• No results found

Klorofyll og kommensalisme: moglege tolkingar

Språkfunksjonane til Roman Jakobson

4. Vitskapsparodi: Raymond Queneau

4.5 Klorofyll og kommensalisme: moglege tolkingar

Kva handlar dette fortetta og kryptiske utdraget om? Eit hint får ein jo i titlane «retour sur le règne végétal» og «nécessité et rôle de la chlorophylle»: det er planteriket og rolla klorofyllet speler som er tematikken. Men for å vere vers som oppgir å handle om planter er det

overraskande mykje snakk om dyr. Element frå dyre- og planteriket blir samanstilte, og dyra si avhengigheit av plantelivet blir understreka. Uansett kva dei et er dei avhengige av «la prime synthèse», den fyrste syntesen, altså fotosyntesen i plantene.

Sjølv om det aldri nemnast i sjølve verselinjene er «klorofyll» eit nøkkelord. Klorofyll er eit grønt pigment som blomsterplanter dannar i lys viss dei nødvendige mineralstoffa, som nitrogen, magnesium og jern, er til stades. Det er dette pigmentet som blir sikta til i verset «la

verdure des eaux la verdure des branches». Når det grøne i vatnet vert stidestilt med det grøne i greinene kan ein forstå det som ein allusjon til blågrønbakteriane i havet, som fyrst utvikla klorofyll. I diktet blir pigmentet skildra som «l’appât pour ces rayons tombés d’un soleil roux», altså som åte for strålane til sola. At det er akkurat ordet «åte» som blir nytta, er interessant i høve til den generelle tematiseringa av det å ete i dette utdraget. I møtet mellom klorofyll og sollys oppstår som kjent fotosyntesen, der karbondioksid og vatn blir omdanna til sukker og oksygen. Fotosyntesen til blågrønbakteriane er årsaken til at atmosfæren vår

inneheld oksygen, og altså ein grunnleggande føresetnad for at organiske livsformer, deriblant alle plantene som også driv fotosyntese, kunne utvikle seg. I diktet blir dette skildra som «un labeur minuscule». Det er eit arbeid på mikroplan, i kvar enkelt celle, som likevel spelar ei stor rolle for det atmosfæriske systemet på jorda. Det kan samanliknast med det minutiøse språkarbeidet som strålar ut frå kvart av enkeltorda i PCP, og omdannar vitskapen til poetisk system. Dette kjem eg tilbake til.

Kvifor dette vesle arbeidet har «rectifié la mort / des accumulateurs» er meir ope for tolking.

Min teori er at det viser til torvmosen, som lagar stadig nye celler øverst, men døyr nederst.

Det nederste laget blir til det viktige brenselet torv, som ved metonymi også kan vise til dei andre organiske materiala vi har nytta som brennstoff, som kol og olje. Utnyttinga av desse leia som kjent til den industrielle revolusjonen, noko som passar bra overeins med dei neste versa, som skildrar ei pipe og ein motor som produserer svarte, knapt fordampa tårer.

Sannsynlegvis er dette eit bilete på karbondioksid-haldig røyk. At organisk brennstoff blir omdanna til uorganisk karbondioksid (sjølv om den inneheld karbon vert gassen rekna som uorganisk) er så godt som det motsette av fotosyntesen. Denne prolepsen er både eit frampeik til Queneau si industrielle samtid, og til sambandet mellom planter og organisk brennstoff i sjette canto.

Kanskje er det også meint som ei åtvaring, for i versa som følger er det snakk om ozon, ein annan livsviktig gass for livet på jorda, som heller ikkje kunne ha funnest utan oksygenet danna gjennom fotosyntese. Kva som ville skje dersom ozonlaget forsvann blir humoristisk konstatert: «tous deux également sans lui crieraient bail bail28». For ein lesar i 2021 er det nærliggande å lese både karbondioksidet si forsterking av drivhuseffekten, og hola i ozonlaget inn i desse linjene, men då bør ein hugse på at diktet kom ut i 1950. Når det gjeld «le manteau

28 «bail bail» er ein galisisk stavemåte, med same tyding som engelske «bye bye»

des angströms» refererer dette til måleeininga som vanlegvis nyttast på atom, og viser sannsynligvis til at ozonlaget, dersom det var konsentrert ville vere svært tynt, berre 3 mm.

Det let oss også samanlikne jordkloden sitt ozonlag med den levande cella sin membran, som er noko av det som er vanleg å måle i angströms. Slik tek diktet vitskaplege storleikar ut av kontekstane sine og blandar dei saman, på ein måte som får fram interessante samanlikningar.

I same passasje vert det også referert til Penelope, ein litterær figur som i denne passasjen i større grad blir ein mytisk storleik. Biletet med Penelope som syr saman livstrådane verkar meir på sin plass i ein mytologisk kosmogoni enn ein vitskapleg ein. Kvifor vel Queneau likevel å bruke ikkje berre dette, men ei rekke slike mytologiske og litterære referansar? Det er noko heterogent og ureint ved verket, ikkje berre ved denne blandinga av vitskapleg og mytologisk diskurs, men også blandinga av høgt og lavt («au bleu du ciel sa larme» saman med «cul des teufteufs») og seriøsitet og humor, som kjem til uttrykk i linjer som desse:

C’est eux qui fourniront l’azote et le carbone […] et maints autres produits Animal animal mets-toi bien ça soigneusement dans le citron

Det motsetnadsfylte spennet i verket er til stades heilt ned på ord- og setningsnivå.

Oksymoronet er ein av dei hyppigast brukte figurane i utdraga eg har sett på. Sjå berre på foreininga av liv og død i «le berceau des tombes», eller mørke og lys i «l’obscure clarté de la pomme de terre».

Før eg går over til ein meir detaljert diskusjon av språkleg transmutasjon i Petite Cosmogonie Portative vil eg avslutningsvis påpeike at plantene får ei ganske annleis framstilling hjå Queneau enn dei fekk hjå Ponge. Som eg har nemnt vert dei ikkje framheva i positiv kontrast til faunaen, men presentert som ein integrert del av den, i så stor grad at element frå dei to ulike rika vert vikla inn i kvarande i Queneaus neologismar. Likevel vert flora framstilt som det mest fundamentale, ettersom det ikkje ville kunne finnast noko dyreliv på jorda utan «la prime synthèse». Samtidig vert flora ofte presentert som middel, heller enn eit mål i seg sjølv, og då meir spesifikt som næringsmiddel. Svært mykje i utdraget frå femte canto handlar om å ete eller bli eten, frå det grøne som er åte for solstrålane til oppramsingane av alle grønsakene som kan etast på slutten. Samtidig vert jo også den plantebaserte næringa som endar opp i dyrets mage presentert som middel for noko anna, nemlig festmåltid for «le

protocommensal».

Kommensalisme er ein form for symbiose, som berre tener éin av partane, kommensalen, men ikkje er til skade for den andre parten, verten (i motsetnad til parasittisme). Etymologien er fransk, og tyder eigenleg «ein som et ved same bord». (Lee&Ratikainen 2020) Proto viser til noko som er fyrst, eller opphavleg. Det er nærliggande å tenke at det er mikrobiomet i tarmen det blir vist til. At dei ulike rika er forbundne med kvarandre på denne måten er i tråd med det generelle verdsbiletet som blir formidla i PCP, der mennesket si rolle fyrst og fremst er som fødselshjelpar for maskinene. Dette poenget, og parallellen til plantene, vert fint summert opp i ein av tittel-overskriftene Queneau har valgt i sjette canto: «Comme l’insecte les fleurs, l’homme féconde les machines qui doivent l’attendre pour se réaliser (132 – 141).» (Queneau 1969:161). Dette kjem eg tilbake i diskusjonen av PCP som ´patafysisk. Men fyrst – ein nærare gjennomgang av den vanskelege symbiosen mellom poetisk og vitskapleg språk. Kva skjer når vitskapen og poesien set seg ved same matbordet? Er det snakk om ein faktisk mutualisme, med gunstig effekt for begge partar, eller kommensalisme, som ikkje påverkar eine parten i det heile?