Fylkesmannen og
Sogn og Fjordane fylkeskommune
inviterer til
Sjumilsstegkonferanse 10. – 11. mars 2015
Hotel Alexandra
Sjumilsstegkonferansen 2015
«Samordna løft for folkehelse og psykisk helse for barn og unge»
Sjumilssteget – til beste for barn og unge Folkehelse – helse i alt vi gjer
Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til
Sjumilsstegkonferansen 2015. Vi vidarefører suksessen frå i fjor og inviterer også i år til felles konferanse.
Sjumilssteget er ei brei satsing på barn og unge sin oppvekst, med mål om å sikre at FNs
barnekonvensjon blir brukt til å planlegge og kvalitetssikre tenester for barn og unge i kommunane.
Det er ei målsetjing at barnekonvensjon skal vere det berande regelverket for planlegging, analyse og igangsetjing av naudsynte tiltak for barn og unge i kommunane.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i perioden 2012 – 2014 drive Sjumilssteget som embetsprosjekt. Sjølv om prosjektet no er avslutta er det framleis mål om å jobbe for betre
ivaretaking av barn og unge sine utviklings-, lærings- og omsorgsbehov. Målet har vore å sikre betre planlegging og koordinering av tenester på tvers av fag, etatar , nivå, og mellom offentlege og frivillige organisasjonar.
Dei fem overordna prinsippa i folkehelselova og folkehelsemeldinga; Utjamning, Helse i alt vi gjer, Berekraftig utvikling, Føre-var-prinsippet og Medverknad finn ein og att i Barnekonvensjonen.
Eit samordna løft for folkehelse og psykisk helse for barn og unge er hovudtema på konferansen. Det tverrfaglege samarbeidet er avgjerande for at vi skal få til gode tiltak på tvers av ulike faggrupper.
Fylkesmannen og fylkeskommunen ønskjer størst mogeleg breidde i deltakinga på konferansen og inviterer fagansvarlege i kommunar, fylkeskommune, politi, BUP, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Nav, politikarar, barn, unge og frivillige lag og organisasjonar til deltaking på Sjumilsstegkonferansen 2015.
Det er inga konferanseavgift for deltakarane men den enkelte må dekke opphaldet på hotellet.
Førebelse prisar: pris pr. deltakar (desse kan bli noko endra)
Deltaking begge dagar overnatting i enkeltrom kr. 1860,- Deltaking begge dagar overnatting i dobbeltrom kr. 1770,-
Dagpakke u/middag 10. mars kr. 962,-
Dagpakke 11. mars kr. 588,-
Middagsbuffè for ikkje- buande 10. mars kr. 530,- Ekstra overnatting i enkeltrom frå 9. mars kr. 950,- Ekstra overnatting i dobbeltrom frå 9. mars kr. 860,-
Påmeldingsfrist 25. februar
Sjumilsstegkonferanse tysdag 10. mars
Elevbedrifta Malawi leier konferansen begge dagar Kl 09:00 Registrering m/kaffi og rundstykke
Kl 09:45 Velkommen ved elevbedrifta Malawi som skal leie konferansen Kl 10:00 Opning ved fylkesmannen
Kl 10:30
«Lær å mobbe» www.tekstogmusikk.no Tor Arne JohnsenKl 11:15 Pause
Kl 11:30 «
Helse, levekår og livsløp – fra barn til voksen» Camilla Stoltenberg
Kl 12:30 Lunsj
Kl 13:30 «Hva mener unge er viktig for god psykisk helse og god folkehelse?
Og hvordan kan flere trives bedre?»
PsykiskhelseProffer og SkoleProffer fra Forandringsfabrikken deler erfaringer og råd
Kl 15:30 Spørsmål, Gruppearbeid/Diskusjon ved borda og tilbakemeldingar i plenum
Kl 15:50 Pause med noko å bite i
Kl 16:05 «Voksne sitt ansvar å hindre mobbing»
Kristin Oudmayer, Unicef
Kl 17:00 Spørsmål, gruppearbeid/diskusjon v borda og tilbakemeldingar i plenum
Kl 17:30 Slutt for dagen
Kl 20:00 Felles middag
Sjumilsstegkonferanse onsdag 11. mars
Elevbedrifta Malawi leier konferansen begge dagar Kl 08:30 «Som erting bare litt slemmere»
Om prosjektet; Hele barnet hele løpet
v/ Åse Berit Hoffart, foreldreutval for barnehagen
Kl 09:15 «Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge» og nytt frå høgskulen i Sogn og Fjordane v/Siv Førde Kl 09:30 «Ung i Sogn og Fjordane i dag, psykisk helse og mobbing»
Ungdomspolitisk utval
Kl 10:00 «Tverrfagleg samarbeid mellom politi og kommune»
Torstein Fjellanger, Politiet
Kl 10:45 Pause med noko å bite i og utsjekk
Kl 11:15
Kathrine Kvinnsland, grunnleggar av nettstaden unghjelp.noKl 12:00 Spørsmål, gruppearbeid/diskusjon v borda og tilbakemeldingar i plenum
Kl 12:30 Pause
Kl 12:45 «Ungdomsundersøkinga i Sogn og Fjordane 2013»
Hans Johan Breidablikk, fagdirektør Helse Førde
Kl 13:15 Spørsmål, gruppearbeid/diskusjon v borda og tilbakemeldingar i plenum
KL 13:30 «Jakten på den gode oppveksten»
Sven Mollekleiv, Røde kors