• No results found

Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen (gjeld kun for område nær prioriterte vassdrag med elvemusling)

Det kan i prioriterte og kartfesta område nær vassdrag med elvemusling gjevast tilskot for å spreie all husdyrgjødsel eller biorest som eit føretak skal spreie innan 10. august. Tiltaket skal stimulere til at spreiing blir gjort på eit gunstig tidspunkt. For å kunne tildelast tilskotet krev det såleis ei aktiv handling som her er spreiing av husdyrgjødsel/biorest innan 10. august. Formålet med tiltaket er å redusere spreiing av husdyrgjødsel om hausten ved vassdrag med elvemusling.

Kravet om spreiing før 10. august gjeld all spreiing av husdyrgjødsel som føretaket disponerer. Kravet til spreietidspunkt gjeld såleis også for spreiing av føretaket si husdyrgjødsel utanfor det prioriterte området, både på eige og anna jordbruksføretak. Tilskotet blir likevel berre gitt for areal som ligg innanfor prioritert og kartfesta område. For å sikre nok lagerkapasitet gjennom vinteren, bør gjødsellageret vere tømt ved spreiing før 10. august.

Føretaket skal ha gjødslingsplan og skiftenoteringar som syner spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar.

Tiltaket gjeld spreiing på alle typar godkjent spreieareal, også på innmarksbeite når det ved eige vedtak er godkjent som spreieareal. Det skal minimum spreiast 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar. Arealet skal haustast ved slått eller beiting etter gjødslinga i søknadsåret.

Tilskotet er i hovudsak retta mot føretak med storfe, då desse har meir husdyrgjødsel enn andre produksjonar.

Føretaket må: disponere dyrka mark innanfor kartfesta og

prioritert område, disponere minst 80 dekar dyrka mark (innanfor + utanfor prioritert område), og disponere og spreie all husdyrgjødsel/biorest innan 10.august (innanfor + utanfor prioritert område).

Tilskotet kan ikkje kombinerast med Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging eller Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange/slepeslange.

Tiltaket gjeld prioriterte og kartfesta område nær vassdrag lista opp i tabellen under. Konkret avgrensing av kva areal som kan godkjennast er diverre ikkje tilgjengeleg i elektronisk søknadsportal, men kjem berre fram i kart i Fylkesatlas, sjå kart lenger ned.

Godkjentspreieareal for husdyrgjødsel er:

1. Fulldyrka og overflatedyrka jord som aktivt blir brukt til å spreie husdyrgjødsel.

2. Dei delane av innmarksbeite som Statsforvaltaren eller kommunen etter søknad har godkjent som spreieareal.

Praktiseringsrundskriv for regionale miljøtilskot i jordbruket for Vestland 2021 48

Tabell: Vassdrag som inngår i tiltaket. Konkret avgrensing av kva areal som kan godkjennast kjem berre fram i kart i fylkesatlas (www.fylkesatlas.no), sjå omtale over.

Kommune: Vassdrag/del av vassdrag:

Bergen Haukåselva

Bergen, Bjørnafjorden

Osvassdraget

Bjørnafjorden Døsjaelva Bjørnafjorden Osvassdraget

Bømlo Åreidelva

Fitjar Fjordbekken

Kinn Nyttingeneselva

Stad Maurstadelva

Kvam Røyrvikelva

Osterøy Lonevassdraget

Samnanger Skjelåna og Nordbøvassdraget

Stad Dalsbøvassdraget

Sunnfjord Redalsvassdraget

Tysnes Kvernaviksbekken

Utmålingseining og førebels tilskotssats

kr 180 per daa

Tiltaket gjeld berre for føretak som disponerer minst 80 daa fulldyrka eller overflatedyrka areal, og det kan gjevast tilskot for inntil 250 daa per føretak

(Tilskotet gjeld spreiing av husdyrgjødsel innan 10. august på godkjent spreieareal som ligg innanfor kartfesta område nær prioriterte vassdrag med elvemusling. Kravet til

spreietidspunkt gjeld for all spreiing av husdyrgjødsel som føretaket disponerer, både innanfor og utanfor kartfesta område.)

Kartavgrensing

Sjå kart under for kva areal det er mogleg å søkje tilskot for. Dette tilskotet gjeld berre i RAUDE felt (område med elvemusling).

Tiltaka gjeld areal som har drenering mot dei aktuelle vassdraga, og i nokre høve også for andre areal i nærleiken. Det kan difor vere viktig å zoome heilt inn for å sjå nøyaktig avgrensing.

Klikk eventuelt på Fullversjon for å sjå kartet i fylkesatlas, der du kan skru på kartlag med jordbruksareal og eigedomsgrenser.

For kommunen

Formålet med tilskotet er å stimulere til at føretak med mykje husdyrgjødsel spreier husdyrgjødsel og biorest i vekstsesongen, slik at næringa i størst mogleg grad blir tatt opp i avlinga. Dette vil igjen redusere forureining av vatn og utslepp til luft. Spreietidspunkt har mykje å seie for kor mykje av næringa som plantene kan ta opp, og kor mykje av næringa som blir til forureining av vatn og luft.

Plantene tek opp og utnyttar næringa i gjødsla best når dei er i vekst. Sein gjødsling gjev større risiko

Praktiseringsrundskriv for regionale miljøtilskot i jordbruket for Vestland 2021 49 for avrenning, både fordi plantene tek opp mindre næring, og fordi det gjerne er meir nedbør på hausten. Tilførsel av næring på hausten vil òg føre til seinare avmogning av plantene og dermed større risiko for vinterskade. Ei god utnytting av husdyrgjødsla er òg god økonomi for bonden, fordi det då vert mindre behov for innkjøpt mineralgjødsel.

I følgje vassdirektivet skal alle vassførekomstar minst oppretthalde eller oppnå god tilstand innan utgangen av 2021. Det er samansette årsaker til dårleg vasskvalitet i eit vassdrag eller ein

vassførekomst slik som jordbruksdrift, spreidd avløp og andre kjelder.

Tiltaket er i hovudsak retta mot mjølkebruk, då desse har meir husdyrgjødsel enn andre

produksjonar. Minimumsgrensa på 80 dekar er såleis sett for å spisse tilskotet slik at det i hovudsak går til mjølkebruk. Spreiing av husdyrgjødsel i vekstsesongen er eit godt miljøtiltak for alle

husdyrproduksjonar, men omsynet til budsjett gjer at tiltaket er spissa mot den gruppa produsentar som har mest husdyrgjødsel.

Avgrensingar

Tiltaket gjeld for areal kring utvalde vassdrag/vassførekomstar som er fastsett og kartfesta av Statsforvaltaren. Dei prioriterte vassdraga/vassførekomstane har aktivt landbruk i nedbørsfeltet og levande populasjonar av elvemusling (truga etter Norsk raudliste for artar). For detaljert oversikt over utvalde vassdrag/vassførekomstar, sjå tabell i kapittelet Prioriterte vassdrag/vassførekomstar . Etter kvart som forvaltninga får erfaring med tiltaket, kan tiltaket og lista med utvalde

vassdrag/vassførekomstar bli utvida.

Tilskotet kan berre gjevast dersom all husdyrgjødsel som føretaket brukar på disponert areal blir spreidd innan 10.august, og søkar kan ikkje få tilskot for areal som ligg utanfor dei prioriterte områda. Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje ved same søknadsomgang motta tilskot for nedlegging eller nedfelling av husdyrgjødsel, og heller ikkje tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange. Tilskot til nedlegging eller nedfelling inneber i seg sjølv at gjødsla skal spreiast før 10.august.

Kontroll

All husdyrgjødsel som føretaket brukar på disponert areal, både innanfor og utanfor det prioriterte området, skal vere spreidd innan 10.august. Søkar skal kunne legge fram gjødslingsplan og

skiftenoteringar som viser spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar.

Tilskotet er eit stimuleringstilskot for at spreiing av husdyrgjødsel/biorest blir gjort på eit gunstig tidspunkt. For å kunne tildelast tilskotet krev det såleis ei aktiv handling som her er spreiing av husdyrgjødsel/biorest innan 10.august (sjå gula tekst over).

For å kunne søke må ein, jamfør forskrifta:

- Disponere dyrka mark innanfor kartfesta og prioritert område

- Disponere minst 80 dekar dyrka mark (innanfor + utanfor prioritert område)

- Disponere og spreie husdyrgjødsel/biorest innan 10.august, og all husdyrgjødsel/biorest ein disponerer må vere spreidd innan fristen (kravet til spreietidspunkt gjeld både innanfor og utanfor prioritert område)

Praktiseringsrundskriv for regionale miljøtilskot i jordbruket for Vestland 2021 50 Godkjenning:

Kravet til gjødsel/biorest-handtering gjeld all gjødsel/biorest som føretaket disponerer, men det vert berre betalt ut tilskot for tal dekar innanfor kartfesta område som er gjødsla med

husdyrgjødsel/biorest innan fristen. Det er altså ikkje viktig korleis ein får tak i husdyrgjødsla og kor mykje husdyrgjødsel ein har, men dersom ein disponerer lite husdyrgjødsel vil det berre vere eit mindre areal som blir gjødsla og som kan vere grunnlag for tilskot.