• No results found

Kven kan bli verje?

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Kven kan bli verje? "

Copied!
4
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Send skjemaet til fylkesmannen i det fylket der du ønskjer verje- eller representantoppdrag.

1 GA – 8041 N

Søknad om å bli verje eller representant for einsleg mindreårig asylsøkjar

Kven kan bli verje?

Kven som kan bli verje, følgjer av lov av 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål (verjemålslova) § 28. For å bli verje må du vere eigna, dvs. kvalifisert og skikka for det aktuelle verjeoppdraget. Du må i tillegg vere over 18 år, ha ordna økonomi og ikkje ha motstridande interesser med den du skal vere verje for. Dersom du sjølv har verje, kan du ikkje vere verje for andre.

Det er fylkesmannen som vurderer konkret om du tilfredsstiller krava til å bli verje. Det blir gjort ein kredittsjekk av deg, og du må sjølv, på oppmoding frå fylkesmannen, hente inn og leggje fram politiattest (gjeld ikkje nærståande), jf. verjemålslova § 28 andre ledd og forskrift til vergemålsloven av 15. februar 2013 nr. 201 (verjemålsforskrifta) § 15. I politiattesten skal det merkjast av for om du er sikta, tiltalt, har vedtatt førelegg eller er dømd for å ha brote straffelova §§ 255 til 258 og § 261 om underslag og tjuveri m.m., §§ 266 til 267 om utpressing og ran, §§ 270 til 272, § 274 og §§ 275 til 278 om bedrageri, utruskap og korrupsjon, §§ 281 til 287 om brotsverk i gjeldsforhold, §§ 317 og 318 om heleri og kvitvasking, §§ 391 a, § 404 om tiltrudde midlar og § 405 a om misferder mot formuesrettar. I tillegg skal straffesanksjonerte brot på lov 17. juli 1998 om årsrekneskap m.m.

merkjast av. Attesten skal og innehalde eventuelle brot på straffebod omfatta av barneomsorgsattesten etter politiregisterlova § 39 første ledd – straffelova § 162 om

narkotikabrotsverk, §§ 192-197, 199, 200 anna ledd, 201 første ledd bokstav c, 201a, 203 og 204a om seksualbrotsverk, §§ 231 og 233 om valdsbrotsverk, og § 268, jf. 267 om ran.

Som verje vil du ha krav på godtgjering (for nærståande gjeld dette berre dersom det ligg føre særlege grunnar) og dekning av nødvendige utlegg i samband med oppdraget, jf. verjemålslova

§ 30.

Fylkesmannen skal tilby nødvendig opplæring, rettleiing og bistand til verjer i sitt distrikt, jf.

verjemålslova § 6 andre ledd. Ønskjer du nærare informasjon, kan du derfor ta kontakt med fylkesmannen i det fylket der du ønskjer å få oppdrag.

Meir informasjon om verjeordninga kan du finne på www.vergemal.no.

(2)

2 GA – 80 41 N

Kven kan bli representant for einslege mindreårige asylsøkjarar?

Kven som kan bli representant for einslege mindreårige asylsøkjarar, følgjer av lov av 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova) § 98 c. For å bli representant må du vere eigna, dvs. kvalifisert og skikka til å ta hand om interessene for den mindreårige på best mogleg måte. Du må ha gode kunnskapar om det norske samfunnet og det norske språket, og du må kunne orientere deg i det offentlege systemet. Ektefelle eller sambuar til den mindreårige kan ikkje vere representant.

Det er fylkesmannen som vurderer konkret om du tilfredsstiller krava til å bli representant. I samband med dette må du sjølv, på oppmoding frå fylkesmannen, hente inn og leggje fram politiattest, jf. utlendingslova § 98 c andre ledd. I attesten skal det merkjast av for om personen er sikta, tiltalt, har vedtatt førelegg eller er dømd for brot mot dei straffeboda som følgjer av

barneomsorgsattesten, jf. politiregisterlova § 39 første ledd (sjå over). Meir om politiattesten finn du i politiregisterlova § 41 nr. 1. Opplysningane frå politiattesten går inn i vurderinga av om du er eigna.

Som representant har du krav på godtgjering, og dekning av nødvendige utgifter i samband med oppdraget, jf. utlendingslova § 98 f.

Fylkesmannen skal tilby nødvendig opplæring, rettleiing og bistand til representantar i distriktet sitt, jf. utlendingslova § 98 b. Ønskjer du nærare informasjon, kan du derfor ta kontakt med

fylkesmannen i det fylket der du ønskjer å få oppdrag.

Meir informasjon om representantordninga kan du finne på www.vergemal.no.

1 Opplysningar om søkjar

Fornamn: Fødselsnummer:

Mellomnamn:

Etternamn:

Folkeregistrert adresse:

Postnummer: Poststad:

Eventuelt noverande/anna adresse:

Postnummer: Poststad:

Telefon: Mobil: E-post:

Sivilstand:

gift ugift sambuar separert skild enke/enkemann registrert partnar separert partnar

skild partnar attlevande partnar

Statsborgarskap:

(3)

3 GA – 80 41 N

2 Utdanning og arbeidserfaring

Eg er for tida:

yrkesaktiv under utdanning anna (spesifiser nedanfor) Utdanning:

Noverande stilling: Noverande arbeidsgivar:

Tidlegare arbeidsgivarar:

Anna:

3 Kva type oppdrag ønskjer du?

Eg ønskjer å vere verje for vaksne.

Eg ønskjer å vere verje for mindreårige.

Eg ønskjer å vere representant for einslege, mindreårige asylsøkjarar.

Her er fleire kryss mogleg.

Kan du tenkje deg meir enn eitt oppdrag?

Ja Nei

(4)

4 GA – 80 41 N

4 Kvifor ønskjer du å bli verje eller representant?

Her fører du opp ei grunngiving for kvifor du ønskjer oppdrag som verje og/eller representant.

5 Underskrift

Dato: Stad: Underskrift frå den som ønskjer oppdrag:

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

gjersle frå sine heimkommunar, jf. § 41, kvar av deltakarkommunane kan byte ut sine medlemmer i nemnda når dei sjølv måtte finne dette ønskeleg, jf. 6, og ordførarane

Fylkesmannen skal etter ny verjemålslov som hovudregel forvalte midlar tilhøyrande personar under verjemål, dersom desse midlane samla sett overstig 2G (kr.. Dette gjeld både

Den som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen eller i vidaregåande skole eller for å gi leksehjelp etter § 7-1 e, må leggje fram politiattest med tilsvarande innhald

Departementet foreslår å oppheve ordninga med å leggje saman medlemstid etter samodningslova for pensjonstrygda for fiskarar, samstundes som ordninga held fram når det gjeld å

Det vil bli foretatt en kredittsjekk av deg, og du må selv innhente politiattest og legge frem denne for fylkesmannen (gjelder ikke nærstående), jf.. vergemålsloven § 28

Saka gjeld klage på vedtak om løyve til riving av Vikenhuset, gjort av utval for plan og utvikling 26.. Fylkesmannen tek ikkje klagen frå Fortidsminneforeninga

vurderingane som kommunen har gjort, jf. Ved prøving av det kommunale skjønnet skal Fylkesmannen leggje vekt på omsynet til det lokale sjølvstyret. Kommunen skal gje løyve til

Kommunestyret ber rådmannen om å leggje fram handlingsplan med tiltakspakke for dei funna som kjem fram frå rapporten, og leggje dette fram for HOK og