• No results found

AVTALE OM FINANSIERING OG BYGGING AV KYRKJE PÅ FREKHAUG

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "AVTALE OM FINANSIERING OG BYGGING AV KYRKJE PÅ FREKHAUG"

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

1 AVTALE OM FINANSIERING OG BYGGING AV KYRKJE PÅ FREKHAUG

Mellom Meland kommune

Org.nr:

Og Meland sokn

Org.nr.:

1. Formål med avtalen:

Denne avtalen gjeld finansiering av ny kyrkje, samt ansvarsforhold for tomt, oppføring og bygging.

Avtalepartar er Meland kommune (heretter kalla MK) og Meland sokn (heretter kalla MS).

Med denne avtalen er MS og MK blitt einige om kva for økonomiske budsjettrammer som skal gjelda for Meland kommune sitt bidrag til finansiering av nytt kyrkjebygg. MS må sørgje for at det blir bygd ei ferdig/komplett kyrkje innafor desse rammene og sjølv ta ansvar for eventuelle overskridingar.

2. Ansvarstilhøve mellom partane

MS skal ha det heile og fulle byggherreansvar for prosjektet og er ansvarleg for at prosjektet blir planlagt, prosjektert og bygd ut frå den gjeldande avtalen.

MK skal bidra med finansiering innanfor dei rammene denne avtalen fastset.

MS må sørgje for at kyrkja blir utforma på ein måte som sikrar god og effektiv drift med låge driftskostnader. Dette må utgreiast og estimerast i samband med prosjektering av bygget.

MS vert ansvarleg for å opparbeide og finansiere all infrastruktur og tilhøyrande utomhusareal som er nødvendig for å få eit fullverdig bygg. Dette inkluderer mellom anna vegtilkomst, parkering, parkanlegg, straumforsyning/anna kabling, vatn og avlaup, og eventuelle andre krav som blir fastsett i reguleringsplanen, samt utføre og ta kostnadene med eventuelle geotekniske tiltak. MS er i

utgangspunktet ansvarleg for å oppfylle eventuelle rekkefølgjekrav i reguleringsplan.

MS skal føre rekneskap for prosjektet i heile avtaleperioden.

MS skal i byggeperioden halde kyrkjebygget fullverdiforsikra.

3. Framdrift

Kyrkja skal stå ferdig tre år etter at tomt er stilt til rådvelde.

(2)

2 4. Finansiering

4.1 Prosjekterings- og byggekostnader

Partane er einige om at kostnadsramma for heile byggeprosjektet er 86 millionar kroner inkludert byggelånsrenter, men eks mva. MK sin del av finansiering av nytt kyrkjebygg er såleis avgrensa til maksimalt 70 mill kr eks mva. Tomtekostnad er ikkje inkludert i denne ramma. Dersom

prosjektkostnaden vert lågare enn 86 millionar, skal MK og MS sin del regulerast som følgjer: MK skal bidra med 81,4 % av endeleg prosjektkostnad og MS skal bidra med 18,6 % av endeleg

prosjektkostnad.

MS sin del av endeleg prosjektkostnad skal vere dokumentert innan 9 månader etter at kyrkja er vigsla. Dersom MS sin del viser seg å vere mindre enn 18,6 %, må MS straks betale tilbake eit beløp til MK slik at prosjektkostnaden blir fordelt med 81,4 % på MK og 18,6 % på MS.

Dersom prosjektet går utover kostnadsramma på 86 millionar er MS ansvarleg for å dekke alle meirkostnader utover ramma.

4.2 Utbetaling

MS pliktar å utarbeide endeleg kostnadsoverslag basert på innhenta anbod og oversende dette til godkjenning av MK. MK pliktar ikkje å betale ut nokon del av bidraget før slik godkjenning ligg føre.

MK utbetaler tilskot til MS i tråd med prosjektets planlagde framdrift og påførte kostnader.

4.3 MS sitt bidrag

MS sitt bidrag kan vere i form av kontantbeløp eller dugnadsarbeid som blir takstert/dokumentert av uhilda tredjepart.

4.4 Meirverdiavgift

MS forpliktar seg til å søkja om å sørgja for at det vert ytt kompensasjon for meirverdiavgift knytt til anskaffingar som vert gjort i samband med bygging av kyrkja. MS plikter å setja seg inn i kva for reglar som gjeld for slik kompensasjon og innretta drifta si slik at kompensasjon vert oppnådd.

Kompensasjon fell på MK. Ekstra utgifter som følgje av at MS ikkje oppnår kompensasjon som lova opnar opp for blir ikkje dekka av MK.

4.5 Rentekompensasjon

MS pliktar å medverke til at MK kan søkje rentekompensasjon frå Husbanken. Innvilga kompensasjon fell på MK.

5 Tomt

MK skal stille tomt til rådighet for MS. Dette inneber at kommunen skal gjennomføre og dekke alle kostnader ved eventuelt erverv av grunn og rettar. Tomta skal skøytast over til kyrkja etter kjøp.

Ansvar for å opparbeide og finansiere offentleg teknisk infrastruktur skal dekkast av MS, jf. punkt 2 i avtalen. Eventuelle ekstraordinære kostnader i denne samanheng vert det å kome attende til.

(3)

3 6 Rapportering

MS skal halda MK jamleg orientert om utviklinga i prosjektet herunder å leggje fram rapport om framdrift og rekneskap kvar tredje månad i byggjeperioden. I tillegg skal status inngå i

tertialrapportar til formannskap og kommunestyre. Rapporten skal omtala framdrift og kostnadsforbruk.

MK skal holde MS orientert om reguleringsplanprosessen og andre forhold som er relevante i den grad informasjonen ikkje er offentleg tilgjengeleg.

7 Tvisteløysing

Dersom det skulle oppstå tvist mellom partane i samband med forståinga og gjennomføring av denne avtalen, skal dette så langt det er mogeleg søkjast løyst ved forhandlingar. I motsett fall vert tvisten bringa inn for ordinære domstolar. Partane vedtek Bergen tingrett som rett verneting.

8 Atterhald

Avtalen blir inngått under føresetnad av at den blir godkjent av kommunestyret i Meland kommune og av Meland sokn.

_____________________________ _______________________________

Stad/dato Stad/dato

_______________________________ _______________________________

Meland kommune Meland sokn

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Dokumentet er godkjent elektronisk, og har derfor ikke

Dersom du ikke er rette mottaker, eller autorisert til å motta på vegne av rette mottaker, kan du ikke bruke, kopiere eller videresende denne meldingen eller eventuelle vedlegg

LO er imidlertid bekymret for at en felles ambisjon om å bygge ut mer fornybar energi i et felles sertifikatmarked medfører at 83 prosent av realiserte utbygginger skjer i Sverige..

Vi stiller oss undrende til at OED foreslår å utvide en ordning som verken har vist å ha positiv klimaeffekt og i tillegg har ført til store negative konsekvenser på naturen, særlig

[r]

NTE, Sarepta og TEK er svært positive til at partene skal utrede om det er behov innenfor rammen for et felles elsertifikatmarked å innføre en regel for når anlegg må være

10 prosent eller 0,45 kr/kWh i utbyggingskostnad for at det skal være like lønnsomt som et gitt vindkraftprosjekt etter at avskrivningsreglene er endret (gitt samme lønnsomhet av

mars 2014, artikkel 3, er det bestemt at ein ikkje skal endre fristen i denne omgang, men ta den opp til ny vurdering ved neste kontrollstasjon i 2019.. Sunnfjord Energi AS har