• No results found

Om ein del saker på Samferdselsde-partementets område S t.prp. nr. 76

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Om ein del saker på Samferdselsde-partementets område S t.prp. nr. 76"

Copied!
53
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

(2000-2001)

Om ein del saker på Samferdselsde- partementets område

Tilråding frå Samferdselsdepartementet av 11. mai 2001, god- kjend i statsråd same dagen.

(2)

1 Innleiing

I Finansdepartementets proposisjon om omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet for 2001 som Finansdepartementet legg fram samtidig med Samferdselsdepartementets proposisjon, er det gjort framlegg om løyvingar på Samferdselsdepartementets budsjett for 2001. Desse gjeld programkatego- riane 21.20 Luftfartsformål og 21.50 Jernbaneformål. Endringane blir nærare omtalte i Samferdselsdepartementets proposisjon. I denne proposisjonen blir det også gjort framlegg om vedtak for programkategori 21.30 Vegformål.

Omtalen i denne proposisjonen gjeld desse sakene:

Under 21.10 Administrasjon m.m.:

– Departementet orienterer om ei landsomfattande ordning med ungdoms- kort.

– Det blir gjort greie for eit forsøk for transport for funksjonshemma i arbeids- og utdanningssamanheng som skal finansierast av fleire departe- ment.

Under 21.20 Luftfartsformål:

– Som følgje av at staten inngjekk mellombels kontrakt med nytt selskap for flyruta Oslo - Røros er det behov for å auke løyvinga på kap. 1310, post 70.

– Departementet orienterer om bemanninga i Luftfartstilsynet.

– Det blir gjort framlegg om å etablere nytt treningssenter for brann- og red- ningsteneste i Tjeldsund.

– Det blir gjort greie for revidert budsjett for Luftfartsverket.

– Departementet orienterer om godkjenning av Honningsvåg lufthamn og operasjonane der, og førebelse utgreiingar av alternative løysingar for luft- hamna.

Under 21.30 Vegformål:

– Departementet gjer greie for endringar i nokre økonomiske fullmakter for Statens vegvesen, medrekna tilsegnsfullmakt til Samferdselsdepartemen- tet for å inngå avtalar om forskotering av midlar til vegformål.

– Det blir tilrådd at bompengeselskapet får høve til å utvide bompengeinn- krevjinga på Ev 18 over Eidangerhalvøya for å finansiere m.a. trafikksi- kringstiltak.

– Departementet tilrår at bompengeselskapet får høve til å utvide bompen- geinnkrevjinga for Ev 18 Kristiansand for å finansiere utbygging av hovud- tilkomst til høgskolen i Agder og utbygging av kollektivtiltak.

– Det blir gjort framlegg om at bompengeselskapet får høve til å utvide bom- pengeordningen på Ev 6 Trondheim - Stjørdal for m.a. å fullføre nordre tunnelløp i Grilstadtunnelen.

– Departementet orienterer om oppføring av bomstasjonar og førebuande arbeid på Ev 6 i samband med Østfoldpakka.

– Det blir orientert om søknad frå Stord og Fitjar kommunar om å kunne krevje inn bompengar for å finansiere opprusting og trafikksikring av Ev 39 Jektevik - Sandvikvåg.

– Det blir orientert om start av førebuande arbeid på prosjektet Ev 16 Vol- dum - Seltun i Sogn og Fjordane.

– Pga. plansituasjonen for LOFAST legg departementet opp til å nytte løy-

(3)

vinga til dette prosjektet i 2001 til å starte prosjektet Ev 6 Korgen - Osen.

– Departementet orienterer om anleggstart for utbetring av rasfarleg strek- ning på Ev 6 mellom Røssvoll og Storforshei i Rana kommune.

– Det blir gjort greie for start av arbeidet med rassikring av Ev 6 Trældal - Leirvika i Nordland.

– Det blir tilrådd anleggsstart på rv 5 Knapstad - Kvalvik hausten 2001.

– Det blir orientert om omdisponering av foreslått løyving i 2001 for rv 714 Hitra - Frøya.

– Det blir orientert om korleis resten av kostnadene for bru til Tautra vil bli dekt.

– Departementet orienterer om at det vil gi tilskot til Lenvik kommune som delvis finansiering av kommunen sitt kjøp av Nord-Norsk Trafikksenter.

– Det blir gjort greie for utprøving av snøggåande katamaranferjer.

– Departementet orienterer om Statens vegvesens utvikling av ulike publi- kumsretta tenester over Internett.

– Det blir orientert om at departementet har motteke rapport frå Statskon- sult om organiseringa av produksjonsverksemda i Statens vegvesen.

Under 21.50 Jernbaneformål:

– Deptartementet gjer greie for oppfølginga av tilrådingane i Åsta-rapporten og løyvingar til Jernbaneverket og Statens jernbanetilsyn i denne saman- hengen.

– Det blir gjort greie for fullmakter til JBV om sal og bortfeste av fast eige- dom og om kjøp og feste av grunnareal og kjøp av fast eigedom.

– Det blir orientert om framtidig utnytting av Valdresbanen.

– På bakgrunn av endeleg kjøpsavtale for 2001 blir det lagt opp til å auke betalinga for statleg kjøp av persontransporttenester frå NSB BA med 228 mill. kr.

Under 22.10 Post og telekommunikasjonar:

– Det blir orientert om nye portotakstar frå 1. juli 2001 som følgje av innfø- ring av meirverdiavgift for posttenester.

(4)

2 Programkategori 21.10 Administrasjon m.m.

Ungdomskort

I Budsjett-innst. S. nr. 13 (2000-2001) bad fleirtalet i samferdselskomitéen Regjeringa kome tilbake til Stortinget med tiltak, m.a. eit rabattsystem, som kan bidra til å få ein større del av dei unge til å reise kollektivt. Fleirtalet bad Regjeringa kome tilbake med dette i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001 eller på annan passande måte.

I Innst. S. nr. 119 (2000-2001) Innstilling fra samferdselskomiteen om Nasjonal transportplan 2002-2011, er merknaden frå budsjettinnstillinga gjenteken og framleis lagd til grunn av fleirtalet.

Samferdselsdepartementet legg opp til ei landsomfattande ordning med ungdomskort. Over halvparten av fylkeskommunane har allereie frivillig inn- ført ulike ordningar med ungdomskort.

Saka blir no handsama i Samferdselsdepartementet. Departementet tek sikte på å leggje fram for Stortinget eit opplegg for ei landsomfattande ordning med ungdomskort i statsbudsjettet for 2002.

Kap. 1301 Forsking og utvikling mv.

Transport for funksjonshemma i arbeids- og utdanningssamanheng - forsøk

Regjeringa ønskjer å sikre at funksjonshemma skal kunne delta i arbeidsliv og gjennomføre utdanning. I den samanhengen blir det gjort framlegg om å prøve ut forsøk med arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma. For- søket vil bli gjennomført etter to modellar. I ein del fylkeskommunar vil tryg- deetaten og køyrekontora tilby transporten, i resten av landet der det ikkje alt eksisterer eit tilbod, blir det gjort framlegg om å etablere eit tilbod om trans- port for funksjonshemma til arbeids- og utdanningsreiser i tilknyting til den lokale tt-transporten. Forsøket skal starte opp 1. august 2001, og vil vare i eit år. For 2001 går framlegget ut på at den delen av forsøket som blir utført i til- knyting til den fylkeskommunale tt-transporten, skal finansierast av Samferd- selsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet, Arbeids- og administra- sjonsdepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kom- munal- og regionaldepartementet innafor budsjettrammene for 2001. Over- slagsvis er kostnadene til denne delen av forsøket sett til 5,5 mill. kr for inne- verande budsjettår. Sosial- og helsedepartementet vil dekkje 1,5 mill. kr, dei andre departementa 1 mill. kr kvar. Samferdselsdepartementet dekkjer sin del ved omprioriteringar innafor kap 1301, post 70 Tilskot til rasjonell og miljø- vennleg transport mv. Forsøket er nærare omtalt under omtalen av Sosial- og helsedepartementet i proposisjonen til Finansdepartementet om revisjon av statsbudsjettet 2001.

(5)

3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1310 Flytransport

Post 70 Godtgjering for innanlandske flyruter

Flyselskapet Braathens ASA kunngjorde 15. november 2000 at det ville leggje ned flyrutetilbodet mellom Oslo og Røros frå 2. januar 2001.

Samferdselsdepartementet vurderte den totale transportsituasjonen for Røros-området - med og utan flyrutetilbod - og fann etter ei samla vurdering at staten framleis burde ta ansvar for eit flyrutetilbod på Røros med ein kapasitet tilpassa behova. Vurderingane var m.a. baserte på den rolla flyrutetilbodet spe- ler for den viktige turist- og hotellnæringa på Røros og satsinga dei siste åra på utbygging av hotell- og konferansefasilitetar. Denne næringa er viktig for sysselsetjing og verdiskaping på Røros og i området rundt.

Flyselskapet Danish Air Transport blei på bakgrunn av dei nemnde vurde- ringane og etter ein tilbodskonkurranse der fleire selskap deltok, tildelt mel- lombels kontrakt for å fly mellom Oslo og Røros fram til rutedrift etter ordi- nært anbod kan starte 1. august 2001. Det statlege tilskotet til Røros-ruta fram til 1. august 2001 svarer til 5,2 mill. kr på årsbasis. Kontrakt for drift av ruta etter 1. august 2001 vil bli inngått etter anbodskonkurranse i samsvar med EØS-regelverket. Tildeling av kontrakt vil tidlegast skje 20. juni 2001.

Det blir gjort framlegg om å auke kap. 1310, post 70, med 5,2 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets pro- posisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett 2001. Ein vil kome tilbake til Stortinget dersom det etter anbodskonkurransen blir behov for justeringar av budsjettet for 2001.

Kap. 1313 Luftfartstilsynet (jf. kap. 4313)

Bemanninga i Luftfartstilsynet

Samferdselsdepartementet orienterte i St.prp. nr. 1 (2000-2001), side 44, om at bemanninga i Luftfartstilsynet ville bli nærare vurdert.

Gjennom vinteren 2000/2001 har Luftfartstilsynet overfor departementet gjort nærare greie for korleis etaten ser for seg den vidare utviklinga av bemanninga, særleg i samband med etablering av nye tilsynsområde. Luftfart- stilsynet viser til at i den fasen etaten er no, har tilførsel av kompetanse styrkt m.a. det operative tilsynet. Vidare har etaten starta oppbygging av kompetanse innafor nye tilsynsområde som flysikringssystem, «security» og tilsyn med småflyverksemda. Luftfartstilsynet meiner det vil vere nødvendig å auke bemanninga frå 140 til 155 årsverk totalt for å kunne dekkje alle dei pålagde tilsynsoppgåvene og for å kunne halde høg standard med omsyn til kvalitet, effektivitet og servicenivå. Luftfartstilsynet opplyser at heile organisasjonen i 2001 vil bli gjennomgått med tanke på effektiv bruk av eksisterande ressursar.

(6)

Samferdselsdepartementet legg vekt på at Luftfartstilsynet skal utføre oppgåvene sine med høg kompetanse og kvalitet, samstundes som verksemda skal vere effektiv. Etter departementet sitt syn er det viktig at verksemda skal omfatte også alle dei planlagde nye tilsynsområda. I samband med dette vil departementet framheve at Luftfartstilsynet har ansvar for å ha ei optimal organisering og ressursutnytting mellom dei ulike avdelingane og seksjo- nane.

Departementet legg til grunn at ei eventuell utviding av bemanninga ut over dei 140 årsverka etaten har i dag, må sjåast i samanheng med føresetna- den om effektiv ressursutnytting. I framlegget til statsbudsjett for 2002 vil departementet ta endeleg stilling til bemanninga i Luftfartstilsynet og til even- tuelle produktivitetskrav til verksemda.

Kap. 2450 Luftfartsverket (jf. kap. 5450)

Når det gjeld forslag til vedtak på kap. 2450 Luftfartsverket og kap. 5450 Luftfartsverket, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Post 24 Driftsresultat

Utviklinga i luftfarten etter framlegget av budsjettet for Luftfartsverket sist haust har vist ytterlegare reduksjon i faktisk og venta etterspørsel etter Luft- fartsverkets tenester, og dermed reduserte trafikkinntekter. I den samanhen- gen er det viktig å vere merksam på at inntektene frå flygingane på Oslo Luft- havn, Gardermoen, ikkje inngår i Luftfartsverkets rekneskap anna enn gjen- nom avkastinga frå Oslo Lufthavn AS.

Tabell 3.1: (i 1 000 kr)

Post/underpost Vedteke bud-

sjett 2001 Revidert for-

slag 2001 Endring i pst.

24.1 Driftsinntekter, stamrutenett -2 401 900 -2 405 600 0,2 24.2 Driftsinntekter, regionale lufthamner -219 300 -212 300 -3,2

24.3 Frå reguleringsfondet -76 900 -81 200 5,6

Inntekter i alt -2 698 100 -2 699 100 0,0

24.4 Driftsutgifter, overslagsløyving 1 622 300 1 692 000 4,3

24.5 Driftsutgifter regionale lufthamner, over- slagsløyving

206 700 209 000 1,1

24.6 Avskrivingar 360 000 335 900 -6,7

24.7 Renter av statens kapital 35 100 35 100

24.8 Til investeringsformål 340 000 314 100 -7,6

Utgifter i alt 2 564 100 2 586 100 0,9

24 Driftsresultat -134 000 -113 000 -15,7

30 Flyplassanlegg, kan overførast 700 000 650 000 -7,1

Sum kap. 2450 566 000 537 000 -5,1

(7)

I forhold til St.prp. nr. 1 (2000-2001) reknar Luftfartsverket med ein samla reduksjon i trafikkinntektene på stamrutenettet og dei regionale lufthamnene på om lag 42,6 mill. kr i 2001. Dette inkluderer m.a. konsekvensane av rute- endringane Braathens ASA gjorde ved årsskiftet 2000/2001. Denne svikten i inntektene vil delvis bli kompensert ved ein auke i avkastinga frå Oslo Luft- havn AS på 39,3 mill. kr, frå 200 mill. kr til 239,3 mill. kr. Det blir vidare fore- slått at trekket på Luftfartsverkets reguleringsfond blir auka med 4,3 mill. kr, frå 76,9 mill. kr til 81,2 mill. kr. Det må understrekast at det framleis er stor uvisse knytt til trafikkutviklinga utover i 2001 og dermed også til driftsinntek- tene for Luftfartsverket. Dette kjem m.a. av omlegginga av dei fiskale flyavgif- tene frå 1. april 2001.

Frå og med 2001 vil Luftfartsverkets driftskostnader auke med 43,8 mill.

kr pr. år som følgje av Luftfartsverkets planlagde overtaking av plass-, brann- og redningstenesta på Værnes og Banak, som konsekvens av implementering av rammeavtalen med Forsvaret om den økonomiske driftsansvarsfordelinga for flyplassar med både sivil og militær verksemd. Det er lagt inn utgifter knytt til lønnsoppgjøret for 2001 på 13 mill. kr og auka pensjonsutgifter på 13 mill.

kr. I tillegg er det lagt inn 21 mill. kr i auka kostnader for Luftfartsverket som halvårseffekt av den vedtekne omlegginga av meirverdiavgiftssystemet frå 1.

juli 2001.

Luftfartsverket har redusert driftsutgiftene på andre område, noko som er rekna til om lag 18,8 mill. kr i 2001. Dette fører til at netto auke i driftsutgiftene i forhold til St.prp. nr. 1 (2000-2001) er 72 mill. kr. Driftsutgifter for stamrute- lufthamnene og dei regionale lufthamnene aukar dermed frå 1 829 mill. kr til 1 901 mill. kr, dvs. 3,9 pst.

Av omsyn til utviklinga i Luftfartsverkets økonomi og auka kostnader i samband med innføring av meirverdiavgift på tenester, blir det gjort framlegg om at avkastingskravet frå Luftfartsverket blir redusert med 21 mill. kr.

Post 30 Flyplassanlegg

Som følgje av endringane i driftsinntekter og driftsutgifter, blir det gjort fram- legg om å redusere investeringsramma i 2001 frå 700 mill. kr til 650 mill. kr.

Dette er ein reduksjon på 7,1 pst. Det nye investeringsnivået fordeler seg med 520 mill. kr (mot tidlegare 536 mill. kr) til stamruteplassane og 130 mill. kr (mot tidlegare 164 mill. kr) til dei regionale lufthamnene.

Dei mest omfattande endringane i investeringane for stamruteluftham- nene gjeld desse prosjekta:

Stavanger lufthamn, Sola - utviding av ekspedisjonsbygg

Til og med 2000 var det løyvd til saman 54 mill. kr til planlegging, prosjekte- ring og byggjestart. I samband med Stortingets handsaming av St.prp. nr. 1 (2000-2001) blei det løyvd 91,2 mill. kr til vidare prosjektering og planlegging.

Utvidinga av ekspedisjonsbygget ved Stavanger lufthamn, Sola, har vore underlagt ekstern kvalitetssikring på grunn av at prosjektet har ei kostnads- ramme på meir enn 500 mill. kr, jf. omtalen i St.prp. nr. 1 (2000-2001), og i Gul bok for 2000. Den utførte kvalitetssikringa gir ei i hovudsak positiv omtale av kvaliteten av og innhaldet i Luftfartsverkets gjennomførte planleggingsarbeid knytt til Sola-utbygginga. Kostnadsoverslaget er foreslått sett til 562,5 mill. kr,

(8)

medrekna ein reserve for venta tillegg på 29 mill. kr. Den viktigaste tilrådinga frå kvalitetssikrarane gjeld metodikk for handtering av uvisse i eit slikt stort prosjekt.

På bakgrunn av kvalitetssikringa er kostnadsoverslaget no auka frå 556 mill. kr til 562,5 mill. kr.

Prosjektet blir no gjennomgått på nytt med sikte på reduserte totalkostna- der, m.a. i lys av utviklinga i Luftfartsverkets økonomi. Det er derfor ei uvisse knytt til oppstartstidspunktet for utbygginga, men prosjektet er framleis høgt prioritert. Til vidare prosjektering i 2001 legg ein opp til å nytte om lag 20 mill.

kr som blir overført frå 2000, i tillegg til 10 mill. kr som revidert løyving for 2001. Ein legg opp til at løyvinga for prosjektering og planlegging blir redusert frå 91,2 mill. kr til 10 mill. kr i 2001.

Utskifting av flykontrollsystema (NATCON), Sola, Flesland, Værnes, Bodø

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2000-2001) blei det løyvd 58 mill. kr til dette tiltaket. Investeringane vil i hovudsak gå med til å vidareføre innflygings- og kontrollsentralen i Stavanger, samt førebuande arbeid ved Flesland innfly- gingskontroll. Totalbudsjettet er basert på risikoanalysar knytte til uvissa i kostnadsoverslaga. Totalkostnadene er rekna til 298,4 mill. kr. For 2001 blir det foreslått å auke løyvinga til dette prosjektet til 76 mill. kr, inkl. 15 mill. kr i tryggleiksanalyse.

Isvarslingsanlegg

I samband med auka krav til banevedlikehald blir kjemikaliar (avisingsvæske) brukt som førebyggjande tiltak. For å optimalisere bruken av kjemikaliar av omsyn til verknadene på miljøet og økonomien, har det vore planlagt å instal- lere isvarslingssystem (temperaturfølarar i rullebanen) på stamruteplassane.

Det var tidlegare lagt opp til å starte installasjon av isvarslingssystem ved dei viktigaste lufthamnene i 2001, men dette arbeidet vil bli noko utsett.

Endringane i investeringane for regionale lufthamner gjeld desse pro- sjekta:

Bygg og anlegg

Bygging av nytt kontrolltårn ved Florø lufthamn blir avslutta i 2002, mot tidle- gare lagt til grunn 2001. Det vil i 2001 bli gjennomført fornying/oppgradering av driftsbygg ved enkelte lufthamner. Vidare vil banesystem (taksebanar og plattformer) bli reasfaltert ved m.a. lufthamnene Sogndal, Rørvik og Leknes. I tillegg vil det bli sett av midlar til diverse oppgraderings- og rehabiliteringstil- tak av høg prioritet.

Det blir etter dette gjort framlegg om å setje av 17,8 mill. kr til bygg og anlegg i 2001, mot tidlegare 60 mill. kr.

Flynavigasjonsanlegg og utstyr for flyvêrtenesta

Det blir gjort framlegg om at løyvinga for 2001 til fornying og utskifting av fly- navigasjonsanlegg og utstyr for flyvêrtenesta på regionale lufthamner, blir auka til 21,3 mill. kr, mot 16 mill. kr i St.prp. nr. 1 (2000-2001). Løyvinga vil bli

(9)

fordelt på renovering og utskifting av kontrollutstyr i tårn, navigasjonsanlegg og meteorologisk utstyr.

Teknisk og operativ oppgradering

Til teknisk og operativ oppgradering, inkludert GNSS med 4 mill. kr, blir det gjort framlegg om å løyve 25,9 mill. kr i 2001 mot 40 mill. kr i St.prp. nr. 1 (2000-2001). I forhold til St.prp. nr. 1 (2000-2001) fører dette til at oppgradering av flyplassbelysning ved Mehamn lufthamn blir gjennomført. Oppgradering av endefelt på Rørvik og Mehamn og flyplassbelysning på Rørvik blir utsette inntil vidare. Utsetjinga av dei tidlegare planlagde oppgraderingane av ende- felta på Rørvik og Mehamn kjem som følgje av både reduserte investerings- rammer og framleis uvisse når det gjeld Luftfartstilsynets godkjenning av plas- sane.

Rullande materiell

For 2001 blir det gjort framlegg om å setje av 20,8 mill. kr i staden for 18 mill.

kr som i St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Security og anna

Til kjøp av røntgenutstyr, gjerder og utstyr til kontrollav tilgjenge blir det gjort framlegg om å løyve 6,4 mill. kr ved regionale lufthamner. I tillegg kjem diverse miljøtiltak og IT-tiltak og andre landsomfattande tiltak på i alt 37,8 mill.

kr. Samla utgjer denne delen 44,2 mill. kr.

Etablering av treningssenter for brann- og redningsteneste i Tjeldsund i Nordland

Regjeringa foreslår etablering av nytt treningssenter for brann- og redningste- neste i Tjeldsund i Nordland, samlokalisert med Norges brannskole. Det nye senteret kjem i tillegg til dagens verksemd på Trandum ved Gardermoen.

Investeringsbehovet er førebels kostnadsrekna til i overkant av 30 mill. kr. Dei årelge driftskostnadene for Luftfartsverket er rekna med å auke noko i forhold til samla drift på Trandum (førebels rekna til om lag 4 mill. kr).

Regjeringa vil kome tilbake til saken i seinare budsjettframlegg.

Honningsvåg lufthamn

Godkjenning av lufthamna og operasjonane der

I St.prp. nr. 1 (2000-2001), side 53, orienterte Samferdselsdepartementet om dei operative tilhøva og moglege behov for utbetringar ved Honningsvåg luft- hamn. På det tidspunktet var det uvisst kva for godkjenning Luftfartstilsynet ville gi for lufthamna og om operasjonar med DHC-8 framleis ville bli god- kjente.

Etter Luftfartstilsynets godkjenning av 20. oktober 2000 er Honningsvåg lufthamn open for generell bruk av fly med under 5 700 kg som høgste start- vekt og med mindre enn 10 passasjersete. Operasjonar med større fly krev at operatøren har særskild godkjenning frå Luftfartstilsynet for å trafikkere luft- hamna med spesifisert flytype. Widerøe's Flyveselskap ASA har fått slik sær-

(10)

skild godkjenning for bruk av DHC-8-103. Både godkjenninga av lufthamna og av Widerøes operasjonar er gyldige til 1. august 2001.

Luftfartsverket må innan 1. mai 2001 søkje Luftfartstilsynet om fornya god- kjenning av lufthamna frå 1. august 2001. Luftfartstilsynet vil òg gjennomføre ei ny vurdering av Widerøes godkjenning frå 1. august 2001.

Departementet legg til grunn at Luftfartsverket vil halde lufthamna ved like med sikte på at godkjenninga av ho skal kunne fornyast etter 1. august 2001. Ein føresetnad er da at ikkje nye uventa og vesentlege forhold verkar inn på godkjenninga av lufthamna. Dersom det skulle skje vesentlege endringar knytte til godkjenninga av operasjonane til Widerøe, vil departementet om nødvendig finne andre løysingar, i tråd med det som blei nemnd i St.prp. nr. 1 (2000-2001). Departementet vil følgje situasjonen nøye i høve til Luftfartsver- ket og rutedrifta.

Vidare utgreiingar

I samband med ei samla vurdering av den regionale lufthamnstrukturen som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002- 2011, jf. Innst. S. nr. 119 (2000-2001), har Luftfartsverket gjort førebelse utgrei- ingar av alternative løysingar for Honningsvåg. Utgreiingane viser at det må reknast med sterke operative restriksjonar og låg regularitet ved Honnings- våg lufthamn. Den vêrmessige regulariteten er av Det norske meteorologiske institutt rekna til om lag 80-85 pst. på årsbasis.

Det kan fysisk vere mogleg å ruste opp lufthamna. Ei avgrensa oppgrade- ring er rekna til rundt 60-70 mill. kr, medan ei full oppgradering til om lag same standard som andre regionale lufthamner har i dag, er rekna til om lag 150 mill. kr. På grunn av vêr- og vindrestriksjonane reknar Luftfartsverket det likevel som usikkert om slike utbetringar vil verke nemneverdig inn på regu- lariteten. Lufthamna kan ikkje utviklast vidare med den generelle teknisk-ope- rative oppgraderinga som det blir lagt opp til for regionale lufthamner.

Luftfartsverket har vidare gjort førebelse operative vurderingar av moglege alternative stader for ei eventuell ny lufthamn, til erstatning for noverande Honningsvåg lufthamn og eventuelt òg for andre lufthamner i regi- onen. Desse vurderingane tyder på at det kan vere mogleg å byggje ei ny luft- hamn på Porsangernesryggen nær det sørlege tunnelinnslaget for fastlands- sambandet til Magerøya. Eit grovt overslag tyder på at kostnadene for ei slik lufthamn vil bli om lag 235 mill. 2001-kr, og at ferdigstilling kan skje tidlegast i 2009. I tillegg er ulike løysingar nær Olderfjord og Skaidi vurderte, men Luft- fartsverket har kome til at desse ikkje vil vere aktuelle, særleg på grunn av dei operative tilhøva. Vidare kan ein vente at desse alternativa, og spesielt Older- fjord, vil bli enda dyrare å byggje ut enn Porsangernesryggen.

Ikkje minst på grunnlag av dei store investeringane som eventuelt må gje- rast anten på dagens Honningsvåg lufthamn eller ein ny lokalitet, legg depar- tementet til grunn at dei vidare utgreiingane og endeleg avgjerd om Honnings- våg lufthamn må skje på lik linje og i samanheng med det generelle arbeidet med den regionale lufthamnstrukturen. Dette vil sikre eit best mogleg grunn- lag for prioriteringane av investeringar på det regionale lufthamnnettet.

Departementet reknar med å kome tilbake til saka hausten 2001.

(11)

4 Programkategori 21.30 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen (jf. kap. 4320)

Endringar i økonomiske fullmakter for Statens vegvesen

Statens vegvesen har ei rekkje økonomiske fullmakter. Samferdselsdeparte- mentet legg opp til å justere grensene innafor nokre av desse. Fullmaktene bør justerast fordi det er mange år sidan dette blei gjort. Justeringane har også samanheng med det styringssystemet som gjeld i dag, der vegvesenet har fått større grad av fridom, jf. omlegging av statsbudsjettet for vegformål med verk- nad frå og med 1998, og at det er gjennomført eit skilje i styringa mellom stam- vegar og andre riksvegar. Dei fullmaktene som skal justerast ligg innafor områda mellombelse omdisponeringar av midlar, varige omdisponeringar (bruk av innsparte midlar) og forskotteringar.

Mellombelse omdisponeringar av midlar

Formålet med ordninga er å få ei rasjonell utnytting av løyvingane. No har Sta- tens vegvesen fullmakt til å gjere mellombels omdisponering innafor og mel- lom fylke som medfører sperring på maksimum 25 mill. kr for kvart anlegg og maksimum 30 pst. av den totale riksvegløyvinga til fylket i vedkomande år.

For mellombelse omdisponeringar mellom prosjekt og fylke av statlege midlar blir det lagt opp til følgjande nye fullmakter for Statens vegvesen:

– Det skal ikkje vere avgrensingar for mellombelse omdisponeringar mel- lom stamvegprosjekt og prosjekt på det øvrige riksvegnettet ut over dei nedanståande for stamvegramma og fylkesfordelt ramme.

Stamvegramma: Maksimum 30 mill. kr pr. prosjekt og 30 pst. av den totale løyvinga til stamvegar i vedkomande år.

Fylkesfordelt ramme: Maksimum 30 mill. kr pr. prosjekt både innafor eit fylke og mellom fylke. Maksimum 30 pst. av løyvinga til fylket over fylkes- fordelt ramme i vedkomande år kan bli lånt innafor fylket og mellom fylke.

Oppstart av prosjekt: Prosjekt som er prioritert innafor handlingsprogram- met for inneverande fireårsperiode og som er av ein slik storleik at det ikkje er aktuelt med omtale i St.prp. nr. 1. Lånte midlar som skal nyttast til oppstart av prosjekt på det øvrige riksvegnettet, skal vere handsama av fyl- keskommunen. Ved usemje mellom fylkeskommunen og vegkontoret eller Vegdirektoratet skal saka leggjast fram for Samferdselsdepartemen- tet.

Mellombelse omdisponeringar av bompengar (gjeld berre for bompengepak- ker) skal ha dei same fullmaktene som for statlege midlar, men med følgjande presiseringar:

– Mellombelse omdisponeringar av bompengar i bompengepakker skal utgjere maksimum 30 pst. av det totale bompengebidraget frå bompenge- pakka i vedkomande år.

– Mellombelse omdisponeringar av bompengar i bompengepakker til opp- start av prosjekt både på stamvegnettet og på det øvrige riksvegnettet skal vere handsama av fylkeskommunen.

(12)

Varige omdisponeringar av midlar (bruk av innsparte midlar)

Formålet med denne ordninga er også å få ei rasjonell utnytting av løyvingane.

No har Statens vegvesen fullmakt til å overføre innsparingar på maksimum 2 mill. kr på eit prosjekt til ein disposisjonspost og overføre innsparingar på maksimum 5 mill. kr på eit prosjekt til prosjekt som er tekne opp til løyving på same riksvegstrekning.

For varige omdisponeringar av statlege midlar blir det lagt opp til føl- gjande nye fullmakter for Statens vegvesen:

Stamvegramma: Maksimum 30 mill. kr pr. prosjekt og 10 pst. av den totale løyvinga til stamvegar i vedkomande år.

Fylkesfordelt ramme: Maksimum 30 mill. kr pr. prosjekt og 30 pst. av løy- vinga til fylket over fylkesfordelt ramme i vedkomande år.

Oppstart av prosjekt: Prosjekt som er prioritert innafor handlingsprogram- met for inneverande fireårsperiode og som er av ein slik storleik at det ikkje er aktuelt med omtale i St.prp. nr. 1. Omdisponeringar som skal nyt- tast til oppstart av prosjekt på det øvrige riksvegnettet, skal vere handsama av fylkeskommunen. Ved usemje mellom fylkeskommunen og vegkonto- ret eller Vegdirektoratet skal saka leggjast fram for Samferdselsdeparte- mentet.

Varige omdisponeringar av bompengar (gjeld berre for bompengepakker) skal ha dei same fullmaktene som for statlege midlar, men med desse presise- ringane:

– Varige omdisponeringar av bompengar i bompengepakker skal utgjere maksimum 30 pst. av det totale bompengebidraget frå bompengepakka i vedkomande år.

– Varige omdisponeringar av bompengar i bompengepakker til oppstart av prosjekt både på stamvegnettet og på det øvrige riksvegnettet skal vere handsama av fylkeskommunen.

Forskoteringar

Gjeldande retningslinjer for forskoteringar blei lagde fram for Stortinget i St.meld. nr. 32 (1988-89) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93. Statens vegve- sen har pr. i dag fullmakt til å godkjenne forskotering av prosjekt med ein kost- nad på maksimum 10 mill. kr.

I Budsjett-innst. S. nr. 13 (1998-99) står det m.a. følgjande:

«Komiteen er av den oppfatning at en bør være ytterst varsom med å godkjenne forskutteringsavtaler for nye vegprosjekter som ikke ligger inne i Norsk veg- og vegtrafikkplan, og at forskutteringer i hovedsak knyttes til igangsatte prosjekter.»

Fråsegna er ei endring/innskjerping i høve til retningslinjene i St.meld. nr. 32 (1998-99). Samferdselsdepartementet meiner at det i utgangspunktet ikkje bør vere nødvendig med forskotering knytt til prosjekt som er tekne opp til løyving, jf. at finansieringa av prosjektet bør sikre ønskt/rasjonell anleggsdrift.

I ein situasjon der dette ikkje er mogleg bør det opnast for forskotering.

For forskoteringar der anleggsstart blir framskunda bør dette berre bli til- late for prosjekt som i hovudsak er fullfinansiert i handlingsprogrammet for 10-årsperioden i Norsk veg- og vegtrafikkplan og Nasjonal transportplan.

(13)

Samferdselsdepartementet foreslår at Stortinget i samband med dei årlege budsjetta fastset ei ramme som departementet får fullmakt til å inngå forskoteringsavtalar innafor. For 2001 gjer ein framlegg om at Samferdselsde- partementet får fullmakt til å inngå forskoteringsavtalar for inntil 600 mill. kr ut over gitt løyving på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, og slik at samla refusjonsansvar knytt til nye og alt inngåtte forskoteringsavtalar ikkje overstig 1 800 mill. kr. Refusjonar på vilkår kjem i tillegg og skal leggjast fram for Stor- tinget.

Forskoteringar i samband med oppstart av prosjekt der prosjekta er av ein slik storleik at dei blir lagde fram i budsjettproposisjonane, skal framleis leg- gjast fram for Stortinget i samband med dei årlege budsjetta eller i eigne stor- tingsproposisjonar. Slike forskoteringar blir også omfatta av fullmakta på 600 mill. kr.

Samferdselsdepartementet legg opp til følgjande forskoteringsfullmakter for Statens vegvesen innafor den foreslåtte fullmaktsramma til departementet:

Stamvegramma: Det blir ikkje sett noka grense for prosjekt som er tekne opp til løyving. For prosjekt som ikkje er tekne opp til løyving blir forsko- teringsgrensa sett til 30 mill. kr. Fullmakta til forskotering innafor stamve- grutene blir knytt til det totale nivået på løyvingane for stamvegar. Samla beløp til refusjonar i det året desse kjem til utbetaling skal ikkje overskride 20 pst. av løyvinga over kap. 1320, post 30.1 Stamvegar, i det året avtalen om forskotering blir underskriven.

Fylkesfordelt ramme: Det blir ikkje sett noka grense for prosjekt som er tekne opp til løyving. For prosjekt som ikkje er tekne opp til løyving blir forskoteringsgrensa sett til 30 mill. kr. Fullmakta til forskotering blir knytt til det totale nivået på løyvingane til fylket. Samla refusjonsbeløp i det året dei blir utbetalte, må ikkje overskride 20 pst. (25 pst. inkl. refusjonar på vil- kår) av løyvinga i det året avtalen om forskotering blir underskriven.

Oppstart av prosjekt: Prosjekt som er prioriterte innafor handlingspro- grammet for inneverande fireårsperiode og som er av ein slik storleik at det ikkje er aktuelt med omtale i St.prp. nr. 1. Prosjekt med ein prosjekt- kostnad under 30 mill. kr som er førebels prioritert i handlingsprogram- met for den 10-årsperioden som Norsk veg- og vegtrafikkplan/Nasjonal transportplan omfattar. Mindre investeringstiltak med ein prosjektkost- nad under 15 mill. kr uavhengig av om dei er prioriterte i handlingspro- grammet for den 10-årsperioden som Norsk veg- og vegtrafikkplan/Nasjo- nal transportplan omfattar eller ikkje.

Alle forskoteringar skal vere handsama av fylkeskommunen. Ved usemje mel- lom fylkeskommunen og vegkontoret eller Vegdirektoratet skal saka leggjast fram for Samferdselsdepartementet. Ved framskunding av bompengepro- sjekt, der utgiftene til forskotering skal bli belasta trafikantane og der det blir ein auke i belastingane i høve til det som er lagt til grunn i bompengeproposi- sjonen, skal det leggjast fram for Samferdselsdepartementet. Dette skal gjelde i dei tilfella der bompengesatsane aukar eller perioden for innkrevjing blir for- lengd med tre månader eller meir.

Samferdselsdepartementet vil fastsetje nærare retningslinjer for bruken av fullmaktene på dei tre områda.

(14)

Ev 18 over Eidangerhalvøya - utviding av eksisterande bompengeordning

Innkrevjing av bompengar til prosjektet Ev 18 Lanner - Rugtvedt i Telemark starta opp i juni 1986, jf. St.prp. nr. 7 (1985-86). Utbygging av parsellen blei full- ført i 1996. Prosjektet kosta totalt 903 mill. kr (2001-kr) og av dette er bidraget frå Lanner bomstasjon 468 mill. kr (2001-kr), dvs. 51,8 pst.

Vi viser til St.prp. nr. 57 (1997-98) Om delvis bompengefinansiering av videre utbygging av Ev 18 mellom Gutu og Kopstad i Vestfold, der det er lagt opp til at innkrevjing frå bomstasjonen på Ev 18 Lannerheia i Telemark er avvi- kla innan 1. januar 2002. Samferdselsdepartementet rekna med at selskapet ville vere gjeldfri innan 1. januar 2002. Om det skulle stå att gjeld, måtte sel- skapet søkje om å få forlengd bompengeperioden for ein kortare periode i tråd med gjeldande avtale. Vegdirektoratet har etter dette handsama ein søknad om forlengd bompengeperiode og godkjent at innkrevjinga på Lanner bomsta- sjon blir avslutta 15. mars 2002.

Det er no behov for å gjennomføre fleire mindre trafikksikringstiltak på nye Ev 18 som ein ikkje var tilstrekkeleg merksam på før etter opninga av den nye vegen. Dei aktuelle tiltaka er oppsetting av viltgjerde, utviding og ombyg- ging av tilfartsvegar, køyrefeltsignal ved tunnelar og bruer, utbetring av rekk- verk ved tunnelportalane, utbetring av nattlys i tunnelane, bommar og skilt til bruk når Ev 18 blir sperra og detektor til automatisk varsling av hendingar i ein av tunnelane. Kostnadene er utrekna til om lag 13 mill. kr.

I tillegg til desse tiltaka er det foreslått bygging av rundkøyring og miljø- tiltak på gamle Ev 18 på strekninga Rugtvedt - Heistad - Kjørholt for at denne skal kunne vere ein fullverdig omkøyringsveg. Kostnadene er utrekna til om lag 5 mill. kr. Tiltakskostnadene blir til saman om lag 18 mill. kr.

Det er søkt om løyve til å utvide bompengeinnkrevjinga for å finansiere desse aktuelle trafikksikringstiltaka. Ut frå bompengeinntektene i dag er det rekna med at utvidinga av prosjektet, saman med meirutgifter i samband med innføring av meirverdiavgift på tenester vil forlengje bompengeperioden med vel 4 månader. Innkrevjinga kan då avsluttast i byrjinga av august 2002.

Porsgrunn og Bamble kommunar, og Telemark fylkeskommune (ved ved- tak i fylkesutvalet 22. februar 2001) har slutta seg til søknaden.

Samferdselsdepartementet meiner det er sterkt ønskjeleg å gjennomføre dei nemnde tiltaka og tilrår at bompengeselskapet får høve til å utvide bom- pengeinnkrevjinga på Lanner i samsvar med omtalen ovafor.

Ev 18 i Kristiansand - utvida bompengeordning

Bompengefinansieringa av Ev 18 i Kristiansand i Vest-Agder er handsama i St.prp. nr. 69 (1996-97) Om delvis bompengefinansiering av Ev 18 i Kristian- sand i Vest-Agder og St.prp. nr. 68 (1998-99). Utvidinga gjeld finansiering av ny hovudtilkomst til Høgskolen i Agder (HiA-sambandet), og finansiering av tiltak for kollektivtrafikken i Kristiansand.

HiA-sambandet

St.prp. nr. 69 (1996-97) omtaler framtidig utbygging av HiA-sambandet. Det blei her vist til at trafikken til Gimlemoen vil auke når HiA blir ferdig utbygd,

(15)

og at ny Ev 18 gir høve for ny hovudtilkomst til høgskoleområdet og betre til- høve for kollektivtrafikk og gang- og sykkeltrafikk. HiA-sambandet var likevel ikkje omfatta av bompengeordninga sidan finansieringa ikkje var avklara mel- lom kommunen og utbyggjar av HiA.

Kristiansand kommune meiner HiA-sambandet er eit viktig ledd i betring av samferdselssituasjonen i byen, og går no inn for at prosjektet blir finansiert i hovudsak gjennom utvida bompengeinnkrevjing frå dei eksisterande bomstasjonane. Nytt hovudsamband mellom Ev 18 og høgskoleområdet betrar framkomsten for trafikken og reduserer miljøulempene i bustadområda ved at desse blir avlasta for trafikk. Ny hovudtilkomst betrar også tilhøva for kollektivtrafikken og gang- og sykkelvegtrafikken mellom Gimlemoen og resten av byen. Vidare utbygging av høgskoleområdet vil gi meir trafikkvekst.

Figur 4.1 HiA-sambandet

HiA-sambandet, som i hovudsak er eit tunnelprosjekt, har godkjent regule- ringsplan og er kostnadsrekna til 60 mill. kr. Det er gjort framlegg om ei finan- siering med bompengebidrag på 50 mill. kr, tilskot på 5 mill. kr frå Kristian- sand kommune og 5 mill. kr frå riksvegbudsjettet. Ved å gjere ferdig HiA-sam- bandet i 2002 unngår ein å byggje mellombels avlastingsveg ved bygging av Oddernestunnelen på Ev 18 Bjørndalssletta - Gartnerløkka. Innsparinga på 5 mill. kr for prosjektet Ev 18 Bjørndalssletta - Gartnerløkka kan bli overført som tilskot til HiA-sambandet.

Vegstatus for HiA-sambandet vil bli avklart på eit seinare tidspunkt. Det er forslag om at HiA- sambandet får riksvegstatus, med Statens vegvesen som byggherre for prosjektet.

Tiltak for framkomst i kollektivtrafikken

Kristiansand kommune går inn for å utvide bompengeordninga til å dekkje til- tak for framkomsten for busstrafikken frå Vågsbygd i vest, via sentrum og til Rona i aust. Det er i dag køproblem på innfarten frå aust og vest til Kvadratu- ren.

(16)

Tiltaket omfattar kollektivfelt på rv 456 Lumberkrysset - Hannevikdalen og Ev 39 Hannevikdalen - Sentrum, og bussterminal på rv 471 ved Oddemarka. I tillegg inngår fleire mindre kollektivfremjande tiltak på strekninga.

Finansiering

I St.prp. nr. 68 (1998-99) er det lagt opp til at bompengeinnkrevjinga er avslutta ved årsskiftet 2003/2004, eller hausten 2004 dersom det skal krevjast inn 50 mill. kr ekstra til gang- og sykkelvegutbygging.

Finansieringa av gang- og sykkelvegutbygginga vil bli avklart i handsa- minga av handlingsprogrammet. Utbygginga av HiA-sambandet i 2002 og kol- lektivtiltak i 2003-2005 føreset låneopptak. Med kapitalkostnader på om lag 20 mill. kr medfører utvidinga av bompengeordninga at innkrevjinga blir for- lengd med om lag eit år og tre månader.

Lokal handsaming

Kristiansand kommune gjorde i møte 7. mars 2001 dette vedtaket:

«2. Bystyret anser etablering av regulert vegforbindelse fra E18 på Bjørndalssletta til HiA og etablering av en høykvalitets bussmetro som meget viktig for den totale samferdselssituasjonen i Kristiansand. Det søkes derfor om tillatelse til å utvide bompengeordningen med kr 75 mill (2000-kroner) + lånekostnader.

3. Det søkes om tillatelse til nødvendig opptak av lån slik at anleg- get kan gjennomføres tidsnok.»

Vest-Agder fylkeskommune handsama saka politisk i fylkesutvalet 21. mars 2001 og gjorde dette vedtaket:

«1. Vest-Agder fylkeskommune anser etablering av regulert vegforbin- delse fra E18 på Bjørndalssletta til Høgskolen i Agder (HiA) og en høy- kvalitets bussmetro som meget viktig for den totale samferdselssituasjonen i Kristiansand. Det anbefales at bompengeord- ningen i Kristiansand utvides med 75 mill kr (2000-kr) pluss lånekost- nader til dekning av dette.

2. Det anbefales at det søkes om tillatelse til nødvendig opptak av lån slik at anlegget kan gjennomføres tidsnok.

3. Vedtaket er fattet i medhold av kommunelovens § 13 (hastepara- grafen).»

Saka har vore lagt fram for nabokommunane Vennesla, Søgne, Songdalen, Lil- lesand og Birkenes. Lillesand, Vennesla og Songdalen kommunar er i mot utviding av innkrevjinga, da dei meiner at det fører til at kommunale byggje- oppgåver i Kristiansand dels blir finansiert av innbyggjarar i nabokommuner.

Søgne kommune meiner at ordninga dels bryt med prinsippa for bompenge- innkrevjing, og at transportplanlegginga burde ha vore meir samordna med nabokommunane. Birkenes kommune har ikkje uttalt seg.

Samferdselsdepartementets vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at den foreslåtte utvidinga av bompenge- prosjektet vil innebere eit noko dårlegare samsvar mellom nytte av prosjektet,

(17)

og betalinga av det. Dessutan viser departementet til at prosjektet allereie er utvida med tre bomstasjonar, jf. St.prp. nr. 68 (1998-99).

Departementet meiner likevel at ny hovudtilkomst til Høgskolen i Agder og tiltak for utbygging av kollektivtrafikken er viktige ledd i betringa av sam- ferdselssituasjonen i Kristiansand. Å samle trafikken i ein hovudtilkomst mel- lom Ev 18 og høgskoleområdet betrar framkomsten og reduserer miljøulem- pene i bustadområda. Med køproblem i dag mot sentrum frå aust og vest er framkomsttiltak for busstrafikken eit viktig tiltak som vil styrkje kollektivtilbo- det i Kristiansand. Departementet legg òg vekt på grunngjevinga til Kristian- sand kommune for utvidinga av bompengeinnkrevjinga, som vertskommune for bommane og eigar av bompengeselskapet, og tilrår at bompengeselskapet får høve til å utvide bompengeinnkrevjinga i samsvar med omtalen ovafor.

Ev 6 Trondheim - Stjørdal i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag - utviding av bompengeprosjektet

Innleiing

Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 124 (1986-87) samtykte Stortinget i delvis bompengefinansiering av ei etappevis utbygging av ny Ev 6 Trondheim - Stjør- dal, jf. Innst. S. nr. 74 (1987-88).

Heile anlegget var meint å stå ferdig i 1994. I St.prp. nr. 42 (1994-95) blei det gjort greie for svikt i bompengeinntektene og for framdrifta for prosjektet.

Stortinget vedtok eit nytt innkrevjingsystem som skulle gjere bompengesel- skapet i stand til å handtere gjelda, jf. Innst. S. nr. 207 (1994-95). Den vidare utbygginga av endeparsellane Nidelv bru - Grilstad i Trondheim og Værnes - Kvithamar i Stjørdal skulle ein kome tilbake til i samband med revisjonar av Norsk veg- og vegtrafikkplan.

Forslag til utviding av prosjektet

I St.prp. nr. 124 (1986-87) heiter det at ny Ev 6 Nidelv bru - Ranheim, som Gril- stadtunnelen er ein del av, skal regulerast som firefelts veg, men i første omgang stort sett bli bygd som tofelts veg. Vidare heiter det at spørsmålet om utviding til firefelts veg vil bli teke opp som eiga sak etter at behovet for dette er vurdert nærare.

For å redusere ulempene for dei som bur i området og for trafikantane, blei det vedteke å sprengje ut nordre tunnelløp gjennom Grilstadhaugen sam- stundes med søre tunnelløp. Det står derfor berre att å setje nordre løp i stand til å bli opna for trafikk.

Grilstadtunnelen har i dag ein trafikk pr. døgn på om lag 14 000 køyretøy.

Det er tidvis kø gjennom bomstasjonen. For å handtere eksisterande trafikk- mengd og sannsynleg trafikkauke i framtida, og auken som vil følgje av ei sannsynleg trafikkoverføring frå noverande Ev 6, er det ønskjeleg å auke kapa- siteten ved å fullføre utbygginga av Grilstadtunnelen.

Det er i dag fysisk midtdelar på Ev 6 på ei om lag 1 km lang strekning nord for Grilstad og på ei om lag 10 km lang strekning sør for Grilstad (Omkjørings- vegen). Det er ønskjeleg å etablere fysisk midtdelar på den om lag 2 km lange strekninga ved Grilstad der dette manglar i dag. Dette fjernar ein skilnad i

(18)

standard på ei naturleg samanhengande strekning av Ev 6, noko som er ein gevinst for trafikktryggleiken.

Ved Grilstad har noverande Ev 6 ein trafikk pr. døgn på om lag 11 000 køy- retøy. Dette fører med seg eit problem for trafikktryggleiken for skuleborn og eit problem for miljøet. For å redusere desse problema ønskjer Trondheim kommune og dei som bur i området, tiltak som opphøgd gangfelt og nedsett fartsgrense.

I planføresetnadene for ny Ev 6 Trondheim - Stjørdal inngår delfinansier- ing av miljøtiltak og nedbygging av Innherredsvegen og Mellomvegen frå fire- til tofelts veg etter at ny Ev 6 er ferdig. Ein stor del av trafikken i Mellomvegen skal førast over industriområdet Nyhavna. Tiltak på Mellomvegen kan gjen- nomførast alt no. Dette fører til framsteg for miljøet for bustadområdet Lade- moen. Det er derfor ønskjeleg med tilskot til desse tiltaka alt no.

Kostnadsoverslag

Kostnadsoverslaget for den planlagte utvidinga av bompengeprosjektet er 52 mill. kr.

Kostnadsoverslaget for å fullføre nordre tunnelløp i Grilstadtunnelen er 31,5 mill. kr. I tillegg kjem om lag 14 mill. kr til nødvendige arbeid på veg i dagen, inkludert midtdelar, 0,6 mill. kr til miljøtiltak på noverande Ev 6 og 0,7 mill. kr til mindre tilpassingar i området til bomstasjonen. Kostnadene for desse tiltaka har ei uvisse på +/- 10 pst. og blei kvalitetssikra med metoden Anslag i februar 2000.

Kostnadsoverslaget for dei omtalte tiltaka på Innherredsvegen og Mellom- vegen er om lag 20 mill. kr, men prosjektet Ev 6 Trondheim - Stjørdal skal bidra med berre 4,55 mill. kr gjennom den utvida bompengeordninga. Det er lagt til grunn at ein eventuell kostnadsauke for desse tiltaka ikkje skal bli belasta bompengeprosjektet.

Finansiering

For alle dei omtalte tiltaka i tilknyting til Grilstadtunnelen er det lagt opp til 100 pst. bompengefinansiering. I tillegg kjem bompengar som tilskot til tiltaka på Innherredsvegen og Mellomvegen.

Det er i februar 2001 gjennomført ein takstauke i bomstasjonen på Ran- heim frå kr 20 til kr 25 for liten bil og frå kr 40 til kr 50 for stor bil. Auken ligg innafor Statens vegvesens fullmakt til å godkjenne takstauke i takt med pris- stiginga. Takstauken er venta å føre til ein auke i inntektene i 2002 (første heile innkrevjingsår) på om lag 19 mill. kr samanlikna med 2000. Med ei utvikling i inntektene basert på 1,5 pst. årleg trafikkvekst, er det venta at noverande gjeld vil vere nedbetalt i siste halvdel av 2005. I samband med handsaminga av St.prp. nr. 42 (1994-95) blei det opna for innkrevjing fram til 2013. Årsaka til tidlegare nedbetaling av gjelda er høgare trafikkvekst og lågare lånerente.

Med ei utviding av bompengeprosjektet til også å omfatte bompengefinan- siering av tiltaka som blir omtalte i denne proposisjonen, vil tida for innkrev- jing auke med om lag eit halvt år, dvs. nedbetaling i løpet av første halvdel av 2006.

(19)

Framdrift

Under føresetnad av Stortingets godkjenning vil anleggsarbeidet starte snarast mogleg og med sluttføring i løpet av 2001.

Ytterlegare utviding av bompengeprosjektet

I St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, kap. 14.4.1.2, heiter det at innteninga i bompengeposjektet Ev 6 Trondheim - Stjørdal er vesentleg høgare enn lagt til grunn, og at det derfor blir arbeidd med planar om å utvide prosjektet til også å omfatte endeparsellane Nidelv bru - Grilstad i Trondheim og Værnes - Kvithamar i Stjørdal. Det heiter vidare at dersom det blir tilslutning til planane om å utvide eksisterande bompengeprosjekt, er det aktuelt å gjennomføre utbygging av endeparsellane i siste del av tiårsperioden.

Da bystyret i Trondheim kommune vedtok reguleringsplan for Nordre avlastningsveg Ila 23. november 2000, gjekk kommunen inn for å overføre kostnadene ved bygging av Nidelv bru frå Trondheimspakka til Ev 6 Trond- heim - Stjørdal. Dette kan få konsekvensar for planane om å utvide bompenge- prosjektet Ev 6 Trondheim - Stjørdal til også å omfatte endeparsellane. Forsla- get frå Trondheim kommune må derfor leggjast fram for Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommunar, og Malvik og Stjørdal kommunar for hand- saming.

Lokalpolitisk handsaming

Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommunar og Trondheim, Malvik og Stjørdal kommunar støttar framlegget om å finansiere fullføring av nordre løp i Grilstadtunnelen med bompengar frå Ev 6 Trondheim - Stjørdal.

Formannskapet i Trondheim kommune gjorde dette vedtaket 30. mai 2000:

«Formannskapet slutter seg til forslaget om å bruke bompenger fra E6 Øst til å fullføre Grilstadtunnelen og tar til etterretning forslag om tak- støkning ved Ranheim bomstasjon. Formannskapet forutsetter i den forbindelse at det i budsjettet for 2001 bevilges 4,55 mill kr i bompen- ger fra E6 Øst til delfinansiering av trafikk- og miljøtiltak i Mellomve- gen, jfr. Formannskapets vedtak i sak 0110/00.»

Malvik kommune fann ikkje grunn til å uttale seg om auken i takstane fordi den tilrådde takstendringa ligg innafor det Statens vegvesen har fullmakt til å godkjenne.

Hovudutval for næring, samferdsel og kultur i Sør-Trøndelag fylkeskom- mune gjorde dette vedtaket 23. januar 2001:

«Hovedutvalget for næring, samferdsel og kultur slutter seg til forsla- get om å bruke bompenger fra E6 Øst for å fullføre Grilstadtunnelen og tar til etterretning forslag til takstøkning ved Ranheim bomstasjon.

Hovedutvalget samtykker i at 4,55 mill. kr av bompengene brukes til delfinansiering av trafikk- og miljøtiltak i Mellomvegen.»

Formannskapet i Stjørdal kommune gjorde dette vedtaket 17. august 2000:

«Stjørdal kommune slutter seg til forslag fra Vegsjefen i Sør-Trøndelag om tiltak i perioden 2001-2010 til sluttføring av bompengeprosjektet E6

(20)

Trondheim - Stjørdal, fremsatt i brev av 04.07.2000 til Vegsjefen i Nord- Trøndelag.

Kommunen stiller som betingelse for sin tilslutning at prosjektde- fineringen for endeparsell Stjørdal er som presisert under «Vurde- ring», og at satsjusteringen holdes innenfor en ren justering etter konsumprisindeksen.»

Fylkesutvalet i Nord-Trøndelag fylkeskommune gjorde dette vedtaket 12. sep- tember 2000:

«1. Nord-Trøndelag fylkeskommune anser ferdigstilling av E6 Trond- heim - Stjørdal som et viktig regionalt samferdselspolitisk tiltak, og vi- ser til tidligere FT-sak nr 9/99.

2. Nord-Trøndelag fylkeskommune forutsetter at den avtalte bom- pengeperioden utnyttes til å fullføre prosjektet E6 Trondheim - Stjør- dal, som tidligere avtalt i FT-sak nr 9/99, til Kvithammer. Samtidig forutsetter vi at tiltak på endeparsellen i Trondheim ikke vil gå på be- kostning av endeparsellen i Stjørdal, dersom forutsetningene som be- skrevet av vegsjefen i Sør-Trøndelag viser seg ikke å holde mål.»

Saka blei handsama 8. desember 2000 i Kontaktutvalet for Trondheimspakka og transportplan. Utvalet hadde ikkje innvendingar til forslaget.

Samferdselsdepartementets merknader

Samferdselsdepartementet meiner at det er viktig å auke kapasiteten gjennom Grilstadtunnelen slik at denne tunnelen ikkje blir ein flaskehals på strekninga Ev 6 Trondheim - Stjørdal. Departementet ser positivt på at det er teke omsyn til tiltak for trafikktryggleik med utbygging av midtdelar, og at miljøtiltak også er med i prosjektet. Samferdselsdepartementet ser vidare positivt på at bom- pengar blir nytta i finansieringa av prosjektet. Departementet har merka seg at det er lokalpolitisk semje om utviding av bompengeprosjektet.

Samferdselsdepartementet vil på dette grunnlaget tilrå at Trøndelag Bom- veiselskap AS får høve til å finansiere utviding av bompengeprosjektet på Ev 6 Trondheim - Stjørdal slik som gjort greie for i denne proposisjonen. Det skal skrivast ein tilleggsavtale til gjeldande bompengeavtale.

Figur 4.2 Ev 6 Trondheim - Stjørdal

(21)

Østfoldpakka - oppføring av bomstasjonar og førebuande arbeid på Ev 6

Ved handsaminga av St.prp. nr. 26 (1999-2000) ga Stortinget løyve til å starte innkrevjing av bompengar for delvis finansiering av utbygginga av Ev 6 og Ev 18 gjennom Østfold, jf. Innst. S. nr. 111 (1999-2000). Oppstarten på Østfold- pakka er nærare omtalt i St.prp. nr. 1 (2000-2001) og St.prp. nr. 20 (2000-2001).

I St.prp. nr. 20 (2000-2001) blei det varsla at Moss kommune har utsett slutthandsaminga av reguleringsplanane for bomstasjonane på Ev 6 og fv 311 til etter Stortingets handsaming av St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal trans- portplan 2002-2011. Det blei vidare varsla at Samferdselsdepartementet vur- derte bruk av statleg reguleringsplan for bomstasjonane for å unngå at opp- starten på innkrevjinga blei utsett.

Miljøverndepartementet gjorde 16. februar 2001 vedtak om statleg plan for dei to bomstasjonane. I vedtaket legg departementet vekt på at det er knytt nasjonale interesser til ei rask utbygging av Ev 6 gjennom Østfold og dermed til å setje i gang innkrevjing av bompengar. Det er vidare lagt vekt på at det er brei oppslutning i fylkestinget og i Stortinget om plassering av bomstasjonane.

Bomstasjonane på Ev 6 og fv 311 vil bli etablerte slik at innkrevjinga kan starte i oktober 2001. Låneopptak i 2001 til bygging av bomstasjonane og pro- sjektet Ev 6 Patterød - Akershus grense blir som omtalt i St.prp. nr. 20 (2000- 2001), jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Saka blir omtalt til orientering.

Ev 39 Jektevik - Sandvikvåg i Hordaland

Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000), side 242-243.

Det ligg føre søknad frå Stord og Fitjar kommunar om løyve til å krevje inn bompengar på ferja Sandvikvåg - Halhjem for å finansiere opprusting og tra- fikksikring av Ev 39 mellom Borevik, like sør for Jektevik, og Sandvikvåg på Stord. Det står enno igjen noko førebuande arbeid lokalt, m.a. planavklaring, kvalitetssikring av kostnadsoverslag og avklaring av framdriftsplan. Samferd- selsdepartementet tek sikte på å fremje saka i budsjettproposisjonen for 2002.

Saka blir omtalt til orientering.

Ev 16 Voldum - Seltun i Sogn og Fjordane

Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002- 2011, side 246. Det omfattar bygging av to tunnelar på 1,5 km og 3 km, og ny bru over Lærdalselva. Det ligg føre godkjend reguleringsplan. I Vegdirektora- tets forslag til handlingsprogram for perioden 2002-2011 er det foreslått anleggsstart i 2002 og opning for trafikk i 2004. Gjennom kvalitetssikring av handlingsprogrammet er kostnadsoverslaget no oppgitt til 275 mill. kr.

Statens vegvesen ønskjer å starte førebuande arbeid hausten 2001.

Arbeida omfattar nødvendig omlegging av kraft- og telefonlinjer i området, klargjering av riggområde, bygging av anleggsveg og bru for tilkomst til tun- nelpåhogga, diverse arbeid med påhogg/forskjering og bygging av funda- ment for ei interimsbru over Lærdalselva. Arbeida i 2001 er kostnadsrekna til om lag 5 mill. kr, og er foreslåtte finansierte gjennom innsparingar på prosjek- tet Ev 16 Lærdal - Aurland.

(22)

Arbeida må i det alt vesentlege gjennomførast i sommarhalvåret. Samferd- selsdepartementet sluttar seg derfor til at arbeida blir gjennomførte hausten 2001. Departementet vil kome tilbake til vidareføringa av prosjektet i samband med statsbudsjettet for 2002, inkl. ein nærare omtale av innsparingane på pro- sjektet Ev 16 Lærdal - Aurland.

Saka blir omtalt til orientering.

Ev 6 Osen - Korgen i Nordland

Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002- 2011, side 235-236.

I samband med handsaminga av St.prp. nr. 1 (2000-2001) gjekk fleirtalet i samferdselskomitéen inn for ei løyving på 25 mill. kr til vidareføring av Lofo- tens fastlandssamband (LOFAST) i 2001, under føresetnad av at prosjektet får prioritet i første del av Nasjonal transportplan med samanhengande finansier- ing frå 2002. Dersom føresetnaden om samanhengande finansiering ikkje blei innfridd, gjekk fleirtalet inn for å nytte løyvinga til å starte prosjektet Ev 6 Osen - Korgen i 2001, jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 (2000-2001).

I samband med handsaminga av St.meld. nr. 46 (1999-2000) gjekk fleirtalet i samferdselskomitéen inn for å setje av 500 mill. kr til vidareføring av Lofotens fastlandssamband i perioden 2002-2005. Fordi plansituasjonen for LOFAST enno ikkje er avklart, kan ikkje prosjektet bli starta opp før i 2003. Ev 6 Osen - Korgen kan ut frå plansituasjonen startast opp alt i 2001. På denne bakgrunn går Vegdirektoratet i forslaget til handlingsprogram for planperioden inn for vidareføring av prosjektet Ev 10 Lofotens fastlandssamband i 2003 og oppstart av Ev 6 Osen - Korgen i 2001. Løyvinga på 25 mill. kr i 2001 er foreslått nytta til å starte prosjektet Ev 6 Osen - Korgen.

Prosjektet Ev 6 Osen - Korgen omfattar bygging av 13 km ny veg, inkl. 8,5 km i tunnel gjennom Korgfjellet. Kostnadsoverslaget er på 425 mill. 2001-kr.

Det ligg føre godkjend reguleringsplan i Hemnes kommune, medan regule- ringsplanen i Vefsn kommune er venta godkjend i løpet av mai 2001. Med anleggsstart hausten 2001 er det rekna med at prosjektet kan opnast for tra- fikk i 2004.

Samferdselsdepartementet sluttar seg til at løyvinga på 25 mill. kr i 2001 blir nytta til oppstart av prosjektet Ev 6 Osen - Korgen.

Saka blir omtalt til orientering.

Ev 6 Ildhøllia i Nordland

Prosjektet er omtalt i St.prp.nr. 1 (2000-2001), side 111-112. Det omfattar utbe- tring av ei 2,2 km lang rasfarleg strekning på Ev 6 mellom Røssvoll og Storfors- hei i Rana kommune, om lag 14 km nord for Mo i Rana. Reguleringsplanen for prosjektet blei godkjent i november 2000. Kostnadsoverslaget er på 63 mill.

2001-kr.

Som det går fram av St.prp.nr. 1 (2000-2001), er det foreslått tildelingar til prosjektet over kap. 1320, post 33 Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift, både i 2000 og 2001. Dette utgjer til saman 31 mill. 2001-kr. I Vegdirektoratets forslag til handlingsprogram for strekningsvise investeringar på stamvegnet- tet er prosjektet foreslått fullfinansiert i 2002. Vegdirektoratet går derfor inn

(23)

for å starte anleggsarbeidet sommaren 2001. Dette medfører at prosjektet kan opnast for trafikk hausten 2002. Samferdselsdepartementet sluttar seg til dette.

Ev 6 Trældal - Leirvika i Nordland

I Nasjonal transportplan for 2002-2011 har Samferdselsdepartementet vurdert det som aktuelt å leggje om Ev 6 på den rasfarlege strekninga på nordsida av Rombaken ved Narvik i siste del av planperioden 2002-2011, jf. St.meld. nr. 46 (1999-2000), side 236.

Som følgje av handsaminga av St.meld. nr. 46 (1999-2000) i Stortinget er investeringsrammene for planperioden auka. På bakgrunn av dette har Vegdi- rektoratet i forslaget til handlingsprogram for strekningsvise investeringar på stamvegnettet foreslått at ramma til stamvegrute 4 blir auka, slik at arbeidet med rassikring av Ev 6 på strekninga Trældal - Leirvika kan starte i 2005 med fullføring i siste del av tiårsperioden.

Det blir arbeidd med tre alternativ for rassikring på strekninga. Alle alter- nativa medfører omlegging av vegen i tunnel forbi dei mest rasutsette områda.

Val av alternativ vil bli avklart gjennom kommunedelplan. Det er venta at god- kjend kommunedelplan vil liggje føre medio 2002. På grunn av den vanskelege strekninga må planarbeidet forserast slik at anlegget kan starte tidlegare enn lagt opp til. Arbeidet med reguleringsplan blir starta opp omgåande med sikte på at det skal liggje føre godkjend reguleringsplan i løpet av 2002.

Rv 5 Knapstad - Kvalvik i Sogn og Fjordane

I samband med handsaminga av St.prp. nr. 77 (1997-1998) gav Stortinget Sunnfjordtunnelen AS løyve til å forskotere 120 mill. kr til vidare utbetring av rv 5 mellom Førde og Florø, jf. Innst. S. nr. 251 (1997-1998). Prosjektet er sist omtalt i St.prp. nr. 1 (2000-2001), side 107-108.

Det går fram av St.prp. nr. 1 (2000-2001) at Sogn og Fjordane fylkeskom- mune slutta seg til forslaget frå vegkontoret om anleggsstart på parsellen Knapstad - Kvalvik hausten 2001. På grunn av store bindingar innafor den fyl- kesfordelte ramma gjekk Samferdselsdepartementet inn for å utsetje anleggs- start til etter 2001, slik at dette kunne vurderast nærare i samband med hand- lingsprogrammet for perioden 2002-2011. Parsellen omfattar 3,3 km ny riks- veg utanom Eikefjord sentrum. Det ligg føre godkjend reguleringsplan. Kost- nadsoverslaget er 70 mill. 2001-kr. Dette er ein auke på om lag 30 pst. i forhold til overslaget i St.prp. nr. 77 (1997-98).

Som følgje av handsaminga av St.meld. nr. 46 (1999-2000) er den fylkesfor- delte planramma til Sogn og Fjordane for perioden 2002-2005 auka i forhold til det som låg til grunn for St.prp. nr. 1 (2000-2001). I tillegg medfører kostnads- reduksjon på parsellen Grov - Grovavåg at det vil det stå om lag 10 mill. kr til disposisjon i 2001. I forslaget frå vegkontoret til handlingsprogram for perio- den 2002-2011 er det foreslått 39 mill. kr til parsellen i 2002. Dette sikrar rasjo- nell anleggsdrift dersom arbeidet på parsellen startar hausten 2001.

Samferdselsdepartementet går inn for anleggsstart på parsellen Knapstad - Kvalvik hausten 2001. Det er lagt til grunn at midlane i 2001 blir stilte til dis- posisjon som forskot av Sunnfjordtunnelen AS.

(24)

Rv 714 Fastlandsambandet Hitra - Frøya i Sør-Trøndelag - omdisponering

Innleiing

I St.prp. nr. 1 (2000-2001) blei det gjort framlegg om å løyve 44,4 mill. kr i refu- sjon til bompengeselskapet og 65,4 mill. kr til vegbygging i 2001. I St.prp. nr.

1 Tillegg nr. 5 (2000-2001) blei Stortinget orientert om at departementet i 2001 ville kome tilbake til omdisponering av foreslått løyving i 2001 for rv 714 Hitra - Frøya. Dette var som følgje av at Miljøverndepartementet i oktober 2000 god- kjende kommunedelplanen i samsvar med kommunen sitt vedtak om ny bru over Vettastraumen.

I Budsjett-innst. S. nr. 13 (2000-2001) legg fleirtalet i samferdselskomitéen til grunn at midlane som er foreslåtte løyvde til Hitra - Frøya i 2001, framleis blir stilte til disposisjon innafor riksvegramma til Sør-Trøndelag. I samsvar med dette og lokalpolitiske vedtak legg Samferdselsdepartementet opp til at 6,1 mill. kr av løyvinga på 65,4 mill. kr blir nytta til restarbeid og sluttoppgjer på rv 714 Hitra - Frøya, og at dei resterande 59,3 mill. kr blir omdisponerte til andre tiltak i samsvar med fylkeskommunen sitt vedtak.

Rv 714 Hitra - Frøya

Da prosjektet Hitra - Frøya blei teke opp til løyving, jf. St.prp. nr. 1 (1997-98), var dette basert på ny bru over Dolmsundet. Den løysinga som no er valt, gjer at det er naturleg å avslutte prosjektet Hitra - Frøya, medan prioritering av utbetringa med ny bru over Vettastraumen blir vurdert i samband med hand- lingsprogrammet 2002-2011. Kostnadsoverslaget for restarbeid og sluttopp- gjer er 6,1 mill. kr.

Med frådrag for utbetring med ny bru over Dolmsundet var rv 714 Hitra - Frøya rekna til å koste om lag 490 mill. 2001-kr da prosjektet blei teke opp til løyving, jf. St.prp. nr. 1 (1997-98). Medrekna forslaget til sluttløyving vil kost- naden for prosjektet bli om lag 461 mill. 2001-kr. Det reduserte prosjektet kan dermed bli avslutta til ein kostnad om lag 6 pst. lågare enn opphavleg rekna med.

I St.prp. nr. 1 (1997-98) la ein opp til at finansieringa av prosjektet Hitra - Frøya blir dekt med 48,1 pst. frå staten og 51,9 pst. frå bompengeselskapet og ved lokale tilskot. Pr. i dag har bompengeselskapet og lokale tilskot dekt 63,3 pst. og staten 36,7 pst. Dersom ikkje ytterlegare tiltak blir gjennomførte, har bompengeselskapet krav på refusjon ut over det som alt er lagt opp til. Sam- ferdselsdepartementet går ut frå at dette må sikrast seinast før avslutting av bompengeprosjektet Fastlandssambandet Hitra - Frøya.

Omdisponering

59,3 mill. kr av løyvinga i 2001 blir omdisponert for bruk i 2001 i samsvar med fylkeskommunen sitt vedtak:

Tabell 4.1:

Mill. kr

Rv 705 Rollset - Hestspranget og Flakne - Uthus 20,0

(25)

Forslaget legg til grunn ei sluttløyving i 2002 på 9 mill. kr til rv 714.

Midlane til planlegging skal nyttast til planarbeid for utbetring av strek- ninga Stråmyra - Hammeren på rv 714 med ny bru over Vettastraumen.

Rv 714 Pervikberga, Snillfjord kommune

Prosjektet har eit kostnadsoverslag på 46 mill. 2001-kr. Med anleggstart våren 2001 og ei løyving på 9 mill. kr i 2002 kan anlegget opnast for trafikk i første halvår 2002.

Vegstrekninga på om lag 3 km er smal og lite oversiktleg. Delar av strek- ninga er bolta fast til fjellet for å hindre utgliding. Strekninga har vesentleg dårlegare standard enn tilliggjande veg. Trafikken pr. døgn er om lag 800 køy- retøy. Vegstrekninga er planlagt utbetra med utretting av kurver og ei vegom- legging på om lag 1 300 m med om lag 600 m i tunnel. Prosjektet fører til ei innkorting av rv 714 på snaue 400 m. Det ligg føre godkjend reguleringsplan.

Prosjektet har ein utrekna netto nytte på -30 mill. kr.

Figur 4.3 Pervikberga, Snillfjord kommune

Lokalpolitisk handsaming

Fylkesutvalet i Sør-Trøndelag gjorde 15. februar 2001 følgjande vedtak:

Rv 714 Pervikberga 36,8

Planlegging 2,5

Sum 59,3

Tabell 4.1:

(26)

«1. Planene for ny bru ved Vettastraumen med tilstøtende vegnett av- klares snarest og bygging starter i løpet av perioden 2002-05.

2. ...(annen sak)...

3. Bevilgningen for 2001 på 65,4 mill. kr til videreføring av Hitra - Frøyaprosjektet, som Stortinget har stilt til disposisjon som en del av Sør-Trøndelags ramme for øvrige riksveger, disponeres slik:

a) Fullføring av restarbeider for prosjektet Hitra - Frøya på streknin- gen Stråmyra på Dolmøya - Hammeren på Frøya samt planlegging av ny veg fra Stråmyra på Dolmøya til Vikstrøm på Fast-Hitra, inkl.

ny bru ved Vettastraumen, 8,6 mill. kr.

b) Bygging av ny rv 705 på de utlagte fyllingene langs Nea i Selbu, 20,0 mill. kr.

c) Bygging av ny rv 714 gjennom Pervikberga i Snillfjord kommune, 36,8 mill. kr. Prosjektet forutsettes gjennomført uten bruk av bom- pengeinntekter fra Fastlandsforbindelsen til Hitra og Frøya.»

Saka blir omtalt til orientering.

Fv 67 Bru til Tautra i Nord-Trøndelag

I samband med Stortingets handsaming av statsbudsjettet for 2001 blei det løyvd til saman 20 mill. kr til bru til Tautra. Beløpet blei delt med 5 mill. kr over Miljøverndepartementets budsjett og 15 mill. kr over Samferdselsdeparte- mentets budsjett. I tillegg har Nord-Trøndelag fylkeskommune gjort vedtak om å medverke med 3,4 mill. kr i 2002.

Med eit kostnadsoverslag på 47 mill. kr står det att å finansiere 23,6 mill.

kr (47,0 - 23,4). I Budsjett-innst. S. nr. 13 (2000-2001), side 36, ber eit fleirtal i komitéen om at Regjeringa kjem attende til Stortinget med ein plan for fullfi- nansiering av prosjektet.

Miljøverndepartementet og Samferdselsdepartementet er samde om at dei to departementa på statsbudsjettet for 2002 dekkjer resten av kostnadene på 23,6 mill. kr med same fordelingsnøkkel som løyvingane for 2001. På denne bakgrunn blir Miljøverndepartementets del på 5,9 mill. kr og Samferdselsde- partementets del på 17,7 mill. kr.

Tilskot til Lenvik kommune i samband med kjøp av glattkøyringsbane

Ved handsaminga av St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002- 2011/Innst. S. nr. 199 (2000-2001) gjekk eit fleirtal inn for at Samferdselsde- partementet skulle vurdere å gjere glattkøyringskurs for førarar av tunge køy- retøy obligatorisk for kandidatar frå heile landet. Ein føresetnad for formål- stenleg og effektiv glattkøyringsopplæring med tunge køyretøy er høvelege øvingsanlegg.

Nord-Norsk trafikksenter i Lenvik gjekk konkurs sommaren 2000. Stortin- get har tidlegare løyvd om lag 28 mill. kr til bygging av anlegget. I tillegg er det gitt tilskot på til saman 14 mill. kr frå kommune og fylkeskommune. Lenvik kommune har no kjøpt anlegget og har i samband med dette søkt om tilskot på 1,6 mill. kr, som er om lag halvparten av kjøpesummen. Kommunen er også i gang med å etablere eit driftsselskap med målsetjing om at anlegget kan set- jast i drift i 2001. Tilskot frå staten til Lenvik kommune til delvis finansiering av kjøp av glattkøyringsanlegget fører ikkje til at staten får eigarpart i anlegget.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

'Departementet for arbeidstjeneste og idrett» og etater under det ble imidlertid etter tilråding fra Forsvarsdepartementet ikke tatt med. Etter Forsvarsde- partementets mening ville

Og dersom ein ser på kommuneplanen frå 1991, ser ein at det var formulert mange gode mål og visjonar, men at det ikkje vart gjort særleg greie for korleis dette skulle

Vi ser ut frå folketel- jinga i 2001 at folketalet for heile Nordfjord ikkje hadde gått særleg mykje ned sidan 1970.. Men det var blitt over 2000 færre barn i distriktet, og over

Siste del av brevet frem til og med Med vennlig hilsen ….. Eksempel del 3 i brev med lang frase. Del 3: Avdelingsfrase f.eks for en diagnose, undersøkelse.. Pasientinformasjon som

I Norge er man kommet længere på dette område. Stortinget vedtog i 2001, at brug af fuldstændig isolation som di- sciplinærstraf ikke længere er tilladt. 76) Kriminalomsorgen

grammatikkundervisning og funksjonell grammatikkteori, noko det blir argumentert for at det bør vere (2.2). I del 3 ser vi så nærare på bakgrunnen for skiljet mellom språksystem

Skånland kommune slutter seg til uttalelsen fra Innlandsfiskenemnda og Friluftsnemnda i Skånland som har pekt på at Skånland friluftsnemnd i forbindelse med Kontaktutvalgets arbeid

Etter omorganiseringen av etaten ble det altså vedtatt at man måtte se nærmere på karriereutviklingsstrukturen i etaten. Dette var også på bakgrunn av en erfaring etaten hadde