• No results found

Forsking

In document (2005–2006) (sider 174-200)

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

Budsjettforslaget for utgifter under kategori 07.70 utgjer om lag 42,3 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 36,3 mrd. kroner i høve til saldert

budsjett 2005. Auken skriv seg hovudsakleg frå auka kapital i Fondet for forsking og nyskaping.

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

Budsjettforslaget for inntekter under kategori 07.70 utgjer om lag 2,2 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 152 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2005, som skriv seg frå auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping.

For ein omtale av norsk forsking generelt, sjå under del III, kap. 5 Forsking og utvikling i stats-budsjettet.

Regjeringa ønskjer at norsk forsking skal gi ny kunnskap og føre til framtidig verdiskaping. For å gjere dette må forskingsinnsatsen vere langsiktig og ha høg kvalitet, forskingssystemet må leggje til rette for god forsking, og norske forskarar må ta aktiv del i det internasjonale forskingssamarbeidet.

(i 1 000 kr)

Kap. Nemning Rekneskap

2004 Saldert

budsjett 2005 Forslag

2006 Pst. endr.

05/06

0283 Meteorologiformål 357 834 244 658 251 967 3,0

0285 Noregs forskingsråd 1 337 038 1 153 842 1 341 600 16,3

0286 Fondet for forsking og nyskaping

(jf. kap. 3286) 1 606 205 3 834 760 39 707 760 935,5

0287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

(jf. kap. 3287) 130 525 132 491 137 051 3,4

0288 Internasjonale samarbeidstiltak

(jf. kap. 3288) 738 353 666 797 905 715 35,8

Sum kategori 07.70 4 169 955 6 032 548 42 344 093 601,9

(i 1 000 kr)

Kap. Nemning Rekneskap

2004 Saldert

budsjett 2005 Forslag

2006 Pst. endr.

05/06

3283 Meteorologiformål (jf. kap. 283) 133 781 59 -100,0

3286 Fondet for forsking og nyskaping

(jf. kap. 286) 1 918 323 1 982 339 2 134 060 7,7

3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

(jf. kap. 287) 16 987 21 500 21 500 0,0

3288 Internasjonale samarbeidstiltak

(jf. kap. 288) 4 754 4 916 5 073 3,2

Sum kategori 07.70 2 073 845 2 008 814 2 160 633 7,6

Mål: Langsiktig og god forsking

Regjeringa vil styrkje grunnforskinga, betre kvali-teten i norsk forsking og auke rekrutteringa til norsk forsking.

Styrkt finansiering av grunnforsking

Grunnforskinga i Noreg blir først og fremst driven ved universitet og vitskaplege høgskolar. Direkte løyvingar til universitet og høgskolar og løyvingar gjennom Noregs forskingsråd er hovudkanalane for finansiering av grunnforsking. I begge kana-lane blir midkana-lane i ulik grad utsette for konkur-ranse som sørgjer for at dei gode forskarane og dei gode forskingsprosjekta får støtte. Det nye finan-sieringssystemet for universitet og høgskolar pre-mierer vitskapleg kvalitet. Finansiering gjennom Noregs forskingsråd er ei komplementær kjelde for offentleg finansiering av fri grunnforsking. For-skingsrådet er ein nasjonal konkurransearena som sikrar at nasjonale perspektiv og heilskapsvurde-ringar blir lagde til grunn. Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping er ei viktig kjelde til finansiering av langsiktig forsking og nye kvalitets-tiltak, sjå kap. 286. Regjeringa foreslår å auke kapi-talen i fondet med 39 mrd. kroner i 2006, slik at samla kapital blir 75 mrd. kroner. Avkastninga skal nyttast til å realisere dei overordna forskingspoli-tiske prioriteringane i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning, jf. kap. 6 Opptrappingsplanen for offentlege forskingsløyvingar 2006–10. Grunnfor-sking med vekt på kvalitet og realfag er ei av hovudprioriteringane i meldinga.

Regjeringa vil innføre ei ordning med offentleg gåveforsterking av private donasjonar til grunnfor-sking. Det er sett av 50 mill. kroner til dette i 2006, og ordninga vil bli utvida i 2007, sjå omtale under kap. 286 post 50.

Auka kvalitet i forskinga

Høg kvalitet i forsking er viktig for å få fram gode, relevante og tillitvekkjande resultat. Regjeringa har som mål å auke kvaliteten i norsk forsking.

Regjeringa vil både satse på tiltak som skal få nokre norske forskarar og forskingsmiljø opp i internasjonal toppklasse, og tiltak for auka kvalitet i breidda. Sjå også kap. 1 Hovudprioriteringar.

Forskarinitiert grunnforsking gjennom frie prosjekt er eit viktig verkemiddel for å sikre kvali-tet og fagleg fornying. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til frie prosjekt med 50 mill. kroner i 2006.

Vidare foreslår Regjeringa at Forskingsrådet frå hausten 2006 skal tildele 100 frie doktorgradssti-pend gjennom ei eiga ordning. Høg kvalitet og

ori-ginalitet skal vere einaste kriterium for tildeling.

For å stimulere institusjonane til å prioritere drifts-midlar til forsking vil Regjeringa opprette ei tidsav-grensa ordning for å dekkje mindre finansierings-behov knytt til drift av forskingsprosjekt. Målet er å betre forskingstilhøva ved institusjonane. Sjå meir omtale av satsingane under kap. 285 post 52.

Ordninga «Yngre framifrå forskarar» utviklar forskarar og forskingsleiarar i internasjonal topp-klasse gjennom å gi yngre, særskilt talentfulle for-skarar ekstra gode rammevilkår. Satsinga er aktu-ell for alle fagområde og utgjer eit viktig ledd i arbeidet for å rekruttere og halde på dei beste for-skingstalenta. Sidan 2003 har det vore løyvd 20 mill. kroner årleg til denne ordninga. Regje-ringa foreslår å auke løyvingane med 10 mill. kroner i 2006.

Forskingsrådet har gjennomført ei rekkje fage-valueringar, som gir eit godt bilete av kvaliteten på norsk grunnforsking. Evalueringane nyttar inter-nasjonal ekspertise og konkluderer med at kvalite-ten på norsk forsking er varierande. Nokre miljø held høgt internasjonalt nivå, men det er eit gene-relt behov for forskingsleiing, konsentrasjon, arbeidsdeling og fornying. Tilrådingane frå evalue-ringane dannar grunnlag for forskingspolitiske vurderingar og prioriteringar i departementet, i Forskingsrådet og hos dei involverte institusjo-nane. Fagevalueringane skal vidareførast, utviklast og styrkjast. Forskingsrådet skal syte for syste-matisk oppfølging av evalueringane og stimulere forskingsinstitusjonane til oppfølging. Dette gjeld også innanfor samfunnsfag og humaniora.

Ordninga «Senter for framifrå forsking» er eit viktig tiltak for å auke kvaliteten i norsk forsking.

Ordninga blir forvalta av Forskingsrådet og er finansiert med midlar frå avkastninga frå For-skingsfondet, jf. kap. 286 post 50. Dei 13 sentra som er etablerte skal evaluerast. Evalueringa vil starte i 2006. Frå 2007 skal ordninga utvidast. Gjen-nom å nytte delar av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, skal det etablerast ei ord-ning med «Senter for forskingsdriven innovasjon»

frå 2006, jf. omtale under kap. 286 post 50. Målet med ordninga er å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, sjå nærmare omtale av den nye ordninga i del III kap. 5.

Noreg har oppretta to internasjonale vitskap-lege prisar på nobelprisnivå, Abel-prisen i matema-tikk og Holberg-prisen i humaniora, samfunnsvit-skap, juss og teologi. Prisane er viktige tiltak for å synleggjere framifrå forsking og forskarar. Regje-ringa foreslår å auke løyvinga til Holberg-prisen med 3,3 mill. kroner, slik at løyvinga blir lik løy-vinga til Abel-prisen. For meir omtale av Abel- og

Holberg-prisane, sjå kap. 287. Gjennom ein samar-beidsavtale med The Kavli Foundation og Det Norske Videnskaps-Akademi skal Utdannings- og forskingsdepartementet medverke til utdeling av ytterlegare tre prisar for framifrå forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Kavli-prisane skal delast ut første gongen i 2008, og kvar av prisane vil vere på 1 mill. USD.

Tilgang til oppdatert vitskapleg utstyr er naud-synt for at forskarar ved norske universitet og høg-skolar skal kunne vere i den internasjonale for-skingsfronten. Trass i sterk satsing på dette i dei siste åra er det framleis udekte behov for slikt utstyr. Løyvingar til vitskapleg utstyr blir gitt både direkte over grunnløyvingane til institusjonane og gjennom Noregs forskingsråd, jf. kap. 285 post 52.

Denne arbeidsdelinga skal halde fram. Forskings-rådet har ansvar for større innkjøp som krev nasjo-nal samordning. Forskingsrådet skal kartleggje og vurdere nasjonale behov for slikt utstyr, og i samar-beid med institusjonane utvikle realistiske strate-giar for å prioritere mellom investeringane.

Auka rekruttering til forsking

Gjennomsnittsalderen blant forskarar ved institu-sjonane er høg, og på nokre fagområde er rekrutte-ringa sviktande. Samstundes er det ein aukande etterspurnad etter forskarkompetanse både i næringslivet og i offentleg sektor. Det er eit sen-tralt forskingspolitisk mål å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar på alle fagområde.

Målet om vekst i doktorgradsstillingar er sett til 200 i 2003 og 350 årleg for perioden 2004–07, jf St.meld. nr. 20 (2004–2005). Målet omfatter alle sti-pendiatene, uavhengig av finansieringskjelde og til-settingsstad. Regjeringa foreslår å opprette 350 nye øyremerkte doktorgradsstillingar frå hausten 2006.

250 av desse skal finansierast gjennom dei direkte løyvingane til universitet og høgskolar, jf.

kategori 07.60, og 100 er lagde til ei ordning med frie stipend gjennom Forskingsrådet, jf. kap. 285 post 52. Finansieringskanalane er komplemen-tære. Det er derfor formålstenleg å nytte ein kom-binasjon i arbeidet for auka rekruttering. For meir omtale av doktorgradsstillingar, sjå kategori 07.60.

Det er viktig å halde på gode forskarkandidatar og sikre rekruttering til faste stillingar. Gode ver-kemiddel for dette er postdoktorgradsstillingar som gir gode tilhøve for vidare kvalifisering etter avlagd doktorgrad og fleksible ordningar for til-setjing. Forskingsrådet skal halde fram med å finansiere postdoktorgradsstillingar.

Regjeringa vil etablere ei nasjonal ordning med forskarskolar og har bede Forskingsrådet

utar-beide eit forslag til ei slik ordning i samarbeid med Universitets- og høgskolerådet.

Det er eit stort fleirtal av menn i faste vitskap-lege stillingar i universitets- og høgskolesektoren.

Talet på kvinner i slike stillingar har auka i dei siste åra, men i høgre faglege stillingar er talet framleis lågt. Det er eit viktig mål å auke talet på kvinner, både blant rekruttar og i det faste forskarpersona-let. Utfordringa er størst innanfor realfaga, jf. kate-gori 07.60. Sentrale aktørar i arbeidet for auka kvin-nedeltaking i norsk forsking er Komiteen for inte-grering av likestilling i forsking, som vart oppnemnd i januar 2004, og Forskingsrådet. Arbei-det for å auke delen av kvinner på fagområde med få kvinner, og for å kvalifisere kvinner til faste aka-demiske stillingar, særleg toppstillingar, skal førast vidare. Forskingsrådet skal halde fram med gjel-dande praksis med moderat kjønnskvotering og arbeide aktivt for å få fleire kvinner med i interna-sjonalt forskingssamarbeid.

Mål: Eit velfungerande forskingssystem

Det er eit mål at institusjonane i forskingssystemet blir innretta slik at dei fremmer kvalitet, synergi og effektivitet, og at overordna forskingspolitiske pri-oriteringar blir gjennomførde. Noregs forskings-råd er det overordna utøvande forskingsstrate-giske organet i Noreg og har derfor ei sentral rolle i det norske forskingssystemet. Rådet er organi-sert etter funksjon i tre divisjonar: vitskap, store satsingar og innovasjon. I St.meld. nr. 20 (2004–

2005) Vilje til forsking er det gjort nærmare greie for korleis evalueringa av Noregs forskingsråd er følgt opp av Regjeringa og av rådet sjølv. Det er også gjort greie for kva slags forventningar Regje-ringa har til Noregs forskingsråd.

Riksrevisjonen har gjennomført ei undersøking av handlingsretta program i Forskingsrådet.

Undersøkinga syner at administrasjonen av desse programma kan bli betre på nokre områder, mel-lom anna på målformulering, rapportering og bru-karorientert formidling. Riksrevisjonen var òg kri-tisk til at forskingsresultat i for liten grad er gjort tilgjengelege på nettsidene til Forskingsrådet. Då saka vart handsama i Stortinget, vart det lagt til grunn at Forskingsrådet må utvikle og bruke ein overordna strategi for bruksretta formidling.

Denne saka blir følgt opp gjennom eit eige prosjekt i Forskingsrådet.

Forskingsrådet har eit særskilt strategisk ansvar for instituttsektoren. I St.meld. nr. 20 (2004–2005) har Regjeringa sagt at det strategiske ansvaret til Noregs forskingsråd skal tydeleggje-rast og styrkjast. Det bør vere samsvar mellom det formelle ansvaret som Forskingsrådet er pålagt

gjennom vedtektene, og dei verkemidla som rådet har til å ta hand om dette ansvaret. Som hovudprin-sipp bør alle basisløyvingar, bortsett frå løyvingar til forskingsinstitutt som hovudsakleg utfører for-valtningsforsking, kanaliserast gjennom Forskingsrådet. Med verknad frå budsjettåret 2006 vil derfor basisløyvingane til Norsk institutt for for-sking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) bli kanali-serte gjennom Noregs forskingsråd, jf. kap. 287.

Utdannings- og forskingsdepartementet har bedt Forskingsrådet om å utarbeide forslag til nytt finansieringssystem for forskingsinstitutta og for-slag til nye retningslinjer for statleg finansiering av institutta. Tildeling av grunnløyving bør vere resul-tatbasert, og dei nye retningslinjene bør bli ster-kare knytte til korleis Forskingsrådet skal ta hand om det strategiske ansvaret sitt. Under kategori 07.60 er det gjort nærmare greie for nytt finansie-ringssystem for universitets- og høgskolesektoren.

Ved utarbeiding av dette systemet er det teke omsyn til samarbeidet mellom instituttsektoren og universitets- og høgskolesektoren.

Forskingsrådet blir også bedt om å gjennomgå dei institutta som arbeider innanfor det arbeids- og sosialpolitiske området og området for utanriks- og tryggleikspolitikk.

Mål: Auka internasjonalisering i forskinga

Auka internasjonalisering av norsk forsking er vik-tig for kvaliteten i forskinga og for å styrkje innova-sjon i norsk næringsliv og offentleg sektor. Norsk forsking utgjer om lag fire promille av den totale forskinga i OECD-området. Vi må derfor arbeide aktivt for å halde på og tiltrekkje oss framifrå for-skarar og kunnskapsbasert næringsliv. Regjeringa har som mål å auke internasjonaliseringa av norsk forsking. Dette er ei gjennomgåande prioritering i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning.

Departementet vil arbeide for at langt fleire utanlandske forskarar tek arbeid ved norske for-skingsinstitusjonar og verksemder, at den utan-landske finansieringa av norsk forsking aukar, og at samarbeidet mellom norske nar og leiande internasjonale forskingsinstitusjo-nar kjem opp på eit høgare nivå enn i dag.

Internasjonalt forskingssamarbeid skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom forskarar og forskarmiljø. I tillegg kjem eit aukande formalisert samarbeid gjennom interna-sjonale organisasjonar, større internainterna-sjonale felles-satsingar og program, og gjennom bilaterale avta-lar på statleg nivå. Noreg tek del i fleire internasjo-nale fellessatsingar, m.a. EUs rammeprogram for

forsking og fleire internasjonale grunnforskingsor-ganisasjonar, jf. kap. 288 postane 72 og 73.

EUs rammeprogram for forsking

Deltakinga i EUs rammeprogram for forsking er det mest omfattande internasjonale samarbeidet norske forskarar, forskingsmiljø og næringsliv del-tek i. Rammeprogrammet skal styrkje den euro-peiske konkurranseevna i industrien og medverke til auka livskvalitet i befolkninga. Rammeprogram-met skal medverke til etableringa av det euro-peiske forskingsområdet European Research Area (ERA), som er eit vidare samarbeid med vekt på m.a. betre samspel mellom nasjonale forskingspro-gram og utvikling av nettverk for framifrå forsking.

Rammeprogrammet utgjer om lag fem pst. av dei totale offentlege midlane til forsking i EU, medan visjonen bak ERA er å stimulere til samarbeid som òg gjeld dei resterande 95 pst. EU har vedteke å auke FoU-investeringane til tre pst. av BNP innan 2010. To tredelar av investeringane skal komme frå næringslivet. Noreg har slutta seg til dette målet.

Rammeprogrammet har som ei viktig oppgåve å realisere desse ambisjonane.

EUs sjette rammeprogram (2002–06) starta opp i 2003. Noreg deltek som medlem med fulle rettar. EU har starta førebuingane til eit sjuande rammeprogram for forsking (2007–13). Noreg har delteke med fleire innspel til prosessen med utfor-minga av det nye programmet. For å styrkje det nasjonale arbeidet som er knytt til forskingssamar-beidet med EU, vil det bli sett i verk ein brei strate-gisk prosess som involverer departementa, Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og andre sentrale aktørar. Sjå omtale i St.meld. nr. 20 (2004–

2005) Vilje til forskning. Spørsmålet om norsk del-taking i EUs sjuande rammeprogram for forsking vil bli lagt fram for Stortinget i 2006. For nærmare omtale av rammeprogramma, sjå kap. 288 post 73.

For å sikre godt samarbeid og nær dialog med rele-vante aktørar er det etablert eit norsk EU-kontor for forsking i Brussel. Forskingsrådet har det administrative ansvaret for kontoret. Kontoret skal assistere forskarar og andre aktørar og medverke til å styrkje den norske deltakinga i rammepro-grammet.

Nordisk forskingssamarbeid

Forsking er òg ein integrert del av det organiserte nordiske samarbeidet. For å stimulere det nor-diske forskingssamarbeidet ytterlegare har Nor-disk Ministerråd gått inn for å utvikle Norden til ein leiande region for forsking og innovasjon (NORIA) innan 2010. Eit nytt organ, NordForsk,

har fått ansvar for å styrkje forskingssamarbeidet mellom dei nordiske landa. NordForsk skal gi fel-les nordisk økonomisk støtte til forsking, som saman med nasjonale midlar kan gi stor effekt på prioriterte område.

Bilateralt forskingssamarbeid

Noreg er part i ei rekkje bilaterale avtalar knytte til forsking. Det er eit mål å utnytte slike avtalar betre. Til dømes vart ein bilateral forskings- og tek-nologiavtale med Japan inngått i 2003. Avtalen blir aktivt følgt opp mellom anna gjennom forskingsse-minar som gir grunnlag for konkret forskingssam-arbeid. Tre tematiske område er identifiserte som særleg interessante for samarbeid mellom norske og japanske forskarar: nanoteknologi og nye mate-rial, energi og matvaretryggleik. USA og Canada har nokre av dei fremste forskingsmiljøa i verda.

Samarbeid med forskingsmiljø i desse områda er såleis med på å auke kvaliteten i norsk forsking.

Strategien for forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika skal medverke til ei langsiktig og forsterka opptrapping av forskingssamarbeidet med USA og Canada. Departementet foreslår å auke løyvinga til bilateralt forskingssamarbeid med 6 mill. kroner.

Andre satsingar

I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning og i St.meld. nr. 30 (2004–2005) Muligheter og utfor-dringer i nord er det slått fast at samarbeidet mel-lom Noreg og Russland om polarforsking på Sval-bard og i nordområda skal styrkjast.

Departemen-tet foreslår å styrkje løyvinga til dette, jf. omtale under kap. 285 post 82.

Det internasjonale polaråret (IPY) 2007–08 er ei stor internasjonal satsing innanfor polarforsking der mange nasjonar har gjort kjent at dei vil delta, og der store ressursar blir sette inn. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samar-beidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle.

Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner til For-skingsrådet til arbeidet med IPY. Løyvinga skal dekkje eit norsk sekretariat og investeringar som må vere på plass før sjølve forskinga startar opp.

Løyvinga er fordelt mellom budsjetta til Utdan-nings- og forskingsdepartementet, Miljøvernde-partementet og JustisdeMiljøvernde-partementet.

Forskarmobilitet er ei viktig drivkraft for å internasjonalisere norsk forsking. Auka forskar-mobilitet krev at norske miljø opnar seg meir mot omverda. Forskingsrådet har eit nasjonalt ansvar for disiplinutvikling og mobilitet i forskinga. For-skingsrådet skal styrkje arbeidet med å etablere eit ressurssenter for forskarmobilitet, som ein del av European Network of Mobility Centres. Senteret skal bli tilpassa behova til forskarar både i og utan-for Europa. Samstundes oppmodar departementet universitet, høgskolar og andre institusjonar til å utlyse forskarstillingar internasjonalt.

Regjeringa har som mål at doktorgradsstipen-diatar har minst eitt lengre opphald i utlandet i løpet av stipendiatperioden. For å styrkje det indi-vidbaserte samarbeidet er det viktig å etablere gode internasjonale nettverk tidleg i karrieren.

Forskingsrådet skal i samarbeid med institusjo-nane, sjå nærmare på korleis dette kan gjerast.

Kap. 283 Meteorologiformål

Kapitlet omfattar tilskott til drift av Meteorolo-gisk institutt og tilskott til internasjonalt meteoro-logisk samarbeid.

Meteorologisk institutt har som formål å

arbeide for at styremakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg kan ivareta sine interes-ser for sikring av liv og verdiar, for planlegging og for vern av miljøet.

(i 1 000 kr)

Post Nemning Rekneskap

2004 Saldert

budsjett 2005 Forslag 2006

01 Driftsutgifter 246 374

21 Særskilde driftsutgifter 59 162

45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast 9 946

50 Meteorologisk institutt 198 049 203 826

72 Internasjonale samarbeidsprosjekt 42 352 46 609 48 141

Sum kap. 283 357 834 244 658 251 967

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større

utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, samt post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt har viktige oppgåver i sam-band med meteorologifagleg forsking og utvikling, klimastudiar og beredskap. Beredskapstenestene omfattar m.a. varsling ved atomulykker og ved utslepp til luft eller hav. Instituttet har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Bergen og Tromsø. I til-legg er observasjonsstasjonar spreidde over heile fastlandet og i Arktis.

Meteorologisk institutt driv tre vêrstasjonar i Arktis: på Jan Mayen, Bjørnøya og Hopen. Desse stasjonane har viktige funksjonar utover dei reint meteorologiske. På Bjørnøya og Hopen er institut-tet aleine om å ha fast personell, og sikrar i så måte norsk nærvær. I tillegg sikrar stasjonane vernebu-ing for den norske fiskerisona, samt for eksiste-rande og framtidige olje- og gassaktivitetar inn mot Barentshavet.

Meteorologisk institutt er frå 1. januar 2005 organisert som eit forvaltningsorgan med særs-kilde fullmakter. I samband med overgang til netto-budsjettering av Meteorologisk institutt er utgifts-løyvingane samla på post 50.

Utdannings- og forskingsdepartementet har sett i gang ei utgreiing med sikte på å kartleggje dei administrative og økonomiske føresetnadene for ei eventuell utskilling av den kommersielle verksemda ved Meteorologisk institutt. Departe-mentet tek sikte på å komme tilbake til saka i sam-band med revidert nasjonalbudsjett for 2006.

Resultatrapport for 2004–05

Resultatmåla for 2004 er i hovudsak nådde. Kvalite-ten på varslinga er auka ved betre tilgang på radardata, vidareutvikling av modellar og nye tek-niske hjelpemiddel i varslinga. Auka tilgang på tun-grekning gjer det mogleg å bruke meir detaljerte modellar for atmosfære og hav, og observasjonar frå satellitt, radar og fly kan nyttiggjerast betre.

Forskinga ved instituttet er i all hovudsak knytt til varsling og klima. Stadig fleire prosjekt blir finansierte gjennom EU og Noregs forskingsråd, og instituttet deltek i eit utstrakt internasjonalt samarbeid, både innanfor vêrvarsling og forsking.

Instituttet er m.a. med på studiar av naturlege klimavariasjonar i dei siste tusen åra. Instituttet har òg bygd opp eit nasjonalt senter for klimamodelle-ring. Klimadatabasen ved instituttet blir oppdatert kontinuerleg, og tilgangen på klimadata er forbetra

ved etablering av vevtenesta eKlima sommaren 2004.

Den 1. januar 2004 vart flyvêrtenesta endra.

Avinor AS overtok observasjonsoppgåvene ved seks flyplassar, medan brifing- og varslingsoppgå-vene vart flytta frå flyplassane til dei regionale vêr-varslingssentralane. Moderniseringa av observa-sjonsstasjonane og utbygginga av vêrradarnettet vart førte vidare. I 2004 vart det dessutan etablert 12 automatiske vêrstasjonar. Vidare har arbeidet med å leggje om til Global Positioning System (GPS) på radiosondestasjonane starta.

Meteorologisk institutt arbeider for å auke delen kvinner ved instituttet generelt og i leiarstil-lingar spesielt. Låg utskifting av tilsette gjer dette vanskeleg på kort sikt. Frå 2003 til 2004 har delen kvinner ved instituttet auka frå 36 pst. til 37,5 pst.

Av leiarane ved instituttet er 25 pst. kvinner. Dette er uendra frå 2003.

Resultatmål for 2006

I 2006 skal instituttet særleg arbeide med desse sakene:

– å auke kvaliteten på regionale og lokale varsel og medverke til å betre kunnskapen om klimaet – å vere påliteleg, relevant og tilgjengeleg i all

kommunikasjon

– å modernisere det nasjonale observasjonssyste-met, samt å føre vidare utbygginga av vêrradar-nettet i Noreg

– å utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta

– å utnytte internasjonale data og ressursar slik at det fører til betre og meir kostnadseffektive meteorologiske tenester

Budsjettforslag for 2006

Løyvinga på post 50 skal mellom anna dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, medrekna utbygging av vêrradarnettet. Løyvinga må ikkje nyttast til subsidiering av den kommersi-elle verksemda ved instituttet. Av løyvinga på pos-ten er om lag 4,4 mill. kroner øyremerkte vente-lønn og omstillingstiltak i samband med omleg-ginga av flyvêrtenesta. Inntil 16,5 mill. kroner kan nyttast til drift av vêrstasjonar i Arktis. Frå og med 2005 skal Meteorologisk institutt dessutan betale premie til gruppelivsforsikring i Statens Pensjons-kasse. For 2006 er løyvinga auka med kr 211 000 til dette formålet, mot ein parallell oppjustering av kap. 4547 post 01 på budsjettet til Moderniserings-departementet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Meteorologisk institutt med 2 mill. kroner for å

In document (2005–2006) (sider 174-200)