• No results found

Den gløymde krigen : ei studie av nyheitsdekkinga av krigen i DR Kongo 2007-2008

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Den gløymde krigen : ei studie av nyheitsdekkinga av krigen i DR Kongo 2007-2008"

Copied!
119
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

!

DEN GLØYMDE KRIGEN.

Ei studie av nyheitsdekkinga av DR Kongo 2007-2008

Ragni Falkum Enerhaug

Institutt for medier og kommunikasjon Universitetet i Oslo

Desember 2009

(2)

!""!

(3)

!

i DR Kongo. Konflikten har fått sporadisk medieomtale i norsk presse, sjølv om den har føregått i over ti år. I artiklar, trykte i norske media i perioden 2007-2008, gir journalistar sine grunnar for at mediedekkinga ser ut som den gjer. Ved å nytte tekstanalyse av eit utval av desse tekstane, har eg søkt etter hovudforklaringane som journalistane gir, og kategorisert desse i fem tenkemåtar. Medieforskinga har lagt fram ulike teoriar om kva som gjer at ei hending kvalifiserar som nyheit, og kva faktorar som påverkar nyheitsbiletet. Samtidig set desse òg lys på diskvalifikasjon av hendingar som ikkje er nyheitsverdige. På bakgrunn av ei utgreiing av eit utval av desse teoriane, har eg samanfatta fire teoretiske tenkemåtar. Ved å drøfte og samanlikne journalistane sine forklaringar opp mot teoriane, finn eg i stor grad konsensus mellom praktikarane og medieforskarane sine tenkemåtar. Dei skil seg likevel på eit sentralt punkt. Medieforskarane hevdar at nyheitsinstitusjonen sine føresetnader og krav er avgjerande for nyheitsbiletet, og at nyheitsproduksjon er ein kollektiv prosess, påverka av inkorporerte rutinar. Journalistane reflekterar ikkje over dei strukturelle vilkåra dei arbeider innanfor.

Abstract

This thesis examines how Norwegian journalists explain the media coverage of the war in the DR Congo. Although the atrocities of war has been going on for over ten years the conflict has received only sporadic attention from the media. In newspaper articles printed in the period 2007-2008, Norwegian journalists comment on the sporadic coverage of the conflict. Through analysis of a selection of these newspaper articles, I have sought the journalists' own explanations and sorted these in five categories. Media scholars have presented several theories on news values and factors that influence the news. In these theories they also point out factors that could deem an event not newsworthy. On the basis of a selection of these theories have I compiled four theoretical explanations and compared them with the journalists' views. This has led me to conclude that the journalists' explanations to a great extent concede with the findings of media researchers. Their arguments do however differ at a central point.

Media researchers claim that news production is a collective process and thus that journalists and their output are influenced by incorporated practices. The journalists

(4)

!

"#!

do not take this into account. Consequently, journalists do not reflect on the scope of the structural conditions they work within.

(5)

! #!

Forord

Ein haustkveld i 2008 var eg tilstades på Film fra Sør-festivalen for å sjå

dokumentarfilmen Shock Waves. Filmen handlar om den SN-støtta, uavhengige radiostasjon Radio Okapi i Kinshasa i den demokratiske republikken Kongo, og fortel om journalistane sin kamp for ytringsfridom, som dei meinar er den viktigaste

føresetnaden for å sikre økonomisk og politisk utvikling i landet. Desse journalistane risikerar livet for sitt journalistiske virke. I tillegg til filmvisninga heldt forskar Morten Bøås innlegg om situasjonen i det afrikanske landet. Eg innsåg i løpet av visninga og foredraget at eg hadde manglande kunnskapar om konflikten og

situasjonen som utspelte seg i den demokratiske republikken Kongo, og måtte spørje meg sjølv kvifor eg ikkje visst meir. Denne erfaringa vekte interessa som var med på å forme denne masteroppgåva.

Prosessen frå idé til ferdig oppgåve har vore lang, og periodevis vanskeleg og

frustrerande, men òg lærerik og inspirerande. Ved vegs ende er det nokre som skal ha stor takk for at eg har lukkast med å skrive ferdig masteroppgåva mi.

Først og fremst vil eg takke rettleiaren min, Hans Fredrik Dahl (H-08/H-09), for uvurderleg rettleiing på vegen frå prosjekt til ferdigstilt oppgåve. Tusen takk for konstruktive tilbakemeldingar og gode råd, og ikkje minst for evna til å få meg på sporet av oppgåva i periodar då det kjentes ut som om eg hadde mista retninga.

Eg vil òg rette ei stor takk til min far for gode innspel, korrekturlesing og motivasjon til å skrive. Motivasjonen har òg medstudentar på IMK hjelpt til med å oppretthalde.

Kva skulle ein gjort utan eit godt studiemiljø?

Tusen takk til Geir Ove for inspirasjon og motivasjon i skriveprosessen, trøst og tolmod i innspurten, og trua på oppgåva.

Ragni Falkum Enerhaug Institutt for medier og kommunikasjon, desember 2009 Universitetet i Oslo

(6)

!

#"!

Innhaldsliste

Kapittel 1. Innleiing... 1

1.1 ”Den gløymde krigen” i norske media: eit bakteppe... 2

1.2 Problemstilling ... 3

1.3 Forskingsfeltet: Internasjonal nyheitsformidling ... 5

1.4 Teori om journalistikk og medieforsking ... 7

1.5 Metodisk utforming ... 9

Kvalitativ tekstanalyse ... 10

Utval av artikkelmaterial... 11

Utval av forskingsperspektiv ... 13

1.6 Gangen i oppgåva... 14

Kapittel 2. DR Kongo: evig ressurskamp... 16

Kapittel 3. Nyheitsforsking... 19

3.1 Nyheiter – journalistikkens produkt ... 19

3.2 Nyheitsinstitusjonen... 20

3.3 Nyheitsproduksjon: å strukturere verda ... 22

Nyheitsnettet ... 23

3.4 Utanriksnyheiter ... 24

3.5 Nyheitsverdiar ... 26

The structure of foreign news ... 27

Factors influencing the flow of news... 34

The determinations of news photographs ... 36

3.6 Tenkemåtar – med utgangspunkt i nyheitsforsking ... 38

Nyheitsverdige hendingar ... 38

Identifikasjon og nærheit ... 39

Personen i nyheita ... 40

Strukturelle vilkår ... 41

Kapittel 4. Analyse av artikkelmaterial... 44

4.1 Artikkelmaterialet... 45

4.2 Presentasjon av analysematerialet ... 46

Journalisten 19.10.2007 ”Kongos glemte krigsofre” ... 47

Dag og Tid 29.08.2008: ”Kongo, landet i dødvinkelen” ... 48

(7)

! #""!

Vårt Land 15.11.2008: ”Mediekatastrofen”... 50

Dagbladet 16.11.2008: ”Vårt eget mørke hull” ... 51

Journalisten 28.11.2008: ”Sporadisk dekning av Afrika”... 53

Dagbladet 12.01.2009: ”En krig om gangen” ... 54

4.3 Tenkemåtar – med utgangspunkt i artikkelmaterialet ... 55

I medieskuggen ... 56

Uforklarlege Kongo ... 58

Utilgjengelege Kongo ... 60

Likegyldigheit og apati ... 61

Afrika sel ikkje... 63

Kapittel 5. Drøfting... 66

5.1 Teoretiske tenkemåtar; eit resymé ... 66

5.2 Journalistiske tenkemåtar; eit resymé ... 68

5.3 Praktikk versus teori ... 70

Medieskuggen ... 71

Det uforklarlege ... 73

Det utilgjengelege ... 75

Likegyldigheit og apati ... 78

Useljelege Afrika-nyheiter... 81

5.4 Slutningar ... 82

Likskapar... 82

Skilnader ... 85

Kapittel 6. Avslutning... 90

Kjeldeliste ... 97

Verk ... 97

Internettkjelder ... 99

Avisartiklar... 100

Analysematerial... 101 Appendiks!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!"#$

%

%%%

(8)
(9)

! $!

Kapittel 1. Innleiing

!

Afrikas fyrste verdskrig. Denne nemninga er lagt på krigen i den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo). Ein krig, med opphav i folkemordet i Rwanda i 1994, der fem afrikanske land var involvert mot slutten av 1990-talet. Over 5 millionar menneske har mista livet, mange som offer for direkte krigshandlingar, andre av dei nådelause konsekvensane ein langvarig krig fører med seg. I eit samfunn utan fungerande helsetilbod og –institusjonar, vert sjølv uskuldige sjukdomar

livstruande, og tek liv. Bruken av barnesoldatar er utbreidd. Seksualisert vald mot jenter og kvinner førekjem så ofte, at SN ikkje kan estimere meir nøyaktig enn med

”fleire hundre tusen” offer (FN-sambandet 2009). I det globale flyktningregnskapet for 2009 er det i følgje Flyktninghjelpen 1,4 millionar internt fordrivne i landet (Flyktninghjelpen 2009). SN har utstasjonert verdas største fredbevarande styrke, MONUC, i regionen. Denne tel omlag 18 000 mann (United Nations 2009).

Krigen i DR Kongo må seiast å vere ein av dei verste verda har sett etter andre verdskrig, dersom ein rangerar krigar etter kor mange menneskeliv som er tapt og menneskeleg liding.

Konflikten vert ikkje berre kalla Afrikas fyrste verdskrig. Nemninga ”den gløymde krigen” er òg hyppig brukt. Kvart år gir organisasjonen Leger Uten Grenser ut ein rapport over humanitære katastrofar og konfliktar dei meiner media ikkje har dekt godt nok. Dei trekk fram i lyset dei hendingane som har vorte forsømt av

nyheitsmedia. I 2008 var DR Kongo med på lista over topp 10 humanitære kriser for tiande gong (Leger Uten Grenser 2008). Også andre organisasjonar har sett søkelyset på DR Kongo. Mellom andre har International Crisis Group og Genocide Prevention Project, som begge arbeider for å forhindre alvorlege væpna konfliktar og folkemord, rapportert om situasjonen i DR Kongo i 2008. Genocide Prevention Project plasserer DR Kongo mellom 8 land i verda der ein opplev folkemord nett no (International Crisis Group 2009, Genocide Prevention Project 2009). Project Censored er eit organ som overvakar media og har som målsetjing å sett søkelys på ”The news that didn’t make the news” (Project Censored 2007). Altså hendingar som ikkje blir prioritert

(10)

!%!

som nyheiter, men som absolutt burde. Prosjektet vart starta i 1976 av Carl Jensen ved Sonoma State University i USA, og det vert kvart år gitt ut ei årbok der dei viktigaste underrapporterte sakene vert belyst. I 2007 var konflikten i DR Kongo representert som ei sak som burde vore meir rapportert i media, og folkemordet vert kalla eit høgteknologisk folkedrap (Project Censored 2007). Norske media er ikkje annleis enn dei internasjonale i denne situasjonen. Nyheitsinnslaga om krigen er sporadiske og fragmenterte, trass i at det motsette burde vere tilfellet. Bakgrunnen for denne oppgåva er mi undring over den manglande mediedekkinga av denne ”gløymde”

konflikten.

1.1 ”Den gløymde krigen” i norske media: eit bakteppe

Krigen i DR Kongo har føregått sidan 1998 (Nzongola-Ntalaja 2002:276), men ei masteroppgåve må nødvendigvis avgrensast, og eg vel å konsentrere meg om mediedekkinga av krigen i perioden 2007-2008 i denne oppgåva. Eit søk i

papirkjelder i mediearkivet ATEKST i utvalsperioden 2007-2008, gir for 2007 41 treff på søkeordet DR Kongo. Treffet i 2008 er betrakteleg høgare, og viser 198 treff på artiklar som omhandlar det afrikanske landet. Tala kan setjast i samanheng med andre konfliktar i verda. Eit søk på ordet FARC, namnet på geriljagruppa som herjar i Colombia, gir 592 treff berre i 2008. Dette tyder på at FARC i langt større grad er ei nyheit i norske media.

Tala viser at media hadde eit langt større fokus på republikken i 2008 enn i 2007, sjølv om krigshandlingar har føregått nærmast kontinuerleg sidan slutten av 1990- talet. Sjølv om treffet er høgt for 2008, finn ein ikkje artiklar som nemner spesifikke krigshandlingar før i september månad. 26.09.2008 skriv Bergens Tidende at ein ser ei opptrapping av krigshandlingane, som har vore forsøkt haldt i sjakk sidan januar 2008. Då vart ein fredsavtale som skulle stanse konflikten i den austlege provinsen Nord-Kivu underskriven. Goma-avtalen, oppkalla etter provinshovudstaden, vart skriven under av den kongolesiske regjeringa og 22 væpna grupper, men våpenkvila vart aldri overhaldt og krigshandlingane braut ut att (Bergens Tidende 26.09.2008).

Bergens Tidende er òg den avisa som rapporterar at den tilbakevendande krigen er eit faktum (Bergens Tidende 09.10.2008).

(11)

! &!

Eit overraskande moment i artiklane frå hausten 2008, som fortel om den eskalerande krigssituasjonen, er at dei òg seier noko om den ti år lange krigen, og at ein ikkje må gløyme konflikten i DR Kongo (Bergens Tidende 17.10.2008, Aftenposten morgen 29.10.2008). Men er ikkje det nett det norsk media har gjort i fleire år? November 2008 er månaden då norske aviser inneheld fleire artiklar om krigshandlingar i DR Kongo enn nokon annan månad innanfor utvalsperioden 2007-2008. I tillegg vert det i desse artiklane ofte gjort forsøk på å gi eit djupare innblikk i katastrofen ved å skildre konflikten kronologisk. Ofte vert landet si historie som belgisk koloni også trekt fram, for å skildre alt det fryktlege kongolesarane har måtta tole opp igjennom tida.

I tillegg til desse bakgrunnsartiklane, viser søket treff på ein type artiklar med eit anna mål for auget. Dei kritiske kommentarane dukkar opp i midten av november og stiller spørsmål ved media si dekking av krigen. Dei forsøker å svare på kvifor ikkje krigen i DR Kongo har fått meir merksemd i norske media. Søket viser spor av denne typen artiklar i 2007 òg. Av dette kan ein trekke ei slutning om at journalistane sjølve ser at dekkinga av konflikten i DR Kongo ikkje samsvarer med proporsjonane krigen har i røynda. I denne oppgåva vil eg nytte desse sjølvkritiske kommentarartiklane.

Mediemerksemda retta mot DR Kongo snudde dramatisk sommaren 2009. Men nyheitene dreia seg ikkje om konflikten, men om to nordmenn som vart dømde for drap i landet. Rettssaka deira fekk svært stor medieomtale. Denne saka fell utanfor rammene for denne oppgåva. Hendinga oppsto etter min utvalsperiode, og omhandlar ikkje konflikten, eller mediedekkinga av den, som er tema for denne oppgåva.

!

1.2 Problemstilling

Kvifor nokre hendingar vert nyheiter, i motsetnad til andre, er interessa bak denne oppgåva. Ein kan anta at ein krig som den i DR Kongo vil kunne kvalifisere som utanriksnyheit og vere av interesse for nordmenn. Kva kan forklaringane vere på at ikkje denne saka er prioritert av media i 2007 og 2008, og at den dermed kan kallast ei gløymt konflikt? Korleis forklarar journalistar den ujamne mediedekkinga? ! Med kommentarartiklane som analysematerial, og mediedekkinga av konflikten i DR Kongo som bakteppe, vil eg forsøke å svare på problemstillinga:

Korleis forklarar norske journalistar at konflikten i DR Kongo ikkje er ei prioritert nyheit?

(12)

!'!

For å svare på denne problemstillinga vil eg nytte tekstane som sto på trykk i norske media innanfor perioden 2007-2008, der journalistar sjølve grunngir dekkinga av krigen. Tekstanalyse av artiklane vil avdekke dei meiningsberande elementa og hovudforklaringane som journalistane gir, på kvifor ein kan seie at konflikten i DR Kongo er ei nedprioritert sak eller ei gløymd konflikt. Eg vil samanfatte desse, og etablere dei overordna tenkemåtane som forklaringane kan inngå i.

Medieforskarar har lenge forsøkt å forklare kva som gjer hendingar til nyheiter frå fleire ulike innfallsvinklar. Ut i frå utvalte teoriar innan nyheitsforsking, som omhandlar faktorar som påverkar prosessen som gjer hendingar til nyheiter, vil eg forsøke å svare på problemstillinga:

Korleis forklarar medieforskarar at ei hending blir ei utanriksnyheit?

Medieforskarane sine forklaringar legg vekt på kva som kvalifiserer som nyheit, og ei utgreiing i forhold til dette, vil samtidig seie noko om hendingar som diskvalifiserer som nyheiter.

Eg vil vidare i oppgåva samanlikne og drøfte tekstanalysen sine funn, praktikarane sine tenkemåtar, opp imot teoretikarane sine tenkemåtar, som vert forma ut i frå dei utvalte teoriane. Hovudproblemstillinga i denne oppgåva vil derfor vere:

Har journalistar og medieforskarar same forklaringane?

Oppgåva vil drøfte journalistiske tenkemåtar om mediedekkinga av konflikten, opp mot teoretiske tenkemåtar som forklarar kva som medverkar til

utforminga av nyheitsbiletet.

Oppgåva sin relevans ligg i at utanriksnyheiter kan vere med på å styrke demokratiske prosessar og fremje konfliktløysing og fred. Nyheiter vert definert ut i frå ulike

kriterium der aktualitet, allmenngyldigheit og interesse er viktige for utveljinga.

Informasjonen som vert formidla, spesielt som utanriksnyheiter, er meint å oppmuntre til bevisstheit og openheit omkring ulike tema, ved å informere folk om hendingane når dei skjer og under utviklinga av dei (Hafez 2007:28). Pressa og

nyheitsinstitusjonen spelar ei svært viktig rolle i samfunnet og demokratiet. Anderson

(13)

! (!

og Ward hevdar at uavhengige, journalistiske arbeid av høg kvalitet, som gir lesaren nøyaktig informasjon og gode analyser av hendingane, er avgjerande for å skape samfunnsborgarar som kan delta aktivt i offentleg debatt. Utanriksnyheiter kan på den måten vere med på å styrke demokratiet (Anderson og Ward 2007:65).

Gjennom nyheitene formidlar pressa hendingar frå inn- og utland og er med på å konstruere verda for lesaren. Dei hendingane ein får høyre om kan skape debatt, og publisitet rundt konfliktar kan resultere i omfattande folkeaksjonar, som kan føre til at det internasjonale samfunnet reagerer og sett i gong tiltak for å løyse konfliktane.

Medieomtale kan altså skape engasjement som fremjar konfliktløysing og fred.

Det viser seg at mengda av utanriksstoff i media har vore minkande sidan den kalde krigen tok slutt. Dette gjeld også det norske nyheitsbiletet. Det er berre ei lita mengde land, tema og perspektiv som når den internasjonale agendaen, og på den måten også norske media (Hafez 2007:4-5). Allern har prosentvis dokumentert mediedekking av internasjonale forhold i verket Nyhetsverdier. Om markedsorientering og journalistikk i ti norske aviser. Der kjem det fram at berre åtte prosent av nyheitsarealet i dei ti undersøkte avisene omfattar stoffkategorien internasjonale forhold (Allern 2001:128).

I 2007 føregjekk det 34 væpna konfliktar i verda (PRIO 01.09.2008) og konflikten i DR Kongo var éi av desse. Allern skriv at ”Det er vanligvis ikke rom for mer enn én eller høyst to store katastrofer om gangen” (Allern 2001:59). Det ser altså ut til å vere ei grense for kor mange nyheitssaker media publiserar om desse væpna konfliktane.

Eit føremål med denne undersøkinga er å setje lys på journalistane sine eigne resonnement i forhold til norsk mediedekking av éi av desse væpna konfliktane.

1.3 Forskingsfeltet: Internasjonal nyheitsformidling

Forskingsfeltet internasjonal nyheitsformidling deler svært mange likskapstrekk med forsking på nyheitsformidling generelt, sjølv om andre problemstillingar dukkar opp i studiar av utanriksnyheiter.

Feltet kan, etter Hjarvard sin modell, delast inn i studiar på makro- og mikronivå, og skilje mellom dei som tek utgangspunkt i eit seleksjonsperspektiv og eit

konstruksjonsperspektiv. Eit døme på ei studie som nyttar eit seleksjonsperspektiv på

(14)

!)!

mikronivå er David Manning White sin studie ”The ”Gate Keeper”: A Case Study in the Selection of News”. Her blir redaktøren sett på som ei portvakt, som vel ut nyheitene frå eit stort tilfang av hendingar. Studien er ikkje spesielt retta mot utanriksnyheiter, men er sett på som fruktbar for studiar på internasjonal

nyheitsformidling, då biletet studien gir av nyheitsprosessen som transportkanal, lett kan overførast til utanriksnyheiter. Studiar på makronivå innanfor

konstruksjonsperspektivet har fokusert på til dømes media sin politiske økonomi og organisasjonsforhold (Hjarvard 1995:59-61).

Forsking på internasjonal nyheitsformidling har vore orientert kring fleire ulike tema.

På 1970-talet vart det til dømes fokusert på nyheitsstraumen frå Nord til Sør og ein ny internasjonal kommunikasjons- og informasjonsorden. Forskinga på dette temaet var i stor grad driven fram av UNESCO (Hjarvard 1995:15). Andre har sett på korleis vestlege maktpolitiske interesser har avspegla seg i den konkrete nyheitsdekkinga (Hjarvard 1995:62), medan atter andre har analysert korleis media konstruerer bilete av ”oss” og ”dei andre”. Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen si bok Verden skapes hjemmefra. Pressedekningen av den ikke-vestlege verden 1902-2002 er eit døme på denne typen studie (Eide og Simonsen 2008).

Oppgåva plasserar seg innanfor konstruksjonsperspektivet, og ser på nyheiter som sosiale konstruksjonar, konstruert innanfor institusjonaliserte rammer. Den kan sjåast i lys av forsking på internasjonal nyheitsformidling, sjølv om den verken vil studere utanriksredaksjonar, eller bileta media skapar av verda utanfor dei nasjonale grensene.

Denne oppgåva analyserar journalistar sine eigne resonnement i forhold til

mediedekkinga av konflikten i DR Kongo, lest opp i mot eit utval av medieforskinga sine teoriar om kva som blir nyheiter. Undersøkinga studerer praktikarane sine eigne publiserte forklaringar på kvifor ikkje konflikten er meir framme i mediebiletet. Ein nyanseforskjell i forhold til tema, skil studiar på generell nyheitformidling frå

internasjonal nyheitsformidling, difor vil fleire av teoriane nytta i denne oppgåva vere basert på generelle teoriar om nyheitsformidling.

Føremålet med oppgåva er å drøfte dei journalistiske resonnementa uttrykt i kommentarartiklane opp imot forskingsperspektiv som tek føre seg faktorar som

(15)

! *!

spelar ei rolle i nyheitsprosessen, for å avdekke likskap og skilnader mellom dei ulike tenkemåtane.

1.4 Teori om journalistikk og medieforsking

Journalistar og medieforskarar er sosialiserte i to ulike yrkesgrupper. Likskapen mellom dei ligg i objekta dei undersøker. Journalisten er produsent av medieforskaren sine forskingsobjekt, samtidig som journalisten kan nytte seg av kunnskapen

medieforskaren formidlar. Forskarar er blant dei premissleverandørane som får størst tillit og journalisten støtter seg på ekspertutsegner, for å få tiltru av lesaren.

Ekspertauraen gir tillit. I Nyhetens interesse uttrykk Martin Eide det slik: ”Mediene bruker forskere, og forskere bruker mediene. Ekspertise gir prestisje og prestisje gir troverdighet” (Eide 1992:128).

I tillegg deler dei to gruppene det moralske utgangspunktet om å formidle sannferdig kunnskap. Teoretikarane og praktikarane deler òg synet på at underrapporterte hendingar er eit fenomen innan nyheitsrøynda, i dette høvet representert ved konflikten i DR Kongo.

Journalisten sitt arbeid vert ofte samanlikna med forskaren sitt, i tillegg til at

parallellar til kunstnaren vert trekt opp. Max Weber har, i følgje Eide, uttala at ”Det er ikke alle som er klar over at godt journalistisk arbeid krever minst like meget ”ånd”

som en hvilken som helst vitenskapelig virksomhet” (Weber 1919/1979:20 i følgje Eide 1992:75). Journalisten nyttar seg til dels av spesifikke journalistiske metodar med parallellar til vitskapleg metode, men fagbøker om journalistikk legg òg vekt på at faget er praktisk. Østlyngen og Øvrebø skriv at ”Kunnskap om faget er forankret i journalistisk praksis” (Østlyngen og Øvrebø 1999:14). Faget sin handverksmessige karakter vert altså understreka.

I lærebøker om journalistikk vert det understreka at journalistikk er eit fag og eit handverk som må praktiserast i motsetnad til teoretiske fag som til dømes

medievitskap. Kunnskapen ein har om faget er forankra i journalistisk praksis, og denne yrkeserfaringa er ofte taus kunnskap. I journalistar sine eigne skildringar av arbeidet sitt er evna til å ta gjennomtenkte kjeldekritiske og etiske val, evna til å

(16)

!+!

formulere presise hypotesar og problemstillingar, og til å undersøke desse systematisk og grundig, viktige karakteristikkar. Kunnskap om kvar ein finn informasjon og korleis ein relaterar seg til kjeldene, saman med grunnleggande nysgjerrigheit og evna til å halde ut, er òg viktig (Østlyngen og Øvrebø 1999:14-15). Desse krava kan også stillast til medieforskaren. Samfunnsforskarar, til liks med journalistar, kan ikkje berre gå ut og observere samfunnet. Dei må vite kvar dei skal gå for å gjere undersøkingane sine og vite kva dei skal sjå etter. Førehandskunnskapen og dei teoretiske antakingane dei har, hjelper dei til å forstå det spesifikke dei er ute etter å finne (Gripsrud

2002:139).

I ulike samanhengar dukkar profesjonskonflikten mellom journalistar og medieforskarar opp. Gruppene uttrykker generell mistillit til kvarandre sin kompetanse. Journalistar hevdar at ein må ha journalistbakgrunn for å forstå journalistikken. Deira ståstad er at generell vitskapleg metode vil gi lita innsikt.

Forskarane, derimot, ser på dei vitskaplege metodane som avgjerande i forhold til å bringe fram ny innsikt innan nyheitsforskinga (Ottosen 2004:108). Eit døme på denne konflikten er oppfattinga av produksjon av nyheiter. Ideen om at nyheiter er

produsert, eit syn medieforskaren vil forfekte, står i strid med journalisten si

oppfatting om at han eller ho har nyheitsteft, altså ein spesielt godt utvikla sans eller ryggmargsrefleks for kva som er ei nyheit (Eide 1992:47-48). Brighton og Foy, forfattarane av boka News Values, forsvarar eit slikt syn. Dei uttrykker at eit teoretisk rammeverk for analyser av nyheiter ikkje kan appliserast direkte på studiar av

nyheitsredaksjonar. Dei hevdar at systemet som forklarar kva som gjer hendingar nyheitsverdige, berre er til nytte for studentar og forskarar innan media. Vidare seier dei at arbeidet med å gjere hendingar forståelege, ved å setje dei i kontekst og forklare dei, er eit arbeid journalisten gjer på reint instinkt (Brighton og Foy 2007:194).

Utfordringa til medieforskaren er å setje ord på eit praktisk medvit journalisten ikkje alltid finn det nødvendig å uttrykke (Eide 1992:49).

Ut i frå desse standpunkta om forholdet mellom medieforskar og journalist, og usemja dei imellom i forhold til forklaringar på nyheitsprioritering, kan ein formulere nokre hypotesar.

(17)

! ,!

Ei rimeleg fortolking av dei første synspunkta er at forklaringane som

nyheitsforskarar gir på kva som blir ei nyheit vil samsvare med grunngjevinga journalistane gir på kvifor ikkje DR Kongo er ei prioritert nyheit.

(1) Eg vil anta at ein vil finne samsvar mellom dei to gruppene sine forklaringar, fordi journalisten sine produkt er forskingsobjekta til medieforskaren, og fordi journalisten vil nytte seg av funna forskaren avdekkar gjennom studia sine, for å oppnå tillitt.

Men usemja som har synt seg mellom medieforskarar og journalistar, fører til ei anna antaking. Journalistane hevdar at det ikkje er mogleg å definere kriterium ei hending må oppfylle for å vere nyheitsverdig, noko mange forskingsstudiar har hatt som føremål å avdekke. Det sentrale for journalistane er at journalistikk er eit praktisk handverk bygd på erfaring og normer, og dei vil ofte oppfatte forskaren sine generaliseringar som forsøk på å forenkle ein kompleks nyheitskvardag (Eide 1992:69) der konkrete nyheitsoppslag kan vere resultat av tilfeldige hendingar (Eide 1992:48). Medieforskarar har ofte karakterisert journalistikken som ”sosial

konstruksjon av røynda” noko journalistar har sett på som ein fornærming, då dei tek utsegna for å vere ein påstand om juks (Allern 2001:48). Tanken om at journalistar har ein spesielt godt utvikla nyheitsans, strid mot medieforskaren sin tanke om nyheitsproduksjon.

(2) Ut i frå dei motstridane synspunkta omkring nyheitsverdiane og korleis ei nyheit vert til, vil ei rimeleg hypotese vere at ein ikkje vil finne samsvar mellom

journalistane og medieforskarane sine forklaringar.

Eg vil drøfte mine fortolkingar av dei journalistiske og teoretiske forklaringane opp i mot kvarandre for, å forsøke å finne likskap og skilnader ved dei. Vidare i

innleiingskapittelet vil eg gjere greie for den metodiske utforminga av oppgåva.

1.5 Metodisk utforming

I denne oppgåva vil eg nytte hermeneutikk eller ”tolkingslære” som metode, og tekstanalyse som metodeverktøy. Hermeneutikk handlar om kva det vil seie å forstå og korleis ein kjem fram til meining, som ei form for kunnskap. Tekst og lesing av

(18)

!

$-!

den blir viktig, då lesing er prosessen som gir teksten meining gjennom interaksjonen mellom tekstelementa og lesaren sine tankar. Tankane famnar om lesaren si erfaring, kunnskap, meiningar og haldningar og utgjer dei føresetnadene ein har for å kunne forstå ein tekst. I hermeneutikken kallast dette med ei samlenemning for

forståingshorisont, og er eit uttrykk for forskaren sin førehandskunnskap og

antakingar om eit felt eller problem. Prinsippet ”den hermeneutiske sirkel” som seier at ein må forstå delane for å forstå heilskapen, og heilskapen for å forstå delane, er òg sentral, då ein i lesinga av ein tekst i utgangspunktet har ei oppfatning av heilskapen, som i leseprosessen vert forandra ettersom ein forstår delelementa i teksten.

Analysematerialet i denne oppgåva er tekstar der journalistane sjølve reflekterar over mediedekkinga, og min førehandskunnskap og forståing omkring innhaldet, i forhold til journalistikken og den konkrete saka, er viktig. Hermeneutisk orientert

tilnærmingsmåte har eit sanningskriterium som står i motsetnad til positivistisk tenking. Innan hermeneutikken ser ein på objektiv forståing som prinsipielt umogleg, fordi det tolkande subjektet alltid plasserar seg innanfor ein historisk, sosial og kulturell samanheng. Dette gjer konklusjonane mine subjektive. Utvalet mitt og refleksjonane mine, er ikkje valide i ein større samanheng og det kan ikkje

generaliserast ut i frå dei. Men etter hermeneutiske prinsipp kan dei likevel sjåast på som gyldige (Gripsrud 2002:138-157).

Kvalitativ tekstanalyse

Metodeverktøyet som vert nytta i denne oppgåva er kvalitativ tekstanalyse.

Kvalitative forskingsopplegg er ein fortolkande aktivitet der ein gjennom det

empiriske materialet søker å (re)konstruere røynda (Østbye 2002:43), og nyttast for å forstå ulike fenomen. Problemstillinga i denne oppgåva visar til eit ønskje om å forstå korleis journalistar grunngjev mediedekkinga av krigen i DR Kongo, saman med å sjå på korleis desse relaterar seg til medieforskarar sine forklaringar. Det er viktig å påpeike at analysen ikkje kan teikne representative bilete av alle journalistar si forståing av dette fenomenet. Ei tekstanalyse er driven framover av eit ønskje om å avdekke noko spesifikt i den teksten ein analyserer. For å avdekke dette spesifikke kan analyseprosedyren aldri bli like fastlagt og skjematisk som ein kjenner den frå andre analysesamanhengar, då dei spesifikke spørsmåla ein stiller til teksten, vil setje rammene for analysen (Larsen 1999:28).

(19)

! $$!

I denne oppgåva er det avistekstane sine skrivne ord, dei journalistiske refleksjonane, som blir analysert. For å kunne forstå dei journalistiske tekstane og grunngjevingane må ein presentere datamaterialet på ein måte som representerer nøyaktig det som har vorte avdekka, derfor er skildringane av tekstane særs viktige (Priest 1996:195). Ein detaljert presentasjon av tekstane, saman med tekstane sin kontekst, vil utgjere første fase i analysen. I konteksten vil eg gjere greie for tekstsjanger, nyheitsmediet sin profil og redaktør, saman med kven forfattaren er, kva kjelder han har brukt og om teksten er illustrert. Neste steg i tekstanalysen er å trekke ut essensen i argumenta til journalistane slik dei kjem til utrykk i artiklane, og kondensere materialet. Dette vil eg gjere ved kompleks observasjon og detaljert lesing av materialet. Det er viktig å trenge djupt inn i tekstane, slik at ein kan lære å sjå verda ut i frå tekstforfattarane sitt perspektiv (Priest 1996:196). Dei ulike identifiserte argumenta vil distingvere seg frå kvarandre og kan kategoriserast innanfor nokre overordna tema. På basis av dei temaa eg kan avdekke, vil eg etablere eit sett journalistiske tenkemåtar. Praktikarane sine tenkemåtar viser til deira forklaringar på at ikkje krigen i DR Kongo er i media sitt søkelys.

Eit anna metodeverktøy som kunne vore relevant for oppgåva og problemstillinga, er å nytte kvalitative intervju aleine, eller som supplement til tekstanalysen. Eg vurderte dette, men kom til at det ville bryte rammene for oppgåva. Noko av interessa bak problemstillinga ligg dessutan i å avdekke journalistane sine grunngjevingar gitt innanfor deira eigne rammer. Ein fordel med nettopp å nytte skriftleg datamateriale, er at det ikkje er påverka i like stor grad av mine, forskaren, sine inngrep, då dei ikkje har gjennomgått ein transkriberingsprosess, slik dei måtte, dersom eg hadde valt kvalitative intervju som metode. Ein kan også hevde at denne typen data er meir gjennomtenkte og riktige enn munnlege data, fordi journalistane har hatt tid til å reflektere og korrigere, samtidig som at dei er publiserte i nyheitsmedia, som inneber at dei har eit krav til seg om å presentere sann kunnskap (Gentikow 2005:96).

Utval av artikkelmaterial

Analysematerialet er av skriftleg karakter, og ein fordel med dette er at dei er ferdige refleksjonsprodukt (Gentikow 2005:96). Då denne oppgåva i første omgong er ute etter å avdekke journalistane sine eigne refleksjonar omkring mediedekkinga av DR

(20)

!

$%!

Kongo, er det hensiktsmessig å bruke denne typen data, samtidig som at det er viktig at utvalet inneheld artiklar med utfyllande forklaringar. For å finne desse har eg nytta ei skjønnsmessig, strategisk utveljing av tekstar i norsk trykt presse (Østbye 2002:49).

Ved å vurdere kvar tekst har eg valt ut dei som best mogleg svarar på

problemstillinga. Artiklane er valt ut på basis av innhaldet, og utvalskriteriet er at tekstane uttrykk utfyllande argument og grunngjevingar på kvifor mediedekkinga av krigen i DR Kongo er som den er. Dette må vere tema og hovudfokus i tekstane, for å ha godt nok grunnlag til å etablere tenkemåtane. Tekstane er dei mest vesentlege kommentarane i forhold til tema for oppgåva.

For å finne materialet nytta eg mediearkivet ATEKST, og brukte søkeordet ”kongo”.

Andre søkeord som til dømes ”dr kongo” eller ”dr kongo AND krig” vart forsøkt, men dei gav ikkje like relevante treff, då norsk presse ofte berre kallar landet Kongo.

Eg fann det derfor mest hensiktsmessig å utføre søket etter relevante artiklar ved å nytte det først nemnte søkeordet. Då fekk eg treff på alle artiklar som hadde noko med landet å gjere. Eit så opent søk førte òg med seg ein god del unyttige treff, blant anna treff i avisene sine programoversikter i TV, og treff på Thorbjørn Jagland sitt

velkjende uttrykk ”Bongo fra Kongo”. Til tross for dei mindre nyttige tekstane, fekk eg på denne måten gått igjennom alt materialet og minska fara for å oversjå ein relevant tekst. Søket vart ikkje avgrensa til å gjelde eit utval av norsk trykt presse, men omfatta alle kjelder ATEKST har, som omfattar lokalaviser, regionalaviser, riksaviser, nyheitbyrå, fagblad, magasiner og tidsskrift. Ved å inkludere alt trykt material i søket, forsøkte eg å gjere sjansen mindre for å utelate at ein nyttig tekst.

Datamaterialet består av fire kommentarartiklar, ein bakgrunnsartikkel og ein nyheitsartikkel publisert i norske aviser i perioden 2007-2008. Artiklane er henta frå avisene Dagbladet, Vårt Land, Dag og Tid og fagbladet Journalisten. Avgrensinga av perioden er gjort på basis av at det innanfor 2007-2008 var ei opptrapping i

krigshandlingane i DR Kongo. Norske media rapporterte om desse nye hendingane, og dette førte til refleksjonar over mediedekkinga. Søket etter tekstar er gjort primært i utvalsperioden 2007-2008. Eg har valt å avslutte perioden med ein kommentar som ligg like utanfor utvalsperioden. Den vart publisert i januar 2009, men er med i analysematerialet, då den gir svært utfyllande argument. I analysematerialet vert DR Kongo ofte kalla berre Kongo eller Aust-Kongo, og eg vil i analysen nytte det namnet

(21)

! $&!

den aktuelle teksten nyttar. I min eigen tekst nyttar eg DR Kongo i omtale av landet.

Forfattarane av tekstane vil i stor grad bli referert til som praktikarane, medan eg vil nytte nemninga journalistar i generelle ordelag.

Kommentarsjangeren er mangfaldig og nyttast til ulike føremål, alt frå å gi nøktern bakgrunnsinformasjon til å uttrykke moralske dommar over aktuelle tema.

Kommentaren ligg utanfor kjeldene sin regi, den kjem som regel etter at dei har fått uttale seg, og journalisten forklarar kva dei ”eigentleg” meiner (Raaum 1999:61). I kommentarar kjem òg journalisten sitt eige syn fram, derfor er tekstar innanfor denne sjangeren, nyttige for analysen. Det er tilfeldig at akkurat desse tekstane inneheld dei mest utfyllande forklaringane på mediedekkinga sett frå journalistane si side, men ikkje overraskande at ein finn refleksjonar om mediedekking i denne typen sjanger.

Svakheita ved artikkelmaterialet er at det er lite, ikkje meir enn 6 artiklar, og det egnar seg derfor ikkje til generaliseringar. Ei anna svakheit ved å nytte denne typen

materiale er at det er avgrensa og knapt, i den forstand at tekstane ikkje gir andre forklaringar enn dei som faktisk står på trykk. Eg meiner likevel at dei utvalte tekstane gir fyldige nok forklaringar til å svare på problemstillinga.

Utval av forskingsperspektiv

Nyheitsinstitusjonen har ei sentral rolle i demokratiet og skal formidle informasjon, debatt og samfunnskritikk til publikum (Helland 1999:189). Men i nyheitsproduksjon er det fleire faktorar som spelar inn og som gjer at saker og hendingar som burde dekkast, ikkje får dei spaltemetrane dei fortener. Det som avgjer om ei hending vert ei nyheit er om saka har nyheitsverdi og om den oppfyller visse kriterium. Nyheitsverdi kan bestemmast ut i frå generelle, kulturelle og ideologiske kriterium. Ein annan avgjerande faktor er nyheitsinstitusjonen og organiseringa av nyheitsproduksjonen, som utgjer prosessen ei hending må igjennom for å verte ei nyheit. Eg vil i denne oppgåva nytte forskingsperspektiv som forsøker å forklare kva som gjer at ei hending vert ei nyheit, fortrinnsvis ei internasjonale nyheit.

Analysen av artikkelmaterialet fører til danninga av praktikarane sine tenkemåtar, og desse skal drøftast opp imot medieforskarane sine perspektiv for å avdekke skilnader og likskapar mellom dei teoretiske forklaringane og dei journalistiske

grunngjevingane. Det er derfor hensiktsmessig å velje ut teoriar som forsøker å

(22)

!

$'!

forklare kva faktorar som er medverkande i nyheitsprosessen. Dei utvalte teoriane er fruktbare i forhold til analysematerialet og problemstillinga, men eg vil på ingen måte hevde at desse teoriane er ufeilbarlege. Andre undersøkingar vil kanskje legge vekt på andre teoriar som set lys på andre aspekt, enn dei eg har valt ut for å svare på

problemstillinga. Vala av forskingsperspektiv er òg med på å avgrense oppgåva, og er eit viktig grep å kunne sette ei grense for utvalet, for ikkje å overgå rammene for oppgåva.

Forskingsperspektiva er valt ut på bakgrunn av relevanskriterium. Dei seier alle noko om korleis ei hending vert ei nyheit, og viser til dei ulike faktorane som er med i prosessen og den sosiale produksjonen som nyheitsformidling kan seiast å vere.

Galtung og Ruge sin studie ”The structure of foreign news” er eit viktig bidrag, saman med Einar Østgaard sin artikkel ”Factors influencing the flow of news” frå same publikasjon, nemleg Journal of Peace Research, vol. 2 nr. 1 1965. Teoretikarane Allern (2001) og Hjarvard (1995), saman med Cook (1998), Tuchman (1978) og Hall (1981) er òg sentrale for denne oppgåva. I søka etter relevant litteratur har eg

undersøkt masteroppgåver med tilgrensande tema og søkt i litteraturlistene i anerkjente verk, for å finne ut kva teoriar som er hyppigast nytta. Ein kan anta at desse publikasjonane nyttar teoriar som vert sett på som gyldige. Berre eit fåtal av dei utvalte forskingsperspektiva er spesielt retta mot utanriksnyheiter. Då internasjonal nyheitsformidling er eit aspekt av generell nyheitsformidling, vil eg òg nytte med av teoriar som tek føre seg nyheiter generelt. Eg meiner at utvalet av teoriar gir gode svar på problemstillingane og er fruktbare for denne oppgåva.

Dei utvalte forskingsperspektiva vil, i likskap med praktikarane sine forklaringar, bli sett saman og organisert i overordna teoretiske tenkemåtar. Desse tenkemåtane drøftast opp i mot kvarandre i drøftingskapittelet.

!

1.6 Gangen i oppgåva

Eg vil byrje denne oppgåva med å gi ei kort skildring av historia til DR Kongo. Dette ser eg på som nyttig for å setje temaet for oppgåva inn i ein større kontekst, og for å belyse aspekt ved konflikten som kanskje ikkje er kome fram i særleg stor grad.

Kapittel 2 vil dermed viast til dette, då eg ser på det som viktig å introdusere dei

(23)

! $(!

historiske rammene for konflikten tidleg i oppgåva. Kapittel 3 tek føre seg nyheitsforsking. Der vil eg gjere greie for forskingsperspektiva og dei teoretiske tenkemåtane. Her vil eg òg gjere greie for nyheitsomgrepet og utanriksnyheiter. I rekkefølgja på spørsmåla i problemstillinga, er medieforskarane sine forklaringar i fokus i andre problemstilling. Eg har likevel funne det riktig å presentere teoriane som dei teoretiske tenkemåtane er tufta på først i oppgåva. I innleiinga ser eg først på journalistane, då dei i all hovudsak utgjer det primære analyseobjektet. I kapittel 4 følgjer analysen av artikkelmaterialet, journalistane sine eigne refleksjonar. Kapittelet blir innleidd av ein kort presentasjon av analysen sitt føremål, saman med ein

presentasjon av sjangertypane analysematerialet kan plasserast innanfor. Etter dette vert tekstane presentert og analysert, og kapittelet vert avslutta med etableringa av praktikarane sine tenkemåtar. I kapittel 5 blir praktikarane sine tenkemåtar drøfta opp imot medieforskarane sine, og hovudfokus ligg på å avdekke skilnader og likskapar mellom dei ulike forklaringane. Kapittelet vert avslutta av slutningane ein kan trekke ut i frå drøftinga. Oppgåva vert runda av i avslutninga i kapittel 6. !

(24)

!

$)!

Kapittel 2. DR Kongo: evig ressurskamp

!

Den demokratiske republikken Kongo er plassert i det sentrale Afrika, i eit overveldande område samanbunden av menneske med lingvistisk og kulturelt

slektskap. 250 ulike etniske grupper bor i DR Kongo (Nzongola-Ntalaja 2002:14), og folketalet er anslått å vere 68.692.542 (CIA – The world factbook 2009). Arealmessig kan det afrikanske landet samanlikast med Vest-Europa.

DR Kongo er svært rikt på ressursar, noko som gjorde landet attraktivt for kolonistar på 1800-talet. Den britisk-fødde amerikanske journalisten Henry Morton Stanley reiste i perioden 1874-1877 gjennom kontinentet. Føremålet med reisa var å gjenvinne området rundt Kongofloden for Storbritannia, men britane synte ikkje særleg interesse for området, noko som var heldig for kong Leopold av Belgia. Han var særs interessert i ein afrikansk koloni. Kong Leopold fekk området i si makt i 1885, og landet fekk namnet Belgisk Kongo (Nzongola-Ntalaja 2002:15-18).

Koloniseringa var startskotet for mykje av det grufulle kongolesarane har måtta oppleve. Kong Leopold såg ikkje på den nye kolonien sin som noko anna enn eit lønnsamt og innbringande føretak. Han hadde store lån og måtte setje i gong den økonomiske utviklinga i Belgia. Som ein god kapitalist dømde kongen sin koloniale suksess ut i frå profitt, og for å oppnå høgst mogleg sysselsetting, tydde han til slavehandel, tortur, drap og andre inhumane metodar for å få kongolesarane til å gi opp sin normale livsførsel og stå til teneste for kolonimakta (Nzongola-Ntalaja

2002:20). DR Kongo gav kolonisten oppsiktsvekkande rikdom, noko mange av landet sine innbyggarar måtte bøte med livet for. I perioden 1885-1908 er det anslått at 10 millionar kongolesarar døydde (Josué 2009:13).

I 1960 trakk den belgiske kolonimakta seg ut av DR Kongo, og ein kunne spore eit snev av optimisme. Men ikkje lenge etter at koloniveldet fall, braut det ut borgarkrig, då den folkevalte presidenten Patrice Emery Lumumba, vart teken av dage av CIA og belgiske hemmelege agentar (Josué 2009:14). Borgarkrigen enda i 1965, og

diktatoren Mobutu Sese Seko vart statsoverhovud etter krigen. Han fekk politisk,

(25)

! $*!

økonomisk og militær støtte frå vestlege allierte grunngjeve med at han skulle demme opp mot sovjetisk innverknad i Afrika. Ved å tilfredsstille Vesten sine politiske strategiar og forretningsinteresser med eine handa, tilrana diktatoren seg uhorveleg rikdom med den andre. Diktatorveldet varte heilt fram til 1997 då opprørsleiaren Laurent Kabila, støtta av Rwanda og Uganda, gjorde opprør, og Mobutu fall (Ommundsen 2009:18).

Likevel vart det ikkje stabilitet i landet. DR Kongo har etter at diktatoren fall vore herja av ein krig som blant anna har fått namnet ”Afrikas første verdskrig”. I 1998 var nabolanda Rwanda, Uganda, Angola, saman med Zimbabwe, involvert i krigen (Nzongola-Ntalaja 2002:277) og omkring 5 millionar menneske er drepne i løpet av ti år. Revolusjonen som Kabila starta, stoppa ikkje korrupsjonen og overakkumuleringa, noko som førte til at han sjølv vart drepen i 2001. Sonen hans, Joseph Kabila, overtok og vart valt til president gjennom demokratiske val i 2006 (Josué 2009:14,

Ommundsen 2009:18). Tilstandane i DR Kongo har roa seg på 2000-talet. Ein

fredsavtale vart underskriven i 2003, men i det austlege DR Kongo, i Kivu-provinsen, har folket ikkje enno fått oppleve fred.

Historia til DR Kongo er i stor grad prega av kampen om naturressursane landet er så rikt på. Landet er velsigna med store førekomstar av ulike mineral som i dag er viktige for store vestlege teknologibedrifter. Blant anna finn ein førekomstar av koltan, kobolt, diamantar, koppar og gull, saman med mineralet tinnmalm eller kassiteritt. Dette mineralet er essensielt i produksjon av mobiltelefonar og

datamaskiner. Historia om utplyndring av naturressursane ser ikkje ut til å vere over og er ei av grunnane til at konflikten i DR Kongo framleis føregår. Utvinninga av minerala nærmar seg ”systematisk utplyndring” og inntektene brukast til å finansiere krigshandlingar og auke den personlege rikdommen til ulike afrikanske leiarar. I tillegg er store utanlandske selskap, teknologibedrifter, kundane på denne nærmast illegale mineralmarknaden. Utplyndringa har hatt stor innverknad på folket, som framleis finn seg i ein krig, saman med at mykje av floraen og faunaen i landet er øydelagt på grunn av utvinninga (Josué 2009:13).

Krigen i DR Kongo kan ikkje berre forklarast ut i frå plyndringa av naturressursane.

Konflikten er òg forankra i eit spørsmål om kven som er ektefødt kongolesar i

(26)

!

$+!

området, noko som gir rett til statsborgarskap og land. Samfunnet i DR Kongo er ekstremt polarisert med ei rekke ulike minoritetar og etniske grupper. Det finst til dømes mange hutuar og tutsiar i området som grensar til Rwanda. Mange har budd der i generasjonar, medan andre kom etter folkemordet i nabolandet i 1994.

Konflikten mellom desse gruppene pregar krigen, og også forholdet mellom DR Kongo og Burundi, på grunn av dei same motsetnadene (Bøås 2009:31-32).

Konflikten om mineralrikdommen, saman med motsetningar mellom ulike etniske grupper, er nokre av faktorane som gjer at det framleis utspelar seg ein krig i DR Kongo.

Det norske samfunnet har hatt eit visst fokus på tilstandane i DR Kongo dei siste åra. I 2008 blei Raftoprisen tildelt pastor Bulambo Lembelembe Josué, visepresident i det protestantiske kyrkjerådet i Kivu-provinsen aust i DR Kongo. Han fekk prisen for omfattande innsats for sivilbefolkninga i området (Johnstad og Ommundsen 2009:13).

Grunngjevinga for tildelinga, var at pastoren sitt arbeid gjev barnesoldatar, valdtekne kvinner og offera for krigen eit håp om fred, forsoning og eit menneskeverdig liv (Raftostiftelsen 2008). I tillegg bidreg det norske Forsvaret med militære styrkar og politistyrkar i fredsoperasjonen MONUC i regi av SN, som er den største SN- operasjonen på verdsbasis (United Nations 2009).

(27)

! $,!

Kapittel 3. Nyheitsforsking

!

Internasjonal nyheitsformidling kan studerast på ulike vis, men baserar seg ofte på teoriar frå generell nyheitsforsking. Nyheiter vil i denne oppgåva bli sett på i eit konstruksjonsperspektiv, som kulturelle produkt påverka av sosiale institusjonar, der organisatoriske, politiske, økonomiske og ideologiske forhold er med på å forme dei ferdige nyheitsprodukta (Hjarvard 1995:59-61). Nyheitsproduksjon vert sett på som ein sosial prosess som skapar kulturelle produkt. Det er derfor nyttig å gjere greie for nyheiter, nyheitsinstitusjonen og nyheitsproduksjon, saman med pressa sin funksjon i samfunnet, før spesifikke teoriar som set lys på kva faktorar som formar

utanriksdekkinga spesielt, vert trekt fram.

3.1 Nyheiter – journalistikkens produkt

Kvar dag les, høyrer og ser dei aller fleste nordmenn det som vert kalla nyheiter.

Nyheitstekstane, som kan ta form som skrivne ord, fjernsynsbilete eller stemmer i radioen distribuert gjennom analoge eller digitale signal, er produkt påverka av ei rekke faktorar. Essensen i nyheitsproduktet, den journalistiske teksten, er forma av dei kulturelle, politiske, teknologiske og økonomiske aspekta som karakteriserar

samfunnet og tida nyheita vert skapt i (McNair 1998:3). Kvar og ein nyheitstekst er ein sosial konstruksjon, som gjer greie for ”den verkelege verda”. Dette er ikkje røynda i seg sjølv, men ein transkripsjon av den som media har transformert, forenkla og redusert til tekstleg form (Schudson 1995:38).

McNair definerar det journalistiske produktet i boka The sociology of journalism som ein forfatta tekst i skriftleg, audio eller visuell form, som hevdar å vere ei sann

melding, påstand eller ytring om ei hittil ukjent hending frå den faktiske sosiale røyndomen (McNair 1998:4). Journalistikken ønskjer å bli akseptert som den høgste grad av tilnærming til sanninga, eit ønske som i mange tilfeller vert innfridd. Dei fleste set sin lit til at nyheitsmedia portretterer røyndommen objektivt og gir eit balansert bilete av verda. Dette inneber at journalistikken er eit privilegert kulturelt format med ein heilt spesiell status blant publikum. I tillegg til dette ”sanningskravet”, må dei journalistiske meldingane også vere nye, i den forstand at dei gir publikum ny

(28)

!

%-!

kunnskap. Dei må fortelje oss noko vi ikkje visste frå før, anten i form av nye fakta eller vere ei nytolking av tidlegare meddelte fakta. Nemninga journalistisk produkt får meldingane først etter å ha vore igjennom ein prosess der fakta vert organisert i ein narrativ struktur (McNair 1998:4-5).

Nyheitsforteljinga gjer at meldingane oppnår meining. Hendingane vert sett i kontekst av antakingar, overbevisingar og haldningar, som strukturerar framstillinga slik at den gir meining for lesarar som ikkje har førstehandskunnskap om det som har hendt. Det sosiale, geografiske og tidsmessige aspektet ved hendinga vert etablert i den narrative teksten som utgjer nyheita, og dette gjer den meiningsfull for lesaren. Sidan

nyheitstekstane ikkje berre formidlar fakta, men òg antakingar, haldningar,

overbevisingar og verdiar som skaparen av teksten har, er journalistikk ideologisk forankra i kulturen der nyheita vert til. Dei ulike verdiane som teksten kommuniserer er uttrykk for det verdisynet skaparen av teksten har. Nyheitsprodukta kan derfor sjåast på som ein indeks for kva slags sosiale krefter i samfunnet som er mest

framtredande på ulike tidspunkt. Nyheitene kommuniserer på denne måten ikkje berre fakta, men også ein spesiell måte å forstå verda på (McNair 1998:5-7).

3.2 Nyheitsinstitusjonen

Når ein seier at nyheiter er kulturelle produkt, impliserar dette at ein har med ein karakteristisk produksjonsprosess å gjere. Fleire har forsøkt å forklare media som ein sosial institusjon, og i kva grad denne er med på å forme nyheitene, og ein kan anta at nyheitsproduksjonen føregår innanfor institusjonaliserte rammer. Ein sosial

institusjon kan definerast som eit fellesskap knytt saman av økonomiske relasjonar, normer og reglar, og felles ritual og ideologi. Samtidig har institusjonen utstrekning i tid og rom, som gjer den til eit varig fenomen i samfunnet (Allern 2001:20).

Cook ser på nyheitsmedia som ein sjølvstendig institusjon i samfunnet. Han har i boka Governing with the news forsøkt å vise i kva grad media kan kallast ein sosial institusjon. Han startar med å seie at nyheitsproduksjon er ein kollektiv prosess som er meir påverka av aksepterte rutinar for journalistikken, enn av journalistane sine eigne haldningar (Cook 1998:71). Journalistane følgjer som regel eit sett av rutinar for å ”finne” nyheitene, og kva som er nyheiter, vert definert gjennom prosessen som vert

(29)

! %$!

brukt for å finne fram til dei og oppdage dei. Journalistane har mykje å seie for valet av nyheiter, men desse vala er inkorporerte rutinar, som til dømes at journalistane veit kvar dei skal leite etter nyheitene, at dei kjenner til dei riktige kjeldene, og at dei ulike ledda i informasjonen vert strukturert etter kjente beretingar eller tolkingsmønster. I følgje dette perspektivet, vert altså ikkje nyheiter valt ut på bakgrunn av

karakteristiske trekk ved hendingane i seg sjølv, men er resultat av den journalistiske prosessen (Cook 1998:73).

Nyheiter vert skapt gjennom rutinar, prosedyrar og reglar, og kan dermed ikkje skiljast frå dei daglege arbeidsrutinane journalistane jobbar etter. Sjølv om ein finn skilnader i arbeidsmetodar innanfor dei ulike nyheitsorganisasjonane, er

nyheitsproduksjonen og medieinnhaldet så likt at ein kan snakke om ein felles institusjon. Profesjonaliseringa av journalistyrket er med på å forsterke denne. I tillegg er media ein sosial institusjon i kraft av at både allmennheita og det offentlege skaffar seg informasjon og kommuniserer gjennom den (Cook 1998:75-84).

Den amerikanske sosiologen Gaye Tuchman ser òg på media som ein sosial institusjon. For det første er nyheiter ein institusjonalisert måte å formidle informasjon til mediebrukarane og konsumentane på. For det andre har dei ulike nyheitsorganisasjonane alliert seg med dei mektige og legitime institusjonane i samfunnet. Politikarar har til dømes mykje større tilgong til media enn ein vanleg borgar. Og sist, men ikkje minst, at nyheiter vert lokalisert, samla og spreidd av profesjonelle i ein organisasjon, som er underlagt felles institusjonaliserte normer og reglar. Såleis er nyheiter eit uvilkårleg produkt av institusjonaliserte prosessar og praksisar (Tuchman 1978:4).

Pressa har, som sosial institusjon, eit ansvar overfor samfunnet, om å formidle relevant informasjon til samfunnsborgarane, og er kanskje den viktigaste arenaen for offentleg debatt i vår tid. Media er med på å oppretthalde og styrke demokratiet og har makt til å setje dagsorden. Ei anna side av nyheitsmedia er at dei er kommersielle aktørar, noko som påverkar innhaldet og rolla som talerør for den offentlege samtalen.

Det klassiske idealet om at pressa skal vere ein arena for demokratiet, er sterkt kritisert av blant andre Habermas, som meiner at kommersialiseringa har gjort profittjakt til hovudføremålet for nyheitsmedia (Allern 2001:19).

(30)

!

%%!

3.3 Nyheitsproduksjon: å strukturere verda

Nyhetsproduksjon handler ikke om å avspeile, men om å strukturere virkeligheten.

Nyheter er ikke hendelser eller begivenheter eller saksforhold eller ideer. Nyheter blir det først når det er gjort til en nyhet gjennom en aktiv fortolkning og bearbeiding. Det betyr at såkalt nyhetsverdi er et resultat av journalistens arbeid (Eide 1992:22).

Omgrepet nyheitsproduksjon har ei rekke myter knytt til seg. Ei av desse er at nyheiter er noko som finst ”der ute” og at det berre er for den gode journalist å gripe dei store sakene. Ei anna framstilling seier at nyheiter inneheld verdiar som gjer at nokre hendingar er meir nyheitsverdige enn andre, og ei tredje førestilling er at journalistar er objektive og kan formidle verda til publikum, nett slik verda er. Desse tre kan høvesvis tilbakevisast og forkastast på denne måten: Nyheiter vert til gjennom nyheitsinstitusjonen sine reglar for arbeidsprosedyrar, som involverar måtar å

observere, tolke og presentere ulike hendingar på. Nyheitsverdiane som ei hending vert vurdert ut i frå, er i aller høgste grad skapt av journalistane og

nyheitsinstitusjonen, då ei enkelthending i seg sjølv ikkje inneheld verdiar eller preferansar. Nyheiter er resultatet av ein sosial prosess, nyheitsproduksjon, der journalistane har rolla som fortolkar og formidlar. Meiningsinnhaldet i nyheitene kan av den grunn aldri vere utan verdiar eller vere haldningsfrie. Røyndomsbiletet som nyheita formidlar kan derfor aldri reflektere det objektive biletet av verda, slik verda faktisk syner seg (Berkowitz 1997:xi).

Eide seier at ”Nyhetsproduksjon er ikke mer tilfeldig enn annen sosial virksomhet”

(Eide 1992:48), og illustrerer dette med dømet tidpress. Tidspress er ein faktor som gjer at nyheitsinstitusjonen er avhengig av å ha effektive prosedyrar og ryddig organisasjon. Auka arbeidsdeling og bruk av teknologiske hjelpemiddel er nyttig, saman med eigne kvardagsrutinar for å effektivisere produksjonen.

Nyheitsproduksjon er i den forstand ikkje spesielt ulik anna produksjon, det vere seg kulturelle produkt eller andre konsumvarer (Eide 1992:48). Eit problem med

organiseringa av nyheitsproduksjon etter deadlines, er i følgje Tuchman at ” […] the organization of newswork prevents newsworkers from constituting some phenomena as public topics” (Tuchman 1978:133). Tidspresset, og rutinane ein må arbeide etter, kan føre til at journalistar vert blinde for nokre hendingar, som dermed ikkje blir nyheiter.

(31)

! %&!

Nyheitsnettet

Tuchman har i sin studie Making News. A Study in the Construction of Reality forsøkt å forklare nyheitsproduksjon og samspelet mellom dei involverte aktørane. Ho

forklarar prosessen ved å illustrere samhandlinga mellom dei ulike aktørane som eit fangstnett. Nettet skal kunne fange opp råmateriale eller stoffmateriale til dagens nyheiter. Eit nett kan som kjent ha ulike masker, alt etter om føremålet er å fange stor eller liten fisk, og dagens nyheitsnett har store masker, meint for store fiskar, nærmare bestemt dei største nyheitssakene (Tuchman 1978:21).

Nettet består for det første av reporterar. Desse er plassert på strategiske stader, til dømes i sentrale institusjonar i samfunnet, der dei forventar at hendingar med nyheitsverdi kan oppstå. Nett som fiskaren, som plasserar seg ved den beste

fiskebanken, plasserar til dømes den politiske journalisten seg ved Stortinget. Her kan ein rekne med at ein finn stoff til dagens politiske nyheiter. Ein konsekvens av denne forma for strategisk plassering av journalistar, er ein reproduksjon av desse

organisasjonane sin legitimitet i samfunnet. For det andre består nettet av det som Tuchman kallar stringers. I Noreg vert frilanskorrespondent som regel brukt i staden for dette omgrepet, og ordet refererer til den lause tilknytinga ein finn mellom journalist og nyheitsorganisasjon som arbeidsgivar. Desse journalistane arbeider på oppdrag for nyheitsmedia, med til dømes å dekke mindre organisasjonar eller geografiske utpostar, som erfaringsmessig har vist seg å nære nyheitsverdige

hendingar. Den tredje komponenten i nettet er nyheitsbyråa. Dei forbind nyheitshusa med fjerne geografiske områder og formidlar informasjon elektronisk og digitalt (Tuchman 1978:21-23).

Dei tre delane i nyheitsnettet kan, ideelt sett, fungere saman på ein slik måte at alle potensielle nyheiter vert fanga opp. Slik er det ikkje alltid i praksis. Dersom ein redaksjon har fått melding frå eit nyheitsbyrå om ei potensiell nyheit, sender dei ofte sin eigen reporter ut på oppdrag for å dekke saka. Trass i at dei kanskje sit på ei tilfredsstillande mengde byråmateriale, som kan danne grunnlaget for ei nyheit, utan at dei treng å oppsøke staden sjølv. Redaksjonen kopierar og reproduserar

nyheitsbyrået si sak, i staden for å supplere nyheitsbiletet med andre sjølvstendige bidrag. På denne måten bekreftar dei byrået sin identifikasjon av ei potensiell nyheit.

Konsekvensen av denne praksisen er at ein får store hol i nyheitsnettet. I staden for at

(32)

!

%'!

dei ulike komponentane utfyller kvarandre og gir publikum eit omfattande

nyheitsbilete, gir nyheitsmedia og byråa sin felles, profesjonelle og institusjonaliserte oppfatting av kva som er nyheiter, ein ufullstendig representasjon av verda.

Informasjonsdelinga mellom dei ulike nyheitsorganisasjonane fører til at publikum får eit holete nyheitsbilete (Tuchman 1978:22-23).

Nyheitsnettet sin organisasjon og praksis kan på denne måten inkludere og ekskludere nokre hendingar som potensielle nyheiter. Både på grunn av sentralisering av

reporterar kring mektige institusjonar, og ved å prioritere stoffet til journalistar i dei ulike delane ulikt. Dessutan er nyheitsnettet forankra i eit komplekst, overlappande ansvarsforhold mellom dei ulike komponentane, som er kontrollert av eit redaksjonelt hierarki. Redaktørane skapar og omskapar stadig standardane for vurdering av

potensielle nyheiter, og ved å implementere desse standardane, stadfestar dei gyldigheita av nyheitsnettet som ei ramme som innfører orden og samanheng i den sosiale røynda (Tuchman 1978:37-38). På denne måten kan nyheitsnettet, sjølve organisasjonen av nyheitsproduksjonen, vere med på å gjere at nokre hendingar som er potensielle nyheiter, vert ekskludert og aldri når nyheitsbiletet.

Ei innvending mot denne studien, er at den er over 30 år gamal. Dersom ein ser journalistikken i lys av den teknologiske utviklinga dei siste 25 åra, er bruken av ny teknologi med på å forandre arbeidsmetodane, og utviklinga har innverknad på nyheitsproduksjonen. ”Converging computing and telecommunications technologies are rapidly rewriting the traditional assumptions of newsroom organization and structure” (Campbell 2004:246). Trass dette, vel eg likevel å nytte nyheitsnettet, då eg meinar at det illustrerar godt korleis nokre nyheiter fell ut av nyheitsbiletet. Sjølv om teknologien er komen mykje lenger enn då Tuchman gjennomførte denne studien, kan nyheitsnettet likevel seie noko om korleis hendingar ikkje vert nyheiter.

3.4 Utanriksnyheiter

Rapportar om det som skjer utanfor dei nasjonale landegrensene, er med på å utvide horisonten og perspektivet ein har på verda. Media spelar i denne samanhengen ei viktig rolle. Enkeltmennesket sine verdsoppfattingar er i stor grad prega av biletet media skapar av røynda utanfor eins eige samfunn. Ein har som regel ikkje

(33)

! %(!

moglegheit til å oppleve alle fjerne himmelstrøk sjølv. Ei heller farlege situasjonar.

For å få eit balansert bilete av verda er det viktig at mange stemmer vert høyrt og at det er mangfald i tema og områder som vert dekka av media. Mediering av andre menneske sine perspektiv og livssituasjonar, forhold mellom nasjonar og

internasjonale relasjonar, kan bidra til ei betre mellomkulturell forståing. Dette kan til dømes gjere utanrikspolitiske avgjersler betre grunngjevne og meir i takt med

samfunnet. For at ulike samfunn skal kunne fungere saman er det viktig at

utanriksnyheitene, som tilbyr informasjon om nasjonale og internasjonale forhold til mannen i gata, politikarar og eliten i samfunnet, ikkje berre frontar eins eigne verdiar og verdsyn, men at andre syn òg blir kommunisert gjennom media (Ginneken

1998:21). Ideelt sett kan utanriksnyheiter spele rolla som mellomledd mellom nasjonar og kulturar og kommunisere nyanserte og mangesidige perspektiv som kan binde kulturar saman (Hafez 2007:24). Nyheiter med internasjonalt stoff er viktig og avgjerdande for enkeltmennesket og korleis det fungerer i takt med eit moderne demokratisk verdssamfunn (Haahr og Holm 2003:13).

Utanriksnyheiter er termen som refererer til rapportar og nyheiter som omhandlar hendingar som tek stad utanfor dei nasjonale grensene ein oppheld seg innanfor. Ein vid definisjon på utanriksnyheiter inkluderer alt som impliserar utlandet. For norske tilhøve kan dette omfatte kulturnyheiter, nordmenn involvert i utanlandske situasjonar og andre relasjonar mellom Noreg og utlandet, saman med situasjonar i utlandet der Noreg ikkje er aktør i det heile tatt (Simonsen 2006:11). Innanfor utanriksnyheitene finn ein stoff som kan delast i tre kategoriar: utanriks utanlands, utanriks innanlands og innanriks utanlands. Desse viser høvesvis til nyheiter som refererer til hendingar i utlandet, hendingar i heimlandet som har nære forbindingar til utanlandet, og

hendingar i utlandet der nordmenn eller nasjonen er involvert (Hafez 2007:38).

Utanriksnyheiter vert som andre nyheiter mediert gjennom journalistikken sine rammer. Journalistar, utanrikskorrespondentar og medarbeidarar i nyheitsbyrå formar informasjonen om hendingar frå ulike delar av verda til nyheiter og kommuniserer dei til det nasjonale publikummet. Desse konstituerar ”den globale offentlige sfære” og skapar eit røyndomsbilete av den verda mottakaren ikkje har direkte tilgong til sjølv (Hafez 2007:24). Innhaldet i utanriksnyheitene er påverka av historiske erfaringar og relasjonar, politisk kultur og samtidige hendingar i heimlandet. Faktorane kan ha noko

(34)

!

%)!

å seie for mengda av internasjonale nyheiter ein finn, samtidig som at dei kan forvrenge verdsbilete media skapar. Ei trend i utanriksnyheitene er at ein som regel finn kommunikasjon om og ikkje kommunikasjon med andre land, og ideologi, kulturelle stereotypar og nasjonale interesser fungerar som filter i forhold til kva nyheiter som når mediebiletet (Hafez 2007:38-39).

Det kan vere vanskeleg å oppretthalde meiningsinnhaldet når ein overfører informasjon frå eit mediesystem til eit anna, og mykje går tapt på vegen til

nyheitsredaksjonen. Dette kan føre til eit fragmentert verdsbilete, der berre eit fåtal områder, tema og perspektiv får internasjonal nyheitsdekking. Eit problem med utanriksnyheiter er at dei ofte vert formidla ut i frå heimlege syn og forhold, og uttrykket ”the domestication of the world” (Hafez 2007:25) er skildrande i forhold til korleis internasjonale hendingar vert sett i kontekst i heimlege media. Medieinnhald av internasjonal karakter vert forvrengt når ein formidlar hendingar ut i frå eins eigen ståstad, slik at nyheitene i større grad reflekterar nasjonale interesser og stereotypar, enn realiteten ein finn i landet det vert rapportert om (Hafez 2007:24-25).

3.5 Nyheitsverdiar

Stuart Hall seier at ”News values are one of the most opaque structures of meaning in modern society” (Hall 1981:234). Trass denne uklarheita finn ein ei mengd studiar som forsøker å avdekke nettopp kriteria som er avgjerdande for om ei hending er nyheitsverdig eller ikkje. Nokre nyheitsverdiar kan til dømes basere seg på dei journalistiske normene relevans, aktualitet og nærheit (Allern 2001:59), medan andre legg vekt på kriteria sensasjon og konflikt. På 1960-talet fekk dette forskingsfeltet to norske bidrag, og ei av desse har hatt stor innverknad på nyheitsforsking i ettertid. Dei fleste studiar av nyheiter og nyheitskriterium refererar til Galtung og Ruge sin studie

”The structure of foreign news”. Då denne studien har ei sentral rolle innanfor nyheitsforsking, vil eg derfor, i dei følgjande avsnitta, vie plass til å presentere denne studien nøye, saman med kritikken av den, då eg betraktar den som nyttig for å svare på problemstillinga mi.

(35)

! %*!

The structure of foreign news

Stig Hjarvard viser i boka Internationale TV-nyheder til eit sitat av den tyske

sosiologiprofessoren Winfried Schulz frå boka Die Konstruktion von Realität in den Nachrichtenmedien. ”… die Theorie [ist] wegen ihrer Plausibilität, ihres

Informationsgehalt, ihrer Systematikk und empirischen Uberprüfbarkeit, der bisher bedeutendste Beitrag auf dem Gebiet der Nachrichtenforschung” (Schulz 1976 i følgje Hjarvard 1995:64). Slik skildrar den tyske professoren det norske

forskingsbidraget ”The structure of foreign news”. Sitatet viser til omfanget og posisjonen denne studien har fått innanfor forskingsfeltet internasjonal

nyheitsformidling. Studien vart utført ved International Peace Research Institute – Oslo, PRIO, og publisert i Journal of Peace Research i 1965.

Studien ”The Structure of Foreign News. The Presentation of the Congo, Cuba and Cyprus Crisis in Four Norwegian Newspapers” er ein klassikar som har vist seg å vere svært nyttig og banebrytande, sjølv om den òg er kritisert frå fleire hald. Den danske professoren Stig Hjarvard, hevdar at det innanfor internasjonal

nyheitsformidling ikkje har kome noko bidrag etter den som kan måle seg med det teoretiske nivået studien held (Hjarvard 1995:63).

Johan Galtung og Mari Holmboe Ruge er forskarane bak ”The structure of foreign news”, og dei forsøkte å avdekke faktorar som har innverknad på nyheitsstraumen frå land utanfor dei nasjonale landegrensene. Dette er hovudproblemstillinga studien søker svar på og det sentrale spørsmålet er ”how do ‘events’ become news ?”

(Galtung og Ruge 1965:65). Den grunnleggande interessa bak studien ligg i antakinga om at verda består av aktørar, individuelle og nasjonale, som handlar i tråd med sitt eige bilete av verda. Dette gjeld òg for internasjonale aktørar, som handlar i forhold til sitt bilete av den internasjonale røynda. Verdsoppfattinga er påverka av blant anna personlege og profesjonelle kontaktar og relasjonar, nasjonale som internasjonale, saman med nyheitsmedia og deira nyheitsformidling. Nyheitsmedia spelar i denne samanhengen rolla som røyndomsformidlar. Studiar som kan setje søkelys på

røyndomsbileta nyheitsmedia presenterer er derfor sentrale. Forskarane søker å finne utanriksnyheitene sin struktur (Galtung og Ruge 1965:64-65).

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Det er ingen prøver som inneholder konsentrasjoner av eksplosiver over 50 mg/kg (0,005 %) og massene vil derfor ikke bli definert som farlig avfall.. Disse massene kan derfor

Diskusjoner omkring radiofrekvenser synes å være noe mer i nærheten av en form for dialog mellom representanter fra ulike avdelinger der man ikke hadde hverken forkunnskap, eller

Denne rapporten gir en oversikt over bunnprøvene FFI har tatt i årene 2004 – 2008 i øvingsfeltet, og de eksperimentelle analysene som er foretatt (kornfordeling, lydhastighet,

Figur 3.33 Respondentens svar på spørsmålet: ”I hvilken grad mener du at karriere og karriereutvikling blir ivaretatt i Hæren i dag?” fordelt på de ulike..

Korleis skil HV seg frå resten av Forsvaret på eigenskapar som er relevant for handtering av uføresette hendingar, og kva evne har HV til å handtere uføresette hendingar.. I

NY LEDER: – Jeg vil re e en stor takk til avtroppende leder Cecilie Risøe, som har lagt grunnmuren og kommet langt med arbeidet til fagstyret, sier Ståle Onsgård Sagabråten..

Det foreligger ikke noe datamateriale om omfanget av bruk av betaling som insentiv i medisinsk og helsefaglig forskning i Norge.. Formålet med denne studien er å kartlegge

Da jeg foreslo å ku e ut behandlingstilbudet som gjaldt en sykdomstilstand som var plagsom, men ikke dødelig, fikk jeg til svar at jeg ikke kunne gjøre endringer som gikk utover