• No results found

Årdal kommune Farnes skule

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Årdal kommune Farnes skule "

Copied!
23
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

1

FYLKESMANNEN

I SOGN OG FJORDANE

TILSYNSRAPPORT

SKULEN SITT ARBEID MED ELEVANE SITT PSYKOSOSIALE MILJØ

Årdal kommune Farnes skule

2013

25.06.2013

(2)

2 Innhald

1. Tema for tilsynet: Skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø ... 3

2. Gjennomføring av tilsynet ... 4

3. Fylkesmannen sine vurderingar og konklusjonar ... 4

3.1 Førebyggjande arbeid og internkontroll ... 4

3.2 Det individuelt retta arbeidet ved skulen ... 9

3.3 Brukarmedverknad ... 12

4. Pålegg om endring ... 14

5. Oppfølging av tilsynsresultata – krav om eigenerklæring om at lovbrota er retta ... 15

6. Klage ... 15

Vedlegg 1 Oversyn over innsend dokumentasjon ... 16

Vedlegg 2 Oversyn over dei som er intervjua ... 18

Vedlegg 3 Rettslege krav ... 19

(3)

3

1. Tema for tilsynet: Skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø

Det blir gjennomført felles nasjonalt tilsyn i 2010 og 2011 der temaet er skulen sitt arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø, jf. opplæringslova kapittel 9a. Hovudregelen for tilsynet er § 9a-1, og dei andre reglane som er kontrollerte, må sjåast i lys av denne. Tilsynet er likevel avgrensa til berre å gjelde skulen sitt arbeid med det psykososiale miljøet.

Det rettslege utgangspunktet for tilsynet er delt inn i tre hovudkategoriar:

 Det førebyggjande arbeidet ved skulen - § 9a-4, jf. § 9a-3 første ledd.

 Det individuelt retta arbeidet ved skulen - § 9a-3 andre og tredje ledd.

 Skulen si plikt til samhandling og involvering med ulike råd og utval (brukarmedverknad) -

§§ 9a-5, 9a-6 og kapittel 11.

Opplæringslova § 13-10 om forsvarleg system og § 9a-4 om internkontroll Det er ikkje ført særskilt tilsyn med opplæringslova § 13-10 andre ledd i dette tilsynet.

Opplæringslova § 13-10 andre ledd er ein overordna regel som pålegg skuleeigar å ha eit forsvarleg system for oppfølging av alle lovkrava. I tidlegare tilsyn har det vore stort fokus på

internkontrollsystemet i kommunane. I det felles nasjonale tilsynet 2010/2011 er det

internkontrollen ved kvar enkelt skule knytt til elevane sitt psykososiale miljø det blir ført tilsyn med. Kravet til internkontroll i samband med dette er særleg regulert i opplæringslova § 9a-4, jf. § 9a-3 første ledd.

Kommunen sitt ansvar

Sjølv om opplæringslova legg ansvaret på skuleleiinga for den daglege gjennomføringa og

etterlevinga av dei kontrollerte reglane, er det kommunen som har det overordna ansvaret. Det er kommunen som skuleeigar som må syte for at skuleleiinga ved kvar skule etterlever krava og pliktene i lova, og at dei tilbyr dei tenestene og aktivitetane som lova omtalar.

Oppfyllinga av elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø skjer på skulen. Det er skuleleiinga og dei tilsette som i det daglege må arbeide for eit godt skulemiljø. Kommunen som skuleeigar er likevel øvste ansvarlege for at pliktene etter kapittel 9a blir oppfylte. Dette inneber at det er

kommunen som er ansvarleg for oppfylling av elevane sine rettar sjølv om det tilsynet har undersøkt har vore handlingar som skjer i skulen. Kommunen er derfor adressat for eventuelle pålegg om endring i samsvar med opplæringslova § 14-1 tredje ledd.

Føremålet med tilsynet

Det overordna målet med tilsynet er å rette fokuset mot og styrkje arbeidet med det psykososiale miljøet ved skulane og skulane si evne til å førebyggje og handtere krenkjande åtferd. Gjennom kontroll med om skulane følgjer lovkrava på dette feltet, skal eventuell lovstridig praksis avdekkjast.

Gjennom pålegg om endring skal slike forhold rettast opp.

Eit godt skulemiljø er ein viktig innsatsfaktor for ein god skule og for realisering av

føremålsparagrafen i § 1-1 i opplæringslova. Manglar ved skulemiljøet kan føre til mistrivsel blant elevane, og det vil kunne ha direkte innverknad på læringsutbytet deira.

(4)

4 Dei overordna føremåla med det felles nasjonale tilsynet i 2013 er å:

 sikre at skuleeigarar og skuleleiarar driv eit aktivt og førebyggjande arbeid for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø

 sikre at skuleeigarar og skuleleiarar syter for at dei tilsette på ein tilfredsstillande måte handterer krenkjande åtferd som dei får kunnskap eller mistanke om

 sikre at skuleeigarar og skuleleiarar syter for at elevar, foreldre, råd og utval blir involverte og engasjerte i skulemiljøarbeidet

Det blir presisert at tilsynsrapporten ikkje gir ei heilskapsvurdering av skuleeigaren og skulen. Rapporten omhandlar berre resultat knytte til det temaet som er valt for det felles nasjonale tilsynet i 2013.

2. Gjennomføring av tilsynet

Etter opplæringslova § 14-1 andre ledd har departementet heimel til å føre tilsyn med offentlege skular. Denne retten er delegert til Fylkesmannen. Fylkesmannen skal ha tilgang til skuleanlegg og dokumentasjon.

Tilsynet har vore utført ved å hente inn og vurdere dokumentasjon, skriftlege utgreiingar og munnlege opplysningar.

Det er skulen som etter lova pliktar å sikre at den enkelte eleven får oppfylt retten sin til eit godt psykososialt miljø, jf. § 9a-1 og § 9a-3 første ledd. Skulen vil her seie: skuleeigar, skuleleiinga og dei tilsette ved skulen.

Gangen i tilsynet

 Varsel om tilsyn med pålegg om å sende inn utgreiing og dokumentasjon til kommunen og skulane datert 09.01.2013

 Mottak av dokumentasjon og utgreiing frå skulen 12.03.2013

 Dagsorden for tilsynet i brev datert 09.01.2013

 Formøte/opningsmøte 24.04.2013

 Intervju/samtalar 22.04.2013 og 24.04. 2013

 Varsel om vedtak og førebels rapport datert 30.05.2013

 Sluttmøte 06.06.2013

 Frist for tilbakemelding om varsel om vedtak og førebels rapport 24.06.2013

3. Fylkesmannen sine vurderingar og konklusjonar

Det er informert nærare om dei rettslege krava og kva dei inneber i formøtet /opningsmøtet 24.04.2013. Dei rettslege krava er tekne med i vedlegg 3 til denne rapporten. Vi viser også til rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet om elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø, Udir-2- 2010.

3.1 Førebyggjande arbeid og internkontroll

For å oppnå eit godt psykososialt miljø er det ein naudsynt føresetnad at det blir drive eit

førebyggjande arbeid som skal forhindre uønskt/krenkjande åtferd. Dette inneber at skuleleiinga må ha ei ”føre var”–haldning til eventuelle situasjonar og utfordringar som kan oppstå i skulekvardagen, og som kan ha negativ innverknad på elevane sitt skulemiljø.

(5)

5 Rettslege krav

Det rettslege utgangspunktet for tilsynet sin kontroll med det førebyggjande arbeidet ved skulen finst i opplæringslova § 9a-4, jf. § 9a-3 første ledd. Skuleeigarar og skuleleiarar skal arbeide

førebyggjande for å forhindre at uønskt åtferd oppstår. Det førebyggjande arbeidet skal vere aktivt, systematisk og kontinuerleg. Reglane presiserer plikta skulen har til å sikre at elevane sin rett etter

§ 9a-1 blir oppfylt. Sjå også vedlegg 3.

Dokumentasjon og vurdering

I samband med Farnes skule sitt førebyggjande arbeid og internkontroll, har Fylkesmannen lagt vekt på følgjande:

Kan skulen dokumentere korleis ein jobbar med det førebyggjande arbeidet?

- Skulen har eit ordensreglement som er vedteke av samarbeidsutvalet 07.02.2013.

Reglementet inneheld eit eige punkt med fellesreglar. Det er lagt opp til at

kontaktlærarane går igjennom ordensregelementet kvar haust, og det vert utarbeidd trivselsreglar for dei minste klassane og klassereglar for ungdomsskulen. I trivselsreglane og klassereglane er det lagt vekt på elevane sin trivsel.

- Skulen har utarbeidd årsplan for samarbeid mellom heim – skule der det er sett opp ulike aktivitetar gjennom året, t.d. tidspunkt for foreldremøte, foreldresamtale og

elevsamtalar.

- Det er utarbeidd inspeksjonsliste for både barne- og ungdomssteget med inndeling av bestemte område. Skulen har også skriftleg instruks for inspeksjonen. Det er etablert vaktordning i samband med matpausen og i samband med skulebussen (morgon og ettermiddag).

- Skulen har utarbeidd tiltaksplan mot mobbing som inneheld tiltak når det gjeld å førebyggje mobbing, avdekke mobbing og når mobbing er avdekka. Ansvar er tydeleggjort i planen. Nokre av tiltaka er også tidfesta.

- Ein eigen ”kriseperm” 1 skal nyttast t.d. i samband med alvorlege ulykker. Permen har framlegg til konkrete tiltak i samband med t.d. sjukdom, ulykke, seksuelle overgrep, vold og mobbing. Ved skulen er det oppretta eit ”kriseteam” som trår saman ved større

hendingar. Permen er lagt ut digitalt til alle tilsette.

- Skulen har saman med andre partar i kommunen signert Manifest mot mobbing som gjeld i perioden 2011-2014. Skulen nyttar programmet Zippies venner2 frå 1.-4 klasse.

- Kvar torsdag er det husmøte for personalet (eitt for barnetrinnet og eitt for

ungdomstrinnet). Skulen har også tre team der lærarane er fordelte etter klassar: 1.-4.

klasse, 5.-7. klasse og 8.-10. klasse. Teama har regelmessige møte.

- Minst to gonger per år vert det gjennomført elevsamtalar og elev/foreldre-konferansar.

- Skulen har utarbeidd eigne malar som skal nyttast dersom foreldre/eleven ber om tiltak for å betre det psykososiale miljøet og dersom tilsette varslar (handlingsplikta).

- Ved skulen er det etablert ei ordning der foreldra i alle klassar planlegg og gjennomfører trivselsaktivitetar for klassane kvart år.

- På barnesteget har skulen ei ordning med ”vennebenk”. Å setje seg på benken er eit signal til medelevar at ein ynskjer nokon å leike med.

- Skulen har samarbeid med m.a. helsesøster, PPT, BUB og ruskonsulent. Ein kan rette samarbeidet mot elevgrupper eller mot enkeltelevar.

- Elevundersøkinga ved Farnes skule vert gjennomført for 7. og 10. klasse.

- Årdal kommune har utarbeidd rutine for å sikre informasjon til skuleleigar dersom skulen gjer enkeltvedtak etter opplæringslova § 9a. Skuleigar forventar at skulane skal ha etablert interne rutinar som oppfyller krava i opplæringslova §§ 9-2, 4.ledd og 9a-3, 3.ledd. Det går også fram at skuleigar skal ha kopi av vedtak og aktuelle skriv.

1 Personalomsorg A S

2Eit førebyggjande program som skal lære barn å meistre dagliglivet sine utfordringar på ein betre måte

(6)

6 - Over fleire år har det i kommunen vore eit tverretatleg samarbeidsprosjekt3 . Prosjektet

sitt satsingsområde er knytt til barn/unge og familiar ein er uroa for. Det er etablert ei tverretatleg prosjektgruppe der nøkkelpersonar ved Farnes skule har vore involvert.

Har skulen sett seg skriftlege mål for skulemiljøet?

- Det er formulert mål for skulemiljøarbeidet. I skulen sin tiltaksplan mot mobbing går det fram at ”alle skal inkluderast i eit mobbefritt skulemiljø”. Det er også utforma reglar under denne målsetjinga.

- I skulen sitt ordensreglement går det fram at skulen sitt motto er: ” Det nyttar å bry seg.” Dette er vidare konkretisert i at skulen vår skal vere ein ”trygg og triveleg

arbeidsplass”, vi skal vere ”venlege og syne omtanke” og at ”eldre elevar har eit særleg ansvar overfor yngre elevar”.

Kan skulen dokumentere korleis ein evaluerer arbeidet med skulemiljøet?

- Rektor skriv i si utgreiing at det skjer ei kontinuerleg evaluering av skulen sitt arbeid med skulemiljøet m.a. gjennom skulen sine rutinar for regelmessige team- og personalmøte og dei obligatoriske elev- og foreldremøta.

- Når det gjeld skulen sitt ordensreglementet, skriv rektor at dette skal diskuterast og vurderast minst to gonger per år. Ordensreglement er vedteke av samarbeidsutvalet 07.02.2013.

- For andre dokument som t.d. tiltaksplan mot mobbing og skulen sin årsplan for samarbeid mellom skule-heim, går det ikkje fram av dokumenta når desse sist vart oppdaterte/evaluerte. I skulen sin tiltaksplan mot mobbing går det m.a. fram at skulen årleg skal gjennomføre spørjeundersøking om mobbing og trivsel. For skuleåret

2012/2013 har ikkje skulen gjennomført undersøkinga.

- Kommunen har utarbeidd skriftleg rutine for å fatte enkeltvedtak ved oppmoding, jf.

opplæringslova kapittel 9a. Rutinen er etablert for å sikre informasjon til skuleeigar om skulane sitt arbeid med det psykososiale skulemiljøet, og er ein del av kommunen sitt system for å vurdere om krava i opplæringslova og forskrifter blir oppfylte, jf.

opplæringslova § 13-10, andre ledd.

- I kommunen sin årlege tilstandsrapport Melding om grunnskulen 4vert det m.a. opplyst om tal enkeltvedtak etter opplæringslova kapittel 9a.

- Skuleeigar legg opp til to dialogmøte med skulane i året. Denne rutinen er datert

21.02.2013. Opplæringslova kapittel 9a og kapittel 11 skal vere tema på det årlege møtet i oktober. I rutinen går det fram at skulemiljøarbeidet skal evaluerast og skulen skal leggje fram dokumentasjon som syner korleis skulen følgjer opp observasjonar som vert gjort gjennom kartlegging, observasjonar og samtale. Fylkesmannen oppfattar det slik at dialogmøta til dels har vore gjennomført tidlegare, men at kommunen ynskjer å «re- etablere» denne møtearenaen.

Kan skulen dokumentere korleis dei skaffar seg kjennskap til den einskilde elev si oppleving av skulemiljøet?

- I rektor si utgreiing går det fram at elevane sin trivsel skal ha fokus i det daglege arbeidet ved skulen. I skulen sin tiltaksplan mot mobbing (pkt.2) står det også at trivsel skal vere på dagsorden i alle råd og utval, dvs. klasseråd/klassemøte, elevråd, personalmøte, FAU og SU.

- Skulen gjennomfører Elevundersøkinga for 7. og 10. trinn. Gjennom intervju kjem det fram at leiinga også følgjer opp ”urolege” resultat dersom dette kjem fram i

Elevundersøkinga.

- Minst to gonger per år (haust og vår) vert det gjennomført elevsamtalar og elev/foreldre- konferansar. Det er utarbeidd eigne malar som vert nytta i samband med elevsamtale, konferansetime og utviklingssamtale. Det er utarbeidd spørsmål om det generelle

skulemiljøet og om eleven sin trivsel. På skjemaet for konferansetimen skal lærar, elev og

3Betre Tverrfagleg Innsats (BTI). Modellen kjem frå Danmark.

4Kommunen si siste melding om grunnskulen, datert 07.01.2013.

(7)

7 føresett skrive under på kva som har vore diskutert. I intervju vert det peika på at ein ynskjer å evaluere/justere desse skjema i 2013.

- Skulen har utarbeidd inspeksjonsplanar som gjeld skuleplassen, matpausen og i samband med skulebussen. Tilsette på barnetrinnet nyttar gule vestar under inspeksjonen.

- Kvar veke har skulen husmøte og teammøte der personalet kan ta opp problemstillingar i forhold til elevar. Assistentar har eige møte kvar torsdag.

- Gjennom samarbeidet med helsesøster, PPT og BUP har skulen høve til å ta opp problemstillingar som både gjeld elevgrupper og enkeltelevar.

Kan skulen dokumentere korleis ein følgjer opp observasjonar som er gjort gjennom kartlegging/observasjonar/samtalar?

- I skulen sin tiltaksplan mot mobbing går det fram at skulen har tiltak for å avdekke og handtere mobbing og kven som har ansvar. Under pkt 3. går det m.a. fram at lærarane og administrasjonen skal observere t.d. gjennom inspeksjonsordninga. Det er også lagt opp til at elvane kan melde ifrå munnleg, med lappar, i loggbok eller i postkasse. Under pkt.4. har skulen sine rutinar dersom det vert oppdaga mobbing, dvs. tiltak og

oppfølging.

- Skulen har utarbeidd eit eige varslingsskjema5 som skal nyttast i samband med

opplæringslova 9a. I skjemaet går det fram at varslinga frå tilsette skal vere skriftleg og takast opp i møte med rektor. Rektor skal handsame saka etter reglane om enkeltvedtak.

Utover dette ligg det ikkje føre rutinar for når varslingsskjemaet skal nyttast.

- Gjennom intervju kjem det fram at det er meir uklart kva rutinar som gjeld for å avdekke og handtere andre typar krenkjande ord eller handlingar som t.d. diskriminering, vald eller rasisme.

- Kvar veke vert det halde ”husmøte” og teammøte. Det er etablert rutinar for referat.

- Ved gjennomgang av referat frå råd og utval går det ikkje direkte fram om resultat frå Elevundersøkinga er lagt fram for råd og utval. Det er likevel stadfesta at dette er gjort, og resultata er også er lagt fram for lærargruppa. Resultat frå Elevundersøkinga skal omtalast i kommunen sin årlege tilstandsrapport.

Er det klargjort kven som har ansvaret for å gjennomføre tiltaka knytt til det førebyggjande arbeidet?

- I skulen sin tiltaksplan mot mobbing er det sett opp fleire tiltak for å førebyggje mobbing og kven som har ansvar. Gjennom intervju kjem det ikkje fram indikasjonar på at desse ansvarsforholda er uklåre. Rektor har det overordna ansvaret, men utifrå planen/praksis er mykje av den daglege gjennomføringa delegert til kontaktlærarane.

Er skuleleiinga involvert i den daglege gjennomføringa av det systematiske skulemiljøarbeidet?

- I rektor si utgreiing går det fram at inspektør på barnesteget og inspektør på

ungdomssteget har tett kontakt med lærarane på dei to stega. Det går også fram at rektor besøker klassane to gonger i året der det psykososiale miljøet er i fokus.

- I skulen sin mobbeplan (pkt.2) går det m.a. fram at det ved skulen skal vere ei god vaktordning med aktive lærarar og ein administrasjon som involverer seg og følgjer opp.

- Gjennom intervju går det fram skuleleiinga er tett involvert i utforming av både rutinar og planar.

Kan skulen dokumentere korleis dei har definert kva som vert sett på som krenkjande åtferd?

- I skulen sitt ordensreglement er sett opp «fellesreglar» det det vert vist til kva skulen forventar av elevane, t.d. møte presis, vise respekt, løyse konfliktar ved å snakke med andre. Under fellesreglane er det også peika på det elevane ikkje har lov til å gjere, t.d.

ikkje kalle andre eller plage andre, ikkje ha med farlege leiker, ikkje bruke tobakk eller rusmiddel. I tilknyting til ordensreglementet er det også nedfelt kriterier for

karaktersetjing i orden og åtferd.

5 Farnes skule: varsling i samband med opplæringslova § 9a

(8)

8 - I intervju vert det vist til at ein i den seinare tid har opplevd meir krevjande saker ved

skulen og som har krevd meir av dei tilsette. Gjennom intervju er det også peika at ein burde ha evaluert skulen si pedagogiske plattform oftare, t.d. ta stilling til kva skulen ser på som krenkjande åtferd. I fleire intervju vert det også peika på at ein ved skulen ikkje har gjennomført prosessar i personalgruppa med tanke på å definere krenkjande åtferd nærare. Slike drøftingar vert difor etterlyst.

Kan skulen dokumentere korleis dei tilsette, elevane og foreldra vert gjort kjende med kva skulen ser på som krenkjande åtferd?

- I rektor si utgreiing går det også fram at kvar haust skal tiltak for å førebyggje mobbing vere tema på elev- og foreldremøte. Kvar haust vert det også utarbeidd «klassereglar»

som vert diskuterte grunding i kvar klasse.

- Skulen sitt ordensreglement er vedteke i samarbeidsutvalet den 07.02.2013. I rektor si utgreiing går det fram at ordens- og åtferdsreglementet vert diskutert minst to gonger per år.

- Gjennom intervju og samtale er det stadfesta at skulen orienterer om ordensreglementet på foreldremøte kvar haust og at trivsel vert teke opp på elevsamtalar og

foreldrekonferansar.

- Utdanningsdirektoratet sin elev-6 og foreldrebrosjyre7 om skulemiljøet ligg på skulen si heimeside. I tillegg til ordensreglementet ligg det også malar til elevar og forelder for å be om tiltak og klage på vedtak.

- Kvar haust gir skulen ut ei eiga informasjonsavis som vert sendt til alle heimane med orientering om m.a. ordensreglementet.

Vurdering

Tilsynet har fokusert på i kva grad skulen sine planar og rutinar vert etterlevde i praksis og om skulen har dokumentert at planar og rutinar vert evaluerte.

Det går fram av intervju at dei tilsette er godt kjende med skulen sin tiltaksplan mot mobbing.

Planen inneheld både tiltak og ansvar når det gjeld tiltak for å førebyggje, oppdage og handtere mobbing. Ved skulen er det også etablert drøftingsarenaer for dei tilsette i form av t.d. «husmøte»

og «teammøte» som har regelmessige møte. Trivsel er obligatorisk tema på dei elevsamtalane og foreldrekonferansane. I samband med desse har skulen m.a. utarbeidd eige førebuingsskjema og skjema med underskrift av kontaktlærar, elevar og foreldre om innhaldet på konferansetimen.

Skuleleiinga er tett involvert i den daglege gjennomføringa av det systematiske skulemiljøarbeidet.

Når det gjeld evaluering av det førebyggjande arbeidet, skjer dette primært gjennom regelmessige møte, dvs. husmøte og teammøte, og elev- og foreldremøte.

Skulen sitt ordensreglement vedteke av samarbeidsutvalet 07.02.2013. Ordensreglementet ved skulen vert evaluert to gongar per år. Når det gjeld skulen sin tiltaksplan mot mobbing og skulen sin årsplan for samarbeid mellom skule-heim, går det ikkje fram når desse dokumenta sist vart

oppdaterte/evaluerte eller om skulen har rutinar for dette.

Kommunen har rutinar for årleg evaluering av skulemiljøarbeidet og krav om dokumentasjon av korleis skulen følgjer opp t.d. observasjonar. Det ser såleis ut for at skuleeigar er aktiv når det gjeld å etterspørje informasjon gjennom dialogen med skulen.

Fylkesmannen finn at skulen gjennomfører evaluering av skulemiljøet, men at det systematiske arbeidet med evaluering av planar og rutinar kunne ha vore meir tydeleg i skulen sitt

styringssystem, t.d. gjennom eit årshjul for evaluering. Når vi ser skulen sitt system i samanheng med kommunen sin nye rutine for dialogmøte med vekt på evaluering av skulane sitt arbeid med kapittel 9a, meiner vi at skulen har eit forsvarleg system for evaluering.

6Utdanningsdirektoratet: Skolemiljøet til elevane – til deg som elev

7Utdanningsdirektoratet: Det psykososiale skolemiljøet til elevane – til deg som forelder

(9)

9 Når det gjeld om skulen kan dokumentere kva skulen ser på som krenkjande åtferd, går det fram at skulen i det siste har møtt utfordringar på dette området. Gjennom fleire intervju kjem det fram at skulen ikkje har gjennomført prosessar med tanke på etablere ei felles forståing av kva ein ser på som krenkjande ord og handlingar. At dette forholdet er uklart og at tilsette ser behov for slike drøftingar, vert etterlyst i fleire av intervjua. Under intervju kjem det også fram at det er nokså uklart i kva grad skulen sin handlingsplan mot mobbing også inkluderer ei meir «utvida» forståing av omgrepet krenkjande åtferd enn berre mobbing, t.d. vald, rasisme og diskriminering.

Fylkesmannen sin konklusjon

Årdal kommune – Farnes skule har ikkje dokumentert godt nok at skulen tek i vare dei rettslege krava som gjeld for det førebyggjande arbeidet og internkontroll.

3.2 Det individuelt retta arbeidet ved skulen

Det førebyggjande arbeidet må sjåast i samanheng med det individuelt retta arbeidet ved skulen.

Det er viktig for oppfyllinga av krava i opplæringslova at dei førebyggjande tiltaka som blir planlagde, blir etterlevde i praksis.

Skulen si plikt til å gripe inn når det oppstår forhold som er krenkjande for éin eller fleire elevar, følgjer hovudsakleg av § 9a-3, andre og tredje ledd. Opplæringslova inneheld særskilte plikter for skulen knytt til det psykososiale miljøet og gir eleven/foreldra særskilte rettar knytte til

saksbehandlinga ved skulen. Ved å kontrollere korleis skulane etterlever dei konkrete pliktene i § 9a-3 andre og tredje ledd, vil tilsynet kunne medverke til å sikre at skulane i praksis arbeider for å fremje helse, trivsel og læring for elevane.

Rettslege krav

Skuleeigar, skulen, rektor og alle tilsette pliktar å sikre elevane sin individuelle rett etter § 9a-1 gjennom individuelt retta arbeid. Det individretta arbeidet ved skulen er regulert i § 9a-3 andre og tredje ledd i opplæringslova. Reglane presiserer at alle som er tilsette ved skulen har ei

handlingsplikt som inneber plikt til i å gjere undersøkingar, plikt til å varsle rektor og plikt til å gripe inn når det er naudsynt og mogleg. Vidare blir skulen pålagd å behandle oppmodingar frå elevar eller foreldre som gjeld det psykososiale miljøet, etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova.

Sjå også vedlegg 3.

Dokumentasjon og vurdering

Dokumentasjon og vurderingar av det individretta arbeidet baserer seg i stor grad på intervju med tilsette. Samtaler med elevar og foreldre har òg vore ei viktig informasjonskjelde.

Er dei tilsette gjort kjent med si handlingsplikt8?

- Rektor skriv i si utgreiing at kommunalsjefen på eit eige møte har informert alle tilsette om handlingsplikta. Vidare skriv rektor at på alle fellesmøte er mobbing eit fast punkt på saklista og at administrasjonen med jamne mellomrom minner om handlingsplikta, varslingsplikta og observasjonsplikta. Det er også stadfesta gjennom intervju at tilsette har fått informasjon om handlingsplikta.

- I skulen sin handlingsplan mot mobbing går det fram at skuleleiinga skal informere to gonger for året alle tilsette, dvs. lærarar, assistentar, kontorpersonale, vaktmeister og reingjeringspersonale, om deira handlings- og varslingsplikt.

8 Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.

(10)

10 Kjenner dei tilsette til innhaldet i handlingsplikta?

- Omgrepet «handlingsplikt» slik dette kjem fram i opplæringslova § 9a-3, andre ledd vert vanlegvis ikkje nytta av dei tilsette. Både kommunen og skulen har lagt vekt på å

tydeleggjere dette ansvaret, men gjennom intervju kjem det fram at dei tilsette har litt varierande forståing av innhaldet i omgrepet.

Undersøkjer dei tilsette krenkjande åtferd når dei har mistanke eller kunnskap?

- I intervju og samtalar kjem det fram at tilsette ved skulen undersøkjer krenkjande åtferd ved mistanke eller kunnskap.

Har skulen rutinar som viser kva ein skal gjere når ein har mistanke eller kunnskap om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar?

- I skulen sin tiltaksplan mot mobbing har skulen etablert tiltak for å førebyggje, avdekke og handtere mobbing.

- Gjennom intervju kjem det fram at det knyter seg uvisse til i kva grad desse tiltaka berre skal vere avgrensa til å gjelde mobbing.

Grip dei tilsette inn ovanfor krenkjande åtferd når dei har mistanke eller kunnskap?

- Det går fram av intervju og samtalar at dei tilsette grip inn overfor krenkjande åtferd når dei har mistanke eller kunnskap, men i intervju vert det etterlyst at det å «gripe inn» bør gjerast meir konkret, t.d. kjem det fram at reglane om bruk av mobiltelefon på skulen vert handtert ulikt.

Har skulen rutinar for varsling til skuleleiinga og korleis følgjer leiinga opp varsling?

- I rektor si utgreiing går det fram at ved alvorlege saker skal dei som oppdagar

krenkjande åtferd straks melde frå til leiinga. Ved mindre alvorlege saker vil kontaktlærar følgje opp saka. Assistentane melder vanlegvis frå til kontaktlærar, men dei har også høve til å varsle direkte til leiinga.

- Skulen har utarbeidd eit eige varslingsskjema og det er innsendt to utfylte

varslingsskjema (anonymt). Gjennom intervju kjem det fram at det siste året har kome tre til fem oppmodingar til skulen.

- Rutinar for varsling er skriftleggjorde i skulen sin tiltaksplan mot mobbing, jf. pkt. 4.

- Skulen har også ein eigen «kriseperm» som gjeld ved t.d. ulukker.

- Skulen har laga eit eige varslingsskjema som tilsette skal nytte i samband med opplæringslova 9a. På skjemaet går det m.a. fram at varslinga skal vere skriftleg og rettast til rektor som skal handsame saka etter reglane om enkeltvedtak. Utover dette ligg det ikkje føre rutinar for bruken av varslingsskjemaet.

- Gjennom intervju går det fram at dei tilsette kjenner godt til skulen sin tiltaksplan mot mobbing og rutinane og rutinar for varsling. I intervju kjem det derimot fram at det er uklart i kva grad dei aktuelle rutinane også skal gjelde ved krenkjande åtferd generelt, t.d. ved varsling og oppfølging.

- Grenseoppgangen mellom det å løyse saker på klassenivå og når ein koplar inn leiinga, vert også opplevd som litt uklar.

Har skulen rutinar for å fatte enkeltvedtak når dei set i verk tiltak som er av inngripande karakter og som påverkar eleven sine rettar og plikter?

- Når det gjeld forhold som dei tilsette sjølve har oppdaga, fattar skulen også enkeltvedtak i desse sakene.

(11)

11 Vert det fatta enkeltvedtak ved skulen dersom foreldre/elevar ber om tiltak knytt til skulemiljøet?

- Rektor skriv i si utgreiing at skulen har gjort enkeltvedtak når foreldre har gjort forhold kjende for skulen og bedt om tiltak.

- I samband med tilsynet har skulen lagt fram to enkeltvedtak (anonyme) der foreldre har bedt om tiltak knytt til skulemiljøet, jf. § 9a-3, tredje ledd.

Vert oppmodingar handsama snarast mogeleg etter at desse har kome til skulen?

- I dei framlagte sakene som skulen har sendt inn, går det fram at skulen har teke tak i dei aktuell oppmodingane utan særleg opphald.

- Det vert også stadfesta gjennom intervju og samtale at skulen tek tak i desse sakene med ein gong.

Vert foreldre/elevar informerte om retten til å få enkeltvedtak når dei gjer ei oppmoding til skulen?

- I rektor si utgreiing går det fram at aktuelle foreldre har blitt gjort merksam på denne retten i dei tilfella der skulen har motteke oppmodingar.

- På skulen si heimeside er det også informert om retten gjennom Utdanningsdirektoratet sine brosjyrar om skulemiljøet. På heimesida er det også lagt ut malar som kan nyttast dersom elevar og/eller foreldre kjem med oppmoding eller ynskjer å klage på

enkeltvedtak etter kap. 9A.

- Gjennom intervju kjem det likevel fram at retten til enkeltvedtak etter opplæringslova

§ 9a-3, tredje ledd lett vert forveksla med eleven sin rett til enkeltvedtak om spesialundervisning, dvs. opplæringslova § 5-1.

Fattar skulen enkeltvedtak i høve alle oppmodingar dei får?

- Det vert stadfesta i intervju at skulen fattar enkeltvedtak ved alle oppmodingar frå foreldre.

- Det kjem også fram at dette forholdet er skjerpa inn i det siste, m.a. skriv frå skuleigar.

Tar skulen i vedtaket stilling til den enkelte elev sin rett etter § 9a-1 i opplæringslova?

- Skulen nyttar ein mal for utforming av enkeltvedtak. Enkeltvedtaket skal omtale

varslinga, eventuelle tiltak, oppfølging og ny vurdering av saka. Under punktet «Rettsleg grunnlag for vedtaket» er opplæringslova § 9-1 sitert.

- Malen legg derimot ikkje tydeleg opp til at skulen skal ta stilling til om eleven sin rett etter § 9-1 er oppfylt. I framlagde vedtaka tek heller ikkje skulen eksplisitt stilling til om eleven sin rett etter § 9a-1 er oppfylt eller ikkje.

Blir det opplyst om forvaltningslova sine klagereglar, og er det skissert tiltak i vedtaket?

- I dei innsendte sakene er det orientert om forvaltningslova sine klagereglar.

Vurdering

Skuleeigar forventar at skulen skal etablere interne rutinar som oppfyller krava i opplæringslova, jf.

§§ 9a-2, fjerde ledd og 9a-3, tredje ledd.

Det går fram av rektor si tilstandsvurdering at alle tilsette ved skulen er pliktig til å varsle

skuleleiinga dersom dei har mistanke eller kunnskap om krenkjande ord eller handlingar som gjeld elevane sitt skulemiljø. Skulen har også utarbeidd eit eige varslingsskjema som dei tilsette skal nytte. Farnes skule har i løpet av det siste skuleåret motteke tre til fem oppmodingar.

(12)

12 Skulen har rutinar for å informere alle tilsette om handlingsplikta, men når det gjeld innhaldet i handlingsplikta kjem det i intervju fram ei litt varierande forståing av innhaldet.

Skulen nyttar ein eigen mal for utforming av enkeltvedtak etter § 9a-3, tredje ledd. Det går ikkje klart fram av malen og innleverte vedtak at skulen tek stilling til om eleven har oppfylt sin rett etter

§ 9a-1 eller ikkje. Lovregelen må difor nemnast i enkeltvedtaket.

Skulen har elles utarbeidd ein eigen handlingsplan mot mobbing som er eit sentralt dokument når det gjeld å førebygge, oppdage og handtere mobbing. Gjennom intervju går det fram at dei tilsette kjenner godt til denne planen, men det er uklart i kva grad desse rutinane også skal gjelde ved krenkjande åtferd meir generelt. Det kjem også fram at skulen i liten grad har drøfta dette eller gjennomført prosessar for å finne fram til felles «tersklar» t.d. ved mistanke/kunnskap, varsling til leiinga og når skal vi gripe inn/korleis. Skulen har i seinare tid hatt fleire «krevjande saker».

Skulen har såleis ikkje eit forsvarleg system for å ta i vare krava som ligg i opplæringslova § 9a-3 andre ledd, jf. § 9a-4.

Fylkesmannen sin konklusjon

Årdal kommune – Farnes skule har ikkje dokumentert godt nok at skulen tek i vare dei rettslege krava som gjeld skulen sitt individuelt retta arbeid.

3.3 Brukarmedverknad

Opplæringslova inneheld krav om at elevar og foreldre skal givast høve til å involvere og engasjere seg i arbeidet for eit godt psykososialt miljø ved skulen. Eit av verkemidla frå lovgivar for å sikre brukarmedverknad har vore å stille krav til oppretting av ulike råd og utval og å gi desse råda og utvala høve til å uttale seg før endelege avgjerder blir tekne.

Brukarmedverknad er ikkje ein statisk tilstand som kan oppnåast ein gong for alle i skulen, det er i tvert imot noko det må arbeidast kontinuerleg med. Tilhøyrsle i ein sosial og fagleg fellesskap gjennom verdiar og verkemiddel som verdsetjing, aktiv deltaking og medverknad er noko som må gå føre seg kontinuerleg i kvardagen.

Det er ”skulen” som skal syte for at elevane blir engasjerte i skulemiljøarbeidet. Skulen i denne samanhengen vil seie skuleleiinga. Dersom det ikkje er tilrettelagt for at elevane eller dei føresette blir involverte og engasjerte i skulemiljøarbeidet, er det skuleeigar som blir gjort ansvarleg.

Rettslege krav

§ 9a-5 slår fast at elevane skal engasjerast i det systematiske skulemiljøarbeidet, både i planlegginga og i gjennomføringa av det. Elles er det gitt reglar for ulike organ for

brukarmedverknad både i § 9a-6 og i kapittel 11. Det går m.a. fram at råda og utvala skal givast relevant informasjon og reelt høve til å uttale seg. Rutinar for å sikre informasjon og varsling til dei ulike råda og utvala må innarbeidast i internkontrollen ved skulen etter § 9a-4. Sjå også vedlegg 3.

Dokumentasjon og vurdering

Det er oppretta samarbeidsutval (SU), skulemiljøutval (SMU), elevråd og foreldreutval ved skulen (FAU).

Har skulen rutinar for å involvere elevane i skulemiljøarbeidet?

- Rektor skriv i si utgreiing at elevane deltek i klasseråd, elevråd, samarbeidsutval og skulemiljøutval. Elevane er også aktive når det gjeld å arrangere ulike arrangement ved skulen, t.d. hyggekveldar, samankomstar, innslag på jule- og sommaravslutning. Elevane har også medansvar for kantinedrifta ved skulen.

- Skulen har to elevråd: 2.-7. klasse og 8.-10.klasse. Elevråda har kvar sin faste

elevrådskontakt. Elevane på ungdomssteget har ansvar for referat, medan kontaktlærar gjer dette på barnetrinnet.

- I samband med tilsynet har skulen sendt inn årshjul for elevrådet 2012-13.

(13)

13 - Det går fram av referat frå samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet at elevane er

representerte og møter i begge utvala.

- På barnetrinnet har ein eit pågåande prøveprosjekt som elevrådet i si tid tok initiativ til. Ein ynskte å kunne vurdere behovet for meir vakthald ute i friminutta. Prosjektet går ut på at elevrådsrepresentantar på barnesteget skal observere og gi tilbakemelding til dei vaksne dersom dei ser noko i matfriminuttet, dvs. tysdagar og torsdagar. Det er presisert av elevane berre skal melde i frå, dvs. dei skal sjølve ikkje gripe inn i situasjonar. Prosjektet skal

evaluerast ved skuleslutt 2012-13.

- Gjennom intervju og samtalar kjem det fram at elevrådet tek opp saker som skal opp i samarbeidsutval og skulemiljøutval. Skulen har derimot ikkje utarbeidd halvårsplan/årsplan for desse utvala og dette er såleis ikkje innarbeid i skulen sin årsplan for elevrådet.

- Det kjem også fram at elevrepresentantane tek saker opp i elevrådet etter initiativ frå klassane. Representantane tek også saker attende frå elevrådet til klassene.

- Elevrådsrepresentantane får ei viss opplæring i elevrådsarbeid.

- Alle elevane er involverte gjennom arbeid med reglar for klassemiljøet i sin klasse i form av m.a. trivselsreglar og klassereglar.

Har skulen rutinar for å halde råd og utval orientert om forhold som er vesentlege for skulemiljøet?

- Rektor skriv i si utgreiing at saker vert sendt både til elevråd og foreldrerådet sitt samarbeidsutval.

- Det går ikkje fram at skulen har etablert rutinar som syner kva saker som skal behandlast i råd og utval. Det er heller ikkje utarbeidd årshjul eller møteplan for samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet ved skulen. Av saker som desse utvala har handsama er bruk av

sukkerhaldege/energihaldege drikkar (ordensreglement), bruk av mobiltelefon

(ordensreglementet), temperatur, standard på WC/dusj, ute- og inneområde, drikkevatn, lys og støy .

- Gjennom intervju kjem det fram at resultat av elevundersøkinga har vore presentert for samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet, men dette går ikkje fram av dei framlagte referata.

Er det oppretta samarbeidsutval og skulemiljøutval med lovleg samansetjing?

- Skulemiljøutvalet 2012/13 har slik samansetjing: to elevrepresentantar, to

foreldrerepresentantar, ein representant for tilsette, rektor og ein representant frå skuleigar.

- Samarbeidsutvalet 2012/13 har slik samansetjing: to elevrepresentantar, to

foreldrerepresentantar, to representantar for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette, rektor og ein frå skuleeigar.

Både skulemiljøutvalet og samarbeidsutval har ei lovleg samansetjing.

Vert det halde jamlege møte i dei respektive brukarorgana?

I samband med tilsynet er det levert inn referat frå desse møta:

- Elevrådet 2.- 7. klasse: 31.10.12, 28.11.12, 30.01.13 - Elevrådet 8-10. klasse: 04.10.12, 15.11.12, 06.02.13 - Samarbeidsutvalet: 12.06.12, 29.11.12, 07.02.13 - Skulemiljøutvalet: 05.06.12, 21.11.12, 30.01.13 - Foreldrerådet sitt samarbeidsutvalet: 07.11.12, 15.11.12,30.01.13

Vi konkluderer med at det vert halde jamlege møte i brukarorgana på skulen.

(14)

14 Vurdering

Vi ser samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet som sentrale arenaer med tanke på at skuleleiing her skal kunne gje informasjon om t.d. hendingar, planar og vedtak som er vesentlege for skulemiljøet.

God informasjon vil kunne leggje grunnlaget for involvering og engasjement hos foreldre og elevar, dvs. å uttale seg og kome med framlegg i alle saker som er viktige for skulemiljøet.

Det er krav i opplæringslova om at elevar og foreldre skal ha høve til å involvere og engasjere seg i arbeidet for eit godt psykososialt miljø ved skulen. For å oppnå dette skal dei ulike råd og utvala ved skulen ha høve til å uttale seg om saker som er av betyding for skulemiljøet før endeleg vedtak vert gjort.

Skulen har oppretta utval med lovleg samansetning og har regelmessige møte. Dersom ein ser på kva saker som har vore på saklista i samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet, går det fram at utvala har drøfta skulemiljørelaterte saker. Det går også fram av intervju og samtalar at brukarane har høve til å fremje slike saker til utvala.

Fylkesmannen merkar seg at det går fram av intervju at elevar og foreldre har spelt inn saker, men at dette ikkje skjer så ofte. Vi merkar oss også at skulen ikkje har etablert rutinar for å gje

elevrådsrepresentantane opplæring i elevrådsarbeid og elevmedverknad.

Skulen har utarbeidd årsplan for elevrådet, men slike planar ligg ikkje føre når det gjeld

samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet. Gjennom intervju og innlevert dokumentasjon går det fram at skulen syter for at råd og utval er orienterte om forhold som er vesentlege for skulemiljøet, jf.

opplæringslova § 9a-6 andre ledd.

Fylkesmannen sin konklusjon

Årdal kommune- Farnes skule har gode nok rutinar og planar som sikrar brukarmedverknad i tråd med regelverket.

4. Pålegg om endring

Pålegg om endring

På bakgrunn av det som går fram av punkt 3.1-3.3, gir Fylkesmannen slikt pålegg:

Etter § 9a-4, jf. § 9a-3, første ledd

1. Årdal kommune skal syte for at Farnes skule jobbar aktivt, systematisk og kontinuerleg for å fremje eit godt psykososialt skulemiljø for å hindre at krenkjande åtferd skjer. Årdal

kommune må i denne samanhengen sjå til at Farnes skule:

a. dokumenterer kva skulen definerer som krenkjande åtferd.

Etter § 9a-3 andre ledd

2. Årdal kommune skal syte for at dei tilsette ved Farnes skule handterer krenkjande åtferd ved kunnskap eller mistanke. Årdal kommune må i denne samanheng sjå til at Farnes skule:

a. sikrar at det er ei felles forståing hos dei tilsette når det gjeld innhaldet i handlingsplikta, slik den kjem til uttrykk i § 9a- 3 andre ledd.

b. sikrar at alle tilsette kjenner og praktiserer rutinane for varsling til leiinga.

Etter § 9a-3 tredje ledd

3. Årdal kommune skal syte for at Farnes skule behandlar oppmoding om tiltak ved å fatte enkeltvedtak etter reglane om dette i forvaltningslova. Årdal kommune må i samband med dette sjå til at Farnes skule:

a. tek stilling til eleven sin rett etter opplæringslova § 9a-1 i enkeltvedtak som gjeld eleven sitt psykososiale skulemiljø.

(15)

15

5. Oppfølging av tilsynsresultata – krav om eigenerklæring om at lovbrota er retta

Tiltak for å rette lovbrota skal setjast i verk med det same.

Årdal kommune skal gi ei skriftleg erklæring om korleis lovbrota er retta/blir retta. Erklæringa skal understøttast med dokumentasjon på at det er utarbeidd tiltak i samsvar med pålegga.

Denne erklæringa og dokumentasjonen skal setje Fylkesmannen i stand til å vurdere om

tilsynsobjektet har korrigert dei lovbrota som er avdekka. Fylkesmannen må deretter vurdere om og i kva grad erklæringa og dokumentasjonen skal følgjast opp vidare.

Frist for innsending av slik erklæring er 1. oktober 2013.

6. Klage

Tilsynsrapporten er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 bokstav b, og kan klagast på til Utdanningsdirektoratet. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen innan tre veker frå det tidspunktet underretning om vedtaket er komen fram til kommunen som skuleeigar, jf.

forvaltningslova §§ 28 og 29. Sjå forvaltningslova § 32 om utforming av klage.

Lill Mona Solberg Helge Pedersen Frans Jacob Krebs

(revisjonsleiar) (revisor) (revisor)

Vedlegg:

1. Oversyn over innsend dokumentasjon 2. Oversyn over dei som er intervjua 3. Rettslege krav

(16)

16 Vedlegg 1 Oversyn over innsend dokumentasjon

Vedlegg Oversikt over dokumentasjon frå Årdal kommune Datert

1 Melding om grunnskulen 2012 07.01.2013

2 Rutine for dialogmøte med skulane 21.02.2013

3 Rutine for enkeltvedtak etter opplæringslova kapittel 9 A – Informasjon til

skuleeigar 13.02.2013

Oversikt over dokumentasjon frå Farnes skule

1 Utgreiing frå Farnes skule v/rektor 11.03.2013

2 Kopi av manifest mot mobbing, Årdal kommune 2011-2014 3 Tiltaksplan mot mobbing, Farnes skule

4 Vaktliste for Farnes skule – barnesteget 2012-2013 08.03.2013

5 Vaktplan Farnes skule u-steget skuleåret 2013-2013 08.03.2013

6 Vakt i matpausane 2012-2013 08.03.2013

7 Tilsyn skulebuss

8 Elevundersøkinga 2011-2012, for 7. og 10. trinn 9 Om lokale undersøkingar

10 Referat frå husmøte på barnesteget 24.01.2013 24.01.2013

11 Referat frå husmøte 08.11.2012 08.11.2012

12 Referat frå husmøte 10.01.2013 16.01.2013

13 Referat frå husmøte u-steget 31.01.2013 01.02.2013

14 Referat frå elev-/foreldremøte i klasse 8a, 04.09.2012

15 Utskrift av framsida til Farnes skule. Syner informasjon med tittel Elevane sitt skulemiljø».

16 Varslingsplan Farnes skule 2012-2013, gjeld ved t.d. sykdom og ulykke, død, seksuelle overgrep, vold, mobbing, ev. andre forhold.

17 Kriseplan for Farnes skule

18 Informasjonsavis frå Farnes skule, haust 2012 19 Tiltaksplan mot mobbing, Farnes skule

20 Ordensreglar for Farnes skule, vedteke i Samarbeidsutvalet 07.02.2013 21 Årsplan for samarbeid heim-skule ved Farnes skule

22 Råd og utval ved Farnes skule

23 Viktig informasjon, om div. reglar og tilbod ved skulen

24 Informasjon frå Utdanningsdirektoratet til elevar og lærarar om skoleporten.no

25 Tilsette ved Farnes skule 2012-2013

26 Kriterium for karaktersetjing i orden og åtferd

27 Oppfølging av kriterium for karaktersetting i orden/åtferd 28 Trivselsreglar klasse 5 a

29 Klassereglar 8 a 30 Årshjulet 2012-2013

31 Referat frå møte i elevrådet 8.-10. klasse, 06.02.2013 32 Referat frå møte i elevrådet 8.-10. klasse, 15.11.2012 33 Referat frå møte i elevrådet 7.-10. klasse 04.10. 2012 34 Referat frå møte i elevrådet 2.-7. klasse, 30.01.2013 35 Referat frå møte i elevrådet 2.-7. klasse, 28.11.2012 36 Referat frå møte i elevrådet 2.-7. klasse,31.10.2012 37 Referat frå møte i skulemiljøutvalet, 31.01.2013 38 Referat frå møte i skulemiljøutvalet, 21.11.2012 39 Referat frå møte i skulemiljøutvalet, 05.06.2012 40 Referat frå møte i FAU, 30.01.2013

41 Referat frå styremøte 2 FAU 15.11.2012 08.03.2013

42 Referat frå styremøte 1 FAU 07.11.2012 08.03.2013

43 Referat frå møte i samarbeidsutvalet 07.02.2013 06.02.2013

44 Referat frå møte i samarbeidsutvalet 29.11.2012 05.12.2012

45 Referat frå møte i samarbeidsutvalet 12.06.2012 22.06.2012

46 Invitasjon til elevsamtale - mal

47 Konferansar ved Farnes skule haust 2012 - mal 48 Mal for undervegsvurdering

(17)

17 49 Mal for utviklingssamtale, 9. klasse

50 Rutine for enkeltvedtak etter opplæringslova kapittel 9 a- Informasjon til

skuleeigar 13.02.2013

51 Enkeltvedtak etter § 9a-3, anonymisert 07.03.2013

52 Enkeltvedtak etter § 9a-3, anonymisert 07.03.2013

53 Anonymisert skjema – oppmoding om tiltak frå foreldre 26.02.2013 54 Anonymisert skjema, varsling i samband med opplæringslova § 9A

(18)

18 Vedlegg 2 Oversyn over deltakarane i tilsynet

Namn Funksjon Opningsmøte Intervju Sluttmøte

Per Kristian Pedersen Rektor X X X

Mona Øren Elevrådskontakt X X

Randi Brekke Elevrådskontakt X X

Gunn Fedje Kontaktlærar (5.kl) X X

Kari Anne Ålvik Kontaktlærar (7.kl) X X

Rigmor Skrede Kontaktlærar (9.kl) X X

Hilde Hellegård Assistent X X

Mona Reppen Assistent X X

Britt Torhild Grindhaug Assistent X X

Frank Westad Rådmann X

Jan Kåre Stedje Rektor (Tangen skule) X

Det er dessutan gjennomført samtalar med representantar for elevrådet og FAU ved Farnes skule.

(19)

19

Vedlegg 3 Rettslege krav

1 Det førebyggjande arbeidet

§ 9a-4, Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll)

Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte.

Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet.

§ 9a-3 første ledd – Det psykososiale miljøet

Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.

Det systematiske skulemiljøarbeidet skal sikre at elevane sin rett blir oppfylt ved at skulen arbeider kontinuerleg og systematisk for eit godt skulemiljø. Det avgjerande er at skulemiljøarbeidet er eigna til å sikre elevane eit godt psykososialt miljø og at brot på retten til eit godt miljø blir oppdaga og handtert på ein effektiv måte.

Føremålet med skulen sine plikter etter § 9a-4 er å sikre at uønskt/krenkjande åtferd blir oppdaga og teke hand om tidleg. Dette vil seie at skulen må ha rutinar for å kartleggje skulemiljøet og den enkelte eleven si oppleving av det psykososiale miljøet.

Ein naudsynt føresetnad for det systemretta arbeidet er at skulen overfører krava i kapittel 9a til konkrete mål og handlingar. Skulen må ha planar og rutinar for korleis elevane sin rett skal oppfyllast.

Skulen blir i § 9a-4 pålagd å arbeide aktivt, systematisk og kontinuerleg slik at krava i kapittel 9a blir oppfylde. Dette inneber at skulen skal arbeide etter eit ”føre var”-prinsipp, og førebyggje brot på eleven sin rett etter § 9a-1. Skulen kan ikkje vere passiv og avvente at ein situasjon oppstår, som til dømes at læraren faktisk ser mobbing eller at nokon klagar på forholda. Med kontinuerleg meiner ein at det systematiske arbeidet må vere gjennomgåande i skulen sitt arbeid, og ikkje berre noko som blir gjort når det oppstår ubehagelege situasjonar eller ved oppstart av kvart skuleår. Arbeidet skal drivast heile tida, gjennom heile skuleåret. Eit anti-mobbeprogram eller ein perm med

internkontrollrutinar som står i ei hylle, er ikkje tilstrekkeleg for å oppfylle kravet til systematisk arbeid.

Det systematiske arbeidet skal vere gjennomtenkt og planmessig. Planane og rutinane må vere innarbeidde og må følgjast av personalet når det blir arbeidd med saker som omhandlar det psykososiale miljøet til elevane.

Skuleleiinga ved rektor har ansvaret for at det systematiske arbeidet er aktivt, systematisk og planmessig.

Skulen må for å oppfylle kravet til internkontroll:

 Setje seg konkrete mål for skulemiljøet og skulemiljøarbeidet

 Arbeide systematisk og planmessig for å nå måla og førebyggje problem

 Ha rutinar for å følgje med på skulemiljøet og den enkelte eleven si oppleving av det, medrekna rutinar for å avdekkje og handtere problem når dei dukkar opp og kontrollere at rutinane blir følgde

Skulen må kunne dokumentere at dei har eit system for internkontroll. Internkontroll inneber å overføre krava i lov og forskrift til konkrete mål for skulemiljøet, kartleggje utfordringar, planleggje

(20)

20 og setje i verk tiltak for å nå måla. Skulen må dokumentere at dette er etablert, og at det faktisk blir følgt opp.

I tillegg til det som blir dokumentert skriftleg, må skulen kunne vise at:

- internkontrollen dekkjer alle reglane i kapittel 9a

- kvar tilsett utfører pliktene dei har etter lova og kjenner til interne mål, rutinar/planar - dei tilsette har tilstrekkjeleg kompetanse om skulemiljøarbeid og handtering av utfordringar

og hendingar som gjeld skulemiljøet

- skulen har tiltak for å fremje skulemiljøet og førebyggje, avdekkje og handtere krenkingar - tiltaka blir sette i verk og planar og rutinar blir følgde i praksis

- leiinga er aktivt med i arbeidet med internkontroll/skulemiljø.

I det systematiske arbeidet med det psykososiale miljøet må også andre reglar i opplæringslova dragast inn. For det fyrste må skulen kartleggje krava til brukarorgan i kapittel 11. Eit sentralt organ i det systematiske arbeidet er skulemiljøutvalet.

Ordensreglementet ved skulen er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med skulemiljøet, og skulen må sjå til at dette er integrert i skulemiljøarbeidet/internkontrollen. Eit system for skulemiljøet som ikkje blir sett i samanheng med ordensreglement, er ikkje heilskapleg nok. I tillegg må skulen også trekkje inn vurdering i orden og i oppførsel etter forskrift til opplæringslova § 3-5.

2 Det individretta arbeidet

Skuleeigar, skulen, rektor og alle tilsette pliktar å sikre elevane sin individuelle rett etter § 9a-1 gjennom individuelt retta arbeid. Det individretta arbeidet ved skulen er regulert i § 9a-3 andre og tredje ledd i opplæringslova.

 Handlingsplikta etter § 9a-3 andre ledd

 Plikta til å behandle oppmodingar om tiltak frå elevar/foreldre som enkeltvedtak etter

§ 9a-3 tredje ledd Handlingsplikta

§ 9a-3 andre ledd – plikta til å undersøkje, varsle og gripe inn

Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal

vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.

Regelen slår fast at alle som er tilsette ved skulen, har ei handlingsplikt som inneber - plikt til i å gjere undersøkingar,

- plikt til å varsle rektor og

- plikt til å gripe inn når det er naudsynt og mogleg.

Handlingsplikta gjeld for alle som er tilsette ved skulen ved at dei har eit tilsetjingsforhold/ein arbeidsavtale med skuleeigar. I førearbeida til lova9 er det sagt at ”tilsette” i praksis ofte vil vere lærarar og miljøarbeidarar, men at plikta også gjeld anna personale. I tillegg til

undervisningspersonalet på skulen kan dette til dømes vere vaktmeister, assistentar, kontor- og reingjeringspersonale.

Den tilsette si handlingsplikt tek til å gjelde når ho/han får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar. ”Kunnskap om” vil seie at den tilsette faktisk veit at ein elev blir utsett for uakseptabel åtferd frå elevar, lærarar eller andre ved skulen. Dette kan vere

9 Sjå Ot. prp. nr. 72 (2001-2002).

(21)

21 hendingar som den tilsette sjølv er vitne til eller blir fortald om. Ein del av handlingsplikta er plikta til å undersøkje om eleven faktisk har blitt utsett for krenkjande ord eller handlingar, og få klargjort kva som faktisk har skjedd. Handlingsplikta gjeld også dersom den tilsette får ein mistanke om at ein elev er utsett for ord og handlingar. Det er altså ikkje naudsynt med faktisk kunnskap for at handlingsplikta gjeld.

Den tilsette må, når ho/han får kunnskap eller mistanke om krenkjande åtferd, vurdere kva som blir neste steg. Skuleleiinga skal varslast, og i nokre tilfelle har den tilsette plikt til å gripe inn. Dette må vurderast konkret i den enkelte situasjonen. I akutte situasjonar, til dømes når elevar slåss eller ein overhøyrer krenkjande ord til ein elev, er det naturleg å gripe inn straks og undersøkje nærare i etterkant kva som faktisk skjedde.

Det følgjer av § 9a-3 andre ledd at etter at den tilsette har undersøkt saka og kome til at dette er forhold som bør følgjast opp, skal skuleleiinga informerast. Skuleleiinga pliktar å sikre at alle saker dei blir varsla om òg blir følgde opp. Tilsette som varslar etter § 9a-3 andre ledd skal takast på alvor. Skulen, ved rektor, pliktar å undersøkje saka ytterlegare dersom det er behov for dette, og setje i verk eigne tiltak.

Skulen med alle sine tilsette må ha ei felles forståing av når det skal varslast, og korleis varslinga skal skje. På same måte må alle ved skulen ha eit avklart forhold til terskelen for å gripe inn. Desse avklaringane og rutinar for dette må innarbeidast i internkontrollen etter § 9a-4.

Det er ikkje noko krav i § 9a-3 andre ledd om at skulen skal gjere eit enkeltvedtak når det blir sett i verk tiltak etter eige initiativ. Dette skil seg frå når ein elev eller forelder ber om tiltak, jf. § 9a-3 tredje ledd. At det ikkje må gjerast enkeltvedtak tek likevel ikkje frå skulen ansvaret for å følgje opp saka på føremålstenleg vis.

I nokre tilfelle vil tiltaka skulen set i verk, likevel krevje at det blir gjort enkeltvedtak. For enkelte tiltak er det fastsett eksplisitt i opplæringslova eller forskrift til opplæringslova at avgjerda er eit enkeltvedtak. Døme på dette er bortvising etter opplæringslova § 2-10 og skulebyte etter

opplæringslova § 8-1 tredje ledd. Elles er det definisjonen av enkeltvedtak i forvaltningslova § 2 sett opp imot karakteren av tiltaket som er avgjerande for om reglane om enkeltvedtak skal brukast.

Samstundes har skulen eit visst handlingsrom knytt til ordensmessige og opplæringsmessige tiltak.

Dette er mindre inngripande tiltak som blir gjorde for å gjennomføre opplæringa.

Det skriftlege, som enkeltvedtaksforma gjev, er viktig for skulen si dokumentering av at dei har gripe inn og prøvd å sikra eleven sin rett etter § 9a-1.

Plikta til å behandle oppmodingar om tiltak frå elevar/foreldre

§ 9a-3 tredje ledd – Eleven/ foreldra sin rett til å be om tiltak og saksbehandlinga ved skulen Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.

Skulen er pålagd gjennom § 9a-3 tredje ledd å behandle oppmodingar frå elevar eller foreldre som gjeld det psykososiale miljøet etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Dersom det ligg føre ei slik oppmoding, må skulen snarast råd ta stilling til om eleven sin rett er oppfylt, og eventuelt kva tiltak som skal setjast i verk. Det blir streka under at skulen alltid skal gjere eit enkeltvedtak når elevar/foreldre oppmodar om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Skulen har altså ei

vedtaksplikt. Dersom skulen ikkje oppfyller plikta til å gjere enkeltvedtak i saka, kan foreldra/eleven likevel klage som om det var gjort enkeltvedtak.

Oppmodingar frå elevar og foreldre treng ikkje vere skriftlege. Skulen må også ta stilling til

munnlege førespurnader. Skulen kan ikkje avvise ei oppmoding fordi ho ikkje er skriftleg eller unnlèt å oppgje kva tiltak eleven/foreldra ynskjer. Skulen kan heller ikkje krevje at eleven/foreldra må levere ei skriftleg oppmoding. Dersom skulen er i tvil om ei oppmoding frå eleven/foreldra er ei oppmoding etter § 9a-3 tredje ledd, må skulen avklare dette. Skulen har ei rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11. Ein del av dette vil vere å informere eleven/foreldra om rettane etter kapittel 9a og klarleggje om ei oppmoding frå ein elev eller foreldre om det psykososiale miljøet er ei oppmoding om tiltak. Den som tek imot førespurnaden, pliktar også å informere om retten til å be

(22)

22 om tiltak og klageretten etter § 9a-3 tredje ledd. Alle oppmodingar, også munnlege, skal takast på alvor og utgreiast. Dette er ein del av skulen si utgreiingsplikt etter forvaltningslova § 17.

Oppmodinga skal normalt rettast til skuleleiinga ved rektor, men oppmodingar kan også rettast til lærarar og andre tilsette. Dersom oppmodinga blir retta til ein lærar, må han/ho vurdere kva oppmodinga gjeld og om dette er noko som kan og bør løysast innanfor klassen. Læraren si vurdering vil vere viktig når det skal avgjerast kva tiltak som eventuelt skal inn i enkeltvedtaket.

Uansett om oppmodinga kan løysast innanfor klassen, skal denne bringast vidare til skuleleiinga. Ei oppmoding frå elevar/foreldre skal aldri stoppast på klassenivå. Dette har samanheng med kravet i

§ 9a-3 tredje ledd fyrste punktum om at alle tilfelle der det blir bede om tiltak knytte til det

psykososiale miljøet, skal behandlast som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Regelen slår også fast at saka skal behandlast ”snarast mogleg”, og dersom det ikkje er gjort eit enkeltvedtak etter

forvaltningslova ”innan rimeleg tid”, kan eleven/foreldra klage som om skulen hadde gjort eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Ei klage skal alltid sendast til det forvaltningsorganet som har eller skulle ha gjort enkeltvedtak i saka i fyrste instans. Det vil seie at klaga skal sendast til skulen.

Fylkesmannen er klageinstans, men før klageinstansen kan ta saka til behandling, må skulen eller skuleeigar sjå på saka på nytt, og eventuelt førebu saka for fylkesmannen, jf. forvaltningslova § 33.

Elles inneheld ikkje opplæringslova kapittel 9a krav til saksbehandlinga. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova gjeld for saker etter § 9a-3. Dersom skulen ikkje behandlar noko som var meint som ei oppmoding, er dette alvorleg og kan få konsekvensar, m.a. anna etter strafferegelen i §9a-7.

3 Brukarmedverknad

Elevane skal engasjerast i det systematiske skulemiljøarbeidet, både planlegginga og gjennomføringa av det, jf. § 9a-5. Første ledd i denne lyder:

§ 9a-5 første ledd – Elevdeltaking i skulemiljøarbeidet

Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen. Skolen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna.

Dette inneber at elevane skal takast med i skulen sitt arbeid med å oppfylle krava i kapittel 9a.

Dette kan til dømes vere deltaking når skulen lagar ordensreglement, deltaking i gjennomføring av gjennomføre enkle målingar, osv. Det er skuleleiar sitt ansvar at elevane blir tekne med i

skulemiljøarbeidet

.

I førearbeida er det vist til at det er viktig i seg sjølv at elevane kan få oppleve å bli høyrde, og for skulen vil det vere lettare å planleggje og å gjennomføre tiltak i samarbeid med elevane og dei føresette.

Elevane si deltaking i skulemiljøarbeidet skal vere sikra i internkontrollsystemet ved skulen etter § 9a-4.

I lova § 9a-6 og kapittel 11 er ulike organ for brukarmedverknad regulerte. Dei råda og utvala opplæringslova stiller krav til at skulane skal opprette, er:

 Elevråd – jf. § 11-2/11-6

 Foreldreråd og FAU – jf. § 11-4

 Samarbeidsutval/skuleutval – jf. § 11-1

 Skulemiljøutval – jf. § 11-1a

Råda og utvalga skal gjevast relevant informasjon og ein reell sjanse til å uttale seg, jf. § 9a-6.

§ 9a-6 - Informasjonsplikt og uttalerett

Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet og dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande underretta om alle tilhøve - deriblant hendingar, planar og vedtak - som har

(23)

23 vesentleg betydning for skolemiljøet. Råda og utvala har på førespurnad rett til å få framlagt

dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen.

Råda og utvala som er nemnde i første ledd, skal så tidleg som mogleg takast med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak ved den enkelte skolen, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning for skolemiljøet.

Dersom skolen blir klar over tilhøve ved skolemiljøet som kan ha negativ verknad for helsa til elevane, skal elevane og dei føresette snarast mogleg varslast om det.

Rutinar for å sikre at informasjon og varsling til dei ulike råda og utvala må innarbeidast i internkontrollsystemet ved skulen etter § 9a-4.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

§ 9a-3 tredje ledd – Eleven/ foreldra sin rett til å be om tiltak og saksbehandlinga ved skulen Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale

§ 9a-3 tredje ledd – Eleven/ foreldra sin rett til å be om tiltak og saksbehandlinga ved skulen Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale

§ 9a-3 tredje ledd – Eleven/ foreldra sin rett til å be om tiltak og saksbehandlinga ved skulen Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale

§ 9a–3 tredje ledd – Eleven/ foreldra sin rett til å be om tiltak og saksbehandlinga ved skulen Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale

§ 9a–3 tredje ledd – Eleven/ foreldra sin rett til å be om tiltak og saksbehandlinga ved skulen Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale

§ 9a-3 tredje ledd – Eleven/ foreldra sin rett til å be om tiltak og saksbehandlinga ved skulen Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale

§ 9a-3 tredje ledd – Eleven/ foreldra sin rett til å be om tiltak og saksbehandlinga ved skulen Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale

§ 9a-3 tredje ledd – Eleven/ foreldra sin rett til å be om tiltak og saksbehandlinga ved skulen Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale