• No results found

LandskapÆílzWsliv/INON (ínngrepsfirie riaturområde)

In document Fylkesmannen i Møre og Romsdal (sider 28-31)

Ein kan ikkje sjå Kvidalselva frå Eresfjorden. Først eit stykke opp mot Kanndalen har ein innsyn til Kvidalen. Området langs Kvidalselva er ikkje særleg nytta som friluftsområde, men Kvidalen med Kvidalsselva er lokalisert mellom fjella Goksøyra og Skjorta. Desse fjella er mykje nytta utfartsområde vinter og sommar, både av lokale og tilreisande.

Saman med nabofjellet Fløtatinden er dette <<vårski-klassikarar i særklasse» som

kommunen skriv på si heimeside. Utbygging av Kvidalselva vil ikkje kome i direkte konflikt med tilkomsten til desse fjellområda. Vi ser likevel ikkje bort frå at fleire inngrep i området, som røyrgate og utvida veg, kan redusere landskapsopplevinga også på noko avstand.

Det framgår av søknaden at det ikkje blir endringar i INON.

Konklusjon

Fylkesmannen viser til kommentarane over og har ut over dette ikkje vesentlege merknader til det omsøkte prosjektet.

3.10 Skorga kraftverk (Nesset kommune) - Norges småkraftverk AS Omtale av prosjektet

Skorga er lokalisert heilt vest i Nesset kommune. Vassdraget drenerer nordover til Langtjorden. Skorga Småkraftverk vil utnytte fallet i Skorga mellom kote 325 og kote 5.

Installert effekt er på 3 MW med ein årleg produksjon på ca. 10 GWh. Røyrtrasèen vil vere på ca. 2120 m og skal gravast ned på heile strekninga. Minstevassføring er sett lik lågvassføring på 32 l/s. Eksisterande veg til Skorgedalssetra vil blir brukt i anleggsfasen.

Frå setra til inntaket blir det bygt ca. 140 m ny veg som skal tilbakeførast til traktorveg etter utbygging.

.ufr-, "i . "

. ' » ' ._ ~3 .

_u __ . 1 _

J.

`. 'j

Illustrasjon frå søknaden.

Parti av Skorga. Frå synfaring 29.06.20] l.

Fylkesmannens vurdering Biologisk mangfald-ferresrrísk

Etter vår gjennomgang av milj ørapporten og informasjon frå Naturbase, er det ikkje noko som tyder på at ei utbygging vil kome i vesentleg konflikt med område som er spesielt viktige for det biologiske mangfaldet. Det må likevel merkast at vi er usikre på omfanget og

side 29 av 31

kvaliteten av konsulenten sitt kartleggingsarbeid i september 2008. Etter første utgåve av rapporten skal det ikkje vere spesielle naturtypar i området . I den reviderte er det for austsida av elva vist til 5 viktige naturtypeområde som er kartlagde etter den nasjonale kartleggingsmetodikken. Det er kartlegging som vart gjennomført i samband med

naturtypekartlegging i Nesset kommune i 2012. Oppdragsgivaren for dette prosjektet var Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Dei naturfaglege Verdiane på austsida av elva burde ha vore fanga opp under konsulentfirrnaet si synfaring i 2008, men det er positivt at data frå

Naturbase no blir lagt inn og vurderte i den oppdaterte milj ørapporten. Vi kan konkludere

med at kunnskapsgrunnlaget for influensområdet på austsida av elva er godt.

I den oppdaterte miljørapporten er det opplyst at naturtypelokalitetane, med til dels innslag av lungeneversamfunn, kan bli litt påverka av fråføring av vatn gjennom eit mindre fuktig mikroklima. Det blir vidare opplyst at ved oppgradering av tilkomstvegen til inntaket, kan

beiteskogen og slåttemarka ved Skorgedalssætra bli negativt påverka. Vi vil merke at

slåttemarker med verdi A eller

B

i Naturbase er ein utvalt naturlype og er såleis omfatta av ei nasj onal forskrift etter naturmangfaldlova og med spesielle saksreglar om prosessen før eit eventuelt inngrep. Dette gjeld altså slåttemarka ved sætra.

Med bakgrunn i at biologisk viktig natur på austsida av elva ikkje vart fanga opp under blåbær-skrubbær-utforming (A4b), med bjørk som dominerande treslag. Nokre stadar er det attgroingsskog av gråor, samt at det er eit mindre område der det veks nokre eldre tre av

undersøkingsområdet. Fosserøyksoner eller fosseeng vart ikkje påvist innan området. Det vart ikkje gjort funn av signalartar på verdfulle lav- eller mosesamfunn. For mosar og lav er finst lokal bekkeaure. Eit minimum av økologisk driftsvassføring er naudsynt for

vasslevande insekt og fisk. Det er lagt opp til minstevassføring lik ålmenn lågvassføring på

32 l/s. Vi føreset at denne blir heilårleg.

Landskap/frilufts/iv

Fjellområda sør for Skorgedalen er del av eit større regionalt friluftsområde. Lokalt er likevel ikkje Skorgedalen særleg nytta som turområde, heller ikkje som innfallsport til fjellområdet lenger sør. Mittetdalen, nabodalen i vest, er den naturleg innfallsporten til dette området frå nord.

Skorga ligg nedskore i landskapet og er lite synleg som landskapselement. Berre nedre del kan sjåast frå riksvegen. Området er delvis prega av tidlegare inngrep som skogsvegar og hogstfelt.

Etter synfaring i 201 1, ved vurdering av konsesjonsplikt, peika vi på at «Elvedalen på begge sider består av mykje lausmassar (jfr. kvartærgeologisk kart). Skogsvegen på austsida av elva skjer gjennom massane på fleire stader og det er teikn på at desse er delvis ustabile, med tidvise utrasingar. Røyrgatetrasèen er lagt svært nær elva på fleire parti og vil gå gjennom ryggar som sannsynlegvis er lausmassar. Ustabile massar i kombinasjon med eit tidvis svært bratt terreng kan by på klare utfordringar, særleg i ein byggefase» I søknaden er det lagt fram ein eigen rapport som har vurdert erosj on/skredfare. Den konkluderer med at skred og sidebratt helling ikkje vil vere ei utfordring dersom det blir utført med riktig val av

byggemetodar. Dette skal ivaretakast gjennom detaljplanlegginga. Det er viktig at dette blir gjort på ein slik måte at landskapsinngrepet blir minst mogleg og at det blir lagt vekt på ei god istandsetting og revegetering av røyrtrasèen.

Det er generelt ønskjeleg med ei god buffersone mellom elv og røyrgate. Ein må derfor vurdere i kva grad det er mogleg å legge røyrgata lenger vekk frå elva på enkelte parti.

1NON(inngrepsfrie

naturområde)

Tiltaket vil redusere INON-område sone 2 med ca. l kmz og sone l med 0,3 kmz. Reelt sett kanskje noko mindre fordi den eksisterande vegen opp til Skorgdalssetra går noko lenger enn det som framgår i INON-registreringane. Sjølv om reduksjonen ikkje er vesentleg, er dette er ein del av dei inngrepsfrie naturområda i fiellområda nord for Isfjorden som er mellom dei særskilt prioriterte områda i Fylkesdelplan for inngrepsfrie naturområde i Møre og Romsdal. Dette må takst med i vurderinga ved den endelege behandling av søknaden.

Konklusjon

Fylkesmannen viser til merknadene over og rår til at desse blir tatt omsyn til ved behandling av søknaden.

Ut frå omsynet til ålmenne interesser vil vi isolert sett ikkje gå imot Skorga kraftverk. Det er etter kvart mange kraftverksprosjekt i området, både utbygde og nye omsøkte tiltak. Vi legg til grunn at det blir gjort ei samla vurdering av desse som ein del av avgjerdsgrunnlaget.

3.11 Forholdet til andre lovverk For alle søknadene gjeld følgjande:

Fylkesmannen kan ikkje sjå at det er naudsynt med behandling av søknadane etter laks- og innlandsfisklova. Vi kan heller ikkje sjå at dei omsøkte tiltaka vil føre til slik fare for forureining at det er naudsynt med særskilt behandling etter forureiningslova.

side 31 av3l

4. Oppsummering

Etter ei samla vurdering fremjar Fylkesmannen motsegn i medhald av vannressurslova § 24 til omsøkte planar for utbygging av Tverrelva, Loftdalselva, Høgseterelva og Rabbelva (alternativ A) og Strandelva.

Fylkesmannen rår i frå Rabbelva alternativ B. Vi rår også til at ein vurderer eit redusert alternativ i Smøråa som ikkje får så store konsekvensar for den øvre delen av vassdraget (fossen).

Fylkesmannen vil ikkje gå imot utbygging av Morgådalselva, Skorgeelva og Stokkelva, Kvidalselva og Skorga. Vi viser likevel til våre merknader til desse prosjekta.

Med helsing

Rigmor Brøste (e.f.) Linda Aaram

ass. fylkesmann miljøverndirektør

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

Fagsaksbehandlar

Biologisk mangfald - terrestrisk, Kjell Lyse tlf. 71 25 84 26 Kopi:

Nesset kommune Rauma kommune

Miljødirektoratet postboks 5672 Sluppen 7485 Trondheim Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde

In document Fylkesmannen i Møre og Romsdal (sider 28-31)