• No results found

4. Sjukdomsmetaforikk

4.4. Lys og mørke

Det metapoetiske er kopla til skrivekunsten, men kunst kjem også til syne i andre delar av romanen. Lys og mørke blir beskrivne og kan leggjast meining til i fleire passasjar. Dette metaforområdet blir ofte kopla til måling og måleri. Mats driv med målarkunst, i tillegg gjer både mora og faren til Merethe det same. Eit døme frå Mats si måling finn ein her: «På lerretene grunner du alltid med svart som for å understreke et mørke som er der først, at lyset bare er fravær av mørke, ikke motsatt [...]» (s. 12) Her kan ein lesa målinga som Mats gjer som eit bilete på det indre livet hans. Det mørke ligg til grunn, og for han er lyset berre eit fråvær av mørke. Mørke blir gitt eigenskapar av å vera utrygt og vanskeleg, medan lyset er assosiert med openheit og klarheit. Når Mats understrekar at mørket var der først inneber det ei ganske dyster og tung forståing av korleis han har det, og kva perspektiv han har på livet.

Ein annan stad i teksten der lys og mørke blir kopla til målinga, er her:

Mørket igjen, men om dagen. En mangel som trenger inn i og gjennom hver eneste dag, etterlater et hull, drar lyset ut av det som en svamp suger opp den hvite malingen på den svarte grunningen, stryker den ut, gjør den usynlig. (s. 16)

Denne passasjen startar med ein oksymoron, mørke om dagen. Vidare blir mørket samanlikna med ein mangel og eit hol. På denne måten blir paradokset forklart ved at mørket er noko som gjer noko med dagen. Her er det også ei svart grunning som ligg under, men med ei kvit måling oppå som blir sogen opp eller gjort usynleg. Dette kan ein tolka som at det klare og gode blir dratt ut av dagane, heilt til det berre er det svarte, mørke og tunge igjen. Men samstundes gjer det mørke noko med sjølve måleriet.

I eit anna utdrag blir det fortalt om mora til Merethe sin forsøksvise påverknad på Mats og kunsten hans: «Jeg vet ikke om hun tenker at hvis hun skyver motivene dine mot noe mer forståelig, kanskje noe lysere, at du, det vrange i deg, vil følge etter» (s. 148). Forteljaren, Merethe, undrar seg på om mora ser på det mørke motivet i måleria som eit grunnlag for sjukdommen til Mats. Å flytta motiva over i noko lysare, blir dermed eit steg i å hjelpa Mats.

Eit spørsmål melder seg om kva som kom først av dei mørke motiva og sjukdommen. Her kan ein igjen trekkja inn Blanchot (1990) som skriv om at inspirasjonen spring ut av «natta», og Bale (2007) som er inne på relasjonen mellom galskap og skaparkraft. Med utgangspunkt i at

begge desse legg til grunn ei tett kopling mellom sjukdom og kunst, vil det for Mats sin del ikkje ha noko å seia kva motiv han målar.

Jens, faren til Merethe, er også kunstnar. I det neste utdraget kan ein sjå at motiva hans liknar på Mats sine:

[...] i det grå var det lagt inn farger som lysflekker eller bare noe som slapp inn gjennom flaten, jeg liker å se på dem, som å se gjennom forskjellige vinduer der du ikke egentlig vet hva du ser, eller om du ser inn, kanskje inn bak en murvegg med sprekker, noe der du skimter. (s. 149)

Her er det det grå som ligg som eit grunnlag, men at det finst lysflekkar som slepp igjennom.

Dette har visse likskapstrekk med frasen «at lyset bare er fravær av mørke» (s. 12). På den andre sida finn ein eit utdrag om bileta til Jens, der lyset ikkje synest å trenga igjennom i det heile tatt:

Kanskje jeg skjønte det allerede på forhånd; jeg kommer inn fra alt lyset, fra sommerkvelden utenfor, alle stemmene, festpratet, jeg går rundt i galleriet og hører fortsatt de andre utenfor. Og der er bildene hans, de nye, med svarte og grå punkter, noe sprengt på lerretet. Alt er hindringer, streket opp som metalltråd trukket i en kveil. Jeg har aldri sett dem før, ikke i noe han har laget, de er et veltet hus, et ras, ingenting finnes, og derfor: nå kan det komme. Det er, tenker jeg, minuttene, sekundene han faller ut av seg selv, strømmen som dirrer i kroppen, før krampeanfallet gir seg. Og det er ingenting som viser utover, han er der, i bilde etter bilde. Til kaos, det var dit han kom. (s. 150)

Utdraget byrjar med ein kontrast, der forteljaren kjem frå lyset som er ute og inn i galleriet der Jens har ei utstilling. Bileta blir beskrivne som at dei har svarte og grå punkt og at «Alt er hindringer». Det destruktive i dei blir beskrive med at «de er et veltet hus, et ras». I desse bileta verkar det ikkje til å vera noko lyspunkt som viser seg.

Samstundes er det verdt å merka seg ved frasen «ingenting finnes, og derfor: nå kan det komme». Dette kan igjen bli sett i samband med Blanchot (1990) og Bale (2007) sine syn på at kreativiteten kjem ut av det mørke. At noko kan komma fordi ingenting finst, gir eit moglegheitsperspektiv på bileta. Det at moglegheiter finst, er ein nøytral tilstand i

utgangspunktet. Det som blir fortalt om vidare i dette utdraget, kan lesast som ei bilettolking av erfaringa Jens hadde med elektrosjokkbehandling. Denne behandlinga blir beskriven på eit tidlegare punkt i romanen: «[...] han spennes fast, og her er elektrodene som utløser anfallet, det epileptiske anfallet, krampene som ingen vet hva gjør, men det gjør noe» (s. 91). Ei behandling kan bli sett på som ei moglegheit for betring, men som det blir fortalt i skildringa av biletet, kom Jens til ein stad med kaos. Dette kaoset kan bli sett i samanheng med

framstillinga av bileta, ved at det står at «det er ingenting som viser utover». Forteljaren ser berre den augneblinken med faren si oppleving av elektrosjokkbehandlinga «i bilde etter bilde». Det kaoset og «ingentinget» som forteljaren beskriv, kan ein også sjå igjen i skildringa av behandlinga tidlegare i romanen: «[...] en tomhet trommer i hjernebarken, varer,

intensiveres, blir langsommere, han er på innsiden og faller, ut, ned. Ingenting tar imot» (s.

91). Dette seier noko om korleis erfaringane av sjukdom blir spegla i kunsten som Jens lagar.

I ein episode frå nåtidsplanet får innblikk i Merethe sin psyke, som ein kontrast til Mats sin.

Denne kontrasten kan også tolkast inn under det tematiske området som har med lys og mørke å gjera. Forteljaren beskriv at ho er ute og går, det nærmar seg vinter og ho finn ikkje nokon lette lenger. Det går over i ei oppattaking av ordet «regn», som samstundes dannar ein alliterasjon. Slutten av passasjen endar i ein kontrast: «[...] jeg er regn, jeg regner og regner, alt regner, men det regner ikke på deg, du ser opp på meg, du smiler, du ser ned i boka igjen»

(s. 78). Her er Mats og Merethe motsetnadar av kvarandre, men på ein annan måte enn dei vanlegvis er. Han er den «lyse» som smiler, og ho er regn, eller inni «mørket» utan at det finst ein lette. Ein annan måte å sjå forholdet mellom dei to på finn ein her: «Du er i meg, jeg i deg [...] Du er akkurat som meg, det skjeve i meg finnes i deg også, vi kan ikke bare passe inn, jeg vet ikke hvorfor». Her er det ei framstillling av dei som om dei er det same, og ikkje

motsetnadar. Samstundes er dei motsetnadsfylte bileta også eit uttrykk for at dei er like, i og med at dei byter plass i motsetningsparet. Begge er innom både den «mørke» og «lyse» sida.

Dette kan også bli sett som ein del av den komplekse framstillinga av kvar og ein av dei, og relasjonen dei imellom.

I eit anna utdrag som viser relasjonen mellom Mats og Merethe, legg forteljaren vekt på at Mats treng lyset: «Du har fått det store rommet, det jeg kunne hatt, der kunne jeg skrevet, men nei, du skal ha det, du trenger vinduene, lyset gjennom der, jeg vil du skal ha det» (s. 12).

Lyset gjennom vindauga blir altså sett på som eit gode som dei begge kunne hatt nytte av.

Likevel meiner forteljaren at Mats treng det mest, og på denne måten blir også omsorgen Merethe har for han tydeleg. Denne omsorgen kan springa ut av oppfatninga Merethe har av det «mørke» som Mats er i, som ho ikkje er i: «Jeg stoler ikke på nettene, jeg stoler ikke på dine. De er et annet sted, ofte ligner de ikke mine i det hele tatt» (s. 120). I dette sitatet kan

«nettene» bli forstått under omgrepet «mørke», og Mats sine netter liknar ikkje på Merethe sine. Det at ho ikkje stolar på dei kan ha ein samanheng med at ho ikkje kjenner seg igjen i

dei. Det blir dermed vist ein kompleksitet, ved at «nettene» ikkje nødvendigvis er det same for to personar.

Det neste utdraget eg vil visa til, stiller opp eit tett samand mellom Mats og omgrepa «lys» og

«flamme»:

[...] for det meste er det bare en glød , en ellipse der noe konstant legger seg foran, skygger eller stenger, skifter, flammen nederst der den er blå, der den brenner mørkt, det er det som er rundt deg, en sirkel ytterst, en kant av glød, og det skifter så fort at man nesten ikke ser, hva er det lyse, hva er det andre. Til slutt: som om lyset også ligger mørkt rundt deg. (s. 117)

Ein «glød» er ei form for svakt lys, så svakt at det fort går over i mørke. Tilstanden som Mats er i blir også beskriven som ein flamme som «brenner mørkt». Her ser ein igjen ein

oksymoron, ved at to omgrep som vanlegvis blir assosiert med to ulike eigenskapar, blir kopla saman. Denne oksymoronen blir framstilt som eit resultat og noko grunnleggjande, i at «lyset også ligger mørkt rundt deg». Sjølv det «lyse», det som kan tolkast som noko bra, blir prega av tilstanden til Mats. Denne framstillinga peikar på at det lyse og det mørke blir ført saman, og kan verken bli sett heilt uavhengige av kvarandre, men heller ikkje skiljast frå kvarandre i sin essens. Med dette løyser forteljaren opp i dei absolutte kategoriane som «lys» og «mørke»

er i utgangspunktet, og det blir skapt ei framstilling av ein relativitet knytt til tilstanden til Mats.

«Det mørke» kan også bli knytt til Merethe i dette utdraget: «[...] jeg går hjem fra skolen, jeg går over lyskrysset, forbi busstoppet, forbi de svarte trærne, låser opp døra, går inn i et mørke og kommer ikke ut igjen før det er gått flere år» (s. 193). Dette er eit sitat henta frå ein av passasjane om fortida til Merethe. Her blir mørket framstilt som ein plass ho gjekk inn i og var i gjennom fleire år. Dette inneber også at mørket er ein plass ho har gått ut av. Relasjonen mellom kategoriane «lys» og «mørke», som eg viste til over, kan dermed ikkje seiast å vera den same her. I dette utdraget er mørket noko ein anten er i, eller ikkje er i, heller enn at «lys»

og «mørke» har smelta saman. Denne endringa i korleis ein ser på forholdet mellom desse to kategoriane, kan bli sett på som ein del av kompleksiteten i seg sjølv. Ein annan del som utgjer noko komplekst, er det faktumet at Merethe sin relasjon til mørket her blir trekt fram, medan ho ikkje kjende seg igjen i Mats sitt mørke, i eit utdrag som eg viste til tidlegare.

«Lys» og «mørke» blir dermed to storleikar som inneber ulik meining i løpet av romanen, anten det er kopla til ulike situasjonar, eller om det gjeld relasjonen mellom karakterar.