• No results found

Eit klart fleirtal av informantane på skulen budde i den austlege delen av Oslo. Oslo aust har tradisjonelt vore prega av arbeidarbydelar. Framleis har fleirtalet av dei som er busette i den vestlege delen av Oslo høgare inntekt og større formue enn dei som er busette i aust (SSB 2002). Fleire av informantane meinte at det var eit tydeleg skilje mellom ”vestkantfolk” og seg sjølv, sjølv om mange innrømte at dei ikkje kjende nokon frå vestkanten. Klesstil og pengebruk var nemnt som skilnadar mellom aust og vest. Dyrare kle og sko, meir interesse for materielle ting, større pengeforbruk, annan måte å snakke på, meir overflatiske og meir bortskjemte var stikkord brukt for å beskrive ungdom frå vestkanten. Blant anna vart forskjellane i bruk av pengar under russetida tatt fram av fleire som eit døme på skilnadar mellom austkantskular og vestkantskular. Thomas fortel:

“Noen av de bruker jo sikkert 50 000 kroner i russetida bare på taxi omtrent.

(…)Pengebruk her i forhold til andre skoler er helt sinnsykt mye mindre tror jeg.

Folk skjønner verdien av å ikke kaste bort ting, for folk må faktisk jobbe for pengene sine her. Har sett verdien av å måtte jobbe for pengene sine, de har ikke bare sittet og tatt i mot masse greier. Hele russetida tror jeg at jeg brukte 1500 kroner. 2000 kanskje. Jeg hadde lite penger, hadde ikke jobb. Og jeg gidder ikke å gå hjem og mase på penger for å drikke dem opp. Det gidder jeg ikke. Når jeg ser moren min driver og jobber og sånn så gidder jeg ikke å spørre om penger til

det liksom. Jeg vet ikke, det var jo sikkert litt det. Jeg kunne brukt mer penger hvis jeg ville, men jeg gadd ikke.”

Det var elevar på skulen som geografisk sett budde på vestkanten, men som ikkje vart beskrive som ”vestkantfolk”. Faktisk sa fleire av elevane at det ikkje gjekk nokon frå vestkanten på skulen. Stil og oppførsel betydde tydelegvis meir for å bli beskrive som ein frå vestkanten, enn kvar ein budde. Det var også andre førestillingar knytte til det over- og middelklassesjiktet som vestkanten symboliserte for elevane, blant anna vart synspunkt på kjønn, seksualitet og etnisitet gjerne samankopla med referansar til klasse.

Etnisitet, seksualitet, kjønn og klasse

I ein samtale eg hadde med Thomas prata vi om kjønnsforskjellar blant ungdom.

Thomas kom då med nokre synspunkt på korleis det er på ”norske skular” på vestkanten i Oslo:

”Det som er saken er at hvis det er bare etnisk norske så.. Hvis du drar på åsen eller noe sånt da, Holmenkollen9, ett eller annet sånn, så er det sånn at, dette har jeg hørt fordi jeg har jo venner som bor sånne steder jeg også. Jeg er ikke sånn at jeg bare går med folk fra østkanten, jeg kjenner folk fra overalt liksom. Men der er det sånn (med tilgjort jentestemme): ’Jeg hadde sex med to stykker i dag jeg, jeg møtte han Truls liksom, jeg kjente han bare i en time og så hadde vi sex liksom, han prøvde å sjekke meg’. Mens jenter her er sånn, fra de er små, ja, du skal ikke ha noe sånn type forhold til en gutt, liksom. De får det hjemmefra. Det påvirker nok hvordan alle ser på det. Hvis du er muslimsk jente så får du det hjemmefra at du skal ikke ha sex før ekteskapet. Du får det mye mer hjemmefra enn det du får om du er norsk. Jeg har jo norsk mor, jeg veit at norske er mer liberale. Når du er 16, eller kanskje når du er 14, så er det sånn skal jeg kjøpe kondomer til deg, du kan jo dra på sexklinikken og hente kondomer der. Det er

9 Holmenkollåsen er eit villastrøk i Oslo vest kjent for å huse dei med høg økonomisk kapital.

helt åpent liksom. Hvis du vil ha sex vær så god, bare ikke få barn eller få en kjønnsykdom. Mens der er det sånn hvis du har sex så vurderer de å drepe deg liksom. ”

Thomas snakka om den liberale seksualmoralen til jenter på ”norske” skular på vestkanten med avsky i stemma. Han synte tydeleg i måten han snakka om det og i måten han brukte kroppsspråket sitt på at dette tok han avstand frå. Thomas knyt her oppfattingar om seksualitet og kjønn til etnisitet og klasse. Han ser på ”typiske vestkantskular” som meir liberale i forhold til seksualitet. I ein anna situasjon kom han også inn på korleis vestkantskulane var forskjellige frå sin eigen skule. Under intervjuet eg gjorde med Thomas spurte eg om der var nokon på skulen som var opent homofile. Han svarte slik:

”Eh... Nei...” Han ler litt. ”Det er ingen som er åpent homofile, men det er folk man kan mistenke for det. Det er ingen som sier jeg er homo, liksom. Det har jeg hørt om litt på andre skoler, at det er sånn. Hvis du drar på Fagerborg på vestkanten så er det folk som er helt der liksom”. Han lagar feminine gestar med hendene. ”Hvis du går her på skolen så hadde du fått bank hvis du hadde vært homo liksom.” Kvifor det, spør eg. Thomas forklarer: ”Jeg vet ikke, det er bare ikke tolerert liksom. Jeg personlig har ikke noe i mot homofile mennesker, det får leve og gjøre hva de vil selv. Jeg er ikke helt enig i den sexdelen dems liksom, men jeg har ikke noe med det å gjøre. Jeg mener at hva folk gjør bak lukkede dører får være opp til dem. Det er ikke opp til meg, jeg tar ikke del i det.” Eg spør: Så da er det litt meir konservativt her da..? ”Ja, det er mer konservativt på mange måter. Det vil jeg absolutt si.”

Thomas syner i begge desse sitata at han ser på vestkanten som meir liberalt i forhold til seksualitet enn sin eigen skule, som representerer austkanten. Thomas sitt syn på seksualitet heng nært saman med aspekt ved etnisitet og klasse. Sjølv om Thomas meiner at vestkanten er meir liberalt, heng dette saman med at han ser på vestkanten som meir ”norsk”. Dette kjem fram når han beskriv norske jenter på sin eigen skule på same måte som han beskriv vestkantjenta. Forskjellen ligg i at han meiner dette er

regelen meir enn unntaket på vestkanten, der er det sånn ”alle” er, mens det på hans eigen skule blir presentert som eit ytterpunkt. Her ser vi korleis etnisitet og klasse heng nøye saman. Ein skule med fleirtal av ”norske” er ein vestkantskule, med elevar med mykje pengar og rike foreldre. Ein skule med eit fleirtal av minoritetselevar, som Åsen skule, er ein austkantskule, med arbeidarklasseelevar. At elevar med

minoritetsbakgrunn bur på vestkanten, men går på Åsen, gjer ikkje dei til

vestkantungdom. Vestkanten har lite med geografi å gjere, og mykje med etnisitet og klasse å gjere. Thomas sine sitat syner også at han assosierer vestkanten med ein liberal mentalitet der ein ikkje nektar seg noko, mens ein på austkanten syner måtehald og har reglar. Dette gjeld både for seksualitet og økonomi.