• No results found

Tore Syvert Haga

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Tore Syvert Haga"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Presentasjon av kandidat til vervet som velferdsansvarleg: Tore Syvert Haga

Kvifor stiller eg til val? Eg stiller til val fordi eg ynskjer å gjera ein innsats for å betra studentvelferda ved UMB. Serleg er eg opptekne av å jobba for fleire bustadar for studentane, sånn at fleire kan bu på Ås, og me unngår at prisane blir for høge. Eg meiner at eg har mykje relevant erfaring som vil gjera meg i stand til å gjera ein god jobb.

Mine fremste mål som velferdsansvarleg:

 Jobba for fleire studentbustadar på to måtar: Både SIÅS-bustadar og gjennom å påverka Ås kommune til å føra ein politikk som gir fleire private utleigebustadar.

 Vera open og synleg sånn at studentane veit kven dei skal ta opp spørsmål om studentvelferd med.

 Bidra aktivt til Studentstyret sitt generelle arbeid, og få dei andre styremedlemmane med i velferdsarbeidet.

Konkrete løfte:

 Studenttinget og/eller Allmøtet skal involverast i dei viktigaste vegvala i arbeidet med velferda. Studentstyret har ikkje monopol på sunt bondevett.

 Laga ein god oversikt over andre stadar enn velferdsmidla kor

studentforeiningar kan søka støtte. Det kan gjera at fleire får meir pengar, og gje eit endå betre studentmiljø.

Mi tid på Ås: Har gått på Ås sidan hausten 2009. Går no tredje klasse By- og Regionalplanlegging på Institutt for Landskapsplanlegging. Det fyrste året eg gjekk her var eg òg aktiv i redaksjonen til Tuntreet. Har vore aktiv i Ås Studentar mot EU. Har dessutan heile tida vore klassetillitsvald og medlem i fagutvalet, det siste året dessutan medlem av Programrådet for By-Reg.

Relevant erfaring med organisasjonarbeid: I 2007 og 2008 jobba eg fulltid som leiar av Ungdom mot EU. Desse åra brukte eg på å driva organisasjonsarbeid, skriva avisinnlegg, delta i debattar og utvikla samarbeid med andre organisasjonar. Mykje av det er lærte her vil komma godt med i eit verv som velferdsansvarleg.

Mykje kunnskap om bustadpolitikk: Etter at eg byrja å studera By- og regionalplanlegging har eg lært mykje om kva som kan gjerast for å få fleire bustadar for studentane på Ås. Eg er dessutan medlem av representantskapen i OBOS, ein av Noregs største bustadprodusentar. Det gjev eit overordna innsyn i drifta av organisasjonen, noko som kan vera nyttig sidan det å fylja SIÅS er viktig i vervet som velferdsansvarleg. I tillegg jobbar med bustadpolitikk for organisasjonen Unge funksjonshemmede. (Denne jobben må eg av tidsomsyn sei opp om eg blir vald til velferdspolitisk ansvarleg). Eg skriv mellom anna høyringssvar og jobbar opp mot departement og Stortinget for å påverka bustadpolitikken.

Lurer du på noko, eller har tips om sakar eg bør ta opp, send meg ein epost på [email protected]

Eg er veldig glad i Universitetet for Miljø- og Biovitskap, og håpar som

velferdsansvarleg å få vera med på å gjera studentlivet her endå betre.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER