• No results found

1.1 Bakgrunn

Eg kom til folkemusikkstudiet i Rauland1 med ein bachelor-eksamen i klassisk song i bagasjen. Eg hadde vore borti fleire musikksjangrar og måtar å snakka om stemmebruk på, og blei forundra då eg av songlæraren fekk høyra: «Her finst ingen songteknikk».

Påstanden blei sagt med glimt i auge, og poenget var nok at ho ville eg skulle læra ved å lytta og herma slik folkemusikk tradisjonelt har vandra frå generasjon til generasjon. Å lytta og herma var likevel ikkje nok for meg. Eg hadde behov for å setja ord på denne, for meg, «nye» måten å bruka stemma på, og tok til å leita på biblioteket.

I møte med forskingslitteratur og «lær å syngja folketonar»-bøker viste det seg at pedagogar og forskarar nyttar fleire måtar å skildra folkesong på. Ein av desse måtane har eg bite meg merke i, nemleg samanlikning av song med tale. Slik samanlikning dukkar stadig opp både i og utanfor folkemusikkmiljøet. 9.okt 2017 sa til dømes Ingebjørg Bratland dette om Joni Mitchell på «Spillerom» i NRK P2:

Ho æ jo au litt slik som meg at ho syng ganske talenært, det æ jo ikkje lissom veldig slik skulert, forseggjort, klassisk eller noko slik. Det er veldig slik direkte rett fram (…) og byttar på både å synge i hodeklang og brystklang (…) Den litt slik ujålete og nære måten å tenærme seg ein song på.

I ei tidlegare studentoppgåve har eg sjølv brukt «talenær» om stemma til ein folkesongar.

Dette gjorde eg utan vidare forklaring, som om det er underforstått kva ei talenær stemme er. Bratland utdjupar kva ho meiner med talenær, men eg har problem med å godta premissen - at synginga hennar er talenær.

Når eg har teke opp samanlikning av song med tale på masterseminara, har det skapt høglydt diskusjon. Av ein eller annan grunn er det eit forvirrande tema. Det er som om alle veit kva talenært tyder, men så snakkar me forbi kvarandre likevel. Nokre snakkar om ulike musikksjangrar, nokre om truverdig framføring, nokre om stemmeleie og klang, nokre om rytme og puls, andre om dialekt og tonefall. Ein av tilhøyrarane på presentasjonen min 17.1.2017 formulerte seg slik om talenært: «Det er uklart kva det tyder, men det er eit ord som gjev ein sjanger ein status. Det handlar om autentisitet.»

1 Folkemusikkstudiet i Rauland låg tidlegare under Høgskolen i Telemark (HiT). 1.jan 2016 blei HiT innlemma i Høgskolen i Søraust-Noreg (HSN). 4.mai 2018 blei HSN universitet - Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

1.2 Problemstilling

Folkesong blir samanlikna med tale. Dette kan observerast både i daglegtale og i forskingslitteratur. Samanlikninga blir brukt på ulike måtar, gjerne som ei generell skildring av songuttrykket utan vidare forklaring. Kva er poenget med å samanlikna folkesong med tale?

For at masteroppgåva ikkje skal bli for omfattande, fokuserer eg på korleis folkemusikkforskarar i Skandinavia har nytta og nyttar samanlikning av song med tale.

Vonleg vil funna gje oss djupare forståing av heile forskingsfeltet. Gjennom metodiske verktøy frå forskingstradisjonen diskursanalyse undersøkjer eg kva samanlikning av folkesong med tale kommuniserer og korleis bruken av samanlikning med tale har endra seg over tid. For å betre forstå songen som forskarane samanliknar med tale, har eg inkludert eiga songutøving i undersøkinga.

Problemstillinga er presisert i to overordna forskingsspørsmål. Spørsmål 1 blir lagt størst vekt på og har fire tilleggsspørsmål. Tilleggsspørsmåla gjev retning for å finna ut av korleis og kvifor forskarane samanliknar folkesong med tale. Forskingsspørsmål 2 sprang ut av den kreative prosessen med å forstå forskarane si samanlikning. Håpet er at samanlikninga med tale òg kan inspirera andre songarar.

1. Korleis og kvifor samanliknar forskarar i Skandinavia folkesong med tale?

1a) Kva for parametrar ved folkesongen samanliknar forskarane med tale?

1b) Korleis grunngjev forskarane samanlikninga av folkesong med tale?

1c) Kva kommuniserer samanlikning av folkesong med tale?

1d) Korleis har bruken av samanlikning med tale endra seg over tid?

1e) Kva for kontekstuelle faktorar kan ha påverka forskarane si samanlikning av song med tale?

2. Korleis kan det talenære perspektivet inspirera i utøving av folkesong?

2a) Kva skjer når ein eksperimenterer med forskarane si samanlikning av song med tale i utøving av folkesong?

1.3 Forskingsområde

Figuren under zoomar inn forskingsområdet for denne masteroppgåva i tradisjonskunst:

tradisjonskunst

↓ folkemusikk

skandinavisk folkesong

korleis forskingslitteraturen skildrar syngjemåte i skandinavisk folkesong

I staden for å forska på musikken direkte, går eg den eksisterande forskinga etter i saumane. Omgrepa folkesong og vokal folkemusikk nyttast om kvarandre. Her omfattar dei både eldre syngjemåtar, slik ein kan høyre opptak av på folkemusikkarkiva i Skandinavia, og syngjemåten til dei som i nyare tid identifiserer seg som folkesongarar.

«Folklig sång» er det vanlegaste omgrepet i dei svenske tekstene, det brukast både om arkivopptak og notidas songarar. Nokre norske og danske tekster bruker tradisjonssang.

Tradisjonssang vert hovudsakleg nytta for å skildra arkivopptak.

1.3.1 Tidlegare forsking og denne oppgåva sin plass

Eg har ikkje funne forsking som undersøkjer kva folk meiner med å samanlikna skandinavisk folkesong med tale, difor meiner eg at denne masteroppgåva fyller eit tomrom. Forsking på syngjemåte i skandinavisk folkesong er relativt nytt, men såpass etablert at det har danna seg ein felles vokalbular for å skildra ulike stilparametrar.

Vokabularen inneber blant anna samanlikning med tale. Gjennom masterseminara viste det seg at «talenær song» sette i gong diskusjonar om truverd og den vokale folkemusikken sin status som musikksjanger. Difor meiner eg det er behov for å klara opp i forskarane sin bruk av samanlikning med tale.

Denne studien kunne vore basert på intervju av songarar eller forskarar, men gjennom prøveintervju av songarar om relasjonen mellom tale- og songstemma viste det seg vanskeleg å stilla spørsmål som gav samanliknbare svar. Eg har kome fram til at eit logisk første steg i å forstå fenomenet «å samanlikna folkesong med tale» er å gjennomføra ein litteraturstudie.

Den tidlegare forskinga på syngjemåte er sjølve forskingsobjektet i denne oppgåva og vil difor gjerast grundig greie for gjennom diskursanalysen.

Forskingstradisjonen diskursanalyse er mykje brukt i nyare forsking, særleg innan samfunnsvitskap og humaniora (Hitching, Nilsen & Veum, 2011, s. 11). Innan folkemusikkforsking finn me Apeland (1998) si hovudfagsoppgåve i etnomusikologi om tilhøvet mellom diskurs og praksis på folkemusikkfeltet, og masteroppgåva til kulturforskaren Ola Berge (2008) om diskursar og grenseforhandlingar i folkemusikk som samtidskulturell praksis. Sjølv om det ikkje er uttalt har også doktoravhandlinga til Ingrid Åkesson (2007) ei diskursanalytisk tilnærming. Ho undersøkjer korleis svenske folkesongutøvarar på 2000-talet relaterer seg til folkemusikktradisjonen i lys av tids- og samfunnskonteksten på folkemusikkfeltet. Åkesson (2007) er ei av nøkkeltekstene i datamaterialet for denne oppgåva og blir ytterlegare presentert i avsnitt 3.2.

1.3.2 Forskarrolla

Eit kriterium som bør oppfyllast av ein diskursanalytikar, er at han kan opptre som deltakar og tilskodar på same tid. Han må ha grunnleggjande kjennskap til kulturen han undersøkjer samstundes som han må vera i stand til å sjå og tolka åtferda til aktørane utanfrå (Hitching et al., 2011, s. 21).

Etter å ha sett meg grundig inn i forskingslitteraturen, og grundig inn i musikken som forskarane omtalar, meiner eg at deltakarperspektivet skal vera ivareteke. Av di eg først blei kjent med folkemusikken gjennom studiar og studentmiljø på Rauland, skulle tilskodar-perspektivet vera uproblematisk. Hadde eg vakse opp med vokal folkemusikk, hadde eg truleg hatt meir innsikt i korleis samanlikning med tale blir brukt i kvardagsspråket, men det kunne også vera at eg ikkje hadde hatt like stor interesse for å setja ord på songuttrykket i det heile.

Ved å skriva denne diskursanalysen gjer eg meg sjølv til deltakar i diskursen kring samanlikning av song med tale, jamfør Apeland:

Det er viktig å ikkje gløyma at analytikaren, i kraft av å utføra akademisk verksemd, også utfører ein diskursiv praksis. For diskursanalytikaren er det umulig å finna eit absolutt objektivt utgangspunkt (Apeland, 2005, s. 56).

At forskaren ikkje kan vera heilt objektiv er ikkje noko problem så lengje ein strevar etter å gjera analyseprosedyren så eksplisitt, gjennomsiktig og samanhengande som mogleg (Hitching et al., 2011, s. 20).

1.4 Oppbygging av oppgåva

Seks tekster om syngjemåte i vokal folkemusikk ligg til grunn for diskursanalysen av fenomenet «å samanlikna folkesong med tale». Teoretisk rammeverk og metodiske verktøy vert skildra i kapittel 2. I kapittel 3 er det gjort kort greie for kvar nøkkeltekst gjennom å skildra føremål, forfattar og kva som eksisterer av samanlikning av song med tale. I kapittel 4 har eg diskutert tekstene opp mot den tids- og samfunnsmessige konteksten dei er skrivne i. Dette dannar ein bakgrunn for den vidare diskursanalysen som i staden for å følgja tekst for tekst, følgjer parameter for parameter.

Påstandane der folkesongen er samanlikna med tale er systematisert i tre kapittel etter kva stiltrekk/parameter som blir samanlikna, 6, 7 og 8. Helst burde desse vore delkapittel under kapittel 5 «Samanlikning med tale systematisert etter parameter», men for å gjera oppbygginga meir oversiktleg har eg valt å analysera parametrane i kvar sine kapittel. For kvar påstand der eit parameter er samanlikna med tale, har eg undersøkt korleis dei støttar opp om påstandane til dømes gjennom analysar av lydopptak, sitat av songkjelder eller referansar til andre tekster. Der forskarane grunngjev samanlikninga gjennom å referera til andre tekster, har eg funne fram desse tekstene og følgt same prosedyre som over. Av di desse tekstene igjen refererer til andre tekster, kan me følgja såkalla diskursive linjer gjennom datamaterialet. I dei diskursive linjene er nøkkeltekstene mest framståande, men det dukkar også opp andre tekster.

I delkapittel 6.2, 7.2 og 8.2 nyttast blant anna teorien frå kapittel 2, funna frå kapittel 4 og praktisk erfaring med songen for å diskutera kva samanlikninga med tale kommuniserer. Etter kvar diskusjon, i delkapittel 6.3, 7.3 og 8.3, vert det gjeve eit innblikk i korleis det talenære perspektivet kan inspirera i utøvande song. Til slutt samlast trådane til oppsummering og konklusjon i kapittel 9.