• No results found

4. Resultat/Diskusjon

4.3 Hydro Energi

4.3.7 Torolmen

50

51 4.3.7.2 Dyreplankton

Dyreplankton som vart fanga i Torolmen er vist i vedlegg 1. Blant vasslopper vart det fanga flest individ av arten Bosmina longispina, men og nokon få individ av Daphnia ‘umbra’. Blant hoppekreps vart det funne nokon individ av arten Cyclops scutifer i tillegg til Cyclopoide copepoditt- og naupliuslarvar. Av hjuldyr vart artane Conochilus unicornis/hippocrepis og Kellicottia longispina funne, i tillegg til nokon individ av arten Keratella hiemalis.

4.3.7.3 Fisk

Torolmen vart prøvefiska med 8 botngarn, og tre av botngarna vart sett saman i ei lenkje (figur 28).

Garna vart sett på djup ned til 6,0 meter. Totalt vart det fanga 39 aurar frå 10,6 til 43,4 cm. (figur 29).

Det vart ikkje fanga fisk garn nummer 4. Dett gjer ein tettleik på 10,8 fiskar per 100 m2 garnareal, noko som indikerer middels tettleik. Alderen på fiskane var frå 1 til 10 år, med flest fiskar på 4 år.

Aldersfordelinga var irregulær med berre ein fisk eldre enn 5 år (figur 29). Gjennomsnittleg årleg tilvekst fram til 5 år var rett i underkant av 3 cm. (figur 29). Av fangsten var det 4 kjønnsmodne fiskar, 2 hannfisk og 2 hofisk. Den minste kjønnsmodne hannfisken var 1 år og 11,3 cm. Den minste kjønnsmodne hofisken var 5 år og 24,0 cm.

Vekta varierte frå 14,2 til 865,6 gram, og gjennomsnittleg vekt var 138,7 gram. Den gjennomsnittlege k-faktoren var 0,09, og trendlinja for kondisjonen var flat (figur 29). Av fangsten hadde 31 fiskar kvit kjøttfarge, 7 lys raud kjøttfarge og 1 raud kjøttfarge. Tre av fiskane var infiserte av bendelorm innan slekta Diphyllobothrium (måkemark eller fiskeandmark), og graden av parasittering var 1 på alle. Dei gjennomsnittlege verdiane av lengde, vekt, kondisjonsfaktor (k-faktor), feittstatus og mageinnhald er vist i tabell 19.

52

Figur 29. Lengdefordeling, aldersfordeling, empirisk vekst og kondisjonsfaktor for aure fanga med garn i Torolmen.

Tabell 19. Gjennomsnittleg lengde, vekt, k-faktor, feittstatus og magefyllingsgrad for fisk fanga med garn i Torolmen. Standardavvik (Sd) og tal fisk (n) undersøkt er vist.

Fisketype Fiskemål Lengde (cm) Vekt (g) K-faktor Feitt Mage

Aure Gj.sn. 19,0 138,7 1,03 1,4 2,3

Sd 6,0 95,7 0,09 0,5 1,1

n 39 39 39 39 39

Analysane av mageinnhaldet til eit utval av aurane viste at hovudføda var linsekreps (figur 30). Det vart og registrert landinsekt, dyreplankton, fjørmygg og vårflugerlarver i dietten til fiskane.

53

Figur 30. Mageinnhald i volumprosent til eit utval av aurane fanga i Torolmen.

Det vart ikkje fiska med straum i nokon av elvane ved vatnet.

4.3.7.4 Vurdering

Vasskvaliteten i Torolmen var god i 2016, med verdiar for pH, syrenøytraliserande kapasitet og alkalitet over grensa der det kan oppstå rekrutteringsskadar hjå aure (Hesthagen mfl. 2003). Vasskvaliteten har vore registrert ved tidlegare undersøkingar og dei viser at det har vorte generelt litt betre i Torolmen dei seinare åra. Ved dei gjennomførte undersøkingane var pH 6,7 i 1975, 6,2 i 1985, 6,0 i 1994, 6,1 i 1996 og 6,5 i 2008 (Gladsø 2009). Dette indikerer, på lik linje med overvaking av langtransportert ureining (Klif 2012), at vasskvaliteten har vorte betre dei seinare åra.

I 1994 vart det funne marflo i dietten hjå aurane, men den utgjorde berre ein liten del av dietten (Hovland mfl. 1994). Ved dei seinare prøvefiska er ikkje marflo påvist i dietten. I 1996, 2008 og 2016 var linsekreps den viktigaste næringsemna. D. ‘umbra’ vart registrert i Torolmen. Tidlegare er artane Holopedium gibberum, Bythotrephes longimanus, Mixodiaptomus laciniatus og Heterocope saliens registrert her, men ikkje i prøven frå 2016. Særleg B. longimanus er god næring for aure. Av dyreplankton vart det registrert artar som er vanlege i desse delane av landet (Hobæk 1998). Det var få artar, men andre undersøkingar viser og at det ofte er få artar på Vestlandet og særleg på høgfjellet (Hobæk mfl. 1996, Hobæk 1998, Åtland mfl. 2001).

Fiskebestanden i Torolmen hadde relativt god kondisjon, men litt sein vekst. Det var god kondisjon på dei største fiskane. Det vart fanga få eldre fiskar, noko som vart sett i samanheng med at det vart drive eit aktivt fiske i vatnet. Ved dei tidlegare prøvefiska vart det påpeika at fangsten tyda på at dei største fiskane i vatnet vart hardt beskatta. Fangsten i 2016 kan og tyde på dette, då det vart fanga lite eldre fisk.

På den andre side kan vi ikkje vere heilt sikre på dette da det vart nytta forskjellige garnserier før og etter 1996. Tidlegare var jensenserien vanleg, medan det i 1996 vart gått over til å nytte nordisk garnserie. Den nordiske garnserien inneber at det vert fiska med fleire maskestorleikar og meir småmaska garn enn jensenserien.

Innløpselva frå Tyin i øst vart undersøkte med elektrisk fiskeapparat i 2015. Det vart fanga 3 einsomrige og 2 eldre aure under prøvefiske. Opphavet til desse fiskane er usikkert. Det kan vere fisk som er frå

54

gyting i elva, men kan òg vere fisk som har sleppt seg ned frå Tyin. Likevel tyder det på at det lite naturleg rekruttering i elva

Resultata frå prøvefisket i 2016 og 2008 er relativt like, og da vert konklusjonen som ved prøvefisket i 2008 at det er litt mykje fisk i vatnet. Kondisjonen var noko betre i 2016, men likevel vil vi tilrå at det dei årlege utsettingane vert redusert noko for å betre den årlege tilveksten. I tillegg bør det gjennomførast eitt nytt prøvefiske om fire til seks år.

55

Referanser

Aagaard, K., Bækken, T. & Jonsson, B. (eds.) 2002. Biologisk mangfold i ferskvann. Regional vurdering av sjeldne dyr og planter. - NINA Temahefte 21. 48 s. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.

Aass, P. 1991. Økologiske forandringer og fiskeriproblemer i regulerte fjellvann. Fauna 44: 164-172.

Dahl, K. 1917. Studier og forsøk over ørret og ørretvatn. Centraltrykkeriet, Kristiania Oslo. 107 s.

Ekeberg, A. 1981. Sak nr. 5/1981 B. A/S Sognekraft – Grunneiere og rettighetshavere I Sogndal og Luster. Fiskerisakkyndig uttalelse.

Faugli, P.E., Erlandsen, A.H. & Eikenæs, O. (red.) 1993. Inngrep i vassdrag; konsekvenser og tiltak – en kunnskapsoppsummering. Noregs vassdrags- og energiverk. Publikasjon 13-1993. 639 s.

Forseth, T., Berger, H.M., Nøst, T., Aagaard, K., Breistein, J., Dyrendal, H., Bongård, T. & Fløysand, L. 1999. Biologisk status i 22 innsjøer i Sogn og Fjordane i 1998. NINA-NIKU 1999. 156 s.

Gladsø, J.A. & Hylland, S. 2002. Prøvefiske i 28 regulerte vatn i Sogn og Fjordane i 2001.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Rapport nr. 5-2002. 137 s.

Gladsø, J.A. & Hylland, S. 2004. Prøvefiske i 18 regulerte vatn og ei elv i Sogn og Fjordane i 2003.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Rapport nr. 2-2004. 115 s.

Gladsø, J.A. 2008. Prøvefiske i 26 vatn og ei elv i Sogn og Fjordane i 2007. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Rapport nr. 7-2008. 145 s.

Gladsø, J.A. 2009. Prøvefiske i 26 vatn i Sogn og Fjordane i 2008. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Rapport nr. 7-2009. 126 s.

Gunneröd, T.B. & Mellquist, P. (red.) 1979. Vassdragsreguleringers biologiske virkninger i magasiner og lakseelver. NVE og DVF, Oslo. 294 s.

Klif. 2012. Overvåking av langtransportert forurenset luft og nedbør. Årsrapport – effekter 2011. Klima- og forurensningsdirektoratet (KLIF). Statlig program for forurensningsovervåking. Rapport 1122/2012.

TA 2934/2012. 160 s.

Konsulenten for ferskvannsfisket i Vest-Norge 1971. A/S Årdal og Sunndal Verk – Rapport fra prøvefisket i Fortun-Granfastavassdragene sommeren 1968. Stensilert rapport.

Heibo, E. 2014. Prøvefiske i 14 regulerte vatn i Sogn og Fjordane i 2010. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Rapport nr. 1-2014. 88 s.

Hellen, B.A., Brekke, E., Sægrov, H. & Kålås, S. 2006. Prøvefiske i 8 innsjøer i Sogn og Fjordane høsten 2006. Rådgivende Biologer AS. Rapport nr. 1021. 63 s.

Hesthagen, T. & Aastorp, G.L. 1998. Aure og vannkvalitet i innsjøer i Sogn og Fjordane. NINA Oppdragsmelding 563. 14 s.

56

Hesthagen, T., Kristensen, T., Rosseland, B.O. & Saksgård, R. 2003. Relativ tetthet og rekruttering hos aure i innsjøer med forskjellig vannkvalitet. En analyse basert på prøvefiske med garn og vannets syrenøytraliserende kapasitet (ANC). – NINA Oppdragsmelding 806. 14 s.

Hobæk, A., Bjerknes, V., Brandrud, T.E. & Bækken, T. 1996. Evaluering av fullkalkete innsjøer i Sogn og Fjordane: Fiskebestander, makrovegetasjon, bunndyr og dyreplankton. NIVA-rapport nr. 3385-96.

81 s.

Hobæk, A. 1998. Dyreplankton fra 38 innsjøer i Sogn og Fjordane. NIVA-rapport nr. 3871-98. 26 s.

Holsen, T. 1986. Innlandsfisket 1985. Hafslovatnet. Rapport frå prøvefisket i Hafslovatnet 16. august 1985. Vurdering av drifta av vatnet. Fylkeslandbrukskontoret i Sogn og Fjordane. Jordbruksetaten.

Lien, L., Raddum, G.G. & Fjellheim, A. 1991. Tålegrenser for overflatevatn – evertebrater og fisk.

NIVA-rapport nr. 2658-1991. 46 s.

Lund, R.A., Saksgård, R., Bongard, T., Aagaard, K., Daverdin, R.H., Forseth, T. & Fløystad, L. 2002.

Biologisk status i 15 innsjøer i Sogn og Fjordane i 2001. NINA stensilrapport. 119 s.

Lunder, K. 1967. Fiskeriundersøkelser I Sogn og Fjordane sommeren 1967. Hafslovatnet – Veitastrondsområdet. Luster Kommune. Rapport. 31 s.

Møkkelgjerd, P.I. 1986. Fiskeribiologiske undersøkelser i Fortun – Grandfastavassdragene i 1985.

Direktoratet for naturforvaltning. Reguleringsundersøkelsene. Rapport nr. 1-1986. 42 s.

Møkkelgjerd, P.I. & Gunnerød, T.B. 1976. Fiskeribiologiske undersøkelser i FortunGrandfastavassdragene 1975. DVF/Reguleringsundersøkelsene. Rapport nr. 2-1976.

Nøst, T., Aagaard, K., Arnekleiv, J.V., Jensen J.W., Koksvik, J.I. & Solem, J.O. 1986.

Vassdragsreguleringer og ferskvannsinvertebrater. En oversikt over kunnskapsnivået. Økoforsk utredning 1986:1. 80 s.

Rosseland, B.O., Blakar, I.A., Bulger, A., Kroglund, F., Kvellestad, A., Lydersen, E., Oughton, D.H., Salsbu, B., Staurnes, M. & Vogt, R. 1992. The mixing zone between limed and acid waters: complex aluminium chemistry and extreme toxicity for salmoniods. Environmental Pollution 78: 3-8.

Schedel, J.B. 2015. Prøvefiske i 17 vatn i Sogn og Fjordane i 2013. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Rapport nr. 2-2015. 100 s.

Sivertsen, B. 1983. Rapport frå prøvefisket i Hafslovatnet høsten 1982. Sogn og Fjordane Distriktshøgskule. Rapport. 5 s

Sivertsen, B. 1986. Fiskeribiologiske undersøkelser i Årdal-Tyin området 1985. Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Skrifter 3:1986. 28 s.

Sivertsen, B. 1993. Veitastrondvatnet, prøvefiske 1991 og 1992. Upuplisert notat.

Skoglund, H., Stranzel, S. & Normann, E.S. 2015. Kartlegging av gyteområder og effekter av økt plantevekst for aure i Hafslovatnet, Luster kommune. LFI Uni Research Miljø. NOTAT. 11 s.

Ugedal, O., Forseth, T. & Hesthagen, T. 2005. Garnfangst og størrelse på gytefisk som hjelpemiddel i karakterisering av aurebestander. NINA rapport 73. 52 s.

57

Urdal, K. & Sølsnæs, E. 1996. Fiskeressursar i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane - Fagrapport 1995.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Miljøvernavdelinga. Rapport nr. 2-1996. 112 s.

Urdal, K. & Sølsnæs, E. 1997. Fiskeressursar i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane. Fagrapport1996.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Miljøvernavdelinga. Rapport nr. 3-1997. 132 s.

Urdal, K. 1998. Fiskeressursar i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane. Sluttrapport. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Miljøvernavdelinga. Rapport nr. 1-1998. 15 s.

Vann-Nett 2016 [online]. Tilgang: http://vann-nett.no/portal/map [sitert 15.12.16].

Åtland, Å., Bjeknes, V., Hobæk, A., Håvardstun, J., Gladsø, J.A., Kleiven, E., Mjelde, M. & Raddum, G.G. 2001. Biologiske undersøkelser i 17 innsjøer i Sogn og Fjordane høsten 2000. Kalkingseffekter, vannkvalitet, fiskebestander, vegetasjon, bunndyr og dyreplankton. NIVA-rapport nr. 4354-2001. 172 s.

58

Vedlegg

59

Vedlegg 1. Oversikt over dyreplankton funne i dei undersøkte lokalitetane i 2016. + = enkelte individ (<10) i prøva, *= få individ i prøva, ** = ein del individ i prøva, *** = mange individ i prøva, **** = svært mange/dominerande, L = littorale artar, (+) = fans som copepodittlarver .

Lokalitet Kyrkjevatnet

Mannsberg-vatnet

Torolmen Skålavatnet Øvre Hervavatnet

Breiddals-vatnet

Svartdals-vatnet

Hafslovatnet Veitastronda-vatnet Vannlok id 074-1583-L 074-1578-L 074-1572-L 075-1588-L 075-1595-L 075-1586-L 075-1586-L 077-1603-L 077-1604-L

Prøvetakingsdjup (m) 20 12 12 3 21 34 25 7 5

Dato 03.10.2016 02.10.2016 05.10.2016 11.09.2016 11.09.2016 18.09.2016 18.09.2016 08.09.2016 23.09.2016

Siktedjup (m) 10,0 6,0 12,0 1,3 10,5 17,0 12,5 3,5 2,5

VASSLOPPER

Holopedium gibberum * + **

Daphnia ‘umbra’ + *** * +

Daphnia sp. +

Bosmina longispina *** ** ** * *** *** *** *** ***

L Chydorus cf. sphaericus + + + +

L Acroperus harpae +

HOPPEKREPS

Cyclops scutifer * * + * ** ** * **

Cyclops abyssorum (+) *

L Megacyclops viridis +

Cyclopoide copepodittlarver **** ** *** ** *** *** * *

Cyclopoide naupliuslarver + * * * * +

Mixodiaptomus laciniatus + *

Arctodiaptomus laticeps + *

HJULDYR

Kellicottia longispina *** ** * + * ** * ** **

Keratella cochlearis +

Keratella hiemalis ** * + * * *

Polyarthra spp. * + + + + *

Asplanchna priodonta *** ***

Conochilus

unicornis/hippocrepis ** ** * + ** ** **

60 Vedlegg 2. Vasskjemiske data frå dei undersøkte vatna i 2016.

Parameter pH Farge Kond-25 Alk Ca Um-Al Om-Al ANC Turb Mg Na K

Eining mS/m mmol/l mg Ca/l µg Al/l µg Al/l µekv/l FNU mg Mg/l mg Na/l mg K/l

Veitastrondvatnet 6,98 3 0,44 0,073 0,95 6 <5 47,5 2,1 0,051 0,57 0,24

Kyrkjevatnet 7,01 <1 0,2 0,059 0,21 0 <5 24 0,22 0,13 0,36 <0,02

Mannsbergvatnet 6,32 <1 0,37 0,072 0,76 3 <5 52,1 1,7 0,14 0,45 0,26

Torolmen 6,23 1 0,25 0,06 0,66 3 <5 37,6 0,26 0,14 0,36 0,1

Skålavatnet 6,17 3 0,19 0,043 0,43 1 7 34,9 5,6 0,11 0,31 0,14

Hafslovatnet 6,16 4 0,49 0,057 1,24 2 8 61,1 1,3 0,12 0,73 0,25

Øvre Hervavatnet 6,13 2 0,35 0,052 0,78 2 <5 44,2 0,22 0,1 0,5 0,21

Svartdalsvatnet 6,29 <1 <0,3 0,048 0,62 4 <5 26,4 0,24 0,031 0,36 0,063

Breiddalsvatnet 6,05 <1 <0,3 0,035 0,67 3 <5 24,8 0,15 0,026 0,35 0,052

Parameter Cl SO4 NO3+NO2 Tm-Al TOC ANC -TOC

Eining mg Cl/l mg SO4/l mg N/l µg/l mg C/l µEkv

Veitastrondvatnet <0,5 1,3 0,015 9 1,8 41,4

Kyrkjevatnet <0,5 <0,5 0,014 <5 1,5 18,9

Mannsbergvatnet <0,5 0,72 0,024 5 5,8 32,4

Torolmen <0,5 0,8 0,021 6 1,3 33,2

Skålavatnet 0,23 <0,5 0,016 8 1,7 29,1

Hafslovatnet 0,63 1,4 0,03 10 2,1 54

Øvre Hervavatnet 0,37 0,94 <0,002 5 1,8 38,1

Svartdalsvatnet 0,33 0,58 0,047 7 2,7 17,3

Breiddalsvatnet 0,32 0,75 0,043 6 26,1 -63,9

RELATERTE DOKUMENTER