• No results found

Dei 4 alternative anleggja vil i ulik grad få konsekvensar for Statens vegvesen sitt ansvarsområde

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Dei 4 alternative anleggja vil i ulik grad få konsekvensar for Statens vegvesen sitt ansvarsområde"

Copied!
5
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Statens vegvesen

Kv/KAST-

02C08 0.2132- 5-1

Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091 Majorstuen

0301 OSLO

Behandlande eining: Sakshandsamar/innvalsnr: Vår referanse: Dykkar referanse: Vår dato:

Region vest Oddrun Lund - 51911712 2010/003981-004 NVE 200802132-31 30.12.2011

Vegavdeling Hordaland

Høyring av søknad med konsekvensutgreiing om vasskraftutbygging i Rullestad og Skromme - Etne kommune

Viser til høyringsbrev med konsekvensutgreiing datert 21.09.11.

Ein viser og til uttale frå Statens vegvesen til Melding om saka datert 18.10.08. I uttalen ba Statens vegvesen om at konsekvensutgreiinga omtala korleis tiltaka kan ha noko å seie for ny og gamal E134, når det gjeld eksisterande vegtunnel, røyrgatekryssing av vegtrase, nye avkjørslar, tiltak innanfor byggegrense langs vegen og anna.

Vasskraftanlegget på Rullestad er eit omfattande tiltak. Dei 4 alternative anleggja vil i ulik grad få konsekvensar for Statens vegvesen sitt ansvarsområde. Tilhøva til E134 og gammal E134 er kort omtala i konsesjonssøknaden. Det er ein mangel ved konsekvensutgreiinga at infrastruktur ikkje er tema.

Gamlevegen om Rullestadjuvet har fortsatt riksvegstatus. Gamlevegen er sykkeltrase, og er omkjøringsveg ved vedlikehaldsarbeid og i krisesituasjonar i vegtunnelen. Dette må det takast omsyn til. Gamlevegen har og kvalitetar som turistveg. Det må difor takast estetiske omsyn til anlegg langs vegen.

Ingen av kraftverka kjem i direkte konflikt med E134, men 2 alternativ krysser veg og eit er tenkt lagt i sjølve vegtraseen på gamle E134. Alle alternativa vil få atkomst via gammal E134.

Krysset mellom gamal og ny riksvegtrase på Rullestad har ikkje tilfredsstillande

stigningsforhold. Dette er påpeika av grunneigarar, og skuldast mest sannsynleg endringar i høve til lokalt veganlegg i anleggsperioden. Ein har så langt ikkje funne midlar til å utbetre dette. Det er ein forutsetnad at stigningsforholdet vert utbetra før anleggsarbeid startar.

Generelt gjer Statens vegvesen merksam på at alle tiltak som berører ny og gamal E134 må handsamast i høve til Veglova og evt. Plan- og Bygningslova på vanleg måte. Sikt og stigningstilhøve i kryss og avkjørsler med gamlevegen må vere i tråd med krava i handbok 017. Eksisterande avkjørslar bør primært nyttast for kraftanlegget. Statens vegvesen minner

Postadresse Telefon:815 44 010 Kontoradresse Fakturaadresse

Statens vegvesen Telefaks: 57 65 59 86 Kvaløygata 1 Statens vegvesen

Region vest firmapost-vest@vegvesen.no 5537 HAUGESUND Regnskap

Askedalen 4 Båtsfjordveien 18

6863 Leikanger Org.nr: 971032081 9815 VADSØ

Telefon: 78 94 15 50 Telefaks: 78 95 33 52

(2)

2 om at dersom eksisterande avkjørsler skal nyttast til frakt av anleggsmaskiner og materiell i anleggsperioden, må avkjørsla være dimensjonert for dette. Det må søkjast Statens vegvesen om utvida avkjøringsløyve frå eksisterande avkjøringar. Gravearbeid i vegen skal godkjennast av Statens vegvesen. Tiltak innanfor byggegrense langs veg krev dispensasjon. Statens vegvesen forutset at vegen vert sett i stand etter anleggsperioden.

Kvernhuselva kraftverk:

Statens vegvesen ser av søknaden at røyrgata skal krysse E134 under brua. Statens vegvesen forutset at tiltaket ikkje medfører konsekvensar for riksveganlegget, eller restriksjonar på drift og vedlikehald av veganlegget. Røyrgata er tenkt plassert under brua mot austre landkar.

Dette landkaret er fundamentert på fjell. Vi legg ved teikninger som viser brua i høve til elveløpet.

Detaljplan med ROS- analyse for røyrgate under brua må godkjennast av Statens vegvesen.

Statens vegvesen ber om at det må leggjast fram detaljerte planer om kvar og korleis røyrgata vert plassert oppstrøms, under og nedstrøms brua. Det må takast spesielt omsyn til

erosjonsfåren ved inngrepet, spesielt med tanke på at begge søyler er plassert på lausmassar.

Statens vegvesen ber om at eksisterande gardsveg frå gamlevegen via kjørbar undergang Kleivane ca 400 m aust for brua, vert nytta til anleggsveg. Dette er ein køyrbar prefabrikert undergang med BxH=4x4m innvendig.

Det må søkjast om utvida avkjørselsløyve til gammal E134. Anleggsarbeidet må skje i tett samarbeid med Veg- seksjonen i Statens vegvesen.

Skromme Kraft verk:

Inntak i Dalselva og kraftstasjon m/ adkomst og parkering vil liggje nær gamlevegen. Det er behov for utbetring av avkjørsel og bru. Rørgata er tenkt lagt i sjølve vegtraseen. Dette medfører ifølge søknaden, at det ikkje vert mogleg med gjennomgangstrafikk på gamlevegen i anleggsperioden.

Gamlevegen må haldast open for sykkeltrafikk i sommarhalvåret, og må kunne opnast på kort varsel i høve til krisesituasjonar.

Det må frå utbyggars side gjerast greie for kor lang anleggsperiode det er nødvendig å stengje for gjennomkjøring. Detaljplan for tiltaket, med ROS- analyse og faseplan, må godkjennast av Statens vegvesen. Anleggsarbeidet må skje i tett samarbeid med Veg- seksjonen i Statens vegvesen i høve til vedlikehald av vegtunnelen og anna.

Rullestad 2:

Anlegget krev utvida bruk av eksisterande avkjørsle til gamlevegen. Inntaksdam og

kraftstasjon ligg nær vegen, og røyrgate vil gå under veg. Elles er det vist riggområde langs Dalselva sør for Skromme

Detaljplan med ROS- analyse for røyrgate under vegen må godkjennast av Statens vegvesen.

Det må søkjast om utvida avkjørselsløyve til gammal E134. Anleggsarbeidet må skje i tett samarbeid med Veg- seksjonen i Statens vegvesen.

(3)

3

Bordalen

kraftverk:

Anlegget krev utvida bruk av eksisterande avkjørsle til gamlevegen. Det må søkjast Statens vegvesen om utvida avkjøringsløyve frå eksisterande avkjøringar.

Hovedrigg:

Hovedrigg er vist på nordsida av E134, like ved krysset med gamlevegen på Rullestad. Det finst ein kjørbar undergang i området, men Statens vegvesen oppmodar utbyggjar om å finne ein meir eigna plassering lengre unna E134. Område Saga, aust for Rullestad kan til dømes vurderast.

Plan og forvaltningsseksjonen Med helsing

/

'

Ivar Thorkildsen Seksjonsleder

Oddrun Lund

(4)
(5)

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Det manglar 800 meter på at del er samanhengande gang- og sykkelveg på den ca 3 km lange strekninga frå Mæland til skuten på Vigrestad. Det er den dårlegaste og

Frå febmar til desember 1930 blei den 64 meter lange tunnelen som ligg øverst ved Austrumdalsvatnet bygt. Denne blir nå erstatta av Stolpen tunnel. Trygve Mork, Gunnar

Det er tydeleg vanskeleg for Samferdselsdepartementet å fastsetja kven som skal overta stolen etter (hester Danielsen som leiar av Statens vegvesen Rogaland. Kvifor er det

Det var formann i Statens vegvesen Rogaland, Lars Sigmund Simonsen, som handterte kniven, og dermed kunne erklære toplankrysset for opna. Godt assistert av ordføraren i

- Vi ønsker å bli tatt med på råd når elet er ak- tu elt med innkjøp av ko ntorutstyr m.m ., sier Åsen, og viser til at vegvesenet kunne unngått noen pro- blemer om dette

Høringen gjelder forslag om tre marine verneområder i Troms, de tre områdene er: ytre Karlsøy i Karlsøy kommune, Rystraumen i Tromsø kommune og Rossfjordstraumen i Lenvik

 Byggegrenser langs riks- eller fylkesvegnettet må avklares i reguleringsplan eller det må søkes om dispensasjon fra veglovens byggegrense langs offentlig veg i egen søknad

Vi har også ansvar for å sørge for at føringer i Nasjonal transportplan (NTP), Rikspolitiske retningslinjer for samordnet areal- og transportplanleggingen, vegnormalene og