• No results found

Vinterfestuka – eit rallarrituale

I kjølvatnet av byhistorie og avduking av rallarmonument vart det lagt grunnlag for nye ritual i Narvik. I 1956 vart det arrangert ein «fransk festival». Verdskrigen var så vidt tilbakelagt og byen fekk besøk kvart år av ein del turistar. Mange av dei var franske framandlegionærar som hadde deltatt i kampane om Narvik under krigen. Det var ein fransk glorie rundt Narvik, som kulminerte med at Paris fekk sin Place de Narvik. I to år feira dei fransk festival i Narvik, og franskmenn og den franske ambassaden viste byen stor åtgaum. Så vart vinterfestivalen omskapt, og på nettsida til stiftinga Vinterfestuka ligg forklaringa:

«I 1957 het det "Festival Narvik", men så begynte man å se bakover i byens korte, men dramatiske historie. Forbi krigen. Tilbake til rallartiden. Til tiden med anleggsbyen innerst i Rombaksbotn og til oppbyggingen av det moderne Narvik rundt malmskipningsanlegget.

Til de hektiske årene rundt århundreskiftet da store mengder av svenske, finske og norske arbeidere under stort slit utførte det arbeidet som dyktige ingeniører hadde beregnet og konstruert på sine papirer: Ofotbanen. Jernbanen som i dag bringer

292 Ibid.

293 Nora 1996b: 20.

294 Eriksen 1999: 95.

jernmalm fra de svenske gruvene til LKAB rundt Kiruna ned til isfri havn i Narvik og for eksport til Europa og resten av verden. Dengang, - og i dag.

Og historien var rik på alt: På personer og personligheter. På sagn og legender. På dramatikk. Alt fortettet til noen hektiske klondykeår i en anleggshistorie i tiden rundt århundreskiftet. Og kulissene var like dramatiske som historien selv:

Stupbratte glattskurte fjellsider rundt anleggsbyen i Rombaksbotn. Det var litt av dette miliøet de ønsket å gjenskape en gang i året. Vinterfestuka var skapt».295

Nora viste òg at skaping av minnestader kan gje seg utslag i nye kulturuttrykk, manifestert gjennom litteratur og kunst, symbol, festar og monument. For Narvik fekk rallarfokuset slike utslag. Festivalen var eit slik uttrykk, og denne skapte i sin tur

«Rombaksmusikken», eit korps kledd i rallarklede, som alltid spelte i vinterfestuka. Det vart oppretta med direkte referanse til Ytreberg, som hadde skildra den første

arbeidskonflikten i landsdelen ved Ofotbanen i 1887, der streikande arbeidarar kom ned frå fjellet langs lina for ei markering hos anleggsleiinga. Streikefølgjet var ført an av to

musikantar. Korpset voks fram på slutten av 1950-talet, og fekk namn etter byens loci memoriae, med unntak av på 60- og 70-talet, då det heitte «Rallarmusikken».296

Både rallarmusikk, vinterfestuke og folkefest i Rombaksbotn må sjåast i same lys som faste markeringar som «nasjonaldagar» eller nasjonale ritual. Dei blir ei form for

«genuin return to the source».297 Ved studien av museum, organisasjonar, festivalar og festar har Nora spurt korfor det har blitt behov for å samle på «relics of another era,

illusions of eternity». Svara han held fram, heng saman med samfunnsutviklinga i samtida.

Det stadig meir ritual-frie samfunnet har behov for fleire arenaer for ritual, som minnestaden erstatta. I ei stadig meir individualistisk orientert tid, der menneska er

likestilte og dels likearta, veks behovet for å skape kollektive møte der gruppekjensler kjem til uttrykk.298 Slik kan ein truleg også forklare skipinga av «Rallarklubben» i Narvik som

har «sluskehatten» som emblem. Når diasporaen av utflytta Narvik-væringar skipa si foreining i Oslo i 1963, fekk dei sjølvsagt òg «rallaren» som symbol. Ytreberg sine to litterære bidrag i 1954 hadde skapt minnestader for Narvik, og rundt desse kunne ein skape gruppefellesskap i åra etter.

Emblemet til Narvik-foreninga i Oslo.

295 Sjå mellom anna heimesida til Vinterfestuka i Narvik:

http://www.vinterfestuka.no/lessak.asp?nyhets_id=572&meny_parent=596&meny_id=596&hoved=1 . Dato 01.09.2006.

296Skjekk mellom anna denne heimesida til Rombaksmusikken i Narvik: http://www.rombaksmusikken.no/. Dato 01.09.2006.

297 Nora 1996b: 7.

298 Nora 1996b: 6-7.

Ritane og rituala er dessutan sosiale handlingar som er eit uttrykk for ekspressiv åtferd. Dei er symbolske og søkjer å uttrykke eit eller anna som ligg bak dei.299 Ritane sin form som til dømes utkledinga i rallardraktar blant Narvik-folk under Vinterfestuka, er òg ei sanseleg oppleving. Ved eiga kroppsleg deltaking skaper ein identifikasjon med fortida.

Folk skaffar seg dessutan røynsle om historiske hendingar på dette viset, og slik hugsar dei ting dei ikkje sjølv var med på, men som hører til dei kollektive minna i eit samfunn. Slik blir også dei kollektive minna halde levande gjennom ritane.300

Rallarviser

I forordet til boka Feiselklang og anleggssang. Rallarviser fra Nordkallotten, skriv Agge Theander og Finn Stenstad at «minnet om rallaren og anleggstida» kanskje har blitt den «aller viktigste tradisjonsbæreren» i Narviks 100-årige historie, og at rallarvisene inngår som ein del av denne tradisjonen. Dei blir halde i hevd gjennom Vinterfestuka, og er eit «levende element» under dei viktige kulturmønstringane i Narvik.301

Ytreberg trakk fram «Rallarvisene» i byhistoria. Fleire stader nytta han dei nærmast som historiske kjelder. Andre gonger nytta han dei som kjenslemessig uttrykk ved livet under anlegget. Han dreg dei også inn for å friske opp framstillinga og setje farge på tida dei omhandla. Rallarvisene var ein del av

skillingsvise-tradisjonen i tida mellom folkevisene og grammofonen, og dei vart svært populære etter 1850, parallelt med urbaniseringa og

industrialiseringa. Det var songane til folkedjupet, med evige og populære tema som kjærleik, sakn, svik, smertefull sjukdom og dramatisk død.302 I Noreg og Sverige fekk dei mye felles, og mange vart skapt av namngitte personar som vandra mye, som loffarar, sjømenn eller rallarar. Perioden med visedominansen fell saman med dei store svensk-norske jernbaneprosjekta. Likevel får ein eit

299 Eriksen 1999: 97-98.

300 Eriksen 1999: 98 ff.

301 Stenstad og Theander 2002:5.

302 Stenstad og Theander 2002:7.

inntrykk gjennom visene, som den svenske forfattaren Harry Blomberg har vist, at

«Sverige inte äger mer än en enda järnväg – Riksgränsbanan».303 Theander og Stenstad meiner det er noko i dette, fordi vel 50 kjente norske og svenske rallarviser er knytt til jernbanebygginga mellom Bottenviken og Narvik i 1880-85 og 1898-1903. Her fekk visene si endelege form og sin kjente melodi, og vart seinare tilpassa til norske prosjekt som t.d.

Sørlands- og Bergensbanen.304 Det var ikkje tilfeldig at denne delen av populærkulturen og dette området av Skandinavia vart så godt dokumentert. På norsk og svensk side starta innsamlinga av rallarvisene rett etter at Ofotbane-anlegget var fullført. Hanna Lund, dotter til den legendariske ingeniøren på norsk side av banen, Ole W. Lund og Manne Briandt, baneingeniør på svensk side, var begge pionerar i dokumentasjonsarbeidet, og begge var dei knytt til malmbanen i ein sentral periode.305

Agge Theander, kom i 1993 med ein åtvarande peikefinger knytt til rallarvisene som historisk kjelde. Dei hadde ein overdrivande tendens, og hjelpte i aller høgst grad til med å «forvanske historien fra århundreskiftet».306 I Pierre Noras and går han inn i

legendene og drøftar innhaldet i dei med kritisk lys, for å skilje mellom mytar og realitetar.