• No results found

4. Skulens plikt til å arbeide førebyggjande og informere og involvere elever og foreldre

4.2 Fylkesmannens undersøkingar

4.2.1 Plikta til å arbeide førebyggjande, kontinuerleg og systematisk for å fremje eit

1. Sikrar rektor at elevane får ta del i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø?

• I eigenvurderingane viser skuleleiinga og lærarane til at involvering skjer gjennom klassemøter og elevråd, elevsamtalar, arbeid med nye PALS reglar og

konsekvensar eller elevinvolverande aktivitetar.

• Skulen har laga ei handbok for foreldrerepresentantanes rolle og oppgåver i råd og utval. Elevrådet er ikkje omtalt i denne handboka.

• Skulen har sendt inn møtedatoar for møte i elevrådet våren 2018. Det er ikkje sendt inn oversyn over faste saker som skal opp i elevrådet i løpet av året.

• Referat frå elevrådsmøte 03.10.2017 viser at tema på møtet var saker som har vore oppe i klasseråd frå 5.-9. årssteg.

• Vi har tidlegare vist til at skuleeigar har ein prosedyre for oppfølging av elevundersøkingar i elevråda i skulane til liks med foreldrerådets arbeidsutval (FAU), samarbeidsutvalet (SU) og skulemiljøutvalet (SMU).

• I referat frå møte i samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet 14.03.2018 går det fram av sak 9 at elevrådet har hatt Elevundersøkinga oppe som sak og diskutert kva dei legg i ordet mobbing. Då Elevundersøkinga viste at ein del elevar opplever å bli mobba, har skulen i etterkant gjennomført ein ikkje-anonym

spørjeundersøking som det skal arbeidast vidare med.

38

• I referat frå møtet i samarbeidsutvalet 02.11.2017 går det fram at

elevrepresentantane seier at ordninga med mobilreglementet har fungert fint så langt den hausten.

• I intervju med elevrepresentantane kjem det fram at det varierer frå årstrinn til årstrinn når dei har klassemøte. Ein elev fortel «[vi har møte] når vi hugsar det og har tid.», ein annan elev fortel « vi har nesten aldri klassemøte.»

• Dersom der vert gjennomført klasseråd, kjem sakene opp i elevrådet. Det er ikkje samarbeid om saklista til elevrådsmøta mellom elevrådsleiar og kontaktlærar for elevrådet. I intervju vert det forklart « «Det ligg møteplan på teams, men ikkje kva vi skal snakke om. Eg er ikkje på teams.(…) Vi har ei bok i klassane der vi skriv opp saker frå klassane. Elles får vi ei sakliste når vi kjem på elevrådsmøtet.»

• Elles forklarar elevrepresentantane at PALS-reglane blir av og til skifta ut, men at elevrådet ikkje er med på å lage desse reglane «Vi veit ikkje kven som lagar reglane, kanskje det er kommunen? Elevane er ikkje involvert i å lage PALS-reglane.»

• Det kjem fram i intervju med tilsette at PALS-reglane er laga av PALS-teamet og trekkjer på dei sentrale reglane. «Elevane har ikkje fått vere med å utarbeide desse reglane. Elevane har medråderett når det gjeld skuleområdet,

kunstgrasbana osb., det tek dei igjennom elevrådet.»

• Når det gjeld koplinga mellom saker i elevrådet og andre råd og utval ved skulen, fortel elevrepresentantane at dei har teke opp det nye mobilreglementet som sak i SU. Elevrådet har ikkje diskutert eller uttalt seg om skulens åtferd- og

ordensreglement, som vart revidert seinast 10.04.2018.

• Elevane er representert med to elevrepresentantar i samarbeidsutvalet/

skulemiljøutvalet. Desse elevane utgår ikkje av elevrådet.

• Nokre av elevane har fått eit prøveår som observatør i elevrådet, medan andre elevar ikkje har fått noko opplæring i å fungere i rolla som elevrådsrepresentant.

• Det kjem fram i intervju med foreldrerepresentantar at skulen har ei rekkje arrangement der foreldre og skule samarbeider. Dei ulike årsstega får ansvar for å gjennomføre arrangementa i lag med skulen, alt etter kva årssteget treng inntekter til. Døme på dette er ansvar for 17. mai arrangementet på 8. årssteg, der inntektene skal gå inn i finansieringa av skuletur til Polen.

2. Jobbar rektor for at skulen skal praktisere haldningar og verdiar som bidreg til eit trygt og godt skulemiljø?

• I det kommunale ordensreglementet som gjeld for alle skulane i kommunen står det at elevane mellom anna har rett på «At alle behandlar deg på ein ordentleg måte og at andre viser deg respekt og let dine eigendelar vera i fred.»

• Skulen har eit årshjul der det er sett opp PALS-tema for kvar av månadane i skuleåret. Årsstega skal finne fram til kva PALS-tema dei skal ha fokus på i den gjeldande perioden, med konkrete framlegg til korleis dette skal arbeidast med.

Elevane finn att PALS-teamet på sin vekeplan. Omsorg og respekt er tematikkar som går att.

• I intervju med skuleleiinga, tilsette og elevar kan alle fortelje at skulens verdiar er: ansvar, omsorg og respekt. Det vert òg forklart av tilsette i intervju «Eg føler at rektor følgjer oss godt opp. Alt blir repetert og følgt opp.»

39

• På spørsmål til foreldrerepresentantane om korleis PALS-modellen uttrykkjer korleis lærarane skal praktisere verdiar som bidreg til eit trygt og godt skulemiljø vert bruken av BRA-kort trekt fram. Ein elev kan få eit BRA-kort som ei

påskjøning for god åtferd. Men «Påskjøninga kan opplevast ulikt for elevane. Det er konkurranse mellom elevane i klassen om å få mest BRA-kort. Det kan òg vere konkuransar mellom klassar om å vere best på tal BRA-kort.

• Elevrepresentantane fortel at det ikkje er eit felles reglement som utløyser BRA-kort og at det er stor forskjell på korleis dei ulike lærarane praktiserer ordninga.

• Foreldrerepresentantane vi snakka med var usikre på om bruken av BRA-kort var eit godt insitament i arbeidet med å skape eit trygt og godt skulemiljø for elevane.

• Vi har tidlegare vist til at skulen har ein kontaktlærarinstruks som inneheld eit pålegg om at kontaktlæraren skal sikre at samtlege elevar har eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivnad og læring. Det er ikkje sagt noko om korleis kontaktlæraren skal sikre dette i praksis.

• Skuleleiinga skriv i eigenvurderinga at rektor følgjer opp dersom ein person som arbeider på skulen, ikkje praktiserer haldning og verdiar som bidreg til eit trygt og godt skulemiljø på ulike måtar; «gjennom skulevandring, medarbeidarsamtalar, kollegarettleiing, i MBA med verneombod og tillitsvalt, i kontakt med skuleeigar.»

• Det går fram av innsendt mal for medarbeidarsamtalen at mellom anna hospitering og skulevandring har vore tema i samtalen skuleåret 2017-2018.

• I intervju med tilsette vert det forklart «rektor gjennomfører skulevandring, rektor er vakt i friminutta, og ville òg ha fanga det opp gjennom eventuelle klager frå elevar og foreldre.»

3. Jobbar rektor for at lærarane skal etablere ein positiv relasjon til kvar enkelt elev, og at dei skal fremje ei positiv samhandling i klassemiljøet?

• Skuleleiinga skriv i eigenvurderinga at rektor legg til rette gjennom å ha to

kontaktlærarar per klasse, kontaktlærartime, å tidfeste utviklingstid for personalet på møteplanen, personalmøte, arbeidet i PALS-team og hospitering.

• Nokre av lærargruppene forklarar i sine eigenvurderingar at dei handhelsar på alle elevane om morgonen, dei har gode rutinar for oppstart og avslutting av timane, at dei har fokus på at det er våre elevar, ikkje dine og mine og nemner at dei har namna sine på inspeksjonsvestane.

• Det kjem fram i intervju med ei lærargruppe at i samband med gruppearbeid januar 2018 vart det konkludert med at ein god måte å arbeide på var at «Vi må sjå elevane og ha småsamtalar i kvardagen.»

• Personalet har fått opplæring i korleis dei skal opptre som vakter ute.

• Ei anna lærargruppe fortel «PALS seier òg noko om relasjonen mellom lærar-elev [når det gjeld] korleis kommunikasjonen skal føregå, at vi skal gje fem gode tilbakemeldingar for kvar negative. Du skal forklare tydeleg kva elevane skal gjere, ikkje fokusere på det dei ikkje skal gjere.»

• Det går fram av teamleiarinstruksen at PALS skal vere fast sak på teammøte.

Føremålet er å ta opp saker som har vore til handsaming i PALS-teamet eller drøfte saker som bør fremjast for PALS-teamet. I intervju kjem det fram «Vi har teammøte kvar veke. Der tek vi alltid ein PALS-runde. Det vil seie at alle klassane kjem med ein statusrapport frå sin klasse, og vi drøftar eventuelle utfordringar som måtte vere.»

40

• Ei lærargruppe fortel at dei av og til har samtalegrupper med berre jenter eller gutar.

• Skuleleiinga skriv i eigenvurderinga at rektor følgjer opp tilsette dersom

vedkommande ikkje jobbar for å etablere ein positiv relasjon til alle elevane, eller for å fremje ei positiv samhandling i klassemiljøet gjennom skulevandring,

medarbeidarsamtale, kollegarettleiing, i MBA med verneombod og tillitsvald, i kontakt med skuleeigar.»

• Det går fram av innsendt mal for medarbeidarsamtalen at mellom anna relasjonsbygging har vore tema i samtalen skuleåret 2017-2018.

• Vi har tidlegare vist til at det kjem fram i intervju med ei lærargruppe at «Eg føler at rektor følgjer oss godt opp. Alt blir repetert og følgt opp.(…) Rektor følgjer opp PALS-teamet og PALS-arbeidet generelt. (…) Vi repeterer PALS-reglane og

systematikken med elevane og i personalet. Vi lærer også opp dei nytilsette ved skulen.»

4.Evaluerer skulen sitt samla arbeid for eit trygt og godt skulemiljø basert på blant anna synspunkt frå elevane, foreldra og tilsette?

• Alle gruppene svarar ja på spørsmålet om dei evaluerer det førebyggjande, kontinuerlege og systematiske arbeidet for å fremje eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane. Evalueringane vert gjort halvårleg, kvar 14. dag på PALS-team, på teammøte, på personalmøte, eller ved formelle eller uformelle samtalar, skriv dei.

• I referat frå møte i SU/SMU 02.11.2017 står det i sak 4-2017/18 at «Handbok for FAU, klassekontakt og SU medl. er eit viktig dokument som utvala og

representantane bør vere flinke til å bruke. Me evaluerer bruken hausten 2018.»

• Ei lærargruppe svarar nei på spørsmål om skulen evaluerer aktivitetsplikta eller den skjerpa aktivitetsplikta. Ei anna lærargruppe skriv at dei ikkje har tatt i bruk den nye aktivitetsplikta, men at dei alltid evaluerer dei tiltaka dei har jobba med.

• Når det gjeld evaluering av arbeidet med å informere og involvere elevar og foreldre, skriv dei fleste gruppene at dei har eit forbetringspotensiale. Enten gjennom å systematisere evalueringa, skriftleggjering eller i samband med sjølve arbeidet med informasjon og involvering.

• På spørsmål om skulen evaluerer arbeidet med å informere og involvere elevar og foreldre forklarar lærargruppene seg om evalueringar som vert gjort fortløpande i forhold til enkeltelevar medan skuleleiinga skriv «Ja. Men vi er at vi kan bli stadig betre på informasjon og involvering.»

• Vi har tidlegare vist til at elevane forklarar i intervju «Det er ulikt for kvar klasse når vi skal ha klassemøte (…) vi har nesten aldri klassemøte. Læraren seier at det står ikkje på min timeplan (…)». Det er kontaktlærar for elevrådet som lagar sakliste til elevrådet. Elevane påverkar ikkje saklista, men tek med seg eventuelle saker frå klassane. Elles kjem det fram i intervju at det er litt uklårt for elevane korleis dei skal samvirke med elevrepresentantane i SU og når dei skal ha neste møte i elevrådet.

• Det kjem fram i intervju med FAU at utvalet ikkje har vore med å evaluert skulens førebyggjande, kontinuerlege og systematiske arbeid for å fremje eit trygt og godt skulemiljø etter at nytt regelverk kom hausten 2017. Fleire av medlemmane har vore med i utvalet meir enn eitt år. Dei kan ikkje hugse om dei har vore med på ei evaluering av skulens samla arbeid på området tidlegare. Det kjem fram dømer

41

på saker dei har vore med å meint noko om; som skuleveg, utevakt for 1. årssteg og kva trinn det skulle vere tilbod om leksehjelp.

• Når det gjeld tilsette si involvering er det representantar for tilsette i SU, vidare kjem det fram i intervju med ei lærargruppe at dei tilsette fekk vere med å utvikle teikn på god praksis som sikrar elevane eit trygt og godt skulemiljø.

5. Syter rektor for å gjere endringar dersom evalueringa viser at dette er nødvendig for å oppfylle krava i opplæringslova kapittel 9 A?

• Alle gruppene svarar ja på dette spørsmålet i eigenvurderinga, men berre ei lærargruppe kommenterer ytterlegare at dette er målet, men at dei ikkje er komne så langt enno i utviklingsarbeidet.

• Skuleeigar forklarar i intervju at dei nye rutinane for arbeid med elevanes skulemiljø vil bli arbeidd vidare med i rektormøte i april og i mai, «slik at

rektorane er førebudde til å ta dette vidare i skulane. Slik at dette gir dei eit endå betre grunnlag for oppstart til hausten, samstundes som dei alt tok dette opp hausten 2017.»