• No results found

Rundskriv 1/2012 nynorsk Til:

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Rundskriv 1/2012 nynorsk Til:"

Copied!
5
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Rundskriv 1/2012 nynorsk

Til: Omsetjingskonsesjonærar med inntektsramme

Frå:

Seksjon for økonomisk regulering

Ansvarleg: Tore Langset

Dato: 1.2.2012

Saksnr.: NVE 201004797-13

Arkiv:

Kopi:

Rundskriv 1/2012 - Om utrekning av inntektsrammer og kostnadsnorm til vedtak om inntektsramme 2011

Inntektsrammer for 2011 blei varsla nettselskapa den 1.12.2010 og vedteke 1.2.2012. NVE sende brev til selskapa den 30.6.2011 der det blei informert om nye utrekningar av varselet basert på endringar i referanseselskapa, og desse forutsetjingane ligg til grunn i utrekning av vedtaket. I dette rundskrivet skildrar vi korleis inntektsramma for 2011 blir rekna ut og vi gjer greie for kriteria som ligg til grunn i DEA .

Kort om berekning av inntektsrammene

Dei årlige inntektsrammene blir vedtekne i medhald av forskrift av 11.3.1999 nr 302 om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer (kontrollforskrifta). Av kontrollforskrifta kan ein utlede følgjande formel:

* 6 , 0 4 ,

0 t t

t K K

IR = +

IRt er inntektsramme i år t. Kt er kostnadsgrunnlaget for kvart nettselskap. Kt* er kostnadsnorma for selskapet, og er resultat av samanliknande analysar av selskapa basert på data frå år t-2, inkludert KILE-beløp.

Kostnadsgrunnlaget, Kt, i formelen over kjem fram etter følgjande formel:

( )

t t t t NVE

t t t

t

t NT P AVS AKG r

KPI KILE KPI

DV

K = + × + × + + ×

2 2 2

2 2

2

DV står for drifts- og vedlikehaldskostnader, og inkluderer utbetalingar til kundar ved svært langvarige avbrot og individuelle KILE-avtalar. KILE står for KILE-beløp, med unntak av dei som er knytt til individuelle KILE-avtalar. KPI står for konsumprisindeksen. NT er overføringstap (i MWh), og P er referansepris på kraft. AVS står for avskrivingar, og AKG er avkastningsgrunnlag (inkludert 1% for arbeidskapital) og rNVE er referanserenta. Verdiar for referanserente, kraftpris og inflasjon er gitt i eit eige notat på våre internettsider.

Middelthuns gate 29 Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO

Telefon: 22 95 95 95 Telefaks: 22 95 90 00 E-post: [email protected] Internett: www.nve.no Org. nr.:

NO 970 205 039 MVA Bankkonto:

7694 05 08971

(2)

På NVE sine internettsider ligg eit eige notat med rettleiing til korleis økonomisk og teknisk rapportering i eRapp for selskapa er nytta når kostnadsgrunnlaget og kostnadsnorma skal bereknast.

Der visast mellom anna kva for poster i eRapp dei ulike kostnadselementa er henta frå.

Berekning av kostnadsnorma, K*

Berekningane av kostnadsnormene for 2011 blir i stor grad gjennomført på same måte som frå og med 2007, slik dette er skildra i utkast til rapport om modell for kostnadsnorm av 6.6.2006, notat om fastsetjing av kostnadsnormer av 4.12.2006 og rundskriv EMØ 5/2007. Endringar i modell og metode frå 2010 til 2011 er skildra grundigare i rundskriv 4/2010 som blei publisert saman med varsel om inntektsramme for 2011.

Oppgåvene til nettselskapa blir i DEA målt i forhold til kostnadene til selskapa i 2009.

Nettapskostnaden blir berekna ved at det fysiske nettapet blir multiplisert med eit volumvekta gjennomsnitt av systemprisen på NordPool for 2009. Denne er nærmare forklart i NVE-notat om berekning av referanserente, referansepris på kraft og inflasjon som ligg på våre internettsider saman med dette rundskrivet. Vidare er NVE-renta for 2009 lagt til grunn ved berekning av

kapitalkostnadane for 2009. Meirkostnadene for nettselskap som er pålagd ansvar for kraftsystemutredingar eller KDS blir haldne utanfor DEA.

Berekning av DEA-resultat for distribusjonsnett

Frå og med 2010 er selskapas DEA-resultat til kalibrering i distribusjonsnettet berekna ved hjelp av to trinn. I første trinn blir DEA-resultata for selskapa berekna ved hjelp av ein DEA-modell. I trinn to blir DEA-resultata korrigert med resultata frå ein regresjonsanalyse. Trinn to—metoden er skildra i NVE- notat av 22.10.2009 som ligg på NVE sine internettsider.

Oppgåvene til nettselskapa i distribusjonsnettet er skildra i følgjande modell:

Trinn 1 – DEA-modell Forkorting

Sum kilometer høgspentnett d_hs

Levert energi (MWh) d_le

Sum nettstasjonar d_ns

Sum abonnement ekskl. fritidsbustader d_abexfritid

Sum abonnement fritidbustader d_fritidab

Kor mykje liner som går gjennom skog med middels til svært høy bonitet, multiplisert med km luftliner

d_skog2xhsll

Gjennomsnittleg ekstremvind / avstand til kyst multiplisert med km høgspent luftliner

d_vindkxhsll

Gjennomsnittleg sum mm nedbør som snø multiplisert med km høgspent luftliner d_snoxhsll

(3)

Trinn 2 - regresjoner

Grensesnitt d_grs

Småkraft – installert effekt d_skytelse

Sum øyer – meir enn 1 km frå fastland eller forsynt øy d_aoey1

Koeffisientane som er nytta i trinn to er berekna ved regresjonsanalysar med ein paneldatamodell der DEA-resultata utan supereffektivitet over perioden 2004-2009 er nytta som avhengig variabel data og grensesnitt, installert yting med småkraft og tal på øyer som ligg mindre enn ein km frå fastlandet eller nærmaste forsynte øy er nytta som uavhengige variablar. For å gjøre variablane uavhengige av storleik er alle variablane dividert på ein berekna nettverdi (NV). Denne er berekna ut frå nettselskapet si behaldning av nettstasjonar, høgspentnett og total sum abonnentar. Følgjande koeffisientar blir nytta til å berekne ein rammevilkårskorrigering for det enkelte selskap (RVKi) i vedtak for 2011:

RVK= e4,4735 e-005*grs/NV-0,406*sky/NV-1,135*aoey1/NV – e4,4735

Berekning av DEA-resultat for regional og sentralnett

Oppgåvene i regional- og sentralnett er skildra i følgjande modell:

Output Forkorting

Luftliner; vekta verdi av luftliner, 185 ulike anleggskomponentar rs_vluft Jordkablar; vekta verdi av jordkablar, 44 ulike anleggskomponentar rs_vjord Sjøkablar; vekta verdi av sjøkablar, 34 ulike anleggskomponentar rs_vsjo Grensesnitt; Transformatorer, brytarar og kompenseringsanlegg rs_vgrs Kor mykje liner som går gjennom skog med middels til svært høy bonitet,

multiplisert med km luftliner

rs_vluftkm_s kog1

Kriterium for DEA

Til varsel om inntektsrammer for 2011 formaliserte NVE kriteria for å handsame selskap særskilt i utrekninga av kostnadsnorma. Dette er selskap som anten ikkje blir evaluert i DEA, men får satt kostnadsnorm lik kostnadsgrunnlag eller selskap blir flytta mellom analysane på dei to ulike nettnivåa eller selskap som ikkje får vere referentar for andre selskap. Til vedtaket følgjer NVE stort sett dei same kriteria som til varsel. Unnataka er at Skagerak Nett AS og Krødsherad Everk KF handsamast annleis i vedtaket enn i varsel, jf NVEs brev av 30.6.2011.

Selskap som ikkje blir evaluert i DEA

Selskap som har spesielle karakteristika blir haldne utanfor DEA, hovudsakeleg fordi dei har lite eller ingen nettanlegg (output) og difor er lite eigna for samanlikning. Slike selskap får satt ei kostnadsnorm som er lik kostnadsgrunnlaget.

(4)

Kriteria som må være oppfylt i distribusjonsnettsanalysane, er at selskapet verken har liner eller kablar og/eller har under 100 abonnement knytt til seg. Ut frå desse kriteria er det 10 selskap som blir haldne utanfor analysane i distribusjonsnettet i 2011-vedtaket.

Det er også to kriterium for å halde selskap utanfor DEA-analysane i regional- og sentralnettsmodellen. Dette gjeld selskap som ikkje har luftliner og/eller har relativt liten anleggsmasse, noko som er definert til under 2500 i samla output (vluft + rs_vjord + rs_vsjo +

rs_vgrs). Ut frå dette er det 15 selskap som ikkje er med i analysane i regional- og sentralnettet i 2011.

Flytting mellom nettnivå

Selskap som eig svært lite regionalnettsanlegg, der anlegga har som formål å levere straum til selskapet sitt distribusjonsnett, har fått verdiane i regionalnettet flytta over i

distribusjonsnettsanalysane. NVE meiner dei aktuelle selskapa er så små i regionalnettet at det ikkje er formålstenleg å samanlikne dei med andre regionalnett.

Kriteria for å flytte eit selskaps kostnader og nettanlegg i DEA frå regionalnett til distribusjonsnett, er at anleggsmassen er under ein viss storleik. Dersom sum av vekta liner, kablar og

stasjonskomponentar (sum output i regional- og sentralnettet) er mindre enn 10 000, og kostnadene i regional- og sentralnettet er mindre enn kostnadene i distribusjonsnettet, blir selskapet flytta over i distribusjonsnettsanalysane. Basert på disse kriteria er det i alt 29 selskap som flyttes til

distribusjonsnettet i 2011.

Om eit selskap oppfyller kriteria for å bli haldne utanfor analysane i det eine nettnivået, men har nok output til å bli inkludert i analysane i det andre nettnivået, blir selskapet flytta til det nettnivået der dei er med i analysane for å unngå uheldige insentiver. Basert på dette blir tre selskap flytta frå

distribusjonsnett til regional- og sentralnettsanalysane for 2011-vedtaket.

Referentar i DEA-analysane

I regional- og sentralnettsanalysane er det nokre selskap vi har vurdert til å være for små til å være målestokk for andre selskap. Dette er selskap som har totale kostnader i analysen under 12,5 millionar kroner.

Etter varsel om inntektsrammer av 1.12.2010 sende NVE ut eit brev 30.6.2011 der vi informerte om at vi hadde gått gjennom referansesetta og funne grunn til å halde fleire selskap utanfor fronten. Dette gjaldt Skagerak Nett AS på begge nettnivå i tillegg til at Krødsherad Everk KF er heldt heilt utanfor DEA.

Inkludert Skagerak Nett og Krødsherad Everk KF er det til saman 17 selskap som ikkje får vere referentar for andre selskap i regionalnettanalysane og eitt selskap som ikkje får være referent i distribusjonsnettsanalysane.

Krødsherad Everk KF

Etter innspill frå selskap på varsel om inntektsrammer 2011 har NVE vurdert om Krødsherad Everk KF burde haldast utanfor DEA-fronten for distribusjonsnettet. Under tilsyn hjå selskapet 5. april 2011 blei det avdekt at selskapet ikkje har lagt til grunn riktige prinsipp for deling av kostnader mellom sine verksemdsområde. Dette har etter NVEs vurdering ført til at den delen av kostnadene som selskapet har ført på sin nettvirksemd er monaleg lågare enn dei faktiske kostnadene knytta til nettverksemda.

Fristen for å stenge dette avviket er sett til innrapportering av eRapp for 2011.

(5)

Dimed er regnskapstalla for Krødsherad Everk for 2009 ikkje eigna til samanlikning for andre selskap.

Selskapet haldast utanfor DEA og får sett kostnadsnorm lik kostnadsgrunnlag.

Skagerak Nett AS

I samband med varsel om inntektsrammer for 2011 fekk NVE innspel frå bransjen at det ikkje var rimeleg at Skagerak Nett AS ble referent på grunn av stort negativt esmimatavvik knytt til

pensjonskostnadar ført mot eigenkapital. Årleg esimatavvik ført mot eigenkapital er med i selskapas kostnadsgrunnlag og dei totale kostnadane i DEA (jf Rundskriv EMØ 1/2008).

NVE kom fram til at innvendingane knytta til Skagerak Nett AS som referent var rimelege, og at selskap ikkje bør bli referanseselsakp på grunn av store variasjoner i pensjonskostnadar. Til vedtak om inntektsramme for 2011 er ingen selskap sammenligna med Skagerak Nett AS.

Kalibrering av kostnadsnorm

Ved fastsetjing av inntektsrammene for 2009 blei det brukt 2007-kostnader justert for utvikling i KPI som eit anslag på forventa kostnader i 2009. På same måte som for åra 2009 og 2010 vil difor kostnadsnorma for 2011 bli kalibrert for avviket i bransjens samla faktiske kostnader i 2009 og kostnadsgrunnlaget som er brukt i vedtaket om inntektsrammer for 2009. Korrigeringa kjem to år forsinka, og er difor tillagt rente for 2009 og 2010. For begge år er NVE-renta nytta, denne er 6,19 % for 2009 og 5,62 % for 2010.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER