• No results found

Driftsoverskotet er produksjonsinntekter minus kostnader. Driftsoverskotet skal dekke vederlag til familiens eigen arbeidsinnsats, eventuelt anna ubetalt arbeid og vederlag til både eigen og lånt kapital.

Figur 3.1 viser at Jæren har hatt høgast driftsoverskot i løpet av 10 års perioden, sjølv om det har vore ein del variasjon over tid. Trass i lågare driftsoverskot i Andre bygder samanlikna med Jæren, har driftsoverskotet til Andre bygder i stor grad halde tritt med utviklinga i landsgjennomsnittet (heile landet). I perioden 2011 til 2014 har driftsoverskotet i Andre bygder vore høgare enn

landsgjennomsnittet, medan det motsette har vore tilfelle i dei tre siste åra.

Driftsoverskotet på Jæren gjekk ned 2017. Dette skuldast i hovudsak eit svakare resultat blant mjølkeprodusentane. Ein stor reduksjon i omsett mjølk bidrog hovudsakleg til denne nedgangen.

Bruka med kombinert mjølk og svineproduksjon hadde ein auke, og hadde det høgaste

driftsoverskotet av dei presenterte driftsformene. Prisnedgang på sau og lam bidrog til å svekke resultatet blant bruka i Andre bygder. Det gjaldt særleg bruka med einsidig sauehald kor

driftsoverskotet fall med kr 76 800 samanlikna med året før. Lågare prisar på sau og lam, samt høgare kostnader bidrog til lågare driftsoverskot for bruka med mjølk og sau. Høgare produksjon og prisar gav eit betre resultat for mjølkeprosentane i Andre Bygder.

Figur 3.1 Driftsoverskot per bruk i ulike område, 2008‐2017. 

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017

Driftsoverskot, 2017‐kroner

Jæren Heile landet Andre bygder

Figur 3.2 Driftsoverskot per bruk i ulike fylke, 2008‐2017. 

I figur 3.2 kan vi sjå at av Agder-fylka hadde Aust-Agder det høgaste driftsoverskotet per bruk i perioden 2008-2013, medan Vest-Agder nådde det høgaste driftsoverskotet i per bruk sidan 2014. Av figuren kan ein sjå at driftsoverskotet i Vest-Agder har hatt ei positiv utvikling 2009-2016, medan det fall i 2017. Aust-Agder fekk ein positiv utvikling i 2017. Det er vanskeleg å peike på enkeltfaktorar som forklarer kvifor dei to Agder fylka har ulik utvikling over tid. Rogaland har hatt ein meir variabel utvikling over tid, og følgjer i stor grad den same utviklinga som Jæren.

Jordbruksinntekta er her definert som vederlag til alt arbeid og eigenkapital per årsverk, og viser kor mykje som er att til å dekke alt arbeid på bruket (også leigd hjelp) og forrenting av eigenkapitalen.

Figur 3.3 viser gjennomsnittleg jordbruksinntekt for Jæren, Andre bygder og heile landet i perioden 2008 til 2017, medan figur 3.4 viser jordbruksinntekt for driftsformene mjølk og svin på Jæren, mjølk og storfe på Jæren, mjølk og storfe i Andre bygder samt mjølk og sau i Andre bygder i same periode.

150 000 200 000 250 000 300 000 350 000 400 000 450 000 500 000 550 000 600 000 650 000

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017

Driftsoverskot, 2017‐kroner

Heile landet Rogaland Vest‐Agder Aust‐Agder

Figur 3.3 Jordbruksinntekt, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, Jæren og Andre bygder samanlikna  med gjennomsnitt for landet, 2008–2017. 

Jordbruksinntekta på Jæren har lege godt over landsgjennomsnittet i heile perioden unntatt i 2014 då var det lita skilnad på Jæren, Andre bygder og heile landet. Som vist i figur 3.10, så har Jæren hatt store investeringskostnader i forhold til dei andre landsdelane dei siste åra, noko som påverka resultatet deira. Investeringar fører ofte til betre resultat i åra etter investeringa. 2015 og 2016 ser ut til å ha vore svært gode år for Jæren, medan det har vore ein negativ utvikling i 2017.

Vederlaget i Andre bygder har vore omlag på landsgjennomsnittet heilt fram til 2014. I perioden 2014-2017 har vederlaget lege noko under landsgjennomsnittet. Jæren, Andre bygder og heile landet, har hatt ei negativ utvikling i vederlag til arbeid og eigenkapital samanlikna med året før. Bruka på Jæren har brukt fleire arbeidstimar i 2017 enn tidlegare år både i drifta og på nyanlegg. Auken når det gjeld timar i drifta, skuldast auka bruk av leigd hjelp og timar frå familien. Auka timeforbruk og lågare driftsoverskotet bidrog til eit lågare vederlag til arbeid og eigenkapital i 2017 på Jæren. Same

utviklinga gjeld også for Andre bygder. Endringane i driftsoverskotet forklarer ein stor del av årsaka i resultatutvikling mellom regionane dei siste året.

150 000 200 000 250 000 300 000 350 000 400 000 450 000

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 Vederlag til arbeid og eigenkapital,  2017‐kroner

 Jæren Andre bygder Heile landet

 

Figur 3.4 Jordbruksinntekt målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, for ulike driftsformer, 2008‐2017. 

Det er driftsforma mjølk og svin på Jæren som har hatt høgast jordbruksinntekt av dei presenterte driftsformene i tiårsperioden med unnatak av 2013, sjå figur 3.4. Driftsforma mjølk og storfe i Andre bygder har hatt lågast jordbruksinntekt i perioden 2008-2016. I 2017 har Andre bygder mjølk og sau lågast jordbruksinntekt. Jæren mjølk og svin og Andre bygder mjølk og storfe hatt auke i vederlag til arbeid og eigenkapital, medan Jæren mjølk og storfe og Andre bygder mjølk og sau har hatt ein nedgang. Reduksjon i vederlaget for desse driftsformene kan forklarast med nedgang i produksjonsinntekter, auka kostnader samt auka eller uendra arbeidsinnsats i jordbruket.

I figurane 3.5 og 3.6 under er lønsevne per time presentert. Lønsevne per time er arbeidsforteneste til familien pluss kostnader til leigd arbeid delt på alle innsette arbeidstimar. Lønsevna syner kor mykje som er igjen til løn når all innsett kapital har fått godtgjering. Kalkulasjonsrenta har lenge vore på tre prosent, medan renta var sett til to prosent i perioden 2015-2017.

100 000

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 Vederlag til arbeid og eigenkapital,  2017‐kroner

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017

Lønsevne per time,  2017‐kroner

Heile landet Jæren Andre bygder

Både på Jæren, i Andre bygder og i heile landet har det vore ein nedgang i Lønsevne per time, sjå figur 3.5. Figur 3.6 visar Lønsevne per time fordelt på ulike produksjonar. Driftsforma mjølk/svin på Jæren, samt mjølk/storfe og mjølk/sau Andre bygder har hatt ein liten nedgang i lønsevna per time. Driftsforma mjølk/storfe i Andre bygder har derimot hatt ein auke i 2017.

Figur 3.6 Lønsevne per time, ulike produksjonar, Jæren og Andre bygder, 2008‐2017.   

50,00 100,00 150,00 200,00 250,00 300,00 350,00 400,00

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017

Lønsevne per time, 2017‐kroner

Mjølk/ svin, Jæren Mjølk/ storfe, Jæren

Mjølk/ sau, Andre bygder Mjølk/ storfe, Andre bygder