• No results found

Bil, identitet og integritet

In document Kva er ting for menneska? (sider 91-94)

4.3 Maskulinitet og humor

4.3.1 Bil, identitet og integritet

For Jon er bil hobby og livsstil og det pregar interiøret. Eg tenker bilen er som ein ekstra frakk for Jon, ein frakk han har utanpå amerikanske t-skjorter og oppbretta Lee-bukser med kjetting frå lommeboka i baklomma. Han har

brylkrem i håret, Elvis-sveis, og kotelettar på kinna. Jon står fram som estetisk bevisst og forma.

Bil er hovudinteressa hans. Den eine bilen er ein amerikanar som er under oppussing. Han seier at han får eit personleg forhold til dei bilane han har brukt tid på å pusse opp. Han fortel at den bilen som stend utanfor er av same type som den fyrste bilen han kjøpte seg.

”Kva betyr den bilen for deg då?” spør eg.

91

”Det er artig – ja, den er ikkje så gammal, den er ein 67-modell, men det er den eldste bilen eg har, men… Nei, eg likar dei, liksom den typa Record som det der er har eg jau lika i – sidan eg var ein guttunge.” seier han smilande.

”Så det høyrer til gutedraumen? Å ha ein slik bil?” spør eg usikker.

”Ja, fyrste bilen min var ein kupè av same typen! Den kjøpte eg når eg var seksten, og då hadde eg lika det ei beite, så… Så den har eg fått tak i meg igjen…” fortel han

”Den sama bilen som du hadde då du var seksten har du kjøpt tilbake?” spør eg forbausa.

”Ja! Så den au stend på låven heime hjå mamma.” bekreftar Jon.

”Åja?” undrar eg.

”Eg samlar på bilar der.” seier han.

”Samlar du på bilar?” eg vert forbausa igjen.

”Ja, nei – eg har fem. To av dei er registrerte.” fortel han.

Jon har eit personleg forhold til bilane. Han brukar tid på å pusse dei opp og å halde dei i orden. Når eg spør kva det er med bilane han likar så svarar han

”Lyden, stilen!”.

Han seier at det ikkje er for å bli sett sjølv at han har dei. Men det er for å ha meir moro i livet. Og det same seier han om interiøret sitt. Det slår meg at alt han har står i stil til den eldste bilen – interiøret, kleda og musikken. Det er som om bilen er med overalt, og at Jon er samstemt med tinga. Han tar plass med dei same stilelementa kring seg overalt han er. Desse stilelementa er kopla til

bilinteressa. Bilen er ein entitet, og han kan ta den med seg. Når han set den frå

92

seg utanfor huset møter han den i miniatyr inne i huset. Det skapar samband mellom det som er ute og det som er heime. Medan ein kan tenke seg at bilen vert ei forlenging av heimen for nokre, som ein representasjon av heimen, kan det også tenkast at heimen kan bli ein representasjon av bilen; Dersom det er slik at det er bilen som er viktig for identiteten og integriteten.

”The car achieves an extraordinary compromise, for it makes it possible to be simultaneously at home and further and further away from home. It is thus the centre of a new kind of subjectivity of the domestic world is strictly

circumscribed (Baudrillard 1996: 67).”

Eg tek til å tenke på bilen som ein transportabel stad. Om ein ser det slik kan det hende at det ikkje er berre ein transportabel stad, men sjølve staden; Den staden som opplevast som den viktigaste for kreasjonen av sjølvet. Ei estetisk

framtoning kan knytast til skaping, til kreasjon. Ei kraft frå innsida får eit uttrykk på utsida. Som Birkeland seier så eksisterer både sjølvet og staden, og desse kan sjåast saman. Gjennom å sjå på korleis staden og sjølvet kan fortolkast og kontekstualiserast i høve til einannan kjem kreasjonen, medskapinga, til syne.

Gjennom denne krafta opphøyrer skiljet mellom subjekt og objekt13 (Birkeland 2005:148).

Eg spør Jon om han brukar å dra på veteranbiltreff, og det gjer han. Han fortel at det er kult å koma med sin eigen veteranbil.

”Ja, det blir jau litt bilprat, da. Det er jo med. Ein del av oss brødrene har fått høyre at med pratar for mykje bil, men det… Det er ikkje så mykje. Ja, noko er jo kva du har gjort med den…au, då…” han dreg på det. Så seier han;

13 Eg kjem tilbake til dette i drøftinga.

93

”det er for lite jenter som er interessert i det! Det verkar ikkje som dei ser det på same måten! For eksempel dottera mi – hvis ho ser ein tøff bil så syns ho den er tøff liksom, men ikkje heilt på samma måten som guttane! Det er kanskje litt meir gutteting, eg veit ikkje, heldigvis så er det nokre jenter som likar det au!”

”Ja, kvifor er det bra då?” spør eg.

”Det er bra for miljøet!” svarar han.

”Fordi at då…” seier eg oppfordrande.

”Hvis det er bare guttar så blir det litt for maskulint på ein måte, eller det livar litt opp med begge kjønn heldt eg på å seie, ja, det bringer med seg noko inn som er bra – at det er – at det blir betre miljø! Men det er… bilinteressa er jo veldig mannsdominert, den er det! Men heldigvis er det nokon jenter au som har interesse!” seier Jon.

Bilinteressa til Jon gjeng som ein raud tråd i intervjuet, og det gjer at eg vert svært merksam på at eg er av eit anna kjønn. Fordi det som opptek Jon ikkje er lett for meg å forstå. Det høyrer til ein del av verda som eg ikkje har tilgang på om eg ikkje oppsøker det spesielt, og det har eg aldri gjort. Jon peikar sjølv på kor få jenter det er i bilmiljøet og at det er eit maskulint miljø. Om ein knyt bilen til interiøret heime hjå Jon, gjev det seg sjølv at dette har eit maskulint preg.

In document Kva er ting for menneska? (sider 91-94)