• No results found

Dovrefjell vart i 1972 verna som nasjonalpark pga. den unike og intakte høgfjellsnaturen og for verdien som eit stort samanhengande område utan store inngrep. I dette fjellområdet hadde det vore biologisk forsking gjennom eit par hundreår. Likevel: Som for dei fleste av dei store verneområda har ein lite og mangelfull kunnskap om endring og utvikling etter vernet. Og i 2002 vart altså dette verneområdet utvida på ein omfattande måte. Trass i det nye vernet så

har ein delvis mangelfull kunnskap både om dei biologiske, dei sosiale-kulturelle kvalitetar som ligg innafor dei nye vernegrensene, og om den menneskelege påverknad av ulik slag som er påført og blir påført området.

For å kunna forvalte verneområda på Dovrefjell på ein god måte, må Dovrefjellrådet (den for-valtningsansvarlege) ha god kunnskap om tilstanden i verneområda, spesielt for dei kvalitetar som er framheva i verneformålet. Etablering av ”plan for overvaking av verneområda på Dovfjell” skal ha som ambisjon å følje utviklinga i området over lang tid, gjennom systematiske re-gistreringar. Målet er å samle kunnskap slik at forvaltninga betre kan sikre vernekvalitetane, samt byggje kunnskap om ulike lokale påverknader som (potensielt/reelt) kan truge dei same kvalitetane. Verneformålet for Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark har stått sentralt ved prio-ritering av tema og måleindikatorar i overvakingsplanen.

Figur 1.1 Moskusen en ein ”ny innbyggar” på Dovrefjell. Moskusstamma er i vekst og den ut-løyser ganske mykje ferdsel, ikkje minst i form av guida moskusturar. Moskusen er ikkje nemnt i verneformålet for nasjonalparken, men den er ein viktig symbolart og eit innslag i økosyste-met som forvaltninga av nasjonalparken m.fl. må ta omsyn til. Formelt er det Fylkesmannen i Sør-Trøndelag som forvaltar moskusen på Dovre (Fotorett: Dovrefjellrådet)

Tilstand for ulike vernekvalitetar på Dovrefjell

Miljøovervaking er ikkje noko nytt i dette fjellområdet, og denne overvakingsplanen må finne sin plass ved sida av og tilpassast den pågåande overvakinga. Vi skissere ikkje eit alternativ til det pågåande, tvert imot. Vi er avhengige av ei ”basisovervaking” som referanse – sjå kapittel 5. Dovrefjell har vore arena for biologisk forsking gjennom to hundreår og fleire av dei artsretta nasjonale overvakingsprogramma er m.a. lokalisert her. Berre der det har vore naudsynt har vi utvikla ny metodikk knytt til biologiske indikatorar; poenget er – så langt som råd – å nytte ut-prøvde metodar. Artar som er godt dekt av andre nasjonale overvakingsprogram eller anna systematisk registreringsarbeid står ikkje sentralt i dette prosjektet, med mindre det utfyller

desse på ein viktig måte. Og på Dovrefjell er ei slik utfylling viktig: Utvalet av biologiske indika-torar er motivert utifrå målet om eit intakt høgfjellsøkosystem med villrein (jfr. verneformålet), der både villrein og sentrale indikatorartar/-artsgrupper (som rovfugl, rype og smågnagarar) får meir fokus enn dei gjer i dei nasjonale overvakingsprogramma (sjå kapittel 5).

Mennesket på Dovrefjell

Dette prosjektet skal og dekkje tema som ein i Noreg ikkje har tradisjon for i forvaltning av ver-neområde, nemleg overvakingsdata knytt til menneskeleg bruk og aktivitet2, samt menneske-leg påverknad. Dette er viktige tema, både fordi friluftsliv er ein del av verneformålet, fordi ulike lokale interesser ønskjer å utvikle ny berekraftig næring i og omkring (verneområde som) Dovrefjell, og fordi ”mennesket i naturen” kan vere både ein reell og potensiell trussel mot and-re viktig miljøkvalitetar. Det tand-rengs meir kunnskap om ”mennesket på Dovand-refjell”. Overvakinga skal gje høve til å kople biologiske og sosiale dataseriar, noko som og kan gje betre grunnlag for å tolke årsakssamanhangar sjølv om dette ofte er komplisert. Etter som temaet ’mennesket’

er relativt nytt i norsk naturovervaking, får dette ein stor plass i rapporten, særleg i dei innleian-de kapitla. For biologiske tema er argumentasjonen for overvaking opplagt, etablert og lite kontroversiell – poenget er å kome seg frå ”prat til handling”.

Parametermål eigna for praktisk forvaltning av verneområda

Når ein påviser endring for ein måleparameter, så er det sjølvsagt også ønskjeleg å få kunn-skap om kva som forårsaka denne endringa. Å prøve å dokumentere årsakssamanhangar mel-lom tilstand og påverknad vil stå sentralt for overvakinga, fordi det gjev ei særleg god hjelp i å byggje ei målretta og tilpassa forvaltning. Kunsten er då å finne eller utvikle gode måleindikato-rar (både på miljøkvalitet og påverknad) for å nå dette idealet.

Datainnsamling av naturoppsynet

I overvakningsplanen skal ein (så langt ein kan) nytte enkle målemetodar slik at ein ikkje stiller krav til spesiell fagleg kompetanse for å samle data. Klare arbeidsinstruksar (manualar) skal gje ”eintydige” målingar uavhengig av kven som gjer registreringa. Dette blir ei balanseøving mellom det ideelle og det praktisk moglege. Målet er å nytte så relevante, enkle, eintydige, presise og billige målemetodar som råd med tanke på lett gjennomføring av registreringa. Mei-ninga er at naturoppsynet, delvis gjennom sitt ”daglege virke” og delvis som spesialregistrering, skal utføre mykje av den praktiske datainnsamlinga.

Forslag til overvaking av verneområda på Dovrefjell

Altså: Denne rapporten tek for seg behovet for utvida overvaking i verneområde, og presente-rer eit konkret forslag til ein overvakingsplan for verneområda på Dovrefjell (Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark og de 8 tilgrensande landskaps- og biotopvernområda). Verneom-råda på Dovrefjell er samla sett eit av Noregs største samanhengande høgfjellsområde verna etter naturvernlova (Figur 1.1 - kart). Dovrefjell er eit høgt profilert område der ein kan forvente endring i bruk både rundt og i verneområda i samband med nye næringslivssatsingar, tilrette-legging (informasjon) og generelt auka samfunnsfokus på dei store verneområda.

2 Slike sosiale tema er godt utprøvde og innarbeidde i mange andre land. Ein er no i ferd med å avslutte eit arbeid på å standardisere metodar og tema i regi av Nordisk Ministerråd: ”Visitor Monito-ring Methods in the Nordic and Baltic Countries”. Dette arbeidet munnar ut i ein manual (Kajala et al. 2007).

Figur 1.2 Kart over verneområda på Dovrefjell med Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, og dei 8 tilliggjande landskapsvern- og biotopvernområda. Det samla vernearealet er på 4365 km2.