner at skulemiljøutvalet har lovleg samansetjing, dvs. at elevane og foreldra er i fleirtal.
Kyrkjebø skule har i si tilbakemelding til kommunen peika på at skulen har orientert utvala ved skulen som er vesentlege for skulemiljøet og peikar på at dette går fram av referata.
På bakgrunn av framlagt dokumentasjon og gjennom intervju og samtale finn vi at skulen ikkje har dokumentert dette godt nok. Særleg går dette klart fram då vi les innkalling og referat frå møte i samarbeidsutval/skulemiljøutval. Det går ikkje klart fram kva saker som er handsama i
samarbeidsutvalet og kva saker som er handsama av skulemiljøutvalet. Vi har også lagt vekt på at skulemiljøutvalet og dette utvalet sin funksjon også er lite synleg i skulen sine
informasjonsdokument, jf. skulen sin informasjonsfaldar 2012/13.
Fylkesmannen har justert kontrollpunktet under pålegg 3 i forhold til førebels rapport
Fylkesmannen sin konklusjon
Høyanger kommune – Kyrkjebø skule har ikkje gode nok rutinar og planar som sikrar brukarmedverknad i tråd med regelverket.
6.Varsel om pålegg om endring
Med heimel i opplæringslova § 14-1, jf. kommunelova § 60d, og som følgje av det som står under kapittel 5, gir Fylkesmannen slikt pålegg:Etter § 9a-3 andre ledd
1. Høyanger kommune skal syte for at dei tilsette ved Kyrkjebø skule handterer krenkjande åtferd ved kunnskap eller mistanke. Høyanger kommune må i denne samanheng sjå til at Kyrkjebø skule:
a) Sikrar at alle tilsette ved skulen inkludert reinhaldspersonalet og vaktmeister kjenner til innhaldet i handlingsplikta, slik den kjem til uttrykk i § 9a- 3 andre ledd.
Etter § 9a-3 tredje ledd
2. Høyanger kommune skal syte for at Kyrkjebø skule behandlar oppmoding om tiltak ved å fatte enkeltvedtak etter reglane om dette i forvaltningslova. Høyanger kommune må i samband med dette sjå til at Kyrkjebø skule:
a) Fattar enkeltvedtak ved alle oppmodingar frå elevar eller foreldre som gjeld det psykososiale miljøet.
Etter §§ 9a-5 og 9a-6 og kapittel 11-2
3. Høyanger kommune skal sjå til at Kyrkjebø skule involverer og engasjerer elevar og foreldre i skulemiljøarbeidet. Høyanger kommune må i denne samanhengen sjå til at Kyrkjebø skule:
a) Sikrar at samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet sine oppgåver og saksfelt vert tydeleggjort.
7. Oppfølging av tilsynsresultata – krav om eigenerklæring om at lovbrota er retta
For Fylkesmannen sitt tilsyn etter opplæringslova § 14-1, gjeld reglane i kommunelova kapittel 10A.
Kommunelova § 60d seier:
«Fylkesmannen kan gi pålegg til kommunen eller fylkeskommunen om å rette forhold som er i strid med de bestemmelser fylkesmannen fører tilsyn med etter § 60 b.
Før pålegg benyttes, skal kommunen eller fylkeskommunen gis en rimelig frist til å rette forholdet.
Før fylkesmannen eller annen statlig tilsynsetat vedtar pålegg eller andre sanksjoner mot en kommune eller en fylkeskommune skal tilsynsetaten vurdere de virkninger disse kan ha for kommunens eller fylkeskommunens øvrige virksomhet.»
Tiltak for å rette lovbrota skal setjast i verk med det same.
Høyanger kommune skal gi ei skriftleg erklæring om at lovbrota er retta. Erklæringa skal understøttast med dokumentasjon på at det er utarbeidd tiltak i samsvar med pålegga.
Denne erklæringa og dokumentasjonen skal setje Fylkesmannen i stand til å vurdere om
tilsynsobjektet har korrigert dei lovbrota som er avdekka. Fylkesmannen må deretter vurdere om og i kva grad erklæringa og dokumentasjonen skal følgjast opp vidare.
Frist for innsending av slik erklæring er 02.01.2014.
8. Klage
Tilsynsrapporten er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 bokstav b, og kan klagast på til Utdanningsdirektoratet. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen innan tre veker frå det tidspunktet underretning om vedtaket er komen fram til kommunen som skuleeigar, jf.
forvaltningslova §§ 28 og 29. Sjå forvaltningslova § 32 om utforming av klage.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 07. november 2013.
Frans Jacob Krebs Helge Pedersen
Vedlegg:
1. Oversyn over innsend dokumentasjon 2. Oversyn over dei som er intervjua 3. Rettslege krav
Vedlegg 1
Oversyn over innsendt dokumentasjonDokumentasjon frå Kyrkjebø skule
1 Oppfølging av tilsyn 9a. med Kyrkjebø skule. Elevane sin rett til eit godt
psykososialt miljø. 05.05.13
2 Tilsynsliste med rutinar
3 Korleis likar du deg på skulen – trivselsgransking (spørjeskjema)
4 Handlingsplan for å førebygge mobbing og rette opp uønska oppførsel 20105 5 Kyrkjebø skule Informasjon 2012/2013
6 Skjema for klage – opplæringslova 9A 7 Utviklingssamtale – skjema for førebuing 8 Oppfølging av utviklingssamtalen - skjema 9 Rettleie-bekrefte-sjå! – skjema for elevsamtale
10 Elevrådsmøte – referat 24.04.13
11 Elevrådsmøte – referat 27.02.13
12 Elevrådsmøte – referat 09.01.13
13 Elevrådsmøte – referat 05.12.12
14 Elevrådsmøte – referat 04.11.12
15 Elevrådsmøte – referat 05.09.12
12.09.12 19.09.12
16 Samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet - innkalling 11.04.13
17 Samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet - innkalling 14.11.13
18 Samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet - referat 04.10.12
19 Samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet - referat 08.03.12
20 Arbeidsutvalet – referat 04.10.12
DOKUMENTASJON FRÅ HØYANGER KOMMUNE
21 Tilbakemelding – førebels tilsynsrapportar frå oppfølgingstilsyn – skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø Kyrkjebø og Høyanger skular
06.10.13
5 Kyrkjebø skulen har etter førebels rapport opplyst at skulen reviderte planen i 2011.
Vedlegg 2
Oversyn over deltakarane i tilsynetNamn Funksjon Opnings-
møte
Intervju Slutt- møte 01.10.13
Slutt- møte 14.10.13
Arve Varden Rådmann x x
Kjell Ese Ass.rådmann x x
Bjørn Hjelmeland Oppvekstsjef x x x x
Stig Engen Rektor x x x
Kicki Nohrstedt Elevrådskontakt x x
Lidun Ljotebø Kontaktlærar 2.klasse x x
Ingunn Kandal Kontaktlærar 5.klasse x x x
Bjørn Berge Kontaktlærar 7.klasse x x
Gro Blikken Assistent x x
Norunn Hoff Assistent x x
Wenche Hesjedal Assistent x x
Det er i tillegg gjennomført separate samtalar med representantar for elevar og foreldre.
Vedlegg 3
Rettslege krav1 Det førebyggjande arbeidet
§ 9a-4, Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll) Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og
tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet.
§ 9a-3 første ledd – Det psykososiale miljøet
Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.
Det systematiske skulemiljøarbeidet skal sikre at elevane sin rett blir oppfylt ved at skulen arbeider kontinuerleg og systematisk for eit godt skulemiljø. Det avgjerande er at skulemiljøarbeidet er eigna til å sikre elevane eit godt psykososialt miljø og at brot på retten til eit godt miljø blir oppdaga og handtert på ein effektiv måte.
Føremålet med skulen sine plikter etter § 9a-4 er å sikre at uønskt/krenkjande åtferd blir oppdaga og teke hand om tidleg. Dette vil seie at skulen må ha rutinar for å kartleggje skulemiljøet og den enkelte eleven si oppleving av det psykososiale miljøet.
Ein naudsynt føresetnad for det systemretta arbeidet er at skulen overfører krava i kapittel 9a til konkrete mål og handlingar. Skulen må ha planar og rutinar for korleis elevane sin rett skal oppfyllast.
Skulen blir i § 9a-4 pålagd å arbeide aktivt, systematisk og kontinuerleg slik at krava i kapittel 9a blir oppfylde. Dette inneber at skulen skal arbeide etter eit ”føre var”-prinsipp, og førebyggje brot på eleven sin rett etter § 9a-1. Skulen kan ikkje vere passiv og avvente at ein situasjon oppstår, som til dømes at læraren faktisk ser mobbing eller at nokon klagar på forholda. Med kontinuerleg meiner ein at det systematiske arbeidet må vere gjennomgåande i skulen sitt arbeid, og ikkje berre noko som blir gjort når det oppstår ubehagelege situasjonar eller ved oppstart av kvart skuleår. Arbeidet skal drivast heile tida, gjennom heile skuleåret. Eit anti-mobbeprogram eller ein perm med
internkontrollrutinar som står i ei hylle, er ikkje tilstrekkeleg for å oppfylle kravet til systematisk arbeid.
Det systematiske arbeidet skal vere gjennomtenkt og planmessig. Planane og rutinane må vere innarbeidde og må følgjast av personalet når det blir arbeidd med saker som omhandlar det psykososiale miljøet til elevane.
Skuleleiinga ved rektor har ansvaret for at det systematiske arbeidet er aktivt, systematisk og planmessig.
Skulen må for å oppfylle kravet til internkontroll:
Setje seg konkrete mål for skulemiljøet og skulemiljøarbeidet
Arbeide systematisk og planmessig for å nå måla og førebyggje problem
Ha rutinar for å følgje med på skulemiljøet og den enkelte eleven si oppleving av det, medrekna rutinar for å avdekkje og handtere problem når dei dukkar opp og kontrollere at rutinane blir følgde
Skulen må kunne dokumentere at dei har eit system for internkontroll. Internkontroll inneber å overføre krava i lov og forskrift til konkrete mål for skulemiljøet, kartleggje utfordringar, planleggje og setje i verk tiltak for å nå måla. Skulen må dokumentere at dette er etablert, og at det faktisk blir følgt opp.
I tillegg til det som blir dokumentert skriftleg, må skulen kunne vise at:
- internkontrollen dekkjer alle reglane i kapittel 9a
- kvar tilsett utfører pliktene dei har etter lova og kjenner til interne mål, rutinar/planar - dei tilsette har tilstrekkjeleg kompetanse om skulemiljøarbeid og handtering av utfordringar
og hendingar som gjeld skulemiljøet
- skulen har tiltak for å fremje skulemiljøet og førebyggje, avdekkje og handtere krenkingar - tiltaka blir sette i verk og planar og rutinar blir følgde i praksis
- leiinga er aktivt med i arbeidet med internkontroll/skulemiljø.
I det systematiske arbeidet med det psykososiale miljøet må også andre reglar i opplæringslova dragast inn. For det fyrste må skulen kartleggje krava til brukarorgan i kapittel 11. Eit sentralt organ i det systematiske arbeidet er skulemiljøutvalet.
Ordensreglementet ved skulen er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med skulemiljøet, og skulen må sjå til at dette er integrert i skulemiljøarbeidet/internkontrollen. Eit system for skulemiljøet som ikkje blir sett i samanheng med ordensreglement, er ikkje heilskapleg nok. I tillegg må skulen også trekkje inn vurdering i orden og i oppførsel etter forskrift til opplæringslova § 3-5.
2 Det individretta arbeidet
Skuleeigar, skulen, rektor og alle tilsette pliktar å sikre elevane sin individuelle rett etter § 9a-1 gjennom individuelt retta arbeid. Det individretta arbeidet ved skulen er regulert i § 9a-3 andre og tredje ledd i opplæringslova.
Handlingsplikta etter § 9a-3 andre ledd
Plikta til å behandle oppmodingar om tiltak frå elevar/foreldre som enkeltvedtak etter
§ 9a-3 tredje ledd Handlingsplikta
§ 9a-3 andre ledd – plikta til å undersøkje, varsle og gripe inn
Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal
vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.
Regelen slår fast at alle som er tilsette ved skulen, har ei handlingsplikt som inneber - plikt til i å gjere undersøkingar,
- plikt til å varsle rektor og
- plikt til å gripe inn når det er naudsynt og mogleg.
Handlingsplikta gjeld for alle som er tilsette ved skulen ved at dei har eit tilsetjingsforhold/ein arbeidsavtale med skuleeigar. I førearbeida til lova6 er det sagt at ”tilsette” i praksis ofte vil vere
6 Sjå Ot. prp. nr. 72 (2001-2002).
lærarar og miljøarbeidarar, men at plikta også gjeld anna personale. I tillegg til
undervisningspersonalet på skulen kan dette til dømes vere vaktmeister, assistentar, kontor- og reingjeringspersonale.
Den tilsette si handlingsplikt tek til å gjelde når ho/han får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar. ”Kunnskap om” vil seie at den tilsette faktisk veit at ein elev blir utsett for uakseptabel åtferd frå elevar, lærarar eller andre ved skulen. Dette kan vere hendingar som den tilsette sjølv er vitne til eller blir fortald om. Ein del av handlingsplikta er plikta til å undersøkje om eleven faktisk har blitt utsett for krenkjande ord eller handlingar, og få klargjort kva som faktisk har skjedd. Handlingsplikta gjeld også dersom den tilsette får ein mistanke om at ein elev er utsett for ord og handlingar. Det er altså ikkje naudsynt med faktisk kunnskap for at handlingsplikta gjeld.
Den tilsette må, når ho/han får kunnskap eller mistanke om krenkjande åtferd, vurdere kva som blir neste steg. Skuleleiinga skal varslast, og i nokre tilfelle har den tilsette plikt til å gripe inn. Dette må vurderast konkret i den enkelte situasjonen. I akutte situasjonar, til dømes når elevar slåss eller ein overhøyrer krenkjande ord til ein elev, er det naturleg å gripe inn straks og undersøkje nærare i etterkant kva som faktisk skjedde.
Det følgjer av § 9a-3 andre ledd at etter at den tilsette har undersøkt saka og kome til at dette er forhold som bør følgjast opp, skal skuleleiinga informerast. Skuleleiinga pliktar å sikre at alle saker dei blir varsla om òg blir følgde opp. Tilsette som varslar etter § 9a-3 andre ledd skal takast på alvor. Skulen, ved rektor, pliktar å undersøkje saka ytterlegare dersom det er behov for dette, og setje i verk eigne tiltak.
Skulen med alle sine tilsette må ha ei felles forståing av når det skal varslast, og korleis varslinga skal skje. På same måte må alle ved skulen ha eit avklart forhold til terskelen for å gripe inn. Desse avklaringane og rutinar for dette må innarbeidast i internkontrollen etter § 9a-4.
Det er ikkje noko krav i § 9a-3 andre ledd om at skulen skal gjere eit enkeltvedtak når det blir sett i verk tiltak etter eige initiativ. Dette skil seg frå når ein elev eller forelder ber om tiltak, jf. § 9a-3 tredje ledd. At det ikkje må gjerast enkeltvedtak tek likevel ikkje frå skulen ansvaret for å følgje opp saka på føremålstenleg vis.
I nokre tilfelle vil tiltaka skulen set i verk, likevel krevje at det blir gjort enkeltvedtak. For enkelte tiltak er det fastsett eksplisitt i opplæringslova eller forskrift til opplæringslova at avgjerda er eit enkeltvedtak. Døme på dette er bortvising etter opplæringslova § 2-10 og skulebyte etter
opplæringslova § 8-1 tredje ledd. Elles er det definisjonen av enkeltvedtak i forvaltningslova § 2 sett opp imot karakteren av tiltaket som er avgjerande for om reglane om enkeltvedtak skal brukast.
Samstundes har skulen eit visst handlingsrom knytt til ordensmessige og opplæringsmessige tiltak.
Dette er mindre inngripande tiltak som blir gjorde for å gjennomføre opplæringa.
Det skriftlege, som enkeltvedtaksforma gjev, er viktig for skulen si dokumentering av at dei har gripe inn og prøvd å sikra eleven sin rett etter § 9a-1.
Plikta til å behandle oppmodingar om tiltak frå elevar/foreldre
§ 9a-3 tredje ledd – Eleven/ foreldra sin rett til å be om tiltak og saksbehandlinga ved skulen Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.
Skulen er pålagd gjennom § 9a-3 tredje ledd å behandle oppmodingar frå elevar eller foreldre som gjeld det psykososiale miljøet etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Dersom det ligg føre ei slik oppmoding, må skulen snarast råd ta stilling til om eleven sin rett er oppfylt, og eventuelt kva tiltak som skal setjast i verk. Det blir streka under at skulen alltid skal gjere eit enkeltvedtak når elevar/foreldre oppmodar om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Skulen har altså ei
vedtaksplikt. Dersom skulen ikkje oppfyller plikta til å gjere enkeltvedtak i saka, kan foreldra/eleven likevel klage som om det var gjort enkeltvedtak.
Oppmodingar frå elevar og foreldre treng ikkje vere skriftlege. Skulen må også ta stilling til
munnlege førespurnader. Skulen kan ikkje avvise ei oppmoding fordi ho ikkje er skriftleg eller unnlèt å oppgje kva tiltak eleven/foreldra ynskjer. Skulen kan heller ikkje krevje at eleven/foreldra må levere ei skriftleg oppmoding. Dersom skulen er i tvil om ei oppmoding frå eleven/foreldra er ei oppmoding etter § 9a-3 tredje ledd, må skulen avklare dette. Skulen har ei rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11. Ein del av dette vil vere å informere eleven/foreldra om rettane etter kapittel 9a og klarleggje om ei oppmoding frå ein elev eller foreldre om det psykososiale miljøet er ei oppmoding om tiltak. Den som tek imot førespurnaden, pliktar også å informere om retten til å be om tiltak og klageretten etter § 9a-3 tredje ledd. Alle oppmodingar, også munnlege, skal takast på alvor og utgreiast. Dette er ein del av skulen si utgreiingsplikt etter forvaltningslova § 17.
Oppmodinga skal normalt rettast til skuleleiinga ved rektor, men oppmodingar kan også rettast til lærarar og andre tilsette. Dersom oppmodinga blir retta til ein lærar, må han/ho vurdere kva oppmodinga gjeld og om dette er noko som kan og bør løysast innanfor klassen. Læraren si vurdering vil vere viktig når det skal avgjerast kva tiltak som eventuelt skal inn i enkeltvedtaket.
Uansett om oppmodinga kan løysast innanfor klassen, skal denne bringast vidare til skuleleiinga. Ei oppmoding frå elevar/foreldre skal aldri stoppast på klassenivå. Dette har samanheng med kravet i
§ 9a-3 tredje ledd fyrste punktum om at alle tilfelle der det blir bede om tiltak knytte til det
psykososiale miljøet, skal behandlast som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Regelen slår også fast at saka skal behandlast ”snarast mogleg”, og dersom det ikkje er gjort eit enkeltvedtak etter
forvaltningslova ”innan rimeleg tid”, kan eleven/foreldra klage som om skulen hadde gjort eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Ei klage skal alltid sendast til det forvaltningsorganet som har eller skulle ha gjort enkeltvedtak i saka i fyrste instans. Det vil seie at klaga skal sendast til skulen.
Fylkesmannen er klageinstans, men før klageinstansen kan ta saka til behandling, må skulen eller skuleeigar sjå på saka på nytt, og eventuelt førebu saka for fylkesmannen, jf. forvaltningslova § 33.
Elles inneheld ikkje opplæringslova kapittel 9a krav til saksbehandlinga. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova gjeld for saker etter § 9a-3. Dersom skulen ikkje behandlar noko som var meint som ei oppmoding, er dette alvorleg og kan få konsekvensar, m.a. anna etter strafferegelen i §9a-7.
3 Brukarmedverknad
Elevane skal engasjerast i det systematiske skulemiljøarbeidet, både planlegginga og gjennomføringa av det, jf. § 9a-5. Første ledd i denne lyder:
§ 9a-5 første ledd – Elevdeltaking i skulemiljøarbeidet
Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen. Skolen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna.
Dette inneber at elevane skal takast med i skulen sitt arbeid med å oppfylle krava i kapittel 9a.
Dette kan til dømes vere deltaking når skulen lagar ordensreglement, deltaking i gjennomføring av gjennomføre enkle målingar, osv. Det er skuleleiar sitt ansvar at elevane blir tekne med i
skulemiljøarbeidet
.
I førearbeida er det vist til at det er viktig i seg sjølv at elevane kan få oppleve å bli høyrde, og for skulen vil det vere lettare å planleggje og å gjennomføre tiltak i samarbeid med elevane og dei føresette.
Elevane si deltaking i skulemiljøarbeidet skal vere sikra i internkontrollsystemet ved skulen etter § 9a-4.
I lova § 9a-6 og kapittel 11 er ulike organ for brukarmedverknad regulerte. Dei råda og utvala opplæringslova stiller krav til at skulane skal opprette, er:
Elevråd – jf. § 11-2/11-6
Foreldreråd og FAU – jf. § 11-4
Samarbeidsutval/skuleutval – jf. § 11-1
Skulemiljøutval – jf. § 11-1a
Råda og utvalga skal gjevast relevant informasjon og ein reell sjanse til å uttale seg, jf. § 9a-6.
§ 9a-6 - Informasjonsplikt og uttalerett
Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet og dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande underretta om alle tilhøve - deriblant hendingar, planar og vedtak - som har vesentleg betydning for skolemiljøet. Råda og utvala har på førespurnad rett til å få framlagt dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen.
Råda og utvala som er nemnde i første ledd, skal så tidleg som mogleg takast med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak ved den enkelte skolen, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning for skolemiljøet.
Dersom skolen blir klar over tilhøve ved skolemiljøet som kan ha negativ verknad for helsa til elevane, skal elevane og dei føresette snarast mogleg varslast om det.
Rutinar for å sikre at informasjon og varsling til dei ulike råda og utvala må innarbeidast i internkontrollsystemet ved skulen etter § 9a-4.